SYNSTE MØRE TORSDAG 8. APRIL 2010. Vegen opna seg

Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Til deg som bur i fosterheim år

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Minnebok. Minnebok NYNORSK

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Månadsbrev for Rosa september 2014

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Jon Fosse. For seint. Libretto

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Joakim Hunnes. Bøen. noveller


På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

OK, seier Hilde og låser.

Refleksjon og skriving

UTGIVELSESDAGAR AVIS. Motta korrektur på mail, godkjenn for trykk eller korriger evt. feil.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

«Ny Giv» med gjetarhund

Brødsbrytelsen - Nattverden

Månadsplan for Hare November

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert

mmm...med SMAK på timeplanen

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Team Hareid Trygg Heime

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

MEDLEMSINFO. august 2009

Brukarrettleiing E-post lesar

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

FANTASTISK FORTELJING

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

5. Soknerådsmøte mai Referat

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

MILLIONSTØTTE TIL JÆRMUSEET

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

6-åringar på skuleveg

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :


Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

MARKNADSPLASSEN KONTAKT OSS ABONNEMENT REDAKSJONEN INFO

Transkript:

1 TORSDAG 8 APRIL 2010 NR 13 ÅRGANG 41 DENNE VEKA Satsar på foredling Avskjer frå laks, som Roger Hofseth her viser fram har tidlegare gått til avfall, men skal no verte kalsium, protein og fiskeolje. Selskapet Hofseth Biocare AS bygg no fabrikk på Midsund, der fiskekapp vert omdanna til kosttilskot. Seinare er planen å kome i gang med ny fabrikk i Vanylven. SIDE 7 Vegen opna seg FOTO: Håvard Parr Våren kom med marknaden Hundrevis av menneske, små og store, unge og gamle samlast til marknad på Hakallestranda palmelaurdag. SIDE 10 Tysdag forsvann brått eit stort stykke av asfalten midt på fylkesvegen ved byggefeltet på Hundsnes. Holet i dekket avslørte eit stort holrom i grunnen, der vatnet hadde vaska bort fleire kubikkmeter masse, og der asfalten til slutt gav etter. Dette skjedde på lyse dagen og med tørr vegbane. Kva om det hadde skjedd ein dag asfalten var våt og medan det var skymt eller mørkt? Her er det drosjesjåfør Ingmund Kvalsvik som vurderer om han skal tore å føre skuleungar forbi det djupe holet. SIDE 4 www.synste.no Lat oss teste synet ditt! Kjøttpølser Gilde, 900 g. pr. pk 34 90 Pærer 12 90 pr. kg 38,78 pr. kg PERIODISK KØYRETY- KONTROLL Godt vi har kvarandre Tinging av time: 70 07 70 19 Autorisert verkstad Tlf 57 85 65 45 Panasonic Varmepumpe

FØDDE 2 HELSINGAR Janne Katrin G. Kvalsvik og Sigve Slagnes, fekk ei nydeleg jente på Ålesund sjukehus 24. mars. Ho var 3050 gram og 48 cm. Stolte besteforeldre er Oddrun og Kjell Arne Kvalsvik, Torill og Steinar Slagnes Hipp Hurra for solstrålen Tobias! Vi vil gratulere sjarmøren vår Tobias Hellebust Kleppe med 1-års dagen som var den 5. april! Vi er alle veldig glad i deg:) Stor klem frå mamma, pappa, besten, mommo, onkel Thomas og tante Marinett Kaja Nygård Thunem Vi vil gratulere den kjekke jenta vår så mykje med overstått 6-års dag som var i går onsdag 07. april. Håpe at du hadde ei super feiring. Stor klem frå Anna, Oscar, mamma og pappa. Vi ønsker å gratulere bursdagsbarna våre Mathilde Nygård Jørve med overstått 6 årsdag, Nikolai Stoltz Nygård med overstått 2 årsdag 31. mars og Madelen Nygård Jørve med 4 årsdag 4. april. Vi er kjempeglade i dokke. Bursdagsklem frå besta og bestefaren på Thunem. Resten av familien gratulerer også. Ingrid, Henrik og Mathilde sender en stor gratulerer med overstått-klem til den superdupre gamletantå, Sigrun Strand som var 60 år 2. april:) Takk for ei kjekk feiring! Gratulasjonar også får resten av familia:) Kvinneklinikken, Volda sjukehus: 27. mars ble Sarah og Ida-Marie stolte storesøstre til lille Sophie, hun veide 4115 gram og var 52 cm lang. Stolte foreldre er Aretha og Ole Fiskaa Åge Rusten Vi vil gratulerer vår kjære pappa og mann hjerteligst med overstått 45 årsdag som var den 3. april! Vi er kjempeglad i deg! Mange gode klemmar frå Anne Lene, Svein Erik, Hans Ivar og Elisabeth Olai Farstad Sørensen Hipp hurra, for go`guten våra som fylte 2 år 3. april. Vi gratulerer så masse med overstått dag. Bursdagsklemmar frå farmor og farfar, oldemor på Rovde, tantene og onkelen helser også Kornelius Thorseth Knardal Vi gratulerer den tøffe Hessa guten med 6-års dagen som er 14 april. Snart er du stor skulegut. Håper du får ein super dag med masse godterier, boller og brus! Stor klem fra alle oss på Rovde og Matilde og Raymond på Eidså. 28. mars: Ein gut, Karin Nystøl og Sturla Fiskaa, Åram. TAKK TAKK Hjarteleg takk for all medkjensle, blomar og helsingar i høve Marit Johanne Vik sin død og gravferd. Vi ynskjer å rette ei spesiell takk til dei tilsette på Utsikten for all god omsorg i åra etter at ho flytta tilbake til Vanylven kommune. Ei særskild takk for ein fantastisk innsats og pleie etter at ho vart alvorleg sjuk. Vår varmaste takk til dykk alle. Syskjena med familie DØDSFALL Gunvald Indrøy, Eidså, døydde 23. mars, 75 år gammal. Einar Hovden, Rovde, døydde 26. mars, 87 år gammal. KYRKJA Søndag 11. april Ervik kl. 11.00: Familiegudsteneste saman med søndagsskulen. Utdeling av bok til 4-åringar. Sokneprest Kari Leine Balog. Søndagsskule Eidså kl. 10.45. Fiskå skule kl. 10.30 Marta Bøstrand Vi vil gratulere den kjekke styraren vår med dag mandag 12. april. Hilsen små og store i Solsikka barnehage. 2. søndag i påsketida Tekstane den andre søndag i påsketida etter den nye tekstboka er: Jer 31, 1-6: Endå ein gong skal eg byggja deg 1 Joh 5, 1-5: Sigrande tru Joh 21, 15-19: Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter: «Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?» Inger Ringstad Vonheim i Haddal.Tusen takk for ein flott 3-årsfest i påska! Helsing Gomor Ruth og Gofar August på Fiskå TEKST «Ja, Herre,» svara han, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø lamma mine!» 16Og han seier til han andre gongen: «Simon, son til Johannes, elskar du meg?» «Ja, Herre,» svara Peter, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Gjet sauene mine!» 17 Så seier han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?» Peter vart sorgfull då Jesus tredje gongen spurde: «Har du meg kjær?» Og han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø sauene mine! 18Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.» 19Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!» Marius og Julie Berge Sandvik Vi gratulerer Marius so mykje med 10 årsdagen idag, og Julie med overstått 7 årsdag 1. april. Bursdagsklemmar frå Jannike, mamma og pappa Helsingar til denne spalten er gratis. Hugs fullt namn på den den blir helsa til og at vi må ha helsinga innan måndag kl. 16.00. DIKT Vesle menneskebarn Vesle menneskebarn kven er du som må stå slik åleine, utan støtte for tankar som nettopp fortel kven du er. For eg ser du har alt som skal til for å tenkje og meine, men når tanken skal ut er det nett som den treff på eit skjer. Og så ligg den og slær som ei havbåre når den treff land; Vesle menneskebarn eg står klar til å gje deg ei hand. Eg står klar med ei løysing på alt som eg meiner er leit. Vesle menneskebarn, tenk om eg visste alt det du veit. Hjarteleg takk for gåver og helsingar i høve 70 års dagen min. Magne Løvoll Takk for at de kom meg i hug med blomster og gaver på min bursdag. Anders Nordal Arnhild Sofie Vik Nybø

MØTE Endeleg Berglund Etter litt om og men, er det klart at John Berglund kjem til Vanylven neste veke. Ubunden lokalavis for Vanylven og dei næraste bygdene. 3 Kjem ut på Fiskå kvar torsdag. Redaktør og dagleg leiar: Vidar Parr BILETET Synste Møre ønskjer å arbeide etter "Vær Varsom"-plakaten sine reglar for god presseskikk. Den som meiner seg utsett for urettmessig avisomtale, vert oppmoda til å ta kontakt med redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. PFU handsamar klager mot pressa i presseetiske spørsmål. Adressa til PFU er: Prinsensgt. 1, Pb 46, Sentrum 0101 Oslo. Telefon 22 41 56 80 Telefax: 22 41 19 80 OLE MAGNE KVALSVIK Etter at Berglund sitt kurs i kunsten å vere menneske og medmenneske i samband med Stopp opp dagane i haust vart avlyst, har det vore jobba med å finne ei tid der han kunne kome attende. Dette har vist seg å ikkje vere så lett for ein etterspurt kurshaldar, men onsdag og torsdag vil det verte høve å delta på kurset som no vert over to kveldar på kommunestyresalen. Då Berglund sist var i Vanylven hausten 2008 var det 60 deltakarar som fekk med seg Berglund sine tankar om å vere medmenneske i staden for motmenneske som Berglund sjølv uttrykte det til avisa. Det er kyrkja, folkehelsekoordinator og bulystrettleiar som samarbeider om Stopp opp dagane. Espen Wingaard i samarbeidsgruppa opplyser til avisa at kurset no vil verte rimelegare, sidan det går over to kveldar i staden for tre. Ein vil også tilby det ekstra billeg til ungdom, slik at fleire av desse skal få sjansen å delta. JOHN BERGLUND: Om lag 60 deltakarar fekk med seg John Berglund sitt kurs i 2008. Onsdag og torsdag vert det på nytt høve å få med seg den kjende kurshaldaren. PÅ TRÅDEN Etter ein retteleg snøvinter har våren byrja kome og 2. påskedag sende Liv Fluevåg dette biletet til oss, med meldinga: No Ulstein mannskor kjem på besøk RETTING KONSERT er kusymra å finne! Søndag om vel ei veke kjem Ulstein mannskor på besøk til Vanylven og sine korbrødre i mannskoret Frendar. Saman held vi kyrkjekonsert i Vanylven kyrkje søndags kvelden den 18.april. Ulstein mannskor med dirigent Robert Skeide i spissen, feira sist haust 125 års jubileum, så det er eit kor med lange tradisjonar vi her får høyre. Mannskoret Frendar med sine 12 år er lisjebroren i dette selskapet. All korsong kan vere flott, men mannskorsong kan vel stundom vere ekstra kraftfull og mektig. Samstundes er mange mannskor flinke til å få fram dei mjuke og vare toneklangane og nyansane, så også ein mannskorkonsert kan ha eit stort dynamisk spenn og gi varierte og fine musikkopplevingar. Vi veit at begge desse mannskora har desse kvalitetane og når dirigentane våre Robert Sk- FOTO: Liv Fluevåg eide og Rolf Aasevik Dyb får fram det beste i oss, så blir det vakkert. Reportoaret på konserten røper vi ikkje, men det er både kjente- og mindre kjente songar. Så nytt høvet å få med deg denne mannskorkonserten i eit kyrkjerom der akustikken og klangen spelar på lag. Billettprisen er forholdsvis rimeleg og gratis for ungdom under 15 år, så vi håper på fullsatt kyrkje. Vi trur det vert ein flott konsert, der gjestane, Ulstein mannskor, skal ha ei eiga avdeling. Mannskoret Frendar skal også ha ei avdeling, og det heile vert toppa av ei fellesavdeling med begge kora. Det skulle borge for ei kraftfull og vakker avslutning på ein mannskorkveld det ikkje kan ha vore maken til i Vanylven på mange år. Helsing oss i mannskoret Frendar. Vår på Sandnes Tysdag ringde Mons Sandes til redaksjonen og kunne fortelje om mange vårteikn. Påskeaftan observerte han vipa for første gong dette året. Allereie søndag 28. mars både såg og høyrde dei storspoven og også den gråkvite flugesnapparen er no komen. Så ved golfstraumen ute på Sandnes er det vår, seier Mons som no ventar på at også erla og gauken skal melde seg. Lita tuve kan velte stort lass, heiter det. Og når det gjeld kryssord skal det ikkje store feilen til før det merkast. i påskekryssordet vart hadde det falle ut eit lite ord - ordet FORK. Det gjorde nok at mange stussa på løysinga i øvste og venstre hjørnet. Vi la ut retting på nettet, men om du er av dei som har lagt bort kryssordet på grunn av den- ORD: Her er det det vesle ordet FORK. skulle stå. ne vesle feilen, iler vi til med ei retting også her. Frist for innsending er måndag 12. april - så det er enno litt tid å gjere på! Det er somme som har funne eigne løysingar på "problemet" - og det vil vi naturlegvis ta omsyn til om ein av dei skulle bli trekt ut som vinnarf! Båtis 5 stk. pr. pk. Henning Olsen 29 90 Stihl motorsag Fløtepudding Fiskemannen, 400 gr 10 00 MS260 jubileum 4490 00 Forbehald om utsolgt! Rønnestad eftf. Eidså - 700 20600/700 20605 Opningstider: mand./fred. 9.30-17, laurdag 9.30-15. Fk-tilboda gjeld berre butikken på Eidså

Valde Tussa som leverandør Det vart i fjor haust bestemt å styrke IKT-satsinga i skulen gjennom å setje av ekstra midlar til innkjøp av maskiner frå det såkalla disposisjonsfondet i kommunen. I fjor haust vart nokre av desse midlane tilført det ordinære budsjettet, slik at ein fekk kjøpt inn ein del PC-ar, vesentleg til lærarane. I år er det lagt opp Omseting av eigedomar Gnr 131, bnr 6 er overdregen frå Haldis Bjørlykke til Noralf Eiker (03.03.2010) Gnr 87, bnr 7 er overdregen frå Tomas Østrem til Hjørdis Østrem (09.03.2010) Gnr 87, bnr 7 er overdregenfrå Hjørdis Østrem til Kari Lise Remseth, Ivar Torleif Østrem, Lillian Oddveig Østrem Tørlen, Harald Thomas Østrem, Oddlaug Marie Jensen og Reidun Karin Østrem (09.03.2010) Del av Gnr 87, bnr 7 er overdregen for kr 175.000 frå Kari Lise Remseth,Ivar Torleif Østrem, Lillian Oddveig Østrem Tørlen, Harald Thomas Østrem og Oddlaug Marie Jensen til Reidun Karin Østrem (09.03.2010) Gnr 37, bnr 2 er overdregenfor kr 400.000 frå Ragnar Martin Kragseth til Johan Breivik Kragseth (09.03.2010) Gnr 152, bnr 4 er overdregen frå Ludvik Rønnestad til Prudense Oddny Rønnestad (11.03.2010) Overdraginga omfattar også Gnr 152, bnr 19 Gnr 152, bnr 19 er overdregen frå Prudense Oddny Rønnestad til Alf Kåre Rønnestad (11.03.2010) Gnr 82, bnr 3 er overdregen frå Tilly Margrete Eikrem til Ester Kari Ekroll (11.03.2010) Gnr 115, bnr 46 er overdrege frå Vanylven kommune til Rovde Buutvikling as (19.03.2010) Del av Gnr 38, bnr 2 er overdrege frå Aslaug Klara Krokenes til Harald Magnus Krokenes (19.03.2010) Overdraginga omfattar også del av Gnr 38, bnr 12 Gnr 12, bnr 10 er selt for kr 2.000.000 frå Kjartan Haugsbø til Per Berge (19.03.2010) Gnr 11, bnr 239 er overdregen for kr 457.681 frå Vanylven kommune til Fiskaa Maskin as (25.03.2010) Gnr 43, bnr 9 er overdregen for kr 750.000 frå Per Atle Sjåstad til Paul-Vidar Sjåstad (26.03.2010) Kilde: Statens kartverk Regionrådet til Åheim Regionrådet for dei sju kommunane på søre-sunnmøre, der ordførarane og rådmennene i Volda, Ørsta, Vanylven, Hareid, Ulstein, Herøy og Sande tek del, har lagt regionrådsmøtet til North Cape Minerals på Åheim fredag denne veka. Der blir det orientering og synfaring ved verksdirektør Ove Sollid. Konsernsjef i Tussa, Elling Dybdal vil orientere ordførarane om Tussa. Tysdag føremiddag oppstod brått eit krater i fylkesvegen ved byggjefeltet på Hundsnes. 4 Krater i fylkesvegen HÅVARD PARR Holet i asfaltskorpa var kring ein kvadratmeter, men under dekket breidde skadane seg adskilleg meir utover. Kring fire kubikkmeter med masse var vaska bort av vatnet kunne vegmeister Jan Øystein Holsvik frå Mesta konstatere då han kom til staden kring kvart over elleve. Fylkesvegen på Nordstranda vart først delvis, så heilt stengd då ei gravemaskin frå Eikrem maskin kom til staden. Etter å ha grave bort massane som framleis låg over stikkrenna, var det tydeleg at eit samanklappa sementrør var skuld i skadane. Røret vart skøyta og masse lagt på, slik at vegen igjen var open for ferdsel i kveldinga. Fare for trafikken Det er ingen tvil om at det store holet midt i vegbanen utgjorde ein fare for trafikken før det vart merka. Vi prøver å ta stikkrennene før det går så langt at dei klappar saman, men med 3600 kilometer med veg i Møre og Romsdal og med stikkrenner for kvar sekstiande meter, så kan slik skje, seier seksjonsleiar i Statens Vegvesen Ivar Hol. Det er vanleg at det klappar i hop ei og anna stikkrenne, men våre folk legg vanlegvis merke til dette lenge før bilistane gjer det, svarer Hol vidare på spørsmål om ein berre må rekne med Den utflytte rovdestrandingen Alf-Helge Aarskog (42) er utnemnd til konsernsjef i oppdrettsgiganten Marine Harvest. VIDAR PARR Aarskog, som like før jul gjekk inn i tilsvarande stilling i Lerøy Seafoad Group ASA, skal ta til i den nye stillinga til hausten. Han kjem inn i den nye toppstillinga etter at styret i Marine Harvest sist veke valde å ikkje satse vidare på konsernsjef Åse Aunlie Michelet. Styret var delt i den saka, men samla i innstillinga av Alf-Helge Arskog som ny konsernsjef. til å bruke 300 000 kroner frå dette fondet, som i lag med ordinære midlar skal brukast til å kjøpe inn 100 elevmaskiner. Det har ei tid vore ein anbodsprosess i gang og mellom åtte godkjende tilbydarar, valde ein denne gongen maskiner frå Tussa IKT. Dette vart gjort ut i frå kriterium der prisen talde 50 %, medan at det kan oppståslike hol i vegen. KRATERET: Vegmeister Jan Øystein Holsvik frå Mesta kunne konstatere at stenging av vegen og bod etter gravemaskin var det einaste rette. Til topps i Marine Harvest Arskog har både lang røynsle, relevant utdanning og gode resultat på cv-en sin. Summen var nok til å overbevise hovedaksjonær John Fredriksen og styret i Marine Harvest om at han er helt rette mann, skriv Dagens Næringsliv onsdag 31.mars. Styreleiar i Marine Harvest, Ole-Eirik Lerøy, uttrykkjer i børsmeldinga som er sendt ut at styret er svært tilfreds med å få Aarskog som ny konsernsjef i selskapet. I samband med at Aarskog vart utnemd til toppstillinga i Lerøy Seafood Group ASA hadde Synste Møre ein omtale av rovdestrandingen i desember. Han er son til Jorunn og Jostein Aarskog og bur i Meland kommune nord for Bergen. kvalitet vart vektlagt 40 % og oppfølging og service 10 %. Med dette skal alle 9. og 10. klassingar i kommunen vere utstyrte med maskiner, medan planen er å få kjøpt inn til 8. klassingane neste år. TOPPSJEF: Alf-Helge Aarskog, fødd og oppvaksen på Rovde, er tilsett som toppleiar i oppdrettsgiganten Marine Harvest ASA (FOTO: Joar Grindheim, Intrafish)

Natt til første påskedag var det innbrot i maskinutsalet til Peder Johan Storeide. Med seg fekk tjuvane to kappsager og ei motorsag. HÅVARD PARR Kring 04.00 natt til søndag var det billydar og aktivitet i nærleiken av lokala til PJ Storeide Olje og maskinsalg på Storeide. Lydane trur Peder Johan Storeide må vere samanfallande med innbrotet som har funne stad. Frå ein i bustadhuset fyrst høyrde lydar til det small i ei bildør for siste gong, gjekk det då eit knapt kvarter. Blodspor Dei ubodne gjestane har kome seg inn ved å knuse vindauget ved sidan av ytterdøra inn til utsalet, for slik å kome til låsen innanifrå. I denne prosessen har nokon skåre seg, og det er tydelege blodspor både på glasrestar og på golvet. Det er maskinreiskapane som stod nærast tilgjengeleg og slik mest synlege som er borte. Ei motorsag og to kapp- og gjærsager av tysk merke er stolne. At det har vore hastverk inne i bilete er truleg, ettersom dei 5 Reidar Sandal ny styreleiar i Nynorsk kultursentrum Eg er veldig glad for å verte styreleiar med så utfordrande og spennande oppgåver som det Nynorsk kultursentrum står overfor. Det seier Reidar Sandal som kommentar til at han Stal sager på Storeide Det skal i 2010 leggast nytt asfaltdekke på om lag 3,8 kilometer av vegen gjennom Vanylven. OLE MAGNE KVALSVIK Det er fire strekningar på det som før heitte Riksveg 61 og Riksveg 620 som skal nyasfalterast. Som dei fleste vil ha fått med seg har alle riksvegar gått over til å verte fylket sitt ansvar, slik at det no heiter Fylkesveg 61 og Fylkesveg 620. Fire område I fjor vart det løyvt ekstra midlar gjennom den såkalla tiltakspakken frå regjeringa, slik at det vart lagt 3,4 kilometer nytt dekke frå Ekrem til Skjervheim i Syltefjorden. I år er det gjennom dei normale løyvingane at Vanylven er tilgodesedd med 3 785 meter nytt dekke. Dei kjem om lag frå krysset på Storeide og mot avkøyringa til grovavfallsplassen med 420 meter, frå Låtra forbi Statoil på Tunheim med 565 meter, frå brua er vald til ny styreleiar i Nynorsk kultursentrum. Eg har stor respekt for det arbeidet som er utført og dei strategiske vurderingane styre og tilsette har gjort. Nynorsk som har vore på staden ikkje har teke med seg tilleggsutstyret som høyer saman med maskinene. Til saman er det tale om verdiar for 13 500 kroner, fortel Storeide, som ikkje har vore plaga av slike innbrot sidan han flytte utsalet til huset ved gamlevegen for sju år sidan. Kring halv fire natt til søndag ringde hustelefonen i heimen, noko Peder Johan Storeide undrar seg på om kan vere ein sjekk for å finne ut om dei hadde falle til ro på garden. Ei ukjend stemme spurde då etter skyss frå ein av sonane i huset. Vil ha tips Lensmann Tor Sæther seier at politiet er veldig interesserte i tips i saka. Ettersom det er funne blodspor kring det knuste glaset på innbrotsstaden har truleg den som har slått seg gjennom vindauget kuttskadar, og politiet meiner dette kan vere til hjelp for å finne den eller dei skuldige for brotsverket. INNBROT: Det knuste vindauget er dekt av plater, men det er ikkje vanskeleg å sjå korleis innbrotstjuvane har kome seg inn, konstaterer Peder Johan Storeide. Nesten fire kilometer ny asfalt på Åheim gjennom krysset ved misjonhuset og mot Skorge med 800 meter med til saman 2 000 meter nytt dekke på ulike strekk av vegen frå Åheim til Bekslevatnet. Maurstad og Selje I våre nærområde kan særleg dei som pendlar til arbeid i Måløy også glede seg over at det attverande, smale vegstykket på om lag 1.3 kilometer frå Naveosen og nedover mot Maurstad får nytt dekke. Så skal det arbeidast vidare frå det som vart gjort i 2009 og leggast ny asfalt frå Mannseidet mot Selje, med i alt 4 847 meter. I 2011 kan også både dei som skal starte i Stadlandet Rett vest, eller sjå Dragseidspelet, glede seg over at 1 060 meter med ny asfalt er komen på plass frå Dragseidsvingen og oppover. Ikkje rom for meir For Vanylven sin del betyr dei 3 785 metrane med nytt dekke at utskiftinga av det som no altså heiter fylkesvegar i kommunen vil vere ferdig om under 20 år, kultursentrum må framleis vere markerte og offensive i arbeidet sitt, og eg skal gjere mitt, seier Sandal, tidlegare statsråd i Kyrkje-, utdanningsog forskningsdepartementet om ein held same takta. I tillegg kjem dei tidlegare fylkesvegane, som rundt Hovda, der både strekninga frå gamlekrysset på Fiskå og sørover no er ille, og vi ser i dag saka om holet i vegen på Nordstranda, som ein av fleire stadar der det har oppstått slike. Vi har dessverre ikkje planar om å legge nytt dekke desse stadane i år. Det skuldast sjølvsagt den prioriteringa vi må gjere innanfor dei økonomiske ramene vi har til disposisjon, (1995-1997) og som har to periodar bak seg på Stortinget for Ap (2001-2009), i siste periode som leiar i finanskomiteen. ASFALT: I fjor vart det lagt ny asfalt frå Ekrem til Skjervheim i Syltefjorden. I år er det fire stader som får nytt dekke i Vanylven (FOTO: Vidar Parr) seier Sverre Digernes, seksjonsleiar ved Asfalt- og vegmerkingsseksjonen i Statens Vegvesen Midt Norge. NY LEIAR: Reidar Sandal Trafikkuhell i Syvde Ein bli med fire personar køyrde natt til påskeaftan av vegen i Syvde. Det var ikkje personskade. Når politiet likevel har engasjert seg i saka, er det på grunn av at uhellet skal ha skjedd på grunn av at ein passasjer, ein rusa mann i 20-åra, skal ha teke tak i rattet og slik gjort til at bilen køyrde av vegen. Vedkomande vart teken hand om av politiet og framstilt for lækjar for blodprøve. Hendinga vert etterforska. Rusa person og mopedførar utan bevis Ei kvinne, som i politiloggen vart karakterisert som sterkt rusa og utagerande, vart teken hand om på Fiskå natt til 1.påskedag og sett i drukkenskapsarresten, melder politiet. Noko tidlegare i helga, natt til langfredag, vart ein mopedførar utan førarbevis, men derimot med ein passasjer på, stogga av politiet. Vedkomande er no meldt for å ha køyrt utan bevis. Stabilt i mars Tala for arbeidsmarknaden i mars viser for Vanylven sin del ei arbeidsløyse på 22 menn og seks kvinner, som utgjer 1,6 %. Dette er to personar fleire enn på same tid i fjor, men ned sju frå februar. Også i Sande er det stabilt med 1,7 % ledige, 13 menn og ni kvinner, som er tre fleire enn mars i fjor og seks ned frå februar. I Selje er det 39 personar, eller 2,7 % ledige av arbeidsstyrken. Tala viser elles at Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har færrast ledige på landsbasis med 2,5 og 2,6 %, Gjennomsnittet er 3,1 %. Inviterer til vegstrid Hareidordførar og leiar for tunnelselskapet Hafast, Hans Gisle Holstad, legg opp til vegstrid på utspelet sitt om felles kamp av kommunane i ytre for at sambandet Hareid-Sula skal byggast og ha status som kyststamveg. Dette betyr at framtidig E39 ikkje vil gå gjennom Ørsta kommune og over Festøy-Solevåg. Totalt uaktuelt, var den krystallklare haldninga i Ørsta formannskap som for ein gong skuld var heilt og fullt samstemte, skriv lokalavisa "Møre".

Hareidordførar Holstad: Styreleiar i Hareid Fastlandssamband, Hans Gisle Holstad, ser ingen motsetnader mellom Hareid-Sula/ Ålesund - sambandet og Rovdefjordbrua. Begge er viktige lekkar i Kystvegen Ålesund - Bergen. KJELL BRENNE Hareidordføraren kan sjå attende på mange harde kampar i Høddtrøya for nokre ti-år attende. No har han mobilisert all tyngde og motivasjon for det som vil bli hans aller viktigaste politiske kamp det undersjøiske tunnelsambandet frå Hareid til Sula/Ålesund. Med røynsler frå toppdivisjonen i norsk fotball, veit den tidlegare midtbaneslitaren frå Hødd si stordomstid i norsk fotball at resultata ikkje kjem av seg sjølv. Det vil også gjelde for det grensesprengande tunnelprosjektet som dukkar meir enn 600 meter under sjøoverflata. Nytt og forsterka Styreleiaren i HaFast kan vise til at næringslivet på ytre-søre no for alvor har retta blikket mot Ålesund og vil ha realisert eit fast undersjøisk samband. Effekten av Eiksundsambandet har skapt ein sterk motivasjon for å kome vidare. Selskapet Hareid Fastlandssamband er revitalisert med næringslivet på laget. Selskapet ventar på å få tilført ny kapital, noko som gjer det mogleg å få utarbeidd nye og oppdaterte planar. Sambandet var sterkt framme i samferdselsdebatten på åttitalet, men som etter dåverande Hareid-ordførar Olav Fure si regjeringstid visna vekk og vart liggande i "dvale" til dess sambandet no er komen på føtene att med nytt og forsterka trykk. Ser også sørover Men om Holstad er kaptein på det laget som skal vinne kampen for ei undersjøisk kryssing av Sulafjorden, har han også "spelforståing" for å slå ei presis "pasning" sørover. Eg vil meine at næringslivet her på ytre-søre også ser verdien av å sjå sørover og dei moglegheiter dette gir. Blant anna vil det som no skjer av kompetanseutvikling på aksen Vanylven, Selje og Måløy ikkje vere uinteressant for miljøet 6 Ingen motsetnader mellom HaFast og Rovdefjordbrua på ytre søre og omvendt. Det handlar om å etablere ein effektiv og "straumførande" trase som er open heile døgnet og som ikkje fungerer som ei sperre, slik ferjene med sine ventetider blir i dag. Det gir også flyplassen på Vigra auka kraft til å framstå med større internasjonal styrke. Slik sett er både Hareid-Sula/Ålesund og Rovdefjordsambandet viktige lekkar i denne målsetjinga, framhevar Holstad. Djup djupare Men blir ikkje 600 meter ned alvorleg djupt for ein tunnel? Djupt var det då sambandet Ålesund Valderøya skulle byggast, djupt vart det hevda då Eiksundsambandet skulle realiserast og djupt blir det hevda når vi no snakkar om Hareid-Sula/Ålesund. Sperrene ligg meir i hovudet enn i det som er realiserbart. Det er heller ei sak om tilvenjing og elles ta i bruk dei moglegheitene som alt ligg der og som opnar for framtida. Debatten om djupta på Hareid-Sula/Ålesund er ferdig. Konklusjonen frå statlege instansar er at det ikkje vil by på noko teknisk problem å bygge dette sambandet, framheld Holstad. Stam- eller fylkesveg Holstad ser det både nødvendig og positivt at planane for Rovdefjordsambandet kjem på bana att og at det blir etablert eit bruselskap. Sambandet Hareid-Sula/Ålesund har høgre prioritet enn Rovdefjordbrua, men om ein vinn fram med å gi Hareid-Sula/Ålesund stamvegstatus og dermed bli eit statleg prosjekt, vil det frigjere plass for andre prosjekt på lista som fylket har ansvaret for, noko som vil vere ein klar fordel for Rovdefjordbrua, meiner Holstad. Stamvegkamp HaFast med Holstad i spissen har no halvtannan år på seg til å få utarbeidd prospektet fjordkryssinga Hareid-Sula med oppdaterte planar. For då skal fylkestinget ta stilling til kva stamvegåre som skal veljast nordover. Det andre alternativet som stamveggruppe sør har lagt fram, er kryssinga Solevåg Festøy med ein arm mot Sykkylven. Med dette perspektivet for auge manar Holstad til full mobilisering for at Hareid-Sula/Ålesund blir valt som stamvegtrasé. Dette vil heilt klart vere det rette. Ferja Hareid-Sulesund har vist langt sterkare trafikkauke enn Festøy Solevåg. Dette kjem nok av at vi har fått Eiksundsambandet og at langt fleire frå Volda/Ørstaområdet og lenger sørfrå vel å køyre over Hareid, seier Holstad. KYSTVEG: Hareidordførar Hans Gisle Holstad (midten) ser verdiskapinga Kystvegen vil utløyse for næringslivet. Som styreleiar i HaFast står han på for den undersjøiske fjordkryssinga Hareid-Sula/Ålesund. Han ser også Rovdefjordbrua som ein viktig lekk på den ytre nord-sør traséen. Her i samtale med tidlegare samferdselsrådgjevar i Vanylven, Svein Gjelseth, t.v. og sandeordførar Dag Vaagen. Kystvegselskap Holstad deltok sjølv på stiftingsmøtet for selskapet Kystvegen i Bergen. Han framhevar styrken i nettopp det å få etablert eit overordna organ som kystkommunane har slutta seg til og som kan vere ein pådrivarorganisasjon overfor sentrale styresmakter samstundes som det vil vere eit forum som samordnar og støttar dei ulike delprosjekta i Kystvegen. Med Jan Helgøy inne som nestleiar i styret bør Vanylven ha fått ein nøkkelposisjon for sine synspunkt, meiner Holstad. Kystvegen har fått eit langt sterkare fokus enn for berre nokre år sidan. Verdiskaping vi har langs denne aksen frå Ålesund og nedover langs kysten, har krav på eit rasjonelt og ferjefritt samband. Eit stort potensiale for ny vekst og utvikling for næringslivet og som knyter dei ulike industrimiljøa med sin kompetanse tettare saman, påpeikar Holstad. Hofseth vil bygge Frå av Roger Hofseth AS satsar no også på produksjon av næringsmiddel og kosttilskot og planlegg mellom anna storfabrikk i Vanylven. OLE MAGNE KVALSVIK Satsinga skjer gjennom det nye selskapet Hofseth Biocare AS. For tida driv ein med bygging av ein fabrikk på Midsund som skal vere i sving til hausten. Denne skal ta unna avskjer frå produksjonen ved verksemda i Syvde og Seafood Farmers på Valderøya. Når fabrikken her viser lønsemd er planen å gå vidare med ein vesentleg større fabrikk i Vanylven. Næringsstoff Før påske var ein i møte med Vanylven Utvikling og orientere nærare om framdrifta i planane. Det er frå før gitt eit lån frå det såkalla risikofondet til prosjektet. Det går ut på å nytte avskjeret frå laksen til å lage næringsstoff. Det er ein patentert prosess der ryggar, hovud og avskjer vert omarbeidd til kalsium, våt- og tørrprotein og fiskeolje. Desse vil gå ut på marknaden som reine kosttilskot, eller verte selde vidare som tilsetning i andre produkt, som til dømes dyrefôr, fortel Roger Hofseth i Hofseth AS. Store mengder Det er store mengder det er snakk om. På Midsund vil ein ta i mot og produsere av kapp frå eigne verksemder, medan ein fabrikk i Vanylven vil kunne ta i mot og produsere frå langt utover det ein sjølve står for av råstoff. Samuel Muren er prosjektansvarleg i Hofseth Biocare AS. For Midsund sin del vil ein ha ein kapasitet på 10 000 tonn i året, eller om lag 200 tonn i veka, medan fabrikken i Vanylven satsar på å ta seg av langt større mengder råvare frå andre produsentar. Det vil vere muleg å omstille seg til å kunne ta i mot både avskjer frå ulike typar av oppdrett og dei fleste typar fisk. Vårt eige råstoff vil utgjere berre ein liten del av verksemda, fortel prosjektansvarleg Samuel Muren i Hofseth Biocare AS. Midsund først Kva tid fabrikken kan kome i gang er framleis litt uvisst. I beste fall håpar vi å kunne starte opp i 2012, men vi må først få overskot på Midsund før vi går i gang med bygging i Vanylven, seier Muren. Dagleg leiar ved Hofseth AS i Syvde Geir Even Håberg, fortel at ryggar og hovud frå dei to