Velkomen til eit nytt skuleår!



Like dokumenter
Velkomen til eit nytt skuleår!

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Informasjon til elevane


FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

Informasjon om Sør-Fron ungdomsskule. Skuleåret

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

LÆRING FOR LIVET Ordensreglane i Bergen kommune, Salhus skule:

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar.

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

ORDENSREGLEMENT FOR KAUPANGER SKULE

Forskrift til ordensreglement for grunnskulane i Skodje kommune

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Forskrift for ordens- og åtferdsreglement for grunnskulen i Etne kommune. Innhald

ORDENSREGLAR FOR HEMSEDAL BARNE- OG UNGDOMSSKULE

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

Forskrift om felles ordensreglement for grunnskulane i Flora kommune

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

FORSKRIFT OM ORDEN OG ÅTFERD I GRUNNSKOLEN. Aukra kommune

Reglar for orden og oppførsel. Gol skule

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

ORDENSREGLEMENT. Ordensreglement for Tryggheim Strand

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Rogaland fylkeskommune

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Vedteken av kommunestyret i Samnanger i sak 54/13 den Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Til deg som bur i fosterheim år

Reglement for orden og oppførsel for Kråkstad og Skotbu skoler.

NOTAT. Forslag til felles forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Kvam. Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Kvam herad

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld.

Forskrift til ordensreglement for grunnskulane i Skodje kommune

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Innhald. Forskrift for ordens- og åtferdsreglement for grunnskulen i Etne kommune.

Sirdal kommune Skuleeininga

Velkommen til BBU! Godt å være, mye å lære

Sandeid skule SFO Årsplan

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR SKOLENE I SKAUN KOMMUNE

Forskrift om ordensreglement for skulane i Austevoll

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

LOKAL FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I SEL OG SEL VAKSENOPPLÆRING. VEDTEKE..

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVAR VED FYLKESKOMMUNALE VIDAREGÅANDE SKOLAR I MØRE OG ROMSDAL

Velkomen til eit nytt skuleår

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

I NNKALLING MED SAKSUTGREIING

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

TOKKE SKULE - Orden - og samspelsreglar på Tokke skule

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE I RADØY KOMMUNE

Forskrift om ordensreglement for kommunale grunnskular i Bergen

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Rossland skule. Foreldremøte. Rossland skule. 9A og 9B

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

ORDENSREGLEMENT FOR SKAUN UNGDOMSSKOLE

Forskrift om felles ordensreglement for grunnskulane i Flora kommune (Revidert etter høyring i brukargruppene)

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Forskrift om reglement for orden og åtferd ved skulane i Herøy kommune

6. trinn. Veke 24 Navn:

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Spørsmål frå Elevundersøkinga Ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Forskrift om ordensreglement for kommunale grunnskular i Bergen

Fyrste skuledag etter jul måndag 5. januar

FELLES ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I NORDDAL

Veileder for behandling av søknader om permisjon fra den pliktige opplæringen

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

Ordensreglement for Andebu ungdomsskole - Regler for orden og oppførsel - Vedtatt av Samarbeidsutvalget

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Foreldremøte Stortangen skole 11.mai 2016 Foreldre i neste skoleårs 8.årstrinn

Transkript:

2012-2013

Velkomen til eit nytt skuleår! Det er alltid med ei viss spenning ein møter til nytt skuleår. For dykk på 8. steget er dette overgangen til ein ny skule, og for 10. steget er dette siste året i den obligatoriske skulen. Dette heftet er eit informasjonshefte om Lom ungdomsskule, både for foreldre/føresette og elevar. Vi vonar at både føresette og elevar les gjennom guiden. Her får de mykje nyttig informasjon om skulen. Skuleåret 2012/2013 er det 25 elevar på 8. steget, 27 elevar på 9. steget og 24 elevar på 10. steget til saman 76 elevar. Det har kome mange innvendingar mot ungdomsskulen fordi han er for teoretisk. Dette vil ein no bøte på ved at ein har innført valfag frå 8. klasse. I tillegg kan ein i 8. klasse velje Arbeidslivsfag som eit alternativ til det andre framandspråket. Skulen skal gje elevane så god fagleg opplæring at dei har eit godt grunnlag når dei byrjar på vidaregåande skule. Men vi er og opptekne av at dei skal oppføre seg skikkeleg. Spesielt er det viktig at ein lærer seg å respektere andre. I den amerikanske sjølvfråsegna frå 1776 står det: «Alle menneske er fødde like, og at dei har fått av sin skapar visse rettar som ingen kan ta frå dei. Blant desse er retten til liv, til fridom og til å søkje etter lykka.» Dette er vel ei fråsegn vi kan leve etter i vår tid. Tore Mundal Telefon: 61211091, mob 96237685 E-post: lom.ungdomsskule@lom.kommune.no Ute i det fri hentar rektor Tore Mundal nye krefter. 1

Historia om Lom ungdomsskule Fyrste byggjesteget var i 1963 1964, og det var Lom og Skjåk realskule som tok i bruk bygget. Lom ungdomsskule starta opp hausten 1965 med to klasser. Dette året hadde skulen klasserom i gamle Loar-bygget. Skuleåret 1965 1966 var skuleinspektør Nils Dale styrar for skulen, det var ikkje tilsett rektor. Hausten 2005 starta renovering og påbygging av ungdomsskulen. Hausten 2006 kunne elevar, lærarar og andre tilsette flytte inn i nyoppussa skule med nye klasserom og kontor, nytt datarom og musikkrom, auditorium og kantine. Frå hausten 2012 tek skulen i bruk digitale tavler. Det er tavler i alle klasserom. Vi vonar dette skal føre til meir spanande og variert undervisning. Liste over rektorane ved Lom ungdomsskule. Jon P. Kolden hausten 1966 våren 1977 Helge L. Haugeng hausten 1977 våren 1981 Bård Hanem hausten 1981 våren 1985 Tore Teigen hausten 1985 våren 1986 Bård Hanem hausten 1986 jul 1988 Tore Teigen nyttår 1989 våren 1990 Bård Hanem hausten 1990 våren 1991 Sidsel Børresen hausten 1991 våren 1992 Erling Gjul hausten 1992 våren 1994 Hans Langøygard hausten 1994 våren 2003 Hans Sæther hausten 2003 jul 2003 Kari Opsahl nyttår 2004 våren 2004 Tore Mundal hausten 2004 Alt i alt har det gått ut 1804 elevar frå obligatorisk skule. I perioden 1970 1977 gjekk det 184 elevar ut av ei klasse som ikkje var obligatorisk. Det var valfri skulegang. Av desse var det også elevar frå Skjåk. 2

KLASSELISTER 8A 8B 9A Oda Lund Aakre Ådne Flaten Fredrik Apalset Dag Åmund Aukrust Lars Harald Graffer Livø Blakar Synne Biløygard Vetle Gardar Hegge Synne Bolstad Jørn Torsten Bosmen Maren Kirchner Åsta Johanne Borgen Therese Dagsgard Silje Kvåle Anette Ekle Kjartan Haugen Foss Emma Bø Langøygard Gaute Bosmen Horten Vemund Kleiven Thomas Ekle Løken Parisia Jamali Eldri Kolden Anders Fagersand Slålien Nastaran Rahimi Eirik Odde Mari Solbakken Malin Birkeland Rindhølen Yaseman Rahimi Vilde Stee Zahra Samandari Tora Slettom Kristian Eriksen Strand Ragnhild Skarset Randi Marit Teigen Mariell Brukveen Øygard Martin Zahl Slettom Stine Beathe Teigen Ola Stubrud Teigen Paul Andreas Wagner Nye 8. klasse. 3

KLASSELISTER 9B 10. klasse 10. klasse Simen Smetop Aukrust Sindre Aaboen Marit Lund Åsmund Fossen Mustafa Al Kallab Åse Marie Mundal Anna Hammerdalen Erik Aurmo Ragnhild Kvåle Olstad Vilde Helstad Live Marie Eriksen Reza Gholam Ramezani Hans Asbjørn Hesthagen Astrid Garmo Kristin Risheim Tor André Holø Rolf-Ola Karlsrud Marit Sandviken Ola Eisten Mork Kristoffer Kroken Ingrid Vikan Sjurgard Eirunn Oppheim Per Arne Krøkje Torunn Trønnes Anders Aas Sandvoll Marit Kveom Anna Elisabeth S. Volden Line Stee Iselin Kvåle Kolbjørn Vole Lars Storkjørren Silje Kvålshagen Ingrid Glimsdal Øverli Ida Sæter Tea Bø Langøygard Lisell Øyjordet Kristoffer Teigen Årdalstur hausten 2011 4

TILSETTE VED LOM UNGDOMSSKULE Tore Mundal Rektor Tlf 962 37 685 Anita Sandviken Rådgjevar/inspektør Tlf. 948 81 814 Fag: Kunst og handtverk, GNO og vaksenopplæring Ulla Nilsen Lærar Tlf. 948 73 904 Fag: Norsk, engelsk, tysk og vaksenopplæring Sigrun Kveen Lærar Tlf. 947 80 808 Fag: Mat og helse Aud Sørhage Kontaktlærar 10. kl Tlf. 948 71 291 Fag: Norsk, musikk, RLE, utdanningsval og GNO Tove E. Dybvad Kontaktlærar 9A Dataansvarleg Tlf. 948 42 044 Fag: Samfunnsfag, RLE, kroppsøving og arbeidslivsfag Karen Melhus Dahl Kontaktlærar 8A Teamleiar 8. trinn Tlf. 948 71 169 Fag: Matematikk, naturfag, kunst og handverk Olav G. Øyen Kontaktlærar 9B Teamleiar 9. trinn Tlf. 948 56 725 Fag: Matematikk, naturfag, kroppsøving, utdanningsval og valfag 5

TILSETTE VED LOM UNGDOMSSKULE Roar Grande Lyng Kontaktlærar 8B Tlf. 948 59 871 Fag: Engelsk, samfunnsfag, RLE, kroppsøving og valfag Gunn Karin Teigum Kontaktlærar 10. kl Teamleiar 10. trinn Tlf. 948 83 592 Fag: Matematikk, naturfag og kunst og handverk Sissel Høiberg Lærar Tlf. 948 78 627 Fag: Norsk, arbeidslivsfag og GNO Eli Aaboen Lærar Tlf. 948 09 636 Fag: Engelsk, norsk, samfunnsfag, engelsk fordjuping og GNO Kristbjørn Rossehaug Lærar Tlf. 40448548 Fag: Spansk Magnhild Bjørgen Lærar Tlf. 947 80 808 Fag: Matematikk, vaksenopplæring og leseopplæring Øyvind Moe Lærar Tlf. 948 42 127 Fag: Engelsk, norsk og vaksenopplæring Gudrun Gaukstad Lærar Tlf. 948 82 662 Fag: Tysk og valfag 6

TILSETTE VED LOM UNGDOMSSKULE Ingrid I. Kolden Tlf. 948 78 627 Fag: Vaksenopplæring, norsk, arbeidslivsfag og GNO Trond Volden Barne- og Ungdomsarbeidar Lydmann Einar Banken Barne- og ungdomsarbeidar Fag: Utdanningsval og arbeidslivsfag Trude Slettom Tlf. 61 21 10 91 Kontorfullmektig Stein Kåre Rusten Tlf. 917 69 750 Vaktmeister Gunn Synnøve Horten Reinhaldar Bodil Kleiven Kantina Kristoffer Teigen Kantina, postmann Liv Marie Øyjordet Helsesyster 7

SKULERUTE FOR 2012/2013 Månad Ferie, fri- og planleggingsdagar Skuledagar August Skulestart måndag 20. august 10 September 20 Oktober Haustferie veke 40. 1. okt. 5. okt. 18 November 22 Desember Siste skuledag før jul 21. desember 15 Sum hausthalvåret 85 dagar Januar 1. skuledag etter jul er 3. januar 21 Februar Vinterferie veke 9. 25. feb. - 1. mars. 16 Mars April Vinterferie veke 9. 25. feb. - 1. mars. Påskeferie 25. mars 1. april Påskeferie 25. mars 1. april Fridag 2. april Mai Fridag 10. mai 18 Juni Siste skuledag 21. juni 15 Sum vårhalvåret Sum skuleåret 15 20 105 dagar 190 dagar GLAD, UNG OG SPRÆK I Nasjonalparkriket 8

INNDELING AV SKULEDAGEN 1. + 2. time 08.50 10.25 dobbeltime, 1.t. slutt 09.35 10.25 10.35 friminutt 3. time 10.35-11.20 enkeltime 4. time 11.20 12.15 midttime/studietime 5. time 12.15 13.00 enkeltime 13.00 13.05 friminutt 6. time 13.05 13.50 enkeltime 13.50 13.55 friminutt 7. time 13.55 14.45 Enkeltime med rydding siste 5. min Framandspråk/arbeidslivsfag ved LUS: 8. skulesteg: tysk, spansk og arbeidslivsfag 9. skulesteg: tysk, spansk og engelsk fordjuping 10. skulesteg: tysk og engelsk fordjuping Utdanningsprogram ved LUS: 9. og 10. skulesteg: byggfag, musikk, dans og drama, idrettsfag, mat og restaurantfag. I tillegg utplassering. Valfag i 8. klasse: Frå dette skuleåret blir det innført valfag. Det er 8. klasse som får dette tilbodet i år, men i løpet av tre år vil det vere valfag på alle trinn i ungdomsskulen. Faget har to timar pr. veke. Våre 8. klassingar kan velje mellom desse faga: Fysisk aktivitet og helse, design og redesign og medium og informasjon. Elevane vil bli vurdert med karakter og faget vil vere med å telje på lik line med andre fag ved opptak til vidaregåande skule. 9

Ulike aktivitetar gjennom skuleåret 2012/2013! I løpet av eit skuleår er det mange felles aktivitetar: - orienteringsdag i Kleppdalen - juleverkstad - skidag - idrettsdag i Skjåk 8. skulesteg: - OPPTUR med DNT - leirskule - bondebryllaup - elevbedrift 9. skulesteg: - Årdalstur - elevbedrift - PRYO 10. skulesteg: - yrkesorientering - avslutningstur Idrettsdag juni 2012. 10

Vinnarar av Aukrustpokalen 60m, eit kast (kule eller liten ball) og eit hopp (høgde eller lengde) Vinnarar av Aukrustpokalen Årstal Gutar Poeng Jenter Poeng 1968 Åslaug Nyrnes 1969 Kjetil Kolberg Aud Helen Garmo 1970 Helge Lyngstad Kristin Kolden 1971 Jarle Skjedsvoll Kristin Kolden 1972 Jarle Skjedsvoll Kristin Kolden 1973 Erik Hansen Gerd Kari Moen 1974 Jan Storkjørren Ragnhild Teigen 1975 Jan Storkjørren Britt Hoft 1976 Arne Storkjørren Liv Skjedsvoll 1977 Rune Wiker Bjørg Lund/ Jorunn Svestad 1978 Rune Wiker Jorunn Svestad 1979 Tor Trønnes 289,5 Jorunn Svestad 273 1980 Tor Trønnes 299,5 Liv Marie Øyjordet 260 1981 Ann Kjersti Valbjørgsløkken 255 1982 Marie Lund 295 1983 Sidsel Mellerud 315,5 1984 Eva Vole 305 1985 Tommy Kleiven 299 Siv Lund 315 1986 Siv Lund 343,5 1987 Rolv M. Hosarøygard 313 Siv Lund 326 1988 Hans Bjørnstad 359,5 Siri Nørjordet 284 1989 Martin Fjeld 311 Hanne Tholvsen 234 1990 Roar Laingen 332 Stina O. Berg 246 1991 Jo Langøygard 288 1992 Jo Langøygard 296 Elise Amundsen 234,5 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 Tomas Sørhage 295 2002 Tomas Sørhage 280 Synne Gjeilo 246 2003 Anders Sørhage 270 Kirsti Lunde/Siv Sørumgård 235 2004 Anders Sørhage 290 Silje Vole 241 2005 Kristian B. Runningen 319 Kirsti Lunde 244 2006 Hans Mathias Galaaen 335 Marit Sletten 235 2007 Iver L. Aakre 294 Marthe Trønnes 243 2008 Are Kvikstad 332 Karen M. Kleiven 260 2009 Are Kvikstad 353 Ingvild Lunde 316 2010 Are Kvikstad 362 Ingvild Lunde 300 2011 Simen Storkjørren 354 Ingvild Lunde 269 2012 Erik Steinsgard 330 Vilde Helstad 310 11

Bjørnsund leirskule juni 2012 Bondebryllaup juni 2012 12

Vaksenopplæring ved ungdomsskulen Vaksenopplæringa I Lom kommune er lagt til ungdomsskulen. På ungdomsskulen er det Anita Sandviken som har ansvaret for å organisere denne undervisninga. Dei fleste som har rett til norskundervisning, er flyktningar, men det er og nokre andre som har flytt til Lom med rett til opplæring i norsk. I dette skuleåret er det om lag 30 vaksne som har norskundervisning. Dei er delt i tre grupper. Til saman så bruker kommunen 43 timar til norskundervisning. Norsk er viktig å lære! 13

Ordens-/åtferdsreglar ved Lom ungdomsskule Forskrift om ordensreglement ved Lom ungdomsskule, fastsett av SU ved Lom ungdomsskule desember 2009. Sjå 2-9 i opplæringslova. Overordna målsetting for Lom ungdomsskule Vi vil arbeide for at skulen skal bli ein stad der alle kjenner seg heime skulen skal gje kunnskap og sosial læring skulen skal leggje til rette tilhøva slik at alle kan få nytta evnene sine skulen skal lære opp elevane til god orden og til å ha respekt for andre skulen skal vere ein inkluderande skule der alle er ein del av fellesskapet Slik ynskjer vi den gode eleven, den gode læraren og den gode føresette skal vere Den gode eleven er snill, hjelpsam og tek omsyn til andre gjer sitt beste og er oppmerksam og engasjert gjev andre arbeidsro og held god orden følgjer plikter, krav og reglar som skulen stiller Den gode læraren er snill og hjelpsam, rettferdig og har godt humør er god rollemodell for elevane varierer og tilpassar undervisninga for elevane er flink til å lære bort og å motivere elevane samarbeider og deler erfaring med andre kollegaer Den gode føresette er god rollemodell for barna sine og lærer bort god folkeskikk viser tillit og høyrer på barna sine meiningar, men set og klare grenser legg til rette for at barna gjer lekser og følgjer opp at leksene blir gjort arbeider for godt samarbeid mellom skulen og heimen Bjørnsund 14

I forskriftene for åtferd og orden står det: Vurdering i orden og åtferd 3-5 Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skolen. Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna at eleven viser omsyn og respekt for andre. Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna at eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendige læremiddel og utstyr. Vurderinga av orden og åtferd skal haldast åtskild frå vurderinga av eleven sin kompetanse i fag. I fastsetjinga av karakterane i orden og i åtferd skal det takast omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. Fråvær kan føre til nedsett karakter i orden og i åtferd. 1. Skolevegen Elevar som nyttar skuleskyss, må rette seg etter dei reglar som gjeld for passasjerar og vise god framferd. Mistar dei eller øydelegg busskortet, må dei betale kr. 150,- for å få nytt kort. Dei må og bruke gangfelt/undergang når dei kryssar riksvegen. Elevar som har hatt undervisning i samfunnshuset, skal bruke undergangen når dei skal til busshaldeplassen eller oppover Solsida. Brot på desse reglane kan føre til nedsett karakter i orden/åtferd. 2. Fråvær Etter fråvær skal eleven ha med seg melding i kontaktboka om grunnen til fråværet, og kor lenge fråværet har vara. Meldinga skal vere underskriven av føresett. Eleven er og sjølv ansvarleg for å halde seg oppdatert om lekser, innleveringar osb. Ved ulovleg fråvær skal dei føresette få melding om det, og det kan føre til nedsett karakter i orden/åtferd. 3. Fribeding Skulen skal ha skriftleg melding i kontaktboka om ein elev skal takast ut av undervisninga. Vedkommande timelærar kan gje fri ein einskildtime. Kontaktlærar kan gje fri inntil ein dag, rektor inntil to veker. For lengre tidsrom må dei føresette sende grunngjeven søknad til administrasjonssjefen så snart som råd. 4. Undervisning Har ein elev ikkje gjort leksene til rett tid, skal han ha med seg skriftleg melding om grunnen. Meldinga skal leggjast fram for læraren før undervisninga tek til. Elevar som ikkje har gjort lekser til rett tid, kan bli sett til å gjere leksene på skulen i midttimen eller etter skuleslutt. Skjer det ofte at ein elev ikkje gjer leksene, skal heimen bli varsla. All form for fusk/forsøk på fusk ved prøver/skrivedagar og ved innleveringar (t.d. klippe/lime frå Internett, avskrift av kjelder utan å vise at det er sitat) er forbode. Brot på dette vil kunne føre til nedsett karakter i orden/åtferd etter at dei føresette er blitt varsla. 15

5. Timane Det skal vere arbeidsro i timane, og ein skal vise respekt for undervisninga. Ein skal møte presis til timar og avtalar. Har ein ærend ut, skal ein først få løyve av læraren før ein går. Søtsaker og brus skal ein ikkje bruke i timane. Inne skal ein bruke innesko, og ytterklede skal ein henge frå seg i gangen. Straffesanksjonar for brot på desse reglane kan vere: - munnleg/skriftleg åtvaring frå lærar - munnleg/skriftleg åtvaring frå kontaktlærar/rektor - bortvising frå gruppa for resten av timen/arbeidsperioden. Rektor kan vise bort eleven for resten av skuledagen og inntil tre dagar(einskildvedtak) - nedsett karakter i orden/åtferd. 6. Øydelegging av ting på skulen Far fint med inventar og materiell! Ein elev som øydelegg noko med uvørden framferd, kan bli sett til å rydde opp etter seg/utbetre skadane. I tillegg til dette kan han og bli erstatningsansvarleg for inntil kr. 5000,-. I tillegg skal dei føresette bli varsla, og det kan og føre til nedsett karakter i orden/åtferd. 7. Friminutta Elevane skal vere ute av klasseromma i friminutta. I friminuttet frå 10.30 10.40 skal alle elevane gå ut. I midttimen kan dei opphalde seg i kantina/biblioteket eller i gangane. Når elevane er inne, skal dei gå og snakke, ikkje springe og rope. Det er ikkje lov å forlate skoleområdet i skuletida med mindre eleven har fått med løyve til det frå heimen. Dette inneber at ein ikkje kan gå på Bergom i skuletida. Bruker ein sykkel, skal han ikkje brukast i skuletida. Snøballkasting og ballspel er lovleg berre på tilvist plass. Straffesanksjonar for brot på desse reglane kan vere: - munnleg/skriftleg åtvaring frå lærar - munnleg/skriftleg åtvaring frå kontaktlærar/rektor - brev heim - nedsett karakter i orden/åtferd 8. Mobiltelefon/databruk. Mobiltelefon skal vere slegen av i timane. Det er heller ikkje lov til å bruke MP3- /discmanspelar i timane. Læraren kan gjere unntak frå denne regelen dersom han meiner det ikkje er forstyrrande for undervisninga, men i alle tilfelle er det læraren som avgjer dette. Ved første og andre gongs brot på desse reglane, vil utstyret bli inndrege resten av dagen og levert inn til rektor. Ved seinare brot på regelen, vil det bli inndrege heilt til ein av dei føresette kjem og hentar det. Det er ikkje lov å nytte online-kommunikasjon (MSN, Facebook osv.) i skuletida. Ved bruk av dette på prøver, skrivedagar eller eksamen, vil dette bli sett på som juks/forsøk på juks. All bruk av Internett/Intranett på prøver og ved skrivedagar/eksamen er forbode med mindre det er oppgåver som krev slik bruk. Dette kan berre nyttast etter avtale med lærar. Det er ikkje lov å ha med på skulen våpen eller gjenstandar som kan nyttast til å skade medelevar. Slike gjenstandar vil straks bli inndregne, og dei føresette vil bli varsla. Brot på desse reglane vil kunne føre til nedsett karakter i orden/åtferd. 16

9. Nytingsmiddel All bruk av tobakk og rusmiddel er forbode på skuleområdet og ved turar og arrangement som skulen står for. Ved brot på desse reglane skal dei føresette bli varsla, og eleven vil få nedsett karakter i åtferd. 10. Uønska/ulovleg framferd All form for mobbing av medelevar/lærarar/andre i skulemiljøet er forbode. Det kan vere vald, rasistiske utsegn/handlingar, uhøvisk ordbruk, seksuell trakassering, sjikane på grunn av religion, livssyn osb. Skulen ser og svært strengt på forfalsking av underskrift. Straffesanksjonar for brot på desse reglane kan vere: - munnleg/skriftleg åtvaring frå lærar - munnleg/skriftleg åtvaring frå kontaktlærar/rektor - brev heim - bortvising frå gruppa for resten av timen/arbeidsperioden. Rektor kan vise bort eleven for resten av skuledagen og inntil tre dagar(einskildvedtak) - nedsett karakter i åtferd 11. Føring av fråvær på vitnemålet Alt fråvær for elevar skal frå 8. årstrinnet førast på vitnemålet. Fråværet skal førast i dagar og enkelttimar. Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på vitnemålet når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet. For inntil 10 dagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført: - dokumentert fråvær av helsegrunnar. Ein kan berre stryke fråver frå den fjerde sjukedagen. Det er og krav om dokumentasjon frå lege. - innvilga permisjon etter opplæringslova 2-11 Lom, 26. juli 2011 Tore Mundal 17

Plan mot mobbing ved Lom ungdomsskule Litt om mobbinga sitt vesen Definisjon på mobbing Psykisk eller fysiske vald retta mot eit offer utført av einskildpersonar eller grupper. Mobbing føreset eit ujamt styrketilhøve mellom offer og plagar, og at episodane blir gjentekne over tid. Men det er viktig at ein tek enkeltepisodar alvorleg. Her skal det vere nulltoleranse for på den måten å hindre langvarig mobbing. Ulike former for mobbing Fysisk mobbing Vondsinna erting eller truslar Utfrysing I vår tid er det meir og meir digital mobbing. Denne forma for mobbing kan ein ikkje gøyme seg for. Ein er aldri trygg. Skjult mobbing Slik mobbing er meir vanleg blant jenter enn hos gutar. Dei som plagar, oppfører seg som regel svært skikkeleg og har ofte stor makt i klassen/gruppa. Læraren blir ofte lurt og har vanskeleg for å oppdage det som skjer. Digital mobbing Denne forma for mobbing inkluderer dei andre formene for mobbing. Digital mobbing handlar primært om at mobbingen skjer ved hjelp av nye verktøy barna har tilgang til, som Internett og mobiltelefon. Mobbarane bruker sms, mms, mobilkamera, e-post, bloggar og heimesider som sine verktøy. Mobbing på nett er eit aukande problem og stiller alle som arbeider med barn og unge overfor store utfordringar. Årsaka til dette er at utviklinga på nett skjer svært raskt og det er vanskeleg for vaksne å vere oppdaterte nok. Medan ein krenkande kommentar ofte kan vere eit eingongstilfelle når det skjer ansikt til ansikt, vil dette når det blir lagt ut på nett kome attende i det uendelege og får derfor stor kraft og rammar hardt. Det er vanskeleg å få sletta krenkande handlingar på nett, men det er relativt lett å finne ut kva for PC som har vore brukt. Kven er mobbarane og kven er mobbeoffera? Dei som blir mobba Ingen spesielle ytre kjenneteikn Gutar litt fysisk svake Under gjennomsnittet i skuleprestasjonar Meir engstelege og deprimerte Dårlegare sjølvbilete Ofte einsame og lite populære Ikkje særleg avvikande heimetilhøve Ressurssterke elevar kan og bli mobba 18

Dei som mobbar Ingen spesielle ytre kjenneteikn Gutar litt fysisk sterkare Gutar noko under gjennomsnittet i skuleprestasjonar Kanskje litt dårlegare sjølvbilete Støtte frå mindre krins av elevar Samanheng med negative heimetilhøve Proaktivt aggressive (blir stimulert av å sjå at nokon blir plaga) Tiltak mot mobbing Mål: skulen skal ved førebyggjande tiltak hindre at barn blir utsett for mobbing viktig at lærarane tek opp om nokon blir mobba eller om nokon veit om nokon som blir mobba gjennom faste rutinar skal skulen avdekkje og handle i høve til mobbing skulen skal i samarbeid med føresette og andre involverte følgje opp både mobbeoffer og den som mobbar elevane skal bli bevisste ansvaret for handlingane sine informasjon om mobbing. Kva er mobbing? Førebyggjande tiltak Inspeksjon Vaksenkontroll (4 vaksne) i skolegard/fellesareal inne Autoriativ klasseleiing God undervisning og rettleiing Tett oppfølging av elevane både fagleg og sosialt Læraren skal vere tydeleg. I klasserommet er det han som er sjef. Positivt skulemiljø Kantine Ballbinge Triveleg uteområde Trivselstiltak/turar Turneringar Turar Juleball Julekonsert Juleverkstad Korleis vi løyser mobbesituasjonar Skulen skal straks reagere på kvart tilfelle av mobbing. Alle elevar har krav på å bli behandla med respekt og omsorg. 19

Mindre alvorlege situasjonar (som oftast enkeltepisodar) 1. Samtale mellom mobbeoffer og kontaktlærar. 2. Samtale mellom mobbar(ar) og kontaktlærar(ar). Dersom det er fleire elevar, har ein samtale med ein og ein fortløpande etter kvarandre. 3. Dersom det er fleire elevar som har delteke aktivt i mobbinga, har ein samtale med heile gruppa. Rektor styrer prosessen saman med kontaktlærar. 4. Har møte med mobbeofferet og mobbarane. Er begge partar samde om det som har skjedd, gjer ein avtale om at dette ikkje skal skje meir. Dei føresette skal bli varsla. Alvorlege og gjentekne mobbesituasjonar 1. Samtale mellom mobbeoffer og kontaktlærar. 2. Samtale mellom mobbar(ar) og kontaktlærar(ar). Dersom det er fleire elevar involvert, har ein samtale med ein og ein fortløpande etter kvarandre. 3. Dersom det er fleire elevar som har delteke aktivt i mobbinga, har ein Samtale med heilegruppa. Rektor styrer prosessen saman med kontaktlærar. 4. Møte mellom mobbeoffer og mobbar. Her skal kontaktlærar og rektor vere med. Dei føresette skal bli varsla og involvert. 5. Oppfølgingsmøte mellom kontaktlærar og mobbeoffer etter 3-4 dagar. 6. Dersom mobbinga tek slutt, skal dei involverte og føresette orienterast om dette. 7. Dersom mobbinga ikkje tek slutt, skal elevane og dei føresette innkallast til eit konfrontasjonsmøte. Rektor, evt. andre fagfolk og kontaktlærar skal vere til stades. Det blir laga ei skriftleg avtale mellom elevane. Dei involverte partane underteiknar avtala, og ho blir arkivert i elevmappene. 8. Kontaktlærar(ane) har ansvar for at det blir laga ein oppfølgingsplan med tiltak for begge partar. Oppfølgingsplanen blir arkivert i elevmappene. Elev/føresette kan be om at ein slik oppfølgingsplan blir gjennomført etter at det er gjort eit enkeltvedtak om saka. 9. Rektor har ansvar for å kalle inn andre partar dersom det er behov. Svært alvorlege mobbe-/enkeltepisodar kan/skal bli melde til politiet. Leirdalen 20

RUTINAR NÅR ELEVAR HAR STORT FRÅVÆR i Lom kommune Føremål Omfang Lovheimel Hovudansvar Utstyr/hjelpemiddel Krav til personale Samanhengande langtidsfråvær Kome tidleg i dialog og samarbeid med heimen, og setje i verk tiltak overfor elevar og deira føresette når elevar er mykje borte frå undervisninga i grunnskulen i Lom og for å førebyggje framtidige problem. Rutinen gjeld for lærarar som arbeider i grunnskulen i Lom Opplæringslova 2-1 Rett og plikt til grunnskoleopplæring, og forskrifter Ordensreglementet for skulane i Lom Rektor har ansvar for at rutinane ved stort fråvær blir gjort kjent, medan lærarane har ansvar for å gjennomføre tiltak etter denne rutinen Alt fråvær skal førast i Visma skole Rektor har ansvar for å gjere desse rutinane kjent for alle tilsette ved skolen, elevar og foreldre. Kontaktlærar har særleg ansvar for å følgje opp i høve til sine elevar. 1. Sjukdom. Etter tre dagar skal kontaktlæraren kontakte heimen og høyre om årsaka til fråværet. Overstig fråværet 5 dagar, skal det leverast legeattest. Kontaktlæraren sørgjer for at vekeplan blir lagt ut på It s learning slik at eleven kan få gjort skulearbeidet 2. Permisjon etter 11.2. Skulen skal ha skriftleg melding om ein elev skal takast ut av undervisninga. Vedkommande timelærar kan gje fri ein einskildtime (meldingsboka). Kontaktlærar kan gje fri inntil ein dag (meldingsboka). Rektor kan gje fri inntil to veker. Ved søknad om fri utover ein dag skal ein bruke elektronisk skjema. Dette finn ein på Lom kommune si heimeside. Skule/utdanning (venstre side) Sjøvbetening (høgre side) Direkte skjema. Fyll ut. For lengre tidsrom må dei føresette sende grunngjeven søknad til administrasjonssjefen så snart som råd. Anna fråvær Når ein elev i grunnskolen har eit fråvær frå undervisninga på 5 dagar/10 enkelttimar (pr halvår), skal kontaktlærar vurdere om fråværet kan skuldast t.d. prøver, spesielle fag, aktivitetar ved skulen osb. Kontaktlæraren skal då ha ein samtale med eleven og dei føresette. Det er særs viktig at skulen (kontaktlærar) og dei føresette har eit tett og nært samarbeid. Dei må bli samde om tiltak for å hindre større fråvær. Dersom fråværet blir 10 dagar/20 enkelttimar (pr. halvår), skal kontaktlærar (eventuelt rektor) ha samtale med eleven og dei føresette. Helsesyster skal bli varsla, og ho skal ha samtale med eleven. Dersom fråværet blir på 15 dagar/30 enkelttimar eller meir, skal skulen og skoleadministrasjonen (skulefagleg ansvarlege) setje i verk tiltak saman med andre hjelpeinstitusjonar i kommunen. Det skal førast referat frå desse møta, og alle må forplikte seg på å følgje opp konklusjonane. 21

INTERVJU MED GUNN SYNNØVE HORTEN Gunn Horten Byre er reinhaldar ved ungdomsskulen. Ho har halde skulen rein i 6 år. Gunn er frå Vågå, men vart sambuar med ein garmoing og har hatt Byrbergstunellen som næraste nabo i nærare 30 år. Ho har tre born, to jenter og ein gut. I tillegg har ho ein katt og 10 høner. Du har no arbeidd ved ungdomsskulen i seks år. Korleis trivst du her på ungdomsskulen? Eg trivst svært godt. Særleg er eg godt nøgd med reglane om bruk av innesko. Dette gjer kvardagen lettare for meg. Men elevane må bli flinkare til å rydde etter seg. Det ligg att alt for mykje rot etter dei i langgangen. Kva driv du med på fritida? Eg har mykje å gjere heime. Om sommaren er det hagearbeid. Eg har og som mål å gå ein tur kvar dag. Vinterstid driv eg med handarbeid. Da går det mest i strikking, hekling og sying. Høgdepunktet i veka er øvingane med Gjælingjomen. For oss lærarar og elevar som har ungdomsskulen som arbeidsplass, gjer Gunn saman med dei andre reinhaldarane eit svært viktig arbeid. Dei set arbeidet sitt svært høgt, og skulen er skinnande rein. Blir det ein flekk på golv eller oppetter vegger, er dei straks på pletten med skurefilla. Kva liker du aller best på skulen? Eg trivst svært bra. Både elevar og alle dei som arbeider her er svært vennlege og gir meg gode tilbakemeldingar på arbeidet mitt. Elevane i Lom er høflege og blide. Eg arbeider mykje saman med Tone Merthte Rudsar og Nawal Al Ahmed og desse set eg svært stor pris på. Når vi tek oss ein kaffipause, blir det mykje god prat. Kva for fotballag held du med? Vågå, men det må du ikkje skrive. Kva med Rosenborg? Jo, dei er det beste laget i Noreg! 22

23