16. april 2015 Kurs i matrikkelføring Adresseoppgåver
Innhold Oppgåve A1 Opprett ny veg... 3 Oppgåve A2 Etablering av ny vegadresse... 4 Oppgåve A3 Omadressering av adresse... 7 Oppgåve A4 Endre vegadressedata... 8 Oppgåve A5 Etablering av ny matrikkeladresse... 9 Oppgåve A6 Endre matrikkeladresse til vegadresse... 10 Ekstraoppgåve... 12 Oppgåve A7 Bestille adressemerke... 12 Oppgåve A8 Endre matrikkeladresse til vegadresse med avstandsadressering... 15 Oppgåve A9 Fortetting... 19 A1 A9. Adresseoppgåver Side 2 av 19
Adresseoppgåver I denne delen skal du løyse oppgåver i menyane veg og adresse ved føring i matrikkelklienten. Målet er å bli kjent med korleis ein opprettar nye vegar og etablerer vegadresser, i tillegg til å gjere endringar på allereie eksisterande adresseopplysningar i matrikkelen. Oppgåve A1 Opprett ny veg I oppstartsbildet vel du Veg -menyen og klikkar på Opprett ny veg i nedtrekksmenyen: Data: Adressekode: 99987 Adressenavn: Tiurvegen Raud ring = obligatoriske felt Klikk på -knappen nedst til høgre. No har du oppretta ein ny veg i kommunen du har fått i oppgåve å føre matrikkelen i på dette kurset. Den nyoppretta vegen er berre ei A1 A9. Adresseoppgåver Side 3 av 19
registeropplysning som manglar geometri i kartet. Derfor viser vegen ikkje i matrikkelkartet. Det er først når det vert tildelt adresser til vegen den viser i kartet. Då vert den einskilde adressa vist ein blå, open firkant med etterfølgjande adressenamn og - nummer. Oppgåve A2 Etablering av ny vegadresse Søk først fram til eigedommen du har fått oppretta i oppgåve M1 (2029/351). Vel brukstilfellet Etablering av ny vegadresse under Adresse på menylinja: Då får du opp skjermbildet som du ser deler av nedanfor: A1 A9. Adresseoppgåver Side 4 av 19
Skriv inn adressekoden til vegen du oppretta i oppgåve A1 (99987) og klikk på - knappen. No skal namnet på vegen du oppretta tidlegare kome opp i feltet ved sidan av feltet for adressekode. Skriv inn adressenummer (husnummer) og eventuelt bokstav. I denne oppgåva er det adressenummer 2. Adressetilleggsnamn er berre i bruk etter heilt spesielle reglar (jf. Matrikkelforskrifta 54), det brukar vi ikkje i denne oppgåva. Etter å ha oppretta ny adresse, må du knyte den nye adressa til matrikkeleining. Skriv inn gards- og bruksnummeret du har fått tildelt i kursmateriellet. Adressa må også plasserast i kartet, dvs. at du må legge til representasjonspunkt. Det gjer du ved å klikke på skjermbildet., som du finn lengst til høgre på verktøylinja over kartet i I tillegg til å vere knytt til matrikkeleining og vere plassert i kartet, må adressa også ha tilknytning til ulike krinsar. Krinsane som er aktuelle for adressa du har oppretta blir lagde til automatisk på bakgrunn av representasjonspunktet når du klikkar på knappen. A1 A9. Adresseoppgåver Side 5 av 19
Du kan legge til kommunale tilleggsdata ved å klikke på knappen for. Då får du opp dette skjermbildet: I dette feltet kan du legge til kommunale opplysningar, t.d. saksreferanse, kommentarar eller andre tilleggsdata. Sjølv om kommunane sjølv kan bestemme om det skal leggast til tilleggsdata, er det etter vårt syn ein fordel om det blir lagt til referanse til vedtak som ligg til grunn for å opprette den nye adressa. Dette kan vere frådelings-, eller seksjoneringsvedtak, eller vedteken reguleringsplan for eit utbyggingsområde e.l. For å legge til adressereferanse klikkar du på Ny -knappen og får fram eit nytt skjermbilde: Her kan du klikke på nedtrekksmenyen, og velje ut ein kode for referansetype. Vel t.d. utbyggingsområde og skriv inn 123/2011 i referansefeltet. Klikk Ok -knappen i skjermbildet. Om du vil kan du også legge til ein kommentar, klikk på ny -knappen og skriv inn kommentaren din. Når du er ferdig med det klikkar du på Ok først i dette A1 A9. Adresseoppgåver Side 6 av 19
bildet, så i det neste. Då har du registrert alle data til vegadressa du har oppretta, og du kan klikke på -knappen lengst nede i høgre hjørnet. Oppgåve A3 Omadressering av adresse Informasjon om omadressering av adresse finn du i Adresseveilederen kapittel 14. Adressa du oppretta i oppgåve A2 viser seg å ha fått feil adressenummer og/eller bokstav, og må omnummererast. Vel Adresse -menyen, og klikk på brukstilfellet Omadressere vegadresse frå nedtrekksmenyen: I neste skjermbilde skriv du inn adressekode og/eller adressenamn på adressa du laga i oppgåve 1, og klikkar på -knappen. Skriv så inn adressenummer og eventuell bokstav før du klikkar på knappen. Raude ringar = obligatoriske felt A1 A9. Adresseoppgåver Side 7 av 19
For å omadressere vegadressa klikkar du på, nedst i høgre hjørnet. Endre adressenummer og/eller bokstav. I denne oppgåva skal du endre til husnummer 1. Avslutt brukstilfellet med å klikke på har blitt endra i kartet. -knappen. Kontroller om husnummer/bokstav Oppgåve A4 Endre vegadressedata I denne oppgåva skal du endre vegadressedata ved å legge til adressetilleggsnamn, med kjeldekode kravd av eigar (KE). Som nemnt tidlegare brukar vi adressetilleggsnamn berre i heilt spesielle tilfelle. Dette finn du meir om i 54 i matrikkelforskrifta, og i føringsinstruksen. Marker adressa i kartet ved å klikke på adressepunktet slik at den blå, opne firkanten blir fylt. Vel adressepunktet du oppretta i oppgåve A2. Deretter høgreklikkar du for å få fram snarvegsmenyen. Vel Vegadressemenyen, deretter klikkar du på brukstilfellet Endre vegadressedata I neste skjermbilde søkjer du fram adressa du vil endre. I feltet tilleggsnamn legg du til adressetilleggsnamnet, som skal vere i tråd med matrikkelforskrifta. I denne oppgåva finn du på eit namn. Vel kjeldekode i nedtrekksmenyen nedanfor: A1 A9. Adresseoppgåver Side 8 av 19
Når du er ferdig klikkar du på adressetilleggsnamn. -knappen. Eigedommen har no fått eit Oppgåve A5 Etablering av ny matrikkeladresse Ved frådeling får ein eigedom, dvs. ei matrikkeleining, alltid eit matrikkelnummer, som består av gards-/bruksnummer, og eventuelt festenummer, seksjonsnummer eller undernummer. I kommunar som ikkje har innført vegadresser, brukar ein matrikkeladresser. Søk fram matrikkeleininga du har fått tildelt i kursmateriellet, slik at den kjem fram på kartet. I denne oppgåva skal du søke fram 2029/210. Bruk adressemenyen i startbildet, og vel Etablering av ny matrikkeladresse. I det neste skjermbildet skriv du inn gards-/bruksnummeret. Dersom eigedommen skal ha matrikkeladressenamn kan du skrive inn tilleggsnamnet. Hugs at det må vere i tråd med matrikkelforskrifta 54. Dersom du klikkar i Tilleggsnamn-feltet, trykkjer F2, og så A1 A9. Adresseoppgåver Side 9 av 19
klikkar i feltet ein gong til, kjem det fram informasjon om m.a. matrikkeladressenamn. I denne oppgåva legg du inn tilleggsnamn Heimen. Raude ringar = obligatoriske felt Legg til representasjonspunkt, slik du gjorde i oppgåve A2. Dersom du er heilt sikker på at representasjonspunktet er rett plassert, kan du hake av for verifisert. I denne oppgåva skal du ikkje hake av her. Hugs at adresserepresentasjonspunktet som oftast skal plasserast ved inngangsdøra innanfor omrisset til bygningen. Før du klikkar på ferdig, må du hugse å hente digitale krinsar, slik du gjorde i oppgåve A2. Oppgåve A6 Endre matrikkeladresse til vegadresse Mange kommunar som tidlegare ikkje har hatt vegadresser, eller berre hatt det i tettbygde strøk, er i gang med å tildele vegadresser til bygningar også i spreiddbygde strøk. I denne samanhengen er det aktuelt å omadressere frå matrikkeladresse til vegadresse. Når du skal matrikkelføre nye vegadresser på stader der det tidlegare har vore matrikkeladresser, er det svært viktig å følgje denne oppskrifta. Dersom du først slettar A1 A9. Adresseoppgåver Side 10 av 19
matrikkeladressa for så å legge inn ei ny vegadresse i matrikkelen, forsvinn lenkja til adressa i Folkeregisteret. Det må vi unngå, for resultatet blir at dei som bur på matrikkeladressa blir gjort heimlause i Folkeregisteret sin database. Søk fram den eigedommen du skal omadressere, slik at du ser den i kartet (2029/210). Merk adressa ved å klikke på adressepunktet, slik at den blå firkanten blir fylt. Høgreklikk for å få fram snarvegsmenyen, og vel Endre matrikkeladresse til vegadresse : I neste skjermbilde tastar du inn adressekoden og/eller adressenamnet til vegen som matrikkeladressa skal endrast til. Tast også inn adressenummer og eventuell bokstav. I denne oppgåva skal du bruke adressekode 99989 og adressenummer 17. Legg til eventuelle kommunale tilleggsopplysningar. Klikk så. A1 A9. Adresseoppgåver Side 11 av 19
Ekstraoppgåve Oppgåve A7 Bestille adressemerke Leilegheiter i fleirbustadbygg med felles ytre inngang på terrengnivå og bustadbygningar på matrikkeldresser med undernummer, skal ha adressemerke plassert på eller ved inngangsdøra (merket skal ikkje lenger i dørkarmen). I denne oppgåva skal du bestille slike adressemerke. Du får telefon frå ein person som treng nytt adressemerke. Start brukstilfellet Bestill adressemerke under Adresse -menyen: A1 A9. Adresseoppgåver Side 12 av 19
Då kjem dette skjermbilde opp: Skriv inn riktig vegadresse og klikk på lengst nede i høgre kant. I denne oppgaven skal du bestille adressemerker til Weidemanns vei 5. A1 A9. Adresseoppgåver Side 13 av 19
I det nye skjermbilde merker du adresselinja som skal få nytt adressemerke. Alle adressene her har fått adressemerke frå før. Derfor må den adressa som skal ha nytt adressemerke fjernes først. Marker linja og trykk Fjern. Etterpå markerast linja på nytt og trykk på Ny under Bestilling for bolig. I det nye skjermbilde merker du adresselinja som skal få nytt adressemerke. Trykk på Ny under Bestilling for bolig. Adressemerket blir sendt til heimelshavar, dersom ikkje A1 A9. Adresseoppgåver Side 14 av 19
nytt namn eller ny adresse blir registrert. I denne oppgaven kan du legge inn selvvalgt namn og adresse. Dersom heile adressa skal få nye adressemerke trykker du på Ny under Bestilling for adresse. Dersom ikkje nytt namn eller ny adresse blir registrert blir adressemerket til fleirbustadbygg sendt til heimelshavar. Adressemerke for matrikkeladresser med undernummer blir sende til kommunen, som skal sørgje for å sende merka med nødvendig kartmaterial vidare, slik at adressemerket blir plassert riktig. Klikk Oppgåve A8 Endre matrikkeladresse til vegadresse med avstandsadressering Mange kommunar som tidlegare ikkje har hatt vegadresser, eller berre hatt det i tettbygde strøk, er i gang med å tildele vegadresser til bygningar også i spreidd bygde strøk. I denne samanhengen er det aktuelt å omadressere frå matrikkeladresse til vegadresse. Når du skal matrikkelføre nye vegadresser på stader der det tidlegare har vore matrikkeladresser, er det svært viktig å følgje denne oppskrifta. Dersom du først slettar matrikkeladressa for så å legge inn ei ny vegadresse i matrikkelen, forsvinn lenkja til adressa i Folkeregisteret. Det må vi unngå, for resultatet blir at dei som bur på matrikkeladressa blir gjort heimlause i Folkeregisteret sin database. Eksempel: Søk fram den eigedommen du skal omadressere, slik at du ser den i kartet (2029/27). Merk adressa ved å klikke på adressepunktet, slik at den blå firkanten blir fylt. Høgreklikk for å få fram snarvegsmenyen, og vel Endre matrikkeladresse til vegadresse : A1 A9. Adresseoppgåver Side 15 av 19
I neste skjermbilde tastar du inn adressekoden og/eller adressenamnet til vegen som matrikkeladressa skal endrast til. Tast også inn adressenummer og eventuell bokstav. I denne oppgåva skal du bruke adressekode 99991 Kursvegen, og du skal legge på riktig adressenummer. Oppgåve: På desse eigedommane skal du lage nye vegadresser: A1 A9. Adresseoppgåver Side 16 av 19
Naboeigedommen er 2029/7 og ligg 820 m lengre ned i vegen. Den har Kursvegen nr 6. (Det skal være partal på venstre side og oddetal på høgre side). Kva for nummer får 2029/27-1 da etter avstandsprinsippet (Regn ut)? A1 A9. Adresseoppgåver Side 17 av 19
I matrikkel kan du måle avstand ved hjelp av Ved hjelp av avstandsmålaren kan du finne ut kva adressenummer 2029/27, 2029/102, 2029/102-1, 2029/32, 2029/241, 2029/136 og 2029/185 skal ha når du veit kva nr 2029/27-1 har fått. (Til vanleg i adressearbeidet så brukas det eigen programvare til å sette rett adressenummer ved avstandsadressering) Gjør om desse matrikkeladressene til vegadresser. Legg til eventuelle kommunale tilleggsopplysningar. Klikk så. A1 A9. Adresseoppgåver Side 18 av 19
Oppgåve A9 Fortetting Matrikkelenhet 2029/241 og 2029/136 er naboar. 2029/136 skal sette opp eit bustadhus til på tomta si. Det skal byggast mellom bustadhuset på bnr 241 og bustadhuset på bnr 136. Det nye huset skal adresserast. I føringsinstruksen kapittel 5.8.12 finn du ei oppskrift på kva måte du kan løyse dette på. A1 A9. Adresseoppgåver Side 19 av 19