Abonnementsvilkår. Abonnementsvilkår Sognenett AS, gjeld frå 01.07.2013 1 Omfang



Like dokumenter
Webhotell, e-post og webløysing vilkår

KONTRAKT OM BEDRIFTSHELSETENESTE MELLOM VÅGSØY KOMMUNE OG

Føretak: (heretter kalla mottakaren) Telefonnummer: Postnummer: Poststad: Organisasjonsnummer: E-postadresse:

FORSLAG TIL KONTRAKT. Granvin herad. Vedlegg 4.

(gjeldende fra 1. August 2013)

Abonnementsvilkår for Bedrift

ABONNEMENTSVILKÅR MYNET INTERNETT (gjeldene fra august 2015)

Kjøp av sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet

E-post hosting betingelser

ABONNEMENTSVILKÅR. 1.1 Gyldighetsområde De her angitte vilkår regulerer kundens tilgang til og bruk av kabel-tv levert av Alpin Infra AS.

FORSLAG TIL KONTRAKT

Abonnementsvilkår for Rauma Energi Bredbånd

ALMINNELIGE VILKÅR FOR POWERTECH INFORMATION SYSTEMS AS xdsl - PRIVATABONNEMENT (Gyldig f.o.m )

FORSLAG TIL KONTRAKT. Eidfjord kommune. Vedlegg 4.

RAMMEAVTALE KJØP AV TOLKETENESTER. Vedlegg 9. mellom. .. KOMMUNE og. Avtalen er underteikna i to eksemplar, der kvar av partane får eitt eksemplar.

Abonnementsvilkår for Tussa Telefoni

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

Rammeavtale. Om levering av entreprenørtenester. mellom Lindås kommune og. [Lindås kommune sin representant]

Tilgangskontroll i arbeidslivet

RAMMEAVTALE. Mellom. Leverandør : kommune har i dag inngått følgande avtale om levering av

IKT-reglement for Møre og Romsdal fylkeskommune

ABONNEMENTSVILKÅR FOR AS DISTRIKTSNETT: (gjeldende fra 25. mars 2013)

1. Definisjonar og omfang 1.1 Kunden blir kalla Abonnenten, Get blir kalla Leverandøren og Tussa IKT blir kalla Distributøren.

Forbrukerrådets husleiekontrakt

Abonnementsvilkår for Private kunder av REB

GENERELLE VILKÅR FOR TENESTEKJØP

STANDARD KRAFTLEVERINGSAVTALE - PRIVATKUNDAR 1 Allmenne VILKÅR

Bruksvilkår for Enivest Sikker Lagring

Hordaland fylkeskommune 5020 BERGEN. har blitt samde om vilkåra i denne kontrakten om levering av: Drift og vedlikehald av billettautomatar

AVTALEDOKUMENT. mellom. Lærdal kommune som tildelar av offentleg støtte. [namn på leverandør] som Leverandør

FORSKRIFT OM VASS- OG AVLAUPSGEBYR I MELAND KOMMUNE

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINE FOR TENESTETELEFON

ELLERS FØLG DRIFTSMELDINGER PÅ VÅRE NETTSIDER KTECH AS STILLER MED VAKTTELEFON FRA HVERDAGER OG

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

KJØPEKONTRAKT MELLOM EID KOMMUNE (SELJAR) [ ] (KJØPAR) VEDRØRANDE SAL AV EIGEDOMMEN GNR. 44, BNR XX I EID KOMMUNE

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

RAMMEAVTALE NR. Denne rammeavtalen er inngått mellom: xx kommune.... heretter kalla leverandøren

Kontrakt. Orienteringsdesign. Kontrakten gjeld: Kontrakt mellom: SKYSS (heretter kalla oppdragsgjevar) (heretter kalla leverandør) Bergen den.

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Avtalevilkår for Egoria Televakt

SAMNANGER KOMMUNE. IKT-reglement. for tilsette i Samnanger kommune. Vedteke av rådmannen Gjeld frå

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Retningslinjer for. Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland

Forskrift om vass- og avlaupsgebyr i Fræna kommune

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

AVTALEVILKÅR FOR TUSSA BREIBAND Generelle abonnementsvilkår - Bedrift

LEIGEAVTALE. Voss krisesenter skal nytta bustaden som krisesenter fram til xx.xx.201x

STANDARD AVTALEVILKÅR TENESTEKJØP

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

3.4.2 Overdragelse fra Nordix 1 GYLDIGHETSOMRÅDE

Orienteringsbrev om regelverket ved sal av abonnementsavtalar

RETNINGSLINER FOR GRUNNRETTAR TIL HØGSPENTANLEGG I KVINNHERAD ENERGI AS (KE) SITT FORSYNINGSOMRÅDE.

Standard abonnementsvilkår for Modum Kabel-TV AS, gjeldende pr 1. desember 2013

Styresak Anne Hilde Bjøntegård Verksemdoverdraging Eidfjord ambulansestasjon

TURNE MED I SOGN OG FJORDANE

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fast eiendom «som den er»

Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

Gyldig fra dato: AVTALEVILKÅR FOR BREDBÅND BEDRIFT FIBER

Standard avtale for Levering av elektrisk kraft

1 Generelle vilkår for SIM sine tilbodskonkurransar

UTBYGGINGSAVTALE. 1.2 Geografisk avgrensing Avtala omfattar areal vist på vedlagt kart, datert , ihht. vedlegg 2.

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

AVTALE OM REVISJONSTENESTER

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland. Gjeldande frå 1. mars 2009

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

KONKURRANSEGRUNNLAG. Levering og lagring av strøsand. Tilbudsfrist: Kl Eigenerklæring om helse, miljø og tryggleik.

har blitt samde om vilkåra i denne kontrakten om levering av: .til i Hordaland fylkeskommune

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Nettariffar gjeldande fra

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Rådgjevarkonferanse 2009

Husleigekontrakt. Les meir om leige av bustad på

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

FITJAR KOMMUNE FØRESPURNAD VINTERVEDLIKEHALD KOMMUNALE VEGAR INNHALD 1. INNLEIING SIDE 2 2. OMFANG SIDE 2 3. DOKUMENTOVERSYN SIDE 2

Rutine for varsling FORORD. Vedteke i kommunestyret den

REGLEMENT FOR LEIGE AV KOMMUNAL EIGEDOM OG FOR HANDEL UTANOM FAST UTSTALSSTAD FRÅ KOMMUNAL EIGEDOM

Søknad om Anbodsgaranti

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Bruk av reiserekning i Agresso

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Rammeavtale. mellom. Leverandør. Lærdal Kommune. Entreprenørtenester

STANDARDVILKÅR FOR FORBRUKER

Formidling av kontraktsposisjonar

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Vilkår / Salgsbetingelser Chaga Company

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

VASS- OG AVLØPSAVGIFTER

Leveransen -Prosjektføremål.

Følgjande bruksareal og vassforbruk skal leggjast til grunn for stipulert forbruk:

SANDE KOMMUNE. Konkurransegrunnlag Del I. Anbodskonkurranse med forhandlingar. Vintervedlikehald. Kunngjort i DOFFIN-basen Kunngjering

Transkript:

Abonnementsvilkår Abonnementsvilkår Sognenett AS, gjeld frå 01.07.2013 1 Omfang Desse abonnementsvilkår (heretter kalla Abonnementsvilkåra) gjeld for abonnement på tenester levert av Sognenett AS (heretter kalla Sognenett), uavhengig av om kundeforholdet er etablert gjennom direkte kontakt mellom Sognenett og Kunden (Sluttbrukar), eller via forhandlar (som på vegne av Sognenett forhandlar tenestene). Avtalen gjeld for alle våre kundar uavhengig av type abonnement. 2 Partar Alle myndige personar og juridiske personar kan abonnere på tenester levert av Sognenett (i desse abonnementsvilkåra kalla Kunde). Det kan bli føreteke rutinemessig kredittvurdering av nye Kundar. Sognenett kan i denne samanheng hente inn opplysningar frå offentlege kjelder og kredittopplysningsføretak. Sognenett har rett til å ikkje levera tenester utan ytterlegare grunngjeving. 3 Abonnement Eit abonnement gjev kunden tilgang til ei operatøraksesslinje og bestilt teneste (heretter kalla abonnementet). Rettar og plikter knytt til abonnementet er regulert i desse abonnementsvilkår (heretter kalla abonnementsvilkåra). 3.1 Varigheit bindingstid: Privatkundar Dersom ikkje noko anna er avtalt skriftleg med Sognenett, gjeld vanleg bindingstid på 12 månadar som privatkunde, i frå oppkopling på tenesta. 3.1 Varigheit bindingstid: Bedrift/Næringsverksemd Bedrifter/Næringsverksemd har 24 månadars binding, med mindre anna skriftleg avtale med Sognenett er gjort. 4 Føresetnad for abonnement Leveranse frå Sognenett føreset at det de facto er mogeleg for Sognenett å levere, basert på Sognenett sin eigen og andre sin infrastruktur. Når det gjeld xdsl må sentral ha ADSL2+ eller G.SHDSL utstyr frå Sognenett. Sognenett gjer merksam på at Telenor i avtale med Sognenett har fastsett at tilkoplinga ikkje er endeleg før montør har vore ute hos kunden og sjekka kapasiteten i koparkabelen. Telenor kan avvise Sognenett sin tinging av koparpar dersom det ikkje er kapasitet i aksess- og transportnett. 5 Angrerett Ved kjøp av tenester over Internett har Kunde som er ein fysisk person, og som ikkje hovudsakeleg handlar som næringsverksemd (heretter kalla Forbrukar), rett til å gå frå avtalen utan å gje opp nokon grunn innan fjorten (14) dagar etter at Sognenett AS har fylt si opplysningsplikt iht. angrerettlova og at angrerettskjema er motteke. Dersom Sognenett ikkje fyller si opplysningsplikt, er fristen likevel ute 3 månader etter at avtalen vart inngått. Dersom det er opplysningar om angreretten som manglar, herunder at angreskjema ikkje vert overlevert, er fristen ute etter eit (1) år.

Forbrukar må gje melding til Sognenett innan fristen dersom angreretten skal kunne nyttast. Fristen er overhalden dersom melding er sendt innan utløpet av den dagen fristen går ut. Då tenestene etter denne avtalen skal starta før utløpet av angrefristen, er forbrukar ved bruk av angreretten pliktig å betale for den delen av tenestene som er utført, for installering inkludert materiell som er gått med. Utstyr som er levert til forbrukar skal snarast returnerast til Sognenett. Returkostnader skal belastast kunde med mindre tenesteytar har misleghalde avtalen. 6 Annullering av ordre for bedrifter og offentleg verksemd Annullering skal skje pr. brev eller e-post til Sognenett. Avhengig av når annulleringa finn stad vil det påføra kunden ulike kostnader slik: Annullering før tilsendt modem jfr. gjeldande prisliste. Annullering etter at modem er sendt ut frå Sognenett er å sjå som vanleg oppseiing, sjå punkt 22. 6.1 Flytting Kunden kan flytte tilkoplinga si dersom Sognenett kan levera til ny adresse. Dersom det ikkje er mogeleg for Sognenett å flytte tilkoplinga, eller dersom det ikkje er mogeleg å oppnå same hastigheit på ny adresse og kunden difor ynskjer å seie opp tenesta, vert det rekna som ei vanleg oppseiing. Ved flytting av tilkopling må kunden ta med seg modem og sjølv stå for oppkopling på ny adresse. Alternativt kan Sognenett flytta tilkoplinga jfr. gjeldande prisliste. 6.2 Riving, byggjearbeid eller vedlikehald av bustad - unytta abonnement Kunden si bindingstid fell ikkje bort sjølv om kunden i delar av bindingstid koplar seg frå modemet grunna byggearbeid, sesongarbeid, eigne feriar eller anna. Oppseiing som skuldast ovannemnde tilhøve er å sjå som ei vanleg oppseiing. 7 Nytt abonnement 7.1 Tinging av abonnement Abonnement kan tingast elektronisk via selskapet sin nettstad (www.sognenett.no), kundesenteret eller via forhandlar. Kunden har ved tinging akseptert Abonnementsvilkåra og er då bunden til avtalen mellom Sognenett AS og Kunden (heretter kalla Avtalen). Avtalen mellom Sognenett og Kunden om levering av tenester inneheld: Kunden si tinging elektronisk på Sognenett sine heimesider, e-post eller anna tinging jfr pkt 7.1, herunder Abonnementsvilkåra. Sognenett si ordrekvittering. Sognenett si stadfesting av ordre. Sognenett si ferdigmelding. Eventuelle særlege skriftlege avtalar mellom Sognenett og Kunden. Kunden skal ved tinging gje opplysningar om si juridiske ansvarlege adresse, fakturaadresse, installasjonsadresse, og kontaktperson for installasjon av abonnementet og dei opplysningar som elles er nødvendige for å effektuere tinginga. 7.2 Montering av ADSL2+ eller G.SHDSL samband Når Sognenett mottek dato for montering/installasjon frå Telenor, vil Kunden få stadfesting av ordre frå Sognenett. Kunden kan henta modem på avtala stad eller kan få modemet sendt pr. post, jfr. gjeldande prisliste eller han kan tinga hjelp til installasjonen.

Kunden pliktar då å stille med oppgjeven kontaktperson på den installasjonsdato som ein er vorten einige om. Dersom kontaktperson ikkje kan stilla, skal Sognenett ha melding seinast innan 5 verkedagar før installasjonsdato. Bomtur vert belasta kunden jfr. gjeldande prisliste. Kontaktperson må kunne gje montør eksakt informasjon om kvar xdsl linja er terminert (kvar telefonlinja kjem inn i huset). Dersom kontaktperson ikkje kan gje montør eksakt beskjed om termineringspunkt, vil det verte rekna som bomturfor montøren, og Kunden vert belasta eit gebyr jfr. gjeldande prisliste. 7.2.1 Montering av trådlaust samband Kunden vil få stadfesting av ordre. Installasjon frå Sognenett er obligatorisk. Kunden pliktar då å stille med oppgitt kontaktperson på den installasjonsdatoen som er avtala. Dersom kontaktpersonen ikkje kan stilla, skal Sognenett ha melding seinast innan 5 verkedagar før installasjonsdato. Bomtur vert belasta kunden jfr. gjeldande prisliste. 7.2.2.Montering av fibertilknyting Kunden vil få stadfesting av ordre. Etter at alt nødvendig utstyr er på plass hjå leverandør skal dato for installasjon avtalast med Kunde. Kunden pliktar då å stille med oppgitt kontaktperson på den installasjonsdato som ein er avtala. Dersom kontaktpersonen ikkje kan stilla, skal Sognenett ha melding seinast innan 5 verkedagar før installasjonsdato. Bomtur vert belasta kunden jfr. gjeldande prisliste. For Fiber Til Heimen(FTH): Sjå eigne vilkår knytt spesifikt mot leveranse av Fiber Til Heimen. 7.3 Kunden sitt data/kommunikasjonsutstyr - installasjon mm Kunden er sjølv ansvarleg for installasjon, oppkopling og konfigurasjon av eige utstyr som er nødvendig for å nytta tenestene frå Sognenett med mindre anna er skriftleg avtala med Sognenett. 8 Overdraging og endringar 8.1 Overdraging frå Kunden Kunden kan overdraga abonnementet til andre føresett godkjenning frå Sognenett. Kunden må skriftleg informere Sognenett om overdraginga. Skriftleg informasjon til Sognenett om overdraging må innehalde signatur både av den som overdreg abonnementet og den som overtek abonnementet. Den som overtek abonnementet stadfestar ved signaturen sin å ha lest og godteke abonnementsvilkåra. Før overdraginga kan finne stad, må alle uteståande fordringar i vere betalt. Ved overdraging kjem normal etableringsavgift jfr. gjeldande prisliste. Ved dødsfall kan abonnementet kostnadsfritt verte overført til husstandsmedlem av avdøde. Ved samlivsbrot, separasjon og skilsmisse kan abonnementet disponerast av den ektefellen som er registrert som kunde. Abonnement kan kostnadsfritt overdragast til ektefelle eller sambuar når den registrerte Kunden enten har gjeve skriftleg samtykke, eller har flytta. 8.2 Overdraging frå Sognenett Sognenett kan overdra sine rettar og plikter i abonnementsforholdet til andre selskap. 8.3 Endringar Adresseendringar og endringar i andre tilhøve som er avgjerande for abonnementet, må meldast skriftleg til Sognenett snarast. 9 Avgrensingar i bruk av Sognenett sine tenester

9.1 Vidaresal av Sognenett sine tenester Tenesta frå Sognenett er for ein husstand, eller ei verksemd. Vidaresal av tenester levert av Sognenett er ikkje tillete med mindre det ligg føre skriftleg løyve frå Sognenett. 9.2 Kommersiell verksemd på private abonnement Det er ikkje høve til å bruke privatlinjer til kommersielle føremål, eksempelvis serverar og anna verksemd på linja som er av kommersiell art med mindre skriftleg løyve føreligg frå Sognenett. 10 Prisar Prisar for oppstart og kapasitet av tenesta går fram av Sognenett sine heimesider (www.sognenett.no). Sognenett har rett til å endre prisane frå og med ein månad etter at varsel er gjeve på www.sognenett.no Kunden betalar porto og ekspedisjonsgebyr når Sognenett sender ut kundeutstyr, jfr. gjeldande prisliste. Prisendringar innanfor den bindingstida som går fram av Sognenett si ordrestadfesting til Kunden (heretter kalla Bindingstida) føresett endring i dei underliggjande prisane for den tenesta som vert omfatta av Kunden sitt abonnement. 11 Kunden - betalingsansvar og reklamasjon Den som er registrert som Kunde hos Sognenett, er ansvarleg for betaling av dei tenestene som vert levert i høve til avtalen. Ansvaret omfattar også andre, inkludert uvedkommande sin bruk av Kunden sitt abonnement. Dersom Kunden meiner at tilsendt faktura er feil, må han reklamere skriftleg snarast og seinast innan 10 kalenderdagar etter utsendt faktura til post@sognenett.no 12 Sognenett - faktureringsrutinar Sognenett fakturerer kvartalsvis på forskot. Første faktura inkluderer også eventuell etableringsavgift og andre avtala oppstartskostnader for tenesta, samt abonnementsavgift frå ferdigmeldingsdatoen. Sognenett sender Kunden faktura som gjev oversikt over den leverte tenesta, sum som skal betalast og fristen for betaling. Alle kundar som ikkje nytta seg av efaktura, vert belasta med fakturagebyr, jfr gjeldane satsar. 13 Teieplikt Sognenett og tilsette i Sognenett pliktar i medhald av ekomlova 2-9 å halda teieplikt om opplysningar gjeldande Kunden sin bruk av teletenestene og om innhaldet i Kundens telekommunikasjon. Slike opplysningar kan likevel utleverast med Kunden sitt samtykkje, eller gjevast til domstolane, påtalemyndigheit eller anna offentleg myndigheit når Sognenett er rettsleg plikta til å utlevere slik informasjon. 14 Godkjenning av avtale Siste versjon av abonnementsavtalen ligg ute på www.sognenett.no. Event. endringar vil verte kunngjorde med ein månads varsel. 15 Tilknyting av utstyr til telenettet For å unngå skade på telenettet eller ulempe for andre brukarar, skal utstyr som er knytt til telenettet tilfredsstilla dei krav som til ei kvar tid er fastsett av telemyndigheitene (IEEE 802.3 K avsnitt 14 eller IEEE802.5). Kunden er ansvarleg for at utstyr som han, eller nokon han svarar for, koplar til nettet. Dersom Kunden er i tvil, pliktar Kunden å avklare dette med Sognenett.

16 Tilknytning til nettet - xdsl-kundar Sognenett sørgjer for framføring av linje fram til Nettermineringspunkt (NTP). NTP vert definert som overgangen mellom Telenor sitt nett og bedriftsinternt/privat nett. NTP kan være plassert utanfor eller umiddelbart etter gjennomslag i mur/vegg i bygning der tenesta er bestilt ("Grunnmursprinsippet"). Dersom Kunden ynskjer ei anna linjeføring eller ruting av tilknytingslinja, dekker Kunden meirkostnadane for dette. Kunden må sørgje for at Sognenett har fri tilkomst fram til NTP og i samband med tilknytingar gje Sognenett fri rett til nødvendige installasjonar og linjeføring på, i og gjennom Kundens sin eigedom. Kunden får inga godtgjering for eventuelle ulempe knytt til installasjonar som må plasserast på Kunden sin eigedom til bruk for kunden si tilknyting. Kunden må sjølv skaffa og kosta framføring og levering av kraft (230VAC) og Kunden er sjølv ansvarleg for tilkopling av 230VAC strøm til modem. Kunden skal forsikra seg om at einkvar som installerer eller utfører service på utstyret hans eller teletekniske linjenett har nødvendige autorisasjon. 16.1 Tilknyting til nettet - Trålause kundar Sognenett leverer sine teneste med Ethernet grensesnitt. I samband med tilknytingar pliktar Kunden å gje Sognenett fri rett til nødvendige installasjonar og linjeføring på, i og gjennom Kundens sin eigedom. Kunden får inga godtgjering for eventuelle ulempe knytt til installasjonar som må plasserast på Kundens eigedom til bruk for tilknytinga hans. Kunden må sjølv skaffa og kosta framføring og levering av kraft (230VAC) og Kunden er sjølv ansvarleg for tilkopling av 230VAC strøm til modem/radiopunkt. Kunden skal forsikra seg om at einkvar som installerer eller utfører service på utstyret hans eller teletekniske linjenett har nødvendige autorisasjon. 17 Leveranse 17.1 Ferdigstilling Leveranse vert rekna som utført når linja er kopla opp, utstyr er sendt frå Sognenett og ferdigmelding er sendt kunden. Dersom kunden oppdagar feil eller manglar ved leveransen pliktar kunden å melde frå innan 14 dagar frå ferdigmelding er sendt. Dersom kunden ikkje overheld denne fristen, vil ein eventuell seinare henvendelse bli registrert som supportsak, og ikkje som leveransesvikt. 17.2 Leveringstid Leveringstida er avhengig av geografisk område. Normalt vil leveringstida være inntil 4-6 veker. Dato for installasjon av linja vil gå fram av ordrestadfestinga som Kunden mottek. Sognenett har ikkje ansvar for leveringsforseinkingar som skuldast tredje part. 18 Atterhald gjeldande produkt og teneste frå Sognenett 18.1 Særlege atterhald om hastigheita Oppgjeven hastigheit er teoretisk maksimalhastigheit mellom abonnenten og Sognenett sitt eige nett. Noko av kapasiteten vert nytta til nødvendig kontrollinformasjon. I periodar med stor belastning på Sognenett sitt nett, kan det være lågare hastigheiter enn den oppgjeve. Hastigheiter vidare ut på internett vert avgrensa av tredjeparts nett for deira internett forbindelse. Sognenett gjev ikkje garantiar for oppnådde hastigheiter. 18.2 "Best effort" prinsippet Hastigheit over 8 Mbps er levert "best effort". Dette betyr at tenesta er sett til å kunne gje hastigheit opp mot det som er oppgjeve, og at modemet prøver å oppnå denne hastigheita. Oppnådd hastigheit vil variera med kvalitet og eigenskapar for Kunden si linje. Faktorar som påverkar er; linjelengde, tal

skøytar, kvalitet på linjer, tjukkelse på linjer, elektrisk leiingsevne, karakteristisk impedans, fuktigheit og temperatur. Ovannemnde er utanfor Sognenett sitt ansvarsområde. 18.3 Atterhald ved lange linjer - xdsl For linjeavstand over 2,9 km er alle produkt levert "best effort" (sjå over). I tilfeller kor det er vesentleg skilnad på oppgjeven og levert hastigheit, kan abonnent velje eit produkt med lågare oppgjeven hastigheit. Om Sognenett ikkje kan levere eit produkt med lågare hastigheit, og kunde er opplyst om minimumshastigheit skriftleg i frå Sognenett som me likevel ikkje er i stand til og levere over tid, kan abonnenten velje og likevel behalde dette produktet «as it is», reforhandle avtala, eller sei opp tenesta utan opphald. 18.4 Leveranse atterhald I enkelte tilfelle kan abonnenten si telefonlinje ikkje brukast for leveranse av DSL tenester. Dette kan skuldast for lang linje, at linje er påmontert anna utstyr, manglande kablar for framføring til sentral, eller andre faktorar som hindrar leveranse. Sognenett tek difor atterhald om leveranse. 18.5 Breidbandstelefoni Kunden vel sjølv leverandør av eventuell breidbandstelefoni. Kundeforholdet for slik breidbandstelefoniteneste kan teiknast mellom Kunden og den leverandør som kunden vel. Sognenett gjev ikkje brukarstøtte for slike tenester. Spørsmål og brukarstøtte knytt til denne tenesta må rettast direkte til kunden sin leverandør av denne tenesta. Sognenett garanterer ikkje kvaliteten på denne tenesta. 18.6 Eige utstyr Utstyr som vert levert saman med tenesta er Sognenett sin eigedom. Kunden er sjølv ansvarleg for å sikre eige utstyr mot overspenning og lyn med eige overspenningsvern. Kunden er også ansvarleg for at utstyrsrom vert stilt til disposisjon med tilfredsstillende strømtilførsel, med et ordinært inneklima utan for høg temperatur og med tilfredsstillende luftfuktigheit. 19 Skade på Kunden sin eigedom Ved montering, installasjon og kabelføring pliktar Sognenett å ta omsyn til Kunden sin eigedom og eigedelar.sognenett pliktar å erstatte dokumentert direkte økonomisk tap som følgje av skade som går utover det som er nødvendig for arbeidet, og som skuldast aktløyse frå Sognenett si side. Sognenett sitt samla ansvar følgjer av pkt. 20.5. 20 Kundeservice Ved eventuelle feilsituasjonar, kan kunden ringe 95 19 22 22. Telefonen er bemanna frå klokka 08:00 til 16:00 på kvardagar. Laurdagar, sundagar og helgedagar er kundesenteret stengt. 20.1 Brukarnamn og passord Kunden kan i nokre tilfeller få tildelt eit brukarnamn og passord ved ferdigstilling av tenesta. Ved tap av passord kan kunden venda seg til kundeservice på tlf. 95 19 22 22 for å få nytt passord. Nytt passord blir sendt via post, faks eller SMS. Pris jfr. gjeldande prisliste. 20.2 Feilmelding Feil skal meldast til Sognenett snarast mogeleg utan ugrunna opphald etter at Kunden oppdaga feilen eller burde ha oppdaga den. Før feil vert meldt, skal Kunden undersøkje om feilen skuldast Kundens eige utstyr:

- Strømtilførsel (230VAC) - Telefon (DSL) kabel fram til splittar (ADSL-kundar) - Cat5 kablar mellom modem (RJ45 kontakt) og Kunden sin PC - Nettverkskort i PC med eventuelt LAN nett (inne nett ned switch router etc.) - Eigen PC med konfigurasjon av nettverkskort, brannmur, og antivirus programvare og bedriftsinternt eller privat nett og utstyr knytt til dette (heretter kalla Kunden sitt Ansvarsområde). 20.3 Feilretting Sognenett skal snarast mogeleg etter å ha blitt kjent med ein mangel ved tenesta, setje i verk tiltak for å rette mangelen. Kunden er sjølv ansvarleg for vedlikehald og feilretting på utstyr som ligg innanfor Kundens sitt Ansvarsområde (jf. pkt. 20.2). Dersom Kunden melder feil, og det viser seg at feilen eller årsaka til denne ligg innanfor Kunden sitt ansvarsområde, har Sognenett rett til å krevje betaling frå Kunden for feilsøking/utrykking og eventuelle oppstarta og/eller utført arbeid jfr. gjeldande prisliste. Retten til å ta i mot feilretting gjeld for alle kundar som har betalt alle forfalne fakturaer frå Sognenett. 20.4 Erstatning 20.4.1 Direkte tap Med mindre anna går fram uttrykkeleg av desse Abonnementsvilkåra, er Sognenett berre ansvarleg for Kunden sine direkte, dokumenterte økonomiske tap som skuldast grov aktløyse frå Sognenett si side. Med direkte tap meiner ein nødvendige og dokumenterte meirutgifter som Kunden er påført som ei direkte følgje av mangelen. 20.4.2 Indirekte tap Sognenett er ikkje ansvarleg for Kunden sine indirekte dokumenterte økonomiske tap som fjølge av manglar, med mindre tapet skuldast grov aktløyse eller føresett frå Sognenett si side. Som indirekte tap regnast mellom anna: a) tap som fjølge av minska eller bortfall av produksjon eller omsetning (driftsavbrot) b) tap som fjølge av at tenesta ikkje kan nyttiggjerast som føresett (avsavn) c) tapt forteneste som fjølge av at ein kontrakt med tredjepart fell bort eller ikkje vert oppfylt. 20.5 Sognenett sitt samla ansvar Det samla erstatningsansvar er under eit kvart omstende avgrensa til kr. 2.000,- for kvar skadegjerande handling. 20.6 Heving, Stenging av nett og erstatningsansvar. Kunden kan med snarleg verknad heve avtalen ved vesentleg misleghald frå Sognenett si side. Som vesentleg misleghald i frå Utleigar(Sognenett AS) er det å anse: 1. Avvik i tenestekvalitet ved til dømes forstyrringar, brot i leveransen eller andre forhold som medfører at abonnenten ikkje mottar tilstrekkeleg signal, blir sett på som ein mangel ved tenesta. Dette gjeld ikkje dersom avviket skuldast abonnenten, abonnenten sitt nett eller andre forhold abonnenten har ansvaret for. Utleigar kan ikkje levere betre kvalitet enn det som følgjer standarden på kabelnettet og kvalitet på motteke signal, og er ikkje ansvarleg for forstyrringar eller forringa kvalitet grunna i slike forhold.

2. Abonnenten kan krevje erstatning for sitt direkte økonomiske tap som skuldast mangel ved tenesta. Dette gjeld likevel ikkje så lenge utleigar godtgjer at mangelen skuldast hindring utanfor hans kontroll, og som han ikkje med rimelegheit kunne ventast å ha tatt i betraktning på avtaletidspunktet eller å unngå eller overvinne følgjene av. Indirekte tap, avleda skader/tap eller følgjeskadar/tap erstattast ikkje i nokon tilfelle. Utleigar er heller ikkje ansvarleg for skade på abonnenten sin person, tredjeperson eller gods. Utleigar sitt samla erstatningsansvar er i eitkvart tilfelle avgrensa til vederlaget jmf 20.5. 21 Misleghald frå Kunden 21.1 Betalingsmisleghald frå Kunden Dersom betaling ikkje er registrert innan 10 kalenderdagar etter forfallsdato, vil purring bli sendt kunden. Dersom Sognenett ikkje har motteke betaling, eller skriftleg klage frå kunden innan 10 kalenderdagar etter forfallsdato på purringa ver tenesta stengt utan vidare varsling. Dersom kunden har bestilt felles rekning for abonnement på fleire tenester, vil stenging normalt omfatte alle abonnementa og tenester lever desse. Ved gjentatt betalingsmisleghald kan Sognenett stenge alle tenester som vert levert kunden, utan vidare varsel eller purring. 21.2 Stenging ved betalingsmisleghald Dersom betaling av abonnement ikkje er registrert innan 10 kalenderdagar etter forfallsdato, og skriftleg klage frå kunde ikkje er motteken av Sognenett innan dette tidspunkt, vil purring bli sendt Kunden. 5 dagar etter 2. gongs purring vil tenesta blir stengt utan vidare varsling. Viss Kunden har bestilt felles regning for abonnement på fleire tenester, vil stenging normalt omfatte alle abonnementa og tenester levert desse. Ved gjentatt betalingsmisleghald kan Sognenett stenge alle tenester som vert levert Kunden utan vidare varsel eller purring. 21.3 Stenging i andre tilfelle Sognenett kan stenge Kundens tilknyting til nettet dersom Kunden bevisst eller ubevisst: a) Nyttar utstyr som ikkje er typegodkjent eller godkjent av Sognenett. b) Opptrer i strid med gjeldande offentlegrettslege reglar for tenester. c) På annan måte grovt misbrukar tenestene. d) Nyttar tenesta til å formidle eller gjere tilgjengeleg innhald som er i strid med norsk lov. e) Overdreg tenesta til tredjemann utan at dette er avklara med Sognenett. f) Utset nettet for "spam", virusangrep, trojanske hestar, "Denial of Service attack" eller liknande. g) Bryt 3. part sine opphavsrettar. Før stenging etter dette pkt. skal Kunden varslast skriftleg og gjevast høve til å uttale seg om forholdet. Varselet skal opplysa om årsaka og fastsette ein frist for å rette opp forholdet. Dersom omsyn til sikkerheit i nettet krev det, kan stenging likevel skje utan førehandsvarsel. Kunden skal i slike tilfeller straks varslast om stenginga. 21.4 Gjenopning Dersom abonnementet er stengt i samsvar med pkt. 21.2 eller 21.3, vil Sognenett gjenopna abonnementet når det grunnen til stenginga er retta opp. Kunden vil bli belasta med eit gebyr for gjenopning jfr. gjeldande prisliste. 21.5 Datahacking m.v. Kunden pliktar seg til ikkje å gjere ulovleg inntrenging i dei dataressursar som tenestene gjev tilgang til, medrekna å søke tilgang til informasjon som er Kunden uvedkommande eller ikkje har rettar til. Det same gjeld andre forsøk på å bryta tryggleiken eller datatrafikken gjennom tenestene.

21.6 Heving Sognenett kan med snarleg verknad heve avtalen ved vesentleg misleghald frå Kunden si side. 21.7 Misbruk av tredjeparts opphavsrettar Kunden skal halde Sognenett skadeslaus for eitkvart krav frå tredjepart som følgje av Kunden sin eigen bruk av tenesta. Kunden skal i slike tilfelle ha rett og plikt til å tre inn i kravet, og gjevast høve til å ta vare på interessene sine. Dersom eit slikt krav vert retta mot Sognenett, skal abonnenten dekke, forutan dei direkte økonomiske tap, også utgifter til bistand for å handtera kravet på ein forsvarleg måte og andre utgifter som står i rimeleg høve til kravet frå tredjemann. 22 Oppseiing Kunden skal sei opp abonnementet med skriftleg varsel. Skriftleg varsel til Sognenett skal skje via e- post til post@sognenett.no. Etter at skriftleg oppseiing er motteken av Sognenett, vil Kunden bli fakturert for event. bindingstid og/eller oppseiingstid. Generell oppseiingstid er ut inneverande månad pluss 1 månad, frå den dagen skriftleg oppseiing er motteken av Sognenett. Kunden må betale for fakturaer utstedt før oppseiinga er motteken. Ved tinging av abonnement frå Sognenett bind kunden seg for ei gitt tid, minimum eit år. Sognenett har rett til å fakturere Kunden fram til bindingstidsperioden er slutt. Etter bindingstidsperioden er slutt, går abonnementet automatisk vidare fram til Sognenett har motteke oppseiing frå Kunden. Kunden kan i bindingstida sei opp abonnementet skiftleg mot å betale eit avbrotsbegyr i jfr. gjeldande prisliste. Kunden må også betale for fakturaer som er knytt til tenesta før slik oppseiing er motteken. 23 Ekstraordinære bruksrestriksjonar I nødssituasjonar, som ved alvorlege truslar mot helse, tryggleik eller miljø, naturkatastrofar, krig eller krigsliknande tilstander, streik eller lockout, og fare for sabotasje mot nett og tenester, har Sognenett rett til å gjennomføre følgjande tiltak som avgrensar bruken av teletenestene: a) avbrot i tenesta; b) avgrensing av tenestefasilitetar; og c) avskjering av tilgang til tenestene for nye kundar. Sognenett har også rett til å setje i verk tiltak som kan føra til avbrot, forstyrrelsar eller endringar i telenettet som vert rekna som nødvendige av tekniske, vedlikehaldsmessige eller driftsmessige årsaker. Sognenett er utan ansvar for kostnader eller tap som Kunden vert råka av som følgje av slike tiltak. Sognenett vil så langt det er teknisk og praktisk muleg varsle om slike tiltak i god tid og gjera sitt yttarste for at ulempa for den enkelte kunde vert minst mogeleg. 24 Kommunikasjon Ei kvar melding etter Abonnementsvilkåra skal sendast skriftleg, enten via e-post eller ordiner post, unntatt frå dette punktet er driftsmeldingar frå Sognenett som vert lagt ut på www.sognenett.no, eller vert varsla pr. SMS eller telefon. Sjå også pkt 23. 25 Endringar i vilkåra Sognenett har rett til å endre vilkåra, som følgje av endringar i lovgjevinga, eller ved innføring av offentlege eller kommunale avgifter. Endringar i vilkåra skal varslast minst ein månad før endringane vert gjeldande. 26 Utstyr Sognenett eig alt utstyr som vert levert som del av abonnementet. Utstyret skal leverast tilbake ved heving av Abonnementsavtalen. Dersom utstyret ikkje vert levert tilbake, kan Sognenett krevje at Kunden dekkjer eit fast kostnad jfr. gjeldande prisliste. Dette svarar til den økonomiske verdien av det utstyret som normalt vert levert Kunden.

27 Dokumentrang Denne avtalen skal gjelde med mindre anna følgjer av særskilt avtale mellom Kunden og Sognenett. 28 Lovval, tvistar og avtala verneting Avtalen mellom Sognenett og Kunden er underlagt og skal tolkast i samsvar med norsk rett. Tvistar mellom Kunden og Sognenett skal søkjast løyst i minnelegheit. Dersom det ikkje let seg gjere, kan kvar av partane bringe tvisten inn for dei ordinere domstolane.