Søk først Guds Rike! viktigheita av å prioritere den andelege biten av lagssamlingane/ ungdomskveldane



Like dokumenter
ABC for Barne- og ungdomsleiarar - Praktisk hjelp til betre planlegging og gjennomføring

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Brødsbrytelsen - Nattverden

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

Gå ut og gjer disiplar

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Jon Fosse. For seint. Libretto

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Ulsteinvik Bibelen

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Til deg som bur i fosterheim år

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Innleiande ritar. Syndevedkjenninga

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK


LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd


Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Skrifta sitt vitnemål om seg sjølv

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Brukarrettleiing E-post lesar

Frå novelle til teikneserie

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

mmm...med SMAK på timeplanen

Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje.

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September

Helgatun / Danielsen

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Cellegruppeopplegg. IMI Kirken høsten 2014

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Samansette tekster og Sjanger og stil

Mos.25:23-30, 3.Mos. 24:5-9 Av akasietre. Kledd med gull. Berestenger Fat, skåler, kanner og beger av gull.

ORDNING FOR KONFIRMASJON

/

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

S.f.faste Joh Familiemesse

Bokens tittel: Å ha evig liv Undertittel: Du kan ikke kjøpe det eller oppnå det, men du kan motta det! Forfatter: Benjamin Osnes

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Skoletorget.no Fadervår KRL Side 1 av 5

Strategiplan for Nordhordland Indremisjon

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

6. trinn. Veke 24 Navn:

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min


Metodiske verktøy ved kursleiing

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV.

LIKNINGAR. N Nynorsk SNAKKE TENKJE SJØLV EI ANNLEIS VERD LESE GRUPPER

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Valdres vidaregåande skule

Januar Introduksjon: Film om kirken:

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Informasjon til elevane

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Birger og bestefar På bytur til Stavanger


Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Sola GRATIA. frelst av. Nåden åleine

Cellegruppeopplegg. IMI Kirken høsten 2014

Transkript:

Søk først Guds Rike! viktigheita av å prioritere den andelege biten av lagssamlingane/ ungdomskveldane Innleiing Overskrifta for samlinga kjem frå Jesus si utfordring i Matteus 6,33: Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. I avsnittet Matteus 6, 25-34 talar Jesus om at vi ikkje skal bekymre oss for livet vårt og for dagane som kjem, men stole på at Gud har det heile i si hand. Gud har kontroll, og vil ta seg av oss. Som avslutning på denne proklamasjonen seier Jesus at Gud veit kva vi treng, og vi skal derfor bruke tida vår på å Søke FØRST Guds rike, ikkje heile tida arbeide for det kvardagslege. Når vi gjer det, seier han, skal vi få alt det andre i tillegg. 2 sider ved Matt 6,33 1) ei utfordring til oss som kristne: Søk FØRST Guds rike 2) eit enormt løfte om me tar utfordringa: så skal de FÅ ALT DET ANDRE i tillegg. I lagsarbeidet Teksten er enormt rik, og den omfattar alt i våre liv. For den seier noko veldig viktig til oss om prioriteringane våre. Difor ynskjer vi å bruke denne teksten som utgangspunkt for lagsarbeidet vi står i. Like viktig som for alt anna me gjer: I lagsarbeidet også utfordrar Gud oss til å søke Han fyrst, så skal vi få alt det andre i tillegg. For mange kan dette verke sjølvsagt, arbeidet i seg sjølv går jo ut på å tene Herren. Men mange ser og erfarar at sjølv i dette arbeidet kan det vere utfordrande å søke Gud fyrst. Det er så lett å styre på i eigen kraft, og ikkje heilt tørre å stole på at det å søke Gud er det beste. Ofte kan ein også rett og slett gløyme å søke Gud, for ein er så opptatt av alt som skal gjerast. Difor ynskjer vi å setje fokus på dette temaet, for å minne om utfordringa og løfte Gud har gitt oss! Å søke først... Å søke FØRST Guds rike handlar om å gå til Gud med ALT me gjer. Ikkje etter at vi har gjort alt, men FØR vi gjer det. Å søke fyrst Guds rike handlar om at me lar Gud vere vegleiar og rådgjevar for det me ynskjer å gjere. Han skal vere hovudpersonen i planlegginga. Men for dei som arbeider med barne- og ungdomslag kan ein kjenne på at det ofte er veldig lett å setje Gud til sides i planleggingsperioden, for så å avslutte med å be Gud velsigne planane som er lagd. Jesus utfordrar oss til å gjere det omvendte! Å søke først Guds rike handlar ikkje om å legge VÅRE planar, draumar og tankar i Guds hender, men å be Gud om å få sjå HANS planar, draumar og tankar for arbeidet me står i. Jesus ynskjer å bli større i våre liv og i våre lag. Jesus ynskjer å vere den som går FORAN når vi skal planlegge, han ynskjer ikkje å bli plassert bakarst. For at vi skal klare å endre på dette må vi bruke tid på å sjå på kven Gud eigentleg er. Vi må forstå hans uendelege storleik og kraft. For kva tankar har vi om Gud sidan det er så lett å setje han bakarst; altså be han velsigne fyrst etter me har snakka gjennom våre eigne planar.

Ein allmektig Gud Vi har jo høyrt det alle, men det er utfordrande å alltid leve etter det. For den Gud vi trur på er ein ALLMEKTIG Gud. Vi veit det med tanken, men handlingane våre viser at vi ikkje alltid trur det, eller rett og slett gløymer det. Skal vi sjå poenget med å søke Guds rike i det heile tatt, og ikkje minst sjå kvifor vi må søke Gud FØR vi arbeider sjølv, ja då må vi ha eit rett bilete av Gud! Difor må vi sjå på kven Gud er kven det er vi skal søke. Skal sjå på to sider ved Gud: A) Gud er livets kilde Man kan bli svimmel av å grunne på universets enorme utstrekning, fra den største stjernen til den minste partikkel. Og alt sammen ble skapt av Guds levende Ord. Han plasserte stjernene i verdensrommet, telte dem og kalte dem alle ved navn! Han skapte ikke bare gjenstander i en massiv størrelse, men Han skapte også slike ørsmå, delikate, intrikate ting som snøfnugg. Og ikke to av dem er like. Han skapte: Atomer og engler og maur, krokodiller, jordmidd og skyer, elefanter, ørner og elektroner, orkideer, løk og blekkspruter, frosker, fjør og havets skum, diamanter, støv og dinosaurer, regndråper og svettedråper, duggdråper og bloddråper, og meg! Og deg! Formatet på hans makt til å skape, designe, forme, lage, bygge og arrangere overgår grensene for vår fatteevne. 1 Det er Gud, kjelda til alt liv, vi blir utfordra av Jesus til å oppsøke! Det er denne Gud vi skal søke inn i våre liv, og inn i våre lag. Når vi ser hans storleik kan vi spørje oss sjølv om det går an å la være å be Han med i planlegginga. Er det ikkje sjølvsagt at dette blir gjort? Vi kan ikkje la ein som dette kome inn etter at vi sjølv har planlagt. Nei, den allmektige Gud er mykje større enn oss, og vi må la han få gå fremst. Dette er nok noko alle er einige om, men som vi stadig treng å minne kvarandre på! I spesielt pressa situasjonar, som at det er travelt og det er mykje som skal gjerast, er det lett og setje Gud til sides. Men akkurat i desse situasjonane treng me aller mest å la han føre oss på den rette vegen. Eit flott bilete er at Gud har skapt ein fantastisk verden. På same måte kan han skape nye fantastiske ting inn i våre lag om me gjev han sjansen. Ved å sjå på skaparverket kan vi få eit lite innblikk i kva Han kan gjere i våre lag. Det er uendeleg stort, det er ufatteleg. Men om me berre forstår litt av det hadde det vore mykje enklare å la Gud styre planlegginga. 2) Gud er livets opprettshaldar Utan Gud hadde me menneske dødd på flekken. Det er Gud som helt alt oppe i rette stand! * Vår planet er 150 millioner km fra sola. HVIS sola hadde vore nærmare Jorda, ville vi ha brent opp. Hvis den var lenger borte ville vi ha frosset til is. * Månen er i nøyaktig den avstanden fra Jorden som gir oss to tidevannsperioder om dagen. HVIS avstanden var litt større eller mindre, ville Jorden ha blitt oversvømmet * Vår allmektige Gud holder alt dette i orden. Han har kontroll på tyngdekraft og naturlover. Han var og er den samme. Han er større enn vi tror og mer fantastisk enn vi aner. Ingenting er over hans evne, enten det er å...

- løse et problem, redde et ekteskap, å rense en skyldbetynget samvittighet, å tilgi en synd, mette enda en munn, finne en jobb, bryte en uvane eller å overvinne en avhengighet. --> Alt står i hans makt til å fikse. Om Gud har makt til å skape og opprettholde universet, hvordan kan du ta tro at hans makt ikke strekker til for deg ditt liv og det arbeidet du står i. Han er i stand til å opprettholde ditt liv, din tjeneste, ditt håp, ditt lag. 2 Gud skapte ikkje berre ein gong for lenge sidan, og så trakk han seg stille tilbake. Vår Gud arbeidar kvart sekund for å oppretthalde alt det skapte, og føre det framover. På same måte som Gud opprettheldt det vi har rundt oss ynskjer han å oppretthalde våre lag. Den Gud som heldt oss i livet, og som hjelper oss gjennom våre utfordringar ynskjer å gjere det same for laget vi er leiar i. For Gud kan ordne opp i alle problema me kjem opp i, og Han har ei løysing på alt som ser uløyseleg ut for oss! Gud ynskjer ikkje berre vere den som kjem inn og ordnar opp i etterkant han ynskjer å kunne forklare vegen fyrst, så vi slepp å kome opp i så mange problem! Gud har allereie tenkt ut vegen for KVART ENKELT barneog ungdomslag i heile Noreg. Han veit kva tankar Han har for arbeidet. Gud ynskjer å få moglegheita til å gå fremst og vise vegen til oss. Samtidig er han høfleg, og ventar på at vi skal LA han få lov! ------- Visjon i arbeidet vårt Når vi har sett på utfordringa og løftet Gud har gitt oss, og kven Gud er, må vi sjå på visjonen for arbeidet vi står i. For grunnen til at vi har lagsarbeid, er at vi ynskjer å vise Jesus til borna og ungdomane i våre bygder! Vi ynskjer å gje dei det viktigaste me sjølv har fått, nemleg formidle at Jesus er den som gjev evig liv. Vi ynskjer ikkje berre formidle det, vi ynskjer at dei skal ta det til seg, og la Jesus få betyding for resten av deira liv! Dette er ALT det vi ynskjer inn i lagsarbeidet vårt. Frå Matteus 6,33 ser vi at skal vi oppnå det vi arbeidar for, seier Jesus at vi må søke Gud fyrst! Skal borna og ungdomane få sjå Jesus må me som leiarar bruke tid på å høyre kva Gud har å seie! Konkret i laget Vi skal sjå litt nærmare på utfordringa Gud gjev oss. Den krev faktisk mot av oss, og tru på at det Gud seier er sanning. For den utfordrar oss til å Søke Guds rike FØRST for SÅ å sjå at Gud heldt sine løfter. Når me bestemmer oss for å søke Gud FØR alt anna, DÅ kan han fyrst velsigne oss ut frå at me gjer det. Den største utfordringa i dette er at det ikkje alltid er logisk for oss å søke Gud først. For kvifor bruke mykje tid på å be når vi har mykje å snakke gjennom. Og kvifor spørje ein som er oppe i himmelen om praktiske råd, når det er me som er midt oppe i problemet. Det er absolutt ikkje rasjonelt alltid å søke Gud først. Derfor vert dette ei enno større utfordring!

Jan Rettedal skriv det veldig gjenkjenneleg og treffande i boka Som en av oss : Vi tenker lett at vi kan klare en del av oss selv, så kan vi koble Ånden inn der vi ikke strekker til. Slike holdninger preger oss både i vårt personlig trosliv og vårt menighetsliv. Mye av aktivitetene i kirker og bedehus er smittet av denne tankegangen. Dessverre. Vi setter oss ned i styrer og råd og planlegger vår virksomhet, og når vi er ferdige, ber vi Gud velsigne våre program. Dette blir det garantert lite om noe - frukt ut av, samme hvor bra det er. For kvaliteten er på det jevne svært god i kristent arbeid.men fordi vi begynner i feil ende, lukter det mer svette enn duft av alle våre tiltak og prosjekter. Det blir mer håndkraft enn Åndskraft. 3 Vi startar i feil ende. Fordi me menneske ikkje lar Gud gå fremst. Han gjev oss ei tøff utfordring, og ein kan faktisk sjå at Gud gjer akkurat det same i 2. Mosebok 3,11-12 når han kallar Moses til å føre Israelittane ut or Egypt. Når Moses spør om å få eit teikn på at det er Gud som har sendt han, seier Gud at han skal få teiknet NÅR han har gjort det! Moses må GÅ I TRU. SÅ står det seinare at løftet frå Gud vart oppfylt. Dette hadde han ikkje fått oppleve om han ikkje hadde gjort som Gud utfordra han til. Dette er eit godt bilete på utfordringa Gud gjev oss i dag vi må GÅ, SÅ skal Gud gje oss ALT det vi arbeidar for. For at dette skal verte konkret inn i lagsleiarane sin kvardag ynskjer vi å setje fokus på to ting ein kan gjere som viser at ein ynskjer å ta utfordringa frå Jesus seriøst: 1) Tenk at møtedelen er viktigast på samlingane Frå erfaringar på Raknestunet i Nordhordland har vi blitt veldig inspirert til å satse ordentleg på møtedelen både på leir og i lagsarbeidet! Vi er blitt inspirert til å la møtedelen få 1. plass i prioriteringane våre, både når det gjeld planlegging, førebuing og gjennomføring. Vi må tenke at DET er det viktigaste vi gjer når vi samlar borna og ungdomane våre! Vidare vil vi grunngje det både ut frå Bibelen og frå erfaringar som understrekar det Bibelen seier. [Bruk gjerne eigne eksemplar!] Alt som skjer på ei lagssamling er viktig! Det er viktig å møte borna og ungdomane som kjem på ein god måte, og det er viktig å vere snille, gode og respektfulle mot dei. Dei må føle seg velkomen og sett. Vidare må det vere ein god atmosfære slik at borna og ungdomane ynskjer å kome tilbake på laget. Forkynne Guds Ord Men det er på møtedelen vi får moglegheita til å forkynne Guds Ord! Og utan at Guds Ord vert forkynt er arbeidet vårt forgjeves i eit evig perspektiv! Born og ungdom MÅ høyre evangeliet, og viktigheita av dette vert understreka i dei to komande bibelversa: Rom 10, 13-17: Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst. Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at einkvan forkynner? (...) Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi Ord.

Skal dei som kjem inn på bedehusa våre få moglegheita til å ta i mot Jesus som sin Frelsar og Herre treng dei at nokon fortel dei om det! Dei treng å få Jesus formidla med alt det Han inneheldt, og dei treng å bli utfordra til å ta i mot. Vidare treng dei ei forkynning som gjer at dei kan vekse i trua si, og verte bevart hos Jesus. Det er for at dette skal skje at vi driv laga våre. Det må vi aldri gløyme. Og skal det skje, må vi forkynne Gud sine Ord til oss som vi har i Bibelen! Enno eit bibelvers understrekar viktigheita av forkynninga: Hebr 4,12: For Guds Ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. Bibelverset fortel oss om kor stort og verkekraftig Guds Ord er. Det er ikkje som vanlege ord men det er levande og kraftig. Dette betyr konkret at når ein høyrer Guds Ord så treff det oss. Ved at Guds Ord vert formidla kan menneske som høyrer kjenne på at Gud kallar på dei, og at dei treng Jesus. Når Guds Ord vert forkynt får Den Heilage Ande moglegheit til å arbeide i menneska gjennom orda dei høyrer. Det er vanskeleg å ikkje ta stilling til det som vert forkynt. Det som skjer er at nokon tar i mot Ordet og Jesus, mens andre tar avstand. Uansett treng ein å høyre for å kunne ta stilling til det i det heile, og menneske treng å bli utfordra på å ta imot. Sidan Guds Ord er vår skapar og opprettshaldar sine ord er dei så sterke ord at vi MÅ forkynne dei. Det er kun dei som kan forandre liv det kan ikkje våre ord. Vi må tørre å bruke tid på å formidle dei Sanninga: Evangeliet. Dersom vi TØRR å ta Guds Ord på alvor = å søke FØRST Guds rike, og dermed prioritere møtesamlingane våre først, då har Gud lovd at vi skal få ALT det andre i tillegg! Det betyr at det kjem til å bli godt og kjekt å være på laga våre, folk vil like seg og ikkje minst borna og ungdomane vil få sjå Jesus! Utfordring ved møtedelen Vår heilt konkrete utfordring med tanke på dette er at borna og ungdomane oftast opplever møtesamlinga som kjedeleg alt det andre er gøy. Resultatet av dette er at vi ofte kortar ned møta for at borna skal like seg og ha lyst til å komme igjen. Det er nesten som borna sit på møtet og tenker: Bli ferdige snart, så vi kan begynne morroa! På grunn av negative tilbakemeldingar om at møtet er kjedeleg er det lett å avgrense denne delen, og miste motivasjonen for å arbeide med det. Det er vanskeleg å tru at det er slik Gud vil vi skal gjere det! Den Heilage Ande kallar oftast på menneske ved hjelp av Guds Ord. Det kan vere ved å minne dei på bibelvers eller andre ting ein har høyrt. Då er det viktig å gje Den Heilage Ande noko å arbeide med. Korkje leiarane eller bedehuset i seg sjølv kan frelse nokon. Guds Ord må forkynnast, og ein må ikkje avgrense denne delen. Ein må heller tenke omvendt! Eksempel Som eksempel kan ein bruke korleis det var på leir på Raknestunet. Der var det lenge svært upopulært med møte, og spørsmålet: MÅ me? vart ofte stilt. Det skjedde også at nokon tok opp hande midt under møtet og spurte: Korti kan me gå?

Samstundes kan ein forstå at deltakarane klaga: Møta var dårleg planlagd, og songane vart ofte funne fram samtidig som det vart bjella til møte. Vidare visste ein ikkje kven som skulle spele før songen var klar på overhead og ofte var spelinga svært dårleg sidan ingen hadde fått øvd. I tillegg var det ei haldning blant fleire leiarar at møtet var eit nødvendig onde ein måtte gjennom. Dermed vart det sagt (om ikkje i direkte klartekst) i starten av møta at møtet var snart viss deltakarane satt i ro og var stille. Altså: Dersom de er snille og sitt stille vert pina kortare. Dette er sjølvsagt satt på spissen, men haldningane kunne vere ganske slik. Det var ikkje eit godt opplegg. Og me søkte ikkje Guds rike først! I tillegg blei det brukt svært mykje tid på å planleggje konkurransar og anna opplegg, mens møta var svært dårlege. Til slutt forstod vi det: Slik skal det ikkje være! Vi fann ut at vi må tenke omvendt! Vi må ha betre møter, og vi må ha lengre møter! Situasjonen gjorde at me måtte tenke over kva vi eigentleg ville og sjølvsagt ville vi ha fokus på Jesus. Det var berre så lenge sidan vi hadde vore bevisst det. Me ville formidle noko til dei som kom vi ville gje dei Jesus! Dermed blei det bestemt at ein skulle legge like mykje energi ned i å få møta bra som i å få konkurransane bra. Iallfall skulle ein vere like nøye på at det var bra. No er det inga klaging lenger. Etter å spørje nokon jenter på ein leir kva som var det beste med heile leiren kom svaret fort: Delekveld og bønnevandring har vore det absolutt beste! Vi trur at dette er Gud sitt svar på sitt løfte. Vi trur ikkje det skjer for at vi har vore så flinke, men at Gud lova oss å gje oss alt det andre i tillegg om me søkte han fyrst. Vi turte å prioritere annleis, og vi viste med det vi gjer at dette er viktig for oss. Både ovanfor Gud og ovanfor deltakarane. Mange har fått møte Jesus, og fått tatt i mot han som sin Frelsar. Og deltakarane gjev uttrykk for at dei har det bra på leir, utan å klage over at dei må på møta. 2) Søke Gud i planlegginga Innleiingsvis må eit viktig vers i samanhengen understrekast: Efesarane 2,10: For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei. Det er ikkje slik at vi skal gå og leite etter kva Gud vil for oss. Vi skal heller ikkje prøve å tenke det ut sjølv. Gud har allereie en veg for oss kvar enkelt. På same måte må vi tru at Gud har ein plan for kvart enkelt lag vi er med i. Gud har gode gjerningar klare for oss, han veit korleis laget på best mogleg måte kan fungere. Han har planar for dei som går der, og planar for korleis laget skal leggast opp. Når Gud så tydleg sei at han har planar for laga våre må me ta oss tid til å be han om å vise oss dei. For ein ting er sikkert: Hans planar er uendeleg mykje større og betre enn våre menneskelege tankar! Efesarane 3,20: Han som verkar i oss med all si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar.

Det Gud ynskjer for våre lag, og har planar for i våre lag er ofte så stort at me som menneske ikkje kan kome det av oss sjølv. Vi treng ein Guddommeleg fantasi, eller inspirasjon, og dette får vi oftast når vi vender oss til Gud. Guds planar kan forandre liv, det kan ikkje våre. Difor er me avhengig av å gjere det som Gud vil om arbeidet vårt skal bere frukt. Konkret kva dette vil sei går vi inn på i neste undervisningstime. Ansvarsfordeling Eit siste punkt som kan vere greitt å nemne er ansvarsfordelinga mellom Gud og menneske. 1. Korinterbrev 3,5-9: Hva er vel Apollos? Og hva er Paulus? Tjenere som hjalp dere til tro! Begge gjorde vi det Herren hadde satt oss til. Jeg plantet, Apollos vannet, men Gud ga vekst. Derfor er de ikke noe, verken den som planter, eller den som vanner. Bare Gud er noe, han som gir vekst. Den som planter og den som vanner, er ett, men de skal få lønn hver etter sitt eget arbeid. For vi er Guds medarbeidere, og dere er Guds åkerland, Guds bygning. Det er Jesus som skal bygge opp arbeidet me står i. Sjølv om vi skal be Gud om visdom, skal vi aldri sjølv ta ansvaret for det som skjer i hjarto til menneska. Gud er byggmeister og hovudansvarleg. Det betyr at han skal kalle på dei som kjem på bedehuset, og skape ei tru i desse gjennom at Ordet vert forkynt. Gud er hovudansvarleg, og me er Medarbeidarane hans. Vår oppgåve er å plante og vatne. Utfordringa er at det er mange måtar å gjere dette på, både effektive og ueffektive. Difor må me be Gud hjelpe oss å effektivisere:) Avslutning Som kristne må ein stole på at Guds løfter er sanne. På same måte som me trur at vi er frelst i frå vår synd når me tar i mot Jesus, på same måte skal vi tru at Jesus heldt dei andre løfta han har gjeve oss i Bibelen. Det er ofte lett og sjølvsagt for ein kristen å tru på det første, men vanskelegare å tru på løfta Gud har gitt oss for livet her på jorda, og dei kvardagssituasjonane me kjem opp i. Det er ikkje logisk for vår menneskelege tankegang å gjere det Gud sei, det er berre logisk gjennom Den Heilage Ande si overtyding som vi får når vi tar i mot Jesus. Vi hadde ikkje vore i tvil om å gå på Guds Ord om vi hadde forstått kven Gud eigentleg er. Vår smålige menneskelege tankegang vil ofte ta saken i eigne hender, og så trur me at det er tryggast. Stolar me på Gud i dette skal vi få ALT det andre i tillegg: Vi vil få sjå at menneske tar i mot Jesus og blir frelst! Notat --> Kanskje nokon synes at denne teksten gjentar seg sjølv mange gongar. Utfordringa med dette temaet er at mange tenker med ein gong: Dette har eg høyrt før, dette får eg ikkje til, og så distanserar dei seg frå den som underviser. På grunn av dette har eg valt å bruke litt god tid på å understreke viktigheita av å søke Gud først, og dermed prøvd å belyse det frå ulike vinklar. Kvar enkelt som undervisar må sjølvsagt gjere det på den måten dei sjølv finn det for godt.

1 Sitat henta frå boka Bare gi meg Jesus av Anne Graham Lotz, Hermon Forlag, 2003. 2 Sitat henta frå boka Bare gi meg Jesus av Anne Graham Lotz, Hermon Forlag, 2003. 3 Jan Rettedal: Som en av oss enkle skisser av mannen som forandret verden, Sambåndet Forlag, 2008.