Tilsynsutvalet i Hordaland Møteprotokoll Møtedato: 10.06.2010 Møtetid: Kl. 15:45 18:15 Møtestad: Heradshuset i Kinsarvik Saksnr.: 006/10-012/10 Forfall meldt frå følgjande medl. Elisabeth Hauge Torunn Sorteberglien Bergljot Maria Veivåg Marie Synnøve Børve Følgjande varamedl. møtte Svein Buer Vara kunne ikkje møta Vara ikkje innkalla Vara ikkje innkalla Møteleiar: Frå adm. møtte: Diverse: Leiar Trygve Sæbø Sekretær Anne Gerd Nysveen Djønne Innkomne søknadar om transport i barmarksesongen vart gjennomgått, og dei som ikkje var kurante for avgjersle av sekretæren vart behandla av utvaleti møtet. Underskrifter: Trygve Sæbø Erling Aga Samson Hamre Harald Myklathun John Helge Rasmussen Svein Buer
Sakliste Sak nr. Saktittel 006/10 Godkjenning av møtebok 007/10 Meldingar 008/10 Årsrapport for Tilsynsutvalet i Hordaland 2009 009/10 Drift av Tilsynsutvalet i Hordaland 2010 010/10 Ny fjellstyrehytta i Skulevika i Eidfjord kommune innan Skaupsjøen/Hardangerjøkulen landskapsvernområde 011/10 Motorferdsel innan Hardangervidda nasjonalpark under villreinjakta 2010 012/10 Motorferdsel innan Hardangervidda nasjonalpark barmark 2010.
006/10: Godkjenning av møtebok Møteboka frå møte 04.02.2010 vert godkjent slik ho ligg føre. Møteboka frå møte 04.02.2010 vart godkjent slik ho låg føre. TUV-006/10 VEDTAK: Møteboka frå møte 04.02.2010 vart godkjent slik ho låg føre. 007/10: Meldingar Meldingane vert tekne til orientering slik dei ligg føre. Meldingane vart tekne til orientering slik dei låg føre. TUV-007/10 VEDTAK: Meldingane vart tekne til orientering slik dei låg føre.
008/10: Årsrapport for Tilsynsutvalet i Hordaland 2009 Årsrapporten for Tilsynsutvalet i Hordaland vert godkjent slik den ligg føre. Årsrapporten for Tilsynsutvalet i Hordaland vart godkjent slik den låg føre. TUV-008/10 VEDTAK: Årsrapporten for Tilsynsutvalet i Hordaland vart godkjent slik den låg føre. 009/10: Drift av Tilsynsutvalet i Hordaland 2010 Budsjettet for 2010 på kr 450.000,- vert godkjent slik det ligg føre frå sekretæren. Tilsynsutvalet i møte godkjenner budsjettet for 2010 på kr 450.000,- slik det ligg føre med auke i 50%stilling sekretør til kr 230.000,- og reduksjon i møtegodtgjersle til kr 50.000,-. Budsjettet for 2010 på kr 450.000,- vart godkjent. TUV-009/10 VEDTAK: Budsjettet for 2010 på kr 450.000,- vart godkjent.
010/10: Ny fjellstyrehytta i Skulevika i Eidfjord kommune innan Skaupsjøen/Hardangerjøkulen landskapsvernområde Framlegg til tilråding til Fylkesmannen i Hordaland: Saka vert lagt fram utan framlegg til tilråding. Tilsynsutvalet i møte kom opp med 2 ulike framlegg til tilråding: Ikkje tilrå flytting av fjellstyrehytta nord for rv7. Tilrå flytting av fjellstyrehytta nord for rv7, der ein forutset plassering i nær tilknyting til DNT si hytta ved Kjeldebu. Røysing: Ikkje tilrå flytting av hytta fekk 2 røyster. Tilrår flytting, der ein forutset plassering i nær tilknyting til DNT si hytta ved Kjeldebu fekk 4 røyster. Fleirtalet meiner at denne saka skil seg frå tidlegare søknad frå DNT ved at denne hytta skal dekke eit behov knytt til forvaltning av ressursane i området. Mindretalet meiner det ikkje er nokon prinsippiell skilnad på søknad frå fjellstyret og DNT, og at det er tilstrekkeleg overnattingskapasitet i området. Eksisterande hytte må sanerast. TUV-010/10FRAMLEGG TIL TILRÅDING TIL FYLKESMANNEN I HORDALAND: Tilsynsutvalet i Hordaland tilrår flytting av fjellstyrehytta nord for rv7, der ein fortuset plassering i nær tilknyting til DNT si hytta ved Kjeldebu.
011/10: Motorferdsel innan Hardangervidda nasjonalpark under villreinjakta 2010 Tilsynsutvalet i Hordaland gjev med dette Ullensvang Fjellstyre inntil 10 turar/retur med traktor på slepa Sandhaug Hansbu i tidsrommet 3 dagar før under og 3 dagar etter villreinjakta 2010. Eidfjord Fjellstyre får inntil 5 turar med traktor på slepa Fossane-Høgahæ-Eitro- Låghelleren i tidsrommet 3 dagar før under og 3 dagar etter villreinjakta 2010. Fjellstyra står ansvarleg for å fordela turane mellom sine brukarar, og har ansvar for fullstendig rapport vert sendt Tilsynsutvalet i Hordaland snarast etter avslutta villreinjakt. Tilsynsutvalet gjev løyve til fly/helikopterselskap, som er registrert med luftfart som næring og som er interessert i dette, løyve til inntransport av jegerar med gyldig jaktkort til dei vatna i Hordaland sin del av nasjonalparken som er opplista i forvaltningsplanen. Dette gjeld Nordmannslågen v/ Besso, Vatnalivatn, Veivatn, Bersavikvatn, Litlosvatn, Nedste Krokavatn, Øvste Krokavatn, Nedste Bjørnavatn, Øvste Bjørnavatn, Vasslivatn, Langavatn, Kvennsjøen, Midtre Grøndalsvatn, Store Valgardsvatn, Holmavatn og Hedlevatn. Inntransporten kan gå føre seg 3 dagar før, og under villreinjakta 2010. Sjøfly og helikopter er her likestilte. Det er ein forutsetjing at fly/helikopterselskapa prøver å fylla opp flya/helikoptera, og ikkje flyg inn ein og ein jeger. Det skal skrivast logg på alle turane, og rapporterast attende til Tilsynsutvalet i Hordaland seinast 10 dagar etter jaktslutt. Rapporten skal innehalda dato, ant. jegerar og landingsstad. Uttransport av felt villrein frå dei overnemnde vatn gjeld fram til og med 3 dagar etter at villreinjakta er slutt, jfr. pkt. 4.6.2.c i verneforskrifta. Jegerar som skal til andre stadar enn dei overnemnde, må ha særleg løyve i høve til pkt. 4.6.2.1.a i verneforskrifta. Tilsynsutvalet i Hordaland kom med fylgjande framlegg: Sjøfly og helikopter er likestilte, helikopter kan landa innanfor ein avstand på hundre meter frå dei opplista vatna. Røysting: Samrøystes vedtak. TUV-011/10 VEDTAK: Tilsynsutvalet i Hordaland gjev med dette Ullensvang Fjellstyre inntil 10 turar/retur med traktor på slepa Sandhaug Hansbu i tidsrommet 3 dagar før under og 3 dagar etter villreinjakta 2010.
Eidfjord Fjellstyre får inntil 5 turar med traktor på slepa Fossane-Høgahæ-Eitro- Låghelleren i tidsrommet 3 dagar før under og 3 dagar etter villreinjakta 2010. Fjellstyra står ansvarleg for å fordela turane mellom sine brukarar, og har ansvar for fullstendig rapport vert sendt Tilsynsutvalet i Hordaland snarast etter avslutta villreinjakt. Tilsynsutvalet gjev løyve til fly/helikopterselskap, som er registrert med luftfart som næring og som er interessert i dette, løyve til inntransport av jegerar med gyldig jaktkort til dei vatna i Hordaland sin del av nasjonalparken som er opplista i forvaltningsplanen. Dette gjeld Nordmannslågen v/ Besso, Vatnalivatn, Veivatn, Bersavikvatn, Litlosvatn, Nedste Krokavatn, Øvste Krokavatn, Nedste Bjørnavatn, Øvste Bjørnavatn, Vasslivatn, Langavatn, Kvennsjøen, Midtre Grøndalsvatn, Store Valgardsvatn, Holmavatn og Hedlevatn. Inntransporten kan gå føre seg 3 dagar før, og under villreinjakta 2010. Sjøfly og helikopter er likestilte, helikopter kan landa innanfor ein avstand på hundre meter frå dei opplista vatna. Det er ein forutsetjing at fly/helikopterselskapa prøver å fylla opp flya/helikoptera, og ikkje flyg inn ein og ein jeger. Det skal skrivast logg på alle turane, og rapporterast attende til Tilsynsutvalet i Hordaland seinast 10 dagar etter jaktslutt. Rapporten skal innehalda dato, ant. jegerar og landingsstad. Uttransport av felt villrein frå dei overnemnde vatn gjeld fram til og med 3 dagar etter at villreinjakta er slutt, jfr. pkt. 4.6.2.c i verneforskrifta. Jegerar som skal til andre stadar enn dei overnemnde, må ha særleg løyve i høve til pkt. 4.6.2.1.a i verneforskrifta. 012/10: Motorferdsel innan Hardangervidda nasjonalpark barmark 2010. Det vert delegert til sekretæren i Tilsynsutvalet i Hordaland å skriva ut motorferdselløyver etter fylgjande punkt for barmarksesongane 2010 og 2011: Jegrar med gyldig jaktkort får inntil 2 landingar/2 turar med traktor etter godkjende sleper for naudsynt transport i samband med storviltjakt. Jfr. pkt.4.6.3.1.a / 4.6.3.1.b. Almenningsbrukarar og private grunneigarar får 2 landingar /2 turar med traktor etter godkjende sleper i samband med garnfiske over 50 garndøgn. Dei må ha løyst garnfiskekort. Der det er fleire søkjarar til same vatn og husvære, skal turane samordnast så langt det let seg gjera. Jfr.pkt.4.6.3.2.a / 4.6.3.2.c. Det kan gjevast løyve til bruk av båt med motor inntil 10 hk på vatn mindre enn 2 km² i samband med garnfiske, storviltjakt og landbruksverksemd. Jfr. pkt.4.6.3.1 c, 4.6.3.2.d og 4.6.3.4.a. Transport i samband med gyldig byggjeløyve får tildelt naudsynt ant. turar. Desse vert gjeve som fleirårige løyve innan byggjeperioden.
For tilsyn og vedlikehald for sommarsesongen skal helikopter reknast med 800 kg.pr. landing, og fly med 350 kg pr. landing. Jfr. pkt. 4.6.3.5.a. Eldre og uføre, som har lang tilknyting til fjellområdet. Uføre må vurderast ut frå kvar enkelt søknad. Desse kan få inntil 4 landingar. (2 turar/retur), Jfr.pkt. 4.6.3.5.d. Transport av varer og utstyr til turisthyttene og dei som driv med beitedyr i fjellet får generelt løyve med køyrebok. Desse vert gjeve som fleirårsløyve. Jfr.pkt. 4.6.3.3.c og d og 4.6.3.4.a. Alle hytteeigarar langs med Tinnhølvegen inkludert hyttene på Hølatangen, får køyra fram til hyttene sine, og får parkera ein bil ved hytta. Jfr.pkt. 4.6.3.5.c. Det vert gjeve løyve til naudsynt transport i samband med forsking. Jfr. pkt. 4.6.3.5.f Søknadar som ikkje er kurante, vert lagt fram for Tilsynsutvalet i Hordaland i møte, eller i hastesaker avgjerast av leiar og leggjast fram som melding i neste møte. Løyve over fleire fylke vert gjeve av det Tilsynsutvalet som er endemålet for turen, etter uttale frå dei andre fylka som turen gjeld. Innrapportering skal skje til det fylket som gav løyvet. Lokale lensmannskontor, Hordaland politidistrikt Odda, Fylkesmannen i Hordaland og SNO får tilsendt ei oversiktsliste over dei utskrivne løyva. Sekretæren sitt framlegg vart samrøystes vedteke. TUV-012/10 VEDTAK: Det vert delegert til sekretæren i Tilsynsutvalet i Hordaland å skriva ut motorferdselløyver etter fylgjande punkt for barmarksesongane 2010 og 2011: Jegrar med gyldig jaktkort får inntil 2 landingar/2 turar med traktor etter godkjende sleper for naudsynt transport i samband med storviltjakt. Jfr. pkt.4.6.3.1.a / 4.6.3.1.b. Almenningsbrukarar og private grunneigarar får 2 landingar /2 turar med traktor etter godkjende sleper i samband med garnfiske over 50 garndøgn. Dei må ha løyst garnfiskekort. Der det er fleire søkjarar til same vatn og husvære, skal turane samordnast så langt det let seg gjera. Jfr.pkt.4.6.3.2.a / 4.6.3.2.c. Det kan gjevast løyve til bruk av båt med motor inntil 10 hk på vatn mindre enn 2 km² i samband med garnfiske, storviltjakt og landbruksverksemd. Jfr. pkt.4.6.3.1 c, 4.6.3.2.d og 4.6.3.4.a.
Transport i samband med gyldig byggjeløyve får tildelt naudsynt ant. turar. Desse vert gjeve som fleirårige løyve innan byggjeperioden. For tilsyn og vedlikehald for sommarsesongen skal helikopter reknast med 800 kg.pr. landing, og fly med 350 kg pr. landing. Jfr. pkt. 4.6.3.5.a. Eldre og uføre, som har lang tilknyting til fjellområdet. Uføre må vurderast ut frå kvar enkelt søknad. Desse kan få inntil 4 landingar. (2 turar/retur), Jfr.pkt. 4.6.3.5.d. Transport av varer og utstyr til turisthyttene og dei som driv med beitedyr i fjellet får generelt løyve med køyrebok. Desse vert gjeve som fleirårsløyve. Jfr.pkt. 4.6.3.3.c og d og 4.6.3.4.a. Alle hytteeigarar langs med Tinnhølvegen inkludert hyttene på Hølatangen, får køyra fram til hyttene sine, og får parkera ein bil ved hytta. Jfr.pkt. 4.6.3.5.c. Det vert gjeve løyve til naudsynt transport i samband med forsking. Jfr. pkt. 4.6.3.5.f Søknadar som ikkje er kurante, vert lagt fram for Tilsynsutvalet i Hordaland i møte, eller i hastesaker avgjerast av leiar og leggjast fram som melding i neste møte. Løyve over fleire fylke vert gjeve av det Tilsynsutvalet som er endemålet for turen, etter uttale frå dei andre fylka som turen gjeld. Innrapportering skal skje til det fylket som gav løyvet. Lokale lensmannskontor, Hordaland politidistrikt Odda, Fylkesmannen i Hordaland og SNO får tilsendt ei oversiktsliste over dei utskrivne løyva.