Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab Vår dato 10.12.2014 2014/6974/MAMI/542.1 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. Overingeniør Mattis Mikkelsen, 71 25 84 21 Vår ref. Fjord Gadus AS Sighaug 6143 Fiskå Vurdering av behov for endra utsleppsløyve for Fjord Gadus AS sitt landbaserte anlegg på lokalitet 12235 Sighaug i Vanylven kommune. Vi viser til oversending frå Møre og Romsdal fylkeskommune av 12.11.2014 med søknad av 16.10.2014. Fjord Gadus AS søkjer om løyve til hald av stamfisk og klekkeri for rognkjeks ved lokalitet 12235 Sighaug, i tillegg til eksisterande produksjon av rognkjeks og bergylt. Det blir søkt om hald av inntil 1000 individ av stamfisk og eit klekkeri for inntil 2,5 millionar egg. Total biomasse av stamfisk og egg vil vere inntil 3750 kg og det vil nyttast maksimalt 5805 kg fòr per år. Anlegget på Sighaug har frå før eit løyve med endringar datert 17.01.2014 til produksjon av berggylte og rognkjeks med ei ramme på 2,5 millionar fisk, totalt 75 tonn per år og eit årleg forbruk av fór på 100 tonn. I søknaden blir det oppgjeve at total produksjon ved anlegget, medteken stamfisk og klekkeri, ikkje vil overstige denne ramma. I løyvet med endringar av 17.01.2014 legg Fylkesmannen til grunn at ny produksjonen ikkje overstig tidlegare produksjon av torsk ved anlegget. Fylkesmannen legg og til grunn at selskapa vil søkje om ei ny endring av løyvet når anlegget blir vidare tilpassa produksjon av fisk til lusenedkjemping, som omtalt i søknaden. Fylkesmannen kan i alle tilfelle endre eit løyve når det har gått 10 år etter at den blei gjeve, jf. forureiningslova 18. Fylkesmannen meiner dei omtalte endringane med hald av stamfisk og klekkeri kan drivast innanfor gjeldande løyve og finn det ikkje naudsynt med ei endring av løyvet. Gjeldande løyve datert 24.11.2006 med endring av17.01.2014 er tilgjengeleg på adressa http://www.norskeutslipp.no/webhandlers/pdfdocumenthandler.ashx?documentid=40206&d ocumenttype=t&companyid=19896&aar=0&epslanguage=no Med helsing Anne Melbø (e.f.) fagansvarleg Mattis Mikkelsen Postadresse: Fylkeshuset 6404 Molde Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Telefon: 71 25 84 43 Telefax: 71 25 85 10 E-post: postmottak@fmmr.no Web: www.fylkesmannen.no
side 2 av 2 kopi: Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset 6404 Molde Mattilsynet Postboks 383 2381 Brumunddal Vanylven kommune Rådhuset 6143 Fiskåbygd Fiskeridirektoratet region Møre og Romsdal Postboks 185 Sentrum 5804 Bergen
Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab Vår dato Vår ref. 17.01.2014 2014/298/MAMI/542.9 Saksbehandlar, innv alstelef on Dy kkar dato Dy kkar ref. Overingeniør Mattis Mikkelsen, 71 25 84 21 Fjord Gadus AS Sighaug 6143 FISKÅ Endra utsleppsløyve for Fjord Gadus AS sitt landbaserte anlegg på lokalitet 12235 Sighaug i Vanylven kommune. Endring av art frå torsk til rognkjeks og berggylte. Varsel om gebyr for saksbehandling. Fylkesmannen i Møre og Romsdal vedtek å endre Fjord Gadus AS sitt løyve etter forureiningslova for deira anlegg på lokalitet Sighaug i Vanylven kommune. Endringa gjeld byte av art frå torsk til rognkjeks og berggylte. Endra løyve med vilkår følgjer vedlagt. Varsel om plassering av saksbehandlinga i gebyrsats 3, verksemda skal betale eit gebyr på kr 5 500. Verksemda er plassert i risikoklasse 4. Vedtak om endring av løyve Vi viser til oversending frå Møre og Romsdal fylkeskommune av 13.01.2014 med søknad av 08.01.2014. Fjord Gadus AS søkjer om endring av løyve for lokalitet 12235 Sighaug til å gjelde produksjon av rognkjeks og berggylte i staden for torsk. Det blir søkt om årleg produksjon av maksimalt 2,5 millionar fisk, totalt 75 tonn og eit årleg forbruk av fór på 100 tonn. Fylkesmannen i Møre og Romsdal gir med dette løyve til produksjon av rognkjeks og berggylte med maksimal produksjon av 2,5 millionar fisk, totalt 75 tonn og eit årleg forbruk av fór på 100 tonn. Løyvet med dei vilkåra som høyrer med, følgjer vedlagt. Løyvet er gitt med heimel i Lov 1981-03-13 om vern mot forureining og om avfall (forureiningslova) 11 og 16. Løyvet er ei endring av følgjande løyve: Utsleppsløyve. Fjord Gadus AS - landbasert anlegg for oppdrett av settefisk torsk - Vanylven kommune, lokaliteten Sighaug, datert 24.11.2006. Postadresse: Fylkeshuset 6404 Molde Telefon: 71 25 84 43 Telefax: 71 25 85 10 E-post: postmottak@fmmr.no Web: www.fylkesmannen.no
side 2 Grunngjeving for vedtak om endring av løyve Marine Harvest Labrus AS har teke over aksjane i Fjord Gadus AS og ønskjer å nytte lokaliteten til produksjon av fisk til nedkjemping av lakselus. Det er i regionen for liten produksjonskapasitet for slik fisk klar til utsetting medan fleire klekkeri kan tilby yngel. For å kunne fylle behovet for slik fisk allereie denne våren har selskapa bede om at denne saka blir behandla raskt. Det er ikkje lagt fram innspel frå høyring og eller uttale frå Vanylven kommune. Fylkesmannen finn, ut frå behovet for ei rask avklaring og at endringa vil vere av mindre miljømessig betyding, at løyvet likevel kan endrast. Vedtaket om endring kan påklagast. Forskrift om rammer for vassforvaltning (vassforskrifta) stiller krav om at tilstanden i vatn skal vernast mot forringing, og at vassførekomstar skal ha minst god økologisk og god kjemiske tilstand. Ny eller utvida aktivitet kan tillatast sjølv om det medfører forringing, dersom miljøtilstanden fortsatt er minst god. Tilstanden i vassførekomsten Vannylvsfjorden er i dag beskrive som god (vann-nett.no). Karakteriseringa er basert på faglige vurderingar og det føreligg ikkje måledata frå vassførekomsten. Det er ikkje venta noko endring av tilstanden som følgje av endringane ved anlegget på Sighaug. Lov om forvaltning av naturens mangfald (naturmangfaldlova) stiller krav til kunnskapsgrunnlaget ved offentlige avgjerder som vedkjem naturmangfaldet. Søknaden med vedlegg, undersøkingar av miljøtilstand (MOM-B) og strømmålingar vurderast å oppfylle kravet til kunnskapsgrunnlaget, saman med tilgjengelige data i nasjonale databaser (Naturbase, Mareano, Vann-nett og Fiskeridirektoratets kart). Saka blir sett på som rimelig godt opplyst. Tilgjengeleg kunnskap gir ikkje fullstendig svar på kva effektar utslipp av næringssalt og medisinar kan ha på naturmangfaldet. Vurdering av samla verknad på økosystemet er derfor også noko usikkert. I slike tilfelle skal prinsippet om føre-var vurderast. Fylkesmannen finn ikkje grunnlag for å legge vesentleg vekt på dette prinsippet i dette tilfellet. Grunnen til dette er at endring av art vil føre til minimale endringar i utsleppstilhøva og at fjorden i området er vurdert til å kunne omsette det organiske materialet som blir sleppt ut. Dette samanhalde med dei samfunnsmessige forholda rundt oppdrettsnæringa, gjer at Fylkesmannen finn det rimelig å endre løyvet etter forureiningslova. Fylkesmannen legg til grunn for endringa at produksjonen ikkje overstig tidlegare produksjon ved anlegget. Grensa for produksjon kjem fram av søknaden og ramma for løyvet. Fylkesmannen legg og til grunn at selskapa vil søkje om ei ny endring av løyvet når anlegget blir vidare tilpassa produksjon av fisk til lusenedkjemping, som omtalt i søknaden. Fylkesmannen kan i alle tilfelle endre eit løyve når det har gått 10 år etter at den blei gjeve, jf. forureiningslova 18. Denne endringa skal ikkje vere til hinder for å endre løyvet av 24.11.2006, om det blir vurdert som naudsynt etter 18. Fylkesmannen finn at dei samfunnsmessige fordelane med ei betra nedkjemping av lakselus vil vere betydeleg, og samstundes at dei forureiningsmessige ulempene med ei endring av art frå torsk til rognkjeks og berggylte vil vere små. Fylkesmannen finn det difor rimeleg å endre løyvet på dei vilkåra som kjem fram av dette brevet.
side 3 Erstatningsansvar Utsleppsløyvet fritek ikkje for erstatningsansvar for forureiningsskade etter forureiningslova 10 og kapittel 8. Plassering i risikoklasse Verksemd med løyve etter forureiningslova skal plasserast i risikoklasse, jf. forureiningsforskrifta 39-3 og 39-6. Ved plassering i risikoklasse blir det teke omsyn til utslippets art og storleik samt til resipienttilhøva ved verksemda. Risikoklassa legg føringar for regelmessig kontakt mellom verksemda og Fylkesmannen og for gebyrstørrelse ved framtidig tilsyn. Fjord Gadus AS si verksemd ved 12235 Sighaug plasserast i risikoklasse 4. Plasseringa i risikoklasse er grunngjeve med at anlegget vil bidra med moderate utslepp av organisk materiale og næringssalt samt resipientens anteke evne til å omsette dette materialet. Vedtak om gebyr for saksbehandling Vi viser til Forskrift om begrensning av forurensning (forureiningsforskrifta) kapittel 39 om gebyr til statskassa for arbeid med løyve mv. Forskrifta er lagt ut på internett under fanen regelverk på www.miljodirektoratet.no. Papirversjon av forskrifta kan ein få ved å vende seg til Fylkesmannen. På bakgrunn av dei opplysningane som verksemda har gjeve i søknaden, varslast det at saksbehandlinga vil bli plassert under gebyrsats 3, jf. forureiningsforskrifta 39-3 og 39-5. Det betyr at Fjord Gadus AS skal betale et gebyr på kr 5 500 for saksbehandlinga. Frist for å kommentere på plassering i gebyrklasse er 3 veker. Klagerett Vedtak om løyve etter forureiningslova kan påklagast til Miljødirektoratet etter reglane i kapittel VI i forvaltningslova av partane i saka eller andre med rettsleg klageinteresse. Klage skal sendes til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker frå vedtaket har trådd i kraft, dvs. frå det tidspunktet anlegget har fått konsesjon etter akvakulturlova. Klagen skal vise til vedtaket som klagen gjeld og den eller dei endringar som klagar ønskjer. Klagen bør grunngjevast, og eventuelle opplysningar som kan ha verknad på saka bør omtalast. Dersom vedtaket blir påklagd, kan Fylkesmannen i Møre og Romsdal eller Miljødirektoratet vedta at vedtaket ikkje skal tre i kraft før klagen er endelig avgjort, jf. 42 i forvaltningslova. Partane i saken har rett til å sjå saksdokumenta etter forvaltningslova 18 og 19. Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil kunne gi nærare opplysningar om saksbehandlinga. Med helsing Linda Aaram (e.f.) ass.dir Mattis Mikkelsen Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.
side 4 Vedlegg: Endring av løyve etter forureiningslova for oppdrett av reinsefisk på lokalitet 12235, Sighaug i Vanylven kommune, Marine Harvest Labrus AS. Kopi med vedlegg: Mattilsynet Postboks 383 2381 Brumunddal Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset 6404 Molde Vanylven kommune Rådhuset 6143 Fiskåbygd Fiskeridirektoratet Postboks 185 Sentrum 5804 Bergen
Endring av løyve etter forureiningslova for oppdrett av reinsefisk på lokalitet 12235, Sighaug i Vanylven kommune, Marine Harvest Labrus AS. Løyvet med endringar er gitt i medhald av lov av 13. mars 1981 om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) 11, jf. 16. Det er satt vilkår i løyvet. Endring av løyve er gitt på grunnlag av opplysningar i søknaden av 08.01.2014 samt opplysningar som har kome fram under behandling av søknaden. Endringane i løyvet gjeld først frå det tidspunktet anlegget har fått løyve etter akvakulturlova. Dette løyvet erstattar ikkje tidlegare gitte løyve med endringar til Fjord Gadus AS datert 24.11.2006 Data om verksemda: Eigar av anlegget Fjord Gadus AS Postadresse Sighaug, 6143 Fiskå Lokalitet Sighaug Lokalitetsnummer 12235 Kommune og fylke Vanylven i Møre og Romsdal Kartreferanse EUREF89 i UTM-sone 32 Nord: 6922462 Aust: 0002490 Årleg produksjon og art maksimalt 2,5 millionar berggylte og rognkjeks, totalt 75 tonn og årleg forbruk av fór på 100 tonn Saksnr.: 2014/298 Løyvenr.: 2006.248.T Risikoklasse: 4 Løyve gitt: 24.11.2006 Endringsdato: 20.01.2014 Endringsnr.: 1 Linda Aaram Ass. direktør Mattis Mikkelsen overingeniør Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Postadresse: Fylkeshuset 6404 Molde Telefon: 71 25 84 43 Telefax: 71 25 85 10 E-post: postmottak@fmmr.no Web: www.fylkesmannen.no
side 6 Utsleppsløyve. Fjord Gadus AS - landbasert anlegg for oppdrett av settefisk torsk - Vanylven kommune, lokaliteten Sighaug, datert 24.11.2006. Vi viser til oversending frå Fiskeridirektoratet region Møre og Romsdal datert 23.08.2006 Med heimel i forskrift om Møre og Romsdal einskapsfylke, godkjent av Kommunal- og regionaldepartementet 22.12.2003, er fylkesmannen si myndigheit etter forureiningslova lagt til Møre og Romsdal fylke i ein forsøksperiode frå 01.01.2004. I medhald av 11 og 16 i Lov om vern mot forurensningar og om avfall av 13. mars 1981 (heretter forureiningslova), gir Møre og Romsdal fylke med dette Fjord Gadus AS løyve til utslepp til luft og vatn frå eit landbasert oppdrettsanlegg på følgjande lokalitet: Lokalitet Kommune Art Omfang Varigheit ----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- Sighaug Vanylven torsk 2,5 mill ind.settefisk permanent Løyvet gjeld på dei spesielle og generelle vilkår som følgjer vedlagt. Vi gjer særskilt merksam på at kravet til utslepssdjupne er noko større enn det er søkt om Ramme for løyvet: Løyvet gjeld frå det tidspunkt anlegget har fått konsesjon etter oppdrettslova. Dersom anlegget ikkje har etablert seg, utvida eller flytta innan 2 år, må det etter forureinings lova 20 gjevast melding til fylket som avgjer om det må sendast inn ny søknad. Løyvet gjeld for utslepp frå landbasert produksjon av settefisk av torsk, samt matfisk av kveite innanfor lokaliteten Mjølstadneset i Herøy kommune. Maksimal produksjon skal vere 2,5 mill settefisk torsk. Løyvet gjeld også for utslepp frå avfallshandtering, medisinering, fôrtillaging og reingjering av produksjons - utstyr knytt til verksemda ved anlegget. Reingjering og impregnering av oppdrettsnøter er regulert gjennom "Forskrift om regulering av forurensning fra vask og impregnering av oppdrettsnøter" (www.lovdata.no). Løyvet gjeld ikkje for slakting/sløying av fisk. Grunngjeving: Landbasert produksjon gir betre høve for kontroll med utslepp dersom problem skulle oppstå. Resipienten utsleppet påverkar har god sirkulasjon, og anlegget vil etter vår vurdering ikkje medføre vesentlege forureiningsproblem. Anlegget har tidlegare produsert settefisk av laks. Dette inneber utslepp av ferskvatn, som på grunn av vekta vil stige opp og ta næring med seg (ekstra) næring til overflata. Av den grunn kan ein akseptere utslepp på grunt vatn. Utslepp av forureinga saltvatn bør leggast lengre ut for å unngå lokale forureiningsproblem. Dette er bakgrunnen for kravet om ny utsleppsdjupne.
side 7 VILKÅR FOR LØYVET 1. UTSLEPP TIL VATN 1.1 Fôr Ved fôring av fisken skal tap og spill av fôr reduserast mest mogeleg. Det er berre tillete med bruk av tørrfôr eller mjukfôr. Definisjonar: Mjukfôr/pellets: Oppmalt fisk/fiskeavfall, tilsett så mykje bindemiddel at det kan fôrast ut som pellets utan å gå i oppløysing.tørrstoffinnhald > 50 % Tørrfôr: Tørrstoffinnhald > 90 % 1.2 Fôrkjøkken Avløpsvatn som inneheld feitt frå fôrkjøkken skal passera feittavskiljar før utslepp. Feittavskiljaren skal utformast, dimensjonerast og drivast i samsvar med NTNF-Indrens veiledning nr. 1. Utsleppsleidning skal førast ut i sjøen slik at munningen ligg på minst 20 m djupn og minst 20 m frå strandkanten (ved middelvasstand). Leidningen må forankrast slik at den ikkje flyt opp eller endrar plassering. Plassering av leidningen må gjennomførast og avmerkast i samråd med Kystverket. 1.3 Medisin/kjemikaliar Bruk og utslepp av medisin, insekticid, desinfeksjonsmidlar mm. skal skje i samsvar med gjeldande regelverk/retningsliner frå forureiningsstyresmaktene. Ved foring med medisinfôr skal mest mogeleg av fôrspill og ekskrement samlast opp ved hjelp av sil, filter o.l. Oppsamla fôrspill/ekskrement skal handterast i samsvar med pkt 4. 1.4 Sanitæravløpsvatn Utslepp av sanitæravløpsvatn frå personalrom mm må godkjennast av kommunen i samsvar med gjeldande reglar for utslepp. 1.5 Utforming av anlegg/rensing Alle oppdrettskar skal vera av sjølvrensande type. Tilhøva skal leggjast til rette for eventuell seinere rensing av avløpsvatnet. 2. UTSLEPP TIL LUFT Fôrlagring og fôrtillaging, spyling, reingjering og tørking av nøter, handtering av avfall samt andre aktivitetar ved anlegget skal føregå på ein slik måte at dei ikkje fører til urimelege luktulemper for naboar mm. 3. STØY Anlegget skal utformast og drivast slik at det ikkje oppstår urimelege støyulemper. Grenseverdiar for tillatt støy følgjer SFT sine til ei kvar tid gjeldande retningslinjer for avgrensing av støy frå industri m.v. 4. AVFALL OG SLAM 4.1 Produksjonsavfall og slam Død fisk, fôrrestar, slam, feitt o.l skal handterast slik at det ikkje oppstår forureiningsmessige
side 8 ulemper. Død fisk skal takast opp av produksjonseiningane minst ein gong kvar dag i sommarhalvåret og minst ein gong annankvar dag i vinterhalvåret. Når det døyr meir fisk i anlegget enn vanleg, skal frekvensen aukast tilsvarande. Avfallet skal behandlast slik at det i størst mogeleg grad kan utnyttast til fôr. Oppsamla død fisk skal konserverast straks ved ensilering, frysing e.l. og førast til eige lager. Ved ensilering skal fisken kvernast. Alt avfall skal leverast behandlingsanlegg som er godkjent av SFT. 4.2 Medisin- og kjemikalierestar. Unytta restar av medisinfôr, antibiotika, insekticid samt andre spesielt miljøfarlege stoff inkludert emballasje skal samlast og lagrast forsvarleg før avhenting ved produsent eller annan instans som er godkjend av styresmaktene. Det same gjeld for oppsamla fôrrestar og ekskrement som inneheld antibiotika. 4.3 Anna avfall Emballasje o.l. samt alt anna avfall som ikkje er omfatta av pkt. 4.1 og 4.2 skal førast til godkjent avfallsanlegg for slike avfallstypar. 5. LAGRING AV MEDISIN OG KJEMIKALIAR Medisin, insekticid, kjemikalium mm skal lagrast forsvarleg og avlåst slik at dei ikkje er tilgjengelege for uvedkomande. Lagerlokalet skal utformast slik at spill ved uhell e.l ikkje vert slept ut, men kan samlast opp. Dette kan f.eks. sikrast ved hjelp av oppsamlingstankar eller ved å laga kantar som gjer eit stort nok volum. 6. KONTROLL 6.1. Rutinar for vedlikehald. Verksemda pliktar å føre jamleg tilsyn og kontroll med fôringsutstyr, eventuelle reinseanlegg mm, slik at desse alltid vert drivne mest mogeleg effektivt. For å sikra dette, skal verksemda driva rutinemessig førebyggjande vedlikehald og ha eit rimeleg reservelager av dei mest utsette komponentane. 6.2 Kontroll Verksemda skal registrera og journalføra følgjande data; -antibiotika, type og mengde -insekticid, type og mengde -andre kjemikalium avfallsmengder og disponeringsmåte Journalen må takast vare på ved anlegget i minst 2 år og vera tilgjengeleg ved kontroll/inspeksjon.
side 9 Verksemda pliktar å la representantar for Møre og Romsdal fylke og dei etatar og institusjonar som har fullmakt frå fylket inspisera anlegget når dei måtte ynskja det. 6.3 Årsrapport Dersom fylket krev det skal det utarbeidast ein rapport som viser siste års produksjon, avfallsmengder og håndtering, samt forbruk av for, medisin m.m. Årsrapporten skal leverast på standard skjema. 7. RESIPIENTGRANSKINGAR Bedrifta pliktar å koste eller delta i dei granskingar fylket finn det naudsynt å gjennomføre for å kartlegge anlegget sin forureiningseffekt på resipienten, jfr. forureiningslova 51. Bedrifta kan og verte pålagt å betale ein forholdsmessig del av kostnadane ved eit resipientundersøkingsprogram for området der anlegget er plassert. 8. GENERELT 8.1 Eigenkontroll og ansvar Verksemda pliktar, gjennom instruksar, kontroll og andre tiltak, å syta for at drifta av anlegget skjer slik at ulemper og skadeverknader vert mest mogeleg avgrensa. 8.2 Akutte utslepp Verksemda pliktar å gjennomføra tiltak med sikte på å unngå akutte utslepp av f.eks antibiotika, kjemikalium o.l. Dersom det oppstår akutte utslepp skal fylket varslast så snart som mogeleg. 8.3 Forureiningsgebyr og straffeansvar Forureiningsstyresmaktene kan etter 73 i Forureiningslova gjera vedtak om forureiningsgebyr for å sikra at reglane i lova og vilkåra i dette løyvet vert etterlevde. Brot på vilkåra i løyvet er straffbart etter kap.10 i Forureiningslova. 8.4 Endring av utsleppsløyvet Dersom fylket finn det naudsynt, kan han krevja at ytterlegare tiltak vert gjennomførde for å hindra eller redusera forureining frå oppdrettsanlegget. Eventuelt kan han krevja at anlegget vert flytta når krava i 18 i Forureiningslova "om endring og omgjøring av tillatelse" er oppfylte. 8.5 Nedlegging, eigarskifte, konkurs Ved eigarskifte, inkludert eigarskifte i samband med konkurs, må det gjevast melding om dette til forureiningsstyresmaktene innan 4 veker. Det same gjeld ved endring av namn. Ved nedlegging av drifta, f. eks. på grunn av konkurs, skal det også gjevast melding til forureiningsstyresmaktene, jfr. 20 i Forureiningslova. Verksemda er ansvarleg for rydding og istandsetting av det området som har vore i bruk, jf 20 i Forureiningslova.