HORDALAND FYLKESKOMMUNE 01.03.2010 Skyss REGLEMENT FOR TAKSTAR OG RABATTORDNINGAR FOR BUSS OG SNØGGBÅT I HORDALAND NYTT BILLETTSYSTEM Gjeldande frå 1. mars 2010 og inntil vidare 1. GENERELLE REGLAR Reglementet gjeld for buss og snøggbåt i Hordaland med nytt billettsystem. Reglementet gjeld også der transport med ferje er ein del av reisestrekninga. Rutetraseane i fylket er delt opp i soner, som er definert gjennom fyrste og siste haldeplass i den enkelte sona. Ved takstfastsetjing skal talet på soner frå påstiging til avstiging leggjast til grunn. Ved reise gjennom sone 110 (Bergen sentrum), skal denne sona ikkje telja med ved takstfastsetjing. Takstar går fram av dei til ein kvar tid gjeldande taksttabellar. Minstetakst gjeld for inntil to soner. For nattbuss gjeld eigne takstar. 2. ENKELTREISER - ENKELTSKYSS EnkeltSkyss gjeld for ei enkeltreise på ei bestemt strekning eller innanfor eitt område. EnkeltSkyss kan kjøpast av sjåfør ved påstiging, og den reisande må ta vare på kvitteringa under reisa. 2.1 Ordinær pris vaksen Gjeld personar frå fylte 16 år. Dersom tre eller fleire reiser saman, kan ein få grupperabatt (sjå pt. 2.7). 2.2 Rabatt for barn Barn frå 4 år og opp til fylte 16 år får 50% rabatt på ordinær pris. Barn inntil fylte 4 år reiser gratis. Ved tvil om alder kan det krevjast gyldig legitimasjon. 2.3 Honnørrabatt Honnørreisande får 50% rabatt på ordinær pris og gjeld: a) personar over 67 år b) uføre som har uførepensjon etter lov om folketrygd av 28. februar 1997 nr. 19 12-2 til 12-7 c) blinde d) ektefelle/registrert partnar som reiser saman med person som har rett til honnørbillett etter pt. a), b) og c) Døvblinde sine reisefylgje reiser gratis. Kvar døvblind kan ta med ein fylgjeperson gratis. Den som gjer krav på honnørbillett, skal legitimera seg med gyldig legitimasjon, det same gjeld ektefellen/partnaren. Personar som ikkje har fylt 67 år, men har uførepensjon, skal i tillegg syna legitimasjon frå trygdekontoret. Blinde skal i tillegg syna legitimasjon frå blindeforbund. Døvblinde syner eigen tilleggslegitimasjon. 2.4 Student-/lærling-/elevrabatt Studentar/elevar under 30 år som reiser gjennom minst 7 soner får 17% rabatt på ordinær pris og gjeld for: 1
a) heiltidsstudentar ved universitet og høgskular (også i andre fylke) b) elevar ved vidaregåande skular c) lærlingar og lærekandidatar. Ein lærling er ein som har lærekontrakt med sikte på fagprøve/sveineprøve, og ein lærekandidat er ein som har ein opplæringskontrakt med sikte på mindre omfattande prøve enn fag- og sveineprøve d) gjeld ikkje for vaksenopplæringselevar Gyldig legitimasjon for studentar er student-/skulebevis frå utdanningsinstitusjonar i Noreg, med dokumentasjon for betalt semesteravgift. Studentar ved utdanningsinstitusjonar i utlandet må syne fram internasjonalt studentkort (ISIC-card). Gyldig legitimasjon for lærlingar og lærekandidatane er som fylgjer: - personleg ID-kort frå bedrift, merka Lærling eller Lærekandidat - kopi av lærekontrakt - stadfesting frå bedrift om at vedkommande er lærling/lærekandidat og periode for lærekontrakt, påført namn og fødselsdato Personar som ved kontroll ikkje kan vise gyldig legitimasjon må betala gjeldande tilleggstakst. 2.5 Rabatt for vernepliktige og sivile tenestepliktige Vernepliktig mannskap (fyrstegongsteneste og HV-mannskap) og sivile tenestepliktige får 50% rabatt på ordinær pris. Lågaste takst er lik ordinær takst for 2 soner. Rabatten gjeld for den tenesteperiode som er påført Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID). FD-ID tener som legitimasjon. For innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som legitimasjon. 2.6 Familierabatt Ein vaksen eller honnørreisande på enkeltbillett kan ta med seg eitt barn (mellom 4-16 år) gratis. Barn inntil fylte 4 år reiser gratis. 2.7 Grupperabatt Ei gruppe er når tre eller fleire reiser saman. Vaksne i gruppa får 17% rabatt på ordinær pris. Barn og honnørreisande får ikkje særskild rabatt. Barn under 4 år reiser gratis og tel ikkje med i talet på reisande. 3. SKYSSKORTET Skysskortet er eit elektronisk reisekort som erstattar alle andre typar kort. Ein kan ha fleire reiseprodukt lagra på kortet, og det finst som både personleg og anonymt kort. 4. REISEPRODUKT Ein kan ha inntil åtte reiseprodukt lagra elektronisk på Skysskortet. 4.1 PeriodeSkyss 7 dagar, 30 dagar og 180 dagar PeriodeSkyss gjeld for eit uavgrensa tal reiser på ei bestemt strekning eller innanfor eit bestemt område. PeriodeSkyss er berre gyldig på eit personleg Skysskort, og gjeld i 7, 30 eller 180 dagar frå fyrste gong produktet vert brukt/aktivert. PeriodeSkyss må aktiverast innan 30 dagar etter kjøpsdato. Ved reiser utover dei sonene ein har gyldig PeriodeSkyss for, må ein betala tillegg ut frå prisar for EnkeltSkyss. Lågaste pris er lik pris for EnkeltSkyss for 2 soner, og ein betaler for dei soner ein ikkje har PeriodeSkyss for. 4.1.1 Rabatt for barn PeriodeSkyss for barn gjev 50% rabatt på ordinær pris. Gjeld for barn mellom 4 år og opp til fylte 16 år. 2
4.1.2 Honnørrabatt PeriodeSkyss for honnørreisande gjev 50 % rabatt på ordinær pris. For definisjon av honnør, sjå pt. 2.3. 4.1.3 Student-/lærling-/elevrabatt PeriodeSkyss for studentar og lærlingar under 30 år gjev 40% rabatt på ordinær pris, runda opp til næraste 5-kroner. For definisjon av student/lærling, sjå pt. 2.4. 4.2 DagSkyss DagSkyss gjev eit uavgrensa tal reiser innanfor området med eins takst i Bergen. DagSkyss er personavhengig og er gyldig i 24 timar frå første gong produktet vert brukt/aktivert, men er ikkje gyldig på nattruter. Det er lik pris for alle og ingen særskild rabatt for andre grupper (t.d barn/honnør/student/vernep./sivilt.). 4.3 UngdomSkyss UngdomSkyss er gyldig for personar frå og med fylte 16 år til og med den månaden ein fyller 20 år som er busette i Hordaland. Elevar i den vidaregåande skole som ikkje er fylt 16 år kan og kjøpe kortet, men må dokumentere gjennom inntaksbeviset at dei er elevar i den vidaregåande skolen. Ein må ha personleg Skysskort for å få UngdomSkyss. Ved kontroll må det synast gyldig legitimasjon. UngdomSkyss er gyldig på buss-, ferje- og snøggbåtrutene i fylket samt på lokaltog, og gjeld fram til eller frå fylkesgrensa. UngdomSkyss gjeld i 30 dagar frå første gong produktet vert brukt/aktivert. UngdomSkyss må aktiverast innan 30 dagar etter kjøpsdato. NB! Hugs å ta vare på aktiveringskvittering for framvising på reiser i områder med gamalt billettsystem og på NSB Lokaltog, ferjer og ekspressbussar. UngdomSkyss gjeld ikkje på nattbussruta, bortsett frå på Trygt heim -rutene. 4.4 SkoleSkyss-kort SkoleSkyss-kortet kan generelt berre nyttast til to reiser per skuledag mellom heim og skule, av den person det er utstedt til. SkoleSkyss-kort for grunnskulen er gyldig frå kl 05:00 til kl 19:00, og til kl 23:00 for vidaregåande skular. Kortet er gyldig i 10 månader og kan ikkje brukast på laurdagar og søndagar. Elevar som misser SkoleSkyss-kortet må dekka reiseutgifter fram til nytt kort er motteke. Reglar for skuleskyss går fram av skuleskyssreglementet. Elevar som nyttar SkoleSkyss må ved kontroll visa gyldig legitimasjon. 4.5 Mellombels skulereisekort Kortet vert nytta for skyss frå/til vidaregåande skule ved skulestart som mellombels reisebevis, i påvente av permanent skulereisekort. Kortet er gyldig i 4 veker (20 skuledagar) og går ut 30. september. Tapte og øydelagde kort vert ikkje erstatta. Elles gjeld reglar som for SkoleSkyss-kortet. 4.6 Nattakst For nattbussrutene gjeld eigne takstar. 3
5. KONTANTSKYSS KontantSkyss er eit betalingsmiddel på Skysskortet som gjev 17% rabatt på ordinær pris for EnkeltSkyss. Innskot på KontantSkyss er minimum 200,-, maksimum verdi er 1500,- Alle reiseprodukt kan betalast med KontantSkyss, men det vert ikkje gjeve ytterligare rabatt på produkt som allereie er rabatterte. 6. OVERGANG Gyldig overgangstid skal gå fram av billetten. Ved overgang(ar) til ny rute/linje må gyldig billett(ar) framvisast eller elektronisk sjekkast inn. Overgang må finna stad på næraste haldeplass for rute/linje det vert omstege til, eller næraste naturlege knutepunkt. Overgang gjeld ved vidarereise, men ikkje ved returreise. Med returreise meiner ein tilbakereise med same linje eller med andre linjer langs same trasé eller langs tilgrensande trasear som ligg innan naturleg gangavstand frå fyrste busstrasé. Overgang må finna stad innan 1 time etter at fyrste billett er kjøpt, med tillegg på 10 minuttar for kvar sone det er løyst billett for. Ved nokre overgangar kan den reisande verta pålagd å løysa ny billett ved terminalar/omstigingshaldeplassar. Ein får overgang til tredje buss ved framsyning av billett frå fyrste og andre buss. Overgangstid frå fyrste billett gjeld. 6.1 Overgang mellom ulike transportmiddel Når buss inngår i reisestrekninga før og etter ferje/lokalbåt/snøggbåt/tog, kan ein for andre busstrekning nytta overgangsordninga. Det vert ikkje gjeve prisreduksjon for båt- og togstrekningar, unnateke Snøggbåtruta Kleppestø Bergen. For gjennomgåande reiser med buss/båt/ferje kan PeriodeSkyss vaksen og student kjøpast til ein pris tilsvarande busstakst på den aktuelle strekninga. 7. REFUSJONAR Reiseprodukt og verdi på anonyme Skysskort vert ikkje erstatta og skal difor ikkje meldast inn. Refusjon av reiseprodukt og/eller restverdi (KontantSkyss) gjeld berre for personlege Skysskort. Erstatningsprodukt vert gjeve ut mot framvising av kvittering til sjåfør (ev. utsalsstad) i påvente av nytt kort. Ved tapt kort må ein rette seg til www.skyss.no, utsalsstad eller kundesenteret snarast råd for refusjon og bestilling av nytt kort. dersom følgjande er oppfylt på det tidspunktet tapet eller feilen vert meldt: PeriodeSkyss: Meir enn sju dagar igjen av gyldig periode UngdomSkyss: Meir enn sju dagar igjen av gyldig periode KontantSkyss: Restverdien er over kr 50,- 7.1 I sjukdomshøve Dersom ein grunna sjukdom ikkje kan nytte PeriodeSkyss 30 dagar og 180 dagar, kan refusjonskrav sendast til Skyss. 4
Refusjon vert gjeve mot legefråsegn, med 1/30 del av prisen pr. dag PeriodeSkyss ikkje har vore nytta, soframt dette er meir enn 10 dagar. Ein reknar at reiseproduktet har vore i bruk til og med innleveringsdagen. Har kortet som fylgje av omstenda, ikkje kunne vore levert inn til Skyss, kan refusjon likevel ytast mot fullgod legitimasjon for det tal dagar kortet ikkje har vore nytta. 8. REISEGODS O.L 8.1 Barnevogner, rullestolar og ski Barnevogner, rullestolar og ski vert teke med gratis så langt plassen tillet det. 8.2 Dyr Førarhund saman med betalande blind, og politihund saman med fullt betalande polititenestemann i uniform vert prioritert og reiser fritt. Elles skal det løysast barnetakst for hund. Maksimaltakst kr 40,-. 8.3 Syklar Syklar vert teke med dersom plassen tillet det. For desse vert det rekna barnetakst. Maksimaltakst kr 40,-. 5