Opplæring av nye fellesråd/ sokneråd med fellesrådsfunksjon. Organisering: Opplæringa for nye fellesråd etter kyrkjevalet 2011 er denne gongen delt i to - ein lokal og ein regional del. Slik er det mogeleg å utvide både tidsressursen og omfanget noko. Dette grepet er gjort etter tilbakemeldingar frå sist runde og i samarbeid med kyrkjeverjene sit Leiarforum. Del 1 skal gjennomførast lokalt av kyrkjeverja. Mange kyrkjeverjer har allereie utarbeidt opplegg for lokal opplæring av dei nye råda. Vi tilrår at slike opplegg eventuelt blir samordna med Del 1 slik at plattforma for Del 2 blir så lik som mogeleg. Del 2 - kursrekkja som KA organiserer, vert haldne i løpet av vinteren 2012 (sjå kurs på ka.no.). Rettleiing Nedanfor følgjer rettleiinga til Del 1. Opplegget er planlagt til å ta ca. ein time. I utgangspunktet er dette tenkt gjennomførd på fyrste møte i nytt fellesråd. Alternativt kan det gjerast i sokneråd før ein vel representantar til fellesrådet for på den måten å informere og motivere i til val av fellesrådsrepresentantar. Læringsmål for Del 1 Rådsmedlemene skal: bli medvitne på eiga rolle. få oversikt over kyrkja si organisering lokalt. få informasjon om aktuelt lov- og avtaleverk. få innblikk i rådet sine ansvars- og myndigheitsområde. Bilete 1 Opningsbilete: "Bitar fell på plass med kunnskap" Bilete 2 Mål: Få oversikt over det planlagde opplæringstilbodet. Opplæringstilbodet er todelt. Del 1 vil ha fokus på fellesrådet lokalt. Del 2 vil gå djupare inn fellesrådet sine oppgåver, lovendringar samt utviklinga av Den norske kyrkje i tida som kjem.
Bilete 3 Mål: Få eit stutt historisk innblikk i utviklinga av rådsstrukturen i Dnk. Formannskapslova av 1837 innførde soknestyre, som var eit slags kommunestyre for soknet. Dette la grunnlaget til soknerådet, som blei oppretta i 1920. Soknestyret var noko av det som la grunnlaget for utviklinga av folkevalde styringsorgan for kyrkja, der embete og råd i samarbeid er med på å skape den lokale kyrkja. Bispedømmeråda blei oppretta i 1933 med oppgåver rundt biskopen og biskopen sine ansvarsområde. Fyrst i 1989 fekk dei ansvaret, frå Staten, til å tilsetje kyrkjelydsprestar. Planar om å opprette eit kyrkjeråd med geistlege og leke representantar til å vere kyrkja sitt øvste organ, var blitt lagt fram fleire gonger i tida etter 1900, men blei aldri teke til følgje. Samarbeidet mellom bispedømmeråda la grunnen for det noverande Kyrkjerådet. Kyrkjerådet som offisielt organ innan Den norske kyrkje, blei oppretta 1969 som Bispedømmenes Fellesråd. Noverande namn og funksjonar er frå 1984. Rådet er førebuande og iverksetjande organ for Kyrkjemøtet. I 1981 vedtok Stortinget å oppretthalde statskyrkjeordninga, med kongen som kyrkjas konstitusjonelle overhovud, samtidig gjekk ein inn for å gi kyrkjelege organ auka sjølvstyre. Som ein følgje av dette blei derfor Kyrkjemøtet oppretta i 1984. Ny kyrkjelov vedteken av Stortinget i 1996, fastslo at det skulle vere eit fellesråd i alle kommunar med meir enn eitt sokn. I kommunar med eitt sokn skulle soknerådet ha begge funksjonane (både SR og FR). Også dette var eit ledd i frigjeringa mellom stat og kyrkje. Til då hadde kommunen vore ansvarleg for bygg, kyrkjegardar/ gravplassar, økonomi og tilsette. No fekk kyrkjeleg fellesråd dette ansvaret, og kyrkjeleg fellesråd og sokneråd blei eigne rettssubjekt med heimel i eiga lov kyrkjelova (kl). Bilete 4 Mål: Bevisstgjere det individuelle og kollektive ansvaret. Fellesrådet er eit kollektivt organ der det skjer saksbehandling med meiningsutveksling der ulike standpunkt blir vurderte. Etter dette blir vedtak fatta. Men for at det skal fattast vedtak, må rådet vere vedtaksført. Medlemene har plikt til å møte dersom dei ikkje har lovleg fråvær. Vedtak blir gjort med allment fleirtal, og heile rådet er etter dette kollektivt forplikta på det. Når rådet er vedtaksført, er omtala i "Regler om formene for soknerådet og fellesrådets virksomhet" i lovsamlinga pkt. 6.1. Kyrkjelova 7 omhandlar når enkeltmedlemer går permanent ut av rådet i valperioden. Representantane i FR er valde for 4 år jf. kl. 12. Val av leiar og nestleiar skal skje kvart år jf. 6.1 1 (4) i Lovsamlinga.
Bilete 5 Mål: Bevisstgjere eiga rolle i rådet samt verdien av denne. Kvar enkelt skal nytte seg av kompetansen og erfaringa dei har med seg inn i rådsarbeidet. Dette er eit viktig demokratisk prinsipp. Den valde har fått tillit - blitt valt av folket/medlemmene til å styre. Påverke: Før rådet fattar eit vedtak, skjer det ei drøfting/saksbehandling, og forslag til vedtak kan bli ståande eller bli endra. Uansett vil vedtaket føre til at eit eller anna skjer - eller ikkje skjer. Eit rådsmedlem er derfor, ved si saksbehandling, med på å påverke store og små endringar og konsekvensar. Lyttepost og kanal for synspunkt: Mange i lokalsamfunnet er opptekne av aktiviteten i kyrkja, kyrkjebygget og kyrkjegarden / gravplassen. Viktig å vere open og lyttande til dette. Ta avgjerder og gjere prioriteringar: Det å vere med på vedtak i ei sak, handlar om å fordele ressursar, om å prioritere, velje noko framfor noko anna, eller setje nivå/standard for noko. Dette er ei spennande oppgåve der ein skal bruke skjøn og klokskap. Utdjup gjerne med eksempel frå tidlegare saker i rådet. Vegval: Det å styre handlar om å velje kurs, retning eller veg innanfor dei rammene som ligg føre. Planar og budsjett er slike styringsarenaer. Myndigheit: Gravferdslova gir fellesrådet fullmakt til å fastsetje eller utøve myndigheit, på dette området, ovanfor alle borgarar i kommunen. Mykje av dette er delegert til kyrkjeverja/administrasjonen men ansvaret ligg hos rådet. Gi gjerne eksempel på situasjonar der ein har utøvt slik myndigheit.
Bilete 6 Mål: Få forståing for ansvars- og oppgåvefordelinga mellom SR og FR. Soknet sine to organ har ulike oppgåver, jf kyrkjelova. Gå gjennom plansjen. Men sjølv om oppgåvene er fordelte, er det mange møtepunkt mellom råda. Målet for begge organ er å yte sitt til utvikling av den lokale kyrkja. Kommunikasjon mellom MR og FR er derfor heilt nødvendig. Særleg forholdet til dei tilsette, prioriteringane og arbeidsinnsatsen deira, krev ein gjennomgang av spelereglar mellom soknerådet, som fastset planar, og fellesrådet som er arbeidsgivar. Bruk felles møteplassar for FR og MR lokalt, der samhandling blir drøfta. Nemn korleis dette har vore løyst tidlegare. Trekk fram erfaringar og eventuelle tankar om endringar. Både trusopplæringsreforma og gudstenestereforma kan vere eksempel på situasjonar der sokneråd (verksemdsansvar) og fellesråd (arbeidsgivaransvar) er utfordra til samhandling. Bilete 7 Mål: Få oversikt over kyrkja sine to arbeidsgivarlinjer. For medlemer av fellesråd er det viktig, for å kunne handtere rådsarbeidet, å ha kjennskap til dei to hovudsystema for arbeidsforhold i kyrkja. Gå derfor gjennom strukturen i begge verksemdene. Den stipla streken mellom desse indikerer at det i praksis skjer mykje samarbeid på kryss og tvers av strukturane. Statstilsett: Kongen har ansvaret for den geistlege delen av kyrkja. Dette er direkte forankra i Grunnloven og finansiert av staten. Grunnlova er i endring, men kyrkjeforliket, som varer ut inneverande stortingsperiode, slår fast at prestane framleis skal vere statstenestemenn. Det er ca. 1300 prestestillingar. Tilsette på bispedømmekontora og i Kyrkjerådet er også statstenestemenn (til saman 3-400 årsverk). Fellesrådstilsette: Fellesråda er samla sett den største arbeidsgivaren i Den norske kyrkje (ca. 6500 tilsette). Som organ som opptrer på vegner av soknet, representerer fellesrådet ei sjølvstendig verksemd utan noko overordna organ over seg. Kyrkjeverja er den daglege leiaren i rådet og varetek arbeidsgivaransvaret på vegner av rådet.
Bilete 8 Mål: Få innsikt i viktig lovverk og kvar ein finn det. "Lova skaper ikkje engasjement, men lova skal leggje til rette for engasjement." Gi ei kort opplisting av lover og forskrifter som gjeld for fellesrådet. Vis til lovboka for Dnk. Denne finst elektronisk på kyrkja.no. http://www.kirken.no/?event=dolink&famid=6915 Vis også til handboka for nye sokneråd og fellesråd. Bruk gjerne lokale eksempel der ein eller fleire av lovene vart brukt i fellesrådet sitt arbeid. På KA sine regionale kurs Del 2 vil dette temaet utdjupast ytterlegare. Av tema kan nemnast: Gjeldande kyrkjeleg lovverk. Saksbehandlingsreglar, teieplikt, habilitet osv. Kulturminnelovgivinga. Fellesrådet sitt arbeidsgivaransvar i forhold til lov- og avtaleverk. Fellesrådet som tariffpart i KA Følgjande endringar vil bli tekne opp: Endringar i Grunnloven og konsekvensar av dette. Konsekvensar ved endringane i kyrkjelova (eks. politiattest). Konsekvensar ved endringane i gravferdslova. Endringar i forskrifter som følgje av endringar i lov. Bilete 9 Mål: Forstå rådet sine oppgåver og ansvar. Fellesrådet har ansvar for det som står lista opp i lova. Det vil seie at rådet ikkje har meir ansvar enn det ein har fått fullmakt til - det som er nemnt i lov. Soknerådet har ansvar for det andre arbeidet i soknet. Kyrkjeverja er fellesrådet sin daglege leiar som varetek den daglege drifta. Gi gjerne eit innblikk i "ein heilt vanleg dag på jobben" for ei kyrkjeverje. Dette kan gi ein god illustrasjon i mangfaldet av oppgåver.
Bilete 10 Mål: Tydeleggjere arbeidsgivaransvar. Vis til tidlegare plansje om to arbeidsgivarlinjer. I tillegg til desse to har nokre sokneråd eigne tilsette (eks. barnehagar). Nokre stader er det også stiftingar med eigne tilsett. Fellesrådet blir her gjort merksam på kven dei ikkje har arbeidsgivaransvar for. Bilete 11 Mål: Få oversikt over eigne tilsette. Det er viktig for rådet å få oversikt over eigen organisasjon og eigen tilsettressurs. Gå derfor grundig gjennom dette. For fellesråd med fleire sokn kan det også vere aktuelt å seie noko om fordelinga mellom sokna. Nokre fellesråd har også mellomleiarar med delegert arbeidsgivaransvar. Andre har mindre tilsettressurs enn det som er foreslått på plansjen. Oppsettet må derfor tilpassast lokale forhold. Bilete 12 Mål: Konkretisering av arbeidsgivaransvaret. Knyt saman det å forvalte personalressursen med fellesrådet sine oppgåver i kl. 14 og sokneråda sitt verksemdsansvar i 9. Poengter at arbeidsgivar si oppgåve er å styre og leie arbeidet slik at oppgåvene blir løyste, samtidig som arbeidstakarane skal ha eit godt arbeidsmiljø og gode arbeidsforhold. Vis også til rammer og reglar gitt i lov- og avtaleverk samt eigne reglement. Her er det viktig å informere om delegert arbeidsgivaransvar til kyrkjeverja samt korleis kyrkjeverja jobbar med desse tinga. Vidare bør det opplysast om at det er hovudarbeidsgivar på ein arbeidsplass som har det overordna HMT-ansvaret (HMT = Helse, Miljø og Tryggleik). På die aller fleste stader er dette fellesrådet sitt ansvar.. Det kan også vere lurt å gjere merksam på at tariffavtalane til statstilsett og sokneråds- eller fellesrådstilsett er ulike. Lov og avtaleverk gjeldande for sokneråds- eller fellesrådstilsett vil bli grundigare gjennomgått på KA-kurset.
Bilete 13 Mål: Kunnskap om den lokale bygningsmassen og fellesrådet sitt ansvar. Dersom det er aktuelt, kan det orienterast om følgjande: Kyrkjer frå fram til 1650 er automatisk freda og direkte underlagde RA. Kyrkjer frå 1650-1850 og eit utval av kyrkjer bygde etter 1850, er verneverdige. For desse kyrkjene gjeld det at Riksantikvaren (RA) skal uttale seg før biskopen fattar vedtak når det skal skje vedlikehald og endringar. Dei andre kyrkjene har biskopen fullmakt og ansvar til å godkjenne all ombygging, utviding osv. RA definerer inventar som benkar, preikestol, altarring, altar og orgel som ein del av bygningen i antikvarisk samanheng. Endringar av dette er derfor å sjå på som ombygging/endring, og må godkjennast. Både å skaffe og avhende inventar skal godkjennast av biskopen. Fellesrådet skal vareta bygget i samsvar med ansvaret heimla i kyrkjelova 14. Vidare rår ein til at ein gir ein kort oversikt over lokal bygningsmasse. Om det finst tilstandsrapportar på bygningane, bør det orienterast om dette. Dersom det finst andre bygg som lokalkyrkja disponerer, men som fellesrådet ikkje har ansvar for, bør det orienterast også om dette. Bilete 14 Mål: Få kunnskap om gravferdsverksemda samt rådet sitt ansvar på dette området. Gi ei kort orientering om omfanget av gravferdsverksemda lokalt. Dette kan f. eks. vere tal på gravleggingar og bisetjingar i 2010. Ver tydeleg på at fellesrådet er gravferdsstyresmakt for alle som bur i kommunen. Informer om kor stor prosent av seremoniane som i 2010 var i regi av Dnk. Nemn kort korleis tilstanden på gravplassane er; kapasitet m.o.t. ledige graver, utstyr samt eventuelle framtidige behov. Tilrettelagde plassar for ulike trus- og livssynssamfunn må også takast med. Dersom det er aktuelt, kan det her gjevast informasjon om kommunale regulerings- og økonomiplanar. Det bør også informerast om gjeldande festeavgifter samt ev sal av varer og tenester i samband med gravferdsverksemda.
Dersom gravferdsansvaret ligg til kommunen, blir det informert om det som er rådet sitt ansvar samt samarbeidet med kommunen. Del 2 Gravferdslova er i endring og endringar vil derfor kome både i lov (truleg gjeldande frå 1. januar 2012) og i forskrift. Konsekvensar og utfordringar i samband med lovendringane, samt fellesrådet sitt ansvar for å vere gravferdsstyresmakt for alle i kommunen, uansett tru eller livssyn, og dei pliktene som ligg i dette, vil det bli meir om på KA-kurset. Bilete 15 Mål: Få oversikt over fellesrådet sin økonomiske situasjon. Formålet er at ein skal fylle inn rekneskapstal for eige fellesråd. Dei tala som står på plansjen er berre for å illustrere. Redigering av tal: Klikk ein stad i diagrammet. Då får du opp ei grøn rute. Dobbeltklikk når du står i den grøne ruta, og markøren er som eit kryss. Gå til øvst på kommandolinja og klikk på Diagramverktøy. Gå så til kommandolinja og klikk på rediger data. Då får du opp eit rekneark til høgre. Slett eksempelet og fyll inn eigne tal. Avslutt så reknearket. Dei innlagde tala er då i diagrammet. Kommenter tala. Bilete 16 Mål: Gi eit visuelt bilete av rådet sine inntekter. Denne plansjen er laga som eit eksempel. Meininga er at lokale inntektstal blir lagde inn i diagrammet. Bruk helst rekneskapstal slik at det blir samanheng med førre plansje. Dette blir gjort på følgjande måte: Klikk ein stad i diagrammet. Då får du opp ei grøn rute. Dobbeltklikk når du står i den grøne ruta, og markøren er som eit kryss. Gå til øvst på kommandolinja og klikk på Diagramverktøy.
Gå til øvst på kommandolinja og klikk på rediger data. Då får du opp eit rekneark til høgre. Slett eksempelet og fyll inn eigne tal. Avslutt så reknearket. Dei innlagde tala er då i diagrammet. Kommenter tala. Si gjerne også litt om utviklinga dei siste åra. Peik på eventuelle problemområde som krev særleg merksemd. Bilete 17 Mål: Gi eit visuelt bilete av rådet sine utgifter. Denne plansjen er laga som eit eksempel. Meininga er å leggje lokale utgiftstal inn i diagrammet. Dette blir gjort på følgjande måte: Klikk ein stad i diagrammet. Då får du opp ei grøn rute. Dobbeltklikk når du står i den grøne ruta, og markøren er som eit kryss. Gå til øvst på kommandolinja og klikk på Diagramverktøy. Gå til øvst på kommandolinja og klikk på rediger data. Då får du opp eit rekneark til høgre. Slett eksempelet og fyll inn eigne tal. Avslutt så reknearket. Dei innlagde tala er då i diagrammet. Kommenter tala. Si gjerne også litt om utviklinga dei siste åra. Peik også her på eventuelle risikoområde. Bilete 18 Mål: Få innsikt i økonomiarbeidet i rådet gjennom eit år. For at planar, budsjett og rapportar skal kunne fungere som styringsverkty, må sakene bli behandla i ei rekkjefølgje. Dette gjer at informasjon og vedtak frå den eine saka kan innarbeidast i dei andre. Dette oppnår ein best ved at rådet legg opp til ein fast årleg rutine for økonomiarbeidet. Då fellesråda er avhengig av dei fristane som er sett opp frå kommunen si side for behandling av budsjett, er det ikkje mogeleg å gi faste tidspunkt for alt. Likevel vil dei aller fleste kunne nytte opplegget som er teikna i figuren. Figuren kan reviderast og tilpassast lokale forhold. (Datoane i figuren, for når ein legg fram rekneskap og årsrapport er i samsvar med økonomiforskrifta.)
Bilete 19 Mål: Invitere rådet til å tenkje strategisk i forhold til rådet sine oppgåver. Trekk gjerne tråden tilbake til plansje 9. Dette er dei oppgåvene fellesrådet ikkje berre skal drifte, men også tenkje framtid om. Vis gjerne tidlegare/ gjeldande investeringsbudsjett og strategiplanar. Nemn kort korleis fellesrådet har jobba med slike saker tidlegare. Del erfaringar. Her er det viktig å fortelje om korleis samspelet med kommunen er i forhold til framtidige satsingsområde og investeringsbehov. Drøft om det finst andre måtar å finansiere planar og strategiar på. Bilete 20 Mål: Sjå kor viktig planarbeid er. Drøft korleis planarbeid skjer i fellesrådet. Bruk punkta på plansjen som utgangspunkt for samtalen. Orienter om det arbeidet som allereie er gjort av tidlegare fellesråd. Det er viktig at plattforma blir allemannseige. Fellesrådet sine oppgåver er både mange og store som det er viktig å jobbe strategisk og systematisk med. Informer om tidlegare fellesråd sitt planarbeid. Drøft vidare kva utfordringar som finst lokalt i forhold til fellesrådet sine oppgåver. Det kan i denne samanhengen vere aktuelt å referere til tidlegare årsrapportar. Bilete 21 Mål: Orientering om kommunen sitt økonomiske ansvar, og samhandling mellom kommune og kyrkje. Denne plansjen er eit utdrag frå kyrkjelova. Orienter fellesrådet om korleis samspelet med kommunen er med omsyn til økonomiske rammer og budsjett. Fortel kva rolle administrasjonen/ kyrkjeverja har ovanfor kommunen. Snakk gjerne saman om korleis rollene til administrasjonen/ kyrkjeverja og fellesrådet bør vere i forholdet til kommunen. Dersom dette ikkje blir gjort her, er det viktig at kyrkjeverje og leiar av fellesrådet drøfter dette så fort som mogeleg.
Bilete 22 Mål: Sjå samanhengen mellom planar i SR, FR og kommune. Når SR legg planar, verkar det ofte inn på ressursane som FR rår over. Samarbeidet mellom SR og FR er derfor grunnleggjande viktig. Dette er fyrst og fremst SR sine medlemer i FR, ved at det blir informert gjensidig i råda. Men det kan også vere nyttig med andre møtepunkt (vis gjerne tilbake til plansje nr. 6). Det er FR som fremmar budsjettforslag ovanfor kommunen. Kommunen løyver så pengar til FR, som så løyver til SR i form av menneskelege ressursar og midlar til drift. Nemn gjerne lokal praksis. Den beste vegen for kyrkja til å kunne spele ei aktiv rolle i lokalsamfunnet, er gjennom aktiv medverknad i forhold til kommunen sitt planarbeid. Er dette tilfelle hos dykk? Bilete 23 Mål: Få innblikk i kva som kan kome. Stat - kyrkjeprosessen er i full gong. Rådet vil i løpet av sin 4-årsperiode bli høyringsinstans for ny ordning. KA-kurset vinteren 2012 vil gi oppdatert informasjon om dette. Ressursane er knappe i mange FR. Korleis kan FR i arbeidet sitt ha eit aktivt forhold til bruk av ressursar? Bilete 24 Mål: Drøfting om arbeidet i rådet. Inviter medlemmene til å si noko om forventningar og tankar om arbeidet i rådet. Her kan ein bruke Drammensfilmen som innleiing til samtale. Bilete 25 Påmeldingsfristar til KA-kurset er: Påmeldinga til soknerådskursa gjer ein i soknerådsmøte.