Legitimasjon og fullmakter

Like dokumenter
Legitimasjon og fullmakter

Legitimasjon og fullmakter

Vilkår for PUM. 1. Fremsending. Personlig Utlevering Mottakingsbevis

Oppretting av kapitalkonto for person med verje

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

Informasjon om oppretting og stadfesting av framtidsfullmaktar

Melding om behov for representant

Postens generelle leveringsvilkår Standardvilkår for dei leveringspliktige tenestene

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Verja skal bruke skjemaet når det skal søkjast om godtgjering og dekning av nødvendige utgifter knytte til utøvinga av verjeoppdraget.

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste

Stortings- og sametingsvalet 2017

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Søknad om verjemål (eller endringar i eksisterande verjemål)

Aksjetjenesten i SpareBank 1 nettbank for foretak

Norne Standardavtale for foretak

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

Lov å lære fagartikkel 8. KRAV OG PARTSBEGREPET Av Oddmund Roalkvam, fagfellevurdert av Olav Bruflot

Søknad om godkjenning frå fylkesmannen til å gi gaver eller arveforskot frå midlane til ein person med verje

Prisar på porto for 2016

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

Aksjetjenesten i SpareBank 1 nettbank for foretak

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Søknad om Fellesskapsløyve for gods- og/eller turvogntransport

Aksjetjenesten i SpareBank 1 nettbank for foretak

Søknad om Fellesskapsløyve for gods- og/eller turvogntransport

Storleiken på brevet avg jer prisen. Prisar Les meir på: posten.no

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Oppretting av kapitalkonto for person med verje

Prisar på porto for 2015

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Del 1 Blankett for norskregistrert utenlandsk foretak

Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

Søknad om tenester frå Helse - og omsorgseininga i Selje kommune. 1.Opplysningar om søkjar.

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Partifinansiering 2016, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Kapittel 1. Virkefeltet til forskrifta. Definisjonar Virkefelt Forskrifta utfyller og gjennomfører føresegnene i kassasystemlova.

Disponering av kontantytelser fra folketrygden under opphold i institusjon

Vedtak om å krevje tilbake feil utbetalt bustøtte

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Melding om behov for verjemål (eller endring i eksisterande verjemål)

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Postens generelle leveringsvilkår

Aksjetjenesten i SpareBank 1 Nettbank for foretak

Høyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder

Søknad om tenester frå pleie- og omsorgsavdelingane i Eid kommune

1.1 Foreningens fullstendige navn må fylles ut Organisasjonsnr. (fyll ut hvis det finnes)

Føretak: (heretter kalla mottakaren) Telefonnummer: Postnummer: Poststad: Organisasjonsnummer: E-postadresse:

SØKNAD OM KOMMUNAL BUSTAD

DEPOT-/KONTOAVTALE FOR AKSJESPAREKLUBB (side 1 av 6)

Skattekommune. Fødselsdato/ D-nr, Telefon Privat Arbeid. Sambuar. Einsleg forsørgjar. Namnet på barnet Fødselsdato Namnet på barnet Fødselsdato.

MELDING OM DØDSFALL UTANFOR BUSTADDISTRIKTET

Når foreldre ikkje bur saman. Retningsliner for å sikre samarbeid mellom barnehagane og foreldre som ikkje bur saman.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Erklæring frå lege eller annan sakkunnig ved søknad eller melding om verjemål

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

Skjema for endring av dagleg leiar eller transportleiar

Opprettelse av kapitalkonto for person med verge

Krav til etablering av kundeforhold i bank og forsikring

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Melding om arbeidsrelatert sjukdom - eller skade (vert ikkje omfatta av meldeplikta, og vert ikkje honorert)

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

9. juni Kontaktpersonmøtet. - litt informasjon frå trygdefag. Marita Bydal Strandenes

Betalingsreduksjon i foreldrebetaling BARNEHAGANE I SVEIO

Plan for selskapskontroll

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

Til: Medlemmene i Finans Norge Att: juridisk og daglig bank/pm Kontaktpersoner i Finans Norge: Gunnar Harstad og Charlotte Tvedt Arkivref:

Sjekkliste for å åpne en Investeringskonto Zero

Bustøtte for desember 2016 søknaden din er innvilga

Søknad om skilsmisse etter separasjon ved løyve (etter ekteskapslova 21)

PASIENTTRANSPORT REKVISISJON

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fast eiendom «som den er»

Brukarrettleiing Innsending av tolkekrav

Søknad om løyve til arbeid og opphald

TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA

Til deg som bur i fosterheim år

KONTRAKT OM BEDRIFTSHELSETENESTE MELLOM VÅGSØY KOMMUNE OG

Sjekkliste. Lønnsslipp Kontoutskrift Husleigekontrakt Registrert på nav.no Samværsavtale

Transkript:

Informasjon om legitimasjon og fullmakter på Posten Les meir på: posten.no og bring.no Legitimasjon og fullmakter

2 Innhald Side Kvifor legitimasjon på Posten? 4 Kva er godkjend legitimasjon? 4 Personleg utlevering med mottakingsbevis (PUM) 5 Når andre skal hente verdipost for deg Kvittering på meldesetelen Varig eller tidsavgrensa fullmakt Eingongsfullmakt Ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar Oppringing frå Posten Umyndige Born og ungdom under 18 år Umyndiggjorde Personleg utlevering med mottakingsbevis (PUM) Myndige personar som av fysiske eller psykiske årsaker ikkje kan ta hand om dei økonomiske interessene sine Myndige personar som har fått nemnt opp hjelpeverje Pasientar ved sjukehus, sjukeheimar og liknande institusjonar Personleg utlevering med mottakingsbevis (PUM) 6 8 8 Kven kan kvittere når det er fleire namn i adressa? 9 Konkurs m.m. 10 Dødsfall Postlevering til adressatar som er døde Kvittering for verdipost og pengar til adressatar og kontohavarar som er døde Retur av verdipost og pengar til adressatar som er døde Banktenester hos Posten Utbetalingsblankett (giro for utbetaling) Innbetalingsblankett (giro for innbetaling) Utvida banktenester hos Posten, DNB Uttak Innskot Bli kunde i DNB Råderett over (uttaksrett på) konto Opprette konto for mindreårige Råderett (uttaksrett) for mindreårige Særlege høve Verjer Hjelpeverjer Konkurs Dødsfall 10 11 12 12 14

3 Når blir eg spurd om legitimasjon på Posten? Posten er oppteken av at postsendingane skal bli leverte til rett mottakar. Difor må du legitimere deg før du får utlevert rekommanderte sendingar og verdisendingar. Du kan òg måtte vise legitimasjon når du skal hente pakkar. Posten krev dessutan framvising av legitimasjon for å sikre at pengar blir betalte ut til riktig mottakar. I samsvar med kvitvaskingslova har Posten òg plikt til å krevje legitimasjon både når det blir opna bankkonto, og i samband med enkelte andre banktransaksjonar som blir utførte på Posten. Vi gjer merksam på at kundebehandlaren ved enkelte transaksjonar er pålagd etter lova å kopiere legitimasjonsdokumentet.

4 Kvifor legitimasjon på Posten? Som kunde skal du kjenne deg trygg på at verdipost og pengar som du sender eller tek imot, blir levert eller betalt ut til rett mottakar. Du skal òg kunne vere trygg på at dei pengane du har på konto, ikkje blir betalte ut til uvedkommande. Denne tryggleiken opplever du ved å vise godkjend legitimasjon når du får utført tenester på Posten. Bakgrunnen for dette er dei pliktene vi er pålagde i kvitvaskingslovene. Om du ikkje kan legitimere deg, kan det føre til at transaksjonane ikkje kan gjennomførast. Ver difor budd på å bli beden om legitimasjon når du skal opne konto eller utføre andre transaksjonar på Posten! Gjer det difor til ein vane å vise fram legitimasjon uoppfordra når du hentar verdipost eller hever pengar! Som kunde kan du oppleve at legitimasjonskrava no er skjerpa, både når du opnar bankkonto, og ved andre transaksjonar som blir utførte på Posten. Posten er òg oppteken av å levere andre postsendingar enn verdipost til rett mottakar. Du kan difor oppleve å måtte legitimere deg når du får utlevert f.eks. ein pakke. Kundebehandlaren noterer den legitimasjonen du viser. Ved enkelte transaksjonar har kundebehandlaren etter lova plikt til å kopiere legitimasjonsdokumentet. Kva er godkjend legitimasjon? Dokument som er godkjende som legitimasjon ID-kort frå Posten (har ikkje vore produsert etter 1.4.2010) norsk bankkort med legitimasjonsdel (bilde m.m.) norsk førarkort utferda frå og med 01.01.1998 norsk pass norsk utlendingspass og reisebevis utanlandsk pass europeisk identitetskort (Identity Card) Dette er nasjonale ID-kort som ein del europeiske land har. Dei er godkjende som legitimasjon i EU og Schengen-landa (bl.a. Noreg). Tilleggsdokumentasjon av norsk fødselsnummer eller D-nummer Dersom eit godkjent legitimasjonsdokument ikkje inneheld fullstendig norsk fødselsnummer eller D-nummer (i alt 11 siffer), må kundane i samband med enkelte ekspedisjonar dokumentere fødselsnummeret/d-nummeret sitt med tilleggsdokument som er utferda av ein offentleg instans, til dømes folkeregister eller likningskontor. Namneendring Dersom du har skifta namn og ikkje rokke å skaffe deg ny legitimasjon med det nye namnet, må du vise fram godkjend legitimasjon på det gamle namnet og vigslesattest eller stadfesting frå folkeregisteret som dokumenterer namneendringa.

5 Dokument som ikkje er godkjende som legitimasjon Mange kort er utferda for avgrensa bruk og manglar eitt eller fleire av krava for å kunne vere godkjende som legitimasjon. Her er nokre eksempel: studiebevis skulebevis tilsettkort/tenestebevis for føretak vernepliktbok mopedførarbevis privat utferda medlems- og fordelskort kortet "Asylsøker i Norge" nødpass visum og opphaldsløyve Vanlege årsaker til at dokument ikkje er godkjende som legitimasjon Dokumentet er for gammalt i høve til gjeldande periode / siste bruksdato. Utsjånaden eller underskrifta til innehavaren har endra seg vesentleg samanlikna med bildet eller underskrifta i dokumentet. Dokumentet er så slite eller øydelagt at det er vanskeleg å tyde og kontrollere. Personleg utlevering med mottakingsbevis (PUM) Personleg utlevering med mottakingsbevis (PUM) blir hovudsakleg brukt av bankar og finansinstitusjonar når dei går inn i nye kundetilhøve. PUM-sendingar kan berre adresserast til éin privatperson på privatadressa hans eller hennar. Når PUM-sendinga skal leverast ut, må adressaten kvittere for og hente sendinga personleg, og legitimasjonsdokumentet skal kopierast. Du kan ikkje bruke fullmakt. Adressaten må vise fram godkjend legitimasjon når sendinga skal leverast ut. Kva som er godkjend legitimasjon, går fram av hentemeldinga for PUM. Dersom legitimasjonen ikkje inneheld fullt norsk fødselsnummer eller D- nummer (11 siffer), må adressaten dokumentere fødselsnummeret/ D-nummeret sitt med eit tilleggsdokument som er utferda av ein offentleg instans, til dømes folkeregister eller likningskontor. Dersom adressaten har skifta namn og ikkje har godkjend legitimasjon på det nye namnet, må adressaten vise fram godkjend legitimasjon på det gamle namnet og vigslesattest eller stadfesting frå folkeregisteret som dokumenterer namneendringa. På vegner av avsendaren har kundebehandlaren hos Posten plikt til å fotokopiere legitimasjonen og eventuelle tilleggsdokument ved utleveringa. Kopien (kopiane) blir sende til avsendaren saman med den underskrivne PUM-blanketten etter at sendinga er utlevert. Dersom adressaten ikkje kan møte fram personleg og legitimere seg med godkjend legitimasjon, og/eller legitimasjonsdokumentet ikkje kan kopierast, kan ikkje Posten levere ut PUM-sendinga, men skal returnere sendinga til avsendaren.

6 Når andre skal hente verdipost for deg Unnateke for PUM-sendingar (personleg utlevering med mottakingsbevis) kan dette ordnast slik: Kvittering på meldesetelen Du kvitterer på meldesetelen og lar hentaren få med seg legitimasjon som dokumenterer at det verkeleg er underskrifta di. Også hentaren skal skrive under med namnet sitt på meldesetelen og legitimere seg etter vanlege reglar. Kva som er godkjend legitimasjon, kan du lese om på side 4 5. Varig eller tidsavgrensa fullmakt Dersom nokon regelvisst hentar verdipost eller pengar for deg, bør du skrive ut ei varig eller tidsavgrensa fullmakt på eit særskilt fullmaktskort. OBS. Slike fullmakter gjeld ikkje for å ta ut pengar frå bankkonto. Då brukar du i staden ordninga med råderett over (uttaksrett på) kontoen. Postfullmakt Fullmakten g jelder for: Rek. og verdisendinger Giro utbetaling Fullmakten er: Ikke tidsbegrenset Tidsbegrenset Gyldig f.o.m:.......................................... Til og med:.......................................... Navn: Postadresse: Fødselsdato (for private): Organisasjonsnummer: Skal fullmakten endres, må det fylles ut ny blankett. Gammel fullmakt blir da ugyldig. Fullmakten er gyldig i 10 år. Postfullmakt kan gis av: 1. For selskaper: Selskapets styre, signaturberettiget styremedlem, administrerende direktør eller prokurist. Dersom flere bare i fellesskap har signaturrett eller har prokura, må de alle underskrive fullmakten. 2. For foreninger, lag og stiftelser: Styret, styreleder eller vedtektsfestet representant. 3. For kommuner: Ordfører eller den ordføreren eller kommunestyret har gitt myndighet. 4. For fylkeskommuner: Fylkesordfører eller den fylkesordfører eller fylkestinget har gitt myndighet. 5. For statlige enheter: Ledere i enheten som er gitt myndighet i henhold til stillingsfullmakt, intern instruks eller lignende 6. Personlige postmottakere. Fullmaktsgiveren må legitimere seg og eventuelt dokumentere at han/hun har rett til å utstede (underskrive) fullmakten. Virksomhet som er registrert i offentlig register må vise bekreftet kopi av firmaattest fra foretaksregisteret eller enhetsregisteret. Virksomheter som ikke er registrert i offentlig register må vise bekreftet utskrift av årsmøte- eller styreprotokoll. Kommuner, fylker og statlig virksomhet må vise bekreftet kopi av stillingsfullmakt, instruks e.l. Fullmakten gis til 1. Navn ( blokkbokstaver) som underskriver slik: Fullmaktgivers legitimasjon: 1. Namn ( blokkbokstaver som skriv: 2. Navn ( blokkbokstaver) som underskriver slik: Bl.70.145.00 15.000 12/2010 Bokmål 3. Navn ( blokkbokstaver) som underskriver slik: Sted: Dato: Fullmaktgivers underskrift og stilling: Postens merknader Enhetsnummer: Gjelder fra dato: Sted: Godkjent, underskrift av Postens kundebehandler:

7 Den som hentar for deg, skriv under med sitt eige namn på meldesetelen/signaturplata. Kundebehandlaren kan då kontrollere denne underskrifta mot underskrifta på fullmakta som blir oppbevart på postkontoret. Postkontoret har fullmaktskort og kan gi deg fleire opplysningar om ordninga. Eingongsfullmakt Dersom du ikkje sjølv kvitterer på meldesetelen, skriv du ei fullmakt til den som skal hente sendinga for deg. Hentaren kvitterer med namnet sitt på meldesetelen og viser fram følgande: fullmakta adressaten sin legitimasjon, som dokumenterer rett underskrift på fullmakta eigen legitimasjon etter vanlege reglar Eg, Ola Nordmann, gir med dette Kari Nordmann, fødd 31.12.1967, fullmakt til å hente rek.sending til meg. Eingongsfullmakta skal vere godt leseleg og skal innehalde desse opplysningane: at det dreier seg om ei fullmakt kven som har gitt fullmakta kven fullmakta er gitt til kva fullmektigen har fått fullmakt til kvar og når fullmakta er utskriven fullmaktgivaren si underskrift Du må sende med hentaren legitimasjon som dokumenterer at underskrifta på fullmakta verkeleg er di. Ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar Når ein ektefelle, registrert partnar eller sambuar skal hente verdipost og pengar for den andre parten, gjeld det vanlege krav til fullmakt. Dersom det er aktuelt for ein ektefelle, registrert partnar eller sambuar å kvittere for verdipost og pengar til den andre parten i lengre tid, er det viktig å opprette ei varig eller tidsavgrensa fullmakt. Alle er tente med å ha ordna med juridisk godkjende fullmakter når verdipost og pengar skal hentast av andre!

8 Umyndige Utlevering av rekommanderte sendingar til mindreårige Når ei rekommandert sending er adressert til ein mindreårig, kan den mindreårige sjølv kvittere ut sendinga mot å legitimere seg på vanleg måte ein av foreldra kvittere ut sendinga mot å legitimere seg og dokumentere tilknytinga til adressaten ei oppnemnd verje kvittere ut sendinga mot å legitimere seg. Verja må vise skriftleg dokumentasjon som viser at vedkommande er verje Godtekne dokument er blant anna fødselsog dåpsattest. Umyndiggjorde For umyndiggjorde er det verja som har rett til å kvittere. Verja må vise fram skriftleg dokumentasjon på at han eller ho er nemnd opp som verje. I tillegg må verja legitimere seg etter vanlege reglar. Myndige personar som av fysiske eller psykiske årsaker ikkje kan ta hand om pliktene sine Utan rettsleg godkjend fullmakt har ingen heller ikkje nærståande eller andre tiltrudde personar rett til å kvittere for verdipost og pengar på vegner av myndige personar som ikkje sjølve kan ta hand om interessene sine. For myndige personar som er i ein slik situasjon, må det eventuelt nemnast opp hjelpeverje. Myndige personar som har fått nemnt opp hjelpeverje Når det er oppnemnt hjelpeverje for myndige personar som ikkje sjølve kan ta hand om interessene sine, kan hjelpeverja ha rett til å kvittere. Hjelpeverja må vise fram skriftleg dokumentasjon på at ho eller han er oppnemnd som hjelpeverje, og i dokumentasjonen skal det gå fram kva fullmaktene til hjelpeverja dekker. I tillegg må hjelpeverja legitimere seg etter vanlege reglar. Kva som er godkjend legitimasjon, kan du lese om på side 4 5. Pasientar ved sjukehus, sjukeheimar og liknande institusjonar Personale som har skriftleg fullmakt til å kvittere for sjukehus, sjukeheimar og liknande institusjonar, kan kvittere for verdipost til pasientar ved institusjonen når alle vilkåra nedanfor er til stades: Pasienten er ikkje i stand til å kvittere sjølv. Postfullmakt er ikkje utskriven. Det er ikkje oppnemnt verje eller hjelpeverje for pasienten. Institusjonen sitt stempel må brukast saman med underskrifta. Personleg utlevering med mottakingsbevis (PUM) PUM-sendingar kan ikkje kvitterast ut og hentast av andre enn adressaten sjølv og må difor vere adressert direkte til ei verje dersom det er verja Posten skal kontrollere identiteten til.

9 Kven kan kvittere når det er fleire namn i adressa? To privatpersonar Bjarne Svendsen c/o Ole Madsen Prinsens gate 12 0152 OSLO Bjarne Svendsen adr. Ole Madsen Prinsens gate 12 0152 OSLO Bjarne Svendsen er adressat og den rette til å kvittere. Bjarne Svendsen v/ole Madsen Prinsens gate 12 0152 OSLO Ole Madsen er adressat og den rette til å kvittere. Kombinasjon privatperson og firma/verksemd Ole Madsen Kontorteknikk AS Postboks 1191 Sentrum 0107 OSLO Ole Madsen er adressat og den rette til å kvittere. Kontorteknikk AS v/ole Madsen Postboks 1191 Sentrum 0107 OSLO Personar som kan kvittere for Kontorteknikk AS, kan kvittere. Også kvittering frå Ole Madsen blir godteke. Advokat Stina Holth v/adv.fullm. Per Aas Konfliktgata 10 1528 MOSS Stina Holth kan kvittere. Også kvittering frå Per Aas blir godteke.

10 Konkurs m.m. Dersom det er opna konkurs i buet til adressaten, blir posten levert ut til bustyraren dersom bustyraren ber om det. Postsendingar og beløp som sendaren krev å få tilbake, blir likevel returnerte på vanleg måte. Viss adressaten har opna gjeldstinging (tinging om frivillig gjeldsordning eller offentleg tinging om tvangsakkord), blir posten levert ut til adressaten, eventuelt til vedkommande som har fullmakt frå adressaten, på vanleg måte. Dødsfall Postlevering til adressatar som er døde Post til adressatar som er døde, blir levert etter adressa på sendinga inntil det blir lagt fram attest frå skifteretten som dokumenterer kven som har rett til å handle på vegner av dødsbuet. Dersom det er fleire arvingar etter den avlidne, og éin av dei krev å få posten til den avlidne levert til si adresse, må arvingen det gjeld legge fram skriftleg fullmakt som stadfestar at dei andre arvingane samtykkjer i dette. Viss ingen tek seg av posten til den avlidne, blir posten returnert. Dersom det ikkje går fram kven som er avsendar, blir posten behandla som ugreidd post. Kvittering for verdipost til adressatar eller kontohavarar som er døde For å kunne kvittere for verdipost til ein adressat eller kontohavar som er død, må du legge fram attest frå skifteretten som dokumenterer retten til å handle på vegner av dødsbuet. Følgande attestar frå skifteretten kan vere aktuelle: Skifteattest som dokumenterer kven som har teke over dødsbuet som arving(ar). Er det fleire arvingar, kan ingen av dei aleine handle på vegner av dødsbuet utan særskilt fullmakt frå dei andre. Slik fullmakt må difor leggast fram i tillegg til skifteattesten. Vedkommande som kvitterer anten det er ein einearving eller ein arving med fullmakt frå dei andre arvingane må legitimere seg etter vanlege reglar. * Skifteattest med umyndige og verjer. Det er verja som representerer umyndige arvingar. Er det fleire umyndige arvingar, kan ingen av verjene aleine handle på vegner av dødsbuet utan særskilt fullmakt frå dei andre. Slik fullmakt må difor leggast fram i tillegg til skifteattesten. Vedkommande som kvitterer anten det er verja til ein umyndig einearving eller ei verje som har fullmakt frå dei andre verjene må legitimere seg etter vanlege reglar.* * Kva som er godkjend legitimasjon, kan du lese om på side 4 5. Uskifteattest som dokumenterer at etterlevande ektefelle sit i uskifta bu. I tillegg til å legge fram uskifteattest må etterlevande ektefelle legitimere seg etter vanlege reglar. *

11 Retur av verdipost og pengar til adressatar som er døde I tilfella nedanfor blir verdipost og pengar til adressatar som er døde, returnerte: Når sendaren har sett fram krav om tilbakelevering. Når sendaren har markert på utbetalingsblanketten at beløpet berre skal betalast ut til adressaten. Når beløpet gjeld trygd, pensjon eller livrente. Dette er personlege ytingar som ikkje går i dødsbuet, og som sendarane krev tilbakeført når adressaten er død. Personleg utlevering med mottakingsbevis (PUM). Banktenester Dødsfall hos Posten Giro for utbetaling Giroutbetalingar kan du heve på Posten. Dersom du ikkje sjølv kvitterer på utbetalingsblanketten, skriv du ei fullmakt til den som skal hente pengane for deg. Hentaren kvitterer med sitt eige namn på utbetalingsblanketten og viser fram: fullmakta adressaten sin legitimasjon, som dokumenterer rett underskrift på fullmakta eigen legitimasjon etter vanlege reglar Kvittering på meldesetelen eller utbetalingsblanketten Ei fullmakt skal vere godt leseleg og tydeleg markere at det dreier seg om ei fullmakt at fullmakta gjeld utbetalingskort, med avsendar og beløp kven som har gitt fullmakta kven fullmektigen har fått fullmakta til kvar og når fullmakta er utskriven underskrifta til fullmaktgivaren Kva som er godkjend legitimasjon, kan du lese om på side 4 5. Obs! Denne typen fullmakt har ei øvre grense på kr 5000,00 for å kunne heve giroutbetalinga. Du kvitterer sjølv på utbetalingsblanketten og lar hentaren få med seg legitimasjon som dokumenterer at det verkeleg er di underskrift. Også hentaren skriv under med namnet sitt på utbetalingsblanketten og legitimerer seg etter vanlege reglar.

12 Utvida banktenester hos Posten, DNB Posten samarbeider med DNB, og det gjer at DNB sine kundar kan utføre banktenester på Posten. Viss du har bankkort som er utferda av DNB, vil du få redusert pris på inn- og utbetalingsgiro. Du kan òg sette inn og ta ut pengar på kontoen. Uttak Dersom du har konto i DNB, kan du ta ut pengar på Posten både med og utan bankkort. Om du ikkje har bankkort og PIN-kode, må du vise godkjend legitimasjon. Ved uttak i landpostrute er det ei øvre grense på kr 5000,00 når kunden kan legitimere seg. Beløp som skal takast ut av kontoen for å betale rekningar eller postoppkrav, eller for å overføre pengar til ein annan konto, kjem utanom beløpsgrensa på kr 5000,00. Du kan ikkje bruke fullmakt. Innskot Du kan sette inn pengar på DNB-kontoar med og utan kort dersom du eig kontoen du har råderett over kontoen det er ein konto som du er verje for kontohavaren for kontoen er eigd av nære familiemedlemer du har eiga verksemd eller er tilsett i verksemda (føretak, lag og foreiningar) Bli kunde i DNB Alle kundar som kan dokumentere at dei har bruk for banktenester og har godkjende legitimasjonspapir, har etter finansavtalelova krav på å få eit kundetilhøve. Banken har plikt til å kontrollere identiteten til dei som blir nye kundar. Når du skal etablere eit kundetilhøve, vil banken krevje diverse dokumentasjon frå deg for å få meir kunnskap om deg, og for å oppfylle dei lovpålagde pliktene banken har. Viss du ikkje er norsk statsborgar, må du òg vise dokumentasjon på at du har godkjent opphaldsløyve i landet. Kva slags dokumentasjon banken krev, kjem an på kva nasjonalitet du har, og krava frå dei norske styresmaktene. Råderett over konto Dersom du vil at ein annan person, anten som ei fast ordning eller i ein særskilt periode, skal kunne ta ut pengar frå bankkontoen din, bør du gi vedkommande råderett over (uttaksrett på) kontoen. Dette kan du avtale når du opnar kontoen, eller seinare. Du må vise fram godkjend legitimasjon for alle som skal disponere bankkontoen. Ved opning av konto for juridiske personar (føretak, selskap, foreiningar, lag m.m.), skal det alltid vere registrert kven som skal ha råderett over kontoen.

13 Personar som har fått råderett over (uttaksrett på) ein konto, kan ikkje gi andre fullmakt til å ta ut pengar frå kontoen. Opprette konto for mindreårige kundar Når det blir etablert kundetilhøve og opna konto for ein mindreårig, skal den mindreårige ha ei eller fleire verjer som handlar på vegner av dei. Verja (verjene) må skrive under på kontoavtalen og legitimere seg i samsvar med reglane i banken. Hovudregelen er at foreldra er verjer i fellesskap, og at dei ikkje kan handle kvar for seg. Verjer i fellesskap må begge skrive under på kontoavtalen og legitimere seg, eller så må den eine skrive under med fullmakt frå den andre. Det blir likevel kravd legitimasjon frå begge. den andre verja, slik at begge verjene igjen rår over kontoen i fellesskap. Overformyndarstyre Etter verjemålslova er det overformyndarstyret som tek hand om mindreårige sine midlar over eit særskilt beløp. Dette gjeld likevel ikkje midlar som den mindreårige sjølv rår over, til dømes gåver som er gitt til den mindreårige, og midlar som er tent gjennom eige arbeid når den mindreårige har fylt 15 år. Ut over dette må verja dokumentere samtykke frå overformyndarstyret for å kunne heve pengebeløp over gjeldande beløpsgrense, som er adressert til ein mindreårig, og likeeins for å kunne ta ut pengar frå ein mindreårig sin konto med inneståande beløp over denne grensa. Om nokon er eineverje, skal det vere stadfesta med dokumentasjon frå folkeregisteret. Verja (verjene) må dokumentere tilknytinga til den mindreårige med dokumentasjon frå folkeregisteret. For mindreårige som ikkje har foreldre som verje, blir det nemnt opp verje. Ei oppnemnd verje må vise fram skriftleg dokumentasjon på at han eller ho er oppnemnd som verje. Råderett over (uttaksrett på) kontoen for mindreårige kundar: Verja (verjene) kan gi den mindreårige råderett over kontoen. Råderetten vil då omfatte alle innskot på kontoen, dvs. at den mindreårige sjølv kan ta ut pengar frå kontoen. Utan råderett (uttaksrett) for den mindreårige er det verja (verjene) som rår over kontoen. Dersom den eine av to verjer skal rå over kontoen aleine, må den andre verja gi skriftleg fullmakt til det. Vedkommande verje kan når som helst trekke tilbake fullmakta til

14 Særlege høve Verjer For umyndiggjorde er det verja som har rett til å kvittere. Verja må vise fram skriftleg dokumentasjon på at han eller ho er nemnd opp som verje. I tillegg må verja legitimere seg etter vanlege reglar. Kva som er godkjend legitimasjon, kan du lese om på side 4 5. Etter verjemålslova er det overformyndarstyret som tek hand om umyndiggjorde sine midlar over eit særskilt beløp. Verja må difor dokumentere samtykke frå overformyndarstyret for å kunne heve pengebeløp over gjeldande beløpsgrense, som er adressert til ein umyndiggjord, og likeeins for å kunne ta ut pengar frå ein umyndiggjord sin konto med inneståande beløp over denne grensa. Hjelpeverjer Når det er oppnemnt hjelpeverje for myndige personar som ikkje sjølve kan ta hand om dei økonomiske interessene sine, kan hjelpeverja ha rett til å kvittere. Hjelpeverja må vise fram godkjend dokumentasjon på at han eller ho er oppnemnd som hjelpeverje, og i dokumentasjonen skal det gå fram kva fullmaktene til hjelpeverja gjeld. I tillegg må hjelpeverja legitimere seg. Konkurs Dersom det er opna konkurs i buet til adressaten, blir posten levert ut til bustyraren dersom bustyraren ber om det. Postsendingar og beløp som sendaren krev å få tilbake, blir likevel returnerte på vanleg måte. Viss adressaten har opna gjeldstinging (tinging om frivillig gjeldsordning eller offentleg tinging om tvangsakkord), blir posten levert ut til adressaten, eventuelt til den som har som har fullmakt frå adressaten, på vanleg måte. skifteretten som dokumenterer rett til å opptre på vegner av dødsbuet. Følgande attestar frå skifteretten kan vere aktuelle: Uskifteattest som dokumenterer at etterlevande ektefelle sit i uskifta bu. I tillegg til å legge fram uskifteattest må etterlevande ektefelle legitimere seg etter vanlege reglar.* Skifteattest som dokumenterer kven som har teke over dødsbuet som arving(ar). Er det fleire arvingar, kan ingen av dei aleine handle på vegner av dødsbuet utan særskilt fullmakt frå dei andre. Slik fullmakt må difor leggast fram i tillegg til skifteattesten. Vedkommande som kvitterer anten det er ein einearving eller ein arving med fullmakt frå dei andre arvingane må legitimere seg etter vanlege reglar.* Skifteattest med umyndige og verjer. Det er verja som representerer umyndige arvingar. Er det fleire umyndige arvingar, kan ingen av verjene aleine handle på vegner av dødsbuet utan særskilt fullmakt frå dei andre. Slik fullmakt må difor leggast fram i tillegg til skifteattesten. Vedkommande som kvitterer anten det er verja til ein umyndig einearving eller ei verje som har fullmakt frå dei andre verjene må legitimere seg etter vanlege reglar.* Særskilt skifteattest/fullmakt til å ta ut pengar frå kontoen til den avlidne. Den som i attest frå skifteretten har fått råderett over midlar på den avlidne sin konto, kan ta ut pengar frå kontoen slik det går fram av skifteattesten. I tillegg til å legge fram attesten frå skifteretten må vedkommande legitimere seg etter vanlege reglar.* Dødsfall For å kunne kvittere for pengar til kontohavar som er død, må du legge fram attest frå * Kva som er godkjend legitimasjon, kan du lese om på side 4 5.

Om du vil ha meir informasjon, sjå posten.no eller gå innom Posten der du bur. KK-329-2013