Nytt tiltak etter modell av NRK Nynorsk mediesenter

Like dokumenter
NRK Nynorsk mediesenter er ein døropnar

STATUSRAPPORT NRK Nynorsk mediesenter

Nynorsk mediesenter. Status Stolt nynorsk. Dyktig. Frodig. Framfus

Fire har fått fast jobb

Vi er stolte og glade

88,5 % av nynorskpraktikantane arbeider i media

STATUSRAPPORT NRK Nynorsk mediesenter

Frå venstre: Jonas Sætre, Gry Brekke Hustveit, Ingvild Nave, Ingrid Brandal Myklebust og Christian Wiik Gjerde

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Fleire nynorskpraktikantar i fast arbeid i NRK

Kvinnestyrt NRK Nynorsk mediesenter

«Ny Giv» med gjetarhund

STATUSRAPPORT NRK Nynorsk mediesenter

KULTURDEPARTEMENTET SIN

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Søkjartalet vårt auka mykje i 2014, trass i dystre utsikter til arbeid i media. Over femti søkjarar i april og førti i oktober.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

rsk rn1 II' ^ ff LI u IL^^fJ

Nynorskprisen for journalistar

- Lærerikt og kjekt, men svært travelt

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

- Vellukka omtale for Nynorsk mediesenter

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Åttande kullet. Prosjektleiar Marianne Mikkelsen i NRK FleRe saman med nynorskpraktikantane Eline Buvarp Aardal, Håvard Tvedte og Ingunn Viken.

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

NYNORSK MEDIESENTER rapport 2003

Valdres vidaregåande skule

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Gode søkjartal, mest vestlendingar

14. Radio og TV. Liv Taule

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

STATUSRAPPORT NRK Nynorsk mediesenter

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

-r%i' Nynorsk mediesenter. Status av. Stolt nynorsk Dyktig - Frodig - Framfus. ' é

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

20 på Marienlyst 23 i distrikta

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kvalitetsplan mot mobbing

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Brødsbrytelsen - Nattverden

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Frå venstre: Astrid Marie Grov(1984), Ingvil Aaen Torpe (1982), Kristin Vestreim (1982), Mari Langva (1986) og Gunn Evy Auestad (1986).

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Månadsplan for Hare November

1-ff-^^^ nt^^ Status per

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Nynorsk mediesenter. Status pr Stolt nynorsk. Dyktig. Frodig. Framfus

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

I N N H O L D. Forord

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Til deg som bur i fosterheim år

Den nye seksjon for applikasjonar

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

STATUSRAPPORT Februar 2015

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Om lokalaviser og lokalt engasjement

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Transkript:

Nytt tiltak etter modell av NRK Nynorsk mediesenter Hausten 2013 satsar Firda Media på å ha i gong eit Nynorsk Avissenter i Førde, etter modell av NRK Nynorsk mediesenter. Føremålet er å lære opp journalistar for nettsider og aviser som brukar nynorsk. - Årleg vert det gjeve ut om lag 500 bøker på nynorsk. Vi har 59 nynorskaviser i landet som publiserer tekst som tilsvarar 2100 bøker. Det syner at lokalavisene er ein svært viktig berebjelke for det nynorske språket, seier redaktør Ynge Årdal i Firda. Senteret har så langt fått støtte frå Amedia og Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane. Dei har også søkt Vinjefondet om pengar til avissenteret. - Vi tykkjer det er kjekt at det vert meir opplæring av nynorskbrukande journalistar i Førde og kjem til å samarbeide med Nynorsk Avissenter der det let seg gjere. Om dei har nytte av dei røynslene vi har gjort deler vi gjerne dei, seier Magni Øvrebotten i NRK Nynorsk mediesenter. Det er andre gongen NRK Nynorsk mediesenter vert modell for eit slikt systertiltak. Fyrste gongen var då NRK FleRE, for rekruttering av fleirkulturelle journalistar, vart skipa i 2008. Dei har tilpassa opplegget til eigne behov og tek no opp stipendiatar for eitt år, i samarbeid med redaksjonar som forpliktar seg til å ha dei i praksis. FleRE på Førde-besøk I FleRE er no det åttande kullet under opplæring, og 5. november inviterte vi dei, faglærarane og leiaren til oss på besøk. Det var fyrste gongen FleRE kom til Førde, elles brukar dei og nynorskpraktikantane å møtast når vi er i Oslo. Programmet var ei sams førelesing med Ingunn Solheim, om den engasjerte journalisten og om vegen hennar frå nynorskpraktikant i Førde til politisk reporter i Dagsrevyen. Om kvelden var vi på Fjordamattunet i Jølster, der Kari Støfringsdal lærde oss å lage maten før vi fekk han servert.

- Å bli vist så mykje tillit gjev sjølvtillit Det syttande kullet med nynorskpraktikantar byrja på opplæringa i Førde 20. august og er ferdige her til jul, men to av dei held fram med ekstern praksis i NRK Sogn og Fjordane. Tale Høyem (1990) skal til Tyholt med kombinert praksis i P3-nyhenda og programmet «Verdens rikeste land». Kjersti Hetland (1985) til Dagsrevyen. Marte Halsør (1988) skal til Dagsnytt. Jon Bolstad (1987) skal ha praksis i dk-redaksjonen i Førde og Stine Kyrkjebø Johansen (1990) skal også vere der, men ho skal i tillegg lage innslag for Supernytt. Dei skal ha to månader ekstern praksis frå 3. januar 2013. Vi har bedt dei fem om ei kort oppsummering av livet som nynorskpraktikantar: Marte Halsør: - Det var skummelt å kaste seg ut i noko nytt, utan å vite kva eg gjekk til. Men opplæringa eg har fått på Nynorsk mediesenter har vekt både nysgjerrigheita og journalisten i meg. Å bli vist så mykje tillit når ein framleis er så fersk har og vore med på å gje meg meir tru på meg sjølv. Det er utruleg å tenkje tilbake på kor mykje eg har lært på desse intensive månadane. Det er langt meir enn eg trudde då eg begynte. Her har eg fått utfordra meg sjølv, og gått langt utanfor mi eiga komfortsone, og gjennom denne læreprosessen har eg fått erfaring som eg ser fram til å ta med meg vidare ut i praksis. Stine Kyrkjebø Johansen: - Å vere nynorskpraktikant gir deg ei oppleving for livet. Aldri før har eg lært så mykje på så kort tid. Det har vore eit supert opplegg og innhaldsrike dagar. Kvar dag har eg lært noko nytt. Journalistyrket er mykje meir enn eg hadde trudd og har verkeleg gjeve meg meirsmak. Vi har fått møte dyktige, inspirerande og tolmodige personar som har lært oss det dei kan. Eg gler meg til å ta med meg lærdomen frå praktikant tida vidare i livet. Jon Bolstad: - Eg var veldig spent då eg møtte opp til første dag som nynorskpraktikant. Eg visste ikkje heilt kva eg gjekk til. Men i dag er eg veldig glad for at eg søkte på stillinga som nynorskpraktikant og føler meg veldig heldig som fekk plass. På dei fire første månadane har eg blitt kasta ut på djupt vatn og verkeleg fått prøvd meg. Å lære noko ved å gjere det tykkjer eg er det absolutt beste. Samstundes har eg blitt tatt godt i mot på huset, og lært enormt mykje av mange dyktige folk. Tale Høyem: - Som nynorskpraktikant har eg fått nye utfordringar kvar einaste dag. Gjennom evalueringar og tilbakemeldingar har eg fått høve til å utvikla meg mot å bli ein god journalist. Det har vore kjekt å få lov til å prøva seg både på nett, radio og TV. Det følast bra når ein kan meistra både lyd, bilete og tekst. Kjersti Hetland: - Det er mange ting ein kan angre på her i livet, men å bli nynorskpraktikant er neppe ein av dei. Desse månadene her i Førde har vore lærerike, intensive og ikkje minst inspirerande. Det har vore ein perfekt kombinasjon av praktisk og teoretisk læring. Etter fleire år på universitetet var det spesielt fint å koma inn i eit mindre læringsmiljø, med lærarar som heile vegen har gitt meg tilbakemeldingar på det eg har gjort. I tillegg til dei dyktige faglærarane på huset har me også hatt fleire inspirerande gjesteførelesarar, og hjelpsame kollegaer i NRK Sogn og Fjordane, som har latt oss få prøve ut det me har lært i praksis, til og med på direkten! Eg kjenner meg privilegert som har fått høve til å vera nynorskpraktikant.

Kull 18 med fyrste nynorskpraktikanten frå Vest-Agder Frå venstre: Inger Johanne Ruset, Trond Espen Bjoland, Adalheidur Oldeide, Vegard Tjørhom og Hanne Christin Våge (Foto: Tone Lin Støfring/NRK) Den 3. januar 2013 byrjar kull 18 ved NRK Nynorsk mediesenter. Dei fem praktikantane kjem frå Sirdal i Vest-Agder, Stord og Sotra i Hordaland, Vågsøy i Sogn og Fjordane og Valldal i Møre og Romsdal. Det er fyrste gongen vi har ein nynorskpraktikant frå Vest-Agder. Det er alltid kjekt når vi lukkast med å få tak i nynorskbrukarar frå dei områda der språket vårt taper terreng, og Agder-fylka er diverre eit slikt område, seier Magni Øvrebotten. Dette er kull 18: Inger Johanne Ruset (1985), frå Lingegrenda,Valldal på Sunnmøre. Ho er nettjournalist i det finske medieselskapet Futuvision Media, med base i Tammerfors, og Kina som spesialfelt. Ruset har ein dobbel mastergrad i media og kommunikasjon frå universitet i London og Kina. Elles har ho ein bachelor i samanliknande politikk og ein i medievitskap frå Universitetet i Bergen. Medan ho studerte der var ho PR-ansvarleg for Studentersamfunnet og aktiv i Studentradioen i Bergen. Ho har vore aktiv i ei rekkje lag og organisasjonar. - For meg er nynorsk eit bruksspråk, og eg tykkjer det er viktig at det ikkje vert eit elitespråk, seier Inger Johanne Ruset Trond Espen Teigen Bjoland (1993), frå Ågotnes, på Sotra i Hordaland. Han var ferdig ved Sotra vidaregåande skule i vår. Aktiv i Sotra AUF, der han mellom anna har vore leiar. Medlem av Fjell kommunestyre for Arbeiderpartiet. Varamedlem til komiteen for finans og forvalting. Han spelar i band og deltek på konsertar, konkurransar og speleoppdrag. - Det var på vidaregåande at eg fekk lyst til å bli journalist. Eg har alltid likt å skrive og vore fasinert av media og journalistikk, seier Trond Espen Bjoland. Adalheidur Audardottir Oldeide (1988), frå Holvik i Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane. Halvt islandsk. Busett i Bergen og har arbeidd for Leger utan grenser sidan 2008. Ho har eit årsstudium i medievitskap frå Universitetet i Bergen og var aktiv nyhendejournalist i Studentradioen medan ho studerte. - Eg kjenner fleire som har fått journalistopplæringa si i NRK Nynorsk mediesenter, og dei har klart seg godt. At nyhende og nynorsk står så sentralt i den praktiske opplæringa er svært forlokkande for meg, seier Adalheidur Oldeide. Vegard Tjørhom (1987), frå Sirdal i Vest-Agder. Han studerer statsvitskap og fransk ved Universitetet i Oslo, og har vore sommarvikar i både Stavanger Aftenblad, Vårt Land og Dalane Tidende. Tjørhom var eittåring i Mali, for Det Norske Misjonsselskap, og er leiar i Strømmestiftelsen sin ungdomsorganisasjon, RE:ACT.

- Nynorsk er diverre ei utdøyande målform der eg kjem frå. Dei fleste ungdommane heime i Sirdal oppfattar nynorsk som vanskeleg og traust. Det har eg gjort sjølv også, men det vart ikkje til at eg bytte til bokmål. No er eg stolt av at eg meistrar både nynorsk og bokmål godt, og gjennom NRK Nynorsk mediesenter håpar eg å bli endå betre i nynorsk, seier Vegard Tjørhom. Hanne Christin Våge (1992), frå Stord i Hordaland. Busett i Trondheim, der har ho studert filmvitskap og arbeider i nettredaksjonen til studentavisa Under Dusken. Våge har vore sommarvikar og frilansar for Bladet Sunnhordland. - Eg vil berre bli journalist og eg lærer best gjennom praktisk arbeid. Difor er opplegget til NRK Nynorsk mediesenter som skreddarsydd for meg, seier Hanne Christin Våge. Siri Kleiven Strøm programleiar for «Norge i dag» - Ut på nyåret blir Siri Kleiven Strøm ein av programleiarane for programmet «Norge i dag» i NRK1, fortel distriktsredaktør Vigdis Holmaas i NRK Hordaland. Det er Bergen som er sendestad for dette programmet. Siri Kleiven Strøm (1987) har varma opp til oppgåva som vikar for programleiarane i Vestlandsrevyen og tydelegvis overtydd leiinga på Minde om at ho er klar for riksnettet. Ho gjekk på kull 10 med nynorskpraktikantar, våren 2009, hadde den eksterne praksisen sin i Bergen, og har studert samanliknande politikk og arbeidd i NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland etterpå. Ho er fast tilsett i Bergen. Solveig Hareide (1983) skal vere programleiar for Klassequizen i NRK1 11. mai 2013. Det er finalen i kunnskapskonkurransen for 10.klassingar, som for tida går i distriktssendingane på radio. Til saman deltek 316 skular og kvar fylkesvinnar får 5000 kroner til klassekassen, og får vere med på den store landsfinalen. Solveig Hareide gjekk på det andre kullet med nynorskpraktikantar (våren 2005) og har vore programleiar for både Newton og Kosinus i NRK1. Ho er fast tilsett på Tyholt for å arbeide med barne- og ungdomsprogram.

Fast jobb Sidan siste statusrapport har Ingvild Aaen Torpe (1982) fått fast jobb i riksdelen av NRK Hordaland. Ho har vore vaktsjef for programmet «Førkveld», som nyleg vart lagt ned. Ei av dei nye oppgåvene hennar er å vere prosjektleiar for «Påskekveld», seks sendingar frå påskefjellet neste år, i NRK1. Torpe gjekk på det tolvte kullet med nynorskpraktikantar, våren 2010, og har arbeidd med større produksjonar både i TV Norge og NRK. Janne Marit Myklebust Falch (1981) har skifta avis i haust. Ho gjekk frå journalistjobb i lokalavisa Møre i Volda til fast jobb i avisa Møre-Nytt, i Ørsta. Ho gjekk på det andre kullet med nynorskpraktikantar, våren 2005, og arbeidde i NRK Hordaland og NRK Møre og Romsdal før ho byrja i avis. Kvar vert nynorskpraktikantane av? Per 01.12.2012 har vi sendt frå oss 80 nynorskpraktikantar, og 75 % av dei har heil- eller deltidsarbeid i media. 60 av dei arbeider i NRK. Totalt har 28 fast arbeid i media, 22 av dei i NRK. I NRK er det tidlegare nynorskpraktikantar i ulike radio- og fjernsynsprogram, som til dømes Dagsnytt, Dagsrevyen, Utanriks, Kulturnytt, NRK Super, NRK.no og ved distriktskontora i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland. Av plassomsyn tek vi berre med dei fem siste kulla i statusrapportane. Du finn alle kulla på nettsida www.nynorskmediesenter.no. Der skal vi vere oppdaterte på kvar dei arbeider, så sant dei hugsar å melde frå sjølve.

Kull 16 03.01. til 30.06.2012 Hans-Olav Rise (1991) er vikar i NRK Møre og Romsdal, Ingunn Rauk (1983) er tilkallingsvikar i NRK Dagsnytt. Raymond Lidal (1986) er tilkallingsvikar i Utanriksavdelinga i NRK, Katrine Nybø (1986) er tilkallingsvikar i NRK Dagsnytt og Wilhelm Støylen (1980) arbeider som skodespelar for Riksteateret og er tilkallingsvikar i Nitimen. Kull 15 22.08.2011 til 29.02. 2012. Sondre Dalaker (1992) er vikar i NRK Sogn og Fjordane, Agnese Bremere (1988) er tilkallingsvikar i NRK.no og student, Susanne Egset (1989) er tilkallingsvikar i NRK Dagsnytt og NRK.no og student, Maria Pile Svåsand (1986) er vikar i magasinredaksjonen i NRK P2 som lagar Kulturnytt og Dagsnytt 18. Lars Erik Andreassen (1991) er tilkallingsvikar i ulike program i NRK på Tyholt.

Kull 14 03.01. 30.06. 2011 Jonas Sætre (1986) er på reise i Sør-Amerika fram til nyttår, og frilansar for norske media. Ingrid Brandal Myklebust (1986) er masterstudent og vikar i NRK Dagsrevyen. Ingvild Nave (1990) tek Europastudiar ved Universitetet i Bergen og er tilkallingsvikar i NRK Hordaland. Gry Brekke Hustveit (1983) er frilansar på fleirkamera og Christian Wiik Gjerde (1981) er vikar som programleiar i Superblokka, NRK Super. Kull 13 23.08.2010 28.02.2011 Vegard Troøyen Foseide (1984) er fast tilsett informasjonskonsulent i ungdomsorganisasjonen Changemaker. Hans Henrik Løken (1988) er vikar i NRK Sporten, Hilde Zahl (1982) er student og tilkallingsvikar som programleiar i Kveldsåpent og Norgesglasset i NRK P1. Karl Kristian Langeland (1984) er vikar i NRK Sogn og Fjordane og Hans Kristen Hyrve (1985) er vikar i RadioSelskapet, i NRK P2. Kull 12 04.01. til 30.06. 2010. Astrid Marie Grov (1984) er fast tilsett i Språkrådet, Ingvil Aaen Torpe (1982) er fast tilsett i NRK Hordaland. Kristin Vestreim (1982) er vikar som produsent i P3 Morgon, Mari Langva (1986) er vikar i NRK Trøndelag og Gunn Evy Auestad (1986) er fast tilsett i nyhendeavd. i NRK.no

Visjon og verdiar Stolt nynorsk er visjonen til NRK Nynorsk mediesenter. Vi skal medverke til at nynorskfolk vert stolte og glade i dialekten og språket sitt. Gode nynorskbrukarar i radio, fjernsyn og på Internett gjer oss stolte av språket vårt og røtene våre. Vi skal ale opp fleire gode, nynorskbrukande føredøme i etermedia. Det finst ikkje meir eigna kanalar for spreiing av nynorsk identitet og språkleg godtaking enn radio, fjernsyn og Internett. NRK Nynorsk mediesenter skal og medverke til at nynorskbrukarar flest blir trygge nok til å bruke språket sitt, og såleis auke det språklege og kulturelle mangfaldet i medie- og samfunnsdebatten. Dyktig frodig framfus Dette er verdiane NRK Nynorsk mediesenter byggjer på. Dei skal seie noko om kva vi vil vere og kva som skal prege både dei som arbeider her, og dei som får opplæringa si ved senteret. Det skal vere kvalitet i alle ledd, slik at dyktig vert omdømet til NRK Nynorsk mediesenter. Nynorsk er meir enn eit språk; det er ein identitet, ein kultur og ei historie. Ein trygg språkleg og kulturell ståstad er viktig for å vere open for nye impulsar, og for å ta sjølvstendige val. Nynorsk språk og kultur har ein frodig tradisjon som NRK Nynorsk mediesenter skal byggje vidare på for å gje nynorsken innpass på nye område. Nynorskbrukaren må vere dyktig for at språket ikkje skal bli brukt mot han. Difor nyttar det ikkje å stå med hua i handa. Han må vere litt framfus i den positive tydinga av ordet: våge å merke seg ut, stå for noko og vere noko. POSTADRESSE: BESØKSADRESSE: ELEFON: E-POST: NRK Nynorsk mediesenter NRK Nynorsk mediesenter, Leiar : 57 72 42 30 nynorskmediesenter@nrk.no Postboks 100, NRK Sogn og Fjordane Faglærarar : 57 72 42 74 6801 Førde Prestebøen 2, Sentralbord: 57 72 42 42 NETT: 6800 Førde Telefaks: 57 72 42 75 www.nynorskmediesenter.no