Informasjon til deg som bebuar på Nordliheimen. Velkommen som bebuar på Nordliheimen. Denne brosjyra vil gi deg ein del nyttige opplysningar som gjeld opphaldet her.
Tenester Langtidsopphald Når det vert søkt om plass, må det innhentast opplysningar om søkjar. Søknaden vert vurdert i inntaksmøtet og evt vedtak om opphald vert fatta. Pårørande er og ein viktig part i denne prosessen. Dersom du har mottatt tenester frå heimesjukepleie, vil personale derifrå vere med og førebu institusjonsopphaldet. Ved innkomst vil personale ved Nordliheimen invitere til innkomstsamtale med brukar og pårørande. Korttidsopphald Det kan søkjast om korttidsopphald på maksimalt 3 veker. Dette er eit tilbod for dei som kan fungere heime til vanleg. Akutt endring i helsetilstand kan vera grunnlag for å søkje om korttidsopphald. Avlastning Om omsorgsytar har behov for avlastning, kan det søkjast om opphald i maksimalt 3 veker. Søknaden handsamast etter lov om helse og omsorgstenester 3-21. 2
Tilbod Hjelpemidlar Fysioterapeut kan formidla ganghjelpemidlar frå Hjelpemiddelsentralen. Døme på slike er rullator, rullestol, preikestol. Primærkontakt Kvar bebuar får oppnemnd ein primærkontakt som skal vere bindeleddet mellom bebuar og pårørande. Pårørandekontakt Nordliheimen inviterer til pårørandemøte ein gong i året. To pårørande er oppnemnd som kontaktpersonar. Rutinar - Legevisitt kvar onsdag 09.00-12.00 - Årleg legesjekk for alle bebuarane + tilsyn ved behov. Døgnrytme - Dagvakt startar kl: 07.00. - Frukost blir servert kl: 08.45-9.30. -Lunch blir servert kl 12.30 - Middag blir servert kl: 15.30, kvil etter middag for dei som treng det. - Kaffi vert servert like etter middag - Ettermiddagsvakta startar kl: 14.30. - Kveldsmat blir servert i daglegstove og postkjøkken kl: 18.30, dei som treng det, får servert på rommet sitt. - Nattmat/suppe vert servet ca. 20.30, ekstra måltid servers utifrå beburaen sine ønsker og behov. Kveldsvakt og nattevakt serverer ekstramåltid når bebuarane har behov for det. - Nattevakt kl: 21.45 07.00. - Besøkstider: pårørende er velkome heile døgnet. Oppfordrar besøkande til å ta hensyn ved måltid, og at dei oppheld seg på pasientens rom. Dette på grunn av liten plass på postkjøkken, bebuarnae har ulike behov, og vi tilstreber ro og trygghet ved måltida. 3
Bebuar Møblar og inventar på rommet Som bebuar kan du gjerne møblere til ein viss grad med eigne møblar. Avtal med avdelingsjukepleiar før møblering. Vi oppfordrar også til å hengje opp bilete, og eigne gardiner. Personleg økonomi Heimen har safe der dei oppbevarer pengar og fører personleg rekneskap for alle som har levert inn pengar. I kvart tilfelle vert det gjort avtale om korleis pengane skal styrast. Vi ser at bebuarane ikkje har for mykje kontantar liggjande på rommet (max 500,-). Dette er på eige ansvar. Verdisaker/smykker Verdifulle smykke vert nytta på eige ansvar. 4
Tilbod Dagsenteret På dagsenteret er det faste aktivitetar, som bakedag, avislesing, bingo, bilturar, songøkter, trim og diverse hobbyaktivitetar. Presteteneste Regelmessige andaktar på sjukeheimen. Prest kan tilkallast ved behov. Frisør og fotpleie Dette er tilbod bebuarane må koste sjølv. Frisør kjem etter avtale. Fotterapeut ca 1. gong i månaden.. Eige rom er innreia for desse aktivitetane. Tannlækjar Årleg sjekk der tannlækjar kjem og kontrollerer tilstanden på tennene. Den enkelte kan få tannbehandling når dei treng det. Dette er gratis for bebuarane. Tannlekjaren er no på Lindås. Fysioterapeut Fysioterapilokale i underetagen. Fysioterapeut tildeles utifrå behov. Laboratorietenester Dei fleste blodprøver vert tatt på sjukeheimen. 5
Bebuar Merking av alle klede Alle klede MÅ merkast før du kjem inn, bør syast på. Vi kan vera hjelpsame med bestilling av namnelappar. Privat tøy vert vaska på sjukeheimen sitt vaskeri. Toalettsaker Heimen held vanlege toalettsaker. Dersom du vil nytta spesielle merke må du sjølv kosta dette. Elektrisk tannbørste vert anbefalt. Medisinar og hygieneartiklar Nordliheimen held medisinar og medisinske forbruksvarer, og ved korttidsopphald. Spesielle medisinar kan ein gjera eigne avtalar om. Eigne elektriske artiklar Elektriske apparat skal vaktmeister kontrollere før det godkjennes og ha på rommet. TV apparat eldre enn to år, må godkjennast av autorisert firma og kvittering må visast (pga brannsikring). Nordliheimen betalar TV- lisens. Levande lys skal ikkje brukast pga brannfaren. Julebelysning skal ha led pærer. 6
Vederlagsbetaling Kortidsopphald For korttidsopphald på Nordliheimen betaler bebuar f.t. kr 160,- pr døgn. (Vederlagsforskrifta 4) i inntil 60 døgn i kalenderåret. For kortidsopphald utover 60 døgn, vert betalinga som for langtidsopphald. Langtidsopphald For opphald på Nordliheimen vert betalinga rekna ut etter Vederlagsforskrifta 3. Kommunestyret vedtar i samband med kommunen sitt årsbudsjett, kva ein maks kan betala for ein plass. Av inntekt inntil folketrygda sitt grunnbeløp fråtrekt eit fribeløp, vert det kravd 75 %. Av inntekter utover folketrygda sitt grunnbeløp blir det kravd 85 %. Betalinga er basert på årets nettoinntekt. Det er først når likninga ligg føre at den rette inntekta er kjend, difor er betalingsvedtaket i første omgang eit stipulert beløp. Når likninga er ferdig, er det nødvendig med ei etter-/kontrollberekning for å sikre at bebuar har betalt rett vederlag. Kommunen må difor få tilsendt kopi av skatteoppgjeret/utskrift av likning, så vil det bli teke etteroppgjer for å fastsetje rett vederlag. 7
Klage Ein kan klage på vedtak om kortidsopphald, langtidsopphald, avlastning og betalinga for opphaldet, jmf. Lov om helse og omsorgstenester. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen då brevet kom framtil påført adressat. Klaga skal sendast skriftleg til den instansen som har gjort ved taket. Vedtaket det vert klaga over må førast på, og klaga må vera grunngjeven. Monika Kvamme Pleie- og omsorgsleiar Åse T. Låstad Avdelingssjukepleiar 8