TURPROGRAM 2009 Stordal Turlag - Tur og Trim SIL
VEL MØTT TIL TURSESONG Stordal turlag har blitt stifta for å arrangere fellesturar med varierande utfordring i tid, lengd og tyngd. For å gjennomføre det, har vi saman med allidrettsgruppa lagt opp turane i dette heftet. På enkelte av turane vil vi ha med kjentfolk som kan fortelle om kultur/historie. Bli med på turane våre og bli kjend med den vakre naturen vi har i Stordal og i nabobygdene våre. Generelle opplysningar: Allidrettgruppa har kjentmann på alle turane. Ved dårleg ver eller manglande oppmøte kan turar verte avlyst. Arrangørane er ikkje ansvarlege for skader eller liknande som turdeltakarane kan verte utsette for. Utstyr: På dei lengste turane er det viktig å ha med gode og ekstra klede, særleg vindtette klede, regnty, gensar og lue. Vi anbefaler godt fotty. Styret består av Stig Falling - leiar Hildegunn Langhaug Berli styremedlem Bente Nakken Nilsen - styremedlem Liv Fløtre -varamedlem Alfred Johansen varamedlem På nettsida vår vil det bli lagt inn turreferat og bilder frå turane. MEDLEMSKONTIGENT Familiar/enkeltmedlem kr 100,- E-post: stordal-turlag@stordalsportalen.no Heimeside: http://www.stordalsportalen.no/stordalturlag Kontonr. 3910 30 44999 Bilder på forsida: Øverst: Utsikt mot Trollvasstind (foto: Jan Helland) Nederst: Mot Synnylvsfjorden (foto: Ruth Janne Vinje) Alle bilda i heftet(unnateke det frå Trollvasstind) er frå turane i 2008.
Mosætra (foto: Stig Falling) TURPROGRAM 2009 6. mai Kvammen Løset (Tur 1) Oppmøte på skulen kl. 18.00. Vi går bortai elva fram til Løset. Lett tur, flatt terreng, 2-3 t. Arr. Allidrettsgruppa 20. mai Liasætra/Nakkesætra (Tur 2) Oppmøte på skulen kl. 18.00. Samkøyring til Liabygda. Lett tur, stigning, 2-3 t. 3. juni Jasvollbotnen/Stavdalstølen/Botnastølen (Tur 3) Oppmøte på skulen kl. 18.00. Vi går råsa frå Stavåbrua til Stavdalsstølen. Vidare til Botnastølen, og nedatt Jasvollsida. Lett tur,stigning/flatt terreng, 2-3 t. Arr. Allidrettsgruppa
17. juni Vikahornet /Stamneshornet (Tur 4) Oppmøte på skulen kl. 18.00. Samkøyring til Dyrkorn(bomveg). Rås frå Vikastølen opp til Vikahornet og Stamneshornet. Lett tur, stigning, 2 t. 5. august Dyrdalen (Tur 5) Oppmøte på skulen kl. 18.00. Samkøyring til Pusken. Vi går opp frå hyttefeltet opp til Dyrdalsvatnet. Lett tur, stigning/flatt terreng, 2-3 t. Arr. Allidrettsgruppa 9. august Lauparen (Tur 6) Oppmøte på Grytalisætra i Vaksvika kl. 10.00. Vi går i flatt terreng inn til Grytavatnet. Bratt stigning opp til toppen av Lauparen. Topptur, 5-8 t. Turleiarar/kontakt: Jan Helland(tlf. 93 67 64 94) og Bente Nakken Nilsen (tlf. 996 27 972) 19. august Mefjellet (Tur 7) Oppmøte på skulen kl. 18.00. Samkøyring til Fjørå. Vi startar frå garden Hauge opp til Mefjellet. Lett tur, stigning, 3 t. 23. august Stordalsholmen til Ansok (Tur 8) Oppmøte på Stordal kai kl. 09.30. Båt ut til Stordalsholmen. Bratt stigning til Øvsteholmen, flatare terreng over fjellet og ned på Ansok i Liabygda. Middels tur, stigning/flatare terreng, 5-6 t. NB: Påmelding til Hildegunn pga. båtplass! Turleiarar/kontakt: Hildegunn Langhaug Berli(tlf. 47 75 40 00) og Peder Nerland (tlf. 905 24 657) 2. september Giskemonibba (Tur 9) Oppmøte på skulen kl. 18.00. Vi går frå Kvanndalssætra til Giskemonibba. Lett tur, stigning, 1-2 t. Arr. Allidrettsgruppa
6. september Trollvasstind (Tur 10) Oppmøte på Kvitlane kl. 09.30 eller Fokhaugstova kl. 10.00. Vi går innover mot Lisjevatnet, opp til Ytste Brynebotnen, og opp på Trollvasstind. Topptur, stingning, 8 t. Turleiarar/kontakt: Jan Helland (tlf. 93 67 64 94) og Kjell Magne Hove (tlf. 41 66 01 85) 16. september Overåsætra (Tur 11) Oppmøte på skulen kl. 18.00. Samkøyring til Liabygda. Rås før første tunellen på Overå opp til sætra. Lett tur, stigning, 2 t. 20. september Geitabotntinden (Tur 12) Oppmøte på skulen kl. 09.30. Samkøyring til Seljebotnen. Samkøyring til Ekre. Rås opp Lisjebotnen vidare til Geitabotntinden. Topptur, stigning, 5-8 t. Turleiarar/kontakt: Kjell Magne Hove (tlf. 41 66 01 85) og Ruth Janne Vinje(tlf. 911 97 921) 30. september Løsetsætra (Tur 13) Oppmøte på skulen kl. 18.00. Samkøyring til Løset, der vi går skogsveien opp til sætra. Lett tur, stigning, 2 t. Arr. Allidrettsgruppa 4. oktober Liahornet/Blåtind (Tur 14) Oppmøte i lysløypa på Stavsengfjellet kl. 9.30. Samkøyring til Liasætra. Vi går til Liasætra, vidare til Liahornet og Blåtind. Middels/topptur, stigning, 6-7 t. Turleiarar/kontakt: Hildegunn Langhaug Berli(tlf. 47 75 40 00) og Bente Nakken Nilsen (tlf. 996 27 972) Premiering for flest turmål. På etterfølgande kart er desse turane markert med eit tall som refererar seg til ovanståande turnummer.
Mellom Vikahornet og Varden (foto: Ruth Janne Vinje) Midtbusteggja (foto: Ruth Janne Vinje)
Kviteggja (foto: Ruth Janne Vinje) Svartevatnet på Dyrkorn (foto: Ruth Janne Vinje)
Ådalstinden (foto: Ruth Janne Vinje)
Postboks 135 6259 Stordal E-post: post@stordalsportalen.no Kontaktpersoner: Ruth Janne Vinje 911 97 921 ruthjanne@vinjeweb.net John Kristian Hjelle 70 27 83 68 john.kristian.hjelle@adsl.no Kristian Almås 70 27 80 07 k-alm@online.no VELKOMEN TIL Å BESØKE STORDALSPORTALEN http://www.stordalsportalen.no NOKRE STIKKORD: KULTUR IDRETT FRILUFTSLIV RELIGION MUSIKK UNGDOM INDUSTRI HANDEL HELSE VELVÆRE HANDTVERKARAR LANDBRUK OVERNATTING ATTRAKSJONER OPPLEVINGAR MAT HISTORIE TURAR BILDEGALLERI PROSJEKT OG MANGT ANNA Det blir lagt inn nytt stoff heile tida. Du kan kontakte Stordalsportalen og nokre kontaktpersoner på ovanståande e-postadresser. Ei tilbakemelding til Stordalsportalen kan du også gi på Stordalsportalen sitt kontaktskjema. Du kan også skrive i Gjesteboka og i Webloggen. Vidare kan du også seie di meining i spørjeskjema - sjå på Stordalsportalen si åpningsside og under menyen Snarvegar til venstre på www.stordalsportalen.no