Det så rbåre livet. Kva skjer om nokon spør deg korleis du har det? Preike 20. september

Like dokumenter
Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

Ulsteinvik Bibelen

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Vigsling av evangelist

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Den heilage dåpen Matt 3:13-17, Markus 1:9-11, Luk 3:21-22

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står.

Apg 9:11 «For sjå, han ber!»

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Vigsling til andre tenester

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse)

Fokus på oppdraget! (skjermbilder på imf.no/erik)

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

Visthus Skjermbilder: imf.no/blog

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Guds rike - 3. Skjermbilde på imf.no/erik

Mos.25:23-30, 3.Mos. 24:5-9 Av akasietre. Kledd med gull. Berestenger Fat, skåler, kanner og beger av gull.

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Skrifta sitt vitnemål om seg sjølv

Helgatun / Danielsen

Høyringssvar frå Bjørgvin biskop om ordning for vigsel og vigselsliturgi og forbønsliturgi for likekjønna og ulikekjønna par

Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Bjellandsvegen 51. Tlf Me er også å finna på Facebook.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Olav Fykse Tveit, generalsekretær Kirkenes Verdensråd

OK, seier Hilde og låser.

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND


2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Sola GRATIA. frelst av. Nåden åleine

I mørket, midt i kampens hete, er det ikkje sikkert du veit om det er Gud eller djevelen du kjempar mot.

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Med takk og glede tek kyrkjelyden imot barnet/borna som i dag er i Guds hus for å bli døypt/døypte.

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD

NOEN BØNNER TIL LIVETS MANGFOLDIGE SITUASJONER

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

PÅSKEMÅLTID FOR FAMILIEN

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Elevundersøkinga 2016

Brødsbrytelsen - Nattverden

Til framstellinga kan ein knyta lystenning eller andre enkle symbolhandlingar.

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Vigsling av tilsynsmann

Høyringssvar frå Bjørgvin bispedømeråd - Vigselsliturgi og forbønsliturgi for likekjønna og ulikekjønna par

Plan for undervisning

Den katolske kyrkja. Katolsk tyder «for alle menneske» Kva kjenneteiknar det største kyrkjesamfunnet i verda?

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Hjelp oss å greie dette, Gud. Du og oss! Men smertefullt og farefullt, det blir det nok også.

Info til barn og unge

Jon Fosse. For seint. Libretto

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Rammer: Finne et egnet sted enten i gruppa eller i kretsen til gudstjenestested. Det bør ikke være mer enn 100 mennesker pr Scouts own.

Ledersamling Betania Av Olav Vestbøstad

ORDNING FOR KONFIRMASJON

Kirkerådet, Mellomkirkelig råd, Samisk kirkeråd. Særskilde preiketekstar for kyrkjeåra og

/

Korleis er Guds rike synleg i dag? Nyttårsmøte, Frekhaug,

Minnebok. Minnebok NYNORSK

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Reform av kirkens gudstjenesteliv Forslag til ny dåpsliturgi

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

La Kristi ord få rikelig rom hos dere!

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Preike Molde Domkirke 4. s i advent Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid.


Den hellige messe. I den hellige messe vil vi: tilbe Gud, lovprise Gud, takke Gud for alle hans velgjerninger, sone for våre synder.

Velkomen som konfirmant

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

Vigsling av diakon. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering

L Med takk og glede kjem vi i dag med dette barnet/desse borna til Gud i den heilage dåpen. I dåpen tek Gud imot oss og sameinar oss

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

2 - Dei oldkyrkjelege symbola

Ordinasjon og innsettelse av forstander og/eller eldste i samme gudstjeneste

Visitasforedrag Hjelmeland, Fister og Årdal, 4. februar 2018

Transkript:

Preike 20. september Det så rbåre livet. Førre søndag preika Ranveig diakonen vår om at vi menneske er evangeliet sine hender og føter i verda. Vi har som kall å reise andre menneske opp til eit verdig liv. Teksta denne søndagen fortset i same tema. Vi reiser oss og les evangelieteksta frå Markus 1, v 40-45: Ein mann som var spedalsk kom til han, fall på kne og bad: Dersom du vil, kan du gjere meg rein. Jesus fekk inderleg medkjensle med han, rette ut handa og rørte ved han. Eg vil, sa han. Bli rein! Med det same var sjukdomen borte og mannen vart rein. Jesus tala strengt til han og sende han straks bort. Sjå til at du ikkje seier eit ord til nokon om dette, sa han. Men gå og vis deg for presten og ber fram dei offer for reinsinga si som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei. Men mannen gjekk av stad og gav seg til å fortelje om det som hadde hendt, han gjorde det vidt og breidt. Difor kunne ikkje Jesus visa seg i nokon by lenger. Han heldt seg utanfor byane, på aude stader. Men folk kom til han frå alle kantar. Slik lyder Guds ord. Kva skjer om nokon spør deg korleis du har det? Ofte seier vi til kvarandre: Går det bra med deg? Det er vanskeleg å seie anna enn ja til eit slikt spørsmål? Ofte er det lett og greitt å svare på, men når livet er sårbart kan dette spørsmålet vere vanskeleg. Fordi alle vil vere tru mot seg sjølv, men samstundes hkan det vere vanskeleg å skulle trekke ned stemninga og ikkje innfri forventinga om at skal vere så greitt. Men kva skjer då om vi spør kvarandre korleis vi har det? Ofte får vi tilstandsrapportar, fortel kvarandre med gjensidig informasjon om stort og smått, deler fine fortellingar om meining og liv- og ynskjer kvarandre alt godt. Slike møter gjer oss glade og vi kjenner oss sett og at vi fekk gje noko fint til eit anna menneske. Nokre gonger klagar folk veldig, over alt som er gale, kor ulike plager dei har.. og alle som ikkje gjer ting rett. Då får vi aldri noko svar på korleis dei verkeleg har det, korleis det er å vere til i alt dette. Og av og til er det ikkje lett å svare, fordi ein kanskje ikkje veit det heilt sjølv.. kanskje har ein berre nok krefter til å leve, akkurat i dag. Det er dessverre nokon gonger ein opplever at folk spør fordi dei er nyskjerrige, fordi dei brukar informasjon på ein nedvurderande måte- som dei gjev fort vidare... Alle stader til alle tider har folk snakka bak ryggen på folk, og dette rammar mest av alt dei som gjer det. Men

det er vondt å oppleve å vere sårbar, og at andre ukritisk boltrar seg i andre si ulykke og sjukdom dette er langt frå den måten Jesus møtte menneske på, og den kvardagssynda folk flest tek lett på å begå..dette er til ettertanke til nokon og ein kvar av oss. Fortel vi om andre på ein slik måte at vi ivaretek den andre sitt verd som menneske? Tekstene frå Bibelen i dag er retta inn på korleis vi har det. At vi angår kvarandre.. og at heile livet vårt angår Gud. Gud bryr seg om korleis vi har det. - Fyrst: Den ramsalte klagen og opplevinga av meiningsløyse vi høyrde frå salmane si bok: Om angsten- hjartet som hamrar, lyset som sloknar i augene.. vener som sviktar og baksnakkar.. om gode ord som ikkje når inn, om ord som ikkje kjem ut Slik er livet av og til for dei fleste av oss. Og slik kan det vere lenge for mange Og denne livskjensla er det tabubelagt å ha for mange.. men Bibelen er tydeleg på at slik er også livet. Salmane si bok er god lesnad for utslåtte her les ein ekte ord på livet. Ei god venninne- eg har fått lov å fortelje dette - gjekk gjennom ei tøff periode med samlivsbrot og arbeid med eigen identitet. I denne perioda då livet var veldig vanskeleg opplevde ho gudstenesta og fellesskapen meiningslaust; det einaste som fungerte var salmane si bok, og Johnny Cash.. der møtte ho kunnskap om kva smerte var. Ja, livet er sårbart og til tider smertefullt. Og det er vår utfording å skape ærlege rom for dette i våre liv, og i våre fellesskap. Ein skal få kome hit uansett og likevel få møte eit fellesskap som kan be når du ikkje orkar, som syng når din song sit fast i halsen, som reiser seg og vedkjenner trua.. også for deg Her skal det vere rom, for fortviling, smerte og spørsmål om Guds vei når eg har det så vondt. Dette rommar Jesus, dette rommar Bibelen, og dette vil vi at vårt kristne fellesskap også skal romme. Her er det rom for både håp og trass.. Håp og at det skal bli betre, og trassig tru på at det går an å leve med det som ikkje vert bra igjen. For i dag handlar det om korleis Jesus har medkjensle og gjev sine gåver til dei som er utstøtte vi som ikkje passar inn i eit glansbilete. Jesus har eit spørsmål han møte alle menneske med: «Kva vil du eg skal gjere for deg?» og det er som om Jesus allereie har spurt dette spørsmålet i teksta for den spedalske møte han med full tillit, og nesten eit krav Om du vil, kan du gjer meg rein! Spedalske har ein smittsom sjukdom utan helbred, som gjer at kroppen blir øydelagt og det er ein forferdeleg syn. På Jesus tid kalla ein det urein for dei tenkte at sjukdom var knytt til at nokon i slekta før hadde synda. Koblinga mellom synd og sjukdom tok Jesus eit oppgjer med, - sjukdom var ikkje Guds straff. Men Jesus var styrt av barmhjertig kjæreik, og han helbreder mange. Han gjorde menneske heile igjen, både sjel og kropp vart friske i møte med Jesu berøring. Heile mennesket treng nåde, frelse og kjærleik..

Og slik er Jesus i dag også. Han handlar med hjartet, frå hjarte til hjarte i det stille. Han rører ved våre liv, og vil røre ved våre liv og seier at han er hos dei som er svake og nedbøygde og spør alltid: Kva vil du eg skal gjere for deg? Nokon opplever å bli møtt her og no av Jesus, at dei blir friske, helbreda og inkludert i fellesskapen på eit blunk. Andre bruker lengre tid, alle helingsprosessar er ulike, og nokon sår kan ein aldri leke.. frå dåpen av står løftet om nærværet fast om at Jesus som går med alle dagar og at vi tilhøyrer i fellesskapen, i Jesu flokk ikkje fordi vi har gjort oss fortent til det men fordi Gud elska oss først! Ole Paus setter gode ord på dette i songen «Bøn»: Hvem kommer til meg når andre går bort, hvem blir igjen? Hvem våger se bak alt jeg har gjort, og likevel kalle seg venn? Hvem orker se meg som den jeg er, og elske meg som en sønn? Hva var løgn, hva var sant? Hvem kan gi svar? Jeg ble en tyv, jeg tok det jeg fant, og gikk før de så hvem jeg var. Jeg gjemte det jeg stjal, i hjertets svarteste dypeste brønn. Hvem venter på meg, hvem viser vei, hvem skal gjøre meg hel? Alt jeg flyktet fra gjensøker meg, som en gjemlengsel i min sjel. Jeg ser hver tåre, hvert blikk, hvert smil, hver latter, hvert rop, hvert stønn. Hvem vil ta meg inn til seg, når det blir kaldt, hvem vil si: du er av meg jeg elsker din sjel gjennom alt.

Hvem orker å se meg som den jeg er, og elske meg som en sønn? Det begynner å ligne et liv dette her, det begynner å bli en bønn Nokon opplever å bli møtt her og no av Jesus, at dei blir friske, helbreda og inkludert i fellesskapen på eit blunk. Andre bruker lengre tid, alle helingsprosessar er ulike, og nokon sår kan ein aldri leke.. Likevel for alle livssituasjonar står det fast løftet om nærvær som Jesus gir frå dåpen av. Jesus går med alle dagar og at vi tilhøyrer i fellesskapen, i Jesu flokk ikkje fordi vi har gjort oss fortent til det men fordi Gud elska oss først! Vi er utvalt i kjærleik. Gud har valt å elske oss, i dette valet er han fullt og heilt forankra i, i seg sjølv.. fordi han sjølv er kjærleik. Det er det mest fantastiske av alt i den kristne trua.. valet om kjærleik er forankra i Gud sjølv. Og så ber Han oss om å elske kvarandre. Og i dette ligg vår verdi, og i dette ligg det ei bøn: ei takk til Gud som har elska oss slik, og bøn om kraft til å våge elske sitt eige liv og sin neste som seg sjølv. Bøn er å rydde til side støy i livet vårt, for å sleppe Jesus til. Han som stiller dette enkle spørsmålet, «kva vil du eg skal gjere for deg?» Den finaste gåva Gud gir oss, for å vise at han elskar oss, er sitt nærvær. I Det gamle testamentet les vi om at det låg ei sky over Israelsfolket, ein brennande tornebusk, i form av englar som kom og var saman med dei. Guds nærvær er midt i mellom oss, og inni oss. Og tydelegast tilstade i ord og sakrament. Den heilage Ande kjenner ingen grenser, den er som vinden som varmer, den let oss erfare Guds kjærleik. Jesus våger sjå oss slik vi er, og kalle oss barn av Guds rike. Jesus bryr seg om heile vårt liv våre gode sider og våre mørkaste hemmeligheiter, vår helse glede og kraft, men også vår angst og våre sjukdomar. Og han som ikkje tåler urett og synd, let alltid nåden og kjærleiken gå fyrst inn døra hos oss. Slik endar denne søndagens tekster opp i det at å leve saman som kristne er å leve saman i kjærleik. Tidlegare biskop Finn Wagle lærte meg noko om dette for nokon år sidan. Han snakka om livet ilag som kristne som eit Skjebnefelleskap. Gudsteneste, kyrkjelydsarbeid og det kristne fellesskapet er ikkje berre fritidsaktivitetar eller kulturtilbod. Det er skjebnefellesskap.. disippelskap. Vi har ikkje valgt ut dette fellesskapet fordi vi er same aldersgruppe, likar dei same songane, er enige om nye liturgi, enige om alle saker eller for den saks skuld kjem så godt overens med alle. Men vi er ilag fordi Gud har elska oss fyrst og sett oss til å elske kvarandre. Til å dele tru, liv, bøn og sakramenta uansett. Vi høyrer saman fordi Kristus kallar oss saman, og ber oss dele liv og tru i Jesu namn. Då er den finaste gåva vi kan gje kvarandre, vårt nærvær.. at vi som Paulus skriv, ikkje held oss borte når kyrkjelyden samlast, men møter opp og møter Gud og kvarandre. Fordi vi høyrer saman i

Kristus og den som Kristus har kalla, kan ingen andre støte ut. Og det er til dette fellesskapet vi må invitere fleire inn i, kvar og en av oss kan peike på eit fellesskap, der ikkje alt er perfekt, men at det i Ulsteinvik fins fellesskap der folk lever ilag eit skjebnefelleskap uansett skilnader og dette fellesskapet har Gud kalla oss til å elske. Det fellesskap som seier noko sant om det sårbare livet, og samstundes held fast i den uendeleg verdien kvart menneske har uavhengig av kva vi prestere. Og som står solid grunnfesta i gleda og håpet i trua! Jesus hentar inn att alle utstøtte, - og byr oss å leve med kvarandre slik vi er i Kjærleik og sidan nærværet frå Gud og det nærværet vi kan gje kvarandre fleire gonger har dukka opp som tema i preika høver det å be sinnsrobøna til slutt: Sinnsrobøna: Gud, gje meg sinnsro til å godta dei ting eg ikkje kan forandre mot til å forandre dei ting eg kan og forstand til å sjå skilnaden. Amen.