Møteinnkalling Utval: Ar beidsutval et Møtesta d: Svar per e-post, Dato: 2.11.2015 Side 1
Side 2
Sakliste Utval s- saksnr. AU 61/15 AU 62/15 AU 63/15 Innha ld Lukka Ar kiv - saksnr. Godkjenning av saksliste og innkalling Val av eitt AU-medlem til å skrive under protokollen Orienteringssaker AU 64/15 Omdisponering av tiltaksmidlari SVR 2015/4166 AU 65/15 Eventuelt Side 3
VERNEOMRÅDESTYRET FOR SETESDAL VESTHEI, RYFYLKEHEI ANE OG FRAFJORDHEI ANE Saksframlegg Arkivsaksnr: 2015/4166-0 Sakshandsamar: Tarjei Haugen Dato: 23.10.2015 Utval Utval ssak Møtedato Arbeidsutvalget 64/15 02.11.2015 Omdisponering av tiltaksmidlar i SVR Forslag til vedtak Arbeidsutvalet omdisponerer eit underforbruk på prosjektbudsjetta i bestillingsdialogen for 2015 på inntil 45 000 kr. Pengane vert omdisponert til å arbeide vidare med innsamla data under arbeidet med forvaltingsplanen og til utarbeiding av skjøtselplanar for aktuelle lokalitetar i Vest-Agder og Rogaland. Saksopply sninga r Verneområdestyret fekk etter søknad overført 350 000 kr frå Miljødirektoratet til tiltak i 2015. Arbeidsutvalet fordelte midlane på åtte ulike prosjekt i AU-sak 37/15. 50 000 kr vart sett av til å gjennomføre Heiedagane 2015 og 15 000 kr til «Ungdom og lokal heiekultur». Bakgrunnen for forslaget om omdisponeringa er eit underforbruk per 20. oktober på kr 34 092 på budsjettet til Heiedagane og 9 221kr på budsjettet til «Ungdom og lokal heiekultur». Fleire fakturaer som må dekkast over desse budsjettpostane, er ikkje venta. Underforbruket er i all hovudsak eit resultat av at det har vore muleg å føre store delar av utlegget til fagseminaret under Heiedagane på budsjettet til drift av verneområdestyret. Det er alltid seminardelen av Heiedagane som krev mest økonomiske ressursar, og sidan seminaret i høg grad var ei oppfylging av vedtak i verneområdestyret og ein viktig del av prosessen med å vurdere spørsmålet om nasjonalpark i SVR, har det vore muleg å føre utgiftene til denne delen av Heiedagane på budsjettposten til drift av verneområdestyret. Ni av medlemmene i verneområdestyret var med på seminaret. Vurdering Miljødirektoratet løyvde i 2015 200 00 kr til arbeidet med ny forvaltingsplan for SVR. 150 000 kr var sett av til kartlegging/utarbeiding av skjøtselplanar for utvalde lokalitetar Side 4
i Rogaland og Vest-Agder. I Aust- Agder er ei slik kartlegging i gang etter løyving frå kommunar og prioritering av skjønsmiddel frå FMAA. Kartlegginga i Rogaland og Vest- Agder er gjort av Ecofact. Dei har oppdaga ein del verdfulle botaniske lokalitetar i Vest- Agder - mellom anna i Åseral - som dei meiner det bør utarbeidast skjøtselplanar for. Forvaltingssekretariatet har vore involvert i kartleggingsprosessen og er einig i denne vurderinga. Per 20. oktober er det fakturert 113 980 kr til kartlegginga. Etter avtale med Ecofact vil det som står att på prosjektet bli brukt til utarbeiding av skjøtselplanar. Det seier seg likevel sjølv at det er ikkje mykje arbeid ein få gjort for det som står att på prosjektet. Forvaltingssekretariatet meiner at det er svært verdifult å få utarbeidd skjøtselplanar for mange av desse lokalitetane. Kartlegging er viktig og ein føresetnad for kunne vurdere skjøtsel, men det er sjølve skjøtselplanane som legg grunnlaget for å få gjort noko og for å få tatt vare på verneverdiane. Etter vår vurdering er det særleg viktig at dette vert gjennomført i sørområda av SVR der behovet for skjøtsel og arbeid mot attgroing etter alle solemerke er størst. Slike skjøtselplanar er som oftast også ein føresetnad for å offentlege tilskot til rydding, lyngbrenning, slått og anna skjøtsel. Forvaltingssekretariatet vil difor foreslå at AU omdisponerer inntil 45 000 kr til vidare arbeid med innsamla data og utarbeiding av skjøtselplanar for dei kartlagde områda i Vest-Agder. Side 5