Programområde for fiske og fangst - Læreplan i felles programfag Vg2



Like dokumenter
utføre meteorologiske observasjonar og bruke resultata til å planleggje gjennomføringa av ein seglas med fartøy inntil 500 bruttotonn Navigasjon

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

PROGRAMOMRÅDE FOR BLOMSTERDEKORATØR LÆREPLAN I FELLES PROGRAMFAG VG2

Programområde for studieførebuande Vg3 innan naturbruk - Læreplan i felles programfag naturforvaltning

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for overflateteknikk - Læreplan felles programfag Vg2

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for hudpleiar - Læreplan i felles programfag Vg3

Vurderingskriterier for programområde: FISKE OG FANGST Programfag: FFA 2001 Drift av fartøy

Programområde for fotterapi - Læreplan i felles programfag Vg3

EGENVURDERINGSSKJEMA FOR LÆREPLAN I ØKOLOGISK LANDBRUK 1 OG ØKOLOGISK LANDBRUK 2 VALFRIE PROGRAMFAG VG3.

Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag

Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for matfag - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for helsesekretær - læreplan i felles programfag Vg3

Vurderingskriterier for programområde: FISKE OG FANGST Programfag: FFA 2002 Fangst og redskap

Kandidaten viser god evne til å tilrettelegge og utnytte brukerens ressurser. Kandidaten har gode holdninger, samarbeidsevner og. ne.

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Programområde for brønnteknikk - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for dataelektronikarfaget - læreplan i felles programfag Vg3

Programområde for hudpleiar - Læreplan i felles programfag Vg3

Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2

Læreplan i felles programfag i Vg1 naturbruk

Programområde for børsemakar - Læreplan i felles programfag Vg2

Læreplan i sjømatproduksjon Vg3 / opplæring i bedrift

Vurderingskriterier i BUNADTILVIRKERFAGET

OPPLÆRINGSBOK. Opplæring i veg- og anleggsfaget. Tilhører:... Utarbeidet 2012 Hallgeir Larsen

Læreplan i medie- og informasjonskunnskap - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i industritekstilfaget, fiskereiskapar Vg3 / opplæring i bedrift

Programområde for studieforberedende Vg3 innen naturbruk - Læreplan i næringsdrift i naturbruk - valgfritt programfag

Programområde for landbruk - Læreplan i økologisk landbruk 1 og 2 - valgfrie programfag Vg3

Læreplan i rørleggjarfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Fiske og Fangst VG2 KONKRETISERINGER

Læreplan i resepsjonsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i hestefaget Vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i trebåtbyggerfaget Vg3 / opplæring i bedrift

KVALITETSSYSTEM. Karakteren 3 og 4 nokså god/god kompetanse Kandidaten skal kunne planlegge, dokumentere og gjennomføre en seilas

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Læreplan i sjømathandlarfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i dekk, valgfritt programfag Vg2 programområde for maritime fag

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Læreplan i veg- og anleggsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Programområde for reiseliv - Læreplan i felles programfag Vg2

Læreplan i felles programfag i Vg1 naturbruk

Læreplan i fiske og fangst Vg3 / opplæring i bedrift

OPPLÆRINGSBOK Opplæring i tømrerfaget Tilhører:...

Programområde for landbruk og gartnernæring - Læreplan i felles programfag Vg2

EGENVURDERINGSSKJEMA FOR BEDRIFTSDEL DATAELEKTRONIKERFAGET.

TEORIKURS TREBÅT- BYGGERFAGET

Programområde for heste- og hovslagerfag - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for maritime fag - Læreplan i felles programfag Vg2

Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i forvaltning og drift felles programfag i utdanningsprogrammet for Naturbruk, programområde for landbruk og gartnernæring. Forsøk.

Læreplan i visuell kultur og samfunn - valfritt programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag

EGENVURDERINGSSKJEMA FOR BEDRIFTSDEL ASFALTFAGET.

Programområde for design og tekstil - Læreplan i felles programfag

OPPLÆRINGSBOK. Opplæring i dataelektronikerfaget. Tilhører:... Utarbeidet 2012 Hallgeir Larsen

Læreplan i felles programfag i Vg1 byggog anleggsteknikk

Læreplan i produksjon, miljø og kvalitet felles programfag i utdanningsprogrammet for Naturbruk, programområde for landbruk og gartnernæring. Forsøk.

Programområde for frisør - Læreplan i felles programfag Vg2

EGENVURDERINGSSKJEMA FOR BEDRIFTSDEL TØMRERFAGET.

Det er svakheter ved en eller flere deler av planleggingen. HMS er ivaretatt. Planleggingen er mangelfull og uklar.

Læreplan i visuelle kunstfag - felles programfag i studieførebuande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag

Design og berekraft valfritt programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Læreplan i næringslivsøkonomi - programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering

Programområde for design og gullsmedhåndverk - Læreplan i felles programfag Vg2

Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse.

Årsplan 2014/2015. Fag: Kroppsøving. Faglærer: Rayner Nygård og Lars Gytre. Klasse: 10.trinn. Føremål. Grunnleggjande ferdigheiter

Læreplan i kunst og visuelle verkemiddel felles programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Programområde for studieforberedende Vg3 innen naturbruk - Læreplan i bruk og vern - valgfritt programfag

Programområde for byggteknikk - Læreplan i felles programfag Vg2

OPPLÆRINGSBOK Opplæring i reiselivsfaget Tilhører:...

Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram

Vurderingskriteriar for TØMRARFAGET

Programområde for transport og logistikk - Læreplan i felles programfag Vg2

Læreplan i felles programfag i Vg1 teknikk og industriell produksjon

Programområde for interiør og utstillingsdesign - Læreplan i felles programfag Vg2

Læreplan i felles programfag Vg2 programområde for maritime fag

Tromsø maritime skole. V-S læreplan Vg2 maritime fag TPMAR2

Nr. 1. Nr. 2. Klargjøring for sildefiske LAV. Liten forståelse for gjennomføring og mangler oversikt. Liten forståelse for regelverk og reguleringer.

Læreplan i gartnernæring valgfritt programfag i utdanningsprogrammet for Naturbruk, programområde for landbruk og gartnernæring. Forsøk.

Programområde for pianostemming og pianoteknikk - Læreplan i felles programfag Vg3

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 1. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE Lærer: Turid Nilsen

Programområde for ur- og instrumentmaker - Læreplan i felles programfag Vg2

EGENVURDERINGSSKJEMA FOR BEDRIFTSDEL VEG- OG ANLEGGSFAGET.

Programområde for akvakultur - Læreplan i felles programfag Vg2

VURDERINGSSKJEMA FOR TØMRERFAGET

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 4. TRINN 2013/2014 Læreverk: Cumulus Faglærer: Liv Ytre-Arne

Læreplan i arkitektur og samfunn valfritt programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE

Programområde for studieforberedende Vg3 innen naturbruk - Læreplan i feltarbeid i naturbruk - valgfritt programfag

Programområde for fotterapi og ortopediteknikk - Læreplan i felles programfag Vg2

Læreplan i landbruk valgfritt programfag i utdanningsprogrammet for Naturbruk, programområde for landbruk og gartnernæring. Forsøk.

OPPLÆRINGSBOK Opplæring i rørleggerfaget Tilhører:...

Programområde for IKT-servicefag - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for skogbruk - Læreplan i felles programfag Vg2

Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram

Transkript:

Programområde for fiske og fangst - Læreplan i felles programfag Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 9. januar 2007 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) 3-4 første ledd. Gjeld frå 01.08.2007 http://www.udir.no/kl06/ffa2-01

Føremål Programfaga for fiske og fangst handlar om kommersiell fangst av fisk, skaldyr og sjøpattedyr. Programfaga har som mål å gi framtidige yrkesutøvarar kompetanse til å vidareutvikle ei eksportnæring som har mykje å seie for sysselsetjing og økonomi. Dei skal synleggjere tradisjonane og den historiske utviklinga til fiskerinæringa, og leggje til rette for framtidig yrkesutøving i tradisjonelle og nye næringar. Opplæringa skal medverke til å gi eit breitt perspektiv på berekraftig forvaltning av ressursar i hav- og kystområde, nasjonalt og internasjonalt. Opplæringa skal leggje til rette for at eleven skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter som er nødvendige for yrkesutøvarar og næringsdrivande i ei naturbasert, moderne og eksportretta næring. Programfaga skal stimulere til kreativitet og utvikling av ny næringsverksemd. Opplæringa i programfaga skal femne om eit utval av driftsformer innanfor fiske og fangst, med nasjonale og internasjonale krav til kvalitet i fokus. Ho skal også leggje til rette for at eleven får røynsle med oppgåver knytte til vakthald på fartøy. Programfaga skal medverke til å utvikle ei heilskapleg forståing av eit yrke som blir utøvd under utfordrande arbeidsforhold og med endringar i naturgrunnlag og rammevilkår. Opplæringa skal synleggjere variasjonar innan næringa når det gjeld fartøy, teknisk utstyr og reiskapar, ressursar, råstoff, produkt og marknader. Opplæringa i programfaga skal medverke til livslang læring gjennom allmenndannande aspekt innanfor økologisk forståing, ressursforvaltning, yrkes- og næringsutøving, marknadsforståing og teknologi. Programfaga skal leggje grunnlaget for vidare yrkesutdanning innan fiske og fangst eller studieførebuande utdanning i naturbruk. Struktur Programområdet for fiske og fangst består av to programfag. Programfaga utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng. Oversikt over programfaga: Årssteg Programfag Omtale av programfaga Programfaget handlar om grunnleggjande navigasjon, navigasjonsmiddel, sjøvegsreglar, bruvakthald og skipslære. I dette inngår navigasjons- og fiskeleitingsutstyr og andre teknologiske innretningar om bord, og dessutan korleis straum, vind og tidvatn påverkar navigeringa. Vidare dreier det seg om manøvrering av fartøy, stabiliteten til fartøy og bruk av sjøvegsreglar og kva godt sjømannskap inneber. Programfaget omfattar arbeid og oppgåver knytte til handtering, administrasjon og drift av fiskefartøy. Programfaget handlar om fangst av ulike artar fisk, skaldyr og sjøpattedyr og bruk av reiskapar. Det omfattar fangstbehandling, ombordproduksjon, kvalitetssikring og regelverk som regulerer yrkesutøvinga i nasjonale og internasjonale område. Vidare dreier det seg om å handtere utstyr nytta i det daglege arbeidet og i laste- og losseoperasjonar. Side 2 av 5

Programfaget omfattar berekraftig ressursforvaltning og utnytting av fiskeressursane i havet. Det handlar også om handtering av råstoff, hygiene og reinhald som sikrar ein produksjon av høg kvalitet. Programfaget omfattar helse, miljø og tryggleik, føring av fangstdagbok, utfylling av sluttsetel og lott- og hyreoppgjer. Reiarlagsdrift på mindre fiskefartøy, med driftsplanlegging og økonomistyring, hører med. Timetal Timetal er oppgitt i einingar på 60 minutt. 337 årstimar 140 årstimar Grunnleggjande ferdigheiter Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I faget fiske og fangst forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik: Å kunne uttrykkje seg munnleg i faget fiske og fangst inneber å kommunisere presist. Det vil seie å forklare og grunngi arbeidsprosessar i fiske og fangst, og diskutere ulike framlegg og løysingar. Vidare inneber det å forklare og beskrive prosessar og produkt. Det vil seie å kommunisere på norsk og engelsk gjennom maritim radio. Å kunne uttrykkje seg skriftleg i faget fiske og fangst inneber å rapportere og dokumentere ulike produksjonar på fartøy og landanlegg, og å presentere prosessar og produkt. Det inneber også digital kommunikasjon og informasjonsutveksling. Å kunne lese i faget fiske og fangst inneber å forstå bruksrettleiingar, HMT-datablad og fagstoff. Det vil seie å orientere seg i gjeldande regelverk og reguleringar for fiske og følgje med i debattar om næring og næringsinteresser i medium. Å kunne rekne i faget fiske og fangst inneber å bruke tal og berekningar for å finne volum, areal, lengd, vekt, fart, tid og distanse. Det vil seie å gjere enkle trigonometriske utrekningar til navigasjon og å bruke formlar, gjere enkle målingar av fysiske og kjemiske parametrar og setje opp og tolke tabellar, diagram og enkel statistikk. Å kunne bruke digitale verktøy i faget fiske og fangst inneber å formidle og presentere, kalkulere og innhente og utveksle informasjon digitalt. Det vil seie å nytte spesialiserte instrument til måling, kartlegging, kommunikasjon, posisjonsbestemming og navigasjon. Teikning med digitale verktøy og bruk av digitale kart inngår også. Kompetansemål Mål for opplæringa er at eleven skal kunne Side 3 av 5

planleggje og gjere greie for gjennomføring og dokumentasjon av ei kystreise og bestemme posisjon gjere greie for krav til dokumentasjon av spesielle hendingar og uhell under kystreise velje og bruke sjøkart og navigasjonsinstrument som hjelpemiddel for å gjennomføre sikker seglas innanskjers og i kystfarvatn under varierande forhold forklare prinsippa for astronomisk navigasjon bruke farvassbeskrivingar, seglasrettleiingar og kartrettingar utføre meteorologiske observasjonar og bruke resultata til å planleggje gjennomføringa av ein seglas med fartøy inntil 500 bruttotonn beskrive og bruke sjømerke og utføre bruvakt på fartøy inntil 500 bruttotonn etter gjeldande sjøvegsreglar og i samsvar med godt sjømannskap gjere greie for kva det vil seie å vere øvste ansvarlege om bord førebyggje ulykker og gjere reie for korleis fartøyet kan opererast trygt, basert på gjeldande regelverk for fartøy inntil 500 bruttotonn vurdere risiko og utføre oppgåver som leiar i krise- og nødssituasjonar manøvrere fartøy inntil 500 bruttotonn, med rettleiing, og bruke mindre skipsmaskinar etter gjeldande regelverk føre tilsyn med og berekne stabiliteten til fartøy inntil 500 bruttotonn før og etter lasting, og overvake lasting, lossing og sikring av lasta etter gjeldande regelverk planlegge lasting og lossing i samsvar med gjeldande miljøregelverk gjere greie for innhaldet i ein forretningsplan og gangen i arbeidet med å etablere eiga bedrift innan fiske og fangst Mål for opplæringa er at eleven skal kunne planleggje, gjennomføre og vurdere fangsting med rett bruk av maskinar, instrument og reiskapar utføre rutinemessig vedlikehald og enkel reparasjon av fiske- og fangstreiskapar, fartøy, produksjonsutstyr og instrument planleggje, gjennomføre og vurdere fangstoperasjonar med utgangspunkt i meteorologiske, oseanografiske og biologiske forhold utføre førstehandsbehandling av råstoff og oppfylle krav til reinhald og hygiene etter gjeldande regelverk føre fangstdagbok og andre dokument knytte til fangst omsetje sjømat til best mogleg pris og kvalitet ut frå kjennskap til nokre aktuelle marknader forklare samanhengen mellom fangstinntekter, kostnader, lott og hyreoppgjer, og korleis dette verkar inn på resultatet i bedrifta gjere greie for økologiske konsekvensar av fiskeri og drøfte etiske problemstillingar i samband med utøving av yrket bruke gjeldande kvalitetssikringssystem knytt til aktuell fangst og vald driftsform følgje instruks og prosedyrar, samarbeide med andre og ta ansvar for eigne arbeidsoppgåver under arbeid om bord vurdere fangstpotensialet for ein aktuell reiskap i høve til kapasiteten til fartøyet finne fram i gjeldande reguleringar for dei vanlegaste fiskeria og bruke slik informasjon i yrkesutøvinga vurdere risiko og arbeide etter gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik om bord og på landanlegg gjere greie for oppgåvene til eit reiarlag og velje driftsform ut frå fartøytypar, fiskereiskapar og fangst gjere greie for korleis ny teknologi og nasjonal politikk verkar inn på fiskebestanden og fiskerinæringa globalt, regionalt og lokalt Vurdering Fiske og fangst Side 4 av 5

Føresegner for sluttvurdering: Standpunktvurdering Programfag Ordning Eleven skal ha ein standpunktkarakter i kvart av programfaga. Eksamen for elevar Programfag Ordning Eleven skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår. Fangst og reiskap Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen for privatistar Programfag Ordning Drift av fartøy Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i alle programfaga. I tillegg skal privatisten opp til ein tverrfaglig praktisk eksamen der dei felles programfaga Fangst og inngår. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. reiskap Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova Side 5 av 5