Saksbehandler, direkte telefon Hallvard Hageberg, 5557 2318 Vår dato 28.01.2014 Deres dato Vår referanse 2013/12169-472 Deres referanse BiR Privat v/ Kjell Espen Sørås Postboks 6004 Postterminalen 5892 BERGEN Endeleg rapport frå inspeksjon ved Stasjon for farlig avfall, Espehaugen, Bergen kommune Dato for inspeksjonen: 19. september 2013 Rapportnummer: 2013.057.I.FMHO Kontaktpersonar ved inspeksjonen: Frå verksemda: Aristotle Mejia Eigil Bolstad Frå Fylkesmannen i Hordaland: Hallvard Hageberg Sissel Storebø Resultat frå inspeksjonen Denne rapporten omhandlar avvik og merknader som vart gitt under inspeksjonen. Rapporten er endeleg. På bakgrunn av opplysningar som kom fram på møte har Fylkesmannen fjerna avvik 1 og endra avvik 5. Punkt 5f) er omgjort til ein merknad. Fylkesmannen i Hordaland fann 2 avvik innanfor følgjande område: Handtering av farleg avfall Internkontroll Avvika er nærare omtalte frå side 3 og utover i rapporten. Vi gav 2 merknader under inspeksjonen. Vi ber BiR Privat AS om ei skriftleg tilbakemelding innan 1. april 2014 på at avvika er retta. Oppfølginga etter inspeksjonen er nærare omtalt på side 2. Sissel Storebø (e.f.) senioringeniør Hallvard Hageberg senioringeniør Rapporten er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Stasjon for farlig avfall v/ Aristotle Mejia, aristotle.mejia@bir.no Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Miljøvern- og klimaavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Bakgrunnen for inspeksjonen: Det blir gjennomført ein nasjonal tilsynsaksjon av anlegg som tar imot og mellomlagrar farleg avfall i veke 38 og 39 i 2013. Aksjonen er ei oppfølging av tidlegare tilsynsaksjonar i 2004, 2006 og 2010. Ansvarleg verksemd: BiR Privat AS Organisasjonsnr. (undereining): 979 683 634 Eigd av (org.nr.): 984 504 942 Besøksadresse: Espehaugen 52, 5258 BLOMSTERDALEN Bransjenr. (NACE-kode): 38.110 Telefon: 815 33 030 E-post: aristotle.mejia@bir.no Kontrollert anlegg Namn: BIR Privat - Stasjon for farlig avfall - Espehaugen Anleggsnr.: 1201.0439.01 Kommune: 1201/Bergen 2 Anleggsaktivitet: Farlig avfall - mottak og mellomlagring Fylke: Hordaland Kontrollklasse: 3 Løyve sist oppdatert: 27. mai 2011 Saksnr.: 2013/12169 Det blir gjennomført ein nasjonal tilsynsaksjon av anlegg som tar imot og mellomlagrar farleg avfall i veke 38 og 39 i 2013. Aksjonen er ei oppfølging av tidlegare tilsynsaksjonar i 2004, 2006 og 2010. Følgjande hovudtema vart kontrollert: Mottakskontroll avfall Handtering under dette lagring av farleg avfall Vidarelevering av farleg avfall Utsleppskontroll Avvikshandsaming Risikovurdering Oppfølging av tidlegare kontroll Statusen til rapporten: Denne rapporten omhandlar avvik og merknader som vart funne under inspeksjonen og gjev inga fullstendig tilstandsvurdering av miljøarbeidet eller miljøstatusen til verksemda. Oppfølging etter kontrollen Verksemda pliktar snarast å rette opp avvika som er omtalt i denne rapporten. Vi ber BiR Privat AS om ei skriftleg tilbakemelding innan 1. april 2014 på at avvika er retta. Legg ved relevant dokumentasjon i form av bilete, kopi av dokument e.l. Varsel om tvangsmulkt Dersom Fylkesmannen ikkje får tilbakemelding med dokumentasjon på at avvika er retta innan 1. april 2014, vil Fylkesmannen fatte vedtak om tvangsmulkt, jf. forureiningslova 73. Vedtaket vil gå ut på at ei tvangsmulkt må betalast dersom Fylkesmannen ikkje har fått skriftleg stadfesting på at avvika er retta innan 3 veker etter at vedtaket om tvangsmulkt vart fatta.
Ei eventuell tvangsmulkt vil vere på 10 000 kroner. Kommentarar til varselet kan de sende til Fylkesmannen innan 2 veker etter at de har fått denne rapporten, jf. forvaltningslova 16. Kontrollgebyr for verksemd med løyve Verksemda skal betale gebyr for kontrollen, jf. forureiningsforskrifta 39-6 om gebyr for kontroll som varer i inntil ein dag i verksemder med løyve. Verksemda er i løyvet plassert i risikoklasse (tidlegare kalla kontrollklasse) 3. Dette betyr at verksemda skal betale kroner 11 700,- i gebyr. Faktura med innbetalingsblankett vil bli ettersendt frå Miljødirektoratet. Definisjonar Avvik: brot på krav fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgjevinga, til dømes brot på krav i forureiningslova, produktkontrollova og forskrifter heimla i desse lovene eller krav og vilkår fastsett i løyve eller dispensasjonar. Merknad: eit forhold som miljøvernstyresmaktene meiner det er nødvendig å påpeike for å ivareta helse og miljø og som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik. Avvik Følgjande avvik vart funne under Fylkesmannen sin inspeksjon: Avvik 1: Mottakskontrollen av farleg avfall er mangelfull Avfallsforskrift kapittel 11 11-5, 11-6, 11-7 bokstav e, og 11-13 Grunnlaget for avviket er kryssa av og kommentert under. a) Verksemda handterer farleg avfall utan nødvendig løyve frå Fylkesmannen. (Avfallsforskrifta 11-6) b) Verksemda tek imot farleg avfall som ikkje er dekka av eksisterande løyve. ( Avfallsforskrifta 11-6,og løyvet) c) Verksemda har ikkje etablert mottakskontroll ved mottak av farleg avfall. (Internkontrollforskrifta 5) d) Kontrollen til verksemda med utfylling av deklarasjonsskjema er mangelfull. (Avfallsforskrifta 11-13) e) Mottakskontrollen er ikkje tilstrekkeleg til å hindre at motteke farleg avfall blir blanda med andre typar farleg avfall eller ordinært avfall. (Internkontrollforskrifta 5, jf. avfallsforskrifta 11-5) 3
f) Verksemda blandar farleg avfall med ordinært avfall. (Avfallsforskrifta 11-5) g) Verksemda har ingen journal for motteke farleg avfall. (Vilkår i løyvet eller avfallsforskrifta 11-7 bokstav e, jf. vedlegg 2 punkt 9) h) Journalen til verksemda for motteke farleg avfall er mangelfullt utfylt. (Vilkår i løyvet eller avfallsforskrifta 11-7 bokstav e, jf. vedlegg 2 punkt 9) Avvik 2: Verksemda handterer ikkje det farlege avfallet sitt i samsvar med krav. Løyve av 26.10.2007 endra 27.05.2011 Grunnlaget for avviket er krysset av og kommentert under. a) Verksemda handterer farleg avfall på område som ikkje er dekka av løyvet. (Avfallsforskrifta 11-6 og løyvet) b) Verksemda lagrar farleg avfall lengre enn eitt år. Vilkår i løyve av 26.10.2007 endra 27.05.2011 c) Verksemda lagrar større mengder farleg avfall enn tillate på anlegget. (Vilkår i løyvet eller avfallsforskrifta 11-7 bokstav e, jf. vedlegg 2 punkt 7.4) d) Farleg avfall blir lagra på område som ikkje er tilstrekkeleg sikra mot utslepp. (Avfallsforskrifta 11-5, vilkår i løyve av 26.10.2007 endra 27.05.2011 e) Farleg avfall blir lagra i emballasje som ikkje egnar seg/eller er skadd. (Avfallsforskrifta 11-5) f) Verksemda har ikkje system for merking/tilsvarande system for å halde orden på l1agerplass for farleg avfall. (Vilkår i løyvet eller avfallsforskrifta 11-5) g) Farleg avfall (sam)lagrast slik at det er fare for farleg kjemisk reaksjon. (Avfallsforskrifta 11-5 og 11-7 bokstav e, jf. vedlegg 2 punkt 7.4) h) Farleg avfall er ikkje sikra mot uvedkommande utanom opningstida. (Avfallsforskrifta 11-5 og 11-7 bokstav e, jf. vedlegg 2 (punkt 7.1 og 7.2) Kommentarar: Til 2 b): Verksemda har fått sendt vekk store mengder avfall med KFK-gass og andre typar gass, men hadde framleis ei mindre mengde med usortert gass som venta på å bli transportert bort. Etter det som blei opplyst under tilsynet hadde denne gassen "truleg" stått lengre enn eitt år. 4
Til 2 d): To sorteringshaller var utstyrte med støypt golv med avrenning til rist/sandfang som igjen førde til utandørs oljeutskiljar. Ved søl/spill av andre væsker enn olje vil dette kunne gå direkte i avløp i den grad det går føre seg handtering av flytande avfall i dei to hallane. Dette var heller ikkje med i risikovurderinga. Under tilsynet såg vi også eit stativ med klorparafin-/pcb-ruter utan karm som sto ute utan å vera verna mot ver og vind. Det vart opplyst at dette var på grunn av fråver/sjukdom, og at det kom til å bli retta i løpet av tilsynsdagen. Avvik 3: Farleg avfall blir ikkje levert vidare til aktør med løyve til å handtere farleg avfall. Løyve gitt i medhald av avfallsforskrifta 11-6, jf. forureiningslova 11 og 29. Avfallsforskrifta kapittel 11 Avfallsforskrifta kapittel 13 Forureiningslova 7 Internkontrollforskrifta 5 Grunnlaget for avviket er kryssa av og kommentert under. a) Verksemda leverer farleg avfall til aktør utan løyve. (Forureiningslova 7, avfallsforskrifta 11-8 og vilkår i løyve) b) Verksemda eksporterer farleg avfall utan skriftleg samtykkeerklæring (Avfallsforskrifta kap.13, jf. forordning (EF) nr. 1013/2006 artikkel 3) c) Verksemda handsamar <type avfall> i form av <type handsaming> utan å ha løyve til dette. (Avfallsforskrifta 11-6 og løyvet) d)verksemda kan ikkje gjere greie for kvar det er vorte av <tonn> farleg avfall i 2009. (Internkontrollforskrifta 5 andre ledd punkt 7) Avvik 4: Verksemda har ulovlege utslepp til vatn/grunn. Løyve gitt i medhald av avfallsforskrifta 11-6, jf. forureiningslova 11 og 29 Forureiningslova 7 Grunnlaget for avviket er krysset av og kommentert under. a) Det er stor fare for at forureina overflatevatn kan føre til skade på <resipientnamn> eller grunn. (Avfallsforskrifta 11-5 og forureiningslova 7 første ledd) b) Oljeutskiljar blir ikkje tømt regelmessig og dette kan føre til forureining av <resipientnamn> (Forureiningslova 7) 5
c) Verksemda drenerer vatn frå tankar med farleg avfall og slepp dette til sjø over oljeutskiljar. (Forureiningslova 7 første ledd) d) Verksemda har utslepp som er høgare enn utsleppsgrensene i løyvet. (Vilkår i løyvet) Avvik 5: Internkontrollen til verksemda har manglar. Internkontrollforskrifta 5 andre ledd nr.1-8. Grunnlaget for avviket er kryssa av og kommentert under. a) Verksemda kjenner ikkje til pliktene sine for handtering av det farlege avfallet sitt (nr. 1) b) Opplæringa og kompetansen er mangelfull (nr. 2) c) Verksemda har ikkje dokumenterte rutinar for handtering av farleg avfall eller rutinane er mangelfulle (nr. 7) d) Verksemda har ikkje rutinar for avvikshandtering/tilbakemelding til avfallsprodusenten ved feildeklarering (nr. 7) e) Det er ikkje sett i verk rutine for tilstandskontroll av lagringstankar (nr. 6/7) f) Verksemda utfører ikkje tilfredsstillande risikovurdering av aktivitetane sine og/eller mangelfulle handlingsplanar for å redusere risiko for uønskte hendingar (nr. 6) g) Beredskapen ved uhell er mangelfull. (Forureiningslova 40) h) Anna /utdjuping 6
Kommentarar: Til 5 c): Skriftlege rutinar for handtering av farleg avfall vart ikkje lagde fram under tilsynet. Etter tilsynet er det sendt inn rutine for mottak og handtering m.v., daterte mai 2007. Desse gjeld stasjonen på Flesland og er p.t. under revisjon. Til 5 e): Det vart opplyst at tankane var kontrollerte 26. september 2010 av Oljeservice etter avtale med driftsavdelinga i BiR Privat. Verksemda kjende utkastet til ny forskrift som vil gjelda frå 1. januar 2014, men kunne ikkje opplysa når neste tilstandskontroll var planlagd fordi dette vart handtert av ei anna avdeling i BiR. Merknader Fylkesmannen har følgjande merknader: Oljeutskiljar Det blei teke prøver av utsleppsvatnet i oljeutskiljaren, men verksemda hadde ikkje fått resultat av prøvetakinga, og kunne derfor ikkje seia om kravet i utsleppsløyvet (50 mg/l) var halde. Det var ikkje nivåmålar eller alarm på oljeutskiljaren. Det er etter tilsynet sendt inn rapport frå analysefirma som viser oljeinnhaldet i ein prøve teken 19.02.2013. Risikovurdering BIR Privat AS har gjennomført ei samla risikovurdering for gjenvinningsstasjonane for ytre miljø. Dette er ei felles risikovurdering som er basert på registrerte risikoområde på alle gjenvinningsstasjonane. Risikovurderinga kunne ikkje leggjast fram ved tilsynet, men vart presentert på møte med BIR 16. januar 2014. Fylkesmannen meiner at ei miljørisikovurdering bør gjelde spesifikt for dei einskilde gjenvinningstasjonane. Drift og utforming av stasjonane er ulik, både når det gjeld aktivitetar, risiko, storleik og lokalisering. Det bør difor gå fram korleis risikoen er ved kvar einskild stasjon, og kva for tiltak som må gjennomførast. Alle tilsette bør vere godt kjent med risikotilhøva på sin gjenvinningstasjon. Det er derfor også avgjerande at risikovurderinga og tiltaksplanen vert framstilt på ein tydeleg og oversiktleg måte. Andre kommentarar Verksemda er i ferd med å innføra elektronisk deklarering av farleg avfall ved alle gjenbruksstasjonane sine (WMS). Dette vil medføra at stasjonane blir oppgraderte bygningsmessig og ved at det alltid vil vera personell til stades der det farlege avfallet vert innlevert. Det er framleis ein del sjølvbetjente mottak i drift i BiR sitt område, stort sett på bensinstasjonar. 7
Dokumentunderlag Innsendt etter tilsynet: ROS-analyse stasjon for farlig avfall 12.08.2011 AMU-sak risikoanalyse gjenvinningsstasjonar 2011 Kompetanseplan driftsavdeling BiR Privat AS Rutiner mottak farlig avfall ved stasjon for farleg avfall, under revisjon Rutine for avvikshandtering BiR Vedlikehaldsrutiner for spilloljetank med tilstandsrapport 2010 Rapport med vannprøve oljeavskiljar datert 18.02.2013 8