SKODJE KOMMUNE Møteprotokoll Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 15.10.2013 Tid: 17.00 Desse møtte: Terje Vadset, ordførar Kari Grindvik Lidvar Giskeødegård Torunn Mølsæter Modolf Hareide Renate Grande Skodje Gunnar Hauge 7 voterande. Linda Stavset møtte som vararepresentant i sak 57/13 og 58/13. Til stades var òg rådmannen, økonomisjef, teknisk sjef, kommunalsjef helse og omsorg, og ass. rådmann. Sistnemnde førte møteboka. Ingen hadde merknader til møteinnkalling eller sakliste. SAKLISTE Sak nr. Arkivsak 53/13 13/645 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE I FORMANNSKAPET 10.09.2013 54/13 13/345 BUDSJETTREVISJON II/2013 55/13 12/555 GNR. 24 BNR. 117 - FRAMTIDIG BRUK AV SKODJE PRESTEGARD 56/13 13/190 KOMMUNEPLAN FOR SKODJE 2014 2024 - SAMFUNNSDELEN PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN 57/13 13/581 Ikkje offentleg ofl. 5 Ofl 5 KULTURPRIS 2013 58/13 13/582 Ikkje offentleg ofl. 5 Ofl 5 ELDSJELPRISEN 2013 59/13 12/576 SKRIV OG MELDINGAR FORMANNSKAPET 15.10.2013 Sak 57/13 og 58/13 vart handsama før sak 54/13.
Sak 53/13 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE I FORMANNSKAPET 10.09.2013 Protokollen frå møte 10.09.2013 vert samrøystes godkjent. Sak 57/13 og 58/13 vart handsama før sak 54/13. Sak 54/13 BUDSJETTREVISJON II/2013 Formannskapet diskuterte søknaden om ekstraløyving frå Storfjorden kyrkjelege fellesråd. Kari Grindvik sette fram følgjande tilleggsframlegg: Rådmannen skal utarbeide eiga sak med bakgrunn i søknad om ekstraløyving frå Storfjorden kyrkjelege fellesråd. Rådmannens framlegg til innstilling, med tilleggsframlegget frå Grindvik, vart samrøystes vedteke. Ansvar 1000 (politisk styring) vert styrka med 0,2 million kroner som skal brukast til arbeidet med å finne ny rådmann til kommunen. Tiltaket vert å finansiere med bruk av fond. Rådmannen skal utarbeide eiga sak med bakgrunn i søknad om ekstraløyving frå Storfjorden kyrkjelege fellesråd. Sak 55/13 GNR. 24 BNR. 117 - FRAMTIDIG BRUK AV SKODJE PRESTEGARD Lidvar Giskeødegård sette fram framlegg om vedtak i samsvar med rådmannens innstilling til formannskapet 10.09.2013, sak 50/13: Skodje kommunestyre vedtek å lyse eigedommen gnr. 24 bnr. 117: Skodje prestegard ut for sal. Rådmannen får mynde til å gjennomføre salet. med følgjande tilleggspunkt: Rådmannen gir kjøparar informasjon om begrensingane som er på eigedommen ved sal. 2
Kari Grindvik sette fram følgjande framlegg: 1. Skodje kommunestyre vedtek at Skodje prestegard (gnr. 24 bnr. 117) skal vernast som kulturminne på bakgrunn av bygningane sin alder, autensitet og identitetsverdi både lokalt og regionalt. Ved rullering av arealdelen i kommuneplanen skal arealet visast som hensynssone c) etter retningsliner i pbl 11-8, bokstav c) og d), jf. 11-9 nr. 7. 2. Skodje kommunestyre oppnemner eit interrimsstyre med målsetjing å etablere ei eiga stifting for prestegarden i medhald av lov om stiftingar, der Skodje sogelag går inn med grunnkapitalen og kommunen stiller verdien av eigedommen til disposisjon. Stiftinga skal stå for antikvarisk renovering og drift av eigedommen som historisk bygdetun. Interrimstyret skal ha 6 medlemmar: 3 oppnemnde frå Skodje sogelag 2 frå Skodje kommune: kultursjef 1 sentral politikar 1 oppnemnd frå Skodje sokneråd Interrimstyret skal utarbeide og sende førebels søknad om midlar til renovering, seinast innan søknadsfristen 15. april 2014. Framlegget frå Lidvar Giskeødegård vart sett opp mot framlegget frå Kari Grindvik. Framlegget frå Giskeødegård fekk 6 røyster. Framlegget frå Grindvik fekk 1 røyst. Skodje kommunestyre vedtek å lyse eigedommen gnr. 24 bnr. 117 Skodje prestegard ut for sal. Rådmannen får mynde til å gjennomføre salet. Rådmannen gir kjøparar informasjon om begrensingane som er på eigedommen ved sal. Sak 56/13 KOMMUNEPLAN FOR SKODJE 2014 2024 - SAMFUNNSDELEN PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN Formannskapet løfta fram spørsmålet om korleis arbeidet med satsingsområda skal organiserast vidare, både når det gjeld tema og gruppeinndeling. Det kom òg signal om at dei politiske arbeidsgruppene for vidare arbeid med kommuneplanen burde tildelast ulike tema/satsingsområde. Rådmannens framlegg til innstilling vart samrøystes vedteke. Kommunestyret vedtek å legge forslag til planprogram for rullering av Kommuneplan for Skodje 2014-2024 - samfunnsdelen ut til offentleg ettersyn, slik den ligg føre datert 08.10.13. 3
Sak 57/13 Ikkje off., offentleglova 5 KULTURPRIS 2013 Formannskapet vedtok samrøystes å handsame saka for lukka dører, jf. offentleglova 5. Kari Grindvik og Modolf Hareide gjekk frå, grunna inhabilitet. Habilitesvurderinga var gjort før møtet. Linda Stavset tok sete for Modolf Hareide. Ingen vararepresentant for Kari Grindvik. 6 voterande. Samrøystes vedtak. Skodje formannskap vedtek samrøystes at kulturprisen for 2013 skal tildelast ************. (Namnet på prisvinnaren vert offentleggjort seinare.) Sak 58/13 Ikkje off., offentleglova 5 ELDSJELPRISEN 2013 Formannskapet vedtok samrøystes å handsame saka for lukka dører, jf. offentleglova 5. Kari Grindvik og Modolf Hareide gjekk frå, grunna inhabilitet. Habilitesvurderinga var gjort før møtet. Linda Stavset tok sete for Modolf Hareide. Ingen vararepresentant for Kari Grindvik. 6 voterande. Samrøystes vedtak. Skodje formannskap vedtek samrøystes at eldsjelprisen for 2013 skal tildelast ************. (Namnet på prisvinnaren vert offentleggjort seinare.) Linda Stavset forlet møtet. Kari Grindvik og Modolf Hareide tok sete att. 7 voterande. Sak 59/13 SKRIV OG MELDINGAR FORMANNSKAPET 15.10.2013 4
I tillegg til dei utsendte orienteringssakene heldt rådmannen ei orientering om status i budsjettprosessen etter gjeldande prosjektplan for dette. Ordføraren orienterte om TV-aksjonen 2013, og kommunen sitt bidrag i samband med denne. Det vart sett fram slikt framlegg: Skodje formannskap vedtek å løyve kr. 5,- pr. innbyggjar til TV-aksjonen 2013. Tilskotet vert dekt innanfor ansvar 1000, politisk styring. Samrøystes vedtak i samsvar med framlegget. Skodje formannskap tek framlagde skriv og meldingar til orientering. Skodje formannskap vedtek å løyve kr. 5,- pr. innbyggjar til TV-aksjonen 2013. Tilskotet vert dekt innanfor ansvar 1000, politisk styring. M Ø T E T S L U T T Terje Vadset ordførar Torunn Mølsæter Kari Grindvik Renate Grande Skodje Modolf Hareide Gunnar Hauge Lidvar Giskeødegård Bente Glomset Vikhagen 5