Jaktblad. Mitt. Europas jaktskyttarkonge Ekstremjakt på Vestlandet Polarsirkelens MacNab



Like dokumenter
mmm...med SMAK på timeplanen

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kom skal vi klippe sauen

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

OK, seier Hilde og låser.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Jon Fosse. For seint. Libretto

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Til deg som bur i fosterheim år

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Brannsår, rus eller friheit?

FANTASTISK FORTELJING

oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

Brukarrettleiing. epolitiker

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

LÆR MEG ALT. vis meg rundt, på nye steder og ta dine erfaringer med før meg dit du vet der é glede for denne skogen hører andre té

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Alt det lyse og alt det mørke

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Rom ved havet, rom i byen

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Brukarrettleiing E-post lesar

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Samansette tekster og Sjanger og stil

Kva er økologisk matproduksjon?

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN


6-åringar på skuleveg

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Å leve av og med naturen.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Lars Ove Seljestad Isberg. Roman

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Innhald. Arme riddarar AV grovt brød Sandwich

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Teknikk og konsentrasjon viktigast


Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme

Brødsbrytelsen - Nattverden

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

«Ny Giv» med gjetarhund

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

oppskrifter Grove kornprodukt Innhald havrerundstykke eplerundstykke gulrotrundstykke myslirundstykke glutenfrie eplerundstykke

Transkript:

TOPPTEKST 1. utgåve mai 2014 1. årgang Europas jaktskyttarkonge Ekstremjakt på Vestlandet Polarsirkelens MacNab Høgfjellsjakt i Kirgisistan Elgokser i Yukons villmark Diana Jagtrejser i førti år 1

Utgjeve av Sofaliv AS, i samarbeid med Hetland Media er heilt gratis for lesarane, og blir finansiert av annonser og samarbeid. I magasinet er det difor lenkja til ulike produsentar, leverandørar, butikkar og arrangørar. Høgfjellsja Kirgisi 050-0 REDAKTØR/GRAFISK DESIGN Morten Hetland er ansvarleg for å fylla magasinet med redaksjonelt innhald. Ta kontakt med han viss du vil levera tekst og/eller bilete til magasinet. Tips gjerne om kva du syns bør skriva om i komande utgåver. 45 43 69 05 post@hetlandmedia.no DAGLEG LEIAR/ANNONSESAL Når Håkon Kyllesø ikkje jaktar, testar utstyr eller driv Sofaliv AS, sel han annonser og samarbeidsavtalar for. Ta kontakt med han for ein hyggeleg samtale og ein god avtale! 909 76 058 hakon@sofaliv.no mittjaktblad.no Hjelp oss å gjera kjent! Lik og del oss på Facebook: facebook.com/ 2 tek ikkje ansvar for innsendt materiale som me ikkje har bestilt på førehand. Tekst og bilete blir lagra digitalt, og kan bli brukt til marknadsføring eller i våre søstermagasin.

kt i stan 65 INNHALD Nummer 01/2014 Leiaren: Lidenskap til jakt... 004-005 Europas jaktskyttarkonge...006-012 Land Rover Defender LXV...014-015 Mat: Saftig hjorterygg... 016-019 Ekstremjakt på Vestlandet...020-031 Mat: Grillsesongen er her... 032-035 Polarsirkelens Macnab...036-048 Høgfjellsjakt i Kirgisistan...050-065 God service hos Jaktsport AS...066-067 Elg og hjort på same jakttur... 068-079 Laserkorreksjon av alderssyn...080-083 Elgokser i Yukons villmark... 084-097 Jaktreiser i førti år...098-105 Schmidt & Bender-nyheiter...106-107 Våpen: Blaser R8...108-115 Kan man nyte en bourbon?...116-118 3

LEIAREN TOPPTEKST Lidenskap til jakt Så fekk me det endeleg til! Du sit no med den første utgåva av på skjermen din. kjem ut fleire gonger i løpet av 2014, og kjem naturlegvis til å vera gratis for lesarane! Kvifor skal me gje ut eit gratis jaktblad på norsk? Det er mange gode grunnar, faktisk så mange at det er vanskeleg å finna grunnar til å la vera! Etter vårt syn er tida over for papir, trykksverte, portokostnader og eit vått, krøllete jaktblad i postkassen. For det handlar slett ikkje om abonnementskostnadene, som me heller vil at du skal få bruka på jakt Kostnadene me sparer på produksjon og distribution er så omfattande at det fint lét seg gjera å finansiera utgjevinga av eit godt jaktblad utelukkande med inntekter frå annonser i bladet. er 100 prosent uavhengig av ulike interesseorganisasjonar, og me har ingen som helst ambisjon om å blanda oss inn i jaktpolitikk. Vårt redaksjonelle fokus er på sjølve jakta på livsstilen, opplevingane og utstyret. Me vil opplysa, underhalda og ikkje minst gje næring til norske jegerar sin lidenskap for jakt- og friluftsliv. Det burde vera ei enkel oppgåve, for jakt- og friluftsinteressa er stor hjå oss som står bak... Det er nærast uendelege muligheiter med dette nye mediet, og vil garantert gjennomgå ei utvikling allereie frå denne spede starten. Me håpar du blir fornøgd med, og set pris på både ris og ros. God lesing! Håkon Kyllesø dagleg leiar Morten Hetland redaktør 4

TOPPTEKST 5

FRANZ-A TOPPTEKST FOTO: SÖDERÅSENS SHOOTING & EVENTS 6

LBRECHT TOPPTEKST EUROPAS JAKTSKYTTARKONGE Før eg møter Franz-Albrecht Öttingen kjenner eg meg litt skepsis. Eg har sett at han svinger rifla i filmane frå Hunters Video, men det er vel ingen som er så dyktige med børsa? Det er jo enkelt å klippa vekk bommertane frå filmen. TEKST OG FOTO: MATS GYLLSAND 7 44 45

EUROPAS JAKTSKYTTARKONGE Eg tar turen til på Söderåsens Shooting & Events i Billesholm, litt utanfor Helsingborg. Dei har netopp opna eit fantastisk innandørs skytesenter, og det er dei som har invitert skyttarkjendisen på besøk. At han har valt å samarbeida med oss, ser eg på som ei anerkjenning av at me satsar hardt på utdanning av gode jaktskyttarar, seier eigaren, Carl- Wilhelm Stiernblad, når han ynskjer meg velkommen. Inne i salongen sitter Franz-Albrecht Öttingen. Han er betydeleg mindre enn eg hadde førestilt meg. Han reiser seg raskt opp, rekkjer ut handa og presenterer seg. Han utstråler professjonalisme og byrjar straks å snakka om skytekinoar. Eg har glad for at det finst skytekinoar. Dei gjer oss til betre skyttarar. Det er alle jegerar sitt moralske ansvar å bli betre skyttarar, slik at ingen treng vera skeptiske til det me gjer, meiner Franz-Albrecht Når eg ser han i filmane sit eg igjen med ei kjensle av at han må vera fødd med ei rifle i handa. Det er ikkje langt frå sanninga: Familien hans eig eit stort gods sør i Tyskland, og jakt har alltid vore ein del av livet hans. Det einaste foreldra mine kunne kontrollera meg med, var å truga med at eg ikkje fekk vera med på jakt om eg ikkje gjorde som dei sa, ler Franz-Albrecht. Faren er Franz-Albrecht si største inspirasjonskjelde og viktigaste instruktør. FRANZ-ALBRECHT Fullt namn: Franz Albrecht Alois Christian Ferdinand Maria Notger Tittel: Arveprins av Öttingen-Öttingen og Öttingen-Spielberg Fødd: 1982 i München i Tyskland Familie: Far: prins Albrecht. Mor: Angela Jank. Tre yngre systre: Theresa, Antonia og Nora. tref 8

Han har alltid støtta meg, og tok meg tidleg med på jakt. Av og til spurde han om eg kunne skyta eit dyr som han peika på. Viss eg svarte at eg kunne prøva, fekk eg aldri lov. Svaret skulle vera eit klart «ja», elles måtte eg berre liggja unna. Franz-Albrecht er no 31 år, og har opplevd meir jakt enn dei fleste kjem til å oppleva i løpet av eit heilt liv, men han trenar framleis flittig for å bli ein betre skyttar. God skyting er ei ferskvare. Eg er alltid nervøs framfor sesongen, og grublar på om eg vil vera ein betre skyttar enn tidlegare. Så langt har det gått svært godt, men det kjem nok ein dag når eg skyt dårlegere enn tidlegare sesongar, seier Franz- Albrecht tankefullt. Skyttarprofilen fortel at han gjerne vel eit mindre kaliber, som til dømes.222, når han trenar. Med eit mindre kaliber kan du trena meir og øva inn ein betre teknikk. Dessutan blir du ikkje ruinert på skytebanen. Viss ein jeger kjem inn på banen med ein EUROPAS JAKTSKYTTARKONGE.300 Win. Mag, skyt førti skot og påstår, at det kjennest godt, så lyg han! Franz-Albrecht påpeikar heile tida kor viktig det er å halda treninga ved like, og han samanliknar det gjerne med treninga hjå toppidrettsutøvarar. Alle kan læra seg tennis, men berre nokre få kan bli så gode som Roger Federer. Det handlar ikkje utelukkande om talent, for alle må trena og læra seg å meistra våpen, sikte og ammunisjon. Me jaktar på levande dyr, så me har eit stort ansvar for å skyta så godt som mulig, slår skyttarprofilen fast. Du skal ikkje testa evnene dine på dyra i skogen, men gjennom trening kan du finna dine eigne grenser. Viss du kjenner dine eigne svakheiter, så veit du kor langt du kan skyta i ulike situasjonar, legg han til. Når eg kikkar på filmane der Franz-Albrecht skyt etter villsvin, finn eg det ganske overraskande at han bruker ganske vanleg utstyr: Éi heilt vanleg repeterrifle med rødpunktsikte. Så kva meiner han eigentleg om jaktutstyr? t fsikker 9

10 EUROPAS JAKTSKYTTARKONGE Eg samanliknar igen med Roger Federer. Han I dag skal han skyta med ein Merkel Helix, med kan garantert slå oss i tennis med ein tre-rekkert ein Aimpoint på toppen. frå 1905 og den eine handa bak ryggen, sjølv om me Den viktigaste skytetreninga kan du gjera heime bruker det nyaste og dyraste utstyret. Men viss han i stova: Fokuser på eitt punkt og løft våpenet i anlegg spelar mot ein jamngod tennisspelar, som har betre tjue gonger om dagen, så lærer du teknikken. Du utstyr enn han, så tapar sjølv Federer. skal kunna utføra heile anleggs- Utstyret er altså viktig, men det bevegelsen med lukka auger, og er viktigare å vita kva ein gjer, og når du opnar dei skal målet vera meistrar naudsynte teknikkar for å i siktet utan justering, elles er det skyta godt. Kleda er òg viktige, for ikkje godt nok, slår Franz-Albrecht det er lettare å utfalda evnene sine fast, mens eitt par villsvin spring fullt ut viss ein kjenner seg god og fram på lerretet. Han løftar rifla, varm, enn viss du er våt og frys. føl villsvinet og fyrer av. Skotet Det same gjeld med våpen: Kjøp er perfekt, og fingerspissen er noko som fungerer frå starten av. det einaste som rører seg. Han Viss du er nybyrjar bør du velja eit blunkar ikkje, men held skarpt våpen som passar til deg, og ikkje fokus på målet. berre det billigaste våpenet. Den beste Ein av dei viktigaste føreinvesteringa er å få kolben tilpassa setnadene for god skyting er dine personlege mål. Viss du kjøper å ikkje bevega noko anna enn eit våpen som du trivst med, treng du avtrekksfingeren. Du skal sjå kva som skjer med ikkje skifta det ut allereie om eit par år. Då er det dyret når du fyrer av skotet. Dette får ein berre til langt billegare å velja rett våpen allereie frå starten. gjennom mykje trening, påpeikar jaktskyttarkongen. Ikkje sjå på kva andre brukar. Det er viktigare at Viss Franz-Albrecht har jakta mykje i løpet av ein våpenet passar for deg, slår han fast. dag med drivjakt, kan han plutseleg føla at augene Kva våpen likar du best sjølv? ikkje lengre er heilt med. Då avsluttar han jakta med Eg har slutta å bruka rifla frå filmane, og er på å skyta litt med rifla utan ammunisjon, for å koma jakt etter noko anna. Merket har ikkje noko å bety, tilbake til hektene. men den skal vera driftsikker og ha god presisjon. Etter å ha sett Franz-Albrecht avfyra det eine treffsik Fem skot innanfor 2,5 centimeter på 100 meters hald skotet etter det andre, med like stor sikkerheit kvar er eit minimumskrav. Den skal òg ha relativt lite gong, innser eg at han skyt like godt i verkelegheita rekyl, anten i form av eit lite kaliber eller ved å som på film. Kanskje til og med betre bruka ein lyddempar i land der det er tillate. Det ser så naturleg ut når han skyt. Eg veit ikkje No har me sete i salongen og snakka i ein times heilt korleis eg skal forklara det, men eg innser at tid, og det er på høg tid å koma seg på skyte- dei fleste av oss må trena betydeleg meir for å vera banen. Franz-Albrecht byter om til ein jakke og trer i nærleiken av å oppnå dette nivået. Franz-Albrecht ein skinnhanske på venstre hand for å få betre grep. meiner at filmane som han medverkar i er ei viktig Han viser meg korleis han held rundt forskjeftet, inspirasjonskjelde for unge jegerar, og oppmuntrar med peikefingeren retta mot målet langs skjeftet. dei til å øva for å bli betre skyttarar. Det er ennå ein ting eg har lært av faren min. Kor mange dagar bruker du eigentleg til å jakta? Han var hagleskyttar, og i det miljøet er dette grepet Alt for få, avsluttar Europas jaktskyttarkonge, meir vanleg, forklarer han. Franz-Albrecht Öttingen, med eit smil rundt munnen.

EUROPAS JAKTSKYTTARKONGE «EG TRENAR IKKJE FOR Å KONKURRERA. EG TRENAR FOR Å BLI EIN BETRE JEGER.» TRE FILMAR MED FRANZ-ALBRECHT SINE SKYTETIPS PÅ NESTE SIDE t ker 11

EUROPAS JAKTSKYTTARKONGE Franz-Albrecht sine BESTE SKYTETIPS FILM #1 FRANZ-ALBRECHT gjev deg tips om den beste teknikken for god rifleskyting. Han demonstrerer mellom anna pusteteknikk og anlegg FILM #2...korleis han siktar, og kvifor det ifølgje han sjølv er betre enn det dei fleste av oss har lært seg... FILM #3 12...til slutt er det tid til litt instruksjon i skytekinoen. Her viser han òg kva som skjer viss ein ikkje gjer alt korrekt.

Vi leter etter jegerprøveinstruktører Sofaliv AS ønsker å bygge et landsdekkende nettverk av jegerprøveinstruktører. Er du interessert? Ta kontakt med oss i dag! Håkon Kyllesø, daglig leder tlf. 909 76 058 hakon@sofaliv.no jaktopplevelser jaktkurs events slaktekurs opplæringsjakt www.sofaliv.no

EUROPAS JAKTSKYTTARKONGE Land Rover Defender LXV: NY JUBILEU I ærverdige omgivelser på Packington Estate, sørøst for Birmingham, feiret Land Rover sitt 65-årsjubileum tidligere i år. På festen ble en ny jubileumsutgave av den klassiske Defenderen vist frem: Land Rover Special Edition Defender LXV. Med to millioner Defendere solgt reflekterer romertallet i navnet (LXV) den stolte historien Land Roveren har i DNAet sitt. Bilen kommer i kun 17 eksemplarer til Norge. Spesialutgave med spesialutstyr Under panseret sitter en 2,2 liters dieselmotor, og bilen er utrustet med en 6-trinns manuell girkasse. Men det er på design det blir tydelig at Special Edition Defender LXV er laget for å skille seg ut, også blant andre Defendere: Den kommer blant annet kun med 16-tommers «Sawtooth» felger i Santorinisvart og farget frontfanger. Bilen kommer med sorte premium skinnseter med LXV brodert på hodestøttene, og også ratt og midtkonsoll er kledd i lær. Det er gjennomgående detaljer med unik brodering i oransje som gir bilen sitt spesielle utrykk. For den anglofile kan det nevnes at bilen har det britisk flagget som emblem i hekken. Den leveres også med en helt spesiell LXV jubileumsnøkkelring. Besøk landrover.no for mer informasjon. 14

TOPPTEKST MSMODELL I 1948 rullet den første Land Roveren, «HUE 166», ut på de engelske landeveier. Nå feirer 65-åringen med en Special Edition Defender LXV. TEKST: MORTEN HETLAND FOTO: LAND ROVER 15

hjortery TOPPTEKST MØYR OG SAF Får du vatn i munnen berre ved å tenkja på å setja tennene i eit saftig, raudt kjøtstykke? Her er ei enkel oppskrift på korleis du kan laga middag med det beste kjøtet i frysaren. TEKST: MORTEN HETLAND FOTO: WWW.MINJAKT.SE 16

TOPPTEKST TIG HJORTERYGG gg 17

MØYR OG SAFTIG HJORTERYGG Sausen slik gjer du Ein god raudvinssaus kler alltid eit saftig kjøtstykke. Denne enkle oppskrifta har me etter stjernekokken Leif Mannerström: Hell raudvinen i ei gryte og tilset sjalottlauk, laurbær, timian, salt og pepar. Reduser blandinga til den tjuknar, tilset kalvefond og la sausen koka vidare. (Viss du ikkje har ekte kalvefond, kan du bruka konsentrert fond, og blanda ut til 3 dl ferdig buljong.) Smak på sausen! Viss den er for lite syrleg kan du tilsetja ein liten skvett raudvinsedikk. Rør litt smør inn i sausen når den har fått rett smak og konsistens. Sil av sausen før servering. Ingrediensar 3 dl kalvefond 3 dl raudvin 2 stk. hakka sjalottlauk 1 stk. laurbærblad 1 kvist timian Salt Pepar 1 ss. raudvinsedikk 1 ss. smør 18

MØYR OG SAFTIG HJORTERYGG Kjøtet slik gjer du hjorterygg Finreinsk kjøtet, fjern alle synlege hinner og sener. Gni kjøtet inn med salt, pepar og litt rapsolje, og la kjøtstykket liggja i romtemperatur i eit par timar. Varm opp grillpanna. Panna skal vera så varm at kjøtet nesten hoppar. Legg kjøtet nedi og steik i eit par minutt. Snu kjøtet og skru ned varmen. Grill kjøtet til det har ein kjernetemperatur på 56 O C. Bruk steikjetermometer for å få eit perfekt resultat. La kjøtet kvila i nokre minutt før du skjer det opp og serverer det. Server med raudvinssausen, hasselbackpoteter og dine favorittgrønsaker. Du treng Eit godt kjøtstykke av hjorterygg Salt Pepar Rapsolje Ei grillpanne Steikjetermometer 19

TOPPTEKST Ekstrem jakt p VEST ekstrem 20

TOPPTEKST å LANDET Norge er meir enn olje og tørrfisk. Det fekk eg erfara då eg fekk tilbod om å vera med på jakt etter kronhjortane på Vestlandet. Det blei ei tøff oppleving for dei jaktinteresserte gjestene frå Sverige. jakt TEKST OG FOTO: MATS GYLLSAND VAKKERT OG TØFT: Terrenget langs dei norske fjordane er utfordrande. 21

EKSTREM JAKT PÅ VESTLANDET okker må koma heim D til meg på hjortejakt til hausten, seier Tom Jensen til meg ein sommardag på telefon frå Norge. Men dokker må vera førebudde på at det er ekstremt tøft og fysisk krevjande. BAGGASJEN er på veg opp. Ja, ja, kor tøft kan det vera, tenkte eg, viss storrøykaren Tom klarer det, men takka i alle fall ja til invitasjonen. Væpnaren Per Elvin nølte ikkje med å hengja seg på, og tidleg ein haustdag sit me i bilen på den lange vegen frå Sverige mot nabolandet i vest. FØR AVREISA har me sjekka ut kor me skal. Ein gard på sørsida av Hundvikfjorden i Gloppen kommune, langt ute på Vestlandet. På kartet ser det ut til å vera ein grei plass. Det er heller ikkje så langt dit i luftlinje, men luftlinja er noko heilt anna enn verkelegheita, spesielt når ein skal ta seg gjennom Norge på tvers. Me må passera bruer, ferjer og lange tunellar under havbotnen. Det tar tid, lang tid. Tolv timar etter avreise er me i alle fall framme ved bryggja der Tom skal henta oss med båten sin. Fjorden ligg speglblank, og no får me eit forvarsel om terrenget som me skal jakta i. Fjella er høge, somme stader loddrette. Kanskje det er flatare der me skal jakta, seier Per og kikkar spørjande på meg, mens Tom kjem farande i båten sin. Me helsar på kvarandre og flyttar baggasjen over i båten. Båten glir ut på fjorden, mot øya og Tom si jaktmark ved garden Hammaren. Båtreisa tar oss gjennom eit stykke forbløffande natur. Snøkledde fjelltoppar over tregrensa, og berg som stupar rett ned i vatnet. Me ventar på at landskapet skal flata ut, og at me skal sjå staden der me skal jakta, men det skjer ikkje. 22 Tom kjører båten inn til eit naust nedanfor eit stup. Han hoppar opp på bryggja og rekkjer meg handa for å hjelpa meg i land. Velkommen til Hammaren, seier han. Eg kikkar skeptisk på han, og lurer på om han spøkjer med oss. Fjellet over Hammaren reiser seg som ein vegg. Det viser seg at me utruleg nok er på rett plass. Det er her me skal jakta. Korleis skal me koma oss opp til garden med all baggasjen, spør Per. Det viser seg å vera det minste problemet. Tom er kjapp med å lessa baggasjen oppå ein taubane som går opp til garden. Me må derimot ta beina fatt. Garden ligg om lag hundre meter opp i lia. For å koma oss opp dit, må me gå på tvers. Nok ein gong får me erfara at det der med rett luftlinje ikkje passar med verkelegheita. Me har gått drygt 400 meter når eg får ta ein pust i bakken ved huset der me skal bu. Tom startar motoren til taubanen, og snart kjem baggasjen vår glidande oppover lia. HAMMAREN ER EIN GAMMAL gard, som manglar både innlagt vatn og straum, men Tom har opp gjennom åra gjort det skikkeleg fint. Det er rett nok eit lite kraftverk på garden, men det blir berre brukt i naudstilfelle. Eg vil ha det litt primitivt. Det gjer godt for sjela, seier Tom, og opnar hyttedøra. Inni stova er det godt og varmt, og det er jaktstemning i atmosfæren. Daisy, dachshunden til Tom, kjem byksande mot oss. Ho er alltid med, men det er for bratt for ho å jakta her ute, forklarer Tom. Skumringa kjem sigande. Me sit ved peisen og et hjortepølse, laks og andre delikatesser. t

EKSTREM JAKT PÅ VESTLANDET FJELLET OVANFOR HAMMAREN REISER SEG SOM EIN VEGG. DET ER HER ME SKAL JAKTA. ekstrem jakt DER LIGG Hammaren. Jaktmarka går heilt opp til toppen. 23

TOPPTEKST TOM MED éin av hjortane han skaut under besøket vårt. Tom plukkar fram litt heimelaga brennevin. Det er det sterkaste eg har drukke nokon gong men det er ganske godt i moderate mengder. Etter ei stund går eg ut ein tur. No er det bekmørkt ute. Det er stjerneklart og kaldt, men i det fjerne kan eg skimta lynnedslag frå ein storm som nærmar seg. Eg lettar på trykket før eg går inn til dei andre igen. Det kjem til å bli utvêr i natt, seier eg til dei. Eg såg det. Ifølgje yr.no skal det regna i tre dagar, svarer Tom. TRØYTTE AV REISA, maten og drikka til Tom, kryp me inn i soveposane våre oppe på loftet. Det siste eg høyrer før eg sovnar, er regnet som piskar på taket. Tidleg neste morgon vaknar eg til lukta av nykokt kaffi og steikte egg. Det knitrar allereie i peisen i stova. Ute er det grått og regnet ausar ned. I det litle kjøkkenet står Tom. God morgon! Er du sugen på jakt? Me skal berre eta litt, og så går me ut, seier Tom mens han viftar i lufta med steikjespaden. Me pakkar ryggsekkane våre med mat, drikke og ekstra klede, alt me treng for ein dags jakt på fjellet. t 24

TOPPTEKST ekstrem jakt PRIMITIVT, men med litt hjelp går det fint å jobba i mørket. 25

TOPPTEKST EKSTREM JAKT PÅ VESTLANDET Tom plukkar fram eit kart og går gjennom dagens strategi for oss. Eg håpar dokker har god kondis, for i dag blir det tøft. Me skal koma oss opp til eit høgdedrag og jaga hjortane ned mot garden, fortel han. Mi oppgåve er å koma meg over ein bekk i grensa til naboeigedommen, og ta meg opp i fjellet for å kunna jaga eventuelle hjortar fram til Tom og Per som tar ein annan veg. I LYSET FRÅ HOVUDLYKTA tryllar Tom fram eit makelaust måltid. EG TRASKAR I VEG, regnet ausar ner, og etter eitt par minutt er eg gjennomvåt. Eg kjem meg over bekken, som grunna regnet sist natt liknar mest på ein brusande foss. Vatnet strøymer inn i støvlane, men føtene er allereie blaute så eg bryr meg ikkje. Når eg kikkar opp har eg fjellsida ein halvmeter frå ansiktet. Så bratt er det her. Eg prøver å lesa terrenget, og finna den raskaste og slakaste vegen opp, men etter ei stund gjev eg opp og byrjar å krypa. Sveitten renn, men sakte og sikkert kjem eg meg oppover fjellsida. På ein del plassar sklir den blaute jorda av fjellsida, og eg glir ned eitt par meter før eg får feste igjen. Etter å ha krope nokre timar, er eg endeleg på plass. Eg tar av meg den heilt nye ryggsekken, og opnar den for å finna fram litt tørre og varme klede. Sekken er fylt med vatn. Det dryp vatn av både lunsjen, kleda og kameraet. Det er berre å gje opp og heller fokusera på jakta. EG KIKKAR utover terrenget gjennom kikkerten. Eit stykke unna skimtar eg ei hjortehind, men det er på naboeigedommen. Jaktradioen fungerer i alle fall framleis, og eg plukkar den opp for å kontakta dei andre. Ingen svarar. Eg går litt lengre oppover fjellet, for å finna ein plass der eg kan sjå betre. Plutseleg høyrer eg eitt skot, og etter eitt par minutt vaknar radioen til. Tom her. Eg har skote ei lita hind. Dokker får koma hit og hjelpa meg med å få den ned frå fjellet. t 26

EKSTREM JAKT PÅ VESTLANDET NYKOKT KRABBE OG HUMMAR. ME INNSER AT LIVET IKKJE KAN BLI SÅ MYKJE BETRE. HUMMAR OG KRABBE blir eit herleg måltid. RYKANDE VARME, det er berre å hogga innpå. 27

EKSTREM JAKT PÅ VESTLANDET Lettare sagt enn gjort, tenkjer eg, men ved hjelp av Tom sine instruksjonar greier eg å koma meg ned til plassen der hjorten ligg. Undervegs sklir eg nedover fjellet fleire gonger. Støvlane er så fulle av vatn at dei knapt sit fast på føtene. Når eg kjem fram til dei andre, har Per og Tom allereie byrja å dra hjorten ned mot garden. Det er berre eitt par hundre meter igjen, men det går fleire timar før me endeleg er framme. Me får hjorten inn i ein liten låve, og Tom startar kraftverket så me får litt lys når me skal flå byttet. Den same kvelden nyt me middagen, som Tom har laga. Me drikk vin til maten, og har det veldig bra, trass i dagens strabasar. PER testar kamuflasjen. Om ettermiddagen kjem Per og Tom tilbake. Dei har kjempa på fjellet heile dagen, men har ikkje fått skote noko. Tom tykkjer me skal ta båten ut for å sjekka eitt par hummarteiner som me sette undervegs når me reiste til Hammaren for to dagar sidan. Me går ned til båten, og seglar ut i regnet. Den første teina er tom, men i den andre kryp det rundt ein stor, fin hummar. Etter å ha sjekka nokre teiner til, har hummaren fått selskap av eitt par fine krabbar, og me legg kursen tilbake med fangsten. Tilbake på garden byrjar Tom å førebu middagen. I dag skal han by på lammesteik som hovudrett, og til forrett blir det delikatesser frå havet, som me sjølv har plukka opp tidlegare. KLEDA VÅRE HENG til tørk ved peisen, og me håpar at dei og støvlane har tørka til me skal bruka dei igjen. Kvelden blir ikkje spesielt sein før me seier god natt og kryp slitne ned i soveposane igjen. Om morgonen klarer eg berre så vidt å koma meg ut av soveposen. Ein gammal kneskade har meldt sin gjenkomst etter traskinga dagen før. Eg kjenner ein frykteleg smerte i venstre kne, og innser eg at eg ikkje kjem meg opp på fjellet i dag. Tom og Per kikkar skeptisk på meg, men det verkar som om dei trur meg, og legg ut på den neste jaktturen utan meg. Heile dagen ligg eg i stova saman med Daisy, som ikkje vil gå ut i regnet. Me les og høyrer på radio. På radioen fortel dei om ekstremvêret på Vestlandet. Vegar har blitt vaska vekk og hus har blitt oversvømde. I løpet av to døgn har det kome 220 millimeter regn! 28 TOM LAGAR MIDDAGEN over open eld inni eit lite uthus. Me hentar fram gin og tonic, men isbitar må me greia oss utan, og blandar saman kvar sin GT. Elden varmar raskt opp det litle uthuset, og GTen kan ikkje smaka betre enn den gjer akkurat no, akkurat der. Maten kan heller ikkje smaka betre nykokt krabbe og hummar og me innser at livet ikkje kan bli så mykje betre, ein dag midt i ingenmannsland, på Vestlandet. Det blir ein kveld å minnast for resten av livet. Den siste dagen bestemmer eg meg for å vera med ut, så eg stappar i meg eitt par smertestillande tablettar før eg blir med dei andre oppover lia. Kneet verkar, men når eg får opp varmen går det litt betre. Vêret er mykje finare i dag. Skyene har letta litt, og sola trengjer gjennom no og då. Oppe på fjellet skil me lag. Eg skal gå langs ei kløft, og opp mot eit høgdedrag. t

TOPPTEKST TUNGT TAK: Tom Jensen slepar heim ein hjort. KJØT PÅ VEG ned til båten, og reisa til slaktaren. ekstrem jakt 29

EKSTREM JAKT PÅ VESTLANDET Eg må stoppa no og då for å massera kneet. Sakte men sikkert kjem eg meg oppover lia, og etter eitt par timar er eg nesten framme. Då høyrer eg eitt skott, og eitt minutt seinare knitrar det i jaktradioen. Tom her. Eg har skote ein liten spissbukk. Dokker får koma hit og hjelpa meg med å få den ned. I jaktradioen spør eg om han ikkje kan venta, så me andre òg kan få sjå ein hjort. Jo, det er heilt greitt, så eg set meg ned på ein trestamme og kikkar utover landskapet. Ikkje veit eg korleis det skjedde, men på ein eller anna måte greidde eg å sovna der på trestammen. Ei stund seinare vaknar eg til med eit rykk. Eg strekk meg og geispar, og i augekroken ser eg ei rørsle. Nesten rett ved sida av meg, berre fem meter unna, går ei hind og beitar. Eg sit musestille og funderer på korleis eg skal klara å løysa denne situasjonen. Hinda er innanfor skothald. Rifla står inntil stammen der eg har sove. Hinda beitar vidare, og eg prøver roleg og forsiktig å få opp rifla. Det klarer eg sjølvsagt ikkje, og på ein liten augneblink har hinda lagt på sprang og forsvunne ut av syne. Den siste dagen på Hammaren går mot slutten. Me drar spissbukken til Tom ned til garden, eller rettare sagt: Det er stort sett Per og Tom som slepar, mens eg skuldar på det vonde kneet og haltar etter dei andre. Me lessar baggasjen oppå taubanen igjen, men denne gongen får sekkane selskap av to hjortar som skal fraktast til slakteriet for vidare behandling. Det er med eit snev av vemod at me hoppar om bord i båten, og legg ut på den lange reisa heim til sivilisasjonen. Når me sit i båten, og kikkar mot krevjande og vakre Hammaren, kjenner me at Vestlandet for alltid kjem å vera «Bestlandet» når me tenkjer tilbake på eitt par fantastiske dagar heime hjå Tom. n n ekstrem 30

EKSTREM JAKT PÅ VESTLANDET DET ER MED EIT SNEV AV VEMOD ME HOPPAR OM BORD I BÅTEN, OG LEGG UT PÅ DEN LANGE REISA HEIM TIL SIVILISASJONEN. jakt 31

grillmat e PÅ TIDE Å TENNE GRILL Vinteren har endelig sluppet taket, og vi kan igjen hente fram grillen. Inviter vennene dine hjem på grillfest. De blir ikke misfornøyde med denne møre og smakfulle retten. TEKST OG FOTO: WWW.MINJAKT.SE 32

EN Grilla spareribs Baconsurra asparges Fetaostdressing r best 33

PÅ TIDE Å TENNE GRILLEN Det er lov å spise spareribs og asparges med fingrene. Det er selvsagt mye enklere enn å bruke bestikk! grillmat 34

Grilla spareribs og asparges Tynne spareribs, gjerne av svin eller villsvin En hvitløk 4 ss. sojasaus Ett par kryddermål chiliflak (kan erstattes med hakket chili) Ett par laurbærblad 5 dl fond eller kraft Salt Pepper Asparges Bacon PÅ TIDE Å TENNE GRILLEN BBQ-glaze, se egen rute Slik gjør du: Del hvitløken på midten, og legg den sammen med de andre ingrediensene i en stor kasserolle. Legg kjøttet i kasserollen, og fyll over med vann, slik at det dekker kjøttet. Kok på svak varme til kjøttet slipper fra beinet. Dette tar vanligvis en times tid, men kan variere avhengig av hvor tykke spareribsene er og hvor møre de var. Ta de forkokte spareribsene ut av kasserollen, og la de kjølne og renne av. Så er forarbeidet gjort, og nå er det på tide å grille. Surr litt bacon rundt noen asparges, og legg de på grillen. Pensle spareribsene med BBQ-glazen, og legg de også på grillen. Husk at spareribsene allerede er tilberedt, og at grillen bare skal gi smak og varme. Før du serverer, pensler du litt mer glaze på spareribsene for å gi de ekstra smak. Spareribsene er garantert gode, ekstremt saftige og møre. Spis og nyt sammen med godt brød, for eksempel focaccia. er best Fetaostdressing 2,5 dl crème fraîche 2 ss. majones 100 gram fetaost 1 fedd hvitløk Timian, helst fersk Salt og pepper Asparges er best om våren. Forkok den, surr den inn i litt bacon, grill og nyt! BBQ-GLAZE 1,5 dl ketsjup 1 ts. sojasaus 1 ts. flytende røykaroma (Liquid Smoke) 1 ss. Tiger Sauce 2 tsk Worcestersaus 1,5 dl sukker 1/ 2 ferskpressa sitron 2 ss. hvitvinseddik 1 stk. finhakket løk 2 fedd knust hvitløk Slik gjør du: Bland sammen ingrediensene i en gryte. Småkok på lav varme til sukkeret har smeltet. Glazen pensles på kjøttet like før det er ferdig grillet, og en siste gang rett før servering. Slik gjør du: Visp sammen crème fraîche og majones. Fetaosten smuldres og tilsettes blandingen sammen med knust hvitløk. Ha oppi hakket timian, og smak til med salt og pepper. 35

TOPPTEKST Polsirkelens grøn Viss du vurderer å jakta på Grønland, må du førebu deg på tøffe vêrforhold men jaktopplevinga er heilt klart verdt det. Det er ikkje mange andre stader i verda du har sjanse til å skyta moskusokse. TEKST OG FOTO: THOMAS LINDY NISSEN TLN@JAGTREJSEFEBER.DK UTTRYKKET MACNAB handlar om å skyta ein hjort og ei rype, og fanga ein laks alt i løpet av éin dag. Uttrykket stammar frå romanen «John Macnab», som er skriven av skotten John Buchan. 36

TOPPTEKST MacNab land 37

POLARSIRKELENS MACNAB DER LIGG DET EIN KARIBUBUKK. DEN KAN ME DEFINITIVT SKYTA. grønl 38

Thomas Olsen, guiden frå North Safari, ser det først. Der ligg det ein karibubukk. Det kan me definitivt skyta, kviskrar han mens han går ned på kne og peikar mot den vestre stranda ved havet. Den sørafrikanske jaktgjesten, Micheal Joubert, er klar: Gje meg rifla, så kan eg skyta den herifrå, kviskrar han med overtyding i røysta. Etter ei kjapp avstandsmåling svarer Olsen at det er meir and enn 500 meter bort, og dermed for langt unna. I staden for legg dei ein improvisert plan, og kort tid etterpå innleiar dei snikmanøveren. I ly av ein ås traskar dei seg framover. Snart kryp jeger og guide dei siste metrane fram til den beste skotposisjonen, som i dette tilfellet er eit platå over der bukken ligg. Bukken har selskap av både simle og kalv, og enn så lenge ligg dei alle stille utan å ana noko som helst. No er det berre 150 meter mellom jegrane og dyra. Micheal gjer seg klar og nikkar til Olsen, som lokkar nokre gonger for å få dyra til å reisa seg. Først skjer det ingenting, men så brøler han eitt par gonger til, og dyra reiser seg. Bukken vender seg mot lyden, og blir ståande med blikket rett mot dei for å sjå kva som skjer. Etter nokre minutt snur den seg litt til sida, og jegerane får sjansen dei har venta på. Pang! Skotet blir avfyrt, kula treff den høgre skuldra, og kulesplintane sender karibuen rett inn i døden. MICHEAL OG THOMAS greier utan noko særleg problem å berga kjøtet ut av den grønlandske villmarka, og kjem seg tilbake til det oppvarma teltet. Der byter dei om til tørre klede, og varmar seg framfor teltkaminen, mens dei nyt kvar sin pose med frysetørka mat. Grasmatta som utgjer golvet i teltet liknar meir på ei myr etter dei uvanleg store nedbørsmengdene den siste sommaren, men heldigvis har dei gode teltsenger som beskyttar mot den verste bløyta. Forholda blir ikkje direkte betre når årets første snøstorm pløyar seg gjennom landskapet i løpet av natta, og den planlagte jakta etter moskusokse neste dag blir eigentleg berre ei øving i å jakta i dårleg vêr. Allereie når dei løftar av påhengsmotoren, POLARSIRKELENS MACNAB PÅ GRØNLAND er det ikkje uvanleg å oppleva fire årstider i løpet av den same dagen. og saman med underteikna ber den flatbotna båten frå det eine vatnet til det andre, kviler dei ei overhengjande kjensle av fiasko med tanke på den komande jakta. For sørafrikanske Micheal er det noko spesielt med å jakta i snøvêr. Dette er kanskje det einaste lyspunktet sjølvsagt utanom naturopplevinga og kjensla av fridomen på vidda. SØRAFRIKANAREN HAR nemleg berre to gonger tidlegare i sitt 42 år lange liv stifta bekjentskap med denne vêrtypen, og då i mykje kortare periodar. Han er difor overvelda av ei nærmast euforisk kjensle, men denne kjensla er heilt fråverande når me åtte timar seinare våte og kalde kjem tilbake til teltet. Det såkalla golvet i teltet er no dekt av ikkje mindre enn 20 centimeter vatn, og håpet om å få ei god natts søvn karakteriserer Micheal som «fucked up». Ja, ja Slik kan det gå. t 39