Velkomen til Dialogkonferansen 2010 1. - 2. september 2010
Foto på framsida: Tyssedal hotell Foto: www.oddacamping.no
Velkomen til Dialogkonferansen 1. - 2. september 2010 Dialogkonferansen er ein årleg møtestad for kommunar og fylkeskommunen der målet er fagleg oppdatering, nettverksbygging, motivering og inspirasjon til vidare arbeid med tilrettelegging for fysisk aktivitet. Andre regionale samarbeidspartnarar blir inviterte ut frå innhaldet i programmet. Dei siste åra har representantar frå kommunar delteke i planlegginga av konferansen for å få eit best mogeleg program i høve til dei utfordringane kommunane står ovafor innanfor fagfeltet fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Denne gongen deltek Erik Vangsnes frå Fusa, Rolf Bøen frå Odda, Reidun Braut Kjosås frå Kvam herad og Tom Leonsen frå Os i programkomitèen. Me vonar at alle kommunane i Hordaland finn programmet interessant og relevant i høve til arbeidet med å skape ein aktiv kvar dag for sine innbyggjarar. Målgruppa for konferansen er administrativt tilsette som er ansvarleg for kultur, idrett og friluftsliv, folkehelsekoordinatorar og kommuneplanleggarar. Deltaking på konferansen er gratis og Hordaland fylkeskommune dekker kostnaden ved overnatting for ein frå kvar kommune. Kostnad til reise t/r Odda må dekkast av den enkelte kommune/ organisasjon. Vi har reservert rom på Tyssedal hotell www.tyssedal-hotel.no. Den 31. august inviterer Bergen Turlag og Odda og Ullensvang Turlag alle med på tur opp i Buerdalen (ein relativt ukjend regional skatt) for å dele ei unik naturoppleving, ha fokus på tilrettelegging for friluftsliv og ha meir tid til uformell erfaringsutveksling. Gje melding om du har behov for overnatting også frå 31. august. Særskilde behov i høve til mat og andre ting er fint å få informasjon om ved påmelding. Kom også med innspel til tiltak/anlegg som kan ha interesse for andre kommunar sjå påmeldingsskjema og program. På førehand takk! Ta kontakt med Britt Karen Spjeld tlf: 55 23 91 82 / 456 66 326 eller britt-karen.spjeld@post.hfk.no om noko er uklårt eller de har spørsmål. Påmelding innan 17. august 2010 på www.hordaland.no/dialogkonferansen2010 Velkomen til aktive dagar i Odda!
ProgramMed atterhald om endringar. Mål: Målgruppe: Stad: Fagleg oppdatering, nettverksbygging, motivasjon og inspirasjon Adm. tilsette og politisk ansvarleg for kultur, idrett og friluftsliv Adm. representantar for kommuneplanlegging Odda kommune, Tyssedal - Statkraftstova Onsdag 1. september 10.00 Registrering Kaffe/te/frukt/rundstykker 11.00 Velkomen Aktiv kvar dag i Odda kommune Aktivitets- og anleggsutviklinga som del av samfunnsutviklinga i Odda Gard Folkvord, ordførar i Odda kommune 11.20 Helsing frå Kultur- og ressursutvalet 11.30 Sidan sist! Britt Karen Spjeld, idrettssjef, Hordaland fylkeskommune 12.00 Lunsj Hovudtema: Aktivitet folkehelse: Korleis arbeide for ein aktiv kvar dag! 12.45 Korleis vert det arbeidd med tilrettelegging av fysisk aktivitet lokalt? Presentasjon av modellar (samhandling kommune, vg. skule, lag og org.) og meiningsutveksling Stord kommune, Sylve Rusten Odda kommune, Rolf Bøen Askøy kommune, Gunnar Brynjulfsen 13.45 Talentutvikling og utdanningstilbod på vidaregåande skular i Hordaland Roger Gjelsvik, Olympiatoppen Vest-Norge Inger Øvsthus Tønder, Opplæringsavdelinga, Hordaland fylkeskommune
15.00 Parallelle sesjonar med ulike tema Sesjon A Idrett og SFO Aktiv alle friluftsliv for alle FIKS Bergen Basistrening i Odda Sesjon B Folkehelsesuksess i Kvam OLT Vest-Norge si satsing mot Paralympics Idrettskuler Stor og sprek (TIF Viking) 16.00 Synfaring (ta med gode sko og klede) Tyssohallen (privat fleirbrukshall) eit dugnadseventyr! Oddahallen (kommunal fleirbrukshall) og idrettsparken i Odda. Via Ferrata - jernvegen: lysbildeframvisning og tilpassa tur langs rørgata eller på sti! Meir informasjon finn du her: http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/173800 20.00 Middag 21.00 Aktiv kvar kveld! Sosial samling og quiz Torsdag 2. september 07.00 Aktiv kvar morgon Ta med kler for fysisk aktivitet (basistrening i sal, vandring i nærområde med meir) 07.45 Frukost 08.30 Summering av gårsdagen - fagleg og sosialt Britt Karen Spjeld, fylkesidrettssjef, Hordaland fylkeskommune 08.40 Ein ny kulturstrategi for Hordaland moglege konsekvensar for idrett og friluftsliv! Anna Elisa Tryti, fylkeskultursjef Hordaland fylkeskommune 09.10 Utfordringar ved etablering av klatreveggar ute og inne v/norges Klatreforbund
09.40 Korleis skape idrettsparkar/den moderne møteplassen som engasjerer mange? v/ Rolf Bøen, Odda kommune og Rune Titlestad, Bergen kommune Gruppedrøftingar 10.20 Aktiv pause 10.30 Drift og vedlikehald av idrettsanlegg erfaringar og status v/ Jens Harald Garden, Hordaland fylkeskommune og Geir Berntsen, Bergen kommune 11.30 Spelemidlar www.idrettsanlegg.no søknadskvalitet: det blå nettet restanselister gruppearbeid og erfaringsutveksling Svein Erik Såtendal, rådgjevarar, Hordaland fylkeskommune 12.00 Lunsj 13.00 Spelemidlar forts. Nytt frå KUD m/spørjetime ny spelemiddelnøkkel moms hovudfordelinga nye ting i føresegner for spelemidlar Britt Karen Spjeld, fylkesidrettssjef, Hordaland fylkeskommune 14.45-15.00 Summering, evaluering, vegen vidare og vel heim Kva innspel kan vi ta med oss frå samlinga til det vidare arbeidet på lokalt og regionalt nivå? Britt Karen Spjeld, fylkesidrettssjef, Hordaland fylkeskommune Foto: Odda kommune
Aktiv kvar dag-bowling på Bryggjeslottet i Modalen (Dialogkonferanse 2009)
www.hordaland.no/idrett