Protokoll frå årsmøte i Møre og Romsdal Bondelag fredag 8. og laurdag 9. mars 2013 på Rica Parken Hotel, Ålesund

Like dokumenter
Protokoll fra årsmøte i Møre og Romsdal Bondelag fredag 7. og lørdag 8. mars 2014 på Alexandra Hotel, Molde

Protokoll frå årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag fredag 2. og laurdag 3. mars 2018 på Scandic Seilet Hotell, Molde

Protokoll fra årsmøte i Møre og Romsdal Bondelag fredag 4. og lørdag 5. mars 2016 på Alexandra Hotel, Molde

Protokoll fra årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag fredag 3. og lørdag 4. mars 2017 på Alexandra Hotell, Molde

Næringskonferansen Bondekraft og skaparvilje

Protokoll fra årsmøte i Møre og Romsdal Bondelag fredag 6. og lørdag 7. mars 2015 på Scandic Seilet Hotel, Molde

Protokoll frå årsmøte i Møre og Romsdal Bondelag fredag laurdag 12. mars 2011 på Alexandra Hotel, Molde

Årsmelding tillitsvalde frå lokallaga og fylkeslaget, gjestar og innleiarar deltok på det årlege leiarmøtet

Årsmelding 2012 Ein delegasjon på 80 bønder og bygdefolk frå nesten alle kommunar i Møre og Romsdal sette

Protokoll frå årsmøte i Møre og Romsdal Bondelag fredag 13. og laurdag 14. mars 2009 på Alexandra Hotel, Molde

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Protokoll frå årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag fredag 7. - laurdag 8. mars 2008, Alexandra Hotell Molde

Totalt Møre og Romsdal 2014: ,8 Totalt Møre og Romsdal 2015: ,3 Totalt Møre og Romsdal 2016: ,1

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Årsmøteprotokoll Landbruk Nordvest SA

Kommunereforma i Møre og Romsdal 10. feb Oppstartsmøte Nye Norddal og Stordal kommune

Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Parti

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

Regional- og næringsutvalet Møtestad: Giske kommune, rådhuset, kommunestyresalen Dato: Tid: 13:15 Protokoll nr: 2/2018

Lokallagsbrev februar 2011

(Styrerommet FK Molde er ikkje tilgjengeleg før etter påske.)

Vedtekter for Vestland SV

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

KOMMUNEREFORMA Ordførarsamling 11. nov v/fylkesmann Lodve Solholm

I landet er det heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 10,9 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Kontaktpersonsamling 30. sept KOMMUNEREFORMA Frå utgreiing til vedtak

Protokoll Årsmøte 2017 Møre og Romsdal folkemusikklag

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG

Bransjeprogrammet. Møre og Romsdal. 13. Juni 2019, Astrid F. Paulsen, avd.dir NAV Arbeidslivssenter Møre og Romsdal

Protokoll frå Årsmøte i Seniornett Førde 20.februar 2015 Møtestad: Brunosten

Årsmelding 2015 I forkant av fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag fredag 6. mars 2015 ble det holdt næringskonferanse

Årsmøte i Nordfjord Golfklubb

Velkommen til årsmøte

Innkalling og sakspapir er dermed sendt ut innanfor dei fastsette fristane.

Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Referat frå styremøte nr. 2, Dato: Tid: kl Stad: Parken Hotell

TILRÅDING. Kommunereforma i Møre og Romsdal. Oslo 8. des Prosjektleiar Vigdis Rotlid Vestad

STATUS FOR DEMENSOMSORGA I MØRE OG ROMSDAL Demenskonferansen 2017 Ålesund, den mars Eli Mette Finnøy, rådgivar Omsorg 2020

I landet er det heilt ledige. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 7,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sak 1 Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Møteinnkalling. Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Rica Seilet i Molde Dato: Tid: Kl.12.00

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA,

LANDSKONFERANSEN 2017 Fylkeskommunale eldreråd. Ålesund mai

Program Oppsummering etter diskusjon med prioritering av utviklingsområder

Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Karen Høydal Varaordførar AP Paul Kristian Hovden Medlem KRF

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Ny kommune i indre Sunnfjord Fagutvikling og koordinering

Kommunereforma. Tilråding. 18. okt. 2016

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA,

MØTEPROTOKOLL Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 17:00 18:00

Referat. Godkjenning av protokoll frå førre styremøte. Vedtak Protokoll frå førre styremøte er godkjent

Tysdag 10. mars 2015 kl på Bryne Kro & Hotell

Årsmøteprogram APRIL

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Årsmelding 2011 Over 100 utsendingar og gjestar deltok på landbrukskonferansen og fylkesårsmøtet i Møre og Roms-

Møteprotokoll. Forfall Parti Varamedlem Parti

Stad: Psykiatrisk Dagsenter v/ Byrg Kompetanse, Stranda Når: Laurdag 20. januar 2018, klokka 12: JANUAR 2018 MENTAL HELSE STRANDA

Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI

Torsdag 10. mars 2016 kl på Bryne Kro & Hotell

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 11/1241 Løpenummer: 11/ Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 18:00 18.

Sakspapira blir etter dette sendt direkte til dei påmeldte utsendingane etter påmeldingsfristen er ute, 14. mars.

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 3/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Ungdomsrådet - referatsak

Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Margrete Bjerkvik Medlem KRF Anders Egil Straume Medlem KRF

Jan Erik Hovdenak, kommunalsjef drift (under sak OS 16/16 og sak 27/16) Protokollen vert formelt godkjent i neste møte

Årsmøte Valldal Idrettslag 4. mars 2015

Møtestad: Tingvoll eldresenter og rådhuset i Tingvoll kommune Dato: Tid: 11:00 Protokoll nr: 2/2017

Lover for Norges Bondelag 2014

Protokoll fra styremøte i Møre og Romsdal Bondelag tirsdag 5. mars 2019 kl på Molde Fjordstuer, Molde

Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal

Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Parti Nora Helen Dyrseth Blø MEDL AP

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

Referat frå styremøte nr Dato: Tid: kl Stad: Ålesund Kunnskapspark, møterom Ørnetua

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Torgeir Dahl Medlem H

ÅRSMØTE MØRE OG ROMSDAL SAU OG GEIT 17.FEBRUAR 2019, KL 9.00, SCANDIC SEILET HOTELL

Sparebankens eigardelskapital er på kr fordelt på eigenkapitalbevis pålydande kr 104 fullt innbetalt.

Møteleiar: Ordførar i kommuna som er vert, Dag Olav Tennfjord Gjennomgang og drøfting av framdriftsplan for bygging av nye Ålesund kommune

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

Protokoll frå styremøte i Møre og Romsdal Bondelag tysdag 22. februar 2011 kl på Felleskjøpets møterom, Molde

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Hege Merethe Gagnat Medlem AP

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Protokoll for generalforsamling i Sogn og Fjordane Energi AS 21. juni kl på Strandtun, Sandane

Innkalling til årsmøte for året 2014 i Sogndal Sau og geit og Sogndal beite og sankelag

Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Parti Bjørn Wang MEDL V. Varamedlemmar som møtte: Namn Vara for: Parti Frits Inge Godø Bjørn Wang V

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Sak 1 Konstituering. Godkjenning av innkalling. Godkjenning av sakliste

Årsmelding 2010 Landbrukskonferansen i framkant av fylkesårsmøtet 12. og 13. mars 2010 samla 96 utsendingar og

Referat. -- Harald Lie, Jorulf Refsnes, Bodil Mannsverk, Elin R. Haugen, Gjermund Stuve, Finn Egil Adolfsen

Årsmøte Norges Bondelag juni 2018, Scandic Lillehammer Hotel

Transkript:

1 av 8 Protokoll frå årsmøte i Møre og Romsdal Bondelag fredag 8. og laurdag 9. mars 2013 på Rica Parken Hotel, Ålesund Landbrukskonferansen samla 129 deltakarar på Rica Parken Hotell i Ålesund (Foto: Arild Erlien) LANDBRUKSKONFERANSEN 2013 - NORSK MAT PÅ BORDET? I framkant av fylkesårsmøtet var det fredag 8. mars kl. 10.30 17.00 landbrukskonferanse med tema norsk mat på bordet? med 129 deltakarar frå lokale Bondelag, bønder, rådgjevarar, forvaltning, politikarar og andre som har eit varmt hjerte for lokal matproduksjon. Konferansen viste at det er nyttig å kome saman til felles utveksling av informasjon, idear og gje inspirasjon. Det er skjebnetid i landbruket. På alt for mange gardsbruk vert drifta avvikla og den norske matproduksjonen står på spel! Korleis snur vi trenden? Møteleiar var Odd Christian Stenerud, Giske, ordførar i årsmøtet i Norges Bondelag. Første bolk tok opp situasjonen i landbruket kva er problemet og kva grep må takast? I fylkesleiar Inge Martin Karlsvik sitt sjukdomsfråvær, innleia organisasjonssjef Arnar Lyche konferansen om saman skal vi arbeide for auka matproduksjonen i Møre og Romsdal. Fylkesagronom Synnøve Valle frå Fylkesmannen orienterte forsamlinga om korleis følgjer vi opp landbruksmeldinga for Møre og Romsdal. Generalsekretær i Norges Bondelag, Per Skorge, snakka om at norsk matproduksjon står på spel. Fire lokale matprodusentar så situasjonen frå grasrota kva tenkjer bonden? Petter Melchior, geitebonde i Norddal kommune Eva Merete Lindseth, mjølkeprodusent i Fræna Audun Skjervøy, jordbær- og potetbonde m.m. i Valldal i Norddal kommune. Odd Einar Fjørtoft, mjølkeprodusent på Fjørtoft i Haram kommune Deretter var det to foredrag med fokus på nokre faglege utfordringar: Aud Solberg frå Mattilsynet tok opp om ein velferdsplan er vegen å gå for å sikre dyrevelferden i landbruket? Ole-Jacob Christensen, småbrukar frå Valdres, snakka om bærekraftig landbruk basert på våre eigne ressursar og korleis får vi det til? Inspirasjon og fordypning: Forfattar Edvard Hoem ga forsamlinga inspirasjon og fordyping med foredraget Kven er vi og kvar går vi?. Konferansen vart avslutta med politikk kva vil vi med norsk landbruk og korleis når vi våre mål? Tre stortingskandidatar innleia til debatt: Steinar Reiten, Averøy (2.-kandidat KrF) Helge Orten, Midsund (fylkesleiar/1.kand Høgre) Else-May Botten, Molde (1. kandidat og stortingsrepr. Ap) Politisk paneldebatt vart styrt av møteleiar Odd Christian Stenerud. Generalsekretær Per Skorge tok oppsummering av landbrukskonferansen. OPPFØLGINGSSAMLING FOR UNGE BØNDER 14 ungdommar deltok på oppfølgingssamling for unge bønder med deltaking på landbrukskonferansen og årsmøtemiddag fredag, og eige programopplegg laurdag med samtale med Bondelagets generalsekretær Per Skorge, gardsbesøk hos Odd Christian Stenerud på Godøya og samtale med nestleiar i Tine Midt-Norge, Nina Kolltveit Sæter frå Surnadal. Bondelagets Servicekontor AS Postadresse: Besøksadresse: Telefon: Mobil: E-postadresse PB 2047 Moldegård 6402 Molde Fannestrandveien 63. Molde 71 20 28 90 41 41 88 71 More.romsdal@bondelaget.no Møre og Romsdal Bondelag Org.nr.: 939678670 Bankkonto: 8101.05.12891 Internet: Bondelagets Servicekontor AS Org.nr.: 985063001 MVA Bankkonto: 8101.05. 91392 www.bondelaget.no/moreogromsdal

Møre og Romsdal Bondelag Protokoll årsmøtet 8.-9. mars 2013 2 av 8 Innleiarar f.v.: Odd Einar Fjørtoft, Audun Skjervøy, Petter Melchior, Eva Merete Lindseth og Synnøve Valle. (Foto: Arild Erlien) Bondevenner. Frå venstre politikarane Helge Orten (H), Steinar Reiten (KrF) og Else May Botten (Ap) (Foto: Arild Erlien) Ole-Jacob Christensen, Birgit Oline Kjerstad og Aud Solberg. (Foto: Arild Erlien) Forfattar Edvard Hoem og møteleiar Odd Christian Stenerud (Foto: Arild Erlien) Møtet heva første dag kl. 17.15. Middagen kl 19.30 vart leia av styremedlem Arne Rekkedal. Av programinnslag var: Utnemning av tidlegare fylkesleiar i M&R Bondelag, Jørgen Holte, Volda, som æresmedlem i Møre og Romsdal Bondelag (sjå omtale sak 12 bak i protokollen) Utnemning av Surnadal Bondelag som Aktivt Lokallag 2012 (sjå omtale bakerst i protokollen) Dei seks aksjonsleiarane under brotet i jordbruksforhandlingane i mai vart takka og heidra med valfri kjeledress, rykksekk, fleecejakke: Anders Øverbø, Rauma, Knut Hustad, Ørsta, Odd Einar Fjørtoft, Haram, Leif Inge Grebstad, Sykkylven, Erik Olufsen, Aure, Oddvar Mikkelsen, Surnadal. Gjermundnes-elevar frå aksjonane i mai som deltok på fylkesårsmøtet vart takka og heidra med valfri kjeledress, rykksekk eller fleecejakke: Tor Olav Hanset, Nesset, aksjonsleiar Even Nilsen, Gjemnes og Sofie Torvik, Gjemnes. Dei seks aksjonsleiarane vart heidra. F.v.: Nestleiar Birgit Oline Kjerstad, Anders Øverbø, Knut Hustad, Odd Einar Fjørtoft, Leif Inge Grebstad, Erik Olufsen og Oddvar Mikkelsen.. Gjermundnes-elevar frå aksjonane i mai i fjor var heidra på fylkesårsmøtet. Frå venstre: nestleiar Birgit Oline Kjerstad, Tor Olav Hanset, Nesset, Even Nilsen, Gjemnes og Sofie Torvik, Gjemnes.

Møre og Romsdal Bondelag Protokoll årsmøtet 8.-9. mars 2013 3 av 8 Årsmøte laurdag 9. mars kl. 08.30 13.30 Årsmøtet tok til laurdag 9. mars kl. 08.30 Årsmøteordstyrar Oddvar Tynes opna møtet og ønska velkommen. SAK 1: OPPROP. GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Rådgjevar Arild Erlien foretok opprop. Deltakarlista blir lagt ved protokollen. Det møtte i alt 54 personar med røysterett, av desse 44 utsendingar frå 37 lokallag, ordførar i årsmøtet Oddvar Tynes, 5 i fylkesstyret, 1 frå M&R Bygdekvinnelag, 2 frå M&R Bygdeungdomslag og varaordførar i årsmøtet Norges Bondelag, Arne Magnus Aasen. Fylkesleiar Inge Martin Karlsvik hadde sjukdomsforfall til årsmøtet. Her møtte 1. vara til styret, Trond Malmedal, med røysterett. Totalt deltok det 133 personar ein eller to dagar på konferansen og/eller årsmøtet. 129 av desse deltok på landbrukskonferansen fredag kl. 10.30-17.00. Elles møtte som inviterte gjestar utan røysterett æresmedlemmene Guttorm Kjelsvik, Gunnar Waagen og Gunnar Wentzel, tidlegare fylkesleiar Jørgen Holte og kona Marthe Styve Holte, varaordstyrar Ivar Aae, 3 frå valnemnda som ikkje var utsending til årsmøtet og 4 frå fylkeskontoret. Inviterte gjestar og innleiarar på landbrukskonferansen og årsmøtet var: generalsekretær i Norges Bondelag, Per Skorge, møteleiar landbrukskonferanse og ordførar i årsmøtet i Norges Bondelag, Odd Christian Stenerud, fylkesagronom Synnøve Valle, jordbær- og potetbonde i Valldal, Audun Skjervøy, geitebonde i Norddal, Petter Melchior, mjølkeprodusent i Fræna, Eva Merete Lindseth, mjølkeprodusent på Fjørtoft, Odd Einar Fjørtoft, veterinær Aud Solberg frå Mattilsynet, småbrukar Ole-Jacob Christensen frå Valdres, forfattar Edvard Hoem, stortingskandidatane Steinar Reiten, Averøy (2.-kandidat KrF), Helge Orten, Midsund (fylkesleiar og 1.kandidat Høgre) og Else-May Botten, Molde (1. kandidat og stortingsrepr. Ap). Dag Arne Helle (regionsjef Felleskjøpet Agri), Olav Håkon Ulfsnes, Aure (styreleiar Felleskjøpet Nordmøre Romsdal), Landbruksdirektør Anne Berit Løset (Fylkesmannen Landbruksavd), Knut Bertil Øygard (Gjensidige Nordmøre & Romsdal), Aadne Haarr (Gjermundnes Landbruksskule), Heidi Nakken (fylkessekretær Høyre i Møre og Romsdal), Morten Feiring (Landbruk Nordvest), Othild Tjugen (tillitsvald M&R Landkreditt), Per Eldar Nakken (M&R fylkeskommune), Olav Martin Synnes (Norsk Landbruksrådgiving Sunnmøre), Reidar Lindset (fylkesleiar Norsvin), Dag Starheim (Nortura), Nina Kolltveit Sæter (nestleiar Tine Midt-Norge), Kirsti Dale (Venstre i Møre og Romsdal) Frå media møtte Sunnmørsposten og NRK M&R I tillegg deltok det 42 deltakarar på landbrukskonferansen fredag som var unge bønder-deltakarar, mange bønder, frå fylkesmannen, landbruksorganisasjonar, rekneskapskontor, bankar, jordbrukssjefar og landbrukskontora i kommunane. Vedtak: Innkalling og sakliste godkjent. SAK 2: VAL AV PERSONAR TIL Å SKRIVE UNDER PROTOKOLL Vedtak: Grete Misfjord og Oddvar Mikkelsen vald til å skrive under protokollen. SAK 3: OPPNEMNING AV REDAKSJONSNEMND Vedtak: Anne Katrine Jensen, Oddvar Mikkelsen, Tore Våde, Oddveig Gikling-Bjørnå FYLKESLEIARS TALE GJEKK UT Fylkesleiar Inge Martin Karlsvik hadde sjukdomsforfall til årsmøtet, og talen gjekk ut. SAK 4: ÅRSMELDING 2012 Rådgjevar Arild Erlien la fram årsmeldinga. Vedtak: Årsmelding for Møre og Romsdal Bondelag 2012 godkjent. SAK 5: REKNESKAP 2012 Rekneskapet vart lagt fram av førstekonsulent Anne Turid Myrbostad. (Rekneskapet er teke inn på side 56-57 i årsmeldinga) Rekneskapet vart frå og med 2011 lagt om, ført av Norges Bondelag og revidert saman med Norges Bondelag sine rekneskap. Bankkonto ligg også i Norges Bondelag. Rekneskapet viser ei driftsinntekt på kr. 1.578.363,00 og ein driftskostnad på kr. 1.631.232,47 Renteinntekter var på kr. 48.528,00. Resultat for 2012 viser eit underskot på kr. 4.341,47 Balansen er følgjande: Eigedelar: Bankinnskot: 1.469.130,02 Gjeld og Eigenkapital: Eigenkapital: 1.469.130,02 Vedtak: Rekneskapet for Møre og Romsdal Bondelag for 2012 godkjend med atterhald om Norges Bondelags revisor sin godkjenning. Rekneskapet er gjort opp med eit årsunderskot på kr 4.341,47. Eigenkapitalen 1.1.2013 er kr 1.469.130,02 Desse hadde ordet til årsmelding og rekneskap: Knut Hustad, Gunnar Flore, Marte Halvorsen, Inge Moen, Gunnar Wentzel. SAK 6: ARBEIDSPLAN 2013/2014 Organisasjonssjef Arnar Lyche la fram arbeidsplanen. Desse hadde ordet: John A. Davis og Vegard Smenes Vedtak: Arbeids- og tiltaksplan for 2013-2014 godkjend. SAK 7: BUDSJETT 2013 Førstekonsulent Anne Turid Myrbostad la fram budsjett. Desse hadde ordet: Gunnar Flore Vedtak: Budsjett for Møre og Romsdal Bondelag 2013 godkjend.

Møre og Romsdal Bondelag Protokoll årsmøtet 8.-9. mars 2013 4 av 8 Årsmøtetale vart halde av generalsekretær i Norges Bondelag, Per Skorge (biletet over), om aktuelle faglege- og organisasjonsmessige utfordringar og mulegheiter for Bondelaget, og med påfølgande generaldebatt. Desse hadde ordet: Vegard Smenes (Averøy BL), Atle Longva (Ytre Haram BL), Odd Einar Fjørtoft (Harøy og Fjørtoft BL), Peder Hellebostad (Sunnylven BL), Erlend Koppen (Volda og Dalsfjord BL), Olav Gustad (Averøy BL), Gunnhild Overvoll (Stranda BL), Petter Melchior (Eidsdal og Norddal BL), Knut Hustad (Hjørundfjord BL), John A. Davis (Geiranger BL), Ivar Aae (varaordstyrar), Oddvar Mikkelsen (Surnadal BL) og Vegard Smenes (Averøy BL). Generaldebatten vart oppsummert av nestleiar Birgit Oline Kjerstad og generalsekretær i Norges Bondelag, Per Skorge. SAK 8: UTTALE FRÅ ÅRSMØTET Redaksjonsnemndas leiar Anne Katrine Jensen la fram forslag til ei uttale. Vedtak: Årsmøtet vedtok å sende ut uttale om Norsk mat på bordet? - Eit spørsmål om prioritering UTTALE: Norsk mat på bordet? - Eit spørsmål om prioritering. Vi kan om du vil. Bonden kan auke norsk matproduksjon om samfunnet vil prioritere det. Årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag, som i helga var samla i Ålesund til sin årlege fagkonferanse om landbruk, ynskjer eit klart svar frå veljarar og politikarar. Kva ambisjonar har det for norsk matproduksjon? Skal vi produsere meir av maten vår på norske ressursar eller skal vi fortsette nedbygginga av jordbruksareal og distriktslandbruket duserande næringane, landbruk, fiskeri og industri, slit med den oljedrivne kostnadsveksten. I denne situasjonen treng folket modige og kloke politikarar som vågar å prioritere jordvern, og ein aktiv landbruks og næringspolitikk som sikrar norsk mat på bordet og dermed eit velstelt kulturlandskap. Sikker matforsyning er eit samfunnsansvar Å sørge for sikker og trygg matforsyning er ei viktig samfunnsoppgåve. Hestekjøtsaka som har vore framme i media siste tida har svekka tilliten til internasjonal næringsmiddelindustri. Saka syner at hardt økonomisk press mot industri og produsentar lett vil gå utover matkvaliteten. Det er forbode å bruke GMO modifiserte matvarer i Norge. Dyrehelsa og plantehelsa her i landet er svært god samanlikna med andre land på grunn av restriktiv medisinbruk, eit kjølig klima og spreidd produksjon. Dette kjem deg som forbrukar til gode i form av tryggare mat. Mindre sårbare med eigen produksjon Godtek du nedbygging av tollvernet seier du samtidig nei til norsk landbruk og næringsmiddelindustri. Du blir overlate til dei internasjonale marknadskreftene. Bønder finn seg lett anna arbeid. Det er ikkje bonden det går mest utover om landbruket i Noreg blir redusert, men dei 98 % av landets befolkning som er heilt avhengige av oss 2 prosent bønder som lagar maten din. Valet gjer du i politikken og butikken. SAK 9 DRØFTING AKSJONSPLANAR Saka vart trukke frå saklista då fylkesleiar Inge Martin Karlsvik, som skulle innleie, hadde sjukdomsfråvær på årsmøtet. God og trygg mat kostar Den gode maten blir ikkje til av seg sjølv. Skal matproduksjonen auke krev det investeringar i jordbruket. Du får det du er villig til å betale for. Kvalitet har ein pris også når det gjeld mat. Landbruket treng kloke og modige politikarar Gunstige investeringsordningar for oljesektoren, lett tilgang på kapital og lukrative skatteordningar i eigedomssektoren gir press i norsk økonomi. Dei varepro

Møre og Romsdal Bondelag Protokoll årsmøtet 8.-9. mars 2013 5 av 8 SAK 10: VAL Ved vala var det 47 røysteføre tilstade. 1. Leiar. Val for 1 år. På val: Inge Martin Karlsvik, Eide (Valt til leiar i 2010) (nestleiar frå 08, v 05 - stiller til attval) Vedtak: Inge Martin Karlsvik, Eide - Attval med 47 røyster, 0 blanke 2. To styremedlemer. Val for 2 år. På val: 1. Birgit Oline Kjerstad, Haram (styremedl frå 2007, vara frå 2006 - NEI til attval) 2. Arne Rekkedal, Ørsta (styremedlem frå 2011-1.vara frå 10 - stiller til attval) (Ikkje på val til styret er Anne Katrine Jensen, Gjemnes og Odd Helge Gangstad, Midsund) Nestleiarskifte: Birgit Oline Kjerstad, Haram (t.v.) overlot nestleiarvervet til Anne Katrine Jensen, Gjemnes (t.h.). I midten nytt styremedlem Gunnhild Overvoll, Stranda (Foto: Arild Erlien). Vedtak: 1. Styremedlem: Gunnhild Overvoll, Stranda - Ny 47 røyster 2. Styremedlem: Arne Rekkedal, Ørsta - Attval 46 røyster 1 blank 3. Nestleiar. Veljast for 1 år mellom dei 4 styremedlemene. På val: Birgit Oline Kjerstad, Haram (Har vore nestleiar frå 2010 - NEI til attval) Vedtak: Anne Katrine Jensen, Gjemnes (styremedl frå 2006, vara 05) - Ny 47 røyster 4. Val av 3 vararepresentantar til styret i nr.-orden for 1 år. På val: Alle varamedlemer stiller til attval Vedtak: 1. vara: Trond Malmedal, Fræna - Attval 2. vara: Petter Melchior, Norddal - Attval 3. vara: Oddvar Mikkelsen, Surnadal - Attval 5. Utsendingar til årsmøtet i Norges Bondelag (2012/2013) Dei som er valt for to år og som skal møte i 2013 også (ikkje på val i år), er forutan leiaren: 1. Anne Katrine Jensen, Gjemnes (2012/2013) 2. Odd Helge Gangstad, Midsund (2012/2013) Vedtak: Utsendingar til årsmøtet i Norges Bondelag for 2 år (2013/2014) 3. Gunnhild Overvoll, Stranda (2013/2014) 4. Arne Rekkedal, Ørsta (2013/2014) Vedtak: Utsendingar til årsmøtet i Norges Bondelag for 1 år (2013) 5. Trond Malmedal, Fræna (2013) 6. Petter Melchior, Norddal (2013) 6. Val av 6 varautsendingar til årsmøtet i Norges Bondelag i nummerorden for 1 år. Vedtak: 1. Oddvar Mikkelsen, Surnadal 2. Leif Inge Grebstad, Sykkylven 3. Odd Harald Solheim, Smøla 4. Søren Johan Øveraas, Vestnes 5. Rita Eide Ljøen, Stranda 6. Organisasjonssjefen i M&R Bondelag 7. Ordstyrar til årsmøtet 2014 Det vert valt ein ordstyrar med vararepresentant. Ordstyrar Oddvar Tynes (valt -12) og varaordstyrar Ivar Aae (valt -12) - stiller begge til attval Vedtak: Ordstyrar: Oddvar Tynes, Stranda - Attval Varaordstyrar: Ivar Aae, Averøy - Attval

Møre og Romsdal Bondelag Protokoll årsmøtet 8.-9. mars 2013 6 av 8 8. Valnemnd val av 2 medlemmer for 3 år Medlemmene i valnemnda blir valt for 3 år. Ein eller to medlemer står på val kvart år. Det blir valt 3 varamedlemmer i nummerorden for 1 år. Leiar og nestleiar blir av årsmøtet valt for 1 år mellom dei fem medlemmene i valnemnda. Dei som ikkje er på val er: Funksjonstid: Olaug Kvendset, Surnadal (2012/2013/2014) Geir Hole, Ørsta (2013/2014/2015) Hans Frafjord, Vestnes (2013/2014/2015) På val i 2013: Leif Inge Grebstad, Sykkylven (2011/2012/2013) Gunnbjørg Trondsen, Fræna (2011/2012/2013) Vedtak: Birgit Oline Kjerstad, Haram (2014/2015/2016) Jens Kristian Eikrem, Tingvoll (2014/2015/2016) Val av leiar i valnemnda 2014 for 1 år: Vedtak: Hans Frafjord, Vestnes - Ny Val av nestleiar i valnemnda 2014 for 1 år: Vedtak: Olaug Kvendset, Surnadal - Ny Bondevenn Edvard Hoem 9. Val av 3 varamedlemmer i valnemnda (2014) i nummerorden for 1 år: Vedtak: 1) Søren Johan Øveraas, Vestnes Ny (tidl 2.vara) 2) Inge Moen, Vanylven Ny (tidl 3.vara) 3) Bente Bjerkeset Solenes, Gjemnes Ny Sak 11: REISE OG MØTE- GODTJERSLE TIL STYRE OG TILLITSVALDE Vedtak: Fylkeslaget nytter Norges Bondelag sine satsar for reise og diett samt for møtegodtgjersle til fylkesstyret, og til tillitsvalde medlemer i utval som er oppnemnt av fylkeslaget og talspersonar som opptrer på vegne av fylkeslaget. (Møtegodtgjersla gjeld ikkje for utsendingar frå lokallaga til leiarmøtet og årsmøtet av di det ikkje er budsjettmessig dekning for det i fylkeslaga. Reisedekning for desse møta blir fastsett av styret. Evt møtegodtgjersle for lokallaga må bli gjeve etter vedtak i årsmøta i lokallaga.) SAK 12: UTNEMNING ÆRES- MEDLEM I M&R BONDELAG Nestleiar Birgit Oline Kjerstad ba om årsmøtet sin godkjenning av utnemning av æresmedlem i fylkeslaget. Kandidaten er godkjent av styret i Norges Bondelag slik lovene krev. M&R Bondelag har frå før tre æresmedlemmer; Guttorm Kjelsvik, Vestnes, utnemnt på årsmøtet 2003, Gunnar Waagen, Tingvoll, utnemnt på årsmøtet 2007 og Gunnar K. Wentzel, utnemnt på årsmøtet 2012. Vedtak: Jørgen Holte, Volda, utnemnt som æresmedlem i Møre og Romsdal Bondelag. Vedteke med akklamasjon. Under årsmøtemiddagen overrekte nestleiar Birgit Oline Kjerstad diplom frå styret i Norges Bondelag til ÆRESMEDLEM: Nestleiar Birgit Oline Kjerstad overrekte under fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag æresmedlemskap til Jørgen Holte frå Volda, her saman med kona Marthe Styve Holte og Bondelagets generalsekretær Per Skorge (Foto: Arild Erlien). Jørgen Holte som nyutnemnt æresmedlem i Møre og Romsdal Bondelag. Kona Marthe Styve Holte fekk overrekt blomster. Jørgen Holte har lang og tru teneste for landbruket i Møre og Romsdal. I over 30 år har han lagt ned stor innsats for bøndene og landbruket, og for Møre og Romsdal Bondelag. Fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag i 7 år, frå 1981-1988. Medlem i styret i Norges Bondelag frå 1986, og frå 1987 til 1993 var han 2. nestleiar i Norges Bondelag, og då medlem i arbeidsutvalet (AU)

Møre og Romsdal Bondelag Protokoll årsmøtet 8.-9. mars 2013 7 av 8 og medlem i forhandlingsutvalet i jordbruksforhandlingane. Jørgen Holte var Bondelaget representant i styret for Nei til EU, vore medlem av styret for kompetansesenter bygdeturisme på Røros, og medlem av topris-nemnda. Frå 2008 har han vore Bondelaget sin representant og styreleiar i styringsgruppa for prosjektet Småskala kraftverk næringsveg i bygdene på Vestlandet, som no er vidareført i det nye prosjektet Fornybar el-produksjon i landbruket, Jørgen Holte var fast stortingsrepresentant for Senterpartiet 1993-1997, og fast møtande vara på Stortinget for finansminister Gudmund Restad 1997-2000. Han var medlem av kyrkjeog utdanningskomiteen 1993-1997, og finanskomiteen 1997-2000. Frå januar 2005 til oktober 2012 var Jørgen Holte nestleiar i styret for Volda og Dalsfjord Bondelag. 2006-2012 var han Bondelaget sin representant i styret for Den Norske Matfestivalen i Ålesund. VINNAR AV AKTIVT LOKALLAG 2012: SURNADAL BONDELAG Under årsmøtet vart Surnadal Bondelag utnemnt til Aktivt Lokallag. Nestleiar Birgit Oline Kjerstad, overrekte vandrepremien, trekofferten, til leiar Oddvar Mikkelsen og styremedlemmene Ole Kristian Sæterbø og Heidi Gjeldnes. Årets Aktivt Lokallag i kvart fylke får kr 5.000 frå Norges Bondelag. Laget går vidare til konkurransen i Norges Bondelag om Årets Lokallag. Styret i M&R Bondelag vil som «Aktivt Lokallag» for 2012 utnemne eit lokallag som har halde jamn, stor og god aktivitet. Fylkeslaget har vurdert fleire aktuelle lokallag. Årets Aktivt Lokallag har gjennom mange år halde ein jamn stor aktivitet, og vore kandidat til utnemning i fleire år. Medlemsverving er tillagt vekt ved kåring av Aktivt Lokallag. Lokallaget har fått mange nye medlemmer dei siste åra. Lokallaget hadde i tillegg til medlemsverving varierte aktivitetar i 2012: Uttale til jordbruksforhandlingane. Nestleiar Birgit Oline Kjerstad (t.v.) overrekte vandrepremien, trekofferten, til leiar i Surnadal Bondelag, Oddvar Mikkelsen og styremedlemmene Ole Kristian Sæterbø og Heidi Gjeldnes. Delteke i traktoraksjon/oslo-demonstrasjon i samband med brotet i forhandlingane. Utdeling av eggkartongar og flygeblad under Bondelagets påskeaksjon. Halde studieringar. Arrangert Bondekamp. Vore medarrangør av landbrukskonferanse. Arbeid med biogassmøter. Medlemmene har stilt som vakter på Bygdeungdomslags-arrangement. Halde møte med lokalt næringsliv, 15 bedrifter, for å få fram ringverknadene av landbruket. Annonsekampanje i mai. Arrangert 10 Kløverstukveldar for medlemmer med gjennomsnitt 18 frammøtte. AVSLUTNING Ordstyrar Oddvar Tynes opplyste at det var sendt blomsterhelsing frå årsmøtet til fylkesleiar Inge Martin Karlsvik. Ordstyrar Oddvar Tynes takka for møtet. Nyvalt nestleiar Anne Katrine Jensen takka for tilliten. Vidare takka ho avtroppande nestleiar Birgit Oline Kjerstad for seks år i styret, derav tre år som nestleiar, og overrekte biletramme frå aktivitetar. Birgit Oline Kjerstad takka for samarbeidet i styret og med kontoret. Årsmøtet heva kl. 13.30 Arild Erlien - ref Oddvar Tynes ordstyrar Grete Misfjord (s) Oddvar Mikkelsen (s) 14 ungdomar frå heile fylket deltok på oppfølgingssamling for unge bønder. Her samtale med nestleiar i Tine Midt-Norge, Nina Kolltveit Sæter, Surnadal Nyvalt nestleiar Anne Katrine Jensen (t.v.) takka Birgit Oline Kjerstad for seks år i styret, derav tre år som nestleiar.

8 av 8 Biletglimt frå landbrukskonferansen Bondelagets Servicekontor AS Postadresse: Besøksadresse: Telefon: Mobil: E-postadresse PB 2047 Moldegård 6402 Molde Fannestrandveien 63. Molde 71 20 28 90 41 41 88 71 More.romsdal@bondelaget.no Møre og Romsdal Bondelag Org.nr.: 939678670 Bankkonto: 8101.05.12891 Internet: Bondelagets Servicekontor AS Org.nr.: 985063001 MVA Bankkonto: 8101.05. 91392 www.bondelaget.no/moreogromsdal