Austevoll kommune Møteprotokoll UTVAL FOR HELSE OG OMSORG Møtedato: 16.04.2013 Møtetid: Kl. 15:15 16.30 Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Saksnr.: 010/13-013/13 Følgjande medlemmer møtte Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Jostein Blænes Frp Janicke Solberg Waage H Øystein Østervold Grete Hammervold Georg Kenneth Fedøy Torfinn Grav Krf Lene Vik Vassnes H Forfall Parti Følgjande varamedl. møtte Liv Bente F Storebø H Møteleiar: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Merknader: Innkalling Jostein Blænes, Frp Kommunalsjef Helge Skugstad. Wenche Gloppen møtte som sekretær. Orientering om konkurranseutsetting av pleie og omsorgtenester v/kommunalsjef. I lukka møte vart det orientert om to saker. Øystein Østervold møtte ikkje. Ingen Jostein Blænes Leiar Grete Hammervold Georg Kenneth Fedøy Torfinn Grav Lene Vik Vassnes Janicke Solberg Waage
Sakliste Sak nr. Saktittel 010/13 Godkjenning møtebok Utval for helse og omsorg 12.03.2013 011/13 Politisk kvarter utval for helse og omsorg 2013 012/13 Søknad om serveringsløyve Tonnings Mathus AS 013/13 Søknad om skjenkeløyve Tonnings Mathus AS
010/13: Godkjenning møtebok Utval for helse og omsorg 12.03.2013 Møteboka frå møte 12.03.13 vert godkjent slik ho ligg føre HSU-010/13 Vedtak: Møteboka frå møte 12.03.13 vert godkjent slik ho ligg føre 011/13: Politisk kvarter utval for helse og omsorg 2013 Spørsmål og svar vert lagt med møteboka. Spørsmål frå /Torfinn Grav, Krf: Blir det ei avklaring når det gjeld dei tilsette på PO senteret når det gjeld pensjon og rettar? Svar frå kommunalsjef: Pensjon er vanskeleg å forstå fordi det er en rekke regler og retningslinjer som er uoversiktlege og individuelle for einskildmennesket. Endring frå offentleg til privat ordning er positivt for dei yngre, men meir negativt for dei eldre mellom 55 og 62 år. Dei mister rett til å gå av med AFP dersom dei ikkje har vore tilsett i Aleris i minst 7 år, men dei mister ikkje pensjonen dei har tjent opp. Privat sektor må følgje eit regelverk ein gruppe kommer dårligare ut i forhold til å miste ein rett til å gå av med AFP ved fylte 62 år. Det er ikkje mange som nyttar seg av denne ordninga i kommunen i dag. Nokre vil truleg søkje om AFP før juni og har rett til dette. Spørsmål frå Janicke Solberg Waage, H: Er det noko kommunen kan eller vil gjera for desse? Svar frå utvalsleiar: Dette er eit politisk spørsmål og politikarane må sjå saka og prøve å finne løysingar i denne situasjonen utan at det får for store økonomiske konskevensar. Så langt utvalsleiar kjenner til at det har ikkje vore spesialordningar som gjeld pensjon ved privatisering av barnehagar og reinhaldstenesta. Spørsmål frå Lene Vik Vassnes, H: Kven kan fortelja dei tilsette kva dei sit igjen med ved pensjonsalder? Svar frå kommunalsjef: DnB kan ta dette med kvar og ein individuelt. NAV kan også hjelpe dei som treng hjelp til å gjere berekningar sjølv via internett. Kvar einskild tilsett kan be om berekning på individuelt
grunnlag. DnB har vore med på to møte der det har vore generell gjennomgang for ulike ordningar og dei tilsette fekk informasjon om at dei kan ta kontakt individuelt med DnB. HSU-011/13 Vedtak: Spørsmål og svar vert lagt med møteboka. 012/13: Søknad om serveringsløyve Tonnings Mathus AS Austevoll kommunestyre gjev Tonnings Mathus AS v/camilla og Frank Tonning serveringsløyve etter Lov om serveringsverksemnd.1997-06-13 nr 55. for drift av spiserestaurant, samt utsal av bakerivarer i Bekkjarvik torg sine lokaler.5397 Bekkjarvik Camilla Tonning er styrer og Frank Tonning som avløysar for styrer. Serveringsløyvet vert gjeve på følgjande vilkår: 1. Verksemda skal drivast i samsvar med krav frå Mattilsynet, og dei til einkvar tid gjeldane retningslinjer, jfr. Lov om serveringvirksomhet av 13.06.1997 og Lov om vern om tobakkskader av 09.03.73. 2. Ta omsyn til ev merknader frå lensmannen i Austevoll. HSU-012/13 Vedtak: Austevoll kommunestyre gjev Tonnings Mathus AS v/camilla og Frank Tonning serveringsløyve etter Lov om serveringsverksemnd.1997-06-13 nr 55. for drift av spiserestaurant, samt utsal av bakerivarer i Bekkjarvik torg sine lokaler.5397 Bekkjarvik Camilla Tonning er styrer og Frank Tonning som avløysar for styrer. Serveringsløyvet vert gjeve på følgjande vilkår: 1. Verksemda skal drivast i samsvar med krav frå Mattilsynet, og dei til einkvar tid gjeldane retningslinjer, jfr. Lov om serveringvirksomhet av 13.06.1997 og Lov om vern om tobakkskader av 09.03.73. 2. Ta omsyn til ev merknader frå lensmannen i Austevoll. 013/13: Søknad om skjenkeløyve Tonnings Mathus AS Austevoll kommunestyre gjev følgjande skjenkeløyve for perioden fram til 30. juni 2016 til Camilla Tonning for skjenking i regi av Tonnings Mathus AS sine lokaler inne og ute: a) Skjenking av øl og vin alle dagar bortsett frå sundag frå kl. 1200 til 0200. b) Skjenking av øl og vin sundag frå kl.1200 til 2330. c) Uteskjenking av øl og vin måndag til torsdag og sundag frå kl. 1200 til 2330. d) Uteskjenking av øl og vin fredag og laurdag frå kl. 1200 til 0200. e) Skjenking av brennevin alle dagar frå kl. 1300 til 0200. f) Uteskjenking av brennevin alle dagar frå kl. 1300 til 2330. g) Camilla Tonning vert godkjent som styrar med Frank T. Tonning som avløysar.
h) Skjenkinga er avgrensa til Tonnings Mathus AS sine lokaler i 1. etasje med 160 gjesteplassar og på terassen ute med 160 gjesteplassar, fysisk avgrensa frå trafikk- og kaiområde. i) Skjenkeløyve vert gjeve på vilkår av at det vert forvalta i samsvar med lover, forskrift og kommunale vedtekter. Kommunen kan dra inn løyvet dersom kontrollverksemda avdekkar avvik. j) Det er ein føresetnad at forfalle alkoholgebyr og andre skattar og avgifter til ei kvar tid er betalt. Utvalsleiar opplyste om at det totalt er 120 sitteplassar i Tonning Mathus AS. Endringsframlegg frå utvalsleiar: Punkt e) blir retta til: Skjenking av brennevin alle dagar unntatt søndag frå kl 1300 til kl 0200. Skjenking av brennevin søndag frå kl 1300 til kl 2330. Punkt h) blir retta til: Skjenkinga er avgrensa til Tonnings Mathus AS sine lokale i 1. etasje med 160 kvm og på terassen ute med 160 kvm, fysisk avgrensa frå trafikk- og kaiområde. Det vart først stemt over rådmannen si tilråding. Ved avstemming var det 1 stemme mot rådmannen si tilråding(torfinn Grav, Krf) og 5 stemmer for (Frp (3), H (2). Det vart stemt over endringsforslaget frå utvalsleiar. Det vart samrøystes vedteke. HSU-013/13 Vedtak: Austevoll kommunestyre gjev følgjande skjenkeløyve for perioden fram til 30. juni 2016 til Camilla Tonning for skjenking i regi av Tonnings Mathus AS sine lokaler inne og ute: a) Skjenking av øl og vin alle dagar bortsett frå sundag frå kl. 1200 til 0200. b) Skjenking av øl og vin sundag frå kl.1200 til 2330. c) Uteskjenking av øl og vin måndag til torsdag og sundag frå kl. 1200 til 2330. d) Uteskjenking av øl og vin fredag og laurdag frå kl. 1200 til 0200. e) Skjenking av brennevin alle dagar unntatt søndag frå kl 1300 til kl 0200. Skjenking av brennevin søndag frå kl 1300 til kl 2330. f) Uteskjenking av brennevin alle dagar frå kl. 1300 til 2330. g) Camilla Tonning vert godkjent som styrar med Frank T. Tonning som avløysar. h) Skjenkinga er avgrensa til Tonnings Mathus AS sine lokaler i 1. etasje med 160 kvm og på terassen ute med 160 kvm, fysisk avgrensa frå trafikk- og kaiområde. i) Skjenkeløyve vert gjeve på vilkår av at det vert forvalta i samsvar med lover, forskrift og kommunale vedtekter. Kommunen kan dra inn løyvet dersom kontrollverksemda avdekkar avvik. j) Det er ein føresetnad at forfalle alkoholgebyr og andre skattar og avgifter til ei kvar tid er betalt
.