Forskrift sals- og skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk 1 Forskrifta regulerar 2 Stenge og skjenketider for serveringsstader 3 Salstider for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 (under 4,7 %) 4 Ambulerande skjenkeløyve 5 Kunnskapsprøva 6 Kontroll 7 Iverksetting 1
Heimel: Fastsett av Vågsøy kommunestyre 12.09.12 med heimel i lov av 2. juni 1989 nr 27 om omsetning av alkoholhaldig drikk m.v. (Alkoholloven) 3-7 og 4-4 og lov av 13. juni 1997 nr 55 om serveringsverksemd (Serveringsloven) 15. Definisjon på drikk: Alkoholfri drikk: Alkoholsvak drikk:: Alkoholhaldig drikk gruppe 1: Alkoholhaldig drikk gruppe 2 : Alkoholhaldig drikk gruppe 3: Brennevin: Drikk som inneheld under 0,7 volumprosent alkohol Drikk som inneheld mellom 0,7 og 2,5 volumprosent Alkohol Drikk som inneheld mellom 2,5 og 4,7 volumprosent alkohol Drikk som inneheld mellom 4,7 og 22 volumprosent alkohol Drikk som inneheld mellom 22 og 60 volumprosent alkohol All alkoholhaldig drikke med 22 volumprosent alkohol eller meir regnas som brennevin, uavhengig av framstillingsmåte. 1. Forskrifta regulerer: Opnings- og skjenketider for serveringsstader med løyve til skjenking av alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2, og 3. Salstid for alkohol med inntil 4,7 volumprosent (gruppe 1) i forretning med slik løyve. Kontroll med utøvinga av bevillingane Sanksjonar i samband med brot på alkohollova, forskrifter og/eller andre relevante lover og forskrifter 2 Stenge- og skjenketider for serveringsstadar med løyve til skjenking av alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3. a) Opnings- og stengetider Serveringsstadar i kommunen med løyve til skjenking av alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3 skal halde stengt mellom klokka 03.00 og klokka 06.00 b) Skjenketider Serveringsstader med alkoholløyve kan skjenke alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2, mellom klokka 08.00 og klokka 02.00. Det kan skjenkast alkoholhaldig drikk gruppe 3, mellom klokka 13.00 og klokka 02.00. Dersom det gis skjenkeløyve til uteservering, kan man skjenke frem til kl. 23.00. Fredag og laurdag kan det skjenkast til kl. 24.00 Serveringsstader som arrangerer slutta selskap føl same skjenketider. 2
3. Salstider for alkohol gruppe 1 i forretningar med salsløyve. Uavhengig av opningstidene i butikkane kan sal av alkoholhaldig drikk ikkje overskride fylgjande tider: Kvardagar Klokka 09.00-20.00 Laurdagar Klokka 09.00-18.00 Påske-, pinse-, jul - og nyttårsaftan Klokka 09.00-15.00 Dagar før søn- og helligdagar unntatt dagen før Kristi himmelfartsdag skal det ikkje seljast etter kl. 18.00 Det er ikkje lov å selje eller levere ut alkoholhaldig drikk på søn- og helligdagar, 1. og 17. mai, røystedagar for stortingsval, fylkestingsval, kommunestyreval og folkeavrøysting vedteke med lov. 4. Ambulerande skjenkeløyve Rådmannen har delegert mynde til å dele ut ambulerande skjenkeløyve til slutta lag og ved einskild høve. Løyvet skal vere i samsvar med Alkohollova med forskrift og kommunal forskrift. Løyve til slik skjenking vert gitt etter skriftleg søknad på fastsett skjema. Søknadsfristen er fire veker før løyvet skal nyttast. 5 Kunnskapsprøva Det er ikkje lov å utøve ei løyve utan at styrar og avløyser kan dokumentere at dei har stått på kunnskapsprøva om alkohollova. Kommunen er ansvarlig for å avhalde kunnskapsprøver for styrar og avløysar i verksemder som har eller søker om kommunal sals- eller skjenkeløyve. Kunnskapsprøva skal fornyast kvart 4. år, i samband med søknad om skjenke- og salsløyve. 6 Kontroll Kommunen har ansvar for kontroll med utøvinga av kommunal løyve til skjenking og sal av alkoholhaldig drikk i h.h.t. alkoholloven, alkohollovens forskrifter og lokal forskrift. Rådmann inngår avtale med kontrollør til kontrolloppgåver på sals - og skjenkestadar med sals - og serveringsløyve for alkohol. Jfr. tiltak i Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2012-2016. Helse og omsorgsutvalet er kommunen sitt kontrollutval i skjenkesaker. Kontrollrapportar vert sendt på fastsett formular til kommunen og løyvehavarane. Rapportane skal leggjast fram for Helse og omsorgsutvalet. 3
Internkontroll Løyvehavar og styrar pliktar å føre tilsyn med dei tilsette si utøving av sal og skjenking, og er ansvarleg for at dei tilsette blir gjort kjend med regelverket for sal og skjenking av alkoholhaldig drikk, og elles gitt den nødvendige rettleiinga for verksemda. Internkontrollen skal tilpassast verksemda sin storleik, eigenart, aktivitetar og risikoforhold og ha det omfang som er nødvendig for å overhalde krav i bevillinga, alkohollova og avgjerder fastsett i alkohollova. Internkontrollen skal dokumenterast i den form, og i det omfang, som er nødvendig på bakgrunn av verksemda sin storleik, eigenart, aktivitetar og risikoforhold. Dokumentasjonen skal til ei kvar tid vere oppdatert og tilgjengeleg for kontroll. I samband med internkontrollen pliktar løyvehavar å gjennomføre undervisninga "Ansvarleg vertskap". "Ansvarleg vertskap er et kursopplegg med vekt på en arena for godt samarbeid mellom kommune, bransjen og politi Mål: Ha gode og trygge serveringsstadar, mindre overskjenking, hindre skjenking og sal til mindreårige, samt å førebygge og redusere rusrelatert vald knytt til serveringsstadar." "Ansvarleg vertskap" er eit trepartssamarbeid mellom kommune, politi og næring. Kommunen vil stå som arrangør for undervisninga i samarbeid med politiet, og vil utstede bevis på at undervisninga er gjennomført. Eit slikt bevis vil vere eit kvalitetsstempel til skjenkestaden. 6. Sanksjonar Brot på reglane i denne forskrifta vert straffa i samsvar med retningslinjene i kapittel 10 i Alkohollova. Ein syner samstundes til 1-8 i same lov om inndraging av sals - og skjenkeløyve. a) Brot på Alkohollova, forskrift til denne, eller andre relevante lover og forskrifter kan føre til inndraging av sals - og skjenkeløyve. Inndraging kan skje på grunn av dom, vedtekne førelegg, politirapport og rapport frå kontrollør. b) Vedtak om inndraging vert gjort av kommunestyret etter tilråding frå Helse og omsorgsutvalet. Uttale frå løyvehavar skal ligge føre i alle instansar der sanksjonsreaksjonar skal handsamast. Jmf. forvaltningslova 16, 17 og 19. c) Norm for sanksjonar Ved 1. gongs brot på forskrift skal Helse og omsorgsutvalet gje skriftleg åtvaring. Oversikt over gjevne åtvaringar vil fylgje sakspapira ved gjentekne brot og søknader om fornying av løyvet. Ved 2. gongs brot på forskrift skal kommunestyret inndra løyvet for eit avgrensa tidsrom. 4
Fylgjande brot vert rekna som alvorlege:! Overskjenking! Synleg rusa personar i lokalet som ikkje vert vist vekk! Skjenking utanfor godkjent areal eller manglande kontroll med at skjenkearealet vert respektert av gjestane! Brot på forbodet mot alkoholreklame Fylgjande brot vert rekna som særleg alvorlege:! Avvik frå sals og skjenketider! Sal og skjenking til mindreårige, evt. manglande kontroll med alder! Manglande kontroll med alder på salspersonell. Norm for sanksjon ved alvorlege brot:! Ved 1. gongs brot; inndraging av løyvet for inntil 14 dagar.! Ved 2. gongs brot; inndraging av løyvet i 14 30 dagar.! Ved 3. gongs brot; inndraging av løyvet i minimum 30 dagar. Andre tilhøve som kan føre til inndraging:! Løyvehavar syner dårleg vandel i høve skatte- og avgiftslovgjevinga (manglande rekneskap, innsending av sjølvmelding, manglande oppgåver/ innsending av meirverdiavgift eller skattetrekk).! Manglande innbetaling av alkoholavgift.! Dersom løyvet ikkje har vore nytta på 1 år.! Ved gjentatt brot kan løyvet inndragast for resten av løyveperioden. Sanksjonar skal settast i verk så snart som mulig og utan ugrunna opphald. 7. Iverksetting Denne forskrifta gjeld frå 12.09.2012 til neste rullering. 5