Balestrand kommune Permisjonsreglement



Like dokumenter
PERMISJONSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

Jølster kommune Permisjonsreglement Gjeld frå I N N H A L D 1.0 GENERELT PERMISJON VED OPPLÆRINGS- OG UTVIKLINSTILTAK...

Permisjonsreglement Gjeldande frå 15. juni 2011

MELAND KOMMUNE PERMISJONSREGELMENT

Nissedal kommune Rådmann

Permisjonsreglement: Vedteke av kommunestyret i k-sak 30/11 den Saknr. Arkivkode Dato AHE 11/

PERMISJONSREGLEMENT FOR TILSETTE I RADØY KOMMUNE.

SOGNDAL KOMMUNE. Permisjonsreglement. SOGNDAL KOMMUNE Tenestetorg og IKT

Permisjonsreglement Sund kommune

SOGNDAL KOMMUNE. Permisjonsreglement. Vedteke i administrasjonsutvalet Revidert desember 2008, som følgje av endringar i HTA pr.1.5.

5. PERMISJONSVEDTEKTER

1. OMFANG - LØNNSANSIENNITET - FERIEPENGER - PENSJONSMEDLEMSKAP

PERMISJONSREGLEMENT FOR TILSETTE I RADØY KOMMUNE.

P E R M I S J O N S- R E G L E M E N T

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

PERMISJONSREGLEMENT FOR VÅGSØY KOMMUNE. Vedtatt av ADMU 15.september 2005 Sak 003/05

PERMISJONSREGLEMENT FOR AGDENES KOMMUNE

Reglement for godtgjersle for kommunale ombod i Aukra kommune

Permisjonsreglement Vedteke i kommunestyret , sak K 17/64

HATTFJELLDAL KOMMUNE PERMISJONSREGLEMENT

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

SØR-VARANGER KOMMMUNE

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

I punktene 2.1 til 2.7 nedenfor følger veiledende norm /eksempler på permisjonsgrunner for å kunne innvilge lønnede permisjoner :

Permisjonsreglement for Volda kommune

PERMISJONSREGLEMENT FOR BARDU KOMMUNE(VEDTATT I ADM UTVALGET )

PERMISJONSREGLEMENT Endringsdato : Versjon nr: 4 Utarbeidet av: HR-enheten

Permisjonsreglement for Trysil kommune

Permisjonsreglement Bardu kommune 2014

Permisjonsreglement. Færder kirkelige fellesråd

2 Kommunale møte Reglementet gjeld møte i kommunestyre, formannskap, forvaltningsutval og administrasjonsutval, heretter kalla folkevalde organ.

Permisjonsreglement og retningslinjer

Permisjonsreglement Vedteke i kommunestyret , sak K 11/66

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE FOR KOMMUNALE FOLKEVALDE I HAREID KOMMUNE

REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR

VESTNES KOMMUNE. Permisjonsreglement. Politisk behandla: møtedato: utvalgssak:

PERMISJONSREGLEMENT FOR ANSATTE I MARKER KOMMUNE

PERMISJONSREGLEMENT FOR ANSATTE I LEBESBY KOMMUNE. Lebesby kommune

Permisjonsreglement for Norsk Fosterhjemsforening

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL KOMMUNALE FOLKEVALDE I BØMLO

Permisjonar utan løn utover ramma på 12 mnd.

FASTSETT AV KOMMUNESTYRET I SAK 87/15

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Saksprotokoll i Administrasjonsutvalet Behandling: Framlegg utarbeidd i møte: 0 Generelle bestemmelsar

Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest

3.4 Pensjonsordning Ordføraren vert innmeldt i pensjonsordninga for folkevalde i 100 % stilling.

Dokumenttype: Dokumenteigar: Dokumentnummer: Versjon: Gjeld for: Handbok Personalsjef RMKS Personalhandboka

PERMISJONSREGLEMENT HORTEN KIRKELIGE FELLESRÅD

REGLEMENT FOR MØTEGODTGJERSLE, DEKKING AV TAPT ARBEIDSFORTENESTE OG UTGIFTER ELLES I HØVE POLITISKE VERV I VOLDA KOMMUNE.

10/60-14/N-211//AMS

A R B E I D S REGLEMENT

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

Permisjons- Reglement. Revidert av administrasjonsutvalget xx.xx.16.

Øyer kommune PERMISJONSREGLEMENT. Personalhåndboka FORSLAG TIL REVIDERT 1. GENERELT

PERMISJONSREGLEMENT FOR MELDAL KOMMUNE

Permisjonsreglement for ansatte i Vadsø kommune

INNHOLD Svangerskapskontrol, Svangerskapspermisjon Omsorgspermisjon, Fødselspermisjon, Foreldrepermisjon,

Visma web for leiarar sjukefråvær og permisjonar

PERMISJONSREGLEMENT FOR OPPLAND FYLKESKOMMUNE

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Reglement for godtgjersle til folkevalde. Vedteke i kommunestyre sak 21/16.

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

Arbeidsreglement Sund kommune

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

EKSEMPEL PÅ PERMISJONSREGLEMENT Utarbeidet av KA til bruk for KAs medlemmer etter lokalt vedtak

REGLAR FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE, GJELDANDE FOR 2016

Permisjonsreglement Søgne kommune

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL MEDLEMER AV KOMMUNALE NEMNDER, STYRE, RAÅ D OG UTVAL I SULA KOMMUNE

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Dersom arbeidstaker mener det er fattet vedtak i strid med lov- og avtaleverk, kan skriftlig klage fremmes overfor rådmann.

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Geir Inge Lien Leiar SP Randi Bergundhaugen Nestleiar H Astrid Egset Medlem AN

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

ARBEIDSREGLEMENT FOR KVITESEID KOMMUNE Godkjent av administrasjonsutvalet i sak 2/12

Permisjonsreglement. for Dønna kommune. Vedtatt i kommunestyret sak 49/14. Foto: Erlend Haarberg

Reglement for folkevalde sine arbeidsvilkår I SUNNFJORD KOMMUNE Illustrasjon: Gregory Idehen

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Reglement for godtgjering til folkevalde Ørskog kommune

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE FOR PERIODEN

Permisjonsreglement for Leirfjord kommune

REGLEMENT FOR GODTGJERING TIL FOLKEVALDE

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

Steinkjer kommune PERMISJONSREGLEMENT. Vedtatt i administrasjonsutvalget Revidert april 2012

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld.

PERMISJONSREGLEMENT DEANU GIELDA TANA KOMMUNE

PERMISJONSREGLEMENT FOR RØDØY KOMMUNE

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Permisjonsreglement for Oppland fylkeskommune. Vedtatt av administrasjons- og likestillingsutvalget i sak 2/2005

Eventuelle forfall / melding om møtande varamedlem må meldast til Sølvi Legård epost solvi.legard@vaksdal.kommune.no

2. Godtgjersla til ordføraren blir sett til 90 % av løn/godtgjersle til ein stortingsrepresentant slik denne til kvar tid blir vedteken.

Endringar i "Reglement om godtgjersle til folkevalde i Hordaland fylkeskommune"

Endringar i «Reglement om godtgjersle til folkevalde i Hordaland fylkeskommune"

Transkript:

Balestrand kommune Permisjonsreglement Vedteke av administrasjonsutvalet i sak 0003/06 den 07.06.06 0

1. Generelle reglar 1.1 Omfanget av reglementet Reglementet gjeld for alle kommunale arbeidstakarar i eit fast forpliktande arbeidsforhold. Dersom sentrale tariffavtalar inneheld betre vilkår enn det som går fram av dette reglementet, gjeld dei sentralt inngåtte avtalane. For avtaleverket på kommunalt område vert det i dette reglementet nytta nemningane "hovudavtale kommune" og "hovudtariffavtale kommune. Det vert vist til hovudtariffavtalen, fellesføresegnene 1. Med "fast forpliktande arbeidsforhold" er det meint tilsetjingsforhold der det er inngått skriftleg avtale som er fastsett på førehand (også vikariat).. Arbeidstakarar i deltidsstilling får permisjon med løn i høve til storleiken på stillinga. Dette gjeld likevel ikkje i høve til pkt 2.3. I tidsavgrensa arbeidsforhold (t.d. vikariat) vert kvota for løna permisjon fastsett i høve til lengda på tilsetjingstida. 1.2 Lønsansiennitet Permisjon med heil eller delvis løn avbryt ikkje opptening av lønsansiennitet. Det same gjeld sjuke- og fødselspermisjon inntil 1 år og tvungen verneplikt. Permisjon utan løn for å utføre offentleg ombod og ombod i arbeidstakarorganisasjonar vert rekna med i lønsansienniteten. Utdanningspermisjon utan løn vert rekna med i lønsansienniteten med inntil 1 år. Hovudregelen er at løna permisjon ikkje avbryt opptening av lønsansiennitet, men at oppteninga vert avbroten ved uløna permisjonar. 1.3 Feriepengar Løn under permisjon inngår i feriepengegrunnlaget. Dette gjeld ikkje sjukeløn ut over 3 mnd. pr. kalenderår. For sjuke- og fødselspermisjon og pliktig militærteneste vert det vist til 10 i ferielova, jfr folketrygdlova. 2. Permisjon i samband med eigen sjukdom, svangerskap, fødsel og omsorg 1

2.1 Eigen sjukdom Reglar om løn ved eigen sjukdom er gjevne i hovudtariffavtale kommune, fellesføresegnene del 2 og 3, jfr folketrygdlova kap 3. 2.2 Svangerskap, fødsel, adopsjon Ved svangerskap, fødsel og adopsjon vert det gjeve permisjon i.h.t. reglane i arbeidsmiljølova 12.2 12.7, folketrygdlova og hovudtariffavtalen. I tillegg til permisjon med løn har foreldra rett til til saman permisjon utan løn i inntil 3 år. Turnuspersonell som er ute i løna permisjon skal ha utbetalt helge/høgtidstillegg i samsvar med hjelpeturnus for stillinga. Det vert utbetalt høgtidstillegg utan fri. Retten til permisjon i samband med svangerskap, fødesel og adopsjon er regulert i arbeidsmiljølova 12.2 12.7, medan lønsspørsmålet er regulert i folketrygdlova og i hovudtariffavtale kommune, fellesføresegnene 8. Det vert elles vist til personalhandboka (kommune). 2.3 Amming Amming gjev rett til løna fritid i inntil 2 timar pr arbeidsdag, jf hovudtariffavtalen, fellesføresegnene 8.3.7 Arbeidstakaren avgjer sjølv når denne fritida skal avviklast. For deltidstilsette med redusert arbeidsdag vert det gjort ei høvesvis utrekning av løna fritid, men med rettar etter arbeidsmiljølova som eit minimum. Arbeidsmiljølova 12-8 lyder slik: Kvinne som ammer sitt barn kan krevje den fri hun av den grunn trenger. Fritiden kan for eksempel tas ut i minst en halv time to ganger daglig eller som redusert arbeidstid med inntil én time hver dag. Det er fastsett reglar i Hovudtariffavtalen som utviar denne retten. 2.4 Permisjon når barn eller den som passar barn er sjuke Arbeidstakar som har omsorg for barn har rett til permisjon med løn for naudsynt tilsyn med barnet når det er sjukt. Denne retten gjeld både når barnet er sjukt heime og når barnet er innlagt i helseinstitusjon. Retten gjeld og dersom barnet har time/opphald hjå lege, tannlege eller sjukehus/poliklinikk. Permisjonsretten gjeld til og med det kalenderåret barnet fyller 12 år. Arbeidstakaren har tilsvarande rett til løna permisjon når den som har det daglege tilsynet med barnet er sjuk. Permisjonsretten er til saman avgrensa til 10 dagar pr kalenderår pr arbeidstakar, men til 15 dagar dersom vedkomande har omsorg for meir enn to born. Det vert elles gjeve permisjon i samsvar med reglane i arbeidsmiljølova 12-9, Hovudtariffavtalen, fellesføresegnene 8.6 2

I nokre tilfelle har arbeidstakar ein utvida rett til permisjon. Det vert vist til arbeidsmiljølova 12-9. Arbeidstakar som har omsorg for born har rett til permisjon med løn når den som har det daglege tilsynet med barnet er sjuk. Dette gjeld berre ved sjukdomsfråvær på kort varsel og ikkje ved lengre tids sjukdom eller ved time hjå lege eller sjukehus der fråværet er kjend på førehand, og arbeidstakar har muligheit til å finne annan person til å ha tilsynet med barnet. 2.5 Sjukepermisjon utover 1 år 1. Arbeidstakar som har vore sjukmeld samanhengande i 1 år og som framleis ynskjer å behalde stillinga, må søkje om sjukepermisjon. Fråsegn frå lege skal vere vedlagt søknaden. Slik permisjon vert gjeve utan løn for ein periode på inntil 2 år. 2. Sjukepermisjon kan gjevast for ytterlegare eitt år dersom det etter legen si vurdering er sannsynleg at vedkomande kan bli friskmeld innan denne tid. I spesielle tilfelle og når viktige omsyn tilseier det, kan det ut i frå ei konkret vurdering gjevast utvida permisjon sjølv om det etter legen si vurdering er lite sannsynleg at vedkomande vil bli friskmeld. 3. Dersom søknad om sjukepermisjon vert avslegen, er arbeidsforholdet likevel ikkje avslutta før det vert sagt opp av ein av partane. 3. Permisjon for å utføre tillitsverv m.v. 3.1 Offentlege tillitsverv/ombod Det vert gjeve permisjon med løn i inntil 12 dagar pr år for å utføre offentlege tillitsverv. Ein føresetnad er at arbeidet ikkje kan utførast utanfor arbeidstid. Kommunalt tilsette som vert valde til kommunale politiske organ får under same føresetnad permisjon med løn utover 12 dagar. Arbeidstakar som vert vald til stortingsrepresentant, ordførar eller anna offentleg tillitsverv på heiltid, vert gjeven permisjon utan løn i valperioden. Etter arbeidsmiljølova 12-13 har ein arbeidstakar rett til permisjon frå arbeid i det omfang det er naudsynt for å oppfylle lovsett møteplikt i offentlege organ. Det vert vidare vist til 14 i hovudtariffavtale kommune, fellesføresegnene 14: "Arbeidstakar som er pålagd å utføre kommunale eller andre offentlege verv, vert gjeve permisjon og kan etter søknad få behalde si løn. Arbeidstakaren pliktar på førehand å rette førespurnad til næraste overordna om permisjon. Med offentlege tillitsverv meiner ein ombod som er oppretta ved lov eller med heimel i lov og som vedkomande arbeidstakar ikkje kan nekta å ta i mot med mindre det ligg føre særlege fritaksgrunnar. Som døme kan nemnast medlem av kommunestyre, medlem av fast utval i kommunen, lagrettemann, domsmann, skjønsmann og rettsvitne. Dette høvet til permisjon gjeld og om vervet vert utøvd i annen kommune enn arbeidsgjevarkommunen. 3

Dersom tillitsvervet medførar særskilt godtgjering, kan kommunen gjera frådrag for dette beløpet. Det skal likevel ikkje gjerast frådrag for møtegodtgjersle og kostgodtgjersle. 3.2 Politisk arbeid - nominasjonsmøte Arbeidstakar som vert vald til utsending til nominasjonsmøte ved stortingsval, fylkestingsval eller kommuneval får permisjon med løn. 3.3 Tillitsverv/stilling i arbeidstakarorganisasjonar 3.3.1 Rett til fri frå ordinært arbeid a)tillitsvalde Tillitsvald har rett til fri frå ordinært arbeid for å utføre sine oppgåver, utan trekk i løn. Arbeidet som tillitsvald skal avviklast slik at det volder minst mogeleg ulempe for arbeidet. Fråvere skal så langt som mogeleg avtalast på førehand med næraste overordna. Dei einskilde typar tillitsvalde som har rettar etter Hovudavtalen er nærare definert i del B, 2. Valde medlemer i ei lokalavdeling sine organ er ikkje alltid tillitsvalde i høve til hovudavtalen og vil då heller ikkje ha rettar som tillitsvald slik desse er regulert i Hovudavtalen. Tilhøva skal leggjast slik til rette at tillitsvalde som arbeider etter tenesteplan, eller har arbeid som fell utanom ordinær dagarbeidstid, får same arbeidstilhøve og vilkår som dei med ordinær arbeidstid. Krav til effektivitet og omstilling stiller store krav til tillitsvaldfunksjonen. Dei tillitsvalde må difor gjevast tilstrekkeleg høve til å ivareta sine verv på ein forsvarleg måte. Det vert elles vist til hovudavtalen for stat og kommune. b) Hovudtillitsvalde Hovudtillitsvalde får permisjon i høve til reglane i hovudavtale kommune del B, 3-2. Når det gjeld avløning av hovudtillitsvalde som får permisjon minst to dagar pr veke som ei fast ordning, vert det vist til hovudtariffavtale kommune kap. 3. 3.3.2 Rett til permisjon Ved deltaking i og naudsynt førebuing til lokale forhandlingar vert det gjeve permisjon med løn. Det vert og gjeve permisjon med løn ved deltaking i sentrale forhandlingar. Det kan ikkje utan tvingande grunn nektast permisjon med løn i inntil 12 arbeidsdagar pr år for valde, faste medlemar som skal møta i ein arbeidstakarorganisasjon sine - styrande (vedtektsfesta) sentrale organ - styrande (vedtektsfesta) distrikts-/fylkesorgan - øvste (vedtektsfesta) organ på distrikts-/fylkesplan eller for valde medlemar og delegatar for å møta i den einskilde arbeidstakarorganisasjon sitt høgste organ (landsmøte o.l.). 4

Søknad om permisjon i.h.t. denne føresegna skal dokumenterast med innkalling. Føresegna er identisk med hovudavtale kommune del B 3-7. Den kan og omfatta andre enn dei som er tillitsvalde i h.h.t. hovudavtalen. Rett til løna permisjon i samband med lokale forhandlingar gjeld deltaking ved forhandlingane og førebuing til forhandlingane. Ved lokale lønsforhandlingar får organisasjonar med 30 medlemar eller meir rett til permisjon med løn for inntil 3 timar for 3 tilsette til førebuing. For organisasjonar med færre enn 30 medlemer gjeld denne retten berre for ein tilsett. Permisjon med løn vert etter ei konkret vurdering av trongen gjeve for inntil 12 arbeidsdagar pr år. Det vert elles vist til personalhandboka (kommune) kap. 9. 3.3.3 Ymse permisjonsføresegner for tillitsvalde m.v. Arbeidstakar har rett til permisjon for å overta tillitsverv på heiltid eller deltid i den arbeidstakarorganisasjonen/forhandlingssamanslutninga vedkomande er medlem av. Arbeidstakar som vert vald/tilsett i fastløna tillitsverv i organisasjonen sin sentrale eller distrikts-/fylkesorgan, eller vert tilsett som funksjonær i organisasjonen sin, vert gjeven permisjon i inntil 4 år. Fyrste setninga i føresegna er identisk med hovudavtale kommune del B. 3.4 Andre tillitsverv Kommunen kan etter konkret vurdering gje permisjon med eller utan løn for å utføra andre tillitsverv enn dei som er nemnde i pkt 3.1-3.3. Tilsette med tillitsverv i dei funksjonshemma sine interesseorganisasjonar kan få permisjon med heimel i dette punktet. Dette kan og omfatta kurs når kurset er relevant for vedkomande sitt arbeid med å fremma dei funksjonshemma sine interesser. 4. Permisjon i samband med opplærings-/utviklingstiltak For tiltak som er naudsynte for at arbeidstakaren skal haldast àjour innanfor noverande stilling, skal det gjevast permisjon med løn, dersom tiltaket er innanfor ramma av godkjend opplæringsplan. Kommunen dekker dei legitimerte utgiftene i samband med opplæringa. For tiltak som er naudsynte for å gjere arbeidstakaren i stand til å gå inn i anna stilling i kommunen, skal det gjevast permisjon med løn, dersom tiltaket er innanfor ramma av 5

godkjend opplæringsplan. Heil eller delvis utgiftsdekning kan avtalast i det einskilde tilfellet. For tiltak som er ein del av arbeidstakaren si personlege karriereutvikling, og som fell utanfor kommunen sin opplæringsplan, vert det som hovudregel gjeve permisjon utan løn. For opplæring som er relevant for arbeidstakar sin funksjon som tillitsvald skal det gjevast permisjon med heil eller delvis løn. For hovudtillitsvalde skal det i slike høve gjevast permisjon med full løn. For plasstillitsvalde skal det gjevast permisjon med 50% løn. Ved permisjon der kommunen yter ei vesentleg økonomisk støtte under utdanninga, vert det sett krav om ei bindingstid på to år. I samband med eksamen vert det gjeve permisjon med løn for eksamensdagen/-dagane samt to lesedagar før kvar eksamen. Det er ein føresetnad at vedkomande ville hatt ordinært arbeid umiddelbart før eksamen og at faget har betydning for kommunen.. Føresegnene samsvarar med Hovudavtalen 7-4. Det er ein føresetnad for permisjonen at faget har betydning for kommunen som arbeidsgjevar. Arbeidsgjevar skal difor gjere ei vurdering av søknaden ut frå uttrykt kompetansebehov. Dette behovet kan difor vere ulikt frå arbeidsstad til arbeidsstad og endre seg over tid. Ved heimeeksamen/vekeeksamen gjeld permisjon ein dag med løn, resten utan. Elles gjeld reglane tilsvarande som for ordinær eksamen. Dersom faget består av fleire deleksamenar, t.d. munnleg og skriftleg eksamen, skal det gjevast permisjon i høve til eitt fag. For turnuspersonale og deltidstilsette som brukar fridag til å delta på kurs gjeld fylgjande ordning: a) Pålagde kurs. Kvar fridag skal erstattast med ny fridag. Fridag som er erstatning for arbeid på sundag (F1 dag) og bevegeleg fridag (F5) skal erstattast. b) Frivillige kurs. Fridagane vert ikkje erstatta. Med pålagde kurs meiner ein opplæring ein deltek på etter avtale med arbeidsgjevar, medan ein med frivillige kurs meiner opplæring ein deltek på etter eiga vurdering. Det er normalt eit krav for å kunne få permisjon med løn at opplærings-/utviklingstiltaket er til nytte for arbeidsgjevar. Kravet om at tiltaket skal vera omfatta av godkjend opplæringsplan kan berre fråvikast i heilt særskilde høve. 6

Når nytilsette ved tilsetjing forpliktar seg til å ta vidareutdanning for å oppfylle dei kompetansekrava som er sett for stillinga, skal det som hovudregel gjevast permisjon utan løn og utan dekning av utdanningsutgifter. 5. Velferdspermisjon Reglane om velferdspermisjon etter dette kapitlet kjem i tillegg til reglane under kapittel 2. Velferdspermisjon med løn etter punkta 5.1-5.13 nedanfor kan maksimalt verte gjeve med inntil 10 dagar (to veker) totalt i løpet av kalenderåret eller halv løn i fire veker. For pedagogisk tilsette gjeld dette for skuleåret. Fri utover 10 dagar totalt, eller utover maksimalt dagantall for dei ulike permisjonsgrunnane, må i tilfelle verte gjeve som uløna permisjon. 5.1 Alvorleg sjukdom Ved alvorleg sjukdom i næraste familie (ektefelle, sambuar, foreldre, besteforeldre, born, sysken eller andre som står arbeidstakaren nær) vert det gjeve permisjon med løn for inntil 5 dagar. Rett til permisjon ved sjukdom hos born og barnepassar, jfr pkt 2.3 kjem i tillegg til denne føresegna. 5.2 Dødsfall Ved dødsfall i næraste familie (jfr pkt 5.1) og andre som har stått arbeidstakaren nær vert det gjeve permisjon med løn inntil 3 dagar pr år, evt. med tillegg av naudsynte reisedagar. Med "andre som har stått arbeidstakaren nær" tenkjer ein på svigerforeldre, kolleger, m.v. Arbeidsgjevar bør legge forholda til rette slik at arbeidstakarar som ynskjer det kan få høve til å delta i gravferder. 5.3 Tilvenning av barn i barnehage For tilvenning av barn i barnehage vert det gjeve permisjon med løn 1 dag, i særskilde høve inntil 3 dagar pr år. Det er ein føresetnad at det er naudsynt at arbeidstakaren er med barnet, og at ikkje andre familiemedlemar kan vere til stades i staden. 7

5.4 Fylgje av barn på skule For fylgje av barn på skulen den dagen det tek til i 1. klasse vert det gjeve naudsynt permisjon med løn. 5.5 Konfirmasjon Arbeidstakar som arbeidar turnus og skulle hatt teneste på eigne born sin konfirmasjonsdag, får permisjon utan løn. 5.6 Eige bryllaup For fri ved eige bryllaup vert det gjeve permisjon 1 dag utan løn. 5.7 Deltaking i større idrettsarrangement For deltaking i internasjonale idrettsarrangement, landskampar o.l. vert det gjeve permisjon med løn for inntil 5 dagar pr år. For deltaking i noregsmeisterskap (ved lagidrett: finalen) vert det gjeve permisjon med løn for inntil 3 dagar pr år. Desse reglane gjeld og for leiarar. Det er ein føresetnad at vedkomande arbeidstakar deltek i ei idrettsgrein eller eit forbund som er tilslutta Norges Idrettsforbund. 5.8 Flytting etter pålegg av arbeidsgjevar Ved endring av bustad vert det gjeve permisjon med løn for 1 dag pr år. 5.9 Deltaking i kurs for handikappa For deltaking i kurs for handikappa vert det gjeve permisjon med løn for 1 dag pr år. 5.10 Besøk hos lege, tannlege m.v. Undersøking og behandling hos lege, tannlege, fysioterapeut og andre private gjeremål må så langt som mogeleg leggjast til fritida. Dersom dette ikkje er mogeleg vert det gjeve permisjon med løn for slik behandling. Dette gjeld og behandling med fotsoneterapi, kiropraktikk m.v. som ikkje er ordinert av lege. 5.11 Deltaking i hjelpekorps Arbeidstakarar som er knytt til hjelpekorps, vert innvilga permisjon med løn i samband med utrykning til hjelp for naudstilte. 5.12 Andre velferdspermisjonar 8

Permisjon med løn kan verte gjeve for andre vektige velferdsgrunnar. Rådmannen har avgjerdsrett ved slike permisjonar. 6. Permisjon ved overgang til anna stilling 6.1 Ved overgang til ny fast stilling utanfor kommunen 1. Det kan innvilgast permisjon når arbeidstakaren har hatt fast arbeid i kommunen i minst 5 år. 6.2 Ved overgang til vikariat utanfor kommunen Ved overgang til vikariat utanfor kommunen kan det innvilgast permisjon utan løn i fylgjande tilfelle: 1. Når stillinga vil gje arbeidstakaren fagleg utvikling av vesentleg betydning for vedkomande sitt arbeid i kommunen og arbeidstakaren har hatt fast arbeid i kommunen samanhengjande i minst 3 år. Ved overgang til anna kommunal fast stilling eller vikariat Det kan innvilgast permisjon utan løn ved overgang til anna kommunal fast stilling eller vikariat. Det vert i tilfelle gjeve permisjon for inntil 1 år om gongen, og for inntil 2 år totalt. Det kan gjevast permisjon inntil 2 år for arbeidstakarar som gjer teneste som dommarfullmektig. Etter nærare reglar kan tilsette gjevast avgrensa permisjon for arbeid med forsking innanfor eige fagområde. Det er ein føresetnad at forskinga er knytt til ein forskingsinstitusjon. Det kan gjevast naudsynt permisjon i samband med avtalar om utveksling av arbeidstakarar mellom kommunar og mellom kommune/fylkeskommune. Kommunen kan gje permisjon utan løn i inntil 2 år for arbeidstakarar som skal arbeide i norske hjelpetiltak i offentleg regi i utviklingsland. Bakgrunnen for unnataksreglane ovanfor er m.a. at permisjon i desse tilfella vil medverka til at kommunen sin faglege kompetanse vert styrka. 6.3 Overgang til anna stilling i særskilde høve Etter ei konkret vurdering kan ein gje permisjon når det ligg føre heilt spesielle og tungtvegande helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunnar som tilseier at arbeidstakaren bør skifte arbeid for ei tid 9