Respekt på Rommetveit skule



Like dokumenter
Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs. Opplæringsloven 9a-3,2ledd

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGS- PLAN MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR VED SKULANE I NORDDAL KOMMUNE

IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID

Plan for det. psykososiale. skulemiljøet til. elevane

Frå novelle til teikneserie

Kommunale forskrifter for Grunnskulen i Sirdal.

Retningslinjer. For lokalt gitt eksamen ved vidaregåande skular i Hordaland

Frå tre små til ein stor.

Lærarrettleiing 2. Frå jord til bord

Informasjon frå Sula kyrkjelyd. Kven er eg?

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge

Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug

Skrive seg vegar inn i tekst rapport frå eit norskprosjekt

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET

Gå ut og gjer disiplar

Temakveld aktiviteter- hva gjør vi sammen, 2,5 timer

Fjell kommune BJORØY HANDLINGSPLAN MOT MOBBING SKULE

FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE

REGLEMENT I ORDEN OG ÅTFERD FOR ELEVAR VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I MØRE OG ROMSDAL FYLKE

Rapport frå AG Kunnskap

Aktiv kvar dag i barnehagen

trategisk plan for pedagogisk bruk av IKT mars 2010 Høyringsdokument

Evaluering av Reform 97

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Transkript:

Respekt på Rommetveit skule Frå og med hausten 2014 er Rommetveit skule ein RESPEKT-skule. Det vil seie at RESPEKTprogrammet skal vere gjennomgåande i heile vår kultur og alt vårt arbeid. RESPEKT er ikkje EITT utviklingsområde det er ei uvikling og ei gjennomgåande halding for heile vår verksemd. I RESPEKT-programmet er vårt eige utviklingsarbeid ut frå fagleg kompetanse og forsking sentralt. Det er difor mykje som skal utarbeidast over tid og noko som skal innførast umiddelbart. Sjølv om Rommetveit skule framleis skal vere Rommetveit skule slik vi kjenner han, skal det også merkast at noko er nytt! Det blir vår utfordring og glede! Føringar for tilsette på Rommetveit skule frå hausten 2014: Bodskap: Du er ønska! Denne bodskapen skal gjennomsyre alle møte med elevane, både på skuleplassen, i klassane og i fellessamlinga. RESPEKT-plakaten Arbeidsro Trivelege friminutt Høflighet Solidaritet Fin og ryddig skule Standard for RESPEKT: Lærarane er på plass i klasserommet seinast 08:10 Elevane er ute til det ringer. Då stiller dei opp i gangen. Læraren tek i mot elevane og handhelsar på alle Timestart: Stå ved pulten mens læraren gir aktuell informasjon og styrer starten. Fin språkbruk / ikkje banning: Her er det dei vaksne som bestemmer, og ein skal ha lav terskel for å reagere! Ikkje mobiltelefon. All mobiltelefonbruk som ikkje er avtalt (jfr. trivselsreglane), skal føre til inndraging. Styrt bruk av PC Gå ut i friminutt og midttime. Hue, utesko og ytterklede av i timen Styrt avslutning: - Rekonstruere timen / oppsummere - Førebu neste time - Førebu friminuttet.

SFO: Læraren «førebur» SFO, og blir i klassen til SFO-tilsette kjem. Elevane sit på plassane. SFO-tilsette handhelsar på alle elevane, og introduserer dagen. RESPEKT-plakaten og trivselsreglane gjeld også på SFO. Gjennomfører ønska standard frå første dag Tilsette skal leie i forhold til aktivitetar og relasjonar. Leksetilsyn: Leksetilsyn blir gjennomført på same måte som SFO. Standard for RESPEKT som i skulen. Når elevar er ferdige med lekser, kan dei jobbe med andre oppgåver. Dei skal ikkje gå ut før tida er slutt. God start: På skuleplassen: Du er ønska! - Om morgonen er alle tilsette ute og tek i mot elevane. - Det blir forsterka vakt dei tre første skuledagane. - Elevane blir møtt på ein positiv og respektfull måte slik personalet blir einige om på førehand. Første skuletime: Du er ønska! - Erobre rommet - Timestart: Stå ved pulten - Namnekort - Kort presentasjon - Individuelle arbeidsoppgåver - Bruk anledningen! - Styrt avslutning Fellessamling i gymsalen: Du er ønska! - 1.trinn kjem kl.10:00. Tilsette på 1.trinn og leiinga tek i mot dei. - Resten av klassane kjem kl. 10:10. Lærarane følgjer dei til plassane. NB! På denne samlinga må alle bruke hovudinngangen. - Program med mellom anna presentasjon av personalet, helsing frå rektor og kulturelle innslag. RESPEKT-plakaten og standard skal introduserast frå start. Samarbeid med føresette: Ta kontakt heim tidleg og etterspør elevane si oppleving av skulestarten Tidleg klasseforeldremøte etter felles struktur.

Til drøfting og vidare arbeid: Før skulestart: Korleis møter vi elevane, og korleis får vi fram bodskapen? Kva er ein god timestart? Kva er fin språkbruk? Reaksjonar på mobiltelefon i praksis korleis gjer vi det? Tolererer vi «skal berre sjekke klokka»? Kvar er grensa? Friminutt og midttime: Ved starten av skuleåret skal alle ut, men dette er eitt tema vil skal drøfte Korleis er vi gode føredøme for elevane? Korleis følgje opp foreldre i oppstarten? Tema for vidare arbeid i refleksjonsgrupper: Møte med føresette, gjennomføring av foreldremøte. Utanfor klasserommet: Tilrettelegging og vakt. Å vere kollega og føredøme. Aktuelle tema ut frå dei neste kursdagane. Praktisk informasjon: Alle har sin eigen refleksvest. Desse skal merkast med namn. Utstyr: RESPEKT-hylla på kontoret. Notatar, oversikt over filmar og anna info: U/Felles under RESPEKT Respekt-nettet: Pubblikasjonar, filmar, materiell, forelesningar: http://laringsmiljosenteret.uis.no/prosjekter-og-programmer/respekt/ For å logge inn på Respekt-nettet: Brukarnamn: Romme Passord: Tveit For å få tilgang til filmar: Gå til «materiell», «filmar» og logg inn; «Use a Mediasite Login». Nytt passord for kvart tema finn du på felles.