INFORMASJOSHEFTE FOR FORELDRE I MAURTUÅ BARNEHAGE BARNEHAGEÅRET 2019/20 «Saman set me spor» Fleksibilitet Respekt Omsorg Glede -
Hei og velkommen til Maurtuå Barnehage! Maurtuå Barnehage opna hausten 1992 som ein privat andelsbarnehage. I august 2010 blei me kommunal. Barnehagen blei delvis renovert i 2016. Me har eit stabilt personale med lågt sjukefråvær. Oppdatert heimeside. Marte Meo barnehage med eigen Marte Meo terapeut. http://www.martemeo.no/marte-meo-metoden/ Jobbar bevisst ut frå vår visjon og våre verdier. Me har 3 avdelingar: Grøn avdeling, 1-2 år Rød avdeling, 2-3 år Blå avdeling, 4-5 år Visjon: «Saman set me spor» Dette betyr at: Barn, foreldre og tilsette set gode spor hjå kvarandre. Me lærer og utviklar oss i eit samspel. Alle skal oppleve Maurtuå barnehage som ei god plass å være. Barna skal bli rusta til å ta gode val i livet. Barnehagen skal i samarbeid med foreldra gje barna ei god plattform for vidare utvikling og læring. Når barn, foreldre og tilsette sluttar i Maurtuå, vil me at dei skal kunne sjå tilbake på åra i barnehagen som gode og lærerike, og at dei har mange gode opplevingar dei vil hugsa. Visjonen vår heng saman med våre 4 verdiar: Fleksibilitet Respekt Omsorg Glede
Grunntankar i vårt arbeid: I Maurtuå barnehage er det aktive og engasjerte vaksne som ser kvart barn som unikt og verdfullt. Me vil leggja til rette for ein innhaldsrik og stimulerande kvardag, saman med barn og foreldre. Det vil seie: Barn og foreldre får ein god og trygg start i barnehagen. Me gjev rom for gode opplevingar og læring i kvardagen. Me gjev kvart enkelt barn eit tilrettelagt barnehagetilbod. Me har gode markeringar av høgtider og merkedagar. Me har eit godt samarbeid med foreldra. Barnet er ein ressurs som vi skal ta på alvor. Dei vaksne er tydelege og bevisste si rolle og sitt ansvar. Me har ei halding om at jobben me gjer, alltid er til barns beste. Vår visjon og våre verdiar er grunnlag for våre val og handlingar.
Personaloversikt for barnehageåret 2019/20: Styrar: Pedagogiske leiarar: Marianne Byberg. Jorunn Anette Reime Byberg (styrars stedsfortreder) Kristi Helleve Haavardsholm Monica Tjosevik Dybing Rita Siqveland Irene Håland Anne Lise Risa, dispensasjon frå utdanningskravet Beth Tjelta Assistentar/fagarbeidar: Cecilie Stangeland, fagarbeidar Margot Irene Meland, fagarbeidar Hege Varhaug, fagarbeidar Lill Kristin, Aasland Asta Høyland Randi Brådland Risa Andre Alvestad Undheim Marte Meo terapeut: Spesial pedagog: Vikarar: Monica Tjosevik Dybing. Elin Dahl Anne Therese Bjunes Margrete Tunheim Anna Marie Pollestad Kjøkkenhjelp: Reinhaldsbetjent: Driftsoperatør: May Helen Fjermestad Meo Johannes Skjørshammer
A rbeidsmiljø: Me har eit godt arbeidsmiljø i barnehagen. Tilbakemeldingar og medarbeiderundersøkingar frå tilsette visar at tilsette trives veldig godt, noko som gjer at me har eit lågt sjukefråvær og ei stabil personalgruppe. B ursdagsfeiring. Den dagen barnet har bursdag heng me ut flag og lapp ved inngangen. Barnet får krona, sit framme i samlingsstunda og me dekkjer flott bursdagsbord med duk, lys og flag. C D OS Circle of Security (COS) er en metode for å fremme god tilknytning og dermed forebygge utvikling av vansker for barna. agsrytme: 0730-0830 Frukost 0900 Samlingsstund avdelingsvis 0930 Tur, leik og aktiviteter inne for alle avdelingar. 1115 Lunsj 1200 Leik inne og ute, sovetid for dei minste. 1400 Fruktmåltid. 1430 Leik inne og/eller ute. 1630 Barnehagen stenger. E ttermiddag Når de hentar barnet om ettermiddagen vil me gjerna slå av ein liten prat og fortelja litt frå dagen som har vore. Me vil sei hadet og takk for i dag til kvart enkelt barn. Hugs å alltid sei ifrå til personalet når de går. Hugs å gje beskjed dersom nokon andre skal henta barnet.
F oreldresamtalar Alle foreldre / føresette får tilbod om foreldresamtalar, både på hausten og våren. Ferier: Personalet forsøker å avvikle ferie/ta ut avspasering når det er færrast barn i barnehagen. Erfaring viser at det er fleire som tar fri i skulens ferier. Me heng difor opp ei liste på kvar avdeling, kor me ber dykk om å skriva på om barnet kjem eller ikkje. I vedtektene for Time Kommune, barnehage står det: Barna må ha minst 5 veker ferie i løpet av barnehageåret. - 3 ferieveker må vera samanhengande i perioden 1.juni - 15.august - For 6 åringar må 3 veker vera samanhengande i perioden 1.juni- 1.august. - Planleggingsdagane kan reknast som ferie. - Foreldre som kan dokumentera at dei ikkje har tariff-festa rett på dei siste 4 feriedagane opp til 5 veker, får dispensasjon for desse 4 dagane. - Føresette må gje melding om barnets sommarferie innan 1.mai. Foreldremøte: Det blir halda eit foreldremøte som barnehagen arrangerer på hausten. H øgtider og merkedagar: Me har ein del faste tradisjonar og festdagar i løpet av barnehageåret. Dersom du ikkje ønsker at barnet ditt deltek på markering av religiøse høgtider, gir du beskjed til ped.leiar på avdelinga. I nfo: Mykje info kjem på heimesida. Me har og ei eigå facebook gruppe, Maurtuå Barnehage 2019/20. J ul. Kvar dag i desember har me fellessamling. Me syng julesongar, har kalender og har juleaktivitetar på tvers av avdelingane. Dersom du ikkje ønsker at ditt barn skal være med på desse samlingane, gir du beskjed til ped.leiar på di avdeling K lede: I garderoben får kvart barn sin plass. Vi anbefaler å alltid ha liggjande eit heilt ekstra skift, samt ein tjukk genser. Hugs å merke kleda og anna med barnas namn!
Me er opptatt av å lære barn gode rydde rutinar, og ber de være med og halde plassen i garderoben ryddig og fin. Både regntøy og dresser må tas heim av og til for å vaskast. Liste over klede og utstyr som kan være lurt å ha i barnehagen : Undertøy, sokkar og strømpebukser. (tjukke sokkar) Bukse og genser Støvlar og regntøy Nok varme klede, varme sko, hue og vottar Utedress Smokk (dersom barnet bruker dette) Til sommaren er det viktig å alltid ha liggande : T-skjorte og kortbukse eller liknande til varme dagar Solhatt / caps eller liknande. Solkrem Badeklede. L evering: Me vil at alle barn og foreldre skal føla seg velkomne når de kjem til barnehagen. Derfor forsøker me så godt det lar seg gjer at det alltid er ein vaksen å tek i mot om morgonen. Leiker: På grunn av at me opplever at det å ha med eigne leiker ofte skaper konfliktar mellom barna er det ikkje tillat å ha med eigne leiker i barnehagen. M at og måltider: 7:30-8:45 Frukost: Me dekker på avdelingane 11.15 Lunsj: Me et avdelingsvis. 14:00 Frukt og brød/knekkebrød. Dersom du skal ete frukost må du vera i barnehagen innan 0830. Alle måltid er inkludert i matpengebetalinga. Dersom barnet har allergi kjøper barnehagen inn anna type mat. Dette må dokumenterast med attest frå lege.
N amnebok: Kvar avdeling har ei namnebok kor personalet noterer dei barna som er kome i barnehagen. Her noterast også beskjeder som personalet mottar. Personalet kryssar ut etter kvart som barn går heim. Personalet har jevnleg oppteljing av barn for å holde oversikt. P orten: Barn, foreldre, personalet og andre besøkande må passe på at porten ALLTID er lukka. Dette gjeld og lenken på porten. Me vil og be dykk om at ingen barn går ut av porten utan følgje med foreldre. Praksisbarnehage: Me er praksisbarnehage for barnehagelærer studentar ved UiS. 3-4 gonger i året kjem det studentar som har praksis her. Praksisperiodane kan vare alt frå 2-6 veker. S jukdom: Gje beskjed til barnehagen dersom barnet tar fri eller er sjuk. Det kan hende at barnet blir sjukt i barnehagen. Det er då er viktig at me kan kontakte foreldra. Hugs å oppdatera telefonnummer som me kan nå dykk på! Stengt: Barnehagen held stengt dei to siste vekene i juli. Veketal kan variere. Sjekk skuleruta for Time Kommune som du finn på heimesida. Barnehagen er og stengt julaften, nyttårsaften og onsdag før skjærtorsdag T ur: Alle barn går på tur minst ein gang år veke. Barnehagen har rutinar for å ivareta sikkerheita når vi er på tur. Rutinane gjennomgås og evaluerast kvart år. Teieplikt: Alle som jobbar i barnehage har teieplikt. «Enhver som utfører tjeneste eller arbeid for et forvaltningsorgan, plikter å hindre at andre får adgang eller kjennskap til det han i forbindelse med tjenesten eller arbeidet får vite om noens personlige forhold»
Trafikksikkerhet: Barnehagen er opptatt av trafikksikkerthet. Me ber difor om at alle kjørar varsomt på parkeringsplassen. Ingen bilar skal stå på tomgang når de hentar barna. Me oppfordrar alle til å sikra barna på veg til og frå barnehagen. Det er fint om alle kan ta seg tid til å rygge inn når de parkerer om morgen og ettermiddag. Å rygge bilen inn på parkeringsplassen anses som mindre risikofylt enn å rygge ut av parkeringsplassen DET ER MANGE SØTE SMÅ SOM IKKE ALLTID ER LIKE LETT Å FÅ AUGE PÅ NÅR HAUSTMØRKET KJEM. U ndersøking: Anna kvart år har me brukarundersøking. Dette for å få tilbakemelding på kva som de meinar er bra, og ikkje minst dersom det er noko de meinar me kan forbetra gjer annleis V edtekter Time Kommune har eigne vedtekter som gjeld for barnehage. Desse finn du på heimesida. Å pningstider: Barnehagen åpnar kl 0700 og stengjar 1630. Skulle det være noko du lurer på etter å lese dette, så ta kontakt med ein av personalet. Mvh Marianne Byberg - styrar, Maurtuå Barnehage -
Kontaktinformasjon Maurtuå Barnehage Postboks 38 4349 Bryne Tlf kontor styrar 5177 8310 Mobil styrar: 975 88 284 Blå avdeling: 907 49 966 Rød avdeling: 907 53 524 Grøn avdeling: 906 91 165 www.minbarnehage.no/maurtua Facebook: Maurtuå barnehage 2019/20 Instragram: maurtua barnehage e-post: marianne.byberg@time.kommune.no Time kommune P.b.38, 4349 Bryne tlf 51 77 60 00 fax 51 48 15 00 e-post: postmottak@time.kommune.no www.time.kommune.no