Møteprotokoll Utval: Samferdselsutvalet Møtestad: Møterom 700, Fylkeshusa, Molde Dato: 17.04.2013 Tid: Kl. 11:15 14:50 Protokoll nr: 3/2013 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Oddbjørn Vatne Leiar SP Iver G. Nordseth Nestleiar V Bjarne Kvalsvik Medlem UAVH Petter Bjørdal Medlem AP Lilly Gunn Nyheim Medlem AP Helge Orten Medlem H Kirsti Hammerø Medlem H Frank Sve Medlem FRP Cine Finstad Austnes Medlem FRP Randi Walderhaug Frisvoll Medlem KRF Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Hege Merethe Gagnat Medlem AP Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Trygve Holm Hege Merethe Gagnat AP Frå administrasjonen møtte: Namn Samferdselsavdelinga Arild Fuglseth Magne Vinje Lage Lyche Stig Helle-Tautra Hilde Johanne Svendsen Maria Bolstad Dale Guri Viken Gry Halvorsen Frode Kvalheim Stilling Samferdselssjef Ass. samferdselssjef Seksjonsleiar Statens vegvesen Region midt Knut Ivar Nauste Avdelingsdirektør Marte Sørø Sekretariat: Namn Stilling Liv Turid L. Flemmen Konsulent
2 Om De har noko å merke til det som er ført inn i protokollen, vil sekretariatet gjerne bli gjort kjend med det snarast råd. Leiaren i utvalet, Oddbjørn Vatne, leia møtet. Samferdselsutvalet godkjende møteinnkallinga. Det vart vedteke at møtet var lovleg satt. Under den opne delen og før det ordinære møtet tok til heldt dagleg leiar i Molde Næringsforum, Britt Flo og ordførar i Rauma kommune Lars Olav Hustad ei orientering om Langfjordtunnelen AS. Frank Sve, Frp, bad etter denne orienteringa om eit kostnadsoverslag over Langfjordtunnelen AS til eit seinare møte i utvalet. Til saklista/spørsmål Frank Sve, Frp, fekk innvilga permisjon frå møtet kl. 12:30. Cine Finstad Austnes, Frp, fekk innvilga permisjon frå møtet kl. 14:30. Iver Nordseth, V, fekk innvilga permisjon frå møtet kl. 14:45. Petter Bjørdal, Ap, meldte forfall til neste møtet i utvalet 29. mai 2013. Trygve Holm har bekrefta at han møter som vara for Petter Bjørdal. Frank Sve, Frp, stilte spørsmål og ville ha ei orientering om ferjeproblematikken, verkstadopphald m m. Vidare stilte han spørsmål om ferje på Voldsfjorden: Volda-Folkestad og Volda- Lauvstad. Iver Nordseth, V, stilte spørsmål om ferjestrekninga Larsnes-Åram-Voksa- Kvamsøya. Han viste til RS-16/13 Marte Sørø, svarte/orienterte om desse spørsmåla. Bjarne Kvalsvik, Uavh, stilte spørsmål om forskottering av undergong på fv654. Vidare om framdrifta av Torsethøgda-Storneset og Larsnes-Breivikseidet. Ass. samferdselssjef Magne Vinje svarte. Randi Walderhaug Frisvoll, Krf, bad om ei orientering om NTP/Nordøyvegen. Trygve Holm, Ap, bad om ei orientering om Langevågsbåten havari/klage. Vidare bad han om informasjon om busstilbodet/sularuta. Ass. samferdselssjef Magne Vinje svarte på desse to spørsmåla.
3 Sakene vart handsama først og orienteringane til utvalet vart tekne til slutt i møtet. Orienteringar Avdelingsleiar Knut Naust, orienterte om mindreforbruket på vegar. Samferdselssjef Arild Fuglseth, heldt ei orientering om NTP. Samferdselsutvalet ønskte at det blir utarbeidd ein uttale frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Denne uttalen blir å handsame under førstkommande fylkestingssamling. Seksjonsleiar Lage Lyche, heldt ei orientering om OU-prosjektet på samferdselsavdelinga. Lage Lyche sette fram ønske om at 2 personar frå samferdselsutvalet skulle delta i dette prosjektet. Det vart vedteke at utvalet skulle kome med forslag til personar for dette prosjektet. Desse forslaga skal leiaren ha i Fylkestinget 22.-24.april. Saklista for dagen med tillegga/merknader vart godkjent. Møtet vart sett med 11 voterande. Sakene vart handsama i den rekkjefølgje som går fram av protokollen.
4 Saksnr Innhald Uoff SA-18/13 SA-19/13 SA-20/13 SA-21/13 RS-13/13 RS-14/13 RS-14/13 RS-15/13 RS-16/13 RS-17/13 RS-18/13 RS-19/13 Søknad om dekking av arkeologiske utgravingar for delutbygging av Fv654, Innfartsveg Fosnavåg Fråvikssøknad GSV-kulvert under fv. 64 i Eide sentrum Ruteendringsprosessen 2013 - Traseval for TIMEkspressen langs Gjemnesstranda. Forslag til endringar i togtilbodet Vanylven kommune - masseuttak mellom Fiskå og Eidså Ferja på Hjørundfjorden Uttale frå grendelaga - Ferja på Hjørundfjorden Kystvegen Ålesund Bergen Innlegg i Vestlandsnytt m.m Miljøtunnel Garneskrysset - E-post frå Geir Johan Gjerde, Gjerdsvika Krav om beredskapsferje - Voldsfjorden Omvegen over Hareid-Sulafjorden
5 SA 18-13 Søknad om dekking av arkeologiske utgravingar for delutbygging av Fv654, Innfartsveg Fosnavåg Samferdselsutvalet bad om at denne saka vart lagt fram for fylkesutvalet. Frank Sve, Frp, sette fram eit forslag til vedtak på vegner av seg sjølv, Randi Walderhaug Frisvoll, Krf og Helge Orten, H: Møre og Romsdal fylkeskommune finn å kunne gå inn med økonomisk støtte til arkeologiske utgravingar i samband med deler av ny innfartsveg til Fosnavåg. Endeleg løyving vert teke stilling til, etter at reguleringsplanen er godkjent. Oddbjørn Vatne, Sp, sette fram tillegg til forslag til vedtak frå samferdselssjefen: Viser til samrøystes vedtak i samferdselsutvalet 05.09.2012 punkta 3 og 4 sitat. 3. Alle kostnader knytt til prosjektet vert å rekne som ein del av kommunen sitt bidrag i tilknyting til den samla realiseringa av ny innfartsveg til Fosnavåg. 4. Prioritering av vidare framdrift for FV654 Innfartsveg til Fosnavåg blir å kome tilbake til ved seinare oppdatering av investeringsprogrammet for fylkesvegar. Røysting Det vart røysta alternativt mellom forslag til vedtak frå samferdselssjefen m/tillegget frå O. Vatne, og nytt forslag til vedtak frå F. Sve, R. W. Frisvoll og H. Orten. Forslaget frå F. Sve, R. W. Frisvoll og H. Orten fekk 6 røyster (2 frå Frp, 2 frå Høgre, 1 frå Krf og 1 frå uavhengig). Forslaget frå samferdselssjefen m/tillegget frå O. Vatne fekk 5 røyster og falt. Tilråding frå Samferdselsutvalet - 17.04.2013 Møre og Romsdal fylkeskommune finn å kunne gå inn med økonomisk støtte til arkeologiske utgravingar i samband med deler av ny innfartsveg til Fosnavåg. Endeleg løyving vert teke stilling til, etter at reguleringsplanen er godkjent. Frank Sve, Frp, fekk permisjon frå møtet kl 12:35.
6 SA 19-13 Fråvikssøknad GSV-kulvert under fv. 64 i Eide sentrum 10 voterande. 1. Samferdselsutvalet godkjenner fråvik frå vegnormalane i samband med bygging av ein GSV-kulvert under fv. 64 i Eide sentrum. Godkjenninga gjeld bygging av ein kulvert med mål høgde x bredde på 3,0 x 3,0 meter. 2. Samferdselsutvalet ber utbyggar om å gå i dialog med kommunen for å få til ei løysing som gir best mogleg sikt på vestsida av kulverten. SA 20-13 Ruteendringsprosessen 2013 - Traseval for TIMEkspressen langs Gjemnesstranda. Det vart utdelt e-post datert 17.04.2013 frå Gjemnes kommune v/ordføraren. E-posten vart lagt til saka som vedlegg. Samferdselssjef Arild Fuglseth la fram eit forslag til vedtak som samferdselsutvalet slutta seg samrøystes til: Samferdselsutvalet godkjenner framlagte ruteendringar for TIMEkspressen langs Gjemnesstranda. Samferdselsutvalet godkjenner framlagte ruteendringar for TIMEkspressen langs Gjemnesstranda. SA 21-13 Forslag til endringar i togtilbodet Møre og Romsdal fylkeskommune ber Samferdselsdepartementet, NSB og Jernbaneverket sjå på moglegheita for å: - Redusere ventetida på Dombås for reisande med Raumabanen. - Betra togtilbod frå Åndalsnes til Trondheim, anten gjennom redusert ventetid på Dombås og/eller fleire avgangar. - Få tidlegare avgangstid for natt-toget mellom Oppdal og Oslo, eventuelt at det vert sett opp (sove)vogn tidlegare på kvelden som kan koplast på sørgåande nattog. - I NSB sine rutetabellar bør korrespondanse med Raumabanen komme klart fram.
7 RS 13-13 Vanylven kommune - masseuttak mellom Fiskå og Eidså RS-13 m/vedlegg vart teke til vitande RS 14-13 Ferja på Hjørundfjorden Petter Bjørdal, Ap, Bjarne Kvalsvik, Uavh og ass. samferdselssjef Magne Vinje hadde ordet til RS-14. RS-14 m/2 vedlegg vart tekne til vitande. RS 14-13 Uttale frå grendelaga - Ferja på Hjørundfjorden RS 15-13 Kystvegen Ålesund Bergen Bjarne Kvalsvik, Uavh hadde ordet til denne referatsaka. Bjarne Kvalsvik, Uavh, ønskte å reise til konferansen for Kystvegen. Dette slutta Samferdselsutvalet seg til. Bjarne Kvalsvik, Uavh, melder seg sjølv på denne konferansen. RS-15 m/vedlegg vart teke til vitande. RS 16-13 Innlegg i Vestlandsnytt m m RS-16 m/vedlegg vart teke til vidande. RS 17-13 Miljøtunnel Garneskrysset - E-post frå Geir Johan Gjerde, Gjerdsvika Det vart utdelt eit vedlegg frå Geir Johan Gjerde, Gjerdsvika til referatsaka. Randi Walderhaug Frisvoll, Krp, hadde ordet i denne referatsaka.
8 Referatsak nr. 17 m/vedlegg vart teke til vitande. RS 18-13 Krav om beredskapsferje - Voldsfjorden Marte Sørø, Statens vegvesen Region midt orienterte i opninga av møtet om fleire ferjestrekingar ho hadde også ei orientering om beredskapsferje Voldsfjorden. RS-18 m/vedlegg vart teke til vitande. RS 19-13 Omveien til Sula imot til Giske RS-19 m/vedlegg vart teke til vitande.