STORF JORD E N P PT Norddal Skodje Stordal Ørskog 2 0.0 9.1 7. VERKSEMDPLAN 201 8 - STORFJORDEN PPT Del 1 Presentasjon av eininga Storfjorden PPT Storfjorden PPT er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Norddal, Skodje, Stordal og Ørskog der Ørskog kommune er vertskommune. Årsverk Fagstillingar Adm. Kontorleiar 0,5 Psykolog 0,8 Ped.psyk.rådgjevar 3,2 Sekretæ r 0,8 Logoped 0,4 Samla 4,4 1,3 5,7 Del 2 Verksemdsplan Pedagogisk Psykologisk teneste (PP- tenesta) sitt arbeid er heimla i Opplæringslova. Det er ei lovpålagt tenesete, og er ein rådgivande og sakkunnig instans når det gjeld utvikling, læring og trivsel for barn under skulepliktig alder, elevar i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring. Tenesta skal hjelpe skular og barnehagar i arbeidet med kompetanseutvi kling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. PPT er kommunen sin sakkunnige instans i desse sakene: spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder ( 5-7) tidlegare skulestart ( 2-1 tredje le dd) utsett skulestart ( 2-1 tredje ledd) teiknspråkopplæring før opplæringspliktig alder ( 2-6) rett til spesialundervisning i grunnskulen ( 5-1) Vaksne sin rett til spesialundervisning på grunnskulen sine område ( 4A) PPT skal jobbe både individretta o g systemretta. Storfjorden PPT legg i sitt arbeid stor vekt på å arbeide med systemet, og å sjå barnet/eleven i eit system. I vår årsplan har vi to hovudmål/visjonar: - Hjelp til sjølvhjelp. Vi skal arbeide for at før e sette og tilsette barnehagar og skular a ukar sin kompetanse og utviklar sin organisasjon slik at barn og elevar får best mogleg opplæring - og utviklingsmoglegheiter. - Til beste for barnet. Storfjorden PPT er opptatt av den faglege kvaliteten på tenestane våre. Vi skal arbeide for at barna/elevane som er meldte til oss får best mogleg opplærings - og utviklingsmoglegheiter. Kunnskapsdepartementet presenterer fire rådgjevande forventningar til PP - tenesta (Meld.St. 18 Læring og fellesskap ): PP - tenesta er tilgjengeleg og bidreg til heilheit og saman heng PP - tenesta arbeider førebyggjande PP - tenesta bidrar til tidleg innsats i barnehage og skule PP - tenesta er ei fagleg kompetenteneste i alle kommunar.
MÅLSETJINGAR Ørskog kommune skal ha større inntekter enn utgifter PPT skal kontinuerlege arbeide for å vere kostnadseffektive og for å ha så låge driftsutgifter som mogleg. Storfjorden PPT sine utgifter er i hovudsak knytt til personalkostnader. Storfjorden PPT må sikrast forsvarlege driftsrammer, slik at ein klarar å yte dei tenestene som kommunen er lovpålagte og forventa i høve Opplæringslova og Meld.St.18. Ørskog kommune skal som lokalsamfunn vise positiv utvikling PP-tenesta skal bidra til tidleg innsats i barnehage og skule PP-tenesta skal, saman med barnehagen og skulen, bidra til at det vert sett inn tiltak raskt når barn og elevar har behov for hjelp. PP-tenesta arbeider førebyggjande PP-tenesta skal arbeide førebyggjande slik at barnehagen og skulen i størst mogleg grad kjem i forkant av problem og lærevanskar. PP-tenesta skal bruke meir tid til å bistå i førebyggjande arbeid og i kompetanse- og organisasjonsutvikling. PPT skal på denne måte vere med på å sikre god kvalitet på tenester i barnehagar og skular. Ørskog kommune skal sikrast tenester med fokus på kvalitet og service PP-tenesta er tilgjengeleg og bidreg til heilheit og samanheng PP-tenesta skal, i samarbeid med det øvrige lokale hjelpeapparatet og andre instansar, vere tilgjengeleg for brukarane. Når foreldre er urolige, skal dei oppleve at bekymringane deira blir tatt på alvor og at barnet sine behov vert vurdert av kompetente fagfolk. PP-tenesta er ei fagleg kompetent teneste i alle kommunar. PP-tenesta skal yte gode tenester til innbyggjarane i kommunen. Ein må arbeide for å kunne behalde dei årsverk som er ved kontoret, slik at ein sikrar stabilitet og ei fagsamansetjing som kan yte dei tenester som er kravd. PP-tenesta skal bidra til heilheit og samanheng i tiltak overfor barn, unge og vaksne med behov for spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning. Gjennom tverrfagleg samarbeid og fokus på systemarbeid, skal PPT arbeide for at innbyggjarane i kommunen er sikra riktig hjelp til riktig tid. PPT skal sikre vaksne som har rett til spesialundervisning for vaksne slik hjelp. Ørskog kommune sine medarbeidarar er motiverte og arbeider saman mot felles mål PPT skal kontinuerleg arbeide systematisk med organisasjonsutvikling Medarbeidarsamtalar skal gjennomførast to Tilsette ved kontoret skal ha gode arbeidstilhøve. Ørskog kommunen sine interne prosessar og rutinar er hensiktsmessige og effektive PPT skal til ei kvar tid ha oppdatert systemhandbok med prosedyrar for all sakshandsaming. PPT skal kontinuerleg arbeide for å sikre gode tenester Einingsleiar samarbeider med dei andre einingsleiarane for å sikre gode administrative rutinar i Ørskog kommune. PPT skal gjennomføre internkontroll i tråd med lovpålagte føringar. Ørskog kommune sine medarbeidarar bidreg til endring og fornying Dei tilsette ved PPT skal til ei kvar tid halde seg oppdaterte i høve lovar og reglar knytt til fagfeltet. Dei tilsette skal få moglegheit til fordjuping innan aktuelle fagfelt. Dei tilsette tek del i kurs og opplæring som er nyttige for å sikre gode tenester. Internt samarbeid med fokus på kollegarettleiing og erfaringsdeling vert vektlagt gjennom faste samarbeidsrutinar. 2
Hovudtariffavtalen Dei tilsette ved Storfjorden PPT har høg utdanning. For å halde på det gode fagmiljøet og sikre framleis gode tenester frå kontoret, må dei tilsette vere sikra ei løn minst tilsvarande det dei ville ha fått i ei samanliknbar stilling, t.d. undervisningsstilling som lektor med tilleggsutdanning. Kvar vil vi? Eininga sine utfordringar i 2018 Område Kort grunngjeving Systemarbeid PPT skal hjelpe skular og barnehagar med kompetanse- og Samarbeid med skuleeigar organisasjonsutvikling. PPT ønskjer å ta del i dette arbeidet, og vil gjerne og skuleleiing samarbeide med skuleeigar for å avklare roller og finne vår plass i ulike satsingsområde for barnehagar og skular. Vi vil arbeide for å hjelpe barnehagar og skular i organisasjonsutvikling, og eit nært samarbeid med skule-/bhg-eigar og leiing er avgjerande. Tilpassa opplæring PPT vil hjelpe skulane i å auke kvaliteten på den ordinære opplæringa. Med god tilpassa opplæring vil behovet for spesialundervisning verte mindre. Samarbeid Mange barn og elevar har vanskar i si utvikling og læring. Sakene er ofte komplekse og ressurskrevjande. Desse sakene krev tett tverretatleg og tverrfagleg samarbeid, sidan vanskane ofte ikkje kan løysast etter Opplæringslova åleine. Psykisk helse/mobbing Klassemiljø Klasseleiing Vi ser i aukande grad at barn og unge har vanskar innan psykisk helse. Dei tilsette ved Storfjorden PPT har tatt del i kompetanseheving saman med PPTkontora i Møre og Romsdal og Læringsmiljøsenteret i Stavanger. Vi vil arbeide vidare saman med skular og barnehagar for å innarbeide gode rutinar for førebyggande arbeid, avdekking og oppfølging av mobbesaker. Ungdomstrinn i utvikling Logoped Nettverk Tolk Dataløysingar Kommunereforma PPT skal hjelpe skulane med organisasjonsutvikling. Alle skulane i vårt område arbeider no med i «ungdomstrinn i utvikling». PPT ønskjer å vere ein aktiv samarbeidspartnar for skuleeigar, skuleleiing og lærarar. Det er ei lovpålagt oppgåve for kommunane å gi innbyggjarane logopedhjelp når dei har rett til dette etter Opplæringslova. Storfjorden PPT har no fått tilsett logoped i 40% stilling ved kontoret. Vi må arbeide vidare for å utarbeide gode rutinar for logopeden sitt arbeid og sikre innbyggjarane den lovpålagte retten til logoped. Vi må samarbeide for å finne tenelege løysingar for tilsette i skular og barnehagar som skal gjennomføre logopedhjelpa. Storfjorden PPT inviterer tilsette i barnehagar og skular til samarbeid i ulike nettverk. Dette arbeidet er viktig og nyttig for erfaringsdeling og auka kvalitet i det pedagogiske arbeidet. PPT vil halde fram med dette arbeidet i 2018. Vi ser eit aukande behov for bruk av tolk. Dette gjeld både arbeidsinnvandring og flyktningar. Behov for tolk er til stade både ved møte, kartlegging og rettleiing både på individ- og systemnivå. Storfjorden PPT er eit interkommunalt kontor og har behov for gode dataløysingar. På grunn av sentralisering av PPT sine støttespelarar som t.d. Statped, er vi avhengige av gode løysingar for kommunikasjon og rettleiing. Dette må prioriterast i 2018. Frå januar 2020 vil Ørskog og Skodje vere ein del av nye Ålesund. Dette får følgjer for det interkommunale kontoret vårt. Vi vil arbeide aktivt med dei nye samarbeidskommunane våre for å finne gode løysingar for dei tenestene PPT skal yte og for dei tilsette ved kontoret. 3
Kvar vil vi? Eininga sine utfordringar i økonomiplanperioden 2018-2021 Område Datakommunikasjon Leigeavtale kommunereform Kort grunngjeving PPT treng gode løysingar for alle sine tilsette. Vi treng videokonferanseutstyr både for små og store grupper. Dei tilsette treng å kunne logge på fagsystemet også når dei ikkje er på kontoret. Dette må prioriterast i 2018 og vil gi ekstra utgifter for kontoret. Det er underskrive leigeavtale med Ørskog sparebank fram til 2025. Kommunesamanslåing vil føre til endringar for kontoret. Dette må takast omsyn til i vidare planlegging. Dette skal vi slutte med/gjere mindre av Område Individsaker Administrasjon Fordeling av oppgåver. Kort grunngjeving Nasjonale føringar legg vekt på å få ned tal på elevar som får rett til spesialundervisning. Med meir fokus på systemarbeid/organisasjonsutvikling og førebyggjande arbeid, håper vi på lang sikt å oppnå dette. Leiar ved PPT har ikkje ein definert administrasjonsressurs. Å vere leiar for eit interkommunalt kontor krev at ein har gode rutinar på samarbeidet og er effektiv i ressursbruken. Leiar og sekretær ved kontoret må samarbeide for å fordele arbeidsoppgåver, slik at tenester blir levert på ein fagleg forsvarleg måte. 4
Konkretisering av eininga sine mål og tiltak i 2018: A. Brukarane Medverke til at barn/ unge og vaksen med særlege behov får tilrettelagt best moglege vilkår for opplæring, personleg- og sosial utvikling. Satsingsområde Mål Førebyggjan de arbeid og tidleg innsats Systemretta arbeid Rådgjeving til brukar og føresette Råd og rettleiing til samarbeidsi nstansar Sakkunnig vurdering om rett / ikkje rett til spesialunder visning Status Tiltak Konsekvens /kostnad Dei tilsette i skular og barnehagar er avgjerande for kvaliteten på tenestene. PPT har ei lovpålagt oppgåve å hjelpe skular og barnehagar med organisasjonsutvikl ing. Nasjonale føringar viser at PPT skal Auka kompetanse blant dei som er nærast barna vil avhjelpe vanskar. Eit tverrfagleg støtteapparat vil i større grad sikre barn og unge eit godt tilbod. Barn og unge som ikkje har utbytte av ordinær opplæring, har rett til spesialundervisning / spesialpedagogisk hjelp. PPT samarbeider med skular og barnehagar med rettleiing og kompetanseheving. For å gi barn og elevar best mogleg hjelp, må vi sjå på systemet som barne/eleven skal fungere i. Ved å arbeide systemretta, kan vi hjelpe dei som arbeider rundt barnet/eleven PPT tek del i foreldremøte og personalmøte med faglege innspel og kompetanseheving. PPT deltek i fleire tverrfaglege samarbeid for å sikre heilskaplege tenester til innbyggjarane i kommunen. PPT skal sikre barn og unge dei rettar dei har etter Opplæringslov. PPT arbeider kontinuerleg med individsaker etter utarbeidde prosedyrar. Auka kompetanse blant dei som er nærast barna og elevane vil vere med på å avhjelpe vanskar før vanskane vert meir omfattande. Auka kompetanse blant dei som er nærast barna og elevane vil vere med på å avhjelpe vanskar før vanskane vert meir omfattande. Samarbeid mellom dei som skal yte tenester til barn og unge i kommunen, vil sikre ei heilskapleg tilnærming og riktige tiltak. Rask og riktig sakshandsaming med høg kvalitet, vil avhjelpe vanskar før dei vert for omfattande og vere med på å gi barn og unge betre moglegheiter for god utvikling. Evaluering Ansvar, frist I etterkant av samarbeid/ prosjekt. I etterkant av samarbeid/ prosjekt.. 5
Medarbeidarar/ HMS/ IA Ressursane ved kontoret blir vidareutvikla og disponerte slik at brukarane blir sikra effektiv PPteneste av høg kvalitet, og personalet får gode arbeidsforhold med høve til fagleg og personleg utvikling. Satsingsområde Mål HMS-mål IA-mål Kompetansemål Status Tiltak Konsekvens/ kostnad PPT har nye og tidsriktige kontorlokale med gode arbeidsforhold. Lågt sjukefråvær ved kontoret. Stabil personalgruppe Dei tilsette ved Storfjorden PPT har svært høg fagleg kompetanse. Kontoret gir gode tenester. Sikre dei tilsette gode arbeidstilhøve. Følgje prosedyrar for internkontroll. arbeid med organisasjonsutvi kling. Medarbeidarsamt alar. Internkontrollruti nar. Arbeide for å sikre nok årsverk slik at ein framleis kan sikre ei fagleg svært god teneste og ei stabil personalgruppe. Gode arbeidstilhøve er viktig for arbeidsmiljøet. Godt arbeidsmiljø er avgjerande for at PPT skal yte gode tenester. Tidleg innsats og gode tenester vil gjere at ein avhjelpe vanskar før dei vert for omfattande. Stabil personalgruppe er viktig både for tenestene ein skal yte og for arbeidsmiljøet. Evaluering Ansvar, frist 6
B. Økonomi Satsingsområde Mål Driftsbudsjettet Mål: Halde drifta innafor tildelte budsjettrammer i årsbudsjettet. Investeringsbudsjettet Status Tiltak Konsekvens/ kostnad Driftsutgifter ved kontoret er i all hovudsak knytt til personalkostnader. Lønsvekst og sterk auka i pensjonskostander gjer at PPT får auka driftsutgifter. Auke i driftskostnadane skuldast at PPT no er pålagt fordeling av felleskostnader knytt til IKT, etter føringar frå vertskommunen. Dei andre postane er omtrent på same nivå som tidlegare år. Sidan PPT er interkommunal får vi ikkje melde inn behov for investeringar. Dette gjer at vi må ta alle kostnader på driftsbudsjettet. Med dei rammene vi har for drift, er det ikkje mogleg å gjennomføre investeringar. Sikre økonomiske rammer som gjer at ein halde på dei årsverka som er ved kontoret. Utarbeide eit budsjett som sikrar PPT naudsynte investeringar. Ei fagleg dyktig og stabil personalgruppe vil sikre gode tenester frå kontoret, noko som igjen vil kunne avhjelpe vanskar før dei vert for omfattande. Samarbeidskomm unane må budsjettere med at også PPT har behov for å investere, t.d. innan IKT og kontorutstyr etter HMSkartleggingar. Evaluering Ansvar, frist e og ved øknomirapporteringar etter vertskommunen sine fristar. Snarast 7
C. Lokalsamfunnet Satsingsområde Mål Mål: Fremje helse i befolkinga og motverke sosiale helseskilnader (folkehelse). Status Tiltak Konsekvens/kostnad Evaluering Ansvar, frist PPT arbeider systemretta for å auke kompetansen til føresette og tilsette i barnehage og skule for å kunne avhjelpe vanskar så tidleg som mogleg. Delta i tverrfagleg samarbeid, faglege innlegg på foreldremøte og personalmøte. Auka kompetanse blant viktige nærpersonar og tidleg innsats, vil tene både den einskilde og samfunnet. og i etterkant av dei ulike prosjekta. Oppsummering Med det budsjettframlegget som ligg føre, kan PPT vidareføre drifta på same nivå som i 2017. Det er viktig å arbeide for å klare å halde på det fagmiljøet som er ved kontoret og sikre dei gode tenesetene som kontoret gir. Solfrid Stavdal - einingsleiar - 8