Telenor Xtra FFO Fotballklubben Voss si Fotballfritidsordning
Kva er Telenor Xtra? Fotballfritidsordning Telenor Xtra FFO (fotballfritidsordning) er eit landsomfattande samarbeid mellom Norges Fotballforbund og Telenor der ein ynskjer å gje born eit fotballtilbod etter skuletid. Utviklingsavdelinga i Norges Fotballforbund har ansvaret for å utvikle og gjennomføre innhaldet i Telenor Xtra som skal vera eit heilskapleg skulefritidstilbod med fotball i fokus. Fotballaktiviteten er sentral, men den skal utformast som eit supplement til den vanlege fotballtreninga på ettermiddagen, og ikkje framstå som eit rekrutteringstiltak. Målet er å utvikle rørsleglede og gode vanar. I tillegg til den fysiske aktiviteten skal fokuset vera på kosthald, pedagogisk kyndig leksehjelp, fair play og trening av sosiale ferdigheiter også utanfor idrettsbana.
Dette får du ved påmelding FFO: Aktiviteten skal vere allsidig og tilpassa årstidene. Motiverte og engasjerte instruktørar som ynskjer å skapa stor aktivitet med god kvalitet på kvar økt! Og ikkje minst at borna har lyst å gjera sitt beste, få meistringskjensle og bli sett kvar økt Transport frå skule til FFO (Henting med bil i vintersesong) Variert og sunt måltid Fasilitetar og utstyr til aktiviteten (Idrettshall og gymsal i vintersesong) Kvar deltakar får treningsdress, shorts, T-skjorte og bag frå Telenor Xtra FFO+: Fotballtrening året rundt. Tilpassa treningsøkter med fokus på ferdigheitsutvikling. Vår, sommar og haust held ein til ute på kunstgraset. Om vinteren nyttar ein idrettshallen. Motiverte og engasjerte instruktørar som ynskjer å skapa stor aktivitet med god kvalitet på kvar økt! Og ikkje minst at borna har lyst å gjera sitt beste, få meistringskjensle og bli sett kvar økt Sunt og godt mellommåltid (smoothie, nøtter, frukt og grønsaker) Fasilitetar og utstyr til aktiviteten Kvar deltakar får treningsdress, shorts, T-skjorte og bag frå Telenor Xtra Gratis deltaking på Prosjekt Voss (NB! Eiga påmelding)
Kjekke aktivitetar året rundt
FFO+ (Måndag) FFO (Tysdag, Onsdag, Torsdag) For kven Elevar i 5. - 8. klasse ved alle barne- og ungdomsskular i Voss Kommune 2.-5. klasse ved Vangen. 3.-5. klasse ved Gjernes og Gullfjordungen 3.-7.klasse ved Gjernes, Vangen og Gullfjordungen Transport Elevane må sjølve kome seg til Voss Idrettshall. Instruktørar ved FFO hentar elevane på deira respektive skular, eller dei kjem seg ned på eiga hand. Går eller sykle vår/haust. Bil om vinteren på Gjernes og Gullfjordungen. Oppmøte/ henting Mellom 14:00 og 14:45 møter elevane i Idrettshallen. Alle vert registrert. Mellom 13:30 og 14:00 vert elevane henta ved skulane eller dei kjem seg til Idrettshallen på eiga hand. Dei vert registrert og får mat. Del 1 Frå 14:00 til 14:45 får ein servert frukt og grønt og dei som ynskjer det kan gjere lekser. Frå 13:30 til 14.45: vert det servert mat. Variert og sunn meny. Dei som er tidlegast ferdig spelar spel og slappar av før aktivitet. Del 2 Frå 14:45 til 16:00 er det fotballtrening. Vår, sommar og haust held ein til ute på kunstgraset. Om vinteren nyttar ein idrettshallen. Frå 14:45 til 15:55 er det aktivitet. Ein vektlegg at denne skal vere allsidig og tilpassa årstidene. Borna er med og ryddar utstyr. Del 3 Frå 16.00 er det uttøying, oppsummering av økta og rydding av utstyr. Frå 16:00 til 16:30 er det leksetid for dei som ynskjer. Dag slutt 16:15 16:30
Påmelding 2019/20 Me har fylgjande plassar: FFO+: 60 plassar per økt FFO: 45 plassar per økt FFO er tysdag og torsdag eit tilbod til elevar i 2.- 5. klasse ved Vangen Skule og 3.- 5. klasse ved Gjernes og Gullfjordungen skule. Onsdag er det ope for 3. 7. klasse ved desse skulane. FFO+ er eit tilbod til elevar i 5.-8. klasse frå alle skular i Voss kommune. Prisar FFO+: 1 dag: 650,- per månad FFO: 1 dag: 750,- per månad 2 dagar: 1290,- per månad 3 dagar: 1595,- per månad 4 dagar: 1900,- per månad Kombinerer ein FFO+ med ein eller fleire dagar på FFO gjeld prisane for FFO. Påmelding og meir info: fbkvoss.no Kontakt og spørsmål: Dagleg leiar ved FFO, Bjarte Bergstrøm; ffo@fbkvoss.no