INVITASJON SOGN OG FJORDANE MEISTERSKAPEN FOR AMATØRKORPS 2008
NMF Nordvest har gleda av å invitere til den siste Sogn og Fjordane Meisterskapen for amatørkorps Samfunnshallen, Tennebø Laurdag 15. november Teknisk arrangør:
Førebels informasjon Tidspunkt for konkurransestart og anna vert offentleggjord seinare i informasjonssending til alle påmeldte korps, og avheng av påmeldinga. Torskangerpoll Musikklag inviterar til festkveld med festkonsert, middag og dans i samfunnshallen på Tennebø etter konkurransen. Billettprisar til kveldsarrangementa: Festkonsert: kr. 90,- Festkveld med middag, lett underhaldning og god, variert dansemusikk: kr. 350,- Fellesbillett for festkonsert og festkveld: kr. 400,- Teknisk arrangør vil hjelpe med overnatting på skule for dei som ønskjer det, og kan også tilby frukost på skulen på sundag. Anna overnatting tingar korpsa sjølve, og kvart korps må sjølv forhandle om pris. Det vil vere open kafeteria med enkel servering under konkurransen.
KONKURRANSEREGLEMENT 1 Påmelding Påmelding til meisterskapen skal skje skriftleg på tilsendt skjema. 2 Klasseinndeling Korpsa kan melde seg på i tre klassar: brass, janitsjar og vurderingsklasse. I vurderingsklassa får korpsa kommentarar frå dommarane, men ikkje poengsum eller plassering 3 Deltaking Musikkorpset skal vere tilslutta NMF To eller fleire korps kan slå seg saman og delta som eitt korps. Alle utøvarar skal vere registrerte i medlemsdatabasen til NMF som medlemmer i det korpset dei deltek med i konkurransen. Ein utøvar kan vere med i to korps dersom korpsa stiller i kvar si klasse (brass/ janitsjar/ vurdering) Korps frå andre fylke: Konkurransen er open for korps utanom fylket så langt det er plass. Korps utanfrå fylket får poengsummar og blir rangerte på same måten som korpsa frå Sogn og Fjordane. Men det er berre korps frå Sogn og Fjordane som kan bli kåra til fylkesmeistrar. 4 Premiering Alle deltakande korps får diplom Det skal kårast fylkesmeistrar for brass og janitsjar. Desse får premie. Korpset med høgast poengsum (uansett klasse) får vandrepremien. Korps som vinn vandrepremien tre gonger får den til odel og eige Det vert delt ut ein solistpris Det vert delt ut ein underhaldningspris, uavhengig av klasse og musikalsk framføring. 5 Program Meisterskapen er ein underhaldningskonkurranse. Kvart korps får tildelt 20 minutt samla scenetid, frå første til siste tone. Programvalet er fritt, men skal innehalde ein raud tråd /tema. 6 Avmelding Påmeldinga er bindande ved siste påmeldingsfrist. Deltakaravgifta blir ikkje refundert etter dette tidspunktet. 7 Dømming NMF Nordvest utpeikar to dommarar. Det er open bedømming. Kvar av dommarane kan gje maksimalt 100 poeng for den musikalske framføringa. I tillegg har kvar dommar 10 poeng til rådvelde for bedømming av programval og samansetjing. I tillegg skal ein publikumsjury på to personar (plukka ut av NMF Nordvest) vurdere underhaldningsverdien for publikum og dele ut ein underhaldningspris. Korpsa i vurderingsklassen får vurdert underhaldningsverdien og kan få underhaldningsprisen. Fagdommarane avgjer kven som skal få solistprisen. Dommarane sine resultat er endeleg og kan ikkje omgjerast. 8 Protestar Eventuelle protestar som gjeld brot på reglementet må dokumenterast og skal skje skriftleg til NMF Sogn og Fjordane innan 48 timar etter at resultata er offentleggjort. Protestar vert avgjort av ansvarleg arrangør. 9 Kontroll Deltaking i konkurransar inneber at korpsa har akseptert gjeldande reglement og retningslinjer, og har dermed forplikta seg til å følgje desse. NMF Nordvest har rett til å utøve kontroll med omsyn til alle delar av reglementet 10 Brot på / tolking av reglementet Brot på reglementet eller usemje om tolking av dette vert lagt fram for regionsstyret for avgjerd. 11 Dispensasjon Korpsa kan søkje regionsstyret om dispensasjon frå gjeldande reglement innan tre 3 - veker før meisterskapen. Styret har delegert myndigheita til å avgjere dispensasjonssaker til administrasjonen. Søknadar sendast til administrasjonen i NMF Nordvest.
Påmeldingsfrist 1. oktober Innan den tid skal alle nødvendige skjema vere sendt inn, i tillegg til: Kopi av partitur i to (2) eksemplar. Originalpartitur kan leverast men returnerast ikkje. Dersom det leverast kopier, skal partiturane vere kopiert tosidig og innbundne. Korps som ikkje følgjer dette, får kopiane i retur og kan risikere å verte strokne frå deltaking. Korpset er først registrert som påmeldt når komplette skjema, lister og partitur er innsendt! Av arrangementstekniske grunnar kan det hende vi må setje grense på deltakartal. Påmeldingsdato blir lagt til grunn viss korps må avvisast. Påmelding med medlemslister, programoppsett, sceneoppsett og partitur i to eks. skal sendast samla til: NMF Nordvest Fylkeshusa 6404 MOLDE