Å studere patron-klient-forhold i norsk 1700-talshistorie



Like dokumenter
Mægta menn. Sosiale nettverk og uformell maktutøving i norske bygdesamfunn på 1700-talet

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Til deg som bur i fosterheim år

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Etablering og drift av kraftselskap

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Ny strategiplan for Høgskulen

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Med god informasjon i bagasjen

IKT-kompetanse for øvingsskular

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Nynorsk i nordisk perspektiv

Informasjon til elevane

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

HORDALANDD. Utarbeidd av

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking


Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Tilgangskontroll i arbeidslivet

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Lønnsundersøkinga for 2014

Jon Fosse. For seint. Libretto

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Vestlandet ein stor matprodusent

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Sosial mobilitet Sosial mobilitet 1

Brukarrettleiing E-post lesar

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Internasjonal vidaregåande skule

«Ny Giv» med gjetarhund

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Den nye seksjon for applikasjonar

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Elevundersøkinga 2016

Vurdering av allianse og alternativ

Transkript:

Atle Døssland: Å studere patron-klient-forhold i norsk 1700-talshistorie Ein lett revidert versjon av eit føredrag halde på engelsk ved Universitetet i Edinburg 10.10.2007. Maktutøvinga i Danmark-Noreg på 1700-talet skjedde som vi veit ved hjelp av eit korps av embets- og ombudsmenn på ulike nivå. På papiret etablerte dette eineveldige regimet eit ryddig system med klar over- og underordning og kommandolinjer. Realiteten var ofte ein annan. Det gjekk andre typar uformelle maktutøving og bindingar på kryss og tvers. Eit sentralt spørsmål har vore kva type makt var det som betydde mest for folk flest. Var det den formelle makta med utspring frå hovudstaden København, eller var det ulike former for uformell maktutøving i region utøvd i lokalsamfunnet? Det er skrive mykje om den formelle makta, men kva med den uformelle? Dette kan for så vidt knytast til ein norsk historikardebatt i 1970-åra mellom Edvard Bull d.y., Sivert Langholm m.fl. på den eine sida og Jens Arup Seip på den andre om kva typar maktutøving i nyare tid som i røynda betydde mest for folk flest. Globalhistorikaren Niels Steensgaard skil i sine to bind i det mest brukte verdshistorieverket i Noreg, Aschehougs Verdenshistore (b.d 7 og 9)mellom den vesle makta og den store makta. Den vesle makta er ei uformell maktutøving som i mangt ligg nær opp til det vi nedanfor berre vil referere til som patron-klient-relasjonar. Også han poengterer at det var den vesle makta som betydde klart mest i det daglege livet for folk flest. Innanfor vår prosjektperiode, 1700-talet, er det naturleg å spørje om den vesle makta var til stades på ulike måtar i ymse regionar? Kan til dømes særtrekk innan bondenæring ha verka inn? Kva hadde nærleik eller større avstand til administrative knutepunkt å seie? Døme på uformell makt i det norske 1700-talssamfunnet Ein av dei fremste nolevande norske 1600- og 1700-tals historikarane, Øystein Rian, karakteriserer samfunnsforholda i Danmark Noreg slik: Patron-klientforhold skapte kraftige maktstrukturer fra kongen og nedover, bygd på gjensidig tillit og tjenester. Det oppstod hele 1

nettverk, der maktens menn og kvinner støttet og hjalp hverandre. ( )Nepotisme og favorittvesen på alle nivåer fra hoffet (lakeiisme) og nedover sikret embeter til menn med gode forbindelser som besatt varierende grader av embetserfaringer og ferdigheter. ( ) de øverste nivåene var mer utsatt for nepotisme og favorittvesen enn lavere ledd i embetsverket. Den gamle norske eliten var blitt koblet av fra elitenettverket lenge før 1660. Dens etterkommere klarte i liten grad å gjenerobre tapte posisjoner, til tross for at det norske bondesjiktet styrket seg igjen i løpet av 1700-tallet både økonomisk og i innflytelse. ( ). I staden bestod den regionale eliten av eit tynt sjikt av embetsmenn, i stor grad med framandt opphav. Dei vart rett nok nøydde til å stå i nokså nær kontakt med befolkninga. I og med at vårt prosjekt dreiar seg om møte mellom embetsmenn og bønder, vil vi her vere mest opptekne av patron-klientrelasjonar på dette lægste nivået, mellom den lokale/regionale embetseliten og bondestanden. Men det er også verd å merke seg at det fanst ei gruppe personar med omfattande borgeleg næring særleg på Austlandet og i Trøndelag, mange var eigarar av bergverk eller større sagbruk og dreiv omfattande eksporthandel. Desse var i endå sterkare grad enn embetsmennene i posisjon til å etablere klientnett. Øystein Rian har rett nok poengtert at det særleg på 1600-talet også var eit sterkt innslag av embetsmenn som samtidig dreiv borgarleg næring. Det vart færre slike på 1700-talet. Likevel eksistert dei. 26.8.1727 sende amtmann Erich Must i Romsdals amt brev til ein overordna embetsmann, stiftamtmannen i Trondheim. Must påstår at det vanskeleg kan liknast så mykje som 600 rdl i skatt på dei kondisjonerte i Romsdal fogderi. I Romsdal er det ikun gandske faae negotierende, der har den formue at betale noget høyt til saadan sum, undtagen den mægtige foget som fast allene har den største handling. Amtmannen skriv vidare om: min eeneste fiende i verden, som er fogden Børge Eeg og hans anhang. Amtmannen har vanskar med å få folk til å vitne om overgrep og feil i Børge Eegs rekneskap. Til og med dei elles så sjølvrådeige militære sjefane tør berre tale om dette i einerom. Futen står bak ordrar om å pryle amtmannens tenarar, jamvel når dei reiser i offentleg ærend, eller føre dei til fangehuset på futegarden, det sistnemnde har skjedd to gongar. Futen har også kontroll over postvesenet. Amtmannen tek difor ikkje risikoen med å sende fortrulege brev, men må ordne seg med brevsending til sine næraste overordna på privat vis. Futen Børge Eeg gjekk inn i ei rekke med futar i Romsdal med familieband frå generasjon til generasjon, altså eit dynasti. Av 2

andre kjelder veit vi at dette futedynastiet også bygde ut makta si ved å forskottere skattar og avgifter for mange av bøndene. Det er klart at vi her har med patronatsposisjon på grunnlag av maktutøving av to typar: For det første bygde han på økonomisk makt gjennom omfattande handel og forskottering. For det andre bygde han på den formelle makta til futen, han var handhevar av kongeleg lov og orden og stod for skatteinnkrevjinga. Kombinasjonen av dette gjorde han så mektig at han ope kunne setje til side ein overordna embetsmann som tydelegvis mangla eit tilsvarande kontaktnett og klientsystem. Desse to typane grunnlag for å etablere patron-posisjon skal vi komme tilbake til. Nokre næringsdrivande var mektige nok til at dei også sikra seg embetsmenn som klientar og såleis også fekk kjøpe seg del i den formelle maktutøvinga. Den mektige trondheimskjøpmannen Hans Hornemann dreiv mellom anna stor fiskehandel, men var også sterkt involvert i trelastnæring og bergverk i Trøndelag. Kring midten av 1700-talet hadde han makt nok til å få plassert ein av sine betjentar, Ole Alsing, som fut på Sunnmøre. Alsing stod for store fiskeoppkjøp for Hornemann for dei skattepengane han kravde inn som fut, medan Hornemann i neste omgang sørgde for dei nødvendige innbetalingar til kongens kasse i København. Dotter til Hornemann vart tvangsgifta med Alsing som eit ledd i denne ordninga. Seinare vart det brot imellom Alsing og Hornemann og jamvel skilsmisse med dottera. Men Ole Alsing hadde då lagt seg opp kapital og engasjerte seg seinare sterkt i eit ambisiøst bergverkstiltak innan distriktet sitt. Han kjøpte opp mange skoggardar i grannefogderiet Romsdal. Administrativt system som la til rette for patron-klient-relasjonar Det var visse sider ved det tilsynelatande sentraliserte eineveldige styringssystemet, visstnok det på papiret mest ryddige i Europa, som likevel la til rettes for uformell maktposisjonering. Ein ting var forpaktingssystemet. Det kan delvis ha vore for å avlaste futane at ein del av kongens inntekter frå 1670-åra vart lausrivne frå futens kontroll og rett og slett forpakta bort til høgstbydande. Dette galdt særleg inntekter som var særs arbeidskrevjande å få inn, til dømes tollinntekter, men også slik som småbøter for dei som fekk barn utan å vere gifte, slagsmål, helgedagsbrot o.a. ("sikt og sakefall"). Forpaktarane bygde sine eigne klientnett, men kunne også sjølve vere klientar i overordna uformelle nett. På 1600-talet var det likevel 3

ikkje sjeldan at futane sjølve, som privatpersonar, baud og fekk tilslag på forpaktingar. Forpaktarane stod utanfor amtmannens kontroll. Etter 1700 hadde ikkje futane lov til å ta på seg forpaktingar. Amtmannen påstod at mange av dei likevel var reelle forpaktarar, men at dei brukte stråmenn. Ei ekstra sikring for kongens inntekter vart forlanga av både futar og forpaktarar. Dei stod personleg ansvarlege for at kongen fekk det han skulle ha. Difor skulle dei også ha kausjonistar i ryggen. Kausjonistane var som regel lokale embetsmenn (mest prestar), handelsborgarar eller proprietærar. Men eg har også funne døme på at velståande bønder har stått som kausjonistar for futar eller forpaktarar. Det lar seg sjeldan påvise konkret kva dette fekk å seie for dei oppgåvene forpaktarane og futane skulle utføre. Men det var vel nærast sjølvsagt at dei ikkje kunne legge seg ut med sine eigne kausjonistar. Vi anar også her eit slags nettverk av patron-klint-typen. Sjølve lønssystemet, i sær til prestane, la også til rette for å etablere patron-klienttilhøve. Presten måtte i stor grad sjølv innkassere dei avgiftene han hadde rett til, og kunne gje fordelar til nokre framfor andre. I tillegg var han i kraft av embetet også ein større godseigar og hadde mange av bøndene som leiglendingar. Mange av embetsmennene gjorde elles alt dei kunne for å etablere seg som private godseigarar innanfor eige embetsdistrikt. Løna for fleire embetsmenn var elles såpass knapp at dei lett kunne bli kjøpe inn i klientroller under slike som dreiv omfattande borgarleg næring. Rundt om i bygdene budde det militære sjefar. For desse låg forholda godt til rettes for å bruke bondesoldatane som var innrullerte i kompaniet som klientar. Dei kommanderte dei gjerne ut i privat skyss, eller haustarbeidet på garden sin. Til gjengjeld støtta dei soldatane og drog dei unna makta til den sivile øvrigheita. Patronar og klientar innanfor bondesamfunnet På endå lågare nivå, innanfor sjølve bondesamfunnet eksiserte også i høg grad patron klient relasjonar. I skriftet Saa Maata frå 1723 skildrar den anonyme forfattaren ymse sider ved skikk og bruk og levekår mellom innbyggarane på Osterøy nær Bergen. Mellom dei elles så nøysame bøndene var det nokre som skilde seg ut ved å kle seg i sølv og stas i gjestebod og kyrkje. I bryllaup var dei mykje meir rause enn andre med pengegåver. Til gjengjeld fekk dei 4

ekstra ære ved å sitte nærast brurefolket ved bordet. Karane fekk etterpå danse med brura i rekkefølgje etter som dei var mægta til. Truleg var det den same gruppa mægta menn som hadde langt meir sølv og anna edelmetall enn andre (slik vi kan analysere det i arveskifte), og det var ofte dei som fekk viktige lokalombod som lagrettemenn, medlemer i skule- og fattigkommisjon, eller jamvel som lensmenn. (Døssland 1998: 94 96). I samband med den marknadsretta delen av bondeøkonomien høyrer vi også om forhold som kan minne om, eller førte fram til patron-klient-tilhøve. Nokre småbønder hadde vondt for å greie seg gjennom vårknipa og måtte ha hjelp av meir velståande grannar. Desse grannane hadde fartøy store nok til å føre ei større mengde varer til byen om hausten. Som betaling overlet difor småbonden då det vesle han hadde av salsvarer til storbonden som så inkluderte dette i si eiga last av byvarer. (Døssland 1998: 15) Vi kan spørje om slike relasjonar lettast oppstod der den marknadsretta delen av bondeøkonomien var mest omfattande. Regionale skilnader Økonomiske tilhøve verka opplagt inn på ulike typar av maktutøving. På Austlandet og i Trøndelag var bønder og anna allmuge i større grad enn vestlendingane underlagt økonomisk kontroll av verks- og brukseigarar - og byborgarskap som kunne støtte seg på konglege privilegium. Var bøndene dermed også meir undertrykte enn dei vestnorske bøndene? På den andre sida hang leiglendingssystemet lengre i på Vestlandet og så spørst det kva makt jordeigarar i røynda hadde. I kva grad kan den norske godseigarrolla også ha betydd patronrolle i høve til leiglendingar? Når bonden var sterkt innvoven i eit klientsystem var han kan hende også mindre opprørsk. Er det koplingar mellom dette og at bondeaksjonar på 1700-talet synst å ha hatt breiare oppslutning på Vestlandet enn på Austlandet? I tillegg kjem sjølvsagt også den geografisk avstanden til maktsentera og faste og militære garnisonar. Var embetsmennene i periferien meir einsame, mindre kontrollerte, men også meir sårbare enn dei som var nær maktsentra? I periferien var det såleis særs viktig for embetsmannen å bygge eit klientnettverk rundt seg. Han stod i nokså direkte kontakt med allmugen og trong avhengige personar som forlenga arm eller buffer inn mot folkemassen. 5

Men hadde dei økonomiske ryggrad til å bygge opp eit slikt nettverk? Eit middel var i alle høve å gje særfordelar til nokre gjennom omfattande korrupsjon. På Austlandet og i Trøndelag kan det altså ha vore vanlegast med brukseigarar og andre kapitalistar som patronar. På Vestlandet gjekk truleg embetsmennene oftare inn i denne rolla? Dei to typane patronatstilhøve Vi har dermed skilt i to hovudtypar patronatstilhøve: 1. Patronatstilhøve skapte av økonomisk dominans. 2. Patronatstilhøve skapte på grunnlag av formell maktutøving. Den første inneber altså at arten av patron-klient-relasjonar kan ha veksla i tråd med særtrekk i næringslivet. Brukseigarar inntok patron-rolla i kraft av forskotteringssystemet, og dei var understøtta av privilegieordningar. Vi har spurd om også godseigarar kan ha spela litt av same rolla (også fordi dei etter lova skulle legge ut skattar for leiglendingar som ikkje sjølve makta det). Det andre tilhøvet var kanskje svakare i og med at det var bygd opp kring embetsmannens rolle som maktutøvar på vegner av kongen. Men han trong i si einsemd eit nettverk for å vere i stand til å utøve denne makta. Han var heller ikkje betre kontrollert enn at han var i stand til å gje favorittar fordelar. Dei som hadde eller skaffa seg del i begge typar makt, både den økonomiske og den formelle, stod ekstra sterkt. Men embetskjøpmannen vart altså sjeldnare på 1700-talet. Kanskje kunne vi her supplere med patronatstilhøve basert på kulturell dominans. Der den eine parten stod for ein kultur med høg prestisje (hegemonisk). I så fall dreiar det seg om mentor-klient-relasjonar. 6

Vanskar med å studere patron-klient-tilhøve Det er lett å finne eksempel på og beskrive patrontilhøve. Ofte må vi likevel nøye oss med å finne teikn på, eller gjere det sannsynleg at det fanst slike nettverk. Slikt er det umogleg å kvantifisere. Vi står også i fare for å overdrive eller generalisere på tynt grunnlag. I prinsippet jaktar vi jo berre etter bekreftingar på at systema fanst og hadde mykje å seie. Det er viktig at vi no og då også er villige til å konkludere med å seie at i vårt undersøkingsområde ser det ut til at slike kontaktnett var sjeldne og mindre viktige. Kanskje var dei, for eksempel, mindre viktige i Noreg enn i andre land, som Skottland. Der er sjølvsagt også andre problem. Det kan vere vanskeleg å dra skiljeliner mellom normale økonomiske kontaktar og det som utvikla seg til patron-klientrelasjonar. Og kvar kan vi dra lina mellom diverse private måtar å delegere makt på den eine sida, og patron-klientrelasjonar på den andre? Sjølvsagt treng vi også ein strammare definisjon på kva patron-klienforhold verkeleg er. Det har ikkje vore temaet i denne framstillinga. 7