Handlingsprogram for Fjell kommune 2015. Utkast til politisk drøfting: Panoramakonferansen 2015



Like dokumenter
Handlingsprogram for Fjell kommune

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

Kommunedelplan for oppvekst

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Budsjettforslag 2019

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

SAKSPAPIR. Vaksdal kommune RÅDMANNS FRAMLEGG TIL ØKONOMIPLAN

Handlingsprogram 2015

Frå visjon til realitet November 2012

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Implementering med kvalitet

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: /12 Sogn regionråd Saksframlegg

Møteinnkalling. Utval: Formannskapet Møtestad: Fjell rådhus, Komitesalen Dato: Tid: 15:00

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Øyriket i vest Samhandlingsreforma i praksis Presentasjon for Eldrerådskonferansen i Hordaland

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Sykkelbyavtale for regionsenteret Straume (Fjell kommune)

Sjef i eigen heim korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Krevjande økonomisk men gode muligheter

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Janne Mo Sjef i eige liv korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida?

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Avtale om partnarskap

INTERNASJONAL STRATEGI

Resept for eit sunnare FørdeF

Frivilligpolitisk plattform

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den

Forum for regionsenterkommunar Helsesjef i Fjell, Terje Handal

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Tilleggsinnkalling for Formannskapet i Radøy

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Samhandling i praksis

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Team Ørsta aktiv alderdom med velferdsteknologi

Hemsedal KRF Program

INTENSJONSAVTALE FOR NYE ØYGARDEN KOMMUNE. Fjell - Sund - Øygarden

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Bustadnettverket i Sogn. Orientering til regionrådet 15. juni 2018, Vik. Arne Kringlen, Norconsult AS

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Eksempel frå Stord kommune

Tenesteavtale 6. Mellom Fitjar kommune og Helse Fonna HF. Avtale om gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

på vegne av barn og unge

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Kommunedelplan for oppvekst

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Samhandlingsstrukturen i Sogn og Fjordane

Planstrategi Flora kommune

Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud ( ) eller tenestetorget ( ). Saker til behandling

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Fjell kommune: Postadresse: Besøksadresse: E-post:

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Folkehelse inn i kommunal planlegging. Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

Gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding:

SOTRASAMBANDET. Vedtatt kommunedelplan for Rv 555 Fastlandssambandet Sotra - Bergen. Parsell: Kolltveit Storavatnet. Utarbeidd av Sotrasambandet AS

Transkript:

Handlingsprogram for Fjell kommune 2015 Utkast til politisk drøfting: Panoramakonferansen 2015

Administrative tiltak i perioden Visjon: Fjell kommune skal bli den mest veldrivne kommunen i landet Rådmannen har starta arbeidet med å implementera ei ny plattform for den administrative verksemda, kalla VP20 (Verksemdsplan 2020). Prosessen mot å realisera visjonen vil involvera alle medarbeidarane i Fjell kommune. Ein samordna struktur for verksemdsplanen vert samkjørt med strukturen i handlingsprogrammet, og vil for første gong bli presentert i årsmelding for 2014 (våren 2015).Kommunen sine planbehov er skildra i Planprogrammet 2015 2018. Desse to handlingsdokumenta må sjåast i samanheng med Årsbudsjett og Økonomiplan. Tiltak 2015 og rapportering av status for 2014 Lesenøkkel: Rapportering 2014 Nye tiltak 2015 Endra tekst i tiltak Stroke tekst i tiltak Status: status Nytt tiltak: nytt tiltak Endra tekst i tiltak Stroke tekst i tiltak Tiltak med anna status enn gjennomført vidareførast. Gjennomførte tiltak utgår/innarbeidast i drift. Nye tiltak gjeld frå KS-vedtak i desember 2014. Samfunnsutvikling 1. Ferdigstilla utbyggingsavtalen for Straume sentrum. Status: Pågår 2. Vurdera Fjell kommune si etablering i Straume sentrum, mellom anna ved å leggja til rette for utvikling av offentlege tilbod og ikkje kommersielle møteplassar i den nye byen. Status: Pågår 3. Vurdera Fjell kommune sitt driftsansvar av offentleg regulerte område i Straume sentrum. Status: Pågår Administrasjons og organisasjonsutvikling 4. Gjera seg kjend med og gjennomføra ny statleg politikk. Status: Under arbeid 5. Setja i verk konkurranseutsetjing der det er føremålstenleg i høve til økonomi, leveringsstabilitet og kvalitet. Det skal fortløpande rapporterast til politisk nivå om utviklinga i dette arbeidet. Eventuelt samarbeid med Bergen kommune i høve sakshandsaming skal undersøkjast. Status: Pågår 6. Førebu og leggja til rette for kommunesamanslåing i regionen, med tanke på økonomiske og organisatoriske følgjer av alternative løysingar. Status: Politisk styringsgruppe oppnemnt 7. Gjennomgå arbeidsprosessar i organisasjonen, med tanke på effektivisering, automatisering og kvalitetsheving. Status: Under arbeid 8. Gjennomføra samarbeids og utviklingsprosjekt med andre kommunar og andre land. Status: under arbeid. Til dømes prosjekt lokal medisinsk senter, ulike prosjekt innan helse og omsorg, samarbeid med danske kommunar og sjef i eige liv. 9. Utvikla samarbeidet med strategiske partnarar innan relevante forskingsmiljø. Status: under arbeid. Samarbeid med Sintef, UIB, HIB, Innomed, Innovasjon Norge, KS, RKBU, NIFES, Universitetet i Tromsø, Høgskulen i Hedmark, Center for framtidsforsking i Danmark. 1

10. Utvikla ein overordna arbeidsgjevarpolitikk med særleg fokus på rekrutteringstiltak og tiltak for ulike livsfasar. Status: Gjennomført. Vedteken i 2014. 11. Utvikla ein ny strategisk kompetanseplan for Fjell kommune. Status: Gjennomført i 2014. 12. Gjennomføra brukarundersøkingar annakvart år som ein del av kvalitetsutvikling i tenestene. Status: Under arbeid. 13. Redusera sakshandsamingstida i byggje, dele, og klagesaker gjennom omdisponering av ressursar. Status: Gjennomført 14. Oppdatera matrikkelen, for å gje innbyggarar og utbyggarar oppdatert informasjon. Status: Pågår, gjennomført for Kaier og Veger 15. Revidera strategi for handtering av ulovleg bygging. Status: Pågår 16. Oppdatera kommunen sitt planregister. Status: Gjennomført Samferdsle 17. Fjell kommune skal bidra aktivt i reguleringsarbeidet av nytt Sotrasamband og vegsystema kring Straume sentrum. Dette gjeld sjølve hovudtraseen, sekundærvegar og gang og sykkelvegar. Status: Pågår 18. Vurdera vidare deltaking i ein ny regional hamneorganisasjon med Bergen kommune som hovudaktør, eller skiping av ein alternativ organisasjon med anna deltaking. Status: Pågår 19. Gjennomføra aktuelle tiltak i kommunedelplan for trafikksikring 2013 16 i tråd med prioriteringane i planen, og på grunnlag av investeringsprogram. Eiga årleg fordelingssak vert fremja. Status: Gjennomført etter plan. 20. Halda fram arbeidet med oppgradering og vedlikehald av dei kommunale vegane. Eiga årleg fordelingssak vert fremja. Status: Gjennomført som planlagt. 21. Utarbeida nye parkeringsvedtekter for Fjell kommune. Status: Gjennomført (innarbeida i Kommuneplanen sin arealdel). Eigedomsforvalting 22. Leggja fram politiske saker der ein drøftar etterbruk, eventuelt sal, av Ekerhovd skule, og Misje skule etter at eventuell utviding av Landro skule er avklart. Status: fremjast hausten 2014. 23. Kommunen skal gjennomføra eit optimalt sal av eigedomar med sikte på reduserte låneopptak. Tomteområde Søre Bildøyna. Status: Gjennomført sal. Knarrevik skule og tidlegare aldersheim med styrarbustad i Knarrevika: Staus: Under førebuing. Industriområde Vindnes. Status: Gjennomført sal. Gangstøgarden. Status: Ligg ute for sal. Tomt i Solheimfeltet. Status: Under førebuing. Kårtveit skule. Status: Sal utsett (vurderast til eige bruk). 24. Fullføra planlegging og oppføring av paviljong ved Kolltveit skule. Status: Gjennomført 25. Fullføra planlegging av utviding/ombygging av Ågotnes barnehage, Landro skule og eventuelt Bjorøy skule i påvente av prioritering i investeringsprogrammet. Status: Utsett til 2015. 26. Planlegging og gradvis gjennomføring av standardheving for dei eldre kommunale barnehagane, Ulveseth, Bildøy, Tussatjødna og Straume. Eiga årleg fordelingssak vert fremja. Status: Utsett 27. Gjennomføra aktuelle standardhevingstiltak for kommunale bygg på grunnlag av investeringsprogram. Eiga, årleg fordelingssak vert fremja. Status: Går som planlagt. 28. Planleggja utbetring av foajeen og tilkomsten i og ved rådhus/kulturhus i påvente av prioritering i investeringsprogrammet. Status: Utsett 29. Planleggja og gjennomføra naudsynt standardheving for Ågotnes idrettsanlegg som følgje av Nest Sotra sitt opprykk til 1. divisjon. Status: Gjennomført 30. På sikt gjennomføra ein gradvis auke i driftspostane for uføresett og planlagt vedlikehald av bygg, frå om lag 90 kr/m2, til om lag 170 kr/m2. Status: Utsett 2

Helse, sosial og omsorg 31. Ferdigstilla planen for nytt lokalmedisinsk senter. Status: under arbeid. Sak til KS hausten 2014 32. Etablera nytt bustadkontor i Fjell kommune. Status: Under arbeid, den første av tre fasar er gjennomført. 33. Utarbeida samarbeidsavtale med Fjell bustadstifting, i tett dialog med stiftinga. Status: under arbeid 34. Utarbeida kommunen sine krav for samarbeid med private utbyggjarar om realisering av kommunedelplan for bustadutvikling. Status: Gjennomført 35. Planleggja og byggja bustader for personar med store oppfølgingsbehov knytt til rus og psykiatri. Status: under arbeid 36. Byggja fire bustader i tilknyting til eksisterande psykiatribustader på Blombakkane. Status: under planlegging. 37. Byggja sju leilegheiter i bufellesskap for menneske med psykisk liding, i tillegg til vidare utbygging som skildra i kommunedelplan for bustadutvikling. Status: ikkje starta 38. Fullføra etablering og drift av visningshusvære for velferdsteknologi ved Straume bu og servicesenter. Status: Utført. Vidareutvikling av drifta under arbeid 39. Oppretta eit utviklingsteam på 3 5 personar for å realisera tiltaka skissert i "Sjef i eige liv". Status: ikkje starta 40. Etablera eit døgnope aksjonssenter som skal vera både ein mottakssentral for tryggleiksalarmar og anna velferdsteknologi, samt svara og vidareformidla telefonar frå innbyggjarane i kommunen. Aksjonssenteret skal aktivisera eit breitt nettverk av aktørar, både offentlege, private, pårørande, vener og frivillige, som kan aksjonera for å møta både akutte og langsiktige behov. Status: under planlegging 41. Etablera ei teneste for innbyggjarar i akuttsituasjonar knytt til vald, overgrep og andre krisesituasjonar. Status: under arbeid 42. Utvikla samarbeidsavtalar med frivillige lag og organisasjonar om lågterskeltilbod til ulike grupper. Status: 1 samarbeidsavtale er inngått, under arbeid 43. Etablera eige dagtilbod for menneske med demenssjukdom. Status: Etablert nytt tilbod for 5 deltakarar 1 dag i veka 44. Utgreia behov for støttekontakt for menneske med demenssjukdom. Status: ikkje starta 45. Samarbeid med NAV, næringsliv og andre om alternative arbeidsplassar for menneske med utviklingshemming og menneske med nedsett funksjonsevne. Status: under arbeid, fleire avtalar inngått 46. Etablera oppsøkjande verksemd for alle innbyggjarar over 75 år for tidleg identifisering av behov, og gje rettleiing om tiltak. Status: ikkje starta 47. Leggja til rette og sikra bustader med døgnbemanning for unge/vaksne med nedsett funksjonsevne/menneske med utviklingshemming. Status: under planlegging 48. Etablera fleire omsorgsplassar med heildøgnsbemanning ved Kvednatunet. Status: ikkje starta 49. Utgreia behov for interkommunalt samarbeid/bustader, for menneske med særlege behov knytt til psykisk helse. Status: under planlegging 50. Tilby kunnskapsbaserte tiltak i grupper for barn/ungdom med angst (Friends), foreldrerettleiing til familiar som slit med samspelsvanskar (Dei utrulege åra) og utvikla familiestyrkingsprogram for familiar der ein eller fleire av foreldra har psykiske vanskar. Utvikling og evaluering av tiltaka i samarbeid med Regionalt Kunnskapssenter for barn og unge, avdeling vest (RKBU Vest). Status: etablert, under arbeid 51. Vidareføra pilotprosjektet rask psykisk helsehjelp for vaksne, med prosjektmidlar frå departementet. Status: utført, pågår 52. Kjøpa/leasa legevaktbil med akuttmedisinsk utstyr til utrykking for lege og sjukepleiar i team. Status: Kjøpt bil til legevakt. 53. Ny fastlege i Straume området våren 2014, og ytterlegare fastlegeheimlar i takt med befolkningsauka. Status: utført, pågår 54. Tilsetja fleire lege og helsesøstre på helsestasjon og i skulehelsetenesta, i samsvar med 3

nasjonale retningsliner. Status: ikkje starta 55. Finna meir eigna lokalar for Helsestasjon for ungdom. Status: kkje starta 56. Planleggja og setja i verk ein modell for god tverrfagleg samskaping knytt til barn og unge og deira familie. Status: under arbeid. 57. Styrkja stillinga som folkehelsekoordinator i Fjell/regionen. Vurdera stillinga si administrative plassering. Status: under arbeid 58. Alle arbeidsføre tenestemottakarar av økonomisk sosialhjelp skal delta aktivt enten i lågterskeltiltaket «Muligheten», eller via deltaking i kvalifiseringsprogram eller andre arbeids og aktivitetsfremjande tiltak NAV rår over. Status: Sidan oppstart i september 2012 har no om lag 200 personer vore deltakarar på lågterskel tiltaket Muligheten. Tiltaket er etablert som eit fast tiltak i NAV, og alle som er friske og arbeidsføre og som mottek økonomisk sosialhjelp vert vist til å delta i tiltaket. Dei som ikkje møter opp vil få trekk i si sosialhjelpsutbetaling. Om lag 2/3 av dei som deltek ved Muligheten går ut av tiltaket og over til arbeid og aktivitet. Dette vert vurdert som gode resultat. 59. Vidareutvikla det nye lågterskel aktivitets og arbeidstiltaket «Muligheten», som kan vera eit første tiltak i kvalifiseringsprogrammet. Status: Muligheten er i fast drift, og vert utvikla etter kvart som vi haustar oss erfaringar. Personar som vert vurdert som kandidatar til kvalifiseringsprogrammet vert vist til å møta på Muligheten som eit pre-kvalifiserande tiltak før inntak i kvalifiseringsprogrammet. Muligheten har fått mykje oppmerksomhet frå politisk hald, og Arbeids og sosialdepartementet viser til Muligheten og til Fjell kommune, som ein modell for aktivitetsplikt for å få rett på sosialhjelp. Regjeringa vil i nær framtid kome med endringar i sosialtenestelova knytt til krav om aktivitetsplikt som vilkår for å få økonomisk sosialhjelp. Barnehage og skule 60. Sikra framtidig barnehagedekning i tråd med vedteken strategi og lokale retningsliner. Status: Prosjektering av utviding av Ågotnes bhg i tråd med KS vedtak er sett på vent. Ikkje avsett investeringsmidlar til utviding av Ågotnes barnehage i 2014. Utviding av kapasiteten i mellombels barnehagetilbod på Ågotnes er sett i verk. Etablert fleire mellombelse kommunale barnehageplassar i Hamramyra på Ågotnes frå 01.08.2014. Lovkrav om full barnehagedekning oppfylt. 61. Utvikla program for systematisk språk og leseaktivitetar i barnehagen. Status: Pilotprosjekt pågår. Evaluering i 2015 62. Tilby foreldreprogrammet Dei utrulege åra, til foreldre i barnehagen. Status: Grupper er starta opp i regi av Psykiatrisk team hos Helsesjefen. 63. Oppgradera leikeplassane i kommunale barnehagar. Status: Behov er innhenta frå barnehagane. 64. Auka bruk av digital undervisningsform i skulane, med særleg vekt på realfag. Status: Gjennomført opplæring i Moava 1310 (digitalt årshjul), Kikora (matematikk), Textpilot (norsk), Mattemestern (matematikk), Mpluss (matematikk), Music Delta (musikk), Universell-pakken (naturfag, matematikk, engelsk og norsk), Itslearning (læringsplattform), Acos IOP (elektronisk IOP). Skuleåret 2014-2015 vil det bli vidare oppfølging på den enkelte skule i tillegg til felles workshops. 65. Innføra nytt vurderingssystem for alle skulane i Fjell (VFL; vurdering for læring). Status: Innført i Fjellskulen per august 2014. 66. Utvikla og implementera ny realfagsplan. Status: Implementering pågår 67. Intensivera arbeidet mot mobbing, inkludert digital mobbing. Eiga sak vert fremja. Status: Kompetansegruppe for Trygg i Fjell er danna. Nettsida er under arbeid samtidig som kompentansegruppa definerer innhaldet i Fjell-modellen. 68. Gjennomføra pilotprosjekt for å integrera og leggja til rette for elevar frå andre land og kulturar. Samhandling mellom skule, barnehage og kulturavdelinga. Status: Ferdigstilt informasjonshefter for alle språk som det er opplæring i. Vidareutvikle innføringsklassane på barneog ungdomstrinnet 2014-2015. 4

69. Forsterka samhandlinga og den raude tråden mellom grunnskule og vidaregåande skular, for å motverka fråfallet i vidaregåande utdanning. Status: Pågår. Interkommunalt samarbeid starta med Sotra Vidaregåande skule Fjell, Sund og Øygarden. Gode Sirklar er koordinator og Sintef sikrar saman med HiB forskingsdelen. 70. Avvikla skuledrifta ved Ekerhovd skule og Misje skule. Staus: Ekerhovd skule lagt ned frå hausten 2014. Misje frå hausten 2015. Beredskap 71. Gjennomføra løysing for naudstraum i prioriterte område. Status: under arbeid. Rapport ligg føre 72. Trena på beredskap med minst éi øving i året. Status: Gjennomført 73. Gjennomføra radonkartlegging med eventuelle oppfølgjande tiltak for alle kommunale og leigde bygg. Status: Går som planlagt. Miljø og klima 74. Prøvetaking i forureina område, mellom anna kring festningsområdet. 75. Gjennomføra tilsyn med private og offentlege avlaupsanlegg, og gi pålegg der det skjer forureining. 76. Gjennomføra eit Enøk prøveprosjekt med bruk av solfangarar i eitt eller fleire kommunale bygg. Status: Gjennomført Informasjonsteknologi 77. Fornya design og innhald i kommuneportal/heimesider. Satus: Retninglinjer og prosjektplan under arbeid. 78. Vidareføra satsing på kart, i samarbeid med stat og region (Geovekst). Status: Under arbeid 79. Styrkja satsinga på arbeidet med geografisk informasjonssystem (GIS). Status: Innført forenkla kartoppslag til bruk på heimesider og som app på mobiltelefonar og nettbrett 80. Etablera retningsliner og ta i bruk sosiale medium i møte med innbyggjarar og næringsliv. Eiga sak vert fremja. Status: Retningsliner godkjent i KFF 03.06.14, rutinar etablert og eiga Facebook side for Fjell kommune er oppretta. Gjennomført. 81. Etablera digitale tenester og elektronisk kommunikasjonsform som føretrekt kanal mot innbyggjarar og næringsliv (Digitalt førsteval). Status: Gjennomført deltiltak. Elektronisk datautveksling (EDU) mellom offentlege instansar innført. SvarUt etablert: Høve til å motta informasjon og svar frå kommunen på elektronisk form i staden for tradisjonell post. 82. Leggja til rette for og innføra heilelektronisk arkiv. Status: Prosjektgruppe etablert og starta opp i 2014. Prosjektplan utarbeida i 2014. 83. Ta i bruk nye elektroniske dataprogram hjå Kemneren. Eiga orienteringssak vert fremja. Status: Opplæring gjennomført 2014. 84. Tilrettelegga trådlaust nett for tilkopling av privat IT utstyr i alle kommunale bygg. Status: Under arbeid. Gjennomført for tilsette, tilrettelegging for innbyggarar planlagt til 2015. 85. Etablera skuleadministrativ programvare med kommunikasjon skule/heim og effektiv datafangst. Status: Under arbeid. Samarbeidsprosjekt mellom Askøy, Fjell og Sund. 86. Innføra velferdsteknologi som eit verkty for å auka meistring og eigenomsorg. Status: under arbeid i samband med prosjekt «sjef i eige liv. Visningsbustad etablert. 87. Etablera elektronisk utveksling av pasientdata mellom kommune og sjukehus. Status: utført, vidareutvikling pågår 88. Nytt IT verktøy i høve Frivilligportal og tilrettelegging av sjølvbeteningsløysingar i bibliotektenesta. Status: Under arbeid. Sjølvbeteningsautomat på plass i Folkeboksamlinga. Forprosjekt «Frivilligportal» gjennomført. Evt vidare arbeid vert vurdert i samband med prosjekt «sjef i eige liv». 5

Kultur 89. Profilerings og merkevarebyggingsprosjekt knytt opp mot reiseliv, natur og lokalmat, som t.d. LivOGlyst prosjektet Springflo. Status: Utsett. 90. Leggja til rette for friluftsliv i strandsona. Status: Utsett. 91. Avklara/vidareføra stillinga som bygningsvernkonsulent i Region vest. Status: Gjennomført 92. Etablera ungdomsklubb i Ågotnes området. Status: Gjennomført/Under arbeid 93. Setja i verk drift av Gjerdet kulturminnegard. Status: Under sluttføring. 94. Utvikla og innføra Fjellmodellen for idrettsanlegg i Fjell. Status: Utsett 95. Etablera prosjektet Trygg i sjø for barneskulane. Status: Utsett 96. Arrangera MOT festival. Status: Gjennomført. 97. Turstiar: opna Fjellparken og starta arbeidet i Midtmarka. Status: Fjellparken under sluttføring/midtmarka under arbeid. 98. Inngå innovative partnarskap med utvalde frivillige organisasjonar i høve satsingar knytt til lågterskeltiltak for folkehelse. Status: Gjennomført/Under arbeid. 99. Arrangera Kultur og idrettsgalla for regionen. Status: Utsett 100. Vidareføring av bygdebokprosjektet, med trykking av band VI, og oppstart av arbeidet med band VII. Status: Band VI under sluttføring/band VII under arbeid. Nye tiltak: 101. Etablera eit MO-senter ( Mottaks-Senter) sentralt lokalisert i kommunen. MO-senteret skal romme: Lågterskel helsetiltak, oppfylging i LAR ( legemiddelassistert rehabilitering) samt lågterskel arbeid og aktivitet. (NAV Fjell) 6