SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Anita Bjørk Ruud Arkiv: 010 Arkivsaksnr.: 08/970. Røysterett for 16-åringar. Deltaking i forsøksordning.



Like dokumenter
Kva er vitsen? - eit hefte om stemmerett for 16-åringar

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Stemmerett for 16-åringar

HØyring - lokaldemokratikommisjonen si andre utgreiing - NOU 2006:7 Det lokale folkestyret i endring - om deltaking og engajement i lokalpolitikken

St.meld. nr. 21 ( )

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

SAKSDOKUMENT. Uttale til høyring - NOU 2011:20 Ungdom, makt og medverknad

Kva kan vi læra av valdeltakinga ved lokalvalet i haust? Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

Møtestad: Hareid rådhus Dato: Mandag, Tid:14:00

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: John Olaf Røhme Arkivsaksnr.: 08/2829. Helse- og omsorgsplan for Luster kommune Rådmannen si tilråding:

Oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring utanfor arbeid og opplæring

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

BARNEVERNET. Til beste for barnet

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: U01 Arkivsaksnr.: 14/912

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Kommunestyre. Sakliste

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Kommunestyret

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG AV INTENSJONSAVTALEN

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 29 MØTEINNKALLING Utval: Ungdomsrådet Møtedato: Møtetid: 17:00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta u

Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2010 Kommunestyret

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Statsråden. Deres ref Vår ref Dato

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 09/1016

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

SØKNAD OM STØTTE TIL ÅRLEG UNGDOMSRÅDSKONFERANSE I HALLINGDAL

Kvam herad. Utegruppe /naturavdeling ved Tolomarka barnehage og Sjydnahaugen barnehage. Arkiv: N-211 Objekt: Avgjerd av: Saksh.: Mali Grete N.

Skulebruksplanen Uttale frå Sogn Regionråd

Sakliste: MØTEPROTOKOLL

Austevoll kommune. Austevoll kommune viser til NOU 2006:2 om Staten og Den norske kyrkja.

F-SAK 137/14: HØRINGSSVAR - PLIKT TIL Å STILLE VILKÅR OM AKTIVITET VED TILDELING AV ØKONOMISK STØNAD

Høyring - endring i Opplæringslova - Friare skoleval, moglegheit til å tilby meir grunnskoleopplæring m.m.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 233 Arkivsaksnr.: 12/372

Meld forfall snarast råd til sekretær for utvalet Line Bosnes Hegna på mobil eller epost:

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

Kommunedelplan for oppvekst

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

HØYRINGSNOTAT VEDTEKTER ORGANISASJONSKART FRAMLEGG FRÅ:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197

Statens vegvesen. Behandlende enhet : Saksbehandler / telefon : Vår referanse : Deres referanse : Vår dato : Region vest Helge Oddvin Sandvik /

Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 13/

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kyrkjestova, Vik Møtedato: Tid: A.

Oppfølging av 9A i Opplæringslova Handlingsplan Myking skule

Saksprotokoll. Kommunestyret Sak: 34 / 19. Tittel: Saksprotokoll - Reguleringsplan Botn, Hafslo PlanID Arkivsak: 16 / 1729

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

MØTEPROTOKOLL. Forfall og møtande varamedlemar: Marte Åsmul hadde forfall pgs eksamen. Vararepresentant hadde også forfall.

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Handegård Arkiv: L12 Arkivsaksnr.: 11/2001

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Møteinnkalling for Formannskapet

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 061/17 Bystyret PS

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL.

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for Kubbedalen gnr 41/756 m.fl. - Arefjord. Slutthandsaming. Tiltakshavar: Kubbedalen AS

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkiv: M74 Arkivsaksnr.: 12/1269

Fjell kommune Arkiv: 35/309 Saksmappe: 2005/ /2011 Sakshandsamar: Dag-Heine Bjørndal Dato: SAKSDOKUMENT

Møteinnkalling for Valgstyre

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Byggjerekneskap helland barnehage (2. byggjesteg) Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER

SAKSFRAMLEGG. 36/15 Næring og miljøutvalet

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Transkript:

SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Anita Bjørk Ruud Arkiv: 010 Arkivsaksnr.: 08/970 Røysterett for 16-åringar. Deltaking i forsøksordning. Rådmannen si tilråding: ::: Sett inn innstillingen under denne linja Luster kommune søkjer om å få delta i ei ev forsøksordning med røysterett til dei som har fylt 16 år ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011. ::: Sett inn innstillingen over denne linja... Sett inn saksutredningen under denne linja

Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Skriv frå barneombodet dat. 13.03.08. Uprenta vedlegg: Hefte frå barneombodet om røysterett for 16-og 17 åringar Samandrag: Barneombodet oppmodar kommunar om å søkje om å få vere med i forsøk der 16-åringar får røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011. Rådmannen tilrår at Luster kommune føl oppmodinga frå barneombodet og søkjer om å få delta i forsøksordninga. Utval som har vedtaksmynde: Kommunestyret Fakta: Barneombodet oppmodar kommunar om å søkje om å få vere med i forsøk der 16-åringar får røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011. Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa har uttalt at ho ønskjer å opne for ei forsøksordning med røysterett for 16- åringar ved kommunevalet i 2011. Klipp frå informasjonshefte frå barneombodet: Det er grunn til å tru at heimbygda vil endre karakter dersom ungdomen slepp til ved stemmeurnene. Gjennomsnittleg alder for førstegongsveljarar ved lokalval er i dag 20 år. Mange unge har dermed flytt heimanfrå når dei kan stemme ved lokalvala første gong. Nokre kjem aldri attende. Desse tek med seg erfaringa og kompetansen sin som ungdom på heimstaden, og samfunnet blir forma utan at dei får vere med. Slik får vi samfunn bygd over ein vaksen lest, utan det særpreget som unge stemmer ville gitt. Gir vi unge reell demokratisk innverknad, vil dei lokale politikarane også blir pressa til å ta unge meir på alvor. Ein del av dagens tolv- og trettenåringar bør få melding om at dei skal få vere med på ei viktig prøveordning ved valet i 2011. Kan hende ser vi ei politisk oppvakning hjå ungdomen dersom dei skjønar at det nyttar å følgje med? og om Austerrike som har innført 16-års stemmerett og 5 tyske delstatar som har gjort det same: I Danmark, Sverige, Storbritannia og Sveits blir det diskutert om 16-års stemmerett er vegen å gå. Også i Australia, New Zealand, USA og i Canada blir stemmerett for 16-åringar ved lokalval vurdert. I fem tyske delstatar har det sidan 1996 vore 16-års stemmerett ved delstatsvala. Den generelle haldninga blant unge og eldre før valet var negativ. Ein frykta at valdeltakinga ville bli enda lægre. Resultatet var temmeleg annleis. Erfaringane frå Tyskland viser at valdeltaking for 16- og 17- ringar er høgre enn for den tradisjonelle gruppa førstegongsveljarar og høgre enn for veljarar opp til 35 år. Den nye veljargruppas partival skilde seg elles ikkje ut frå resten av befolkninga. Desse vala viste og at dei politiske partia aktivt gjekk inn for å leggje om valkampstrategiane sine for å nå fram til dei yngste veljarane. Tyske 16- åringar opplevde også at dei vart tatt meir på alvor av

politikarane, noko som har resultert i at fleire også har etterspurd innverknad på nasjonalpolitisk nivå. Då skrivet frå barneombodet kom, valde formannskapet å sende spørsmålet til uttale hjå Ungdomen sitt kommunestyre (UK). Arbeidsutvalet til UK tilrår at kommunen søkjer om å få vere forsøkskommune med røysterett for 16-åringar. Førebels er Stortingsmeldinga der det blir gjort klart at regjeringa ønskjer forsøk med røysterett for 16- åringar til handsaming i Stortinget. I følgje barneombodet blir meldinga truleg handsama i løpet av hausten 2008. I 1920 vart røysterettsalderen senka frå 25 til 23 år. I 1946 vart den sett til 21 år, i 1967 til 20 år og i 1978 til 18 år. Ei rekke utval, komitear og fora har sidan 2001 diskutert røysterettsalderen i ulike samanhengar. Ei kort oppsummering av desse er: Ungdommens demokratiforum vart oppretta i desember 1998 av Barne- og familiedepartementet for å gje innspel til korleis myndigheitene kan styrke barn og ungdom sin medverknad i samfunnet. Forumet avslutta sitt arbeid i juni 2001. I uttalen frå Ungdommens demokratiforum heiter det: Tidlig stemmerett vil føre til at flere 18-åringer stemmer. All erfaring viser at folk benytter seg av stemmerett mer og mer etter hvor mange ganger de har hatt mulighet til å stemme. Det at stemmeretten senkes til 16 år, vil gi ungdom en gang til å tenke seg om, og derfor ikke bare føre til at en del 16-åringer stemmer, men trolig også flere 18-20 åringer. I NOU 2001:3 Velgarar, valordning, valte, vart vallova handsama av ei rekke ekspertar i det som vart kalla Vallovutvalet. Utvalet handsama spørsmålet om røysterettsalderen ved lokalval burde settast til 16 år. Fleirtalet i utvalet var imot, med grunngjeving i at røysterettsalderen burde følgje myndigheitsalderen, og at det burde vere same røysterettsalder ved alle val. Eit mindretal ønskte å senke røysterettsalderen for å auke den demokratiske deltakinga og gje unge direkte medverknad. Departementet viste i Ot.prp. nr. 45 (2001-2002) Om lov om val til Stortinget, fylkesting og kommunestyre (vallova) til Valutvalet sin konklusjon, og fann at det ikkje var grunnlag for å fremje forslag om å setje ned røysterettsalderen ved lokalval. Departementet gjekk heller ikkje inn for å ha forsøk. Under handsaminga av ny vallov i Stortinget, føreslo eit mindretal i kontroll- og konstitusjonskomiteen at norske statsborgarar som vil ha fylt 16 år innan utgangen av valåret, skulle få røysterett ved fylkes- og kommuneval. Forslaget fikk ikkje tilslutning frå fleirtalet, som uttalte at dei var samde med departementet i at det ikkje var aktuelt å setje ned røysterettsalderen og heller ikkje gjere forsøk. I NOU 2006:7 Lokaldemokratikommisjonen, Det lokale folkestyret i endring? Om deltaking og engasjement i lokalpolitikken, gjekk fleirtalet i kommisjonen inn for å halde på dagens røysterettsalder. Dei la avgjerande vekt på at røysterettsalderen bør følgje myndigheitsalderen. Mindretalet ønskte å sette ned røysterettsalderen ved lokalval. Dei la avgjerande vekt på at

røysteretten er ein demokratisk rett, og at røysterett for 16-åringar kan medvirke til større politisk engasjement blant ungdom. Søknad om forsøk med røysterett for 16-åringar. I 2007 søkte kommunane Porsgrunn, Vågå og Vadsø Kommunal- og regionaldepartementet om å gjere forsøk med å gje 16-åringer røysterett ved kommune - og fylkestingsvalet i 2007. Det var brei politisk semje om dette i alle kommunane. Alle søknadene vart avslegne. Kommunelova seier at den som ikkje har nådd røysterettsalder, kan veljast, men er ikkje pliktig til å ta imot val til kommunale nemnder og utval. Vurdering: Av uttalane ser me at eit vanleg argument er at røysterettsalderen må følgje myndigheitsalderen, og at ein ut frå prinsipielle omsyn bør ha same røysterettsalder ved alle val. Slik situasjonen er i dag, kan ein vanskelig snakke om ein myndigheitsalder i ordets eigentlege forstand. 12-åringar har rett til å bli høyrt i saker som gjeld dei sjølve, den kriminelle lågalder er 15 år og den legale seksuelle debutalder er 16. Som 15-åring kan ein fritt melde seg inn og ut av organisasjonar og trussamfunn. Personar under 18 år kan dessutan veljast til kommunale og fylkeskommunale nemnder." Barneombodet peikar vidare på at unge er storforbrukarar av kommunale og fylkeskommunale tenester. 16-17 åringar er elevar i den vidaregåande skulen, brukar helsestasjon og andre helsetenester, brukar fritidsklubbar og kommunale bygg og anlegg. Det som skal avgjerast i denne saka, er om Luster kommune ynskjer ei prøveordning med røysterett for 16- og 17-åringer i 2011. Rådmannen meiner det kan vere interessant å delta i ei slik prøveordning. Det er sterke argument både for og i mot å gje nemnde aldersgrupper røysterett, difor kan det vere interessant med ei prøveordning som set søkelyset på konsekvensar av å setje ned røysterettsalderen ved lokalval. Prøveordninga bør evaluerast i etterkant. Dato: 4.11.08 Tore Eriksen Anita Bjørk Ruud rådmann leiar servicetorg Særutskrift skal sendast: m/kopi til:... Sett inn saksutredningen over denne linja