INVITASJON til Etne Cup 2007 For 27. gong har Etne Idrettslag gleda av å innby til Etne Cup 22. 24. Juni 2007 Klasseinndeling Etne Cup 2007: Klasse Navn Født etter 1 Minigutt (5`er fotball) 1.1.1998 2 Minigutt 1.1.1997 3 Minjente 1.1.1997 4 Lillegutt 1.1.1996 5 Lillegutt 1.1.1995 6 Lillejente 1.1.1995 7 Smågutt (11`er fotball) 1.1.1993 8 Småjente (7`er fotball) 1.1.1993 Påmeldingsfrist er 30. April 2007 Husk påmelding blir først registrert når påmeldingsavgift er innbetalt. Påmelding kan gjerast på vår heimeside www.etnecup.no Det blir trekt ut to lag som får kvart sitt draktsett, sjå siste side Dette er blant laga som er registrert før påmeldingsfristen går ut. Turneringsleiing: Sigbjørn Rafdal, tlf. 53 75 52 66 e. kl. 16.30 Hans Becker tlf. 53 75 63 86 e.kl. 16.30 Nina Vierdal Vee tlf. 53 75 66 42 e.kl. 16.30 Etne IL Faks 53 75 60 11 VEL MØTT TIL ETNE CUP 2007!
OPPLYSNINGAR Baneforhold: Nytt for året er at me har fått opparbeida ein ny grasbane (tre 7`er banar) og to nye 5`er banar. Frå før disponerer me 2 grasbanar og 3 grusbanar. Matservering vil finna stad på Etne Kulturhus. Overnatting på Enge skule og andre lokalar som ligg i nærleiken av sentral - idrettsanlegget. Skyss til og frå overnattingsstaden kan ikkje garanterast. PÅMELDINGSAVGIFTA DELTAKARAVGIFT Pr. lag er sett til A-kort kr 425,- Kr 750,- Minigutt/Minijente/Lillegutt/Lillejente B-kort kr 340,- Kr 1.000,- Smågutt/Småjente C-kort kr 215,- A-KORT Overnatting fredag/søndag Varmrett fredagskveld Frukost, middag, kvelds laurdag Frukost og middag søndag B-KORT Varmrett fredagskveld Frukost, middag, kvelds laurdag Frukost og middag søndag C-KORT Gjeld alle arrangement. Er inkludert i A- og B- kort. Korta inkluderer turneringsbevis med lagbilete, T-skjorte, samt gratis tilgang til alle sosiale arrangement. Det vil bli lagt til rette for sosiale arrangement fredags- og laurdagskvelden. Når det gjeld turneringsbevis får kvar påmeld spelar eit bevis med lagbilete pluss eit bevis til klubben og trenar. Nærare informasjon om program, kampoppsett m.m. til dei påmelde laga vert sendt ut i god tid før Etne Cup 2007 startar. Du vil også finna informasjon på vår heimeside www.etnecup.no. OVERNATTING MED TELT ELLER CAMPINGVOGN Me har eigen campingplass som ligg 500 m. frå sentralidrettsanlegget. Det er ynskjeleg med førehandstinging av plass. Pris pr. eining (fredag søndag): Telt kr. 100.- Campingvogn kr. 300.- Frist for innbetaling av påmeldingsavgift: 30. April 2007 Frist for innbetaling av deltakarkort: 02. Juni 2007 Konto for Etnecup er: 3543.10.03684 i Etne Sparebank. Betalingsdatoen av påmeldingsavgift er grunnlag for stryking ved for mange påmelde lag. Du kan kontrollera status for Din klubb på vår heimesida www.etnecup.no. Lag som trekkjer seg etter at påmeldingsfristen er gått ut, får ikkje refundert påmeldingsavgifta.
DOMMARAR I tillegg til våre eigne dommarar, ynskjer vi å få med dommarar frå andre klubbar. Vi oppmodar difor klubbane til å melda på dommaraspirantar/dommarar (NB! Ikkje lagleiarar) til turneringa. Dommarane som vert plukka ut får gratis kost og losji. Påmeldingsfrist: 30. April 2007 Dommar Påmelding (namn):.. Alder: Tlf.:.... Alder: Tlf.:.. Klubb: Kan sendes på Email: post@etnecup.no SPELESYSTEM Etne Cup er inndelt i 8 klassar. Kvar klasse blir inndelt i puljar på 4-5 lag. Klasseinndelinga er oppstilt på side 1. For å halde kvaliteten på Etne Cup oppe, har vi bestemt at talet på lag som deltek, ikkje skal overskride 120. For at det skal bli avvikla spel i klasse 7 og 8, må det vera påmeldt min. 8 lag. Blir det for lita påmelding i klassane 1 og 2 samt 4 og 5 blir desse klassane slått saman. Klasse 1 blir spelt som 5`er fotball, klassane 2, 3, 4, 5, 6 og 8 blir spela som 7`er fotball i samsvar med reglane til R.F.K. Klasse 7 blir spelt som 11`er fotball. Fredag 22. juni blir det spela enkel serie på gras- og grusbanar, med kamptid 2 x 15 minutt. Første kamp blir spela ca. kl. 15.00. Alle lag som deltek i Etne Cup må vera førebudd på å spela kamp fredag kl. 15.00. Laurdag 23. juni fortsett seriespelet samt ein del sluttspelkampar. Søndag 24. juni spelar alle lag i kl. 1 6 ein kamp mot ein ny motstandar. Alle lag i klassane 7 og 8 spelar plasseringskamp og finalar. Reglar for klassane 7 og 8: Ved poenglikskap avgjer målskilnaden, innbyrdes oppgjer og loddtrekning i nemnde rekkefølgje. Ved uavgjort blir det spelt 2x5 min ekstraomgangar. Ved framleis uavgjort vert det telt cornerar og er det framleis uavgjort føreteke me loddtrekning. Den vert utført av lagleiarane. Med atterhald om veret, blir kampane spela på grasbanar. Klagenemd: Det vil bli oppnemnd ei klagenemd på 3 medlemmer blant dei deltakande laga. Turneringsleiar er formann
PREMIERING Alle deltakarane får statuett etter siste kamp søndag. I tillegg blir det delt ut pokal til vinnaren i klassane: Småjente og smågut. Det blir delt ut premiar til inntil 15 spelarar og 2 lagleiarar pr. lag.
Til ETNE CUP 2007 Postboks 76 5591 ETNE Påmelding: (NB! MÅ SENDAST FØR 30. April 2007). Hugs at dersom det blir meldt på fleire lag i ein klasse enn det er kapasitet til, er dato for innkommen påmeldingsavgift avgjerande for kven som kjem med. Klubbnamn: Fotballkrets: Adresse: Draktfarge: Farge på. reservedrakt: Vi melder på følgjande lag til Etne Cup 2007: Lagnavn Lagnavn Lagnavn Klasse Klasse Klasse Kontaktperson Kontaktperson Kontaktperson Adresse Adresse Adresse Pnr/Sted Pnr/Sted Pnr/Sted Telefon Telefon Telefon Epost e-post avgift pr. påmeldt lag er innbetalt til Etne Sparebank kto. 3543.10.03684. Påmelding blir først registrert etter at påmeldingsavgifta er innbetalt. Stad: Dato: Underskrift: OBS! Ver venleg å oppgje ein kontaktperson for kvart påmeldt lag. Det er denne personen som vil få tilsendt all informasjon. Du kan gjerne sende påmeldinga på Email: hans@etnecup.no