Hydrografimålingar i Masfjorden ved Ådnekvamme 2016-2018 R A P P O R T Rådgivende Biologer AS 2787
Rådgivende Biologer AS RAPPORT TITTEL: Hydrografimålingar i Masfjorden ved Ådnekvamme 2016-2018. FORFATTARAR: OPPDRAGSGIVAR: Bernt Rydland Olsen & Bjarte Tveranger Engesund Fiskeoppdrett AS OPPDRAGET GITT: RAPPORT DATO: 04.02.2016 10. januar 2019 RAPPORT NR: ANTAL SIDER: 2787 9 EMNEORD: - Hydrografi - Oksygeninnhald - Botnvatn - Fjordsystem KONTROLL: Godkjenning/kontrollert av Dato Stilling Signatur Bjarte Tveranger 10.01.2019 Forsker/Avd.leiar RÅDGIVENDE BIOLOGER AS Edvard Griegs vei 3, N-5059 Bergen Foretaksnummer 843667082-mva www.radgivende-biologer.no Telefon: 55 31 02 78 E-post: post@radgivende-biologer.no Rapporten må ikkje kopierast ufullstendig utan godkjenning frå Rådgivende Biologer AS. Framsidebilete: Rådgivende Biologer AS
FØREORD Rådgivende Biologer AS gjennomførte på vegne av Engesund Fiskeoppdrett AS og Erko Seafood AS hydrografimålingar i Masfjorden i perioden februar 2016 august 2018. Mellombels resultat frå desse målingane vart presentert i eit samandragsnotat av 16. desember 2016 (Tveranger 2016) og samandragsnotat 18. juli 2017 (Tveranger 2017). Desse målingane var ein del av eit måleprogram som starta i februar 2016 og har halde fram til og med august 2018, og her følgjer ein gjennomgang av alle målingane frå heile perioden samt ei samanlikning med målingar utført før 2016. INNHALD Bergen, 10. januar 2019 Føreord... 2 Innhald... 2 Samandrag... 3 Områdeskildring... 4 Metode og datagrunnlag... 5 Resultat... 6 Diskusjon... 8 Referansar... 9 Rådgivende Biologer AS 2 Rapport 2787
SAMANDRAG Olsen B.,R., & B. Tveranger 2019. Hydrografimålingar i Masfjorden ved Ådnekvamme 2016-2018. Rådgivende Biologer AS, rapport 2787, 9 sider. Hydrografiske tilhøve i Masfjorden har blitt målt i perioden januar 2016 til august 2018 med ein til to månaders mellomrom. Botnvatnet tilsvarte tilstandsklasse III = «moderat» ved oppstart av målingane. Oksygennivået endra seg lite frå januar 2016 til mai 2018 og var stabil på ca. 3 ml/l O 2. Det var ei full utskifting av vassmassane i bassenget ved Ådnekvamme i løpet av sommaren 2018, og per 28. august var oksygennivået på botn tilsvarande tilstandsklasse II = «god». Utskifting av Masfjordens oksygentilhøve i botnvatnet er styrt av storskala hydrografiske prosessar, medan reduksjonen i periodane imellom er styrt av både lokale tilhøve og menneskeleg påverknad. Relativ storleik av desse to er ikkje avklart for Masfjorden, men Masfjorden har lite oppdrett kor Ådnekvamme utgjer ei MTB på 100 tonn, som tilsvarar eit lite anlegg. Vi vil tilrå at målepunktet ved Ådnekvamme vert oppretthaldt ved eventuell vidare overvaking av Masfjorden. Rådgivende Biologer AS 3 Rapport 2787
OMRÅDESKILDRING Masfjorden er ein omtrent 20 km lang og mellom 0,5 og 1,3 km brei terskelfjord i Masfjorden kommune heilt nord i Hordaland fylke. Lokalitetane Bergsvik og Barlingebotten ligg om lag midt i Masfjorden i indre delbassenget med eit maksimaldjup på vel 470 meter. Utanfor Barlingebotten vender fjorden i retning sør, og det vert gradvis grunnare oppover til eit terskeldjup på 196 m på høgde med lokaliteten Ådnekvamme. Frå terskelen ved Ådnekvamme djupnest det vidare mot sør til eit nytt basseng med ei maksimaldjupne på ca 300 m djup. Det grunnast vidare mot sør før fjorden vender retning mot vest ved Dueseundøyna, der ein terskel på 68 m djup ligg mellom Duesundøyna og Sandnes (figur 1). Figur 1. Djupnekart over Masfjorden. Plasseringa av lokaliteten Ådnekvamme er markert like nordaust for målepunkt, og tersklar og djupner i fjorden er markert i raudt. Rådgivende Biologer AS 4 Rapport 2787
METODE OG DATAGRUNNLAG Hydrografiske profilar til botn blei tatt på stasjonane Austfjorden, Ådnekvamme og Barlingebotten tjueto gonger frå februar 2016 til august 2018. Ein SAIV STD/CTD modell SD204 sonde (CTDkonduktivitet, temperatur og djupne) blei brukt. Surfer v14 (Golden Software) er brukt for behandling og framstilling av hydrografidata. Oksygen, salinitet og temperatur er framstilt i konturplott (x,y,z) som er ein todimensjonal framstilling av tredimensjonale data, kor linjene i figurane fungerer som koter. I konturplott er verdiar mellom prøvetakingspunkt en interpolering mellom punkta, altså ei tilnærming til dei eksakte verdiane. I denne rapporten er det målingane for Ådnekvamme ned til 300 m som vert diskutert. I figur 2 kan ein sjå punktet for CTD i høve til lokaliteten Ådnekvamme (tabell 1). Målingane frå Austfjorden er ein referanse for tilhøva utanfor terkslane (figur 1). Oksygendata er vurdert ut frå retteiar for klassifisering av miljøtilstand i vann (02:2013 revidert 2015) (tabell 2). Figur 2. CTD målingen er tatt på det djupaste punktet i nærleiken av anlegget på ca. 300 m. Tabell 1. Posisjoner for målepunkta i denne granskinga. Målepunkt Posisjon Ådnekvamme 60 49.493' N 005 20.596' Ø Austfjorden 60 45.999' N 005 13.241' Ø Tabell 2. Fargane og verdiane i tabellen syner til tilstandsklassane frå rettleiar 02:2013. «svært god» - 4,5 ml/l O 2 «god» 4,5-3,5 ml/l O 2 «moderat» 3,5-2,5 ml/l O 2 «dårlig» 2,5-1,5 ml/l O 2 «svært dårlig» 1,5 - ml/l O 2 Rådgivende Biologer AS 5 Rapport 2787
RESULTAT Tjueto målingar av botnvatn ved Ådnekvamme viste at det var ei negativ utvikling av oksygenmetting i bassengvatnet 2011 til 2016, men at oksygennivået i botnvatnet stabiliserte seg i tilstandsklasse III = «moderat» (figur 3). Den største nedgangen i oksygenkonsentrasjonen (ml/l O 2) frå førre utskifting i 2010 skjedde i perioden hausten 2011 til vinteren 2016. Oppstart av denne runden med oksygenmålingar starta då botnvatnet allereie var redusert, men heldt seg stabil i nesten to år fram til mai 2018. Deretter skjedde det ei utskifting av botnvatnet, og oksygennivået gjekk frå tilstandsklasse III «moderat» til tilstandsklasse I = «svært god» i juni og juli 2018. Siste målinga i august viste at oksygennivået gjekk noko ned tilsvarande tilstandsklasse II = «god» (figur 4). ml/l O2 5,5 5 4,5 4 3,5 3 2,5 2 1,5 1 O 2 verdiar 300 m djup svært god God Moderat Dårlig Svær dårlig Figur 3. Kvart punkt viser oksygenkonsentrasjonen (ml/l) i ved botn i djupbassenget ved Ådnekvamme. Fargebakgrunnen viser tilsvarande tilstandsklasse etter rettleiar 02:2013. X-aksen viser tidspunkt for prøvetaking og merk at det er lengre tid mellom kvar måling i starten enn på slutten. I øvre del av vassøyla ned til ca. 100 m djup var oksygenmettinga relativ stabil i heile perioden med for det meste tilstandsklasse I = «svært god». Intermediært vatn frå 100-200 m djup varierte meir, men oksygenmettinga var likevel relativ stabil rundt tilstandsklasse II = «god» (figur 4). Oksygeninnhaldet i vassøyla var stabil fram til juni 2018 der ein kunne sjå tydeleg at nytt oksygenrikt vatn erstatta vatn med moderate oksygennivå (figur 4). Oksygenkonsentrasjonen ved referansestasjonen i Austfjorden på ca. 540 m djup var i heile måleperioden i tilstand I-II = «svært god - god» med verdiar frå t.d. ca. 4 over 5 ml/l O 2. Og som elles i relativ opne fjordar som Fensfjorden og Austfjorden er botnvatnet gjenstand for hyppige utskiftingar. I Figur 5 ser ein at det har knapt vore endringar frå måling til måling gjennom heile perioden frå 2011 til i dag. Rådgivende Biologer AS 6 Rapport 2787
Figur 4. Konturplott av oksygeninnhold (ml/l O 2) i vassøyla ved Ådnekvamme. Y-akse viser djup frå 0-478 m, og x-akse viser til tidspunkt for prøvetaking. Fargeskalaen er basert på grenseverdiar frå rettleiar 02:2013. Figur 5. Konturplott av oksygeninnhold (ml/l O 2) i vassøyla i Austfjorden. Y-akse viser djup frå 0-660 m, og x-akse viser til tidspunkt for prøvetaking. Fargeskalaen er basert på grenseverdiar frå rettleiar 02:2013. Rådgivende Biologer AS 7 Rapport 2787
DISKUSJON Det var ei full utskifting av vassmassane i Masfjorden ved Ådnekvamme i løpet av sommaren 2018. Per 28. august kan det sjå ut til at oksygennivået i botnvatnet har stabilisert seg i tilstandsklasse II = «god», som er høgare enn målingane i 2011 (figur 3). Førre utskifting i 2010 var ei klår og tydeleg endring langs heile kysten og ikkje knytt til lokale tilhøve for Masfjorden (Tverberg & Todt 2017, Havforskningsinstituttet Klimadata Nordsjøen1981-2016 www.imr.no/temasider/klima/klimastatus/nordsjoen.no). Utskiftinga av botnvatnet i 2010 var altså ikkje ei isolert hending for Masfjorden. Årets utskifting var første fullstendige sidan 2010, men det har truleg vore fleire delvise utskiftingar. Sistnemnde vart til dømes observert i Masfjorden (april 2017) og i Byfjorden (april 2017) (Todt mfl. 2017). Det er imidlertid uvisst kor vidt årets utskifting av fjordar på Vestlandet kan koplast til same fenomen som i 2010. Det ein veit er at innstrøyminga av oksygenrikt vatn som i Masfjorden har føregått i fleire fjordar i både Rogaland og Hordaland, slik som i 2010 (eigne upubliserte data). Utskiftinga i Masfjorden i 2018 er med andre ord ein del av ein større hydrografisk prosess kor tyngre oksygenrikt vatn har kome til og satt i gong ei utskifting. Utskiftinga i Masfjorden ved Ådnekvamme var fullstendig allereie innan juni 2018, men det er uvisst om det høge nivået vil stabilisera seg eller om utveksling med intermediære vassmassar vil bidra til noko reduksjon i tida framover. Utskiftinga i andre fjordar i regionen var òg fullstendig i år, men lengre inne i Masfjorden har ein ikkje observert tilsvarande utskifting trass i at terskelen ved Duesund er grunnare enn den innanfor Ådnekvamme (Olsen & Tveranger 2018). Næringstilførslane har halde fram medan oksygennivået har vore stabilt i snart åtte år. Ein av forklaringane for at oksygennivået ved Ådnekvamme variert lite i botnvatnet kan vere at det med jamne mellomrom har vore delvise utskiftingar (figur 4), i tillegg til utveksling mellom vasslaga. Granskingar av botntilhøva i november 2015 viste at det under deler av anlegget var dårlege tilhøve (Haugsøen & Tveranger 2015), medan det i februar 2017 var lite påverka (Wathne & Tverberg 2017). Djupna under Ådnekvamme variarer frå 160-200 meter, og det er både blaut- og hardbotn, og det er truleg at mykje av avfallet hamner i området under anlegget. Oksygennivået på desse djupa har i perioden for målingane variert frå ca. 3,2-4,6 ml/l oksygen. På djupner som under lokaliteten Ådnekvamme er ikkje oksygenkonsentrasjonen avgensande med høve til nedbryting. Grensa for at t.d. Capitella capitata, ein viktig nedbrytar, kan leve og fungere ligg på 1,5 ml/l O 2 (Diaz & Rosenberg 1995), tilsvarande tilstandsklassane V = «svært dårlig». Med andre ord har det ikkje på noko tidspunkt vore oksygentilhøve siste 10 åra som tilseier oksygen er eit problem for drifta på Ådnekvamme. Utskifting av botnvatnet ved Ådnekvamme er truleg styrt av hydrografiske prosessar utanfor Masfjorden, medan reduksjonen i periodane i mellom er styrt av både lokale tilhøve og menneskeleg påverknad. Relativ storleik av desse to er ikkje avklart for Masfjorden, men Masfjorden har totalt lite oppdrett samanlikna med andre områder/fjordar. I bassengenget tilknytt denne delen av Masfjorden er Ådnakvamme einaste anlegg med berre 780 tonn MTB. Trass i at denne rapporten viser at det ikkje er problem knytt til oksygen i botnvatnet vil me tilrå at ein opprettheld målingspunktet ved Ådnekvamme i samband med ei eventuell vidare overvaking av Masfjorden. Rådgivende Biologer AS 8 Rapport 2787
REFERANSAR Diaz R.J. & R. Rosenberg. 1995. Marine benthic hypoxia: a review of its ecological effects and the behavioural responses of benthic macrofauna. Oceanography and Morine Biology: an Annual Review. 33: 245-303. Direktoratgruppa Vanndirektivet 2013. Veileder 02:2013 Revidert 2015. Klassifisering av miljøtilstand i vann. 229 sider. Haugsøen, H. E. og B. Tveranger2015. MOM B-gransking av oppdrettslokalitet Ådnekvamme i Masfjorden kommune november 2015. Rådgivende Biologer AS, rapport 2172, 24 sider. Olsen B.,R., & Bjarte Tveranger. 2018. Hydrografimålingar i Masfjorden ved Barlingebotten 2016-2018. Rådgivende Biologer AS, rapport [nr], 12 sider, ikkje utgitt enda. Todt, C., B. Rydland Olsen, J. Tverberg, I. Økland & M. Eilertsen 2017. Resipientovervåking av fjordsystemene rundt Bergen 2017-2020 - Årsrapport 2017. Rådgivende Biologer AS, rapport 2646, 177 sider, ISBN 978-82-8308-493-1. Tverberg, J. & C. Todt 2017. Resipientgransking i Lurefjorden 2017 Inkludert rettelsesblad. Rådgivende Biologer AS, rapport 2521, 35 sider. ISBN 978-82-8308-468-9 Tveranger, B. 2016. Hydrografimålingar i Masfjorden 2016 for Erko Seafood AS. Rådgivende Biologer AS, notat 3 sider. Tveranger, B. 2017. Hydrografimålingar i Masfjorden 2017 for Erko Seafood AS. Rådgivende Biologer AS, notat 3 sider. Wathne, I. & J. Tverberg 2017. Oppdrettslokaliteten Ådnekvamme i Masfjorden kommune, februar 2017. Miljøovervaking av anleggssona B-gransking. Rådgivende Biologer AS, rapport 2419, 21 sider. Rådgivende Biologer AS 9 Rapport 2787