Region NordVest. NYtt FrA region NordVest. gleda i herren ei glede å dele, seier Arne Meier.



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Til deg som bur i fosterheim år

72 døpt. region NORDVest. NYtt FRA ReGION NORDVest. Fullt hele dagen Julemesse på tingvoll. Møt Davka lars Petter ødegård er eittåring i Mongolia.

Brødsbrytelsen - Nattverden

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

mmm...med SMAK på timeplanen

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Jubel for ny oversettelse

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

INFORMASJON om førestellinga:

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

«Ny Giv» med gjetarhund

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Strategidokument

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsplan for Hare November

Ukenr. Fra dato Til dato Sted Område Møte Taler Kommentar aug. 9. aug. Engesetdal Område 2 Møte i forsamling Os, Ole Audun Familiemøte kl.

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Valdres vidaregåande skule

5. Soknerådsmøte mai Referat

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Minnebok. Minnebok NYNORSK

6. trinn. Veke 24 Navn:

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Sandeid skule SFO Årsplan

Ledersamling Betania Av Olav Vestbøstad

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Nyhetsbrev fra stiftelsen TO SKO Mars / April 2011

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Kandidater til Fana sokneråd 2015

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Kva er økologisk matproduksjon?

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste


Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

REGION NORDVEST NYTT FRA REGION NORDVEST. Våre utsendingar Misjonærar ut frå Nordvest.

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Månadsbrev for Rosa september 2014

VEKEPLAN 3. trinn Veke: 19 og 20 Namn:

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9


EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Nye kristne etter møteserier

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Informasjon til elevane

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

NLM Ung Verden for Kristus: Vi vil lære Jesus å kjenne og gjøre han kjent

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Transkript:

Region NordVest 05. DeSeMBeR 124. ÅRgang 22 2014 Se, jeg skaper en ny himmel og en ny jord. Ingen skal minnes de første ting, ingen skal tenke på dem. Jes 65,17 Send flere misjonærer Kirken i Mara i tanzania spør om mer hjelp til arbeid blant barn og unge. Side 8 9 NYtt FrA region NordVest NLM.NO/NORDVEST misjonærlivet Linda Helen Slyngstad forteller fra livets mange sider i Mongolia. regionside 2 høge forventningar Camilla trivst godt på Vestborg vidaregåande skule. regionside 3 gleda i herren ei glede å dele, seier Arne Meier. SiSte Side Foto: PrIVAt UTS22-Nordvest.indd 1 25.11.14 12.23

1 Region NordVest 22 05.12.2014 leder Løft hender! Kåre Johan lid Regionleiar Om du les dette vil vi invitere deg til ei bønelenkje. For ei bestemt sak. Til å bere framfor Gud noko vi etter snart fire år ikkje har lukkast med. Eller kanskje du eller nokon du kjenner har ei heilag uro etter å tene Jesus, utan å heilt å vite kvar og korleis? Smak av Nordvest I denne spalten utfordrer vi medlemmer i regionstyret og barne- og ungdomsrådet til å svare på tre konkrete spørsmål. Dagens medlem er Gunstein Ohma som er valgt inn i barne- og ungdomsrådet. Sidan dåverande kretssekretær på Nordmøre Erling Trønnes vart alvorleg sjuk i 2010, har vi i NLM Nordvest leita etter ein ny medarbeidar som vil tene Jesus i ein flott landsdel. Vi har annonsert, bedt til Gud, jamnleg samtalt om det i regionstyret og ikkje minst kontakta mange personleg. Vi er takknemlege for at Kari og Arne Johan Gagnat saman med frivillige driv Solhøgda leirstad på indre Nordmøre. Og vi er glade for at vi som ei midlertidig løysing har fått hjelp frå NLM Norge og lånt landsarbeidar Kjell Aardal fast delar av året dei to siste åra. Så langt ressursane rekk har vi sendt omreisande forkynnarar og ung-arbeidarar til kontaktpersonar, foreiningar og lag på Nordmøre etter spørsmål om besøk til regionkontoret. Det kan likevel ikkje erstatte ein medarbeidar som bur på Nordmøre og kan vere ein Jesu disippel i lokalmiljøet. Som kan arbeide etter strategien vår inn i det vårt arbeid treng: Leite etter, og støtte lokale initiativ til nye kristne fellesskap for heile familien. Som kan støtte dei frivillige som i dag driv fleire lag og foreiningar. «I den første kristne kyrkje spreidde frelsa sin bodskap seg til nye gjennom kristne som spreidde seg utover.» I den åndelege rørsla som følgde Hans Nielsen Hauge, vart mange villige til å flytte til nye stadar ikkje berre for å få utøve eit yrke, men også for å utbreie Guds rike. Det var gjerne fleire som saman flytta til same plass. Også i dag flyttar mange kristne etter utdanning i dei store byane, til ein ny stad for å slå seg ned. Mange kristne flyttar dit det er forsamlingar og kyrkjelydar som liknar det dei har opplevd på studiestaden. Det er rett å ha eit stort arbeid av mange i byar med mange menneske. Men Jesus kallar sine til ulike oppgåver. I den første kristne kyrkje spreidde frelsa sin bodskap seg til nye gjennom kristne som spreidde seg utover. NLM ung har dei siste par åra utfordra unge til å gå saman i ei lita gruppe og flytte til stader i Norge der kristent arbeid står svakt. Og dette har lukkast nokre stader, og vi har høyrt flotte meldingar frå mellom anna Bodø og Harstad. Men ikkje frå Kristiansund eller Nordmøre enno. Vi skjønar det kanskje er for krevjande for ei ung kristen familie å flytte åleine til eit område der det er få eller ingen kristne i same alder, for å arbeide som tilsett i misjonen. Då gløymer vi ikkje at vi på Nordmøre har brennande misjonsvener som er klar til å støtte, og som alt har bedt til Gud om nye medarbeidarar lenge. Eller at vi frå regionen si side vil gjere alt vi kan for å følgje opp og inkludere nye medarbeidarar i eit godt medarbeidarfellesskap. Difor set vi vår lit til Gud og løfter våre hender i bøn. Vi trur han vil uroe, kalle, utruste og sende nokon til sitt arbeid på Nordmøre. Kven det er veit vi ikkje enno. Kjenn på det felles kallet vi har til misjon i vårt land saman med oss. Be saman med oss. Snakk om dette i ditt kristne fellesskap og miljø. Og om du kjenner det slik, ta kontakt med oss om du vil dele noko med oss. 1: Kva for ønske har du for NLM Region Nordvest? Mine ønske for NLM region Nordvest er venteliste på alle leirane, spennande, nytenkande og konkurransedyktig barnearbeid og gode lokale forsamlingar med aukande deltaking frå dei under 50. Det er dessverre slik, i alle fall her i Volda, at forsamlinga på bedehuset blir eldre og eldre. Tenk om vi kunne få til eit arbeid der også unge folk kjem på bedehuset sjølv ute i bygdene! Vi yngre må no ta ansvar for å drive misjonen vidare. 2: Kva er det som gjer at du engasjerer deg i NLM? Kvifor er eg i NLM? Ein gong NLM-ar, alltid NLM-ar. Eg vaks opp i NLM på bedehuset, på leirar og i bibelgrupper/misjonsforeining og har alltid kjend meg heime i organisasjonen. I tillegg har NLM eit syn på Bibelen og kristen tru som eg identifiserer meg med. Dessutan er ytremisjonsarbeidet viktig for meg. Eg har difor aldri kjent på behov for å bytte «heim». 3: Kva ser du som moglegheiter i NLM sitt arbeid der du er? Her i Volda jobbar eg med innvandrarar og trivst veldig godt med det. Det opnar seg mange situasjonar der eg kan få snakke om tru og religion. Eg vonar at vi som familie kan få bety noko for våre nye landsmenn. «Eg vonar at vi som familie kan få bety noko for våre nye landsmenn.» Region NordVest Besøksadresse: Spjelkavikvn. 132, 6010 Ålesund Postadresse: Postboks 7503 Spjelkavik, 6022 Ålesund Telefon: 70 17 44 00 Giverkonto: 8220.02.90131 E-post: nordvest@nlm.no Internett: www.nlm.no/nordvest Foto: PrivAT Opningstid: ma. fre. 09 15 Regionleiar og ansvarleg redaktør: Kåre Johan Lid Styreleiar Region Nordvest: Svein Dalen Ung-leiar: Geir Henning Tunheim Administrasjonsleiar: Anne-Marit Engås UTS22-Nordvest.indd 10 25.11.14 12.23

22 05.12.2014 2 Misjonærlivets mange sider Etter snart ti månader i Mongolia har eg fått ein smakebit av kva det inneber å vere ny utsending. Her skal de få eit lite innblikk i min misjonærkvardag dette året. Linda Helen Slyngstad Språk Min arbeidskvardag består hovudsakleg av språkstudiar, og på ein vanleg arbeidsdag har eg både timar med lærar og sjølvstudium. Mongolsk grammatikk er vanskeleg! Eg er uendeleg glad for at eg liker å studere språk. No kan eg ha enkle samtalar med folk og gler meg over det eg forstår. Kulturelle opplevingar I Mongolia er det mykje kultur og tradisjon å oppleve. Eg har overnatta i ger, feira Tsagaan Sar, vore på ørnefestival og vore gjest på både hårklippefest og namneseremoni. Eg har sett mongolsk bryting, høyrt strupesang, blitt glad i pop-musikken og syns hestehårsfele er vakkert. Gjæra hestemjølk er ingen favoritt, men mjølkete med salt og feitt kan eg faktisk like. vår utsending Linda Helen Slyngstad Linda kjem frå Slyngstad i Haram. Ho har budd i Ulaanbaatar i Mongolia sidan slutten av januar. I september flytta ho til byen Khovd og er fortsatt språkstudent. Skal etter kvart byrje i sosialprosjektet «Strengthening Children s Rights Project». Linda Helen saman med mongolske vener, Guye og Jargal. Alle foto: PrivAT Opp- og nedturar Å vere langt vekke frå familie og venner som har kjent meg lenge, er ikkje alltid lett. Å få nære venner er meir krevjande når ein ikkje har eit felles språk ein kan godt. Somme utfordringar har vore vanskelegare enn eg trudde, og utan mitt gamle nettverk rundt meg har det tidvis vore krevjande. Heldigvis er det meste av tida prega av at eg trivst og gler meg over å få bu her. Åndeleg liv Det er ikkje til å legge skjul på at eg følte meg meir nyttig i Guds rike som trusopplærar i Haram enn som språkstudent i Mongolia. Men eg har stor glede av å delta i levande mongolske kyrkjer, som er opptatt av både god undervisning og å hjelpe vanskelegstilte. Det er trusstyrkande å sjå og bli kjent med mine kristne mongolske søsken, i eit land der Guds namn har blitt kjent blant mange etter kommunismen sitt fall. Samtidig kjenner eg ofte behov for forbøn, og er svært takknemleg for dei som ber for meg! Kvardagar Å bu i Mongolia er prega av kvardagar, akkurat som å bu i Norge, men kvardagane ser gjerne litt annleis ut. Dei er prega av opp- og nedturar, men «Eg har stor glede av å delta i levande mongolske kyrkjer, som er opptatt av både god undervisning og å hjelpe vanskelegstilte.» nedturane er kanskje litt vanskelegare. Mykje blir ein gradvis vant til, og etter kvart som språket kjem inn, blir kommunikasjonen lettare, og mykje blir meir forståeleg. Kvardagen er prega av stadige møter med vennlege folk, interessant kultur og vakker natur, noko som har gjort meg glad i landet og folket her. Og ikkje minst er eg takknemleg for å tilhøyre Gud som elskar meg gjennom alt dette, og som er den same uansett kvar ein er i verda. UTS22-Nordvest.indd 11 25.11.14 12.23

3 Region nordvest 22 05.12.2014 Høge forventningar har blitt innfridd! Camilla Mulelid er frå Valderøy. Ho er ein av dei 33 elevane som går i den «stappfulle» VG1-klassen. Nyleg gjorde bladet «Vestborg-kontakt» eit intervju med ho. Det vil vi gjerne dele med Utsyn sine lesarar. Vestborg Camilla fortel om stor trivsel på Vestborg. Eg kjenner både folk som har gått på Vestborg tidlegare, samt elevar som er eldre enn meg som går her no. Dei fortalde at Vestborg var ein veldig bra skule spesielt skulle miljøet vere godt. Det gjorde at forventningane mine var høge før eg byrja på skulen i haust, og dei har blitt innfridd! Kva er årsakene til det? Folka her er veldig trivelege, og eg har blitt veldig glad i klassen min. Elevane på skulen er forskjellige, men det gjer at det blir bra, og vi kan vere oss sjølve. Forutan skulearbeid spelar vi spel og held på med volleyball og kanonball. Dessutan har vi alltid nokon å vere saman med, og vi slepp å vere åleine. Eg vil også legge til at her får vi god undervisning frå lærarar som er veldig bra, og som er flinke til å lære frå seg. Kvar veke har vi også leksehjelp og iblant leksekveld med kjeks og kos. Dessutan har vi bra møte, fortel Camilla. Camilla Mulelid frå Valderøy. Foto: Vestborg VGS. Oppturar og nedturar Dersom ein er ekstra observant, kan ein sjå at Vestborgrektor Geir Magne Engås kan hive seg inn i ein mini-svingom i administrasjonsavdelinga. Det vitnar om trivsel. Geir Magne Engås, Vestborg Korleis er det å vere rektor for tida? I heile haust har eg opplevd at skulen har vore inne i ei flytesone. Det verkar som om trivselen er høg blant både elevar og personalet. Eg kan medgi at det var ein utfordrande sommar, sidan det var vanskeleg å få tak i norsklærar. Men etter kvart dukka det opp ei løysing internt. Elles skulle vi gjerne ha vore fleire enn 80 elevar, men den økonomiske biten ser likevel tilfredsstillande ut. Årsaka er vi i år har kunna slå saman klassar i ein del timar, sånn at lønsutgiftsposten er mindre i år enn i fjor. Alt i alt ser eg lyst på framtida. Ein viktig årsak til det er at VG1-klassen tel heile 33 elevar, og trivselsfaktoren ser ut til å vere høg. Elles ser eg sjølv, og høyrer frå ulikt hald, at dei tilsette gjer ein god jobb. Kva anna vil du trekke fram? I oktober hadde vi møteveker med Mathias Mjølhus. Då opplevde vi at fleire av elevane tok imot Jesus. Det var gledeleg! I tida framover ynskjer vi å leggje til rette for at desse kan få halda fram i den nyvunne trua si. Kva andre ting ser du fram til? Vi har starta rekrutteringsarbeidet for neste år, og helga 16. 18. januar skal vi ha «bli-kjent-helg» for alle som vurderer å byrje på Vestborg. Helga 6. 8. februar vil vi ilag med NLM og KRIK arrangere ski-weekend for ungdomar frå 8. klasse til 1. klasse i vgs. Elles arbeider vi med å starte opp eit nytt tilbod vi vil kalle «Internasjonalt program». Alt er framleis ikkje i boks, så detaljar får vi kome attende til. Men målet vårt er å få til eit utanlandsopphald for elevar i eit av landa Misjonssambandet har arbeid i, opplyser Engås. Geir Magne Engås. Foto: Vestborg VGS UTS22-Nordvest.indd 12 25.11.14 12.23

Region Nordvest 22 05.12.2014 4 MITT MISJonSFelleSSKAP Foto: Bjørn Olav Brevik Samling med Vestnes Misjonsforening. Livsfriskt fellesskap Vestnes misjonsforening, som ble stiftet i 1900, er fortsatt en livsfrisk og aktiv forening. Geir Andresen Hver første onsdag i måneden samles ti til femten personer til foreningsmøte. De fleste samlingene har vi på Vestheim leirsted, men enkelte ganger samles vi hjemme hos noen av medlemmene. Nytt fra misjonsarbeidet Ofte har vi besøk av en tilreisende forkynner eller misjonær. Vi deler Guds ord, synger og ber sammen. Misjonsinformasjon er viktig. Den får vi fra dem som besøker oss i foreningen, fra Utsyn eller fra NLMs Foto: PrivAT hjemmeside, der vi for eksempel kan se en «filmsnutt» fra et misjonsland. Gave til misjonsarbeidet er en viktig post på programmet, og alle samlingene avsluttes med mat og en god prat. Å gå sammen Vi ser fram til disse samlingene. Her har vi et godt fellesskap som er til hjelp og oppmuntring for oss på himmelveien. Misjon er å dela arven, han minkar ikkje ved det. Du rikare vert med åri, når du i Guds haust vert med. Misjon er å dela arven, vår Frelsar det bodet gav. So gjeng me med gledekvadet, langt, langt over land og hav. Bjorli for sal Delar av Bjorli Misjonssenter på Bjorli er no lagt ut for sal. Etter omregulering av området er enkeltbygningar og enkelttomter no sjølvstendige salsobjekt. Det har auka verdien betydeleg om ein ser på takstane ein har fått. 3 hytter og misjonshuset, samt nokre tomter alle vest for bilvegen opp til skulen, vert i denne omgang lagt ut for sal. Salet skjer gjennom meglar Møre Eiendomsmegling AS, og vi håpar mange melder si interesse, seier Arnstein Misund, formann i avviklingsstyret for Bjorli Misjonssenter. Hyttene og tomtene ligg i eit attraktivt hytteområde. I vedtaket om sal, som vart gjort i regionstyret for to år sidan, heiter det at pengane frå salet skal gå til å ruste opp leirstadane i regionen. Meir bilde og link til annonsering på nett er lagt ut på regionen si heimeside og på Facebook. Kåre Johan Lid Nye unglag I høst har vi fått registrert inn 5 nye unglag i NLM Nordvest. Det er startet legoklubber både i Ulsteinvik og i Volda. I Tennfjord har de startet opp ungdomslaget Refeul, på indre Nordmøre er det satt i gang en disippelgruppe og Misjonssalen i Ålesund har startet en ny bibelgruppe for ungdommer. Vi er veldig glade for de nye lagene i NLM ung og håper den flotte lagstrenden fortsetter i 2015. Geir Henning Tunheim Gi en julegave til misjonen Foreløpige gaveinntekter til og med oktober viser at det totalt er kommet inn 6,76 mill. Dette er ca. kr. 90 000 bedre enn ved samme tid i fjor, men kr. 700 000 under budsjettet. Vi har derfor litt å ta igjen for å nå målet vårt på 11,7 millioner før nyttår! Så vær med og støtt opp om misjonsarbeidet også gjennom givertjeneste. Vi har fortsatt ubrukte lønnsmidler for 2014 i forhold til det vi har budsjettert. Andre driftskostnader er som i fjor og litt under budsjett. Selv om vi foreløpig ikke har nådd de gavemålene vi har satt, gjør reduserte kostnader at regionen sitt bidrag til NLM sentralt fortsatt er på budsjettert nivå. Men bidraget per september ligger ca. kr. 115 000 under fjoråret. Gledelig er det at i tillegg til gaveinntekter som registreres på regionen, samler også de ulike underenhetene inn penger til arbeidet. Overskuddet fra regionens gjenbruksbutikker per sept. er på hele 2,23 mill. Vi vet også at både i gjenbruksbutikkene og i de andre underenhetene møtes mennesker med Guds gode ord og av omsorgsfulle medarbeidere. Vi takker også for at engasjementet for julemesser er stort også i år. Dette er viktige bidrag til misjons-økonomien. Støtt opp om NLMs adventskampanje «Tenn et lys». Med din gave kan kristne i Sentral Asia, som må leve i mørket, få høre om Mesteren. Takk for hver gave, liten og stor! Anne-Marit Engås UTS22-Nordvest.indd 13 25.11.14 12.23

5 Region nordvest 22 05.12.2014 Håndarbeid, kaker og loddsalg til inntekt for misjonen Det er julemessetid Når Utsyn har deadline er vi ikke ferdige med julemessene i region Nordvest, men Averøy og Haram/Skodje har hatt sine misjonsmesser. Mia (t.v.) og Helene spredte sangglede på misjonsmessa. FOTO: Jostein Seljehaug Averøy Misjonsfolket er med og støtter opp om misjonsmessa. 50 000 kroner brutto ble resultatet etter misjonsbasaren. Unge og eldre er med og lager ting og gir til messa. Det er massevis av fine gevinster, sier Kari Sørdal. Sammen med gode hjelpere står hun i spissen for den årlige messa til NLM. Misjonsfolket har trådt til og bidratt for å få dette gode resultatet. Misjon for alle aldre Misjonsengasjementet virker å være stort i alle aldersgrupper. Kreative jenter på 11 og 12 år hadde laget armbånd og diverse figurer av strikk som de heklet sammen og ga til misjonen. De hadde fått med seg Jan Magne (12 år) som loddselger. I kantineavdelingen er det god stemning. Sodd, kaker av ulike sorter og kaffe står på menyen. Lynutlodning og «katta i sekken» går unna. Familiesamlingen trakk mye folk. Bernhard Lillevik hadde tatt turen over dammen fra Frei for å formidle Guds ord. Mia Lervåg Orset og Helene Sæbø høstet applaus og godord for nydelig sang og herlig sangglede. Takk til alle som var med og bidro til det flotte resultatet! Jostein Seljehaug Unge medhjelpere på Averøy. Kaffe hører med på misjonsmesse. FOTO: Jostein Seljehaug FOTO: Jostein Seljehaug Mye flott håndarbeid. Tombola hører med på misjonsmesse. Begge FOTO: Erna Torgersen Brattvåg Brattvåg bedehus var arena for misjonsmessa for Haram og Skodje. Her var flotte, pynta utstillinger med salg av massevis av varer. Kransekake, lefser, julekaker, saft og gelé. Selbuvotter, sokker, kjoler, gensere, engler. Mye flott håndarbeid. Brattvåg barnekor sang på hjemmebane og hadde besøk av Stordal barnekor. Oscar Nordbø hadde andakt, og Vatne musikkkor sang på avslutningsmøtet. Det skjedde noe hele dagen på messa, og i kafeen var det salg av rømmegrøt, kaker og kaffe. Over 160 000 kroner brutto ble årets resultat, og det ble ny rekord, forteller Gabriel Ølstørn. Erna Torgersen UTS22-Nordvest.indd 14 25.11.14 12.37

Region nordvest 22 05.12.2014 6 oppslagstavle FoR nlm region nordvest LEirEr 2015 17. 18.1. vinterleir 2. 5. klasse Solhøgda leirsted 30.1. 1.2. Helt Konge leir 1.-4. klasse vestheim Ungdomssenter 6. 8.2. Skiweekend fra 8. kl. 1. vgs vestborg vgs. 7. 8.2. Familiehelg Solhøgda leirsted 20. 22.3. Påskeleir 5. 7. klasse vestheim Ungdomssenter 20. 22.3. Påskeleir 1. 4. klasse rjånes Ungdomssenter 20. 22.3. Påskeverksted 5. 8. klasse Solhøgda leirsted 2. 5.4. Familieleir vestborg vgs., Stranda KorHELGEr 23. 25.1. KAiroS fra 9. klasse vestheim Ungdomssenter 27.2. 1.3. KAiroS fra 9. klasse vestheim Ungdomssenter 6. 8.3. KrASP 6. 8. klasse, rjånes og vestheim Ungdomssenter info og påmelding til leirer: www.nlm.no/nordvest følg med på nettsiden, det kan bli endringer. KoNFU 17.1. Superlørdag 7.3. Superlørdag 10. 12.4. Avslutningshelg ANDrE ArrANGEMENTEr 10. 11.1. inspirasjonssamling Solhøgda leirsted 17. 18.1. vintermøte Åndalsnes 6. 8.3. bibelhelg Solhøgda leirsted 14.3. Kvinnedag rjånes Ungdomssenter På kryss og tvers Mange vil på leir Det er god oppslutning om adventsleirane i aldersgruppe 1. 4. klasse på leirstadane våre. radiojubileum radio Nordvest feirar 30 år den 7. januar 2015, og markerar det på jubileumskonsert i Misjonssalen i Ålesund 10. januar kl. 19. Der vil valderøykvartetten og Adonai frå valderøy synge og spele. «Det er gratis inngang, men kostar å kome ut», seier dagleg leiar Hilmar Sæther. Det blir kollekt til radioen. Elles vert det tilbakeblikk. Styret ønskjer å markere dette på fleire måtar utover i 2015. Inspirasjonssamling 10. 11. januar er det inspirasjonssamling på Solhøgda. i år vert Anna Sæther og Kåre Lid med som talarar. Dei vil dele Guds ord og fortelje frå misjonsarbeidet. i tillegg vert det song og musikk. Helga er open for alle, og målet er å inspirere til lokalt å vere med og tene Jesus i misjonen. Samlinga startar laurdag og avsluttar med middag søndag. Nye attraksjonar på rjånes På rjånes Ungdomssenter har ein arbeidd med å utvikle uteområdet. i det siste har nytt leikeapparat og badestamp kome på plass. Meir gjenbruk i Kristiansund Gjenbruksbutikken i Kristiansund utvida butikken og tok i bruk tilleggslokale den 20.11. kl. 12. vi gratulerer. Tilgangen på varer er stor, og butikken går godt. Difor har styringsgruppa valt å satse. turné med vestborgrussen 11. 18. januar 2015 Søndag 11.1. Stranda Stranda Stranda Stranda Stranda Stranda Stranda Måndag 12.1. Follestaddal ikornnes Fiskarstranda valldal Måndalen vevang vigra Tysdag 13.1. Nordfj.eid Hareid Stordal innfjorden Averøy Longva onsdag 14.1. Måløy Lid remøy Sjøholt isfjorden Ålvundeid vatne Torsdag 15.1. Selje Syvde Frøystad Skodje Solemdal Surnadal Engesetdal Fredag 16.1. Åheim Hakallestranda Gjerdsvika Gamlem Aukra Tingvoll Ellingsøy Laurdag 17.1. volda volda Ulsteinvik Tennfjord Sylteosen Sylteosen Godøy Søndag 18.1. øvm øvm Ålesund Ålesund vestnes Molde Ålesund ForKYNNErE SoM blir MED PÅ TUrNÉEN: Kjell Aardal, Steinar Dimmen, Lars Kjetil Emblem, Andreas Furnes, Mangor Harestad, Wenche Lunde, oscar Nordbø og ole Audun os. regionstyret i NLM region Nordvest vil ønskje alle ei velsigna jul og et godt nytt år. vi takkar for inn satsen og samarbeidet som vert lagt ned lokalt i eit stort arbeid som strekkjer seg til dei mange stadane på jorda vi har utsendingar. vi helsar med Luk 2,10: Men engelen sa til dei: «ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: i dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.» god jul UTS22-Nordvest.indd 15 25.11.14 12.24

Region Nordvest 16 12.09.2014 23 Neste utsyn FOTO: DAGFiNN HOBæK/ TVNOrGE Utgivelsesdag: 19. desember 2014 Olav Grimdalen jr. (t.h.) er med i «Jul i Tangerudbakken» på TVNorge, og han er opptatt av sin kristne tilhørighet. Fargehandel Jernvarer Ovner/peiser/scan/jøtul Johan R. Sunde 6037 Eidsnes Tlf. 70 19 07 03 Fax. 70 19 01 17 Fax: 70 14 24 99 Sve Gravferdsbyrå Per Arne Sve 6200 Stranda Telefon: 922 22 140 Cafe Bistro AS Futurasenteret i Kristiansund Alltid hjemmelaget mat. Organ for Norsk Luthersk Misjonssamband Adresse: Sinsenveien 25, 0572 Oslo Telefon: 22 00 72 00 (redaksjon og annonser), 22 00 73 00 (abonnement) Telefaks: 22 00 72 03 Internett: www.utsyn.no E-post: utsyn@nlm.no (redaksjon) abonnement@nlm.no (abonnement) Ansvarlig redaktør: Espen Ottosen eottosen@nlm.no Redaksjonsleder: Arne Sæteren - aseteren@nlm.no Redaksjonssekretær: Kari Kottum kkottum@nlm.no Journalister: Frida Blaker fblaker@nlm.no Per Ove Aarseth paarseth@nlm.no Narve Jonas Nystøyl nnystoyl@nlm.no Maria Celine Lundeby mlundeby@nlm.no Grafisk formgiver: Margaret Aambø Mathisen mmathisen@nlm.no Trykk: Schibsted Trykk Flesland Utsyn kommer ut hver 14. dag. Pris: kr 500. Ungdomspris (ungdom under 26 år): kr 350. Til utlandet, portotillegg på kr 324. Bladet bestilles i Utsyns abonnementsavdeling, Sinsenveien 25, 0572 Oslo. Abonnementet går til det blir oppsagt. Utsyn kan også bestilles på cd. ISSN: 0802-1716 Kassett: 0806-508S Online: 1500-3728 Annonsepriser: kr 9,00 (kr 13,50 i Utsyn med regionsider) per spaltemillimeter på annonseside. NLMs gavekonto: 8220 02 90131 Abonnementskonto: 8220 02 90905 www.gillen.no Tlf. 992 62 633 Adresse: Sinsenveien 25, 0572 Oslo Telefon: 22 00 72 00 Telefaks: 22 00 72 03 Internett: www.nlm.no E-post: hovedkontoret@nlm.no Generalsekretær: Øyvind Åsland UTS22-Nordvest.indd 23 25.11.14 12.24

Returadresse: Utsyn, Sinsenveien 25, 0572 Oslo Gleda i Herren «Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seie: Gled dykk!» (Fil 4,4) Dette var Paulus sine ord til Filipparane, og Arne Meier meiner at denne gleda varer evig og er vanskeleg å halde for seg sjølv. Det kan merkast at du gleder deg i Herren! Andreas Furnes Arne fortel at denne gleda ikkje er som andre gleder som verda kan tilby. Han kan gle seg over mykje her i livet, men det er berre ei glede som varer evig, og som ikkje er avhengig av våre eigne prestasjonar eller følelsar. Frå Vestborg til Høgtun Gleda i Herren er basert på det Jesus har gjort, seier Arne. Det betyr at man gler seg på grunn av Herren, og ikkje seg sjølv. Det gjer at eg alltid har ein grunn til å gle meg, for det Herren har gjort for meg kan ingen nokon gong ta ifrå meg, fortel han vidare. I fjor gjekk Arne på Vestborg VGS, men no er han elev på Høgtun Folkehøgskule. Der trivst han veldig godt, og han har lagt merke til at fleire av medelevane hans er nysgjerrige på det som har med Jesus å gjere. Han trur det er mykje på grunn av denne gleda i Herren. Når du får ei gåve frå nokon, følast det mykje betre å dele den gleda med andre. Du vil jo ikkje halde gleda for deg sjølv, det er jo ikkje gøy! Indre glede I tillegg fortel Arne at han opplever at folk vil legge merke til om du gler deg i Herren. Ikkje nødvendigvis fordi du går rundt og smiler frå øyre til øyre, men fordi du har ei glede som er konstant, trass i at alt rundt deg kan gå opp og ned. Ei slik glede vekkjer ei interesse i folk. Det er jo ei glede som overgår alt anna, klart folk blir nysgjerrige! legg Arne til. Korleis klarer du alltid å glede deg i Herren? Det er ikkje alltid like lett å halde blikket festa på det Jesus har gjort. Eg merkar at mange ting kan ta fokuset mitt vekk frå Gud, og då kan det vere vanskelig å gle seg i Herren. Difor er det viktig å bruke tid med Gud, for då vil han gi deg ei indre glede. Eg kjenner på ei stor takksemd for det Jesus har gjort, og det gir meg ei glede, og den gleda er mi styrke! «Det er jo ei glede som overgår alt anna, klart folk blir nysgjerrige!» Foto: Andreas furnes Mitt bibelord Arbeid med iver! I Nehemjas bok står det om hvordan det gikk da jødene fikk bygge opp igjen Jerusalems murer. Midt i en oppramsing av alle som var med i arbeidet, står det: «Etter ham arbeidet Baruk, Sabbais sønn, med stor iver på et annet stykke.» (Neh 3,20) Baruk arbeidet med stor iver på den delen av muren som han hadde fått ansvaret for. I et kapittel det er lett å hoppe over, blir jeg møtt av et spørsmål om hvordan det står til på min del av muren. Viser jeg iver i det arbeidet Gud har gitt meg? Kristoffer stige UTS22-Nordvest.indd 24 25.11.14 12.24