MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 5 / Desember 2015
Ullveka 2015 Brita Hekland og Grethe Spurkeland jobbar intenst med å få ferdig trøya til Hege-Terese Nilsen Annemor Sundbø fortel om sjoddyfabrikken og innsamling av gamle ullplagg 2 Øyvind Myhr og Hege-Terese Nilsen med nesten ferdig trøye.
Handarbeidstreff 2.nov.2015. Mandag 2.november var det handarbeidstreff i Husflidens hus,i Hillesvågen. Denne kvelden var me så heldige å få besøk av Elisabeth og Kathrine frå Nøstebarn. Dei fortalde om firma frå oppstart og fram til dagens drift. I starten var garn og oppskrifter til bleiebukser og trøyer for baby,strikka av ullgarn med lanolin. Etter kvart kom det fleire og fleire strikkemodellar,både til større born og vaksne.d. Dei gav ut strikkeboka,, Strikk til Nøstebarn,, og i 2014 kom boka,,strikk meir til Nøstebarn,, I tillegg har dei fire mønsterhefte som dei kallar Nøstestrikk. Garnet deira er merinoull og eit som er blanding av ull og silke. Lett og lekkert garn som er godt å strikka av. Oppskriftene er enkle,men med mange fine detaljar. Sjå t.d.bilete av damejakker. Dei hadde med oppskrifter på ein del ferdige modellar som me fekk sjå. Det var høve til å kjøpa garn og mønster. Så når 30 strikkeglade damer hadde funne vegan i Hillesvågen denne kvelden,vart det nokon som fekk seg nytt handarbeid. Så mange takk til Nøstebarn som ville ta turen til Hillesvågen og laga ein triveleg og lærerik kveld for strikkeglade damer. 3
Me ynskjer alle i Nordhordland Husflidslag ei god jul og alt godt i året som kjem. Helsing oss på Husflidstova Jorunn, Annlaug, Anita, Oddny og Irene OBS! Husflidstova har stengt fra 24. des - tom 3. jan 4
5
Innkalling til årsmøtene Årsmøtet i Husflidstova SA og Nordhordland Husflidslag vert halde måndag 8. feb. 2016 kl. 18.00 i Husflidens hus i Hillesvågen. Saker til årsmøtene må være det respektive styret i hende før 18.januar-2016 Saksliste til årsmøtet for Husflidstova SA: 1. Val av møteleiar. 2. Godkjenning av møteinnkalling. 3. Val av 2 referentar, 2 til å skriva under protokollen, 2 til teljekorps. 4. Godkjenning av årsmelding. 5. Godkjenning av årsrekneskap (dersom ferdig). 6. Innkomne saker 7. Val Saksliste til årsmøtet for Nordhordland Husflidslag: 1. Val av møteleiar. 2. Godkjenning av møteinnkalling. 3. Val av 2 referentar, 2 til å skriva under protokollen, 2 til teljekorps. 4. Godkjenning av årsmelding for laget, bunadsnemnda og broderinemnda. 5. Godkjenning av årsrekneskap for laget, bunadsnemnda og broderinemnda. 6. Forslag til årsplan for laget, bunadsnemnda og broderinemnda. 7. Innkomne saker 8. Val Enkel servering Vel møtt. Med helsing Arild Hagenes 6
Julemessa 2015 Laurdag 7. november var det klart for årets julemesse i Knarvik. Vel 30 utstillarar var klare til å ta imot publikum og i alt var det vel 300 vaksne innom samt ein god del born. Utstillarane hadde tilbod innan tekstil, strikk, toving,trearbeid, glasarbeid, tauverk og heimelaga kaker, saft og syltetøy med meir. MAKS på Meland stod for sal av kaffi med noko attåt. Vi registrerte fleire som etterlyste dei kjente stompekakene til Husflidslaget, men dei må nok møte opp på Torgdagen eller på laurdagskafeen i Hillesvåg. Aktivitetar for born I år var det Aud Marit som hadde ansvar for desse. Ho hadde rigga seg under trappa utanfor kafeen, og dei som yngste det fekk prøva å karde ull og/eller lage fine band med slyngstokkar. Det var eit jamt sig av ungar heile dagen og det kan tyde godt for rekruttering til Ung Husflid. Her er det Annika, 9 år frå Alversund saman med Helle på 8 år frå Hordvik som får prøve seg. Helle har prøvd ein gong før i Salhus. Å lage band med slyngstokkar var og populært i alle aldersklassar. Her det Sofie som går i 5. klasse på Alversund skule som prøver seg. Ho har besøk av Lina frå Lillestrøm som følgjer ivrig med. 7
Liv Knutsen var på plassmed sine fine juledekorasjonar. Ho lagar alt sjølv, men får hjelp av mannen til trearbeidet. Ho syr og stikkar i ull til nissane og. Det var mogleg å få kjøpt kunstglas på messa. Gro Kaland frå Fonnes er ofte med mor si Eldbjørg Kaland på messer og syner her litt av utvalet dei hadde. 8
Arnlaug Hofland har vore medlem i Husflidslaget sidan 80- talet. Ho meistrar mange handarbeidsteknikkar. Dei siste åra har ho sydd og stikka dokkeklede samt hekla og laga ulike dekorasjonar. Eli Johanne Berg er tekstil -handverkar. Ho lagar tekstilbilde, driv med nålefilting og hadde mykje fint å vise fram. 9
Kurs Kursleiar Timar Start Stad Pris Roggeband Vevkurs/Flatvev Pilfletting Skinnfell Sykurs/toalettveske Randi Nedreås 94857321/4813586 12 Aud Marit Halland 56373278 48 Lise Dyrhovden 56367257 14 Kjersti Børilden 993 61 071 34 Rita Gjerde 41234761 12 25. jan og 3. feb 14. jan Helg 19.-20.feb 4. til 9. mars Hillesvåg Kr 800 Dale Grendahus Kr 2.600 Hillesvåg Kr 900 Hillesvåg Kr 1.900 Helg 9. og 10. april Hillesvåg Kr 800 Herrebunad Nordhordlandsbunad Airin Espelid 456 65 990 48 Dag/kveld 13. jan Falkanger Kr 2.600 Strikkekurs og heklekurs Ingrid Hopland 95887296 16 10. feb Hillesvåg Kr 1.000 Spinnekurs Vigdis Valde 977 40 380 11 Helg 11.-13 mars Hillesvåg Kr 750 Tauverk Lefsekurs Billedvev Plantefarging for viderekommende Kaspar Hansen 56178108 15 Arild Hagenes 990 34 535 Anette D. Stene 91761332 Magnhild Rønhovd 947 80 147. Materialutgiftar kjem i tillegg til kursavgifta. Medlemmar i Nordhordland Husflidslag får 10% rabatt på kursavgifta. Påmelding på http://www.husflid.no/lokallag/hordaland eller på epost: nordhordland.husflidslag@outlook.com eller på telefon til Gina Blomberg, tlf. 982 22 833. Andre spørsmål/ynskjer/forslag ta kontakt med studieleiar Kirsti Abbedissen, tlf. 481 35 865 10 16 1. mars Flatøy Kr 950 Helg 12.-13.mar 30 12. jan 22 22. jun 29.,30. og 31. aug Manger Kr 1.000 Knarvik ungd.skul Kr 1.700 Hillesvåg Kr 1.300
Julemøte i Husflidens Hus, 7 Desember. Dette var siste samling før jul, og då hadde me invitert blomsterdekoratør Ingvill Marie Svenheim frå Blomsterverkstaden på Radøy til å visa oss korleis me lagar julekrans/ dørkrans. På bilete ser de nokre fornøgde damer som har laga fine kransar. Ingvill hadde teke med seg alt me trong for å laga kransar, her kunne me velja i sløyfeband og nissar, ulike typar vintergrønt og mykje anna fin pynt. Me hadde nesten ikkje tid til å eta graut! Me ynskjer alle våre medlemmar ei God Jul og eit Godt Nyttår! 11
DEN ANNSAME Jan-Magnus Bruheim Han har ikkje stund til å stogge og ikkje tid til å sjå Menneske som ham møter, dei ansar han aldri på. Mangt har han å rekkje over. Det gjeld um å fara fort. Mykje var det å gjera. Det auka dess meir han fikk gjort. Så lid det til endes med dagen. Han står der, studd over stav og spør: Kva har livet gjeve og kvar har det vorte av? Slik jaga han gjennom livet utan å få det fatt. Ei glede sprang etter på vegen men nådde han aldri att. Me ynskjer med dette alle våre medlemmer og andre lesarar ein riktig GOD JUL og EIT GODT NYTT ÅR www.husflid.no/nordhordland POST TIL PRIMSTAVEN Husflidstova SA Postboks 49 Telefon: 56 36 07 44 Blombakken 1 post@husflidstova.no 5911 ALVERSUND www.husflidstova.no Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver snill å ta kontakt med oss: Kjersti Haugland, Risnes 74, 5937 Bøvågen. Tlf 97761061, e-post: kjehau1@hfk.no ingrid@eidsnes.org eller arhagene@online.no eller nordhordland.husflidslag@outlook.com Utgjevar: Nordhordland Husflidslag. Returadr.: Arild Hagenes, postboks 42, 5931 Manger 12