ABONNEMENTSVILKÅR FOR TUSSA TELEFONI Generelle abonnementsvilkår - Bedrift

Like dokumenter
Abonnementsvilkår for Tussa Telefoni

AVTALEVILKÅR FOR TUSSAFIBER

AVTALEVILKÅR FOR TUSSA BREIBAND Generelle abonnementsvilkår - Bedrift

Abonnementsvilkår for Bedrift

Abonnementsvilkår for Rauma Energi Bredbånd

ABONNEMENTSVILKÅR. 1.1 Gyldighetsområde De her angitte vilkår regulerer kundens tilgang til og bruk av kabel-tv levert av Alpin Infra AS.

Abonnementsvilkår for Tussa Breiband

Vilkår Abonnementsvilkåra må vere lesne og godtekne FØR bestilling av tenestene våre.

Webhotell, e-post og webløysing vilkår

Abonnementsvilkår for Private kunder av REB

Kjøp av sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet

1 Generelt. 2. Angrerett. 3 Tenestane. Abonnements vilkår:

ELLERS FØLG DRIFTSMELDINGER PÅ VÅRE NETTSIDER KTECH AS STILLER MED VAKTTELEFON FRA HVERDAGER OG

VESTNES KOMMUNE RAMMEAVTALE KONKURRANSEGRUNNLAG DEL 2. Bedriftshelseteneste

KONTRAKT OM BEDRIFTSHELSETENESTE MELLOM VÅGSØY KOMMUNE OG

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

RAMMEAVTALE KJØP AV TOLKETENESTER. Vedlegg 9. mellom. .. KOMMUNE og. Avtalen er underteikna i to eksemplar, der kvar av partane får eitt eksemplar.

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fast eiendom «som den er»

Avtalevilkår for Egoria Televakt

Forbrukerrådets husleiekontrakt

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Føretak: (heretter kalla mottakaren) Telefonnummer: Postnummer: Poststad: Organisasjonsnummer: E-postadresse:

Forskrift om vass- og avlaupsgebyr i Fræna kommune

Formidling av kontraktsposisjonar

I brev med varsel om pålegg av fekk de frist til for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk.

GENERELLE VILKÅR FOR TENESTEKJØP

KUNDEAVTALE 1. OM HELSENETTET 2. OM AVTALEN 3. AVTALENS VARIGHET 4. PARTENES RETTIGHETER OG PLIKTER

1. Definisjonar og omfang 1.1 Kunden blir kalla Abonnenten, Get blir kalla Leverandøren og Tussa IKT blir kalla Distributøren.

ALMINNELIGE VILKÅR FOR POWERTECH INFORMATION SYSTEMS AS xdsl - PRIVATABONNEMENT (Gyldig f.o.m )

Generelle vilkår for kjøp av varer - enkel

Kontrakt. Orienteringsdesign. Kontrakten gjeld: Kontrakt mellom: SKYSS (heretter kalla oppdragsgjevar) (heretter kalla leverandør) Bergen den.

VASS- OG AVLØPSAVGIFTER

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

FORSKRIFT OM VASS- OG AVLAUPSGEBYR I GULEN KOMMUNE

E-post hosting betingelser

Avtale og abonnementsvilkår for bredbåndstjenester fra Agder Breiband AS

Generelle avtalevilkår for AYR AS

. Vår dato Vår referanse Austevoll Kraftlag BA Revisjon

ANBOD SKOGRYDDING BAKNESET, VIKEBUKT

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

FORSKRIFT OM VASS- OG AVLØPSGEBYR I LEIKANGER KOMMUNE

Verjesamling - for faste verjer og andre som har fleire oppdrag som verje i Sogn og Fjordane

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Arbeidsreglement Sund kommune

FORSKRIFT OM VATN- OG AVLØPSGEBYR

Generelle vilkår for tjenester fra BKK Marked AS

Postens generelle leveringsvilkår Standardvilkår for dei leveringspliktige tenestene

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

PERSONALHANDBOKA ARBEIDSREGLEMENT FOR FØRDE KOMMUNE

Rammeavtale. Om levering av entreprenørtenester. mellom Lindås kommune og. [Lindås kommune sin representant]

Avtale om refusjon av meirverdiavgift mellom Kvinnherad Kommune og Neslia Øvre AS. Knytt til byggefeltet Neslia Øvre Gnr. 84 Bnr.

Avtale bygget på Annonsørforeningens anbefalte avtalebestemmelser mellom kunde og reklamebyrå. Rammeavtale om kjøp av reklamebyråtjenester mellom

Abonnementsvilkår. Abonnementsvilkår Sognenett AS, gjeld frå Omfang

Vest-Agder fylkeskommune

STATSBYGGS KONTRAKTSBESTEMMELSER FOR VINTERVEDLIKEHOLD

Generelle avtalevilkår for levering av kommunikasjonstjenester fra Voiplink AS, organisasjonsnummer , Klostergaten 6, 1532 Moss.

FORSKRIFT OM VASS- OG AVLAUPSGEBYR I MELAND KOMMUNE

Konkurransegrunnlag Del C utkast til kontrakt for levering av tjenester. AVTALE OM LEVERING AV Rammeavtale for klarspråksarbeid.

STANDARD KRAFTLEVERINGSAVTALE - PRIVATKUNDAR 1 Allmenne VILKÅR

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

FORSLAG TIL KONTRAKT. Granvin herad. Vedlegg 4.

LEIEKONTRAKT FOR BASESTASJON

Kontrakt for levering av brød og bakervarer Rammeavtale Sak 2011/1417

BARNEVERNET. Til beste for barnet

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

FORSKRIFT OM VASS- OG AVLØPSGEBYR FOR ASKVOLL KOMMUNE

10/60-14/N-211//AMS

ABONNEMENTSVILKÅR MYNET INTERNETT (gjeldene fra august 2015)

Alminnelige Vilkår for tjenester Gjelder f.o.m

Standard salgsbetingelser for forbrukerkjøp av varer over Internett

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

Nye regler om farskap og morskap

Hordaland fylkeskommune 5020 BERGEN. har blitt samde om vilkåra i denne kontrakten om levering av: Drift og vedlikehald av billettautomatar

Utkast til forskrift om auke av maksimalt tillaten biomasse for løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

Avtale og abonnementsvilkår for bredbåndstjenester fra Agder Breiband AS

LEIGEAVTALE. Voss krisesenter skal nytta bustaden som krisesenter fram til xx.xx.201x

VIKTIG: HOLD AVSTAND FRÅ KLIPPEMASKIN, DET KAN SPRUTA KVIST OG ANNA UT FRA KLIPPEAGGREGATET.

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR EID KOMMUNE

AVTALE OM REVISJONSTENESTER

Avtale om Bake- og konditorvarer

Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINE FOR TENESTETELEFON

FORSLAG TIL KONTRAKT. Eidfjord kommune. Vedlegg 4.

(gjeldende fra 1. August 2013)

Reguleringsplan for Bergebakkane

VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL.

RAMMEAVTALE LEASING OG KJØP AV BILER

MAL /VEGVISAR FORRETNINGSPLAN FOR ETABLERARAR Sjå også Bedin Bedriftsinformasjon sitt oppsett og omtale av forretningsplan

Rammeavtale Trykking av plakater, kart, hefter og foldere

Vass- og avløpsavgifter

Det er sett krav til støvreduserande tiltak og rapportering kvar månad.

Konkurransegrunnlag Del C utkast til kontrakt for levering av tjenester

Vedlikeholdsavtalen Avtale om vedlikehold og service

RAMMEAVTALE NR. Denne rammeavtalen er inngått mellom: xx kommune.... heretter kalla leverandøren

1 Generelle vilkår for SIM sine tilbodskonkurransar

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver.

Transkript:

ABONNEMENTSVILKÅR FOR TUSSA TELEFONI Generelle abonnementsvilkår - Bedrift 1. Generelt 1.1 Gjeld for Desse alminnelege vilkåra regulerer kunden (heretter kalla Kunden ) sin tilgang til og bruk av tenester og tilleggstenester levert av Tussa IKT AS (heretter kalla Leverandøren ) eller formidla av Leverandøren. Med Tenester er det i følgjande tekst meint Telefoni-trafikk, samt tilleggsprodukt levert av Leverandøren eller Leverandøren sine samarbeidspartnarar. Tilknyting til Telefoni vert berre levert dersom det er teknisk mogleg å levere til abonnenten. Dersom Leverandøren ikkje kan levere bestilt produkt er bestillinga å sjå på som kansellert. Leverandøren er ikkje ansvarleg dersom leveringa vert forseinka eller utelaten som følgje av at Kunden ikkje har fått levert Internett. Dersom det av tekniske årsaker ikkje er mogeleg å levere Telefoni til Kunden, betalar ikkje Kunden noko for forsøket med mindre anna er avtalt. 1.2 Bestilling av tenester. Bestilling av Tenester via web, skriftleg eller munnleg, er å sjå på som ein aksept av desse vilkåra. Dersom ein kunde tek i bruk Tenester utan at det er inngått nokon verkeleg avtale, vert det å sjå på som at vedkomande har akseptert desse vilkåra. Er brukaren av tenesta under 18 år, er den pårørande som har signert kontrakten å sjå på som Kunde. Med mindre anna er særskilt avtalt, er det ein føresetnad at Kunden er à jour med betaling av andre tenester frå Leverandør eller Tussakonsernet. 1.3 Partar. Alle bedrifter med gyldig organisasjonsnummer i Noreg og med fiber eller telefonlinje som er tilknytt sentralar som har ein kvalitet og kapasitet som tilfredsstiller krava til installering kan i utgangspunktet abonnere på Tenestene. Abonnenteining som blir leigt i samsvar med desse vilkåra er berre tillate brukt på Kunden si adresse. Kunden har ikkje lov å vidareselje eller vidareformidle leverte tenester til tredjepart. 1.4 Levering av Tenester. Det vil bli gjort vanleg kredittvurdering av abonnentane. Leverandøren har rett til å avslå leveranse av ei eller fleire Tenester utan vidare grunngjeving. 2. Tenestene 2.1 Innhald. Leverandøren gir Kunden ei Telefoniteneste via internettet og eventuelt ein IP-ruter. Kunden er sjølv ansvarleg for at han har eit fungerande offentleg eller privat breibandssamband slik at terminalutstyret kan nyttast ved hjelp av standard Internett-protokollar. Telefonitenesta er normalt tilgjengeleg heile døgnet, men det kan skje driftsforstyrringar. Alt utstyr utlevert av Leverandøren, under dette IP-ruter og adapter er, om anna ikkje er avtalt, Leverandøren sin eigedom, og må returnerast av Kunden for eiga rekning ved endt kontrakt eller når Leverandøren ber om å få utstyret i retur, uavhengig av årsak. Kunden er sjølv ansvarleg for eige straumabonnement. Tenestene, under dette Telefoni, krev straum for å fungere. Kunden er sjølv ansvarleg for eventuelt tilleggsutstyr i eige lokalt nett som er nødvendig for å nytte Tenestene. Kunden er ansvarleg for oppkopling og installasjon av terminalutstyret. Telefonitenesta vert levert så godt som mogeleg. Leverandøren er ikkje ansvarleg for tapt arbeidsforteneste eller andre tap eller kostnader, dersom Tenesta ikkje er operativ. Skuldast feil urett bruk eller aktløyse frå Kunden si side eller nokon han svarar for, eller skuldast feil ytre påverknader, må Kunden sjølv koste feilsøking og reparasjon. Reparasjon av utstyr må berre utførast av Leverandøren, eller av ein reparatør som Leverandøren fastset. Tenestene vert leverte til nettermineringspunktet (NTP). NTP vert definert som overgangen mellom netteigar sitt nett og privat nett. Dersom det interne telefonnettet er eigd av ein privat leverandør må Kunden sjølv få den private leverandøren til å kople breibandslinje vidare inn til ønskt stad. NTP kan vere plassert utanfor eller direkte etter gjennomslag i mur/vegg til bygget der breibandstilgang er bestilt (Grunnmursprinsippet). Intern kabling og modifikasjon av telefonuttaket som måtte vere nødvendig for å levere Tenestene er Kunden sitt eige ansvar. Om Kunden ønskjer framføring av nye kablar og kontaktar må Kunden betale tillegg for dette, utover etableringsprisen frå Leverandøren, i samsvar med Leverandøren eller underleverandøren sine gjeldande prisar for dette.

Leverandøren er ikkje ansvarleg for avbrot som skuldast tilhøve som Leverandøren ikkje er ansvarleg for, t.d. breibandssamband hos andre operatørar, Kunden sitt eige utstyr, arbeidskonflikt, offentlege reguleringar, krig, brann, straumbrot eller anna force majeure. Det kan ikkje garanterast for at tenester som modem, faks og alarmar vil virke som for vanleg fasttelefoni. Ta kontakt med leverandøren dykkar for aktuell teneste for å få opplyst grensesnitt og bruksområde. 2.2 Nummerportering. Ved å inngå denne Avtalen og å krysse av for å behalde eksisterande nummer gir Kunden Leverandøren fullmakt til å bestille overføring av telefonnummer frå noverande leverandør, innhente nødvendig informasjon frå noverande leverandør og til å avbestille eventuelle tenester som er til hinder for overføring av nummer (såkalla nummerportering). Kunden er sjølv ansvarleg for å seie opp eventuelle andre nummer og/eller tenester han ikkje skal ha før nummerportering vert bestilt av Kunden. Kunden er også ansvarleg for å gje opp korrekt informasjon slik at overføring av nummer kan gjennomførast korrekt. Leverandøren er ikkje ansvarleg for feil eller manglar som oppstår som følgje av mangelfull eller feil informasjon frå kunden eller andre leverandørar eller som følgje av tilhøve som høyrer inn under andre partar sitt ansvar. Kunden skal ikkje sjølv seie opp abonnementet sitt hos noverande leverandør. Dette skal gjerast av noverande leverandør når han mottek bestilling av nummerportering frå Leverandøren i samsvar med dei reglar som gjeld for dette i Noreg. Dersom Kunden vel nye telefonnummer frå Leverandøren må Kunden sjølv seie opp det gamle abonnementet sitt hos noverande leverandør. Dersom overføring av nummer ikkje kan gjennomførast innan normal tid har Kunden, uavhengig av årsak, ingen rett til kompensasjon ut over prisen for overføring. 2.3 Levering. Tenestene skal leverast innan rimeleg tid etter kjøpet, men er avhengig av at internetttenesta er levert, dersom ikkje anna er avtalt. Kunden vil få oppgitt ei forventa leveringstid. Dersom levering ikkje har funne stad innan rimeleg tid etter leveringsdato, er leveringa forseinka. Ved ei vesentleg forseinking av forventa leveringsdato kan Kunden heve kjøpet, jf. vilkåra punkt 10.3. Kunden skal gje melding om heving av kjøpet innan rimeleg tid etter at ei forseinking har oppstått. 2.4 Kunden sin bruk av Tenestene. Kunden er ansvarleg for all bruk av Tenester knytt til eige abonnement og pliktar å sørgje for at uvedkomande verken elektronisk eller fysisk nyttar Kunden sitt abonnement til urettkome bruk av Tenester levert av Leverandøren. Tenestene kan ikkje seljast vidare. Kunden er sjølv ansvarleg for at tenesta ikkje vert teken med ut frå den faste adressa der nummeret er registrert. Dersom det vert gjort, medfører det at naudsentralen (110, 112 og 113) har feil informasjon om adressa det blir ringt frå. 2.5 Endeutstyr. For å sikre ei optimal oppetid på Tenesta, vil Leverandøren krevje at Kunden har internettaksess frå Leverandøren og at kunden dermed har aksessutstyr som tek høgde for NATfunksjon og handtering av taleprotokollar. 3. Prisar Pris på Tenestene går fram av Leverandøren si til ei kvar tid gjeldande prisliste. Prisane er tilgjengelege på www.tussa.no. Leverandøren har rett til å regulere pris for Tenestene med varsel 1 månad på førehand. Faktura, eller særskilt melding pr. e-post, med opplysning om ny pris for Tenestene gjeld som skriftleg varsel om prisendring. Kunden sin bruk av Tenestene etter at prisendringa er tredd i kraft, er å sjå på som aksept av ny pris. Dersom Kunden ikkje godtek den nye prisen, har Kunden rett til å seie opp Avtalen med direkte verknad ved å returnere motteke utstyr til Leverandøren. 3.1 Tilleggstenester. Prisar på tilleggstenester følgjer av eigne prislister og eventuelt eigne vilkår. Eventuelt tilleggsutstyr utlånt i samband med tilleggstenester er Leverandøren sin eigedom, og må returnerast av Kunden for eiga rekning ved endt kontrakt eller når Leverandøren ber om å få ruteren i retur, uavhengig av årsak. 4. Fakturering Etableringspris vert fakturert saman med første fakturering av abonnement. Kundar vert fakturerte forskotsvis for faste avgifter. Ulike terminar kan avtalast i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande

terminar, likevel alltid forskotsvis. Første faktura vil såleis dekkje etablering og abonnement frå tilknytingstidspunktet og fram til og med første heile termin etter fakturaforfall. Abonnementet vert fakturert frå den datoen Tenestene er gjort tilgjengelege for Kunden. Tilleggstenester kan fakturerast både frå Leverandøren og Leverandøren sine samarbeidspartnarar og kan ha eigne faktureringsrutinar. Forbruk vert fakturert månadleg etterskotsvis. Etterfakturering/avrekning kan bli gjort. 5. Betalingsplikt for kunden Den som er registrert som Kunde hos Leverandøren, er ansvarleg for betaling av Tenestene som Leverandøren eller Leverandøren sine samarbeidspartnarar leverer i samsvar med gjeldande vilkår. Ansvaret omfattar også andre sin bruk av Tenestene, under dette uvedkomande sin bruk, dersom det ikkje kan påvisast at uvedkomande sin bruk er gjort mogeleg gjennom aktløyse frå Leverandøren si side. Betalingsplikt gjeld sjølv om levering er heilt eller delvis stengt i medhald av punkt 12.3. 6. Varsel og endringar 6.1 Endringar frå Kunden si side 6.1.1 Varsel. Endringar som har betyding for abonnementet skal om mogleg meldast til Leverandøren 6 veker før endringa trer i kraft. 6.1.2 Flytting. Kunden kan ta med seg abonnementet dersom Kunden flyttar til ei bygning med fibertilknyting eller er tilknytt sentral med xdsl og ei linje med kvalitet og kapasitet som tilfredsstiller krava til levering av Tenestene. Kunden må då betale ein flyttepris etter gjeldande prisliste. Dersom abonnementet ikkje vert flytta til Kunden si nye adresse og abonnementet ikkje vert overdrege, sjå eige punkt 8, må abonnementet seiast opp i samsvar med punkt 7 nedanfor. 6.2 Endringar frå Leverandøren si side 6.2.1 Varslingsfristar. Vesentlege driftsforstyrringar som Leverandøren kan sjå på førehand eller kontrollere, oppseiing i samsvar med vilkåra punkt 7.2, overdraging av kontraktsposisjon i medhald av vilkåra punkt 8, endringar av vilkåra som ikkje er til Kunden sin fordel, auke i prisane, samt stenging i medhald av vilkåra punkt 12.3, vil bli varsla av Leverandøren minst ei veke på førehand. Også andre tilhøve ved Tenestene som vedkjem Kunden vil bli prøvd varsla i rimeleg tid. Leverandøren kan likevel unnlate å varsle eller gje kortare varsel, dersom offentleg rettslege reglar eller omsynet til andre Kundar hindrar Leverandøren frå å varsle minst ei veke på førehand. 6.2.2 Varslingsmåte. Varsel vert sendt til Kunden si registrerte e-postadresse med mindre anna er avtalt. Varsel om stenging kan også sendast saman med faktura eller brev til Kunden. 6.2.3 Kunden er ansvarleg for tap og skadar på Abonnenteininga så lenge ho er i hans eige, og skal utan opphald varsle Leverandør dersom tap eller skade skjer. Skade på Abonnenteininga som er knytt til brann, lynnedslag, vasslekkasjar, flaum og liknande, er Kunden ansvarleg for. Dersom Kunden må ha ny Abonnenteining som følgje av dette, blir det fakturert gebyr i samsvar med gjeldande prisliste. Kunden skal ha forsikring som dekkjer eit mogleg ansvar for utstyret. 7. Oppseiing 7.1 Oppseiing frå kunden. Kunden kan seie opp Avtalen med skriftleg varsel 1 månad på førehand rekna frå utløpet av den månaden oppseiinga vert meldt til Leverandøren. Leverandøren har rett til å seie opp Avtalen med direkte verknad, eller mellombels stengje for tenester, dersom Kunden opptrer i strid med gjeldande offentleg rettslege reglar for teletenester, eller misbrukar Tenestene, under dette nyttar Tenestene til sjikane. Det same gjeld dersom Kunden sitt utstyr gir forstyrringar i Leverandøren sitt nett. Ved oppseiing er Kunden ansvarleg for å levere tilbake alt telefoniutstyr motteke frå Leverandøren. Ved tilbakelevering av utstyr skal dette vere i slik stand det var i ved levering. Det vert ikkje gitt refusjon av etableringsbeløp eller abonnement ved oppseiing eller stenging. 7.2 Oppseiing frå Leverandøren. Oppseiing av ei eller fleire Tenester, under dette som følgje av at Leverandøren avsluttar levering av gjeldande Teneste, vert varsla i samsvar med punkt 6.2.

8. Overdraging Avtalen mellom Leverandøren og Kunden kan ikkje overdragast utan etter skriftleg samtykke frå Leverandøren. Leverandøren kan overdra heile eller delar av rettane sine etter denne Avtalen. 9. Feil eller manglar ved produktet 9.1 Reklamasjon. Før feil vert melde til Leverandøren, bør Kunden undersøkje om feilen skuldast tilhøve på kunden si side. Dersom Kunden kan godtgjere at produktet ikkje fungerer slik Leverandøren har gjort greie for at det skal gjere, må Kunden melde dette til Leverandøren slik at Leverandøren kan setje i verk tiltak for hjelp, sjå neste punkt. Kunden misser retten sin til å gjere ein mangel gjeldande dersom han ikkje gir Leverandøren melding innan rimeleg tid etter at han oppdaga eller burde ha oppdaga mangelen. 9.2 Avhjelp. Leverandøren skal snarast råd etter å ha blitt kjent med ein mangel ved produktet levert av Leverandøren, setje i verk tiltak for å rette på mangelen. Dersom Kunden på eige initiativ set i verk tiltak for å utbetre mangelen ut over det som måtte vere avtalt med Leverandøren, betalar ikkje Leverandøren desse utgiftene. 9.3 Heving. Kunden kan med direkte verknad heve avtalen ved vesentleg misleghald frå Leverandøren si side. 10. Bruksrestriksjonar Leverandøren har rett til å setje i verk tiltak som kan medføre avbrot, forstyrringar eller endringar i Tenestene som er å sjå på som nødvendige av tekniske, sikkerheits-, vedlikehalds- eller drifts-årsaker. Leverandøren er utan ansvar for kostnader eller tap som Kunden måtte bli påført som følgje av slike tiltak. Leverandøren vil gjere det han kan for å varsle om slike tiltak i god tid og gjere sitt beste for at ulempene for den enkelte kunde blir minst mogleg. Om det av omsyn til grunnleggjande krav etter Ekomlova 2-5 er nødvendig (liv, helse, nettintegritet m.m.), kan bruksavgrensinga gjennomførast utan førehandsvarsling, men slik at Kunden vert varsla omgåande etterpå. Leverandøren nyttar Kunden si datalinje for levering av teletenester. Dersom det oppstår avbrot og forstyrringar på Kunden sin breibandstilgang til Internett, vil dette også automatisk føre til avbrot og forstyrringar på Leverandøren sine telefonitenester. Leverandøren er utan ansvar for driftsforstyrringar hos Kunden sin breibandsleverandør som ligg utanfor Leverandøren sin eigen infrastruktur. I naudsituasjonar, under dette force majeure, alvorlege truslar mot helse, tryggleik og/eller miljø, naturkatastrofar, krig eller krigsliknande tilstandar, omfattande streikar og lockout, og alvorleg fare for sabotasje mot nett og tenester, har Leverandøren rett til å gjennomføre avbrot eller avgrensingar i Tenestene, samt å avskjere tilgangen til Tenestene for nye kundar. Leverandøren er utan ansvar for alle tap, direkte eller indirekte, som Kunden måtte verte påført som følgje av nemnde tiltak. Dersom gjennomføring av vesentlege delar av avtalen er forhindra utover tre månader på bakgrunn av omstende som nemnt ovanfor, har kvar av Partane rett til å seie opp avtalen med direkte verknad. 11. Handsaming av opplysningar 11.1 Innhenting og bruk av opplysningar. Ved bestilling av abonnement vil dei opplysningar som Kunden gir, bli lagra i Leverandøren sin kundebase. Det kan også bli innhenta kredittvurdering av Kunden, jf. vilkåra punkt 1.4. Opplysningane vert lagra til bruk ved levering av Tenestene, varsling i samsvar med vilkåra punkt 6.2 og fakturering. Opplysningane vil ikkje bli brukt til marknadsføring eller utlevert til andre med mindre Leverandøren er rettsleg forplikta til dette. Kunden har på førespurnad rett til innsyn og kan krevje urette eller ufullstendige opplysningar retta. 11.2 Teieplikt. Leverandøren og dei tilsette hos Leverandøren pliktar å teie om opplysningar rundt kunden sin bruk av produktet og om innhaldet i Kunden sin kommunikasjon på nettet. Slike opplysningar kan likevel utleverast med Kunden sitt samtykke, eller gjevast til domstolane, påtalestyresmaktene eller andre offentlege styresmakter når Leverandøren er rettsleg forplikta til å utlevere slik informasjon.

12. Kunden sitt misleghald m.m. 12.1 Betalingsmisleghald frå kunden. Ved betalingsmisleghald vil Leverandøren sende inkassovarsel i samsvar med gjeldande lovgjeving. Kunden vil verte belasta med forseinkingsrente etter lov om rente ved forseinka betaling og purregebyr slik dette går fram av Leverandøren si til kvar tid gjeldande prisliste. Tenester som føreset kreditt vil ikkje kunne bli pårekna levert før gjelda er betalt eller på anna måte fell bort. 12.2 Erstatning. Dersom utstyr tilhøyrande Leverandøren går tapt eller vert skadd medan utstyret er hos Kunden, er Kunden objektivt ansvarleg. Ved tap eller uoppretteleg skade, er Kunden erstatningspliktig med ein sum i samsvar med prisliste. 12.3 Stenging. Leverandøren kan stengje Kunden sin tilgang til Tenestene heilt eller delvis dersom Kunden mislegheld sine plikter etter abonnementsavtalen, under dette ved ikkje å betale i samsvar med faktura sendt frå Leverandøren eller Leverandøren sine samarbeidspartnarar. Tilsvarande stenging kan setjast i verk av Leverandøren om det ligg føre misleghald som omtalt i bokstav b til d nedanfor i vilkåra punkt 12.4 eller om Kunden utøver aktivitetar, under dette spamming, distribusjon av uønskt innhald, innbrot og forsøk på innbrot, som kan forringe tenestekvaliteten for andre brukarar. Før stenging kan Kunden bli informert av Leverandøren. Dersom eit stengt samband vert gjenopna, vil det i tillegg kome eit gjenopningsgebyr ifølgje prisliste. 12.4 Heving. Leverandøren kan med direkte verknad heve avtalen og krevje ruteren utlevert ved vesentleg misleghald frå Kunden si side. Vesentleg misleghald kan til dømes liggje føre dersom Kunden; a. ikkje betalar etter purring, b. nyttar utstyr som ikkje er typegodkjent, c. nyttar Tenestene i strid med offentleg rettslege reglar, eller d. på annan måte grovt misbrukar Tenestene, under dette ved brot på opphavsrettar. Kunden vert fakturert for ruter som ikkje er levert i retur, ifølgje prisliste. 13. Endring i vilkåra Leverandøren har rett til å endre gjeldande vilkår, under dette som følgje av lover, vedtak og tilrådingar frå offentlege styresmakter. Ved vesentlege endringar i vilkåra har Kunden rett til å seie opp avtalen med direkte verknad og krevje refundert ein høvesvis del av førehandsbetalte avgifter. Endringar av vilkåra vert varsla i samsvar med vilkåra punkt 6.2. 14. Tvistar Tvistar mellom Kunden og Leverandøren skal ein prøve å løyse på fredeleg vis. Dersom ikkje det let seg gjere, kan kvar av partane bringe tvisten inn for dei ordinære domstolane.