NORHEIMSUND 11. 14. JUNI 2015

Like dokumenter
Informasjon PROGRAM NORHEIMSUND JUNI

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

MEDLEMSINFO. august 2009

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

august 2013 NESETDAGANE.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

MØTEBOK Rådsmøte i Hardanger Ungdomsråd. Stad: Norheimsund Industrier. Den Kl Ungdomsrådsleiar Karoline Hauge Stalheim

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

MØTEBOK Rådsmøte i Hardanger Ungdomsråd Stad: Brakanes hotell Ulvik Den Kl

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

No sprett knuppane og sevja stig

Månadsbrev for Rosa september 2014

«Ny Giv» med gjetarhund

Sommartur til Sverige,

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Velkommen til songarstemne i Florø!

Brukarrettleiing E-post lesar

Folkemusikkveka i Kvinnherad oktober

Stemnehandboka for NKSF

SHOWKONSERT. i Eikelandsfjorden samfunnshus Laurdag 9. mars 2013

Teknikk og konsentrasjon viktigast

/

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

STOR FELLES ARBEIDS- MARKNAD OG VARIERT ARBEIDSLIV

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Vi jubilerer med Kristofer Uppdal: «NARREN SYNG» Med John Pål Inderberg og Ragnhild Vannebo, musikk og dikt Ellrun Ystad med tonesette dikt

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Invitasjon til samling i Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap Rosendal august 2008

Brødsbrytelsen - Nattverden

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

Månedsbrev april 2015

Kom skal vi klippe sauen

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Til deg som bur i fosterheim år

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

7. Festivalar. 30 millionar til musikkfestivalar. Knutepunktfestivalane 61 millionar kroner i støtte. 82 Statistisk sentralbyrå

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Onsdag 10. august 18:30-20:30 Fleirbrukshallen ÅIL: Fotball (frå 16 år)

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

TIL DELTAKANDE KORPS:

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Velkomen til Dialogkonferansen september 2010

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Hilde Reitan, Tove Leinslie

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Mandag 20/06. Søndag 26/06. Tirsdag 21/06. Lørdag 25/06. Onsdag 22/06. Fredag 24/06. Torsdag 23/06

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Styremøte og opplegg for styret i Regionalt Forskingsfond Vestlandet

Velkommen til kulturskulen.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Årsmelding for sykkelgruppa i IL Harding 2013

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Ad hoc arbeidsgruppe i Arbeidet resulterte i 3 ulike forslag til ombygging av Storstoga. Det som vart vedtatt fekk førehandsgodkjenning som

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

HardingBaroque KONSERTINFORMASJON. RIKSTaMMVANE. Skulekonsertordninga til Rikskonsertane

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Transkript:

PROGRAM www.hardingtonar.no 1 NORHEIMSUND 11. 14. JUNI 2015

TORSDAG 11. JUNI KL. 18.00 AMFISALEN I NORHEIMSUND SKULE Fleire fargar - ny palett kr. 150,- Familieframsyning FREDAG 12. JUNI KL. 19.30 NORHEIMSUND IDRETTSHALL Opningskonsert kr. 350,- / 300,- Bergen Filharmoniske Orkester Dirigent: Eivind Aadland Solist: Marita Sølberg THON HOTEL SANDVEN Hotellet tilbyr matservering etter opningskonserten LAURDAG 13. JUNI KL. 11.00 TOLOHEIMEN Minnenes melodier Anne Cathrine Eiken, Audun Kayser, Lars Inge Haugen, Øyvind Nyborg (14) og songfuglane. (Den Kulturelle Spaserstokken og Hardingtonar) KL. 14.00 THON HOTEL SANDVEN Wolfgang Plagge kr. 280,- KL. 20.00 NORHEIMSUND IDRETTSHALL Odd Nordstoga m/band kr. 450,- THON HOTEL SANDVEN Festivalkro, etter konserten i Nhs Idrettshall. KL. 22.00 M/F FOLGEFONN, HARDANGER FARTØYVERNSENTER Novgorod kr. 280,- m/ Gabriel Fliflet, Jørgen Sandvik, David Chelsom Vogt og Kristoffer Chelsom Vogt. (Arr: Hardanger Trebåtfestival og Hardanger fartøyvernsenter) SUNDAG 14. JUNI KL. 14.00 KABUSO Minnenes melodier kr. 200,- Anne Cathrine Eiken, Audun Kayser, Lars Inge Haugen, Øyvind Nyborg (14) og songfuglane. (Den Kulturelle Spaserstokken og Hardingtonar) KL. 13.30 ROTUR FRÅ NORHEIMSUND KAI Kyrkjeferd til Vikøy (Arr: Hardanger Trebåtfestival og Hardanger fartøyvernsenter) KL. 15.00 VIKØY KYRKJE Hansakvartetten kr. 150,- KL. 16.00 BORGSTOVA I VIKØY PRESTEGARD Kinck-program ved Einar Økland kr. 150,- (Arr: Hardanger og Voss museum) KL. 18.00 NORHEIMSUND KYRKJE The Brazz Brothers kr. 280,- KL. 20.00 NORHEIMSUND IDRETTSHALL Ivar Medaas Dar kjem dampen kr. 280,- (Arr: Hardingtonar og Hardanger Trebåtfestival) Billettsal for alle konsertane på www.ticketco.no I festivalhelga sel me billettar på festivalkontoret og i døra. www.hardingtonar.no

Hardingtonar 2015 25 og 250! Ja, dette er jubileumstala for både Hardingtonar og Bergen Filharmoniske Orkester. Difor tek me publikum med på ei variert musikalsk reise som markerer dette fellesjubileet med eit stjernelag av utøvarar som er med oss heile helga. Orkesteret kjem denne gongen igjen på fredagsdagskvelden og vil by på storslått musikk. Dirigenten er Eivind Aadland. Her vil me mellom anna få høyra Tveitt-verk og sopranen Marita Sølberg tolka Grieg-songar. Wolfgang Plagge festivalopnaren vår i år, er også ein av utøvarane denne festivalhelga. Me ser fram til å høyra Geirr Tveittkomposisjonar med meir på flygelet som i si tid var i Plagge si eige. Elles kan ein oppleva konsertar av mange slag denne junihelga der mellom anna Odd Nordstoga og Brass Brothers vil gje oss det beste av kunsten sin. Takk til dei økonomiske støttespelarane våre gjennom mange år: Sparebanken Vest, Kvam herad, Norsk kulturråd og Hordaland fylkeskommune. Festivalhotellet Thon Sandven legg til rette for at tilreisande og bygdefolket skal få ei triveleg musikkoppleving i vakre Hardanger. Velkomne til Hardingtonar! Geir Botnen styreleiar Festivalkontor i Galleri Puls (Gamlebanken i Norheimsund) Fredag 12. juni kl. 11-19 Laurdag 13. juni kl. 11-17 Sundag 14. juni kl. 11-17 Telefon: 902 71 405 Kvam herad Norsk Kulturråd STIFTINGA HARDINGTONAR: Styreleiar: Geir Botnen Styremedlemer: Tarjei Flotve, Sigmund Fjellanger, Rolf Brynjulf Bergesen Programnemnd: Geir Botnen, Tarjei Flotve, Rut O. Rasmussen, Anne Cathrine Eiken Marknadsføring: Rolf Brynjulf Bergesen, Solfrid Aksnes Billettsal og vakter: Sigmund Fjellanger, Kristin Kollsgård Børve, Jeanine Heide Teknisk utval: Vidar Sangolt Redaksjon: Solfrid Aksnes Sekretær: Solfrid Aksnes Framside og plakat: Jarle Rosseland

TORSDAG TORSDAG 11. JUNI KL. 18:00 I AMFISALEN, NORHEIMSUND SKULE Fleire fargar ny palett v/ kulturskulen i Kvam Musikalsk leiar: Rut Oppedal Rasmussen Koreograf: Jane Larsen Medhjelparar: Anita Forselius og Arngunn Timenes Bell Musikarar: Ben Milenkovic, Bjørnar Sangolt, Torbjørn Skeie, Rolf Seldal Foto: Knut Markhus 4 For tredje år på rad vartar Kvam kulturskule opp med ei fargerik framsyning der born og ungdom frå Kvam og verda viser kva ein kan få til om ein deler skattane sine med kvarandre, og arbeider mot eit felles mål. Dei viser oss at det slett ikkje er noko problem å kombinere songar på ulike språk, og at same songen kan finnast i mange ulike versjonar. Dei serverer alt frå var solosong til sprudlande forteljingar om uglejakt og sykkelturar. Dei 25 unge utøvarane går alle på skule i Norheimsund og Øystese, men har røtene sine i heile 14 ulike nasjonar. Fleire fargar har opphav i «Fargespill» som vart starta av Sissel Saue og Ole Hamre i Bergen alt i 2004.

FREDAG 12. JUNI FØREMIDDAG I AMFISALEN, NORHEIMSUND SKULE FREDAG Foto: Pressefoto Tubabaluba med Askeladden ein minimusikal For barnehagane og småskulen. Framsyninga vil ha premiere på Hardingtonar. Elisabeth Vannebo: komponist, tubaist og arr/orkester Ramona Sulen: manusforfattar, songar, skodespelar Tarjei Vatne: piano/gitar Produksjonen er støtta av Bergen Kommune. Bli med Per, Pål og Espen Askeladd på vandring mot slottet med vakker musikk og spanande opplevingar. Målet er å vinna hjarta til prinsessa, men klarar dei det? På vegen møter de kjente figurar frå andre norske folkeeventyr. Velkomen til ein herleg og annleis «eventyr-minimusikal» med varme, humor, litt spaning og flott musikk. 5

FREDAG FREDAG 12. JUNI KL. 19:30 I NORHEIMSUND IDRETTSHALL Opningskonserten Bergen Filharmoniske Orkester Dirigent: Eivind Aadland. Solist: Marita Sølberg, sopran Geirr Tveitt: Nykken Edvard Grieg: Symfonisk dans nr. 4 Pause Antonin Dvorak: Tre legender, op. 59 (nr. 4. 2, 3) Edvard Grieg: Peer Gynt, utdrag Thon Hotel Sandven tilbyr mat etter opningskonserten. 6

Foto: Oddleiv Apneseth Bergen Filharmoniske Orkester (BFO) har status som nasjonalorkester i Noreg. I 2015 kan dei som eit av verdas eldste orkestrer feira 250-års-jubileum. Edvard Grieg var i si tid nær knytt til BFO, og i åra 1880-82 var han kunstnarisk leiar for orkesteret. Bergen Filharmoniske Orkester er svært aktiv på platemarknaden og har dei siste åra hatt mange nye innspelingar med gode kritikkar, der fleire er høgt prislønte. Totalt har orkesteret bidrege med ca 100 utgjevingar. Bergen Filharmoniske Orkester har sin base i Grieghallen, men er også heile Vestlandet sitt orkester. Dei har i mange år vore ein hjørnestein for musikkfestivalen Hardingtonar. Orkesteret tel i dag ca 100 faste musikarar. 7

Foto: Benjamin Ealovega 8 Foto: Pressefoto Eivind Aadland Eivind Aadland frå Bergen, har gjort internasjonal karriere som dirigent, med særleg vekt på samarbeidet med Queensland Symphony Orchestra i Brisbane, Australia. Her vart han fyrste gjestedirigent i fjor. Aadland fekk undervisning i orkesterleiing hjå Jorma Panula i Helsinki og vart oppmuntra til yrkesvalet sitt av Mariss Jansons. I sju sesongar var han sjefdirigent og kunstnarisk leiar for Trondheim Symfoniorkester. Han arbeider jamleg med leiende orkestrer i heile Europa, og har vore musikalsk ansvarleg for kritikarroste førestillingar ved Den Norske Opera. Han har også leia fleire plateinnspelingar, mellom anna med musikk av Grieg, Irgens-Jensen og Schjelderup. Marita Sølberg Den tidlegare vinnaren av Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse jobba to år ved Operaen i Stuttgart før ho i 2008 vart fast solist i Nasjonaloperaen. Ho har fått flotte kritikkar. Tori Skrede i VG skriv: «Det er og blir en eksepsjonell opplevelse å høre en sanger av hennes kaliber.» Opera Nows sin anmelder skreiv om hennar rolledebut i Stefan Herheims La bohème: «Den norske sopranen Marita Sølberg er en uforglemmelig Mimì på høyeste internasjonale nivå.»

Symfonisk maleri Då tingingsverket Nykken skulle framførast i NRK fyrste gong 1960, gav Geirr Tveitt ei detaljert innføring i kva dette «symfoniske maleriet» som han kalla det, handla om: I sommarkvelden tagnar fuglesongen og tjønna i skogen ligg stavstill. Men så brytst vassflata og ein kvit hest dukkar opp. Det er nykken som har skapt seg om. No går han og beiter. Ein gut kjem trallande, oppdagar hesten og får hug å føra han heim. Hesten lèt seg ta. Guten rid gjennom skogen, luntinga går over i tråv, villare og villare, ein ofse så fæl at guten vert frå seg av redsle. Det er uråd å kasta seg av. Med ryttaren klamrande fast bykser nykken ut att i vatnet så skumsprøyten føyser. Etter kvart stilnar bylgjene. Tjønna ligg atter spegelblank og held på sin løyndom. Over den svarte vassflata ljosnar det i aust, fuglesongen tek atter til å syngja. Denne «bruksrettleiinga» ynskte Geirr Tveitt å illustrera med Theodor Kittelsens kjende bilete «Nøkken»: Ein hugtakande vakker kvit fole i vilt ekse med flagrande faks over sin svarte ryttar stuper ned i ei døkk tjønn der troll og vette held til. Dette er ei hending omskapt i orkestral form, eit tonemaleri med alle dei kulørar ein fantasirik instrumentator greier å festa til det store symfoniske lerretet. Symfonisk dikting var ei form heilt utanfor moten den gong Geirr Tveitt skreiv dette. Men han gjekk gjerne i mot tidarstraumen, og denne gongen med ei biletrik og dramatisk soge merkt av fargerik og frodig forteljarglede. Reidar Storaas 9 «Gut på kvit hest», Theodor Kittelsen

Hardingtonar for 25. gong Kort historikk Sist i 80-åra forma det seg tankar om å skipa til ein musikkfestival i Norheimsund. Festivalen skulle mellom anna vera ein reiskap til å fremja Geirr Tveitt sin musikk. Namnet på festivalen var klart frå fyrste stund. Hardingtonar assosierer til Geirr Tveitt si tilskiping av folketonar frå Hardanger. I juni 1991 såg festivalen dagens ljos. Støypeforma vart lagd: Bergen Filharmoniske Orkester (BFO) stiller med heile sitt batteri som orkester på opningskonserten, der eitt verk av Geirr Tveitt er sjølvskriven. Resten av helga er krydra med ulike sjangrar og stilartar. Formelen er lett attkjennande den dag. Kjøp av flygel Alt i byrjinga gjekk leiinga i Hardingtonar ut og kjøpte flygel. Geir Botnen og Leif Ove Andsnes spelte inn pengar for å betala instrumentet. Det viste seg at flygelet hadde vore Wolfgang Plagge sitt instrument. Det er difor ekstra kjekt at Plagge kjem og spelar på sitt tidlegare flygel som i nesten 25 år har vore Hardingtonar sitt faste konsertflygel. Sonen til komponisten, Haoko Tveitt, var sentral i dei viktige oppstartåra saman med Halvard Bjørgum og Dag Rune Mo. Fyrste styreleiar var Nils Frode Skaar. Tarjei Flotve vart henta inn frå administrasjonen hjå BFO frå starten av og er framleis med i leiinga. 10

LAURDAG 13. JUNI KL. 14:00 THON HOTEL SANDVEN LAURDAG Wolfgang Plagge Plagge vart kjent som vedunderbarnet då han vant Ungdommens Pianomeisterskap berre 11 år gamal, og debuterte som pianist året etter. Sine fyrste komposisjonar skreiv han allereie i 12-års alderen. Som komponist har han ein omfattande produksjon med ei verkliste som spenner frå liturgisk musikk til symfoniske verk. Hovuddelen består av klaver- og kammermusikk. Foto: usf.no Som pianist har han vunne fleire nasjonale og internasjonale prisar og legat. Han er aktiv som utøvar over store deler av verda. Han har vore solist med mange orkester, og har samarbeidd med ei rekkje utøvarar. Wolfgang Plagge må seiast å vera ein av Noregs store musikalske profilar. 11

LAURDAG FREDAG LAURDAG 13. JUNI KL. 20:00 NORHEIMSUND IDRETTSHALL Odd Nordstoga m/ band Odd Nordstoga, er ein av våre mest populære og allsidige musikarar. Han er både låtskrivar, komponist, vokalist og multiinstrumentalist. Nordstoga sin store styrke ligg i evna hans til å kopla det moderne med det tradisjonelle. Han har samarbeidd med ulike musikarar, men er og ein soloartist. står og hyler, «Kveldssong for deg og meg», vart begge ein kjempehit. Hardingtonar fekk booka Nordstoga inn i programmet sitt i 2005. Han kjem no tilbake på scena hjå Hardingtonar etter 10 år og har med seg eit band med dyktige musikarar. Det store gjennombrotet til Odd Nordstoga kom i 2004 med albumet Luring. Låten om grisen som 12

Foto: Pressefoto 13

LAURDAG FREDAG LAURDAG 13. JUNI THON HOTEL SANDVEN, ETTER KONSERT I IDRETTSHALLEN Festivalkro Etter konserten i Idrettshallen vert det som vanleg festivalkro. Me tilbyr publikum ei avslappande hyggjestund med musikalske innslag av ulike artistar og pausar til den gode praten rundt borda. Hotellet tilbyr både fingermat og drikke. 14

LAURDAG 13. JUNI KL. 22:00 I M/F FOLGEFONN, HARDANGER FARTØYVERNSENTER LAURDAG Novgorod m/ Gabriel Fliflet, Jørgen Sandvik, David Chelsom Vogt og Kristoffer Chelsom Vogt Arr: Hardanger Trebåtfestival og Hardanger fartøyvernsenter Det er på tide at nokon leverer musikken som luktar av tømmervegger i solsteiken, og syder av tjørn og myrer. Det er på tide at nokon gjev oss musikken frå låge trebyar ved Austersjøen, frå hovudlause vodkafestar med saltagurk, honning og smetana. Nokon må no komme med den fyrrige musikken som rann ut frå kabaretlokalet, som flaut opp frå dansebana ved elva. Og valsane; verdas vakraste Novgorod aktar å hente fram denne musikken: Musikken som er russisk, finsk, jødisk, nordsvensk og sigøynersk! Mollstemt og melankolsk. Vill og vital! (Tekst frå Balkanfest) Foto: Nils Kjetil Torvik 15

SUNDAG SUNDAG 14. JUNI KL. 14:00 KUNSTHUSET KABUSO, ØYSTESE (LAURDAG 13. JUNI KL. 11.00 TOLOHEIMEN) Foto: Studio1 Minnenes melodier Anne Cathrine Eiken, song Lars Inge Haugen, song Audun Kayser, piano Øyvind Nyborg (14), song Songfuglane Konserten er ein mimrekonsert. Musikarane ynskjer å kalla fram gode minner frå ei tid som er forbi. Dei ynskjer å gje ei variert musikalsk oppleving med både norske songar, kjente amerikanske songar og songar av Edvard Grieg. 16 Eit samarbeid med Den Kulturelle Spaserstokken i Kvam.

SUNDAG 14. JUNI KL. 13.30 ROTUR FRÅ NORHEIMSUND KAI SUNDAG Kyrkjeferd til Vikøy Foto: Hardanger fartøyvernsenter I Vikøy kan du få med deg konsert med Hansakvartetten i kyrkja og program om Kinck i Borgstova. Sjå neste side. Arr: Hardanger Trebåtfestival og Hardanger fartøyvernsenter 17

SUNDAG SUNDAG 14. JUNI KL. 15:00 I VIKØY KYRKJE Hansakvartetten Åsta Jørgensen, 1. fiolin Hayato Naka, 2. fiolin Helga Steen, bratsj Walter Heim, cello Foto: Pressefoto 18 Hansakvartetten vart stifta i 1987 av musikarar frå Bergen Filharmoniske Orkester. Repertoaret deira omfattar det meste av den klassiske kvartettlitteraturen samt samtidsmusikken. Spesielt den norsk musikken står sentralt hjå kvartetten. Tett samarbeid med fleire komponistar har mellom anna resultert i ein CD med verk av Kenneth Sivertsen, Sverre Bergh og Ketil Hvoslef. Hansakvartetten har opp igjennom åra arbeidd saman med ei rekkje artistar i ulike sjangrar, for eksempel Sissel Kyrkjebø og Herborg Kråkevik. Dei har også medverka på Jan Eggum og Dag Arnesen sine siste CDar. I 2013 gav kvartetten ut den fyrste innspelinga av Fartein Valen sine samlede strykekvartetter til glimrande kritikkar.

SUNDAG 14. JUNI KL. 16:00 I BORGSTOVA, VIKØY PRESTEGARD SUNDAG Kinck-program ved Einar Økland I samband med Kinck-jubileet vert det Kinckprogram med Einar Økland i den segnomsuste Borgstova i Vikøy. Arr: Hardanger og Voss museum 19

SUNDAG SUNDAG 14. JUNI KL. 18:00 I NORHEIMSUND KYRKJE The Brazz Brothers Jan Magne Førde, trompet/ flygelhorn Kåre Nymark jr., trompet/ flygelhorn Runar Tafjord, horn Helge Førde, trombone Stein Erik Tafjord, tuba Kenneth Ekornes, trommer 20

Foto: Pressefoto The Brazz Brothers eller Brazz Bros på folkemunne, frå øya Sula utanfor Ålesund, har med åra vorte ein reisande musikkinstitusjon i jazz, og er spesielt kjent for sine improvisasjonskunster. Aktiviteten til The Brazz Brothers har vore svært omfattande sidan oppstarten i 1981. Dei har turnert over heile verda, med konsertar ved dei fremste internasjonale festivalane og konserthusa. Musikken dei spelar er ein unik blanding av tradisjonell og moderne jazz og folkemusikk frå ulike delar av verda, med sterke innslag av den skandinaviske folkemusikktradisjonen. Gruppa har spelt og gitt ut ei rekkje plater saman med store legendar og andre dyktige musikarar. I eit avsnitt på nettsida deira står det: «The Brazz Brothers er en kollektiv tilstand mer enn det er et band. Ved å nærme seg musikkens opphav og gå tilbake til et punkt før den vestlige kunstmusikken, har de definert sitt eget frigjøringsprosjekt.» 21

SUNDAG SUNDAG 14. JUNI KL. 20:00 I NORHEIMSUND IDRETTSHALL Ivar Medaas - Dar kjem dampen Ein hyllest til Medaas og den vestlandske kulturen. Forfattar: Claus Sellevoll med fleire Produsent: Sogn og Fjordane Teater Regi: Arvid Ones Medverkande: Olav Stedje Annlaug Børsheim Claus Sellevoll Aage Vaksdal Arr: Hardingtonar og Hardanger Trebåtfestival 22

Foto: Pressefoto, Sogn og Fjordane Teater Kabareten vise fram Vestlandet og bygdekulturen gjennom språklege tablåer knytta til visene som Ivar Medaas laga og framførte i ei meir enn 30 år lang artistkarriere. Frodige karakterar og det typiske kystlynnet blir framstilt med respekt og kjærleik plassert i eit miljø og ein kultur som er i ferd med å forsvinna. Ivar Medaas var odelsguten frå Alversund i Nordhordland som vart spelemann, visekunstnar og humorist. Gjennom samarbeidet med komponisten Geirr Tveitt og diktaren Jakob Sande vart ikkje forma hans berre rekna som nyskapande, den vart sett på som legendarisk. Kabareten har fått glitrande kritikkar. 23

Foto: Mot skogen, 1897 Munchmuseet / Munch-Ellingsen Gruppen / BONO 2014 Ting ein tangent bli med på kronerulling for eit eige flygel til ein av Vestlandet sine flottaste konsertsalar! Les meir på www.kabuso.no KONSERTAR Kabuso byr på konsertar gjennom heile året: klassisk, jazz og folkemusikk m.m. Under Bygdalarm 2015 i Kabuso: Badnalarm laurdag 4. juli kl. 12 og Littlarm 4. juli kl. 15 Gamlislarm sundag 5. juli kl. 15 UTSTILLINGAR 30. mai-30. august: EDVARD MUNCH - Natur og kjensle Sommaren 2015 syner Kabuso ei utstilling med verk av Edvard Munch. Munch nytta ofte natur som metafor for det indre kjenslelivet, og i utstillinga møter me motiv som speglar melankoli og einsemd, kjærleik og samhald. Vel møtt til ei kjenslelada oppleving! INGEBRIGT VIK Opplev vår vakre skulptursamling etter ein av våre fremste bilethoggarar Ingebrigt Vik (1867-1927), i flott museumsbygning frå 1934. Sjå www.kabuso.no for oppdatert program FILM: Korte filmar om Geirr Tveitt, Olav H. Hauge og Ingebrigt Vik KAFÉ med heimebaka kaker, gode lunsjrettar, kaffidrikkar m.m. 24 Hardangerfjordvegen 626, Øystese ı Ope tys - sun kl.10-17 ı Tlf 47 47 99 87 ı post@kabuso.no ı www.kabuso.no

Jarle Rosseland Grafikkutstilling 11. juni - 25. juli Plakatutstilling for Gjennom 25 år har ulike kunstnarar med tilknyting til Hardanger fått oppdraget med å laga motivet til Hardingtonar sine plakatar. Plakatane er til sals so langt det er meir igjen på lager. Begge utstillingane opnar 11. juni kl. 19.30 Grovabrotet 6, Norheimsund Ope i festivalhelga 12.-14.juni: fre.kl.11-19, laur - sund. kl.11-17 Ope til 25.juli: ons - laur kl.11-16 www.galleripuls.no 25

Geoplan AS er lokalisert i Norheimsund, Hardanger. Vi er tre sivilarkitektar og ein sivilingeniør og tilbyr profesjonelle råd og tenester innan: Byggprosjektering; hus, hytter og større bygg Arealplanlegging Oppmåling A r k i t e k t u r P l a n K a r t www.geoplan.no Sandvenvegen Sandvenvegen 18 5600 Norheimsund 18 Pb 5695 55 62 335601 post@geoplan.no Norheimsund 56 55 62 33 post@geoplan.no Ope 10-19 (16) Storaas Norheimsund AS Straumen - Norheimsund

NORHEIMSUND NÆRINGSLAG er stolte av å vera bidragsytaren som ytte oppstartskapital til Hardingtonar og Hardanger Trebåtfestival. Frå første tanken var sådd til dei blømande festivalane dette er i dag, har næringslaget og medlemene støtta aktivt opp om desse viktige kulturfestivalane, til stor glede for innbyggjarar og tilreisande. Begge festivalane er viktige kulturberarar. Dei er med å styrkja kulturarven og identiteten vår og dei gjev publikum opplevingar med høg kunstnarleg kvalitet. Gode tiltak som byggjer på ekte verdiar, er alltid verd å støtta.

Ullkle og sokkar for heile familien! Utsalget Norheimsund Tlf. 56 55 62 60 Norheimsund T: 56 55 32 00 hardangerbyggsenter.no Tlf. 56 55 00 70 Sandvenvegen 43, Norheimsund DET FAMILIEVENNLEGE MUSEET OPE FRÅ 10-17 Du finn opne verkstader der du følgjer handverkarar i arbeid, og aktivitetsløypa som utfordrar deg med artige maritime oppgåver. Prøv deg som reipslagar eller bygg din eigen leikebåt, eller berre nyt vakre maritime filmar og fleire nye utstillingar. I kaféen får du god og heimelaga mat, både søtt og salt. Laurdag er det populære fagføredrag. Mathilde går sjørøvartokt. Om bord på ferga Folgefonn vert det konsert med Novgorod og pub. Sundag er det roing til Vikøy med konsert i kyrkja. Fartøyvernsenteret er ein del av festivalområdet til trebåtfestivalen! www.fartoyvern.no 47 47 98 39 Faghandel for bunadssølv sidan 1954. Verkstad for: -Oppussing - Gravering - Reparasjon

Tlf: 56 55 94 28

Opningstider: 13.00-23.00 kvar dag Tlf. 56 55 10 77 Lokalavis i 142 år Telefon: 56 55 00 20 eller 90 13 11 88 Faks: 56 55 00 21 - E-post: redaksjon@hf.no annonse@hf.no www.hf.no

Tannlege-senteret Sandvenv. 40-5600 Norheimsund e-post: norheimsund@tannlegesenter.as 56 55 53 33 Tar imot nye pasienter Akutt behandling Kosmetisk behandling, bleking m.m. Sandvenhagen Industrifelt, 5600 Norheimsund Telefon 56 55 37 50 www.botnen.no Storaas Mat AS Velkomen til hyggeleg handel hjå oss i Norheimsund Opningstider: 8-22 (9-22)

5600 Norheimsund Tlf. 56 55 02 20 - Fax. 56 55 02 29 Thon Hotel Sandven Tel. 56 55 20 88 sandven@thonhotels.no thonhotels.no/sandven Papiljotten Dame Herre frisør www.papiljotten.no tlf 56 55 21 90 Mo Antikk Grova 40, Norheimsund Tel. 952 14 095 rissgrafisk.no T. NETELAND Bygg & Betong AS Tlf. 56 55 20 51 Mob. 957 30 195 www.tnbb.no BRILLER KONTAKTLINSER UR Norheimsund tel. 56 55 20 50 Tlf: 56 55 12 11 Norheimsund N O R H E I M S U N D A. S ADVOKATFIRMA KVÅLE ANS M.N.A. Sandvenvegen 43, 5600 Norheimsund Tlf. 56 55 12 77 - Faks 56 55 19 63 Mail: post@advokatkvale.no, www.advokatkvale.no Tlf: 959 89 800 Sandvenvegen 28-5600 NORHEIMSUND Hudpleie for folk og dyr Lokalprodusert- utan parabener www.optima-ph.no

BOGRØNT OG HAGELAND ER NYE De fineste hagene kommer herfra BOGRØNT OG HAGELAND ER NYE De fineste hagene kommer herfra Tulipaner 99 90 15 PK MIKS Nå er det kjære mor! re mor! Roser 50 cm Roser 79 90 50 cm 10-PK 10-PK 79 90 Phalaenopsis 99 90 2-GRENET Phalaenopsis 99 90 www.hageland.no 2-GRENET Valland Blom og Hage AS Hardangerfjordvegen 240 5600 Norheimsund Tlf. 56 55 00 10 www.hageland.no

Aut. Maskinentreprenør Henrik Steine AS Norheimsund 917 14 982 Brøyting - Grunn - Terreng - Betongarbeid Siljes Interiør AS STRAUMEN SENTER Tel. 56 55 28 65, Norheimsund Boots apotek Linnea ØYSTESE Kvam Rekneskapskontor AS Avd. Fjord n Rekneskapskontor Takk til alle som støttar Hardingtonar 2015

i samspel med Velkomen til Hardingtonar 2016 10. - 12. juni

Familien Tveit Nyframføring i 2016 Klaverkonsert nr. 3 av Geirr Tveitt Stiftinga Hardingtonar har gjennom mange år engasjert seg sterkt både økonomisk og som pådrivar i rekonstruksjonar av Tveitt sine komposisjonar. Bergen Filharmoniske Orkester har vore ein viktig bidragsytar når det gjeld framføringar av verka både i inn og utland. På Opningskonserten for Hardingtonar i 2016 står det duka for nyframføring av Klaverkonsert nr. 3. Komponisten Kaare Dyvik Husby, som har lang erfaring med rekonstruksjon av Tveitt sine verk, arbeider med den tidkrevjande rekonstruksjonen av Klaverkonserten. Verket finns berre i radioopptak av dårleg kvalitet frå urframføringa med Harmonien i 1947. Opptaket vart gitt ut digitalt i 1994 i høve av at Tveitt var festspillkomponist ved Risørfestivalen. Hardingtonar takkar dei økonomiske bidragsytarane som gjer rekonstruksjonen mogleg: Sparebanken Vest Norsk kulturråd Grieg Foundation Kvam herad Hordaland fylke Hardangerrådet

Foto: Norvald Gjerdevik Helsing frå Hardanger Trebåtfestival I skrivande stund (15. april) ligg snøen fortsatt djup i fjella kring fjorden. Lysare kveldar og solglimt som varmar gir likevel bod om sommaren som kjem. Dette bodet har fått trebåtfolket til å krible og ta til med båtpuss og planlegging av sommartokta. Mange planlegg å ta turen til Hardanger Trebåtfestival i Norheimsund. Trebåtfestivalen er sørvestlandet sin møteplass for trebåtfolket, trygt planta i eit tungt fagleg miljø rundt Hardanger Fartøyvernsenter. Norheimsund tilbyr ei perfekt festivalhamn der båtfolk og publikum stortrivst. Kom og opplev god festivalstemning med trebåtar og musikk i strandstaden Norheimsund. Helsing Geir Madsen Leiar Hardanger Trebåtfestival 38

Norheimsund 13.-14. juni 2015 LAURDAG 13. JUNI 08:00-10:00 Felles frukost for mannskap på deltakande båtar. Kr. 50,- 10:00 Me opnar festivalområdet 11:50 Musikalsk opning 12:00 Offisiell opning v/ trebåtens mentor Kristian Djupevåg 12:00 Afrikanske rytmar og song - United Froz Aline Uzayisenga - sang, Bennetta Kamara - sang, Dorcas Weagbah - sang og djembe 12:00 Kake-lollipop-kurs for alle born under rettleiing av Birthe Barbarella Dalland Rosson Deltakaravgift kr. 100,- Ta med føresett. 13:00 Smaksprøve frå programmet til Hardingtonar 13.00 SJØRØVARTOKT med Grusomme Gullgalne og Piratmatros Ekle-Leif KUN førehandssal av billettar (kjem snart for sal). Maks 50 deltakarar. Ta med redningsvest. 14:30 Mini-konsert med vår alles eminente musikar Hanna Thiesen på filolin. 15:00 SJØRØVARTOKT med Grusomme Gullgalne og Piratmatros Ekle-Leif KUN førehandssal av billettar (kjem snart for sal). Maks 50 deltakarar. Ta med redningsvest. 16:00 Utdeling av Kultur/idrettsstipend og kulturprisen 2015 v/kultursjef i Kvam herad Knut Markhus Historietime med Linda Eide og Sjur Hjeltnes 18:00 Utstillingane stengjer 20:00 Fellesmiddag og prisutdeling for mannskapet til trebåtar i utstilling. 22:00 Pub-kveld om bord i MF Folgefonn på Hardanger Fartøyvernsenter. Novgorod. Gabriel Fliflet, Jørgen Sandvik, David Vogt og Kristoffer Vogt. Billettar kr. 250,- SUNDAG 14. JUNI 09:00-11:00 Felles frukost for mannskap på deltakande båtar. Kr. 50,- 11:00 Me opnar festivalområdet 11.00 Elevar frå Kvam Kulturskule 12:00 Anderace. Delta på uhøgtideleg anderace med sjøsetjing frå Straumbrua. Premiering av dei tre raskaste badeendene. Påmelding og sal av and kr. 50,- på Straumbrua frå kl. 11.30 12:30 Maritim moro med Fliflet-Sandvik 13:00 Presentasjon av prisvinnarar og utdeling av publikumsprisen. 13:00 Kake-lollipop-kurs for alle born under rettleiing av Birthe Barbarella Dalland Rosson Deltakaravgift kr 100,- Ta med føresett. 13:30 Avgang roferd til Vikøy (sjå program hjå Hardingtonar) 14:00 Smakebetar frå Medaas-programmet som skal framførast i idrettshallen kl. 20:00 16:00 Utstillingane stengjer. 20:00 Norheimsund Idrettshall i samarbeid med Hardingtonar Ivar Medaas - dar kjem Dampen med Olav Stedje, Annlaug Børsheim, Claus Sellevoll og Aage Vaksdal. Regi Arvid Ones. Design/trykk: rissgrafisk.no

NEOLAB FOTO: GETTY IMAGES AMBISJONAR I HUNDRE OG ØRTEN ÅR VI ER HER. LIV Vi har støtta Hardingtonar sidan 1991. Vi køyrer på vidare. Sjåast på festival! 40