Varm kaffe ved nytent bål. Fiskestonga svaiar lett når nysgjerrig fisk testar agnet. Kvelden er lys og vidda er varm og vid.



Like dokumenter
Varm kaffe ved nytent bål. Fiskestonga svaiar lett når nysgjerrig fisk testar agnet. Kvelden er lys og vidda er varm og vid.

Varm kaffe ved nytent bål. Fiskestonga svaiar lett når nysgjerrig fisk testar agnet. Kvelden er lys og vidda er varm og vid.

Kviteseid med Morgedal og Vrådal

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Utsikt frå Geitnetten, Fyresdal

Juvet Landskapshotell

august 2013 NESETDAGANE.

STØLSUTLEIGE I GLOPPEN

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Mandag 20/06. Søndag 26/06. Tirsdag 21/06. Lørdag 25/06. Onsdag 22/06. Fredag 24/06. Torsdag 23/06

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Hytte på høgfjellet så nær at du får tid til å nyte naturen og dei nære ting så ofte du vil.

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Sommartur til Sverige,

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Skinnarbu Nasjonalparkhotell

Påskeprogram Vrådal. I Vrådal kan du stå på ski og spille golf på samme dag!

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

Til deg som bur i fosterheim år

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Eit samarbeidsprosjekt mellom Vinje og Tinn nasjonalparkkommunar

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

15-30 personar i enkle og doble rom Vi har pr. dato ikkje reservert rom for gruppa dykkar.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Eit prosjekt i DNs nasjonale verdiskapingsgrogram naturarven som verdiskaper

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

24/619-30/619 DX Åmot Vinje Kro. 2030b 1755b 1930b Vinjehuset Særensgrend 2035ab 1800ab 1935ab

Spørreundersøkelse til besøkende

Fjelløpet i Vinje. & Sommerløpet juli Rauland. - i Øyfjell

Dublin juli 2018

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Rapport resultat spørjeundersøking

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Tilbod frå Lom bygdamuseum 2014

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

INFORMASJON TIL DELTAKARANE PÅ PILEGRIMSVANDRINGA TIL RØLDAL 2013

Invitasjon til samling i Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap Rosendal august 2008

SUMARRUTER frå 20. juni til 14. august 2016

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Vegskil ved Åmot, vegen til høgre fører innover heii til gamle gardar som Kvammen, Subø og Skuldalen.

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Referat frå MINTA møte

NSK s vårtur 2010 Nordvestlandet. 28. til 30.mai 2010

Onsdag 10. august 18:30-20:30 Fleirbrukshallen ÅIL: Fotball (frå 16 år)

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Dato og stad. Stord Petanqueklubb er arrangør av Norgesmesterskapet i Petanque 2018.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

FANTASTISK FORTELJING

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

SUMARRUTER frå 22. juni til 16. august 2015

Historie som lever hele året!

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

5 stk flotte bustadtomter til sals

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Velkommen til songarstemne i Florø!

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING

MILLIONSTØTTE TIL JÆRMUSEET

RAULAND FJELLSTYRE ÅRSMELDING 2014

7.-8. august 2015 NESETDAGANE.

NM veteran innandørs Leikvang Friidrettshall Åsane bydel Bergen mars 2012

Brukarrettleiing E-post lesar

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Sogevandring i fotefara til Ruijentune

STI GJENNOM LERKESKOG

Månadsbrev for Rosa september 2014

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Rocky Mountains på hesteryggen

Tur til det vakre. DUBROVNIK-området. Ver med oss til ei av dei vakraste perlene i Europa landsbyen. Cavtat i Kroatia

Velkommen til mestringskurs på Innvik Fjordhotell november 2013!

Månadsplan for Hare November

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Transkript:

NOREG 2010

VELKOMMEN introduksjon Velkommen til Telemark Naturell Varm kaffe ved nytent bål. Fiskestonga svaiar lett når nysgjerrig fisk testar agnet. Kvelden er lys og vidda er varm og vid. Morgon ved brygga. Vi stikk tærne forsiktig uti vatnet. Sola har alt varma øvste vasslaget. Vi tråkkar uti. Sand møter føter, vatn omsluttar kroppen. Dagen er vår. Tur i trollskog. Lett regndryss. Små barneføter finn lett fram på stien som slyngar seg igjennom furuskogen. Fantasien får fritt spelerom når familien passerer krokete trollfuruer og mosegrodde stubbar. Lunsjen blir fortært under ein hellar ved skogstjernet. Ingen andre, bare oss fire. VINJE Opplev Vest-Telemark der naturopplevingane står i kø. Frå fjell og vidde, til sandstrender og badeliv i jettegryter, i tett trollskog og langs spennande Telemarkskanal. Kanskje ser du Sjøormen Selma i Seljordsvatnet? Finn ditt naturmekka hjå oss. Framsidefoto: Tone Jorunn Tveito. Fotografar: Halvor Tveraaen, Hybris Film AS, Airparc Fyresdal, NIL, Terje Rakke/Nordic Life, Elisabeth Skomdal, Aud Sølyst Iversen, Edvard Nesland, Leif Jamtveit, Harald Naper, Arild Hansen, Simona van Tunen/Simonas fotostudio, John Sanden, Svein Brimi, David Kihlberg, Luke Tennant, Jørgen Kasin, Døli, Tone Jorunn Tveito www.huldraogeg.no, Ove Bergersen, Mona Gundersen, Arne Rosland og Telemarkssylv. TOKKE FYRESDAL HJARTDAL SELJORD KVITESEID NISSEDAL 2

Å, KUNNE EG FARA til Telemark og leva ei sumarstund! > PER SIVLE Innhold SJÅ (attraksjonar)...side 4 11 GJERE (aktivitetar)...side 14 21 BILTURAR OG KART...midten SMAKE (matoppleving)...side 24 27 TURISTKONTOR...side 26 27 KVILE (overnatting)...side 30 33 RØTAR (folkekultur)...side 34 37 KVA SKJER? (arrangement)...side 40 45 3

SJÅ attraksjonar > PÅ VATNET / Telemarkskanalen KANALEN Ved hjelp av 18 slusetrinn fordelt på åtte sluseanlegg kan du reise på Noregs største kanal som går frå foten av Hardangervidda og heilt til havet. Langs kanalen finn du eit vidt spekter av natur og kulturlandskap travle bystrøk, vide vatn, tronge elveparti, gamle kulturbeite, trivelege grender og vill natur. For info om kanalen sjå www.telemarkskanalen.no KVITSEIDBYEN er eit triveleg handels- og servicesenter ved Telemarkskanalen. Byen har ein attraktiv bryggepark med badebryggje, gratis gjestebryggje og servicebygg. www.kviteseidbyen.no SLUSER OG FJORDLANDSKAP Øvre del av Telemarkskanalen har ein spennande natur. Her finn du frodige kulturlandskap men og steile fjellveggar som reiser seg meir enn 500m over deg. Opplev dette variera landskapet frå dekk på ein av dei gamle kanalbåtane M/S Victoria og M/S Henrik Ibsen eller med eigen båt/kano. M/S Henrik Ibsen er tilgjengeleg for charter tel. 35 07 90 00. For rutetider, prisar og bestilling sjå www.visittelemark.com RUNDTUR MELLOM FJORD OG FJELL Kvar sundag frå 27.6 t.o.m. 8.8 vert det ettermiddagstur med buss frå Dalen, via Eidsborg Stavkyrkje, til frodige Lårdal. Tid til ein kaffikopp i hagen på gamle Lårdal Hotell (Skattekammeret) før kanalbåten tar deg med attende på Telemarkskanalen til Dalen. For info og bestilling kontakt Dalen Turistkontor tlf. 35 07 56 56, www.visitdalen.com TA BÅTEN OVER FJELLET! Båtar inntil 32 fot kan transporterast over Haukelifjell mellom Telemarkskanalen (Dalen) og Rosendal i Hardanger. Båttransport kan og arrangerast mellom Skien og Dalen eller omvendt. For nærmare informasjon kontakt Dalen Turistkontor tlf. 35 07 56 56. www.visitdalen.com > PÅ VATNET / Andre båtturar GUIDA TUR TIL HOVDØYA OG HØGFJELLSCRUISE MED M/B FJELLVÅKEN II Kvar torsdag i perioden 01.07-12.8.10 kl 11-14 kan du bli med katamaranen M/B Fjellvåken II på ein tre-timars guida tur til Hovdøya, som er sentrum i den veglause fjellbygda Møsstrond. Øya har kyrkje, samfunnshus og ein tidlegare internatskule. Vi viser deg rundt i kyrkja og du får kjøpt kaffe og kaker av Hilde, som bur på øya. Fjellvåken II går i rute på Møsvatn (919 moh) mellom Skinnarbu og Mogen i sommarsesongen. Høgfjellcruiset tek deg på ein dagstur der du får oppleve vakker natur, og nyte nydeleg mat på Mogen Turisthytte. På Mogen kan du overnatte og vandre i turistforeininga sitt nett av merka turløyper på Hardangervidda. Kontakt Rauland Turist AS for førehandsbestilling av billettar og meir informasjon, tlf. 35 06 26 30, www.visitrauland.com VETERANBÅTEN MS FRAM tek deg med på sluseturar i Vrådal. Turen tar ca 2,5 timar og startar ved Straand Sommerland. Turen inkluderar besøk på slusemuseet. Enkel servering om bord. Tlf. 35 06 90 00, www.quality-straandhotel.no FJONEFERJA Noregs minste kabelferje fraktar vegfarande trygt over Fjonesundet i Nissedal. Eigen ferjekafe med utservering med fin utsikt over Fjonesundet finn du ved kai. I sommarsesongen (15.06 20.08) går ferja kvar dag, kvar heile time. Elles går ferja i tida mellom 1 mai til 31 desember, alle dagar med unnatak av tysdag. Kontakt Åshild Solli tlf. 35 04 71 32/97 56 18 25. Detaljerte ferjeruter: www.fjonesundet.no 4

MEN TELEMARKSKANALEN ER DER. Den er der. Et langt, vått spor etter en utdødd dyreart. > ODD BØRRETZEN > TOKKE / DALEN DALEN HOTELL DET MEST STORSLÅTTE AV DEM ALLE Opninga av Telemarkskanalen la grunnlaget for å byggje det som av mange blir sett på som eit av landets staselegaste hotell. Hotellet vart bygd i 1894 og er reist i den særnorske varianten av europeisk trearkitektur: dragestilen. Med sine gavlar og svalgangar, dragehovud, tårn og spir minner det om kongsgarden i eventyret. Hotellet har utsjånaden som det hadde på kong Oscars tid og likevel all den service og komfort som vår tid krev. Hotellet er kjend for sitt gode kjøkken og si lune, historiske atmosfære. www.dalenhotel.no BRYNESTEIN FRÅ EIDSBORG I 1000 år har Tokke hatt eksportindustri. Brynesteinen blei fyrst rodd ned Telemarkskanalen eller køyrd med hest på isen og deretter skipa til utlandet og seld til god pris. Slik har brynesteinsbrotet i Eidsborg heilt opp til nyare tid forsynt skogbruk og handverk i inn- og utland med god brynestein. Gå ein tur frå stavkyrkja i Eidsborg til dei gamle brota. www.vest-telemark.museum.no EIDSBORG STAVKYRKJE Sjå Vest-Telemark Museum Eidsborg. www.vest-telemark.museum.no RAVNEJUV TURIST- MAGNET OGSÅ FOR 100 ÅR SIDAN Naturfenomen ved fylkesvegen frå Dalen til Vinje eit 350 meter høgt stup mot Tokkeåi. Slepp ein pengesetel utfor og sjå om han kjem att på ein oppgåande luftstraum. Dette har vore ein aktivitet til fryd for born og vaksne sidan turismens morgon. www.visitdalen.com RUI-PLASSEN I det hengebratte berget over Dalen ligg Rui, husmannsplassen der dei bittesmå systrene Ingerine og Gurine budde. Dei blei landskjende som Ruijentene som kom til Kongen. www.visitdalen.com 5

GAMLE TRADISJONAR sit i tømmerveggane i Vinje, medan sørlandsbrisen pustar mildt mot deg i Nissedal. Spor av bergmenn og sluskar i Åmdals Verk er kontrast til dei historiske hotella på Dalen og i Seljord, som bare var for dei rike. Ta turen innom museum og ustillingar, Skisportens vogge i Morgedal og tradisjonsrike bygdetun i Fyresdal og Hjartdal. > HJARTDAL TUDDAL HØYFJELLSHOTELL er Noregs eldste trehotell i høgfjellet. Unik trebygning i dragestil frå 1890-åra, med kokekunst som bør få stjernene til å blinke i Michelin-guiden! Sal av heimebakst på hotellets eige bakeri. Aktivitetar for born og vaksne. www.tuddal.no FJELLVEGEN OVER GAUSTATOPPEN er opplevingsvegen som går mellom Sauland og Rjukan i Tinn via fylkesveg nr 651. Her finn du også den mest brukte stien opp til Gaustatoppen, Telemarks høgste fjell, med sine 1883 meter over havet. Frå Stavsro går Fjellvegen vidare med bratt utforkøyring ned til industribyen Rjukan. Heile distansen Sauland Rjukan er 40 km, og eit vakkert og dramatisk alternativ til Rv 37 langs Tinnsjøen. BONDEOPPRØRET gjekk føre seg i 1540 då bønder i Hjartdal og Vest-Telemark gjorde opprør mot kongemakta ei hending som enda med at fem av bøndene vart halshogde på Prestegarden i Hjartdal. Ved Hjartdal kyrkje står minnesteinen om hendinga, avduka i 1990, med eit relieff av Kari Buen som skildrar dramatikken. www.hjartdalsbygda.no > NISSEDAL NATURLEG BADELAND: JETTEGRYTENE Vatnet har forma eit stort stykke kunstverk sør i Nissedal. Jettegryter på rekkje og rad skaper eit naturleg badeland. Elva Fyresåna har gjennom uminnelege tider snurra rundt stein og grus i elveleiet, som sidan er blitt regulert for straumproduksjon. Jettegrytene finn ein ved den vesle bygda Eikhom, ei mil frå Telemarksvegen. Ta av ved Haugsjåsund Familiecamping og følg skilting. Bomveg. SVABERG Ved innsjøen Nisser kan du sole deg på blankskura svaberg. Nissedal er ein av tre innlandskommunar som kan skilte med svaberg slik som på sørlandet. Ivrige terrengsyklistar har funne sitt paradis oppe på fjella i Nissedal, der dei syklar på tørre svaer over lange strekningar. HÆGEFJELL Opplev 71 0 Nord-fjellet! Sjå side 16. 6

> SELJORD SJØORMEN Midt i hjartet av Telemark ligg Seljordsvatnet og rugar på sin store løyndom. Kva er det eigentleg som gøymer seg under den blå, venlege overflata? I 250 år, og truleg endå lenger, har folk hevda å ha sett eit stort ormeliknande dyr i Seljordsvatnet. Den fyrste skriftleg omtala går heilt tilbake til 1750. Frå Sjøormkikkert ved Seljord camping og på Garvikstrondi kan du jakte på Sjøormen. Sjøormhistoriar og vitneobservasjonar finn du på nettsida www.seljordogsogene.no DYRSKUPLASSEN ligg ved Seljord sentrum og er ein topp moderne arrangementsarena for marknader, festivalar, leirar og stemne. Dyrskuplassen har utvikla seg til å bli den store møtestaden i Sør-Noreg, og samlar årleg om lag 170 000 besøkande. Det største arrangementet, Dyrsku n, er landets største landbruksutstilling, handelsmesse og folkefest med 80 000 besøkande i løpet av tre dagar. På Dyrskuplassen finn du også Gardsmatutsal som sel særeigen lokalmat frå ulike lokalmatprodusentar i området. www.dyrskun.no SELJORD KYRKJE er ei steinkyrkje i romansk stil bygd på 1100-talet, og vigsla av Heilag Olav. På nord-vest hjørnet er det hogge ut eit andlet som etter ei segn skal vere heilagkongen. Altertavla i kyrkja er frå 1588 og døypefonten er frå 1600-talet. Ved Seljord kyrkje finn ein også Anne Grimdalen sitt monument over salmediktaren Magnus Brostrup Landstad. Omvising kvar dag 05.07 30-07, 11-17, www.seljordportalen.no SELJORD VIN ligg i Seljord sentrum og er eit vineri som produserar cider og vin laga av norske frukt og bær med handverksmessige framstillingsmetodar. Omvising i fabrikken frå 24.06 12.08 kvar tys. og tors. kl 13, eller etter avtale. Tlf. 35 05 08 50, www.seljordvin.no NORDIGARD BJØRGE GJESTEGARD TELEMARK IS Garden har hovuddelen av mjølkeproduksjonen sin frå Noregs eldste ferase, den utrydningstruga Telemarkskua. Av mjølka på garden blir det produsert is Telemark Is. I gardskafeen har ein innsyn til lokala der isen blir produsert. Kulturlandskapet ovanfor garden byr på fine natur- og kulturstigar. www.nord-bjorge.no FLATDAL KYRKJE som ligg like ved Flatdalsbyen er ei langkyrkje frå 1654, bygd på same staden som det tidligare stod ei stavkyrkje. I 1923 vart krusifiks, altertavle og baldakin frå den gamle kyrkja henta fram og plassert i kyrkja, takk vere biskop Bernt Støylen. www.seljordportalen.no FLATDALSLANDSBYEN er eit klyngetun med 10 gardstun og 40 hus samla rundt Tunvollen vegkrysset inn i bygda. Liknande tunskipnad finn ein få andre stader i landet. Bakgrunnen for denne busetnaden heng saman med flaumane som ofte har lagt heile flatbygda under vatn. Jorda til gardsbruka ligg såleis i teigar utover mot Flatsjå. www.seljordportalen.no 7

DET STIG AV HAV EIT ALVELAND med tind og mo Det kviler klårt mot himmelrand i kveldblå ro > ARNE GARBORG > KVITESEID ØVERBØ, SONDRE NORHEIMS FØDESTAD i Morgedal, den legendariske skiløparen som revolusjonerte skiidretten og gjorde Morgedal til eit mekka for skientusiastar verda over. I grua på denne vesle husmannsplassen har OLfakkelen blitt tent fleire gonger, sist framfor Lillehammerleikane i 1994, Eit fint turmål året rundt, med eller utan kjentmann. www.morgedal.com NORSK SKIEVENTYR i Morgedal er både museum og opplevingssenter med ein spesiell arkitektur. Her kan ein oppleve ei spennande reise gjennom 4000 års skihistorie toppa med eit forrykande multimediashow med film over fleire lerret og ljosog lydeffektar som gir deg ei realistisk oppleving av kva moderne telemarkskøyring er! Heilårsope. www.vest-telemark.museum.no SØLVSMEDTUNET OG NISSELOFTET Her smir sylvsmeden tradisjonssmykke til Telemarksdraktene, og på Nisseloftet er det jul heile året. Tlf. 35 04 72 33. www.solvsmedtunet.no GONDOLBANEN V/VRÅDAL PANORAMA SKISENTER tar deg raskt til fjells, flott utgangspunkt for fjell- og sykkelturar. Tlf. 35 06 83 50, www.alpin.no > FYRESDAL BESØK KVIPT GJESTEGARD Kvipt er ein gamal heigard frå 1600-talet, kjend frå Der ingen kunne tru at nokon kunne bu. Opplev natur, kultur, miljø og handverk, nyt eit måltid i Røykstoga eller gå ein tur opp på Kviptefjell og nyt utsikten. Her kan du og leige kano, kjøpe jakt/fiskekort eller leige overnatting. For grupper tilbyr vertskapet pakker med tradisjonsmat og kulturhistorisk vandring frå år 900 til i dag. Kvipt Gjestegard er innehavar av Olavsrosa. www.kvipt.no FISKEBUSTØYLEN Velkommen til Fiskebustøylen der du kan oppleve flott natur i rolege omgjevnader. Eige fiskekort i 21 vatn, stor og småviltjakt. Overnatting i nyrestaurerte hytter, servering og guida turar. Tlf. 35 04 16 17/97 67 79 91, www.valebjorg.no STYKKJEVIKA Heilt i nordenden av Fyresvatn ligg ei endelaus sandstrånd og ventar på små barneføter. Her kan du finne ditt eige hjørne og nyte sommardagane. Langgrunna strekk seg langt utover, perfekt for små kroppar. 8

> VEST-TELEMARK MUSEUM VEST-TELEMARK MUSEUM er ei samling av 12 museum med stor spennvidde. Her er noko for alle! Felles nettside for musea under www.vest-telemark.museum.no Felles telefon 35 07 73 31. FYRESDAL: FYRESDAL BYGDEMUSEUM ligg i sentrum av Fyresdal med hus frå mellomalderen fram til 1900-talet. Her kan du vere med på skattejakt for born. Bli med og leit blant bygningar og historie for å finne skatten på bygdemuseet. Skattekart får du på turistinformasjonen. Du kan og låne brettspela Hnefatafl og Mølle. Begge spela er kopiar av faktiske brettspel frå vikingtida. Ope 6.6 1.9 mon.-fre. 10-1630, laur 10-15.30. KVITESEID: KVITESEID BYGDETUN OG KVITESEID GAMLE KYRKJE Eksklusiv samling av bygningar som fortel Kviteseids historie. Eldts er Tveitloftet frå før Svartedauden. Kviteseid gamle kyrkje frå ca. 1260 er ei steinkyrkje i romansk stil, der diktarprestane Zetlitz og Landstad har halde messe. Utstilling om gardshistoria til Flekstveitgarden i Flekstveitsoga. Ope 12.6-15.8 dagleg 10-18. NORSK SKIEVENTYR sjå side 8. TOKKE /DALEN: ÅMDALSVERK GRUVER viser koparverkets historie frå 1540 til 1945. Spanande gruvevandring, geologiutstilling, kafe og suvenir sal. Flotte modellar. Ope 12.6-15.8 dagleg 10-18. Kvar tysdag i mai, aug, sept t.o.m. 12.10 kl. 10-13. VEST-TELEMARK MUSEUM OG EIDSBORG STAVKYRKJE Den gamle garden Vindlaus er gjort om til Noregs største friluftsmuseum. Der er meir enn 30 bygningar. Stort museumsbygg med utstillingar som viser årelange handverkstradisjonar og folkekunst med meir. Stavkyrkje frå 1200-talet. Kafe og suvenirsal. Sommaren 2010 er utstillingshallen stengt grunna ombygging. Friluftsmuseet er ope 20.5 31.8 dagleg 10-17. Stavkyrkja ope til kl. 18 i juli. 9

JA, DU SKAL FÅ LEVEBRØDET ditt her! det kviskra mot han frå mold og gras, frå skogen utmed skigarden og frå dei gamle grå husa. > HALDIS MOREN VESAAS > MUSEUM VINJE: VINJE BILETGALLERI Henrik Sørensen budde og måla i Vinje kvar sommar frå 1927 til 1961. Til minne om han er det oppført eit særprega galleri bygd i naturstein ved inngangen til Støylsdalen, midt i målarlandskapet. I galleriet kan ein sjå 40 måleri av Henrik Sørensen og 25 av Harald Kihle. Ope 25.6-9.8 dagleg 12-17 VINJESTOGA er barndomsheimen til den kjende diktaren Aasmund Olavsson Vinje. Stoga er ei typisk husmannsstoge frå fyrst på 1800-talet. Høyr om livet hans i barndomen, korleis Vinje vart ein av dei fremste diktarane i Noreg og om journalisten Vinje. Ope 25.6-9.8 dagleg 12-17 ØYFJELL BYGDEMUSEUM har ei uvanleg rik samling av reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi. Her kan du blant anna sjå Noregs største ølhøne. Museumsbygningen er svært spesiell, reist i kila granitt i 1931 for å kunne stå til evig tid! Museet har og eit gardstun. Ope 25.6-9.8 dagleg 12-17. RAULAND KUNSTMUSEUM er to skulptursamlingar nær sentrum av Rauland. Desse syner arbeid etter dei to kjende bilethoggerane Dyre Vaa og Knut Skinnarland, samt arbeid etter Svallaug Svalastog og Tor Vaa. Ope 25.6-9.8 dagleg 12-17. MYLLARHEIMEN, ARABYGDI Meisterspelemannen Torgeir Augundson (1801-1872), med tilnamnet Myllarguten, døydde som fattig på husmannsplassen Kòse i Arabygdi. Her er det i dag omvising med framføring av hardingfeleslåttar etter Myllarguten. Inne i stoga kan ein sjå ei byste laga av Tor Vaa, og på rasteplassen like ved står det ein skulptur laga av Dyre Vaa. Ope 25.6-9.8 dagleg 12-17. 10

> ANDRE MUSEUM TOKKE / DALEN: GRIMDALSTUNET KUNSTGALLERI, sjå RØTAR (folkekultur). VINJE: FORSVARSMUSEET, ÅMOT Samlinga viser gjenstandar og dokument frå både krigshandlingane og dagleglivet i Vinje under den 2. verdskrigen. Berre ope for grupper på førespurnad. Tlf. 35 06 23 00. KVITESEID: VRÅDAL SLUSEMUSEUM ligg ved Småstraum sluse i Vrådal. Her kan du oppleve historia rundt slusene. Ope i tilknyting til slusepasseringa til veteranbåten Fram. Ope vår/haust etter avtale med Straumsnes oppvekstsenter. Tlf. 35 05 53 25. HJARTDAL: TUDDAL BYGDETUN ligg sentralt i bygda, med 13 bygningar med inventar som syner korleis Tuddølen budde og levde frå 1600-talet og fram mot ca. 1900. Ope frå 1.7 til 8.8 dagleg 12-18. Ope hus med servering, demonstrasjonar og underhaldning kvar onsdag kveld. Kontakt Tuddal Museumslag, tlf. 91 58 55 26, www.museumaust.no BONDAL: Følgjer du skilting frå Tuddal kyrkje mot Bondal kjem du etter 20 km til denne vesle bygda lengst nord i Hjartdal kommune. Bondal har på grunn av sitt særprega kulturlandskap og sin velhaldne bygningsarv blitt ein del av eit kulturlandskapsprosjekt av både nasjonal og internasjonal interesse. Her har også Øystein H. Bondal bygd sitt eineståande gardsmuseum, med samling av verktøy og andre gjenstandar samla gjennom mange generasjonar på garden. www.bondalbygdetun.no SELJORD: STERKE NILS STOGO OG GONGE- STOGO ligg på Dyrskuplassen. Her kan du sjå dei gamle husmannstovene frå Seljordsheii som er knytt til dei historiske personane, kjempekaren Sterke Nils og treskjeraren og felespelaren Hølje Gonge. Dyrsku n Arrangement AS, tlf. 35 06 57 70. 11

Velkommen til Grimdalstunet Får eg leire i hendane og tek til å forme, går det sæle søkk gjennom heile meg. Anne Grimdalen Vi opnar 28. mai og held ope kvar dag, fram til 29. august 2010. Opningstid kl. 10 17. Utanom desse tidene kan ein gjere særskilt avtale. Kafé med god tradisjonsmat og utsyn over tunet! foto Gunnar Mjaugedal / catlight.no www.grimdalstunet.no Telefon 35 07 77 97 www.visitdalen.com 12

Opplev kanaleventyret i sommer Unn deg en enestående reise med Victoria eller Henrik Ibsen på Telemarkskanalen i sommer. Start turen fra Dalen eller Kviteseid i et fantastisk fjellandskap der bratte fjellsider speiler seg i de store vannene Bandak og Kviteseidvatn. Dette er en reise der du opplever gammel kulturhistorie og slusing slik den foregikk for over 100 år siden. Kanalen ble omtalt som et åttende underverk da den sto ferdig i 1892. Opplev et stadig skiftende landskap, steinsatte kanaler, store vann og imponerende sluseanlegg som fortsatt opereres med håndkraft. Dagstur fra Dalen 25.6 15.8 onsdag, lørdag (Henrik Ibsen) 22.5 5.9 torsdag, søndag (Victoria) Parker bilen gratis på brygga i Dalen. Kl 08.10/08.45* med båt fra Dalen. Kl 15.25 ankomst Ulefoss. Buss tilbake til Dalen kl 15.35. Framme kl. 17.30. Pris voksen kr 780,-/barn kr 390,- *Victoria har avgang kl 08.10, H. Ibsen kl. 08.45. Dagstur fra Vrådal/Kviteseid 22.5 5.9 torsdag, søndag Parker bilen gratis på brygga i Kviteseid. Kl 10.15 med ms Victoria til Ulefoss med ankomst kl 15.25. Buss tilbake til Kviteseid kl 15.35. Framme kl 17.10. Pris voksen kr 570,-/barn kr 285,- Prisene inkluderer båt og buss. For andre turforslag på Telemarkskanalen, se www.visittelemark.no eller ring Telemarkreiser. Bestill online på www.visittelemark.no eller ring 35 90 00 20. Forhåndsbestilling anbefales. 13

GJERE aktivitetar Vest-Telemark har eit breitt spekter av aktivitetar for dei som ynskjer meir enn stillhet og ro. Dei fleste kommunane har tilbydarar som leiger ut kano, båt, syklar og ATV. Rauland og Tokke er dei kommunane der denne aktiviteten er best organisert gjennom til dømes Raulandsfjell (raulandsfjell.no), Telemark Adventure (telemarkadventure.com) og Øverland Scooter og ATV(scooterog atv.no). Kontakt turistinformasjonane (s. 26-27) i regionen for nærare opplysingar. FISKE Dersom ein ynskjer å freiste fiskelukka er ein i rett region. Her ligg fiskevatna tett i tett og du kan sjølv velje om du vil prøve dei som er lett tilgjengelege, eller nyte einsemd i eit av dei mange fjellvatna i Vest-Telemark. Kvart år tar sportsfiskerar store aurar i Tokke åi og Bandak. Hjå Telemark Båt og Fiske har dei alt av utstyr. Fiskekort blir selt på turistinformasjonane og bensinstasjonar. Turistkontora i regionen har gode kunnskapar om kvar fisken bit. Dersom du er veldig fiskeinteressert bør du ta turen til Fiskebustøylen i Fyresdal, eit eldorado for entusiastar (valebjorg.no). RIDING er ein populær sport i Vest-Telemark og dette kan du som reisande også nyte godt av. Her er mange tilbod: KVITESEID / VRÅDAL: STRAAND HESTESENTER tilbyr rideturar i skogen, rideinstruksjon, ponniriding og køyretur med hest og vogn. Dagleg 10-17. Tlf. 41 41 25 03/ 35 06 90 00 www.quality-straandhotel.no TOKKE / DALEN: HEST I FOKUS PÅ DØLI Opplev storslått natur frå hesteryggen. Varierte og spennande ridestigar med utgangspunkt frå fjellgarden Døli nær Dalen. Familievenleg og tilpassa ut frå erfaring og alder. Tlf. 90 06 59 76, www.hovdmyra.com VINJE: RAULAND RIDESENTER er eit ridesenter av høg standard, med moderne stallar til 30 hestar. Ridesenteret er ope heile året, og kan tilby leksjonar i ridehall og turriding i flott terreng for alle nivå og aldrar. Tlf. 35 07 35 44, www.ridesenter.net/rauland VINJE HESTESENTER ligg idyllisk til i Bøgrend, 10 min. frå Åmot sentrum. Her er ridetilbod for heile familien, og om sommaren er det rideleir for born og unge samt rideturar i flott fjellnatur. Vi har drop in og faste ridekurs. Tlf. 35 07 33 93/40 31 25 09, www.vinjehestesenter.no 14

> HENRIK SØRENSEN SA: MEN TELEMARK var det forjettede land, Telemark var det nye Hellas! > ANDRE AKTIVITETAR TOKKE / DALEN TELEMARK ADVENTURE byr deg på aktivitetar som rappellering, paint-ball, padling, sykling og guida fotturar. Her finn du alltid noko som passar for deg anten du ynskjer ein dag full av spenning eller ein roleg tur på den vakre Telemarkskanalen. www.telemarkadventure.com ØVERLAND SCOOTER OG ATV tilbyr deg å oppleve natur- og kulturlandskapet frå 4-hjuls motorsykkel. Turane går i hovudsak på lite trafikkerte vegar og er av varierande lengde. Du kan velje mellom turar med ulike kulturinnslag eller spesielle naturopplevingar. Tlf. 35 07 85 60/97 10 18 30, www.scooterogatv.no VINJE ATV KØYRING PÅ RAULAND På Raulandsfjell i Raulandsgrend kan du leige 4-hjuls motorsyklar for køyring på bane, både for born og vaksne. Her er det moro for heile familien med tøffe løyper, moderne 4-hjulingar og hyggeleg atmosfære. Raulandsfjell har også eit stort utandørs leikeområde med trampoline, sandvolleyballbane med meir! Alt er gratis og til fri bruk til kvar tid. Tlf. 35 07 35 55, www.raulandsfjell.no SELJORD KULTURLANDSKAPET I SVARTDAL er kjend for sine artsrike slåttenger med eit stort mangfald av insekt og sommarfuglar. Her finn ein også mange gamle og historiske gardsbygningar. På Nedre Lien kan du få omvising i slåttenger som er rike på sjeldne blomsterartar. Tlf. 35 05 02 41, www.seljordportalen.no INTO THE LANDSCAPE er tre spennande kunstinstallasjonar, bygd på fine utkikksplassar kring Seljordsvatnet. Seljord kunstforening tilbyr omvising for grupper kvar tysdag i tidsromet 1.7 31.8. Bestilling på førehand: tlf. 35 05 03 55, info@seljordkunstforening.no Sjå www.seljordportalen.no 15

I VEST-TELEMARK finn du det beste av Telemark Naturell: Gode naturopplevingar med eller utan guide. Sandstrender og jettegryter for barnefamiliane, fjelltoppar og ekstremklatring for proffane. Kulturopplevingar og folkekunst. Unn deg ein båttur gjennom sluser og fjordlandskap på Telemarkskanalen, skura svaberg og kilometerlange sandstrender ved Nisser, eller på klare fjellvatn inn i nasjonalparken på Hardangervidda. NISSEDAL PIPO LEIKELAND er eit innandørs leikeland med utfordrande klatrestativ og sklier for dei eldste barna, leikeland og ballbinge for dei minste. Eit eldorado for småbarnsfamiliar. Utandørs kan barna prøve Pipo-cross og eit nytt tilbod; Walk on Water! Like ved finn du Sommarsletta med grillplass og badeplass. Tlf. 91 84 31 40, www.pipo.no TARZANSLYNGE OG KLATREELDORADO Adrenalin-kick! Med fullt tryggleiksutstyr og kyndig instruksjon kan du hoppe i Tarzanslynga og få ein kjempependel. Fjone freistar og med nokre av Europas beste klatrefjell. Nisser Hyttegrend og Camping/Nissedal Klatresenter tilbyr instruktør, dersom du vil prøve rappellering og klatring i dei bratte fjellveggane. Tlf. 35 04 78 67, www.nisser.no FYRESDAL BRYGGEPARKEN ligg nedanfor Moland kyrkje i Fyresdal sentrum. Dette er eit rekreasjonsområde for bading, vasstrampoline, grilling, volleyball, båtliv og andre strandaktivitetar. På Juni Bryggekafeen kan du få forfriskingar. Bryggeparken er og utgangspunktet for vandreruta Hamaren. FYRESDAL FLYPLASS (ENFY) ligg midt i hjartet av Sør-Noreg med 800m asfaltert rullebane. Flyplassen har i dag konsesjon som privat flyplass med landing av fly inntil 5700kg/ 10 passasjerar. For meir informasjon/ppr, kontakt Fyresdal Aeroklubb på tlf. 91 86 59 69 eller fyresdal.aero@gmail.com 16

> ANDRE AKTIVITETAR VINJE BARNAS SETER PÅ VIERLI På Vierli Turistsenter kan du besøke barnas seter og få nærkontakt med norske husdyr. Her er også eit stort leikeområde med go-kart -syklar, hoppeluftpute på 8 x 8 meter m.m. Alt er gratis og til fri bruk til kvar tid. www.vierli.no RAULAND FJELLSPA Rauland Høgfjellshotell har eige fjellspa. Nyt ei avslappande behandling etter ein aktiv dag i fjellet. Timebestilling på tlf. 400 64 943, fjellspa@rauland.no www.rauland.no ELGSAFARI på Rauland Saman med turleiar og sjåfør kan du bli med på minibuss-safari i skumringa og sjå og lære om skogens konge elgen! Stopp undervegs hos Bukkene Brusebutikken til Aud Trovatn i Øyfjell. Her får du smake på elgkjøt. Elggaranti: 50% refusjon dersom ein ikkje ser elg! Mån., tys. og tors. i perioden 28.6-23.8. Påmelding til Rauland Turistkontor innan kl 16 same dag, tlf. 35 06 26 30, www.visitrauland.com FORDELSKORT RAULAND-RJUKAN Bestill minimum tre døgn overnatting og få rabattar på attraksjonar og aktivitetar i regionen. Fordelskortet får du ved overnattingsverksemder i Rauland og hos Rauland Turist. www.visitrauland.com HANDVERKSKURS PÅ RAULANDSAKADEMIET Om sommaren og i helgene arrangerar Raulandsakademiet kortare kurs hovudsakleg innan husflid og handverk. Kursa blir arrangert i samarbeid med Folkekulturforbundet. Det er 60 kurs å velje mellom, alt frå kledesign og sølvarbeid til pølsemaking og slektsgransking! Fleire kurs går parallelt slik at vener eller ektefeller kan gå på kvart sitt kurs samstundes. Kursbestilling/informasjon: tlf. 35 07 32 92, www.raulandsakademiet.no HARDANGERVIDDA NASJONALPARKRUTE viser deg den spennande reisa mellom aust og vest den opplevelsesrike vegen til fjordane. Ei reise på sjarmerande småvegar gjennom Telemark, i hjartet av Noreg og i randsona av Hardangervidda. Ei reise full av opplevingar og inntrykk, med eineståande natur rett utanfor bildøra. Ei reise tilbake i tid, til røtane i norsk folkekultur og industriens framvekst i Noreg. www.nasjonalparkrute.no 17

FOLK MAA EINGONG UM AARET vera galne og slaa seg lause og snu up ned paa alle ting. Dette aalvor og denne klokskap er ikki til at halda ut heile aaret ikring > AASMUND OLAVSSON VINJE > ANDRE AKTIVITETAR KVITESEID STRAAND SOMMERLAND I VRÅDAL Stort leikeområde med trampoliner, husker, hinderløype med meir. Bane for sand-volleyball, badestrand og sommarrestaurant. Skandinavias høgaste utandørs klatretårn står på Straand Sommerland. Tårnet har fleire klatreruter av ulik vanskegrad. Tlf. 35 06 90 00, www.quality-straandhotel.no TROLLKLUBBEN I VRÅDAL er barnas aktivitetsklubb. Her kan barna oppleve mykje spennande i lag med ein aktivitetsleiar. Be om aktivitetskalender på Quality Straand Hotel & Resort, tlf. 35 06 90 00. www.quality-straandhotel.no VRÅDAL PANORAMA GOLF PUTTING har ein 6-hols puttingbane. Golf putting er ein kombinasjon av minigolf og vanleg golf. Ein spelar på gras med vanlege golfkøller og ballar. Tlf. 35 06 83 50, www.alpin.no SKARE GARD I MORGEDAL Her kan du oppleve gardsliv og dyr. Tlf. 35 05 41 90/47 61 55 36. www.skaregard.no HJARTDAL KULTURLANDSKAPET i Hjartdal vart nominert til Unesco sin internasjonale kulturlandskapspris i 2003. Kommunen mottok i 2007 den nyoppretta norske Kulturlandskapsprisen. Hjartdal er eit godt reisemål om du ønskjer å oppleve eit landskap synleg prega av av ei fortid som er teke vare på. www.kulturlandskapssenteret.no ANNEDAMMEN er eit aktivitetsanlegg i vakker natur ved Århusfossen høgt oppe i Hjartdal. Badestampar, grillhytte, badstove, aktivitetar og servering på bestilling. www.telegardar.no STULSBESØK I TUDDAL FINNVOLLEN SETER ligg i Vikdalen i Bondal. Sal av stulsprodukt. Seterkveld med lokal folkemusikk og forteljingar i løpet av sesongen. Demonstrasjon av handverk og matlaging, servering. Rjomegraut serverast på bestilling. Ope frå 23.06. 14.09., onsdagar, laurdagar og sundagar kl. 11.00 16.00. Vegbeskrivelse og informasjon om arrangement: www.8potterromme.no eller tlf. 99 42 99 01. SOLHEIMSTULEN ligg ved Bitringsnatten i Tuddal. Ope kvar dag kl. 12.00 18.00 i tidsromet 01.07. 08.08., og laurdag og sundag 09.08. 29.08. Sal av stulsprodukt, vaflar, lappar og kaffe. I helgene rjomegraut og spekemat. Guida turar til Mannehola og Runhellhovet på bestilling. 20. og 27.07: Opplev livet på stulen i eitt døger! - for barn frå 8 år. Kurs i stulsmat og ysting. Fleire mindre arrangement. For påmelding og informasjon: Inger Øya Grøgaard, tlf. 94 82 18 95. 18

> VANDREOPPLEVINGAR FISKEBUDAGANE er ein årleg event for dei turglade. Denne helga får du tilbod om ei rekke flotte turar i området rundt Valebjørgsheia, i sørenden av Fyresvatn. Turane er med turleiar. Du kan og velje å vere med på kulturinnslag på Fiskebustøylen på kvelden, samt nyte heimelaga mat i Båthuset. Dersom du likar turar i flott natur, godt selskap og god mat bør du ikkje gå glipp av Fiskebudagane 2010, 12. 15. august i Fyresdal. Sjå etter meir informasjon på www.fiskebu.net FJELL- OG KULTURVANDRINGAR Vinje kommune inviterar saman med lag og organisasjonar på fjellvandringar og temabaserte kulturvandringar. Turane er dagsturar og deltakinga er gratis. Kvar tur har to leiarar, vel kjende og med noko å fortelje frå området turen går i. For turprogram, sjå på arrangementslista bak i brosjyra. www.vinje.kommune.no PILGRIMSVANDRING 2010 Ei vandring over fleire dagar i skiftande terreng. Det er fire alternative startpunkt for vandringa: Seljord, Kviteseid, Dalen og Vågsli. For dei to fyrste er startdatoen den 24. juni. Dei som startar frå Dalen møter opp den 26. juni. Frå Vågsli den 30.juni. Heile eller deler av Pilgrimsleden kan du også vandre utan guide. www.vest-telemark.museeum.no SOGEVANDRING Seljord kunstforening arrangerar sogevandring i Seljord, sjå program på www.seljordkunstforening.no TOPPTURLØP ORDALSSÅTA OPP Toppturløp for heile familien laurdag 19. juni. Påmelding og informasjon: Morgedal Idrettslag, tlf. 35 05 32 63. Ordalsåta ligg nær Morgedal skisportens vogge, for fleire opplevingar og sportsarrangement med og utan ski på beina. www.morgedal.com VILLMARKSTURAR Naturguide Telemark. Guida fjellturar, fisketurar, viltsafari, villmarkskurs, valfri lengde og nivå. Dagsturar eller overnatting i hytte, telt, lavvo, gapahuk eller under open himmel. Dei finaste rutene og utsiktspunkt. Lokal info og kulturhistorie undervegs. Tlf. 35 04 59 90/ 97 17 70 14, www.naturguide.no SKUGGENATTEN OPP! Laurdag 5. juni er det motbakkeløp med 448 meter stigning, 6 km. Klasser for proffar og mosjonistar. Arr: Treungen IL GUIDA TUR PÅ LÅRDALSTIGEN Tøffare enn Besseggen. Fleirspråkeleg guide for grupper. www.visitdalen.com 19

EG VIL LØYNE MEG BORT inni fjølli der heilo og vipene syng Eg vil vasse i myrar og rape kjenne angen av raudsildrelyng. > ASLAUG HØYDAL > VANDRE HARDANGERVIDDA NASJONALPARK Hardangervidda er Noregs største nasjonalpark. Her kan du vandre i turistforeiningas nett av merka turstigar frå hytte til hytter. Populære utgangspunkt for turen er Haukeliseter Fjellstue v/e134 og Mogen Turisthytte i enden av Møsvatn (båt M/B Fjellvåken II frå Skinnarbu ved rv 37). Ta kontakt med Telemark Turistforening for turforslag, tlf. 35 53 25 55 eller sjå www.telemarkturistforening.no GAUSTATOPPEN Frå Tuddal får du ein fantastisk tur frå Stavsro til Gaustatoppen (1883 moh). Turen tar ca 3-4 timar og er merka. Gaustatoppen er det punkt i Noreg som du har best utsikt målt i areal. Frå Tuddal kan du og ta flotte turar i vakkert kulturlandsskap. Ta kontakt med turistinformasjonen eller www.hjartdal.kommune.no NORDIC WALKING SENTER I det vakre øylandskapet i Vrådal fins det godt tilrettelagte turvegar for Nordic Walking (stavgang) og spaserturar. Vel mellom 9 rundløyper av ulik vanskegrad. I Vrådal fins er det og gode moglegheiter for lenger fjellturar. Det finst eiget kart over området. www.vraadal.com TOPP 15 I FYRESDAL Kvar tysdag heile året kan du vere med turleiar til fjelltoppar eller andre turmål i Fyresdal. Fyresdal har 15 merkte turstigar. Turgåarane møtast på ICA Nær i Fyresdal sentrum kl. 17. Turane er gratis, men ta med gode sko og mat. Kart kan du kjøpe på turistinformasjonen. Turprogrammet er lagt, sjå etter plakatar i Fyresdal eller gå inn på www.fyresdal.no 20