Generell turinformasjon. Medlemskap. Frivillige. Gradering av turane. Turkontingent:



Like dokumenter
Generell turinformasjon

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Enkel Middels Krevjande Ekstra krevjande

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Generell turinformasjon

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

«Ny Giv» med gjetarhund

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

TURPROGRAM 2009 Stordal Turlag - Tur og Trim SIL

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

INFORMASJON om førestellinga:

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Velkomen til Dialogkonferansen september 2010

Sandeid skule SFO Årsplan

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Månadsplan for Hare November

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

ELVASTIEN I ØRSKOG. Jon Per Rødseth

Kulturhistoriske registreringar

Gradering av turane våre. Påmelding. Medlemskap. Frivillige. Turane våre er opne for alle

Valdres vidaregåande skule

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

M/S NYBAKK SI HISTORIE

DEN GODE HARDANGERKJENSLA

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

SULA KOMMUNE Formannskapet

5. Soknerådsmøte mai Referat

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

Topptrimmen 2014 Svalbard Turn

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Korleis reiser du som er elev eller pendlar mellom Suldal og Sauda? Kollektivtransport til Sand på skuledagar

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Hordaland krins av Norges speiderforbund

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Minnebok. Minnebok NYNORSK

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Bergen Tekniske Fagskole avd. Voss Hordaland Fylkeskommune

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

Bli med TIL TOPPS. Norges sprekeste integreringsarrangement juni 2016

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Finansiering av søknaden

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Stemnehandboka for NKSF

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Søknad om stønad til etablering og drift av nærmiljøanlegg for skiaktivitet

6. trinn. Veke 24 Navn:

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Jon Fosse. For seint. Libretto

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Sommartur til Sverige,

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Transkript:

Generell turinformasjon Turane til Kvam turlag er opne for alle, men me ynskjer deg gjerne som medlem. Dei fleste turane er gjennomførbare for deg med normal form. Tempoet vil variere litt, stavane/skoa fortel noko om kor krevjande turen er (sjå oversikt under). Er du usikker ring og spør turleiaren til råds. Du finn og meir utfyllande informasjon om turane på nettsidene våre. Nettsidene skal alltid ha siste informasjon om turar og aktivitetar! Ting kan endra seg over lang tid så følg med på kvamturlag.no Gradering av turane Lett Ganske lett Middels Litt krevjande Krevjande Ekstra krevjande Turkontingent: (Medlem/Ikkje medlem) Barnas turlag: Gratis! Onsdag / kveld: 0 / 20kr Sundag / dagstur: 0 / 50kr Overnattingsturar 100/200KR.. Turleiars utgifter, transport, overnatting, mat ol. kjem utanom. Medlemskap Du bør bli medlem av Kvam turlag fordi du då får økonomiske fordelar ved deltaking på turar, ved overnattingar i hyttenettet til DNT, og du får eit bra friluftsmagasin i posten. Og ikkje minst så er du med og støttar vårt arbeid med å gje flest mogleg naturopplevingar for livet. Nytt i 2016 er familiemedlemskap som vil løna seg for nokon Meld deg inn! Kom deg ut! Frivillige Turlaget er basert på frivillig innsats og dugnad. Har du lyst å vera turleiar, merka ruter, gjera ein innsats på Breidablik, Vending eller Kiellandbu gje oss ein lyd! Me har alltid bruk for folk, og kor mykje du vil gjera ut av det bestemmer du sjølv. Du er hjarteleg velkomen! Framsidefoto: Kveld på Breidablik-Kjell Inge Tufte Tyssen/Kvam i kryss og krakje Hjarter-Maria Fagerbakke Skeie/Opptur på Torefjell-Jan Tore Alvsaker/ Kveldsnat ryndt bålet-kjell Inge Tufte Tyssen/Vading -Evy Kleivane Kvam turlag fekk kulturprisen i 2015. Bildet heng no på Breidablik (Foto: Jarand Holmefjord Tyssen)

Turprogram 2016 Sun 7. Februar: Kom deg ut-dagen Aktivitetsdag på Sjusete skianlegg. Sjå annonse i HF, og informasjon på nettsidene veka før. Sun 14 februar: Fagre Fagrafjell Trass si beskjedne høgd har Fagrafjell framifrå utstikt mot fjord, fonn, Norheimsund og alle dei mange flotte høgare toppane rundt seg. Forholdsvis lett topptur. Oppmøte: Tokagjel kl 1100. Turleiar: Hans Neteland, telef. 918 51 873 Helg 20-21. Februar: Drøymehelg til Vending Ei helg med knirkande snø under skidna frå Tokagjel via Myklavatnet og Fugladalen til overnatting på Vending. Dagen etter går me lengre vest og returnerer via Gråhorga, Skeiskvandalen og Skeisheii til Jonshøgdi. Påmelding innan 14.februar. Turleiar: Evy Kleivane, telef. 952 89 704 Helg 4-6. mars: Jentegourmettur Ei helg i framifrå skiterreng for makalause jenter som er glad i gourmetmat. Frå Kvittingen til Høgabu fredag ettermiddag. Frå Høgabu til Gullhorgabu på laurdag og frå Gullhorgabu til Jonshøgdi på sundagen. Ein draum av ein skitur for dei som har kjønn til det. Påmelding innan 28.februar. Turleiar: Evy Kleivane, telef. 952 89 704 Helg 3-4. april: Borna sitt turlag: Overnatting på Vending Me går dei åtte kilometrane til Vending. Kosar oss med å grava i skavlen bak hytta, hoppa på ski, eller spela ludo. Sundag det same før retur til Hamlagrøosen. Passar for 6-12 år(med føresette). Påmelding innan 1.april. Turleiar: Geir Morten Utskot og Kjell Inge Tufte Tyssen, telef. 95066789 Sun 10. april: Utsiktstur Tørviknuten på langs Ein tur som kan by på fantastisk utsikt over store delar av Hardanger. Fine nedkøyringar mot Hedlafjellet. Med fint vær og godt skiføre vert dette ein kjempefiin tur. Oppmøte Perslå, Torvik-Tveiten, Tørvikbygd kl 0900. Turleiar: Oddbjørn Borge, telef. 906 26 315 Sun 17. april: Tre toppar frå Kvittingen I ypparleg skiterreng frå Kvittingen over Storliknausen, Bjørnaknausen og Trollskartinden. Oppmøte: Haldeplassen Nhs. 0800. Turleiar: Evy Kleivane, telef. 952 89 704 Sun 24. april: Horndalsnuten Horndalsnuten er eit flott fjell Vossingane ikkje bør få ha for seg sjølv. Har du vore på Vangen har du garantert sett han i horisonten på austhimmelen. Me køyrer til Skjervet og går opp frå Skår. Turen krev litt skidugleik og me ynskjer du stiller med telemark/randoutstyr. Oppmøte: Påmelding innan 23.april. Turleiar: Peter Helland-Hansen, telef. 480 62 449 Kvam turlag på Melderskin i Kvinnherad hausten 2015. Foto:Vidar Ask

Ons 11. mai: Borna sitt turlag: Skisetemarka Me tek kveldsmaten med oss og går til Skisetemarka. På Skisete er det godt tilrettelagt med langbord, benker og hovdingstol. Nokre forteljingar undervegs. Ta med noko til bålet. Oppmøte: Teigland, Soldal, kl.1900. Turleiar: Ingunn Hildonen Teigland, telef. 481 40 995 Sun 22.mai: Idyllen Grovvatent og Grånut På grensa mellom Kvam og Fusa ligg Grovvatnet. Over seg har det Grånut som med sine 600 meter over havet gir framifrå utsikt i alle retningar. Oppmøte: Start skogsveg Dysvik, ca 2km frå Oma i retning Mundheim, kl 1000. Turleiar: John Olav Måge, telef. 99728499 Ons 25. mai: Rundtur over Melstveitåsen Kveldsmat, kveldskaffi og kveldstur frå Melstveit over åsen på kanten av Fyksesundet. Oppmøte: Melstveit kl 1800. Turleiar: Sidsel Iren Neteland Linga, telef. 970 81 802 Sun 29.mai: Kulturminnevandiring frå Hålandsdalen til Strandebarm Over Bergsenden frå Hålandsdalen til Strandebarm på ein gammal ferdselsveg som har fungert som veg både til kyrkje, doktor og handel. Buss frå Bru i Strandebarm til Hålandsdalen. Kulturminneplanen til Kvam herad er under arbeid og i den samanheng får me med oss nokon frå sogelaget. Påmelding innan 27.mai. Turleiar: Ivar Riise telef. 977 57 628 Ons 1. juni: Kulturminnevandring til Bjørkeveten Få andre stader i Kvam får du så stor utsikt for så lite motbakke. Kvam herad sin kulturminneplan er under arbeid, derfor har me med ein vardeekspert som kan fortelja oss om vetane si betydning. Oppmøte: Bjørke, kl 1800. Turleiar: Siri Kaale, telef. 954 76 664 Sun 5. juni: Fagrafjell frå Holsete På denne flotte turen kan du nyta utsikten både utover fjorden på Strandebarmsida og innover fjella på Kvamskogensida. Grei og fin tur, med enkelte bratte parti. Oppmøte: Parkeringsplass ved Øvre Haukås, kl 1000. Turleiar: Elisabeth Fosse, telef. 93853303 Ons 8. juni: Flotte Samlen Samlen er ein topp mange i Kvam ser dagleg, der han ligg og bryt bølger så langt ut i Hardangerfjorden, at den skifta namn frå ytre til indre Samlafjorden. Oppmøte: Tørvikbygd ferjekai, kl 1630. Turleiar: Svein Rune Stakseng, telef. 922 83 087 Tjue fine turfolk var med Kvam turlag til Klyvenuten i eit noko småsurt ver. (Foto: Anna Mo-Bjørkelund) Laur 11. juni: Kart og kompass-dag Kart og kompass er svært viktig å ha kontroll på når ein går på tur i både merka og umerka natur. Me tek ein gjennomgang av kart og kompass, så er du klar til å øva vidare på eigahand. Påmelding innan 17.juni. Turleiar: Geir Morten Utskot, telef. 997 00 980

Sun 12. juni: Til Kråkenosi Med si svært gode plassering for å nyta utsikta mot Gjønakvitingen og Tveitakvitingen ligg Kråkenosi der med sine 814 meter over havet. Oppmøte: Enden av vegen, Tangeråslia, Strandebarm kl 1000. Turleiar: Karen Matthiessen, telef. 99105470 Ons 15. juni: Stavdal Flott rundtur med fire stølar på denne turen frå Bjørke til Nyasete over Stavdal med retur om Syrdal og Sjusete tilbake til Bjørke. Oppmøte: Bjørke, 1800. Turleiar: Torunn Klyve Soldal, telef. 957 48 940 Ons 15. juni: Borna sitt turlag: Sykkeltur til Mødalen Me syklar og trillar og skobbar og trør oss opp Mødalsvegen til Mødalen, der me leikar og kosar oss, og gler oss til ein forrykande kjekk tur nedatt! Passar for born frå om lag 5-6 år og oppover, gjerne med litt drahjelp til dei tyngste bakkane. Oppmøte: Mødalsvegen, kl 1630. Turleiar: Elisabeth Fosse, telef. 93853303 Ons 22. juni: Roaldsdalen Roaldsdalen er eit vilt og vakkert øksehogg rett nord for Ålvik sentrum. Oppmøte: Ålvik skule, kl 1800. Turleiar: Inge Tyssen, telef. 91591510 Nessteinen fekk besøk av Kvam turlag våren 2015 Sun 26. juni: Tour des fjords Sykkeltur fjorden rundt. Meir tettpakka natur og intimt møte med både fjord og epletre (helst berre i overført tyding), skal ein leita lenge etter. Turen går til Tørvikbygd - Herand - Utne og med hurtigbåt tilbake til Norheimsund. Oppmøte: Påmelding innan fredag 24.juni. Turleiar: Elisabeth Fosse, telef. 93853303 Helg 6.-7.august: Fyksesundet rundt på to dagar I det villaste me har av fjell i Kvam bevegar me oss i to heile dagar. Fyrste dagen frå Bjørke og innover langs Fyksesund på austsida over Kvam sitt nest høgaste fjell Karaldenuten. Me avsluttar dagen med overnatting på Torfinnsheim. Neste dag går me forbi Kiellandbu og Blåkoll før me snur utover langs vestsida av Fyksesundet under stordomar som Skrott og Manfjell til Hovland. Påmelding innan 1..august. Turleiar: Oddbjørn Borge, telef. 906 26 315 Helg+ 11-14.august: Jenteturen på tinderangling i Kvinnherad Det manglar ikkje på flotte turmål i Kvinnherad, på denne turen får du oppleva eit knippe av dei om du har kjønn til det. Englafjell, Ulvanosa og endå til Bjørndalstindane er nemnde som moglege turmål. Om det blir desse eller andre toppar som vert bestige så vert det garantert minnerikt. Påmelding innan 20.juni. Turleiar: Evy Kleivane, telef. 952 89 704

Sun 14. august: Vassfjøro Fjordårets tur til Vassfjøro måtte avlysast då snøforholda gjorde turen umogleg. Me gjer eit nytt forsøk i år på å nå denne svært karakteristiske toppen i Ulvik. Eit flott høgt fjell med mykje gode motbakkar og spektakulær natur på den relativt lange turen til toppen. Påmelding innan 12.august. Turleiar: Svein Rune Stakseng og Arvid Aasprang, telef. 916 11 408 Fre 19. august: Måneskinstur til Geitafjell I år vert måneskinsturen lagt til Geitafjell, sidan endring frydar. Oppmøte på Sæleset kl 1730. Sjølv om det er bestilt klar og spektakulær stjernehimmel, utilslørt måne og eit uforgløymeleg, mystisk og fortryllande lys over Kvammafjella denne dagen, er det naudsynt med å ta med god hovudlykt. Oppmøte: Sælesete, kl 1730. Turleiar: Helene Leigland Njaa, telef. 971 61 080 Sun 21.august: Manfjell Nydeleg tur til eit av Kvam sine kjæraste bautaer, med utsikt over både fjord og ikkje minst fjell. Oppmøte: Hovland, kl 1000. Turleiar: Helene Leigland Njaa, telef. 971 61 080 Ons 24. august: Sundvordalen Ein litt vekkgøymd idyll på Kvamskogen, mellom Solhellanuten og Botnanuten, som du fortener å besøkja ein vakkar haustdag. Oppmøte: Tokagjel. 1800. Turleiar: Rakel Neteland, telef. 959 31 777 helg 27-28. august: Borna sitt turlag: Hausttur til Vending Turen inn til Vending er overkommeleg for ganske små bein, med sine 8km i ganske lettgått terreng og gode sti. Me kosar oss rundt hytta til me returnerer på sundag tilbake til Hamlagrøosen. Påmelding innan 20.august. Turleiar: Ingunn Hildonen Teigland, telef. 481 40 995 Sun 28. august: Fantastiske Gygrastolen Gygrastolen er lett gjenkjenneleg frå store delar av dei kvemske fjella, og vel verd eit besøk. Ypparleg utsikt mot fjord og fonn. Og fjell. Uansett kor du snur deg er det noko flott å sjå på. Påmelding innan 27.august. Turleiar: Vidar Ask, telef. 41 56 36 35 Ons 31. august: Tveitestølen-Dragsstølen Ein grei kveldstur i fint terreng. Me er innom heile 4 stølar på turen. Oppmøte Tveit, kl 1800. Turleiar: Oddbjørn Borge, telef. 906 26 315 Borna sitt turlag på veg til Vending hausten 2015. (Foto: Ingunn H. Teigland) Helg 2-4. september: Med kyrkjebåtar og fjellstøvlar i storstilt Hardangerterreng Me legg frå kai(!) i robåt(!) frå Norheimsund på fredag ettermiddag. Ror til Kvamsøy, overnattar i telt. Laurdag tek me atter årane fatt og ror inn Fyksesundet til Botnen. Der legg me frå oss båtane og går til Vending. Sundag returnerer me til Fitjadalen. Påmelding innan 26.august. Turleiar: Peter Helland -Hansen, telef. 952 89 704

Kvam turlag la til rette for «Natt i naturen» hausten 2015, 35 store og små samla seg på Flatebotnane innom Fitjadalen for å overnatta under ein stjerneklar himmel. (Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen) Laur 3/Sun 4. September: Kom deg ut-dagen Sjå nett og annonse i HF Sun 11. september: 7-fjellstur på Kvamskogen På austsida av Steinskvandalen ligg det sju fjelltoppar. Solhellanuten og Fotasperrnuten er kanskje dei mest kjende. Me tek turen over dei to, og fem andre toppar. Oppmøte: Tokagjelet, kl 0900. Turleiar: Kjell Inge Tufte Tyssen, telef. 950 66 789 Sun 18. september: Til Jonstein frå den nye buførevegen Me testar delar av den nye buførevegen mellom Krossdalen og Reisete. Me går til Jonstein, som i seg sjølv er verdt eit besøk, og returnerer om Skarvabotn. Oppmøte: Tvb. ferjek, kl. 1000, Turl. m.i Jondal. Turleiar: Erling Neteland, telef. 950 66 791 Ons 21. september: Borna sitt turlag: Dalamot Øystein og dei gode hjelparane tek oss med til Dalamot. Ikkje bli overraska om det dukkar opp litt moro både på vegen opp og oppe ved gapahuken. Pølser og pinnebrød. Skulle ikkje forundre meg. Oppmøte: Sørheim, Vikøy, kl 1730. Turleiar: Øystein Mongstad, telef. 952 01 605 Sun 25. september: Hausttur til vakre Iendefjell Mellom Skeiskvandalen og Steinskvandalen ligg det ein fjellrygg, i enden av denne ligg Iendefjell. Me bestig toppen med utgangspunkt i Jonshøgdi. Oppmøte: Avkøyring til Wallemtunet, kl 0800. Turleiar: Geir Morten Utskot, telef. 997 00 980 Tys 11. oktober: Borna sitt turlag: Eventyrstund i Sandvenlie Kort tur i Sandvenlie før me les eventyr og kosar oss med noko godt rundt bålet. Oppmøte: Grusbanen, Norheimsund, kl 1730 Turleiar: Astrid Holmefjord, telef. 93607871 Ons 26. oktober: Borna sitt turlag: Døgnope Me går i mørket opp til Døgnope der me kosar oss med bål og et kveldsmaten. Oppmøte: Blekeld,Fitjadalen kl 1730 Turleiar: Geir Morten Utskot, telef. 997 00 980