A C Analysar av skjelprøvar frå Rogaland i 2013 B D R A P P O R T Rådgivende Biologer AS 1894
Framside: A: Vill 1-sjøvinterlaks, 64 cm, 2,5 kg, smoltalder 3 år, smoltlengd 12,8 cm B: Rømt oppdrettslaks (uviss sjøalder), 75 cm, 3,5 kg, smoltlengd 22,1 cm C: Utsett 1-sjøvinterlaks, 62 cm, 2,1 kg, smoltlengd 15,5 cm D: Tidleg rømt oppdrettslaks (1-sjøvinter), 64 cm, 3,0 kg, smoltlengd 21,0 cm
Rådgivende Biologer AS RAPPORTENS TITTEL: Analysar av skjelprøvar frå Rogaland i 2013 FORFATTAR: Kurt Urdal ARBEIDET UTFØRT: RAPPORT DATO: Mai 2013 - mai 2014 12. mai 2014 RAPPORT NR: ANTAL SIDER: ISBN NR: 1894 25 ISBN 978-82-8308-077-3 SAMANDRAG: Det er analysert til saman 1873 skjelprøvar frå sportsfisket i 12 elvar i Rogaland i 2013, fordelt på 1868 laks og 5 sjøaure. Dette utgjer 14 % av laksane og 1 % av sjøaurane som vart fanga i dei aktuelle elvane i 2012. Andel rømt oppdrettslaks i sportsfisket i 9 elvar var i snitt 1,4 % i 2013. I heile 6 av elvane var det ingen rømte laks, medan andelen var 10,7 % i Suldalslågen. I Suldalslågen var andel rømt laks 29 % nedom Sandsfossen, 1,7 % i mellompartiet, og 0,5 % i øvste delen av elva. Andelen rømt oppdrettslaks i 2013 var det klart lågaste som er registrert for fylket samla. I Suldalslågen har innslaget av rømt laks gått ned år for år sidan 2008, men på grunn av eit innsig av nyrømt laks mot slutten av fiskesesongen, auka andelen litt i 2013 i høve til i 2012. Tilsvarande undersøkingar i Hordaland og Sogn & Fjordane viser den same utviklinga dei siste åra som i Rogaland, med ein markert reduksjon i andel rømt laks frå 2010 til 2011, og rekordlåg andel i 2013. Dårleg sjøvekst dei seinare åra har ført til mindre snittstorleik på laksen. I skjelmaterialet frå 2013 utgjorde 2-sjøvinterlaks ca. 40 % av smålaksen, og 3-sjøvinterlaks utgjorde 30 % av mellomlaksen. EMNEORD: - skjellprøver - laks - rømt oppdrettslaks - sjøaure SUBJECT ITEMS: - fish scale analysis - Atlantic salmon - escaped farmed salmon - sea trout RÅDGIVENDE BIOLOGER AS Bredsgården, Bryggen, N-5003 Bergen Foretaksnummer 843667082 Internett : www.radgivende-biologer.no E-post: post@radgivende-biologer.no Telefon: 55 31 02 78 Telefax: 55 31 62 75
FØREORD Rådgivende Biologer AS har kvart år sidan 2005 organisert skjelinnsamling og analysert skjelprøvar frå ei rekkje laks- og sjøaureelvar i Rogaland. Prosjektet er gjennomført i samarbeid med Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland. Hovudmålsettinga med prosjektet er å kartleggja innslaget av rømt oppdrettslaks i dei ulike elvane. Analysar av fiskeskjel gjev i tillegg nyttig informasjon om faktorar som smoltalder, smoltlengd, sjøalder og sjøvekst, og er viktig for å auka kunnskapen om dei einskilde bestandane av både laks og sjøaure. Innsamling av skjelprøvar sikrar også eit genetisk materiale av den enkelte bestanden, som kan nyttast både til å skildra genetiske skilnader mellom stammar, eller endringar innan stammar over tid. Alle skjelprøvar som kjem inn til Rådgivende Biologer AS vert arkivert. Rapporten samanfattar dei viktigaste resultata frå undersøkinga i 2013. I tillegg til denne rapporten, er analysane av skjel frå fisk som er fanga i fiskesesongen formidla til grunneigarar og fiskarar i dei einskilde elvane, i form av faktaark. Resultata frå einskildelvane vert presentert i denne rapporten slik dei vil vera på dei einskilde faktaarka. I 2013 er det gitt generelle tilskot til prosjektet frå Fylkesmannen i Rogaland, Havbruksnæringens Miljøfond og Fiskeridirektoratet. Lyse Produksjon har finansiert analysane frå Årdalselva, Statkraft har gitt tilskot til analysane i Suldalslågen, og Direktoratet for naturforvaltning har gitt tilskot til analysane i Ogna (nasjonalt laksevassdrag). I tillegg har Rådgivende Biologer AS i prosjektperioden frå 2005 lagt ned ein vesentleg eigeninnsats. Rådgivende Biologer AS takkar bidragsytarane for økonomisk støtte og rettar ein stor takk til alle som har teke skjelprøvar. Bergen, 12. mai 2014. Rådgivende Biologer AS 2 Rapport 1894
INNHALD FØREORD...2 INNHALD...3 1. FISKET I ELVANE I 2013...4 1.1. Materiale... 4 1.2. Rømt oppdrettslaks... 5 1.2.1. Innslag av rømt oppdrettslaks i 2013... 5 1.2.2. Utvikling i innslag av rømt oppdrettslaks 2005-13... 7 1.3. Storleiksfordeling av laks... 9 1.4. Livshistorie... 10 1.4. Oppsummering... 12 1.5. Tidlegare rapportar... 13 2. ENKELTELVAR...13 Fangst og skjelprøvar i Suldalslågen...14 Fangst og skjelprøvar i Ulla...15 Fangst og skjelprøvar i Vorma...16 Fangst og skjelprøvar i Årdalselva...17 Fangst og skjelprøvar i Lyseelva...18 Fangst og skjelprøvar i Espedalselva...19 Fangst og skjelprøvar i Frafjordelva...20 Fangst og skjelprøvar i Dirdalselva...21 Fangst og skjelprøvar i Håelva...22 Fangst og skjelprøvar i Ogna...23 Fangst og skjelprøvar i Bjerkreimselva...24 Fangst og skjelprøvar i Sokna...25 Rådgivende Biologer AS 3 Rapport 1894
1. FISKET I ELVANE I 2013 1.1. Materiale Det vart motteke 1873 skjelprøvar frå fiskesesongen i 2013, fordelt på 1868 laks og 5 sjøaure frå totalt 12 elvar (figur 1, tabell 1). I gjennomsnitt har me undersøkt skjelprøvar frå 27 % av laksane som er fanga, men andelen varierer mykje mellom dei ulike elvane. Frå Ryfylkeelvane har me i snitt fått inn prøvar av 38 % av laksefangsten. Frå elvane i Jæren og Dalane er det i snitt berre kome inn prøvar av 3 % av laksane, noko som skuldast at fleire av bestandane der er svært talrike, m.a. Håelva, Ogna og Bjerkreimselva. I fleire av elvane er eit varierande antal fisk sleppt ut att i elva dei tre siste åra. Desse fiskane er inkludert i den offisielle fangststatistikken. I fleire elvar, m.a. Vorma og Suldalslågen, er sjøauren freda, og i desse elvane er alle sjøaure sleppt ut att, med mindre dei har vorte skada, eller feilaktig er vurdert å vera laks. Me får prøvar av enkelte av dei gjenutsette fiskane, men det er truleg at andelen er låg. Dette påverkar kor stor andel av registrert fangst som vert analysert. Dersom ein berre reknar dei fiskane som er avliva, har me motteke skjelprøvar av 43 % laksane i Ryfylke og 3,5 % frå Jæren og Dalane. I tillegg til skjelprøvane frå fiskesesongen, er det analysert skjelprøvar av 41 laks frå stamfiske i Årdalselva, og 45 laks frå prøvefiske i Årdalselva etter fiskesesongen. Bortsett frå ein laks fanga i Sokna, som fiskaren hadde vurdert som sjøaure, var det ingen feilbestemte fisk. 1 1 = Suldalslågen (036.Z) 2 = Ulla (035.7Z) 3 = Vorma (035.3Z) 4 = Årdalselva (033.Z) 5 = Lyseelva (031.Z) 6 = Espedalselva (030.4Z) 7 = Frafjordelva (030.Z) 8 = Dirdalselva (030.2Z) 9 = Håelva (028.3Z) 10 = Ogna (027.6Z) 11 = Bjerkreimselva (027.Z) 12 = Sokna (026.4Z) 9 3 4 6 8 7 2 5 Figur 1. Geografisk plassering av dei 12 elvane i Rogaland som Rådgivende Biologer AS mottok skjelprøvar frå i 2013. 10 11 12 Rådgivende Biologer AS 4 Rapport 1894
Dei tala som er gjevne i tabell 1 viser høvet mellom registrerte fangstar og mottekne skjelprøvar. Antalet skjelprøvar frå kvar elv vil variera noko i dei ulike tabellane utover i rapporten. Dette kan skuldast at opplysingane på skjelkonvoluttane (lengd, vekt, dato) er ufullstendige, eller at skjelprøvane er uleselege. Alt etter problemstilling vil det vera skjelprøvar som må ekskluderast, men det vil alltid verta nytta eit størst mogeleg materiale. Tabell 1. Innrapportert fangst i fiskesesongen 2013, og antal og andel skjel som er motteke og analyserte ved denne undersøkinga. Andel av fangst i regionane/fylket er snitt av andel i dei enkelte elvane. Fangst (antal) Mottekne skjel Andel av fangst (%) Laks Sjøaure Laks Sjøaure Laks Sjøaure Ryfylke Suldalslågen 977 0 660 67,6 Ulla 106 0 18 17,0 Vorma 468 0 428 91,5 Årdalselva 678 58 197 29,1 0,0 Lyseelva 35 29 20 4 57,1 13,8 Espedalselva 497 0 42 8,5 Frafjordelva 156 0 36 23,1 Dirdalselva 784 72 92 11,7 0,0 Totalt, Ryfylke 3701 159 1493 4 38,2 4,6 J. & Dalane Håelva 1715 49 17 1,0 0,0 Ogna 1951 27 136 1 7,0 3,7 Bjerkreimselva 5084 70 214 4,2 0,0 Sokna 787 120 8 1,0 0,0 Totalt, J. & Dalane 9537 266 375 1 3,3 0,9 Totalt, Rogaland 13238 425 1868 5 26,6 2,5 1.2. Rømt oppdrettslaks 1.2.1. Innslag av rømt oppdrettslaks i 2013 I det samla skjelmaterialet frå sportsfiskesesongen 2013 var det i snitt 1,4 % rømd oppdrettslaks. Av dei 9 enkeltelvane med meir enn 20 skjelprøvar var det berre 3 elvar med rømt oppdrettslaks i materialet: Suldalslågen, Vorma og Bjerkreimselva. I dei to sistnemnde vart det berre registrert høvesvis 1 og 3 oppdrettslaks. I Suldalslågen var det klare skilnader i dei ulike delane av elva, med 29 % nedom Sandsfossen, 1,7 % mellom Sandsfossen og Juvet, og berre 0,5 % oppom Juvet (tabell 2). Situasjonen i Suldalslågen var noko spesiell i 2013. Mot slutten av fiskesesongen og vidare utover hausten kom det eit innsig av små oppdrettslaks (snittvekt 1,5 kg) til elva, og slik fisk vart også fanga i ei rekke Ryfylke-elvar utover hausten. Dette er truleg resultat av ei lokal rømming ein gong i løpet av sommaren. Me har ikkje tidlegare registrert slike store innsig av nyrømt laks, og andelen rømt laks i Suldalslågen i 2013 vart dermed unaturleg høg. Dei nyrømte laksane hadde eit karakteristisk vekstmønster, og kunne dermed skiljast frå resten av dei rømte laksane. Dersom ein held desse unna (37 av 69 fisk), går andel rømt oppdrettslaks ned frå 10,7 til 5,2 % i Suldalslågen, og snittet for fylket går ned frå 1,4 til 0,8 %. Rådgivende Biologer AS 5 Rapport 1894
Av dei 578 laksane frå Suldalslågen som ikkje var rømt oppdrettslaks, var 365 naturleg rekrutterte (63 %) og 213 utsett frå klekkeri. Ca. 25 av fiskane som er kategorisert som utsett var ikkje oppgitt å vera feittfinneklipte, men vekstmønsteret var likevel svært likt det for klekkerifisk, og desse er såleis vurdert å vera utsett. Dei siste åra har klekkerismolten frå Suldal vore større enn det som var vanleg tidlegare. Dette inneber at det kan vera vanskeleg å skilja laks med klekkeribakgrunn frå oppdrettslaks som har rømt før, under, eller like etter utsetting i sjø. All klekkerifisk skal vera feittfinneklipt, men dette er likevel ikkje 100 % gjennomført, av ulike årsaker (Suldal Elveeigarlag, pers. medd.). Nokre av fiskane slepp unna klippinga, medan andre berre vert delvis klipte, og såleis kan sjå umerka ut. I tillegg kan fiskaren gløyma å notera om fisken er klipt eller ikkje. I skjelmaterialet frå Suldalslågen i 2012 var det berre nokre få laksar som var usikre i høve til opphav, desse er plassert i kategorien utsett laks. Den feilen som eventuelt vert gjort vil underestimera andelen rømt oppdrettslaks i skjelmaterialet, men utslaget vil uansett vera svært lite. Alle prøvane frå stamfisket i Årdalselva var frå villaks. Mellom prøvane frå haustfisket var det 23 villaks og 22 rømte oppdrettslaks. Dei fleste av oppdrettslaksane var av same type som kom inn til Suldalslågen mot slutten av fiskesesongen der, og som er rapportert fanga i fleire andre elvar i Ryfylke. Tabell 2. Oversikt over skjelmaterialet frå Rogaland i 2013. Det er skild mellom villaks og rømt oppdrettslaks og sjøaure. Skjelmaterialet frå Suldalslågen er også delt i tre; nedom Sandsfossen, mellom Sandsfossen og Juvet, og oppom Juvet. Samla andel rømd oppdrett er snitt av elvesnitt. *Elvar med færre enn 20 prøvar er ikkje inkludert ved berekning av snitt for fylket. Ugyldige prøvar har uleselege skjel eller er utan innhald. Laks Elv Vill Oppdrett Sum % oppdr. Ugyldige Sjøaure Suldalslågen 578 69 647 10,7 13 Ulla* 17 17 0,0 1 Vorma 423 1 424 0,2 4 Årdalselva 196 196 0,0 1 Lyseelva 20 20 0,0 4 Espedalselva 42 42 0,0 Frafjordelva 36 36 0,0 Dirdalselva 92 92 0,0 Håelva* 17 17 0,0 Ogna 135 135 0,0 1 1 Bjerkreimselva 208 3 211 1,4 3 Sokna* 7 1 8 12,5 Samla, Rogaland 1771 74 1845 1,4 23 5 Suldalslågen nedom Sandsfossen 157 64 221 29,0 -mellom Sandsfossen og Juvet 234 4 238 1,7 -oppom Juvet 187 1 188 0,5 Rådgivende Biologer AS 6 Rapport 1894
Fiskarane har høve til å kryssa av på skjelkonvolutten om dei vurderer laksen dei har fanga som villaks eller rømt oppdrettslaks. Av dei 1845 prøvane av laks som kom inn i 2013 (ikkje inkludert ugyldige prøvar, jf. tabell 2), var opphavet vurdert på 1435 (78 %; tabell 3). Antal feilbestemt fisk var lågt. Til saman var 8 villaks feilaktig vurdert som rømt oppdrettslaks, medan 7 oppdrettslaks var vurdert som villaks. Eit problem ved vurdering av opphavet til ein laks, er fisk som er sett ut som smolt. Desse kan vera vanskeleg å skilja frå tidleg rømte oppdrettslaks, både for fiskaren og ved analysar av skjelprøvar. To av dei feilbestemte villaksane var heilt sikkert utsette, og to av dei feilbestemte oppdrettslaksane kan ha vore utsette (tabell 3, raud skrift). Det var flest feilbestemte fisk i materialet frå Suldalslågen, men dette er å venta, sidan innslaget av rømt oppdrettslaks er størst i den elva, og det i tillegg føregår store smoltutsettingar. I tillegg var skjelmaterialet frå Suldalslågen det desidert største som kom inn, så relativ andel feilbestemte fisk er ikkje høgare her enn i andre elvar. Tabell 3. Samanheng mellom fiskaren si vurdering av opphav (villaks eller rømt oppdrettslaks) for dei laksane som det er sendt inn skjelprøvar av frå fiskesesongen Rogaland i 2013, og opphavet vurdert ved analysar av skjelprøvane. På til saman 410 prøvar var opphavet ikkje vurdert. Dei feilbestemte fiskane er markert med raude tal. Skjelmateriale frå elvar utan feilbestemming er presentert samla («Andre elvar»). «F-» = feittfinneklipt Opphav Elv Fiskar si vurdering Merknad Vill Oppdrett Ikkje v. Totalt Vill Suldalslågen 427 3 148 578 1 repetert gytar (F-), 2 sikre villaks Ulla 14 1 2 17 Sikker villaks Vorma 304 3 116 423 1 utsett, 2 sikre villaks Årdalselva 159 1 36 196 Sikker villaks Andre elvar 458 0 99 557 Samla 1362 8 401 1771 Oppdrett Suldalslågen 5 57 7 69 1 mogeleg utsett, 4 sikre oppdrettslaks Vorma 1 1 Tidleg rømt, ev. utsett Bjerkreimselva 1 2 3 Sikker oppdrettslaks Andre elvar 0 1 0 1 Samla 7 58 9 74 Totalt 1369 66 410 1845 1.2.2. Utvikling i innslag av rømt oppdrettslaks 2005-13 Det har vore mindre rømt oppdrettslaks i skjelmaterialet frå elvane i Ryfylke dei tre siste åra i høve til tidlegare (figur 2). Dette er særleg uttalt i Suldalslågen, der innslaget av rømt oppdrettslaks har gått ned år for år sidan «rekordnoteringa» på over 50 % i 2008, til mellom 8 og 11 % dei tre siste åra. For elvane på Jæren som er inkludert i denne undersøkinga er biletet litt mindre tydeleg. Andelen har vore låg alle år, men i enkelte elvar har det nokre av åra vore mistenkjeleg høg andel rømt laks. På grunn av dei store fangstane i fleire av elvane, m.a. Håelva og Bjerkreimselva, vil berre ein liten del av dei laksane som vert fanga verta undersøkte, og det er dermed større sjansar for at andelen rømt laks kan verta overvurdert. For dei fleste Ryfylkeelvane er det teke prøvar av ein så stor del av fangsten at ein kan rekna med at skjelmaterialet er representativt. Rådgivende Biologer AS 7 Rapport 1894
Den same positive utviklinga i høve til innslag av rømt oppdrettslaks i sportsfisket ser ein også på resten av Vestlandet. Figur 3 samanliknar andel rømt oppdrettslaks i Rogaland og Sogn & Fjordane, og viser ein sterk reduksjon frå 2010 til 2011, og låge andelar dei to neste åra, med 2013 som rekordår for begge fylke. Oselva i Hordaland, som enkelte år har hatt ein andel rømt laks på over 50 %, har også hatt den same utviklinga, i 2013 var andelen vel 6 %. Andel rømt oppdrettslaks (%) 55 50 45 40 35 30 25 20 15 10 5 0 Suldalslågen Ryfylke Jæren & Dalane 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 Figur 2. Andel rømt oppdrettslaks (%) i skjelmaterialet frå Rogaland 2005-2013, i Suldalslågen og dei to regionane Ryfylke (utanom Suldalslågen) og Jæren & Dalane. Den stipla linja viser andel rømt oppdrettslaks i Suldalslågen dersom ein ikkje inkluderer haustinnsiget av nyrømt laks. Andel rømt oppdrettslaks (%) 25 20 15 10 5 0 S&Fj. Rogaland 2000 2002 2004 2006 2008 2010 2012 Figur 3. Andel rømt oppdrettslaks i skjelmateriale frå sportsfiske i Sogn & Fjordane i perioden 1999-2013 og Rogaland 2005-2013. Rådgivende Biologer AS 8 Rapport 1894
1.3. Storleiksfordeling av laks Mellom villaksane som vart undersøkt var det 44 % smålaks, 42 % mellomlaks og 14 % storlaks (tabell 4). I Jærelvane, som er typiske smålakselvar, utgjorde smålaks mellom 64 og 74 %. Storleiksfordelinga av oppdrettslaksane var ikkje så ulik villaksfordelinga, med nær 50 % smålaks og over 40 % mellomlaks. Dette er uvanleg, normalt er det ein klar dominans av mellomlaks mellom dei rømte laksane. Årsaka er det nemnde innsiget av nyrømt smålaks til Suldalslågen. Dersom ein fjernar desse, vert andelen mellomlaks ca. 70 %, medan andelen smålaks fell til 27 %. Dette er meir likt det ein har sett tidlegare år. Tabell 4. Fordeling av stor- (>7 kg), mellom- (3-7 kg) og smålaks (<3 kg) mellom villaks og rømd oppdrettslaks i det undersøkte skjelmaterialet frå elvefisket i 2013 i Rogaland. *Samla andel er snitt av andelane i enkeltelvane. Vill laks Oppdrettslaks Smålaks Mellomlaks Storlaks Smålaks Mellomlaks Storlaks n % n % n % n % n % n % Suldalslågen 127 22,0 251 43,4 200 34,6 45 65,2 24 34,8 0 0,0 Ulla 8 47,1 6 35,3 3 17,6 Vorma 208 49,2 188 44,4 27 6,4 1 100,0 0,0 0,0 Årdalselva 31 15,8 124 63,3 41 20,9 Lyseelva 8 40,0 9 45,0 3 15,0 Espedalselva 15 35,7 19 45,2 8 19,0 Frafjordelva 9 25,0 18 50,0 9 25,0 Dirdalselva 15 16,3 58 63,0 19 20,7 Håelva 12 70,6 5 29,4 0,0 Ogna 86 63,7 43 31,9 6 4,4 Bjerkreimselva 154 74,0 45 21,6 9 4,3 1 33,3 1 33,3 1 33,3 Sokna 5 71,4 2 28,6 0,0 0,0 1 100,0 0,0 Samla* 678 44,2 768 41,8 325 14,0 47 49,6 26 42,0 1 8,3 Rådgivende Biologer AS 9 Rapport 1894
1.4. Livshistorie Ut frå det analyserte materialet er det laga ei samanstilling av gjennomsnittleg smoltalder og -lengd, og tilvekst dei enkelte år i sjø for villaks (tabell 5). Smoltalderen for laks varierte frå 2,1 år i Håelva til 3,1 år i Ulla, og snitt for alle elvane var 2,6 år. Smoltlengdene for naturleg rekruttert laks var i snitt 14,0 cm, og varierte mellom 12,4 cm i Dirdalselva og 15,4 cm i Håelva og Ogna. Utsett laks fanga i Suldalslågen var i gjennomsnitt 16,9 cm som smolt. Snittlengd for dei tre sjøaldergruppene var høvesvis 55, 73 og 90 cm. Tabell 5. Oversikt over antal, smoltalder, smoltlengd og storleik av ulike sjøaldergrupper av villaks fanga i Rogaland i 2013. Laksane frå Suldalslågen er delt i vill og utsett. *Totalmaterialet inkluderer 4-sjøvinterlaks og ubestemt fisk (uleselege skjel). Tot. Smoltalder Smoltlengd 1-sjøvinter 2-sjøvinter 3-sjøvinter antal (år) (cm) Antal Lengd (cm) Antal Lengd (cm) Antal Lengd (cm) n* snitt SD snitt SD n snitt SD n snitt SD n snitt SD Suldalslågen, vill 365 2,8 0,4 14,3 2,1 85 56,8 5,6 157 77,7 8,2 113 94,1 6,9 Ulla 17 3,1 0,3 14,1 2,5 3 55,0 10,4 9 73,3 7,3 4 92,5 3,9 Vorma 422 3,0 0,3 14,2 1,6 108 53,8 6,6 229 70,4 7,5 78 85,9 5,8 Årdalselva 189 2,5 0,5 14,1 1,8 16 58,9 4,1 84 75,3 6,8 83 88,6 6,5 Lyseelva 20 2,6 0,5 13,3 1,4 7 52,7 4,7 7 73,8 10,7 6 93,8 6,4 Espedalselva 42 2,6 0,5 13,4 2,3 12 59,4 6,0 19 77,9 8,3 10 94,0 4,4 Frafjordelva 36 2,6 0,5 5 52,0 2,8 14 74,3 6,5 15 89,9 9,6 Dirdalselva 92 2,8 0,4 12,4 2,1 12 55,7 5,8 48 76,7 6,5 25 87,6 7,1 Håelva 17 2,1 0,5 15,4 4,1 9 58,0 3,4 8 72,3 3,2 Ogna 135 2,2 0,4 15,4 2,4 45 52,3 4,8 68 67,3 7,5 16 85,0 7,7 Bjerkreimselva 207 2,4 0,5 14,7 2,1 104 54,3 6,4 81 68,7 7,0 16 85,1 6,8 Sokna 7 2,3 0,5 12,9 2,9 5 50,4 8,6 2 72,5 9,2 Suldalslågen, uts. 213 16,9 2,7 15 58,9 8,0 93 80,4 6,8 82 96,9 7,0 Samla 1762 2,6 14,0 411 54,9 726 73,3 366 89,6 I den offisielle fangststatistikken er det skild mellom smålaks (<3 kg), mellomlaks (3-7 kg) og storlaks (>7 kg), som er meint å skilja mellom høvesvis ein-, to- og tresjøvinterlaks. Fram til midt på 2000-talet var det relativt godt samsvar mellom storleikskategoriar og sjøalder, men dei seinare åra har det vore til dels store avvik frå dette. I 2013 var ca. 40 % av vill smålaks tosjøvinterlaks og 30 % av mellomlaksen var tresjøvinterlaks eller eldre (tabell 6; figur 4). Rådgivende Biologer AS 10 Rapport 1894
Tabell 6. Sjøalderfordeling i antal og (prosent) av villaks i dei tre storleikskategoriane som er nytta i den offisielle fangststatistikken. Smålaks (<3 kg) Mellomlaks (3-7 kg) Storlaks (>7 kg) Vassdrag 1-sjøv. 2-sjøv. 1-sjøv. 2-sjøv. >2-sjøv. 2-sjøv. 3-sjøv. >3-sjøv. Suldalslågen 96 (76) 31 4 206 (82) 41 13 154 (77) 33 Ulla 3 (38) 5 4 (67) 2 2 (67) 1 Vorma 107 (51) 101 2 127 (68) 59 1 20 (74) 6 Årdalselva 18 (58) 13 71 (57) 53 37 (90) 4 Lyseelva 7 (88) 1 6 (67) 3 3 (100) Espedalselva 11 (73) 4 1 14 (74) 4 1 6 (75) 1 Frafjordelva 5 (56) 4 9 (50) 9 1 6 (67) 2 Dirdalselva 10 (67) 5 2 43 (74) 13 12 (63) 7 Håelva 9 (75) 3 5 (100) Ogna 45 (52) 41 27 (63) 16 5 (83) 1 Bjerkreimselva 104 (68) 50 31 (69) 14 7 (78) 2 Sokna 5 (100) 2 (100) Samla 420 (62) 258 9 545 (71) 214 16 252 (78) 57 Figur 1.4. Vektfordeling (prosent) av vill 1-, 2- og 3-sjøvinterlaks fanga i Rogaland i 2013. Dei loddrette strekane viser inndelinga i små-, mellom- og storlaks i høve til den offisielle fangststatistikken. Rådgivende Biologer AS 11 Rapport 1894
1.4. Oppsummering Det er analysert 1873 skjelprøvar frå sportsfisket i 12 elvar i Rogaland i 2013. Frå elvane i Ryfylke er det sendt inn prøvar av i snitt 43 % av dei laksane som er avliva, og for tre av elvane er andelen mellom 70 og 90 %. Frå Jærelvane, med meir talrike bestandar, er det i snitt berre analysert prøvar av 3,5 % av avliva fisk. Gjennomsnittleg andel rømt oppdrettslaks i ni av dei undersøkte elvane var 1,4 %. I seks av elvane vart det ikkje registrert rømt laks i skjelmaterialet. I Suldalslågen, Vorma og Bjerkremselva var andelen høvesvis 10,7, 0,2 og 1,4 %. Det var som vanleg store skilnader i andel rømt laks i dei ulike delane av Suldalslågen. Nedom Sandsfossen var andelen 29 %, medan det på strekningane Sandsfossen-Juvet og Juvet- Suldalsvatnet var høvesvis 1,7 og 0,5 %. Mot slutten av fiskesesongen i Suldalslågen kom det inn ein god del nyrømt, umogen oppdrettslaks i fangsten. Dersom ein held desse utanfor, vart andel rømt laks i Suldalslågen redusert til 5,2 %, og snittet for fylket gjekk ned til 0,8 %. Det var høg presisjon frå fiskarane ved skilje mellom villaks og rømt oppdrettslaks. Til saman var 8 villaks feilbestemt til oppdrettslaks og 7 oppdrettslaks var vurdert som villaks. Andel rømt laks i skjelmaterialet frå Ryfylke har vore lågare dei tre siste åra i høve til tidlegare, og særleg er nedgangen i Suldalslågen påfallande. Også i elvane på Jæren har det vore lite rømt oppdrettslaks dei siste åra, men sidan skjelmaterialet derifrå utgjer ein så liten del av den registrerte fangsten, er vurderingane for den regionen usikker. Laksane som vart fanga i 2013 var relativt småvaksne. Av smålaksane (<3 kg) var ca. 40 % 2- sjøvinterlaks, av mellomlaksane var 30 % eldre enn 2-sjøvinter. Dette har stort sett vore gjennomgåande sidan 2005, før den tid var det normalt ein god samanheng mellom storleikskategoriane små-, mellom- og storlaks, og sjøalder (1-, 2- og 3-sjøvinter) Rådgivende Biologer AS 12 Rapport 1894
1.5. Tidlegare rapportar Det er skrive årlege rapportar om skjelanalysane frå fiskesesongane i Sogn & Fjordane og Hordaland sidan 1999, med unntak av sesongen 2001 i Hordaland. Frå og med sesongen 2005 er også Rogaland inkludert. Tabell 9 gjev ei oversikt over rapportnummer for dei ulike sesongane. Alle desse rapportane kan finnast på heimesidene til Rådgivende Biologer: http://www.radgivende-biologer.no/uploads/rapporter/xxxx.pdf Tabell 9. Oversikt over alle rapportar som er utgjevne sidan prosjektet starta i 1999. Sesong Rapportnummer (utgjevingsår) Sogn & Fjordane Hordaland Rogaland 1999 443 (2000) 466 (2000) 2000 493 (2001) 505 (2001) 2001 591 (2002) 2002 650 (2003) 657 (2003) 2003 717 (2004) 720 (2004) 2004 818 (2005) 822 (2005) 2005 919 (2006) 918 (2006) 917 (2006) 2006 993 (2007) 998 (2007) 994 (2007) 2007 1083 (2008) 1111 (2008) 1077 (2008) 2008 1207 (2009) 1196 (2009) 1191 (2009) 2009 1332 (2010) 1310 (2010) 1327 (2010) 2010 1426 (2011) 1432 (2011) 1434 (2011) 2011 1561 (2012) 1563 (2012) 1564 (2012) 2012 1728 (2013) 1729 (2013) 1730 (2013) 2013 1892 (2014) 1893 (2014) 1894 (2014) 2. ENKELTELVAR På dei følgjande sidene er resultata frå dei ulike elvane presentert. Det er her presentert resultat frå det ordinære fisket i 2013, og desse er levert ut til dei ulike elve-/grunneigarlag som faktaark. Følgjande 12 elvar er rapportert: Suldalslågen Ulla Vorma Årdalselva Lyseelva Espedalselva Frafjordelva Dirdalselva Håelva Ogna Bjerkreimselva Sokna Rådgivende Biologer AS 13 Rapport 1894
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Fangststatistikk Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2013 var 492 (snittvekt 5,1 kg). I 2013 vart det fanga 977 laks (snittvekt 5 kg), eit av dei aller beste resultata som er registrert, og berre ein liten nedgang i høve til dei to føregåande åra (figur 1, stolpar). Dei siste fem åra har ein del av laksane vorte sett ut att i elva, i 2011-13 har det utgjort 12-14 % av registrert fangst. Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure i perioden 1969-2009 var 377 (snittvekt 1,2 kg). Sjøaurefangstane har minka jamt sidan midt på 1980-talet, og frå 2010 har sjøauren vore freda. Etter det har all sjøaure som ikkje var for skadd vorte sett ut att i elva. Nedgangen i sjøaurefangstane frå tidleg på 2000-talet har vore stort sett den same som i resten av fylket. Det er større avvik for laks i same perioden, spesielt i 2006, men også i 2011 (figur 1, linjer). Skjell 2013 FIGUR 1. Fangst av laks og sjøaure i Suldalslågen i perioden 1969-2013 (stolpar). Før 1993 er laksefangstane skild som tert (<3 kg, grøn) og laks (>3 kg, blå), frå 1993 er det skild mellom smålaks (<3 kg, grøn), mellomlaks (3-7 kg, raud) og storlaks (>7 kg, svart). Fangsttal frå før 1979 er frå Suldal elveeigarlag, frå 1979 er det offisiell fangststatistikk. Linjer viser samla fangst av laks og sjøaure i resten av Rogaland. Sjøauren har vore freda sidan 2010. NB! Fangst inkluderer gjenutsett fisk. Skjelmateriale I perioden 2000-2013 har det vorte analysert skjelprøvar av til saman 4723 laks og 44 sjøaurar frå fisket i Suldalslågen. Dei fleste år er det analysert prøvar av meir enn 50 % av registrert fangst, dei fire siste åra har andelen vore 60-80 % av dei laksane som ikkje vart sette attende i elva. Andelen rømt oppdrettslaks var heile 51 % i 2008, men har sidan gått ned år for år, og i 2012 var det rekordlåge 8,1 % (figur 2, linje). I 2013 var andelen rømt laks 10,7 %, men dette inkluderer eit seint innsig av små oppdrettslaks, truleg frå ei lokal rømming. Dersom ein held desse unna, fell andelen til ca. 5 %. Innslaget av rømt laks avtek klart oppover elva. I 2013 var det 29 % rømt laks i skjelmaterialet nedom Sandsfossen, medan tilsvarande tal mellom Sandsfossen og Juvet og ovanfor Juvet var høvesvis 1,7 og 0,5 %. Av dei 578 villaksane i skjelmaterialet var 365 naturleg rekruttert, 213 var utsett frå klekkeri. Gjennomsnittleg smoltlengd var 14 cm for dei naturleg rekrutterte laksane, 17 cm for dei utsette. FIGUR 2. Antal analyserte skjelprøvar frå Suldalslågen og andel rømt oppdrettslaks (%). For meir informasjon sjå www.radgivende-biologer.no Rådgivende Biologer AS Bredsgården, Bryggen, 5003 Bergen Tlf. 55 31 02 78 Fax. 55 31 62 78 E-post: post@radgivende-biologer.no www.radgivende-biologer.no
Fangststatistikk FANGST OG SKJELPRØVAR I ULLA Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1975-2013 var 79 laks (snittvekt 3,5 kg) og 17 sjøaurar (snittvekt 1,0 kg). I 2013 vart det fanga 106 laks (snittvekt 4 kg), ingen sjøaure (figur 1, stolpar). Variasjonen i laks- og sjøaurefangstane i Ulla skil seg noko frå resten av fylket. Etter ein brukbar laksefangst i 2007 gjekk det jamt nedover, og det oppsvinget ein såg i dei fleste andre elvane i Rogaland i 2010 skjedde ikkje i Ulla (figur 1, linje). Dei siste to åra har det vore litt høgare laksefangstar att. Sjøaurefangstane har gått nedover frå tidleg på 1990-talet, fram til sjøauren vart freda i 2010. Skjell 2013 FIGUR 1. Fangst av laks og sjøaure i Ulla i perioden 1975-2013 (stolpar). Frå 1979 er laksefangstane skild som tert (<3 kg, grøn) og laks (>3 kg, blå), frå 1993 er det skild mellom smålaks (<3 kg, grøn), mellomlaks (3-7 kg, raud) og storlaks (>7 kg, svart). Linjer viser samla fangst av laks og sjøaure i resten av Rogaland. Analysar av skjelmateriale Det er motteke skjelprøvar frå fisket i Ulla fem av dei ni siste åra (figur 2, stolpar). I 2013 kom det inn 17 skjelprøvar av laks. Til saman er det motteke prøvar av 156 laks og 1 sjøaure. I 2005 og 2006 var det høvesvis 5 og 10 % rømt oppdrettslaks (figur 2, linje). Sidan er det ikkje registrert prøvar av rømt laks, men antal prøvar etter 2006 er for lågt til vurdera innslaget av rømt oppdrettslaks i fiskesesongen. FIGUR 2. Antal analyserte skjelprøvar frå Ulla 2005-13. Linje viser andel rømt oppdrettslaks. Etter 2004 har tilveksten i havet vore dårleg, og dette har resultert i at ein relativt høg andel 2-sjøvinterlaks har vore under 3 kg, og ein god del 3-sjøvinterlaks har vore under 7 kg. For meir informasjon sjå www.radgivende-biologer.no Rådgivende Biologer AS Bredsgården, Bryggen, 5003 Bergen Tlf. 55 31 02 78 Fax. 55 31 62 78 E-post: post@radgivende-biologer.no www.radgivende-biologer.no
Fangststatistikk FANGST OG SKJELPRØVAR I VORMA Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1977-2013 var 255 laks (snittvekt 3,2 kg) og 49 sjøaurar (snittvekt 0,8 kg). Laksefangstane har vore markert høgare etter 1999 enn før, og snittfangst per år i 1999-2013 er 441 laks (figur 1, stolpar). Etter rekordfangsten i 2012, då det vart fanga 768 laks, var det ein reduksjon til 468 laks i 2013. Sjøaurefangstane har variert mykje mellom år, men har gått drastisk ned dei seinare åra, og sjøauren har vore freda sidan 2010. Utviklinga av både laks- og sjøaurefangstane på 2000-talet er mykje den same i Vorma som i resten av fylket, og viser at situasjonen ikkje er særeigen for Vorma (figur 1, linjer). Skjell 2013 FIGUR 1. Fangst av laks og sjøaure i Vorma i perioden 1977-2013 (stolpar). Frå 1979 er laksefangstane skild som tert (<3 kg, grøn) og laks (>3 kg, blå), frå 1993 er det skild mellom smålaks (<3 kg, grøn), mellomlaks (3-7 kg, raud) og storlaks (>7 kg, svart). Linjer viser samla fangst av laks og sjøaure i resten av Rogaland. Sjøauren har vore freda sidan 2010. Analysar av skjelmateriale Sidan 2005 har det vore analysert skjelprøvar av til saman 2493 laks og 10 sjøaure. Frå sportsfisket i 2013 kom det inn prøvar av 428 laks (figur 2). Dei siste fire åra har me motteke prøvar av over 70 % av registrert laksefangst, i 2012 og 2013 var det over 90 %. Etter relativt stort innslag av rømt oppdrettslaks i 2006 og 2007 har andelen vore 5 % eller mindre dei følgjande åra. Dei tre siste åra har andelen vore under 2 %, og i 2013 var det berre 0,2 % rømt oppdrettslaks i skjelmaterialet. FIGUR 2. Antal skjelprøvar (stolpar) og andel rømt oppdrettslaks (linje) i skjelmaterialet frå Vorma. Etter 2004 har tilveksten i havet vore dårleg, og dette har resultert i at ein relativt høg andel 2-sjøvinterlaks har vore under 3 kg, og ein god del 3-sjøvinterlaks har vore under 7 kg. For meir informasjon sjå www.radgivende-biologer.no Rådgivende Biologer AS Bredsgården, Bryggen, 5003 Bergen Tlf. 55 31 02 78 Fax. 55 31 62 78 E-post: post@radgivende-biologer.no www.radgivende-biologer.no
FANGST OG SKJELPRØVAR I ÅRDALSELVA Fangststatistikk Fangststatistikken for laks i Årdalselva kan delast i to epokar. Snittfangst per år i perioden 1977-1990 var 60 laks, medan snittet for åra 1991-2013 var 511 laks per år (figur 1, stolpar). Etter tre år med heller dårlege fangstar i 2008-2010, auka fangstane att, og i 2012 vart det fanga 1144 laks, det klart beste resultatet for Årdalselva. Fangsten i 2013, 678 laks, er ein markert nedgang frå året før, men framleis ein av dei beste fangstane som er registrert i Årdalselva. Sjøaurefangstane har gått nedover sidan tidleg på 1990-talet. Frå 2010 har sjøauren vore freda, og alle sjøaure har vorte sett ut att. Utviklinga av både laks- og sjøaurefangstane dei siste 10 åra er mykje den same som i resten av fylket, og viser at mykje av mellomårsvariasjonen skuldast faktorar som ikkje er unike for Årdalselva (figur 1, linjer). Dei fire siste åra har ein del av laksane vorte sett ut att i elva, i 2013 utgjorde det ca. 20 % av fangsten. Skjell 2013 FIGUR 1. Fangst av laks og sjøaure i Årdalselva i perioden 1979-2013 (stolpar). Frå 1979 er laksefangstane skild som tert (<3 kg, grøn) og laks (>3 kg, blå), frå 1993 er det skild mellom smålaks (<3 kg, grøn), mellomlaks (3-7 kg, raud) og storlaks (>7 kg, grå). Linjer viser samla fangst av laks og sjøaure i resten av Rogaland utanom Årdalselva. NB! Fangst inkluderer både avliva og gjenutsett fisk. Sjøauren har vore freda sidan 2010. Analysar av skjelmateriale Sidan 2006 er det analysert skjelprøvar av til saman 1070 laks og 11 sjøaure frå Årdalselva (figur 2, stolpar). Sidan 2009 har me motteke prøvar av ca. 30-70 % av registrert fangst, noko som er svært bra, og gjev eit godt vurderingsgrunnlag. I 2013 mottok me prøvar av 197 laks (36 % av avliva fisk). Etter at det var høvesvis 5 og 8 % rømt oppdrettslaks i skjelmaterialet i 2009 og 2010, har innslaget gått drastisk ned dei siste tre åra. I 2013 var det ingen rømte laksar i materialet. Av villaksane i materialet var 190 naturleg rekruttert, 7 var utsett frå klekkeri. FIGUR 2. Antal skjelprøvar frå Årdalselva (stolpar) og andel rømt oppdrettslaks (%, linje). Etter 2004 har tilveksten i havet vore dårleg, og dette har resultert i at ein relativt høg andel 2-sjøvinterlaks har vore under 3 kg, og ein god del 3-sjøvinterlaks har vore under 7 kg. NB! Hugs å notera på skjelkonvolutten om fisken er feittfinneklipt For meir informasjon sjå www.radgivende-biologer.no Rådgivende Biologer AS Bredsgården, Bryggen, 5003 Bergen Tlf. 55 31 02 78 Fax. 55 31 62 78 E-post: post@radgivende-biologer.no www.radgivende-biologer.no
Fangststatistikk FANGST OG SKJELPRØVAR I LYSEELVA Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1993-2013 var 19 laks (snittvekt 3,5 kg) og 35 sjøaurar (snittvekt 0,7 kg). I 2013 vart det fanga 35 laks og 29 sjøaure (figur 1, stolpar). Laksefangstane har auka jamt sidan 1999, med 2010 som rekordår, medan sjøaurefangstane stort sett har variert mellom 15 og 40 per år, med unntak av nokre gode år rundt tusenårsskiftet. Mellomårsvariasjonen i fangstar i Lyseelva har visse likskapstrekk med det ein har sett i resten av Rogaland dei siste åra. Det er også fleire år med klare avvik, for både laks og sjøaure (figur 1, linje), men i så fåtalige bestandar som i Lyseelva er sjansane for tilfeldige avvik større. Frå 2010 har ein del av fiskane vorte sett ut att i elva, i 2013 utgjorde det 23 % av laksane og 17 % av sjøaurane. Skjell 2013 FIGUR 1. Fangst av laks og sjøaure i Lyseelva i perioden 1993-2013 (stolpar). Det er skild mellom smålaks (<3 kg, grøn), mellomlaks (3-7 kg, raud) og storlaks (>7 kg, grå). Linjer viser samla fangst av laks og sjøaure i resten av Rogaland (utanom Lyseelva). NB! Fangst inkluderer gjenutsett fisk. Skjelmateriale Sidan 2005 har det vore analysert skjelprøvar av til saman 191 laks og 92 sjøaure frå sportsfisket i Lyseelva (figur 2). Det har vore god oppslutning om skjelinnsamlinga, me har motteke prøvar av meir enn 50 % av registrert laksefangst alle år. Andelen prøvar av sjøaure har variert mellom 10 og 60 %. I 2013 mottok me prøvar av 20 laks og 4 sjøaure (høvesvis 74 og 17 % av registrert fangst). Innslaget av rømt oppdrettslaks har vore lågt dei fleste år, og dei tre siste åra har det ikkje vore rømt laks blant dei innsende prøvane. FIGUR 2. Antal skjelprøvar (stolpar) og andel rømt laks (%, linje) i skjelmaterialet frå Lyseelva. Etter 2004 har tilveksten i havet vore dårleg, og dette har resultert i at ein relativt høg andel 2- sjøvinterlaks har vore under 3 kg, og ein god del 3-sjøvinterlaks har vore under 7 kg. For meir informasjon sjå www.radgivende-biologer.no Rådgivende Biologer AS Bredsgården, Bryggen, 5003 Bergen Tlf. 55 31 02 78 Fax. 55 31 62 78 E-post: post@radgivende-biologer.no www.radgivende-biologer.no
FANGST OG SKJELPRØVAR I ESPEDALSELVA Fangststatistikk Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1988-2013 var 321 (snittvekt 3,8 kg). Før 1988 var det registrert små fangstar enkelte år, men det er ikkje kjent om dette er reelt eller skuldast manglande innrapportering. Også enkeltår etter 1988 ser det ut til å vera manglande rapportering. I 2013 vart det fanga 497 laks (snittvekt 4,7 kg), ein liten nedgang frå året før, men likevel eit av dei beste resultata for heile perioden. Gjennomsnittleg fangst av sjøaure i perioden 1988-2009 var 127 fisk (snittvekt 1,0 kg). Fangstane avtok frå 2000 og utover, og frå 2010 har sjøauren vore freda. Utviklinga i sjøaurefangstane i Espedalselva frå midt på 1990-talet stemmer godt over eins med det ein har sett for resten av fylket (figur 1, linje). Det er ikkje tilfelle i same grad for laks, fleire av åra avvik laksefangstane markert frå trenden i fylket elles. Skjell 2013 FIGUR 1. Fangst av laks og sjøaure i Espedalselva i perioden 1978-2013 (stolpar). Frå 1979 er laksefangstane skild som tert (<3 kg, grøn) og laks (>3 kg, blå), frå 1993 er det skild mellom smålaks (<3 kg, grøn), mellomlaks (3-7 kg, raud) og storlaks (>7 kg, grå). Linjer viser samla fangst av laks og sjøaure i resten av Rogaland (utanom Espedalselva). Sjøauren er freda frå 2010. NB! Figuren inkluderer gjenutsett laks i 2012. Analysar av skjelmateriale Sidan 2005 er det analysert skjelprøvar av 515 laks og 10 sjøaure i Espedalselva (figur 2). I 2013 mottok me prøvar av 42 laks (9 % av registrert fangst). Innslaget av rømt oppdrettslaks har gått jamt ned sidan 2009, og dei to siste åra har det ikkje vore rømt laks i skjelmaterialet. FIGUR 2. Antal skjelprøvar frå Espedalselva (stolpar) og andel rømt oppdrettslaks (linje). Etter 2004 har tilveksten i havet vore dårleg, og dette har resultert i at ein relativt høg andel 2- sjøvinterlaks har vore under 3 kg, og ein god del 3-sjøvinterlaks har vore under 7 kg. For meir informasjon sjå www.radgivende-biologer.no Rådgivende Biologer AS Bredsgården, Bryggen, 5003 Bergen Tlf. 55 31 02 78 Fax. 55 31 62 78 E-post: post@radgivende-biologer.no www.radgivende-biologer.no
FANGST OG SKJELPRØVAR I FRAFJORDELVA Fangststatistikk Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1977-2013 var 119 laks (snittvekt 3,0 kg). Laksefangstane auka utover 1990-talet og nådde ein topp i 2000, med 503 laks (figur 1, stolpar). Etter det har fangstane variert mellom 100 og 230 laks. I 2013 vart det fanga 156 laks (snittvekt 3,7 kg), ein liten nedgang frå året før. I perioden 1977-2009 har det vore fanga i snitt 177 sjøaurar per år (snittvekt 1,0 kg). Fangstane gjekk kraftig ned utover 2000-talet, og sjøauren har vore freda i Frafjordelva sidan 2010. Fangstutviklinga for sjøaure utover på 2000-talet har vore mykje den same som i resten av Rogaland (figur 1, linje). Det er noko større avvik for laks, fangstane etter 2002 er noko lågare enn venta i høve til dei føregåande åra. Skjell 2013 FIGUR 1. Fangst av laks og sjøaure i Frafjordelva i perioden 1977-2013 (stolpar). Frå 1979 er laksefangstane skild som tert (<3 kg, grøn) og laks (>3 kg, blå), frå 1993 er det skild mellom smålaks (<3 kg, grøn), mellomlaks (3-7 kg, raud) og storlaks (>7 kg, svart). Linjer viser samla fangst av laks og sjøaure i resten av Rogaland. NB! Sjøauren har vore freda frå 2010. Analysar av skjelmateriale Sidan 2005 er det analysert skjelprøvar av til samane 404 laks og 39 sjøaure (figur 2). I 2013 mottok me skjel frå 36 laks (23 % av registrert fangst). Etter at andelen rømt oppdrettslaks var vel 10 % i 2010, har det gått kraftig ned, og i 2013 vart det ikkje registrert rømt laks i skjelmaterialet. FIGUR 2. Antal skjelprøvar (stolpar) og andel rømt laks i skjelmaterialet (%, linje) frå Frafjordelva. Etter 2004 har tilveksten i havet vore dårleg, og dette har resultert i at ein relativt høg andel 2- sjøvinterlaks har vore under 3 kg, og ein god del 3-sjøvinterlaks har vore under 7 kg. For meir informasjon sjå www.radgivende-biologer.no Rådgivende Biologer AS Bredsgården, Bryggen, 5003 Bergen Tlf. 55 31 02 78 Fax. 55 31 62 78 E-post: post@radgivende-biologer.no www.radgivende-biologer.no
FANGST OG SKJELPRØVAR I DIRDALSELVA Skjell 2013 Fangststatistikk Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1977-2013 var 261 laks (snittvekt 3,1 kg) og 114 sjøaurar (snittvekt 0,9 kg). Fangstane av laks har auka jamt sidan midt på 1990-talet, og fangsten i 2011, med 1254 laks, er den klart høgaste som er registrert i Dirdalselva (figur 1, stolpar). Også i 2011 vart fanga over 1100 laks, før det var ein reduksjon til 784 laks i 2013. Dette er likevel den 3. høgaste fangsten som er registrert. Sjøaurefangstane har vore variable, med 2000 som suverent toppår (479 sjøaure). Sjøauren har vore freda sidan 2010, og alle sjøaure skal setjast tilbake i elva. Utviklinga i sjøaurefangstar i Dirdalselva stemmer godt over eins med det ein har sett for resten av fylket (figur 1, linje). Det same er ikkje tilfelle for laks, fangstane i Dirdalselva auka jamt og trutt sidan midt på 1990-talet, men utan den kraftige auken seint på 90-talet. Mellomårsvariasjonen dei sju siste åra følgjer derimot stort sett det ein ser i resten av fylket. Dei siste fire åra har ein del av laksane vorte sett tilbake i elva, i 2013 utgjorde det 13 % av registrert fangst. FIGUR 1. Fangst av laks og sjøaure i Dirdalselva i perioden 1977-2013 (stolpar). Frå 1979 er laksefangstane skild som tert (<3 kg, grøn) og laks (>3 kg, blå), frå 1993 er det skild mellom smålaks (<3 kg, grøn), mellomlaks (3-7 kg, raud) og storlaks (>7 kg, svart). Linjer viser samla fangst av laks og sjøaure i resten av Rogaland. Sjøauren har vore freda f.o.m. 2010, og dei aller fleste er sett ut att. NB! Fangst inkluderer gjenutsett fisk. Skjelmateriale 2005-2013 Sidan 2005 har det vore analysert til saman 406 laks og 3 sjøaure (figur 2). I 2013 mottok me prøvar av 92 laks (14 % av registrert fangst). Etter 2007 har andelen rømt oppdrettslaks vore låg alle år, og dei to siste åra er det ikkje registrert rømt oppdrettslaks i skjelmaterialet FIGUR 2. Antal skjelprøvar frå Dirdalselva (stolpar) og andel rømt oppdrettslaks (linje). Etter 2004 har tilveksten i havet vore dårleg, og dette har resultert i at ein relativt høg andel 2- sjøvinterlaks har vore under 3 kg, og ein god del 3-sjøvinterlaks har vore under 7 kg. For meir informasjon sjå www.radgivende-biologer.no Rådgivende Biologer AS Bredsgården, Bryggen, 5003 Bergen Tlf. 55 31 02 78 Fax. 55 31 62 78 E-post: post@radgivende-biologer.no www.radgivende-biologer.no
Fangststatistikk FANGST OG SKJELPRØVAR I HÅELVA Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1985-2013 var 2318 laks (snittvekt 2,3 kg) og 151 sjøaurar (snittvekt 0,8 kg). Høgaste fangsten av laks som er registrert var i 1998, med 5369 fisk (figur 1, stolpar). Dei siste fire åra har fangstane lege mellom 1500 og 2000 per år, i 2013 vart det fanga 1715 laks (snittvekt 2,2 kg). Etter ein periode frå 1985-92, med sjøaurefangstar på 200-400 per år, har det gått nedover. Dei siste tre åra er det fanga 40-50 sjøaure per år. I grove trekk liknar mellomårsvariasjonen i fangst av laks og sjøaure i Håelva det ein har sett for resten av fylket, men laksefangstane i 2005, 2011 og 2012 var låge, i høve resten av fylket (figur 1). Etter at laksefangstane tok seg sterkt opp i Bjerkreimselva frå seint på 1990-talet, har det vore større skilnad mellom fangst i Håelva og i resten av fylket (figur 1, stolpar og linje) år for år, men det har ikkje påverka mellomårsvariasjonen. Nokre få av laksane og sjøaurane som vart fanga dei fire siste åra vart sette ut att (0,5-3 % av fangsten). Skjell 2013 FIGUR 1. Fangst av laks og sjøaure i Håelva i perioden 1985-2013 (stolpar). Frå 1979 er laksefangstane skild som tert (<3 kg, grøn) og laks (>3 kg, blå), frå 1993 er det skild mellom smålaks (<3 kg, grøn), mellomlaks (3-7 kg, raud) og storlaks (>7 kg, svart). Linjer viser samla fangst av laks og sjøaure i resten av Rogaland (utanom Håelva). NB! Fangst inkluderer både avliva og gjenutsett fisk. Analysar av skjelmateriale Sidan 2005 har me motteke skjelprøvar av til saman 198 laks og ein sjøaure (figur 2). I 2013 mottok me prøvar av 17 laks (1 % av registrert fangst). Det er til saman registrert fem rømte oppdrettslaks, to i 2007, to i 2008 og ein i 2011. Antal innsamla skjelprøvar er for lågt til å vurdera innslaget av rømt oppdrettslaks i sportsfisket i Håelva. FIGUR 2. Antal skjelprøvar frå av laks og sjøaure frå sportsfisket i Håelva. Etter 2004 har tilveksten i havet vore dårleg, og dette har resultert i at ein relativt høg andel 2- sjøvinterlaks har vore under 3 kg, og ein god del 3-sjøvinterlaks har vore under 7 kg. For meir informasjon sjå www.radgivende-biologer.no Rådgivende Biologer AS Bredsgården, Bryggen, 5003 Bergen Tlf. 55 31 02 78 Fax. 55 31 62 78 E-post: post@radgivende-biologer.no www.radgivende-biologer.no
Fangststatistikk FANGST OG SKJELPRØVAR I OGNA Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1985-2013 var 1919 laks (snittvekt 2,2 kg) og 130 sjøaurar (snittvekt 0,9 kg). Etter rekordåret 1998 (4044 laks) har fangstane stort sett vore under 2000 per år, men frå 2006, då det berre vart fanga ca. 1000 laks, har tendensen vore aukande, og dei fire siste har fangstane variert mellom ca. 2000 og 2500 laks (figur 1, stolpar). Dei beste sjøaurefangstane var i perioden 1985-92, med 1986 som toppår. Deretter har fangstane gått jamt nedover, dei siste 11 åra har det vore fanga færre enn 30 sjøaure per år. I høve til resten av fylket har fangstane av laks halde seg stabile dei seinare åra, medan sjøaurefangstane ikkje tok seg opp tidleg på 2000-talet slik tilfellet var i mange andre elvar. Auka laksefangstar i 2010 var i samsvar med resten av fylket, men det var ikkje ein vidare auke i 2011 og 2012, slik trenden er for resten av fylket (figur 1, linje). Nokre få av laksane som vart fanga dei tre siste åra vart sette ut att (2-5 % av fangsten), og i 2013 vart i tillegg ca. 30 % av sjøaurane sette ut att. Skjell 2013 FIGUR 1. Fangst av laks og sjøaure i Ogna i perioden 1977-2013 (stolpar). Frå 1979 er laksefangstane skild som tert (<3 kg, grøn) og laks (>3 kg, blå), frå 1993 er det skild mellom smålaks (<3 kg, grøn), mellomlaks (3-7 kg, raud) og storlaks (>7 kg, svart). Linjer viser samla fangst av laks og sjøaure i resten av Rogaland (utanom Ogna). NB! Fangst inkluderer både avliva og gjenutsett fisk. Analysar av skjelmateriale Sidan 2005 er det analysert skjelprøvar frå til saman 1079 laks og 5 sjøaure frå Ogna, i 2013 mottok me prøvar av 136 laks og ein sjøaure, høvesvis 7 og 5 % av registrert fangst (figur 2). Andelen rømt oppdrettslaks har vore låg i heile perioden, og varierte mellom 0 og 4 %. I 2013 inneheldt skjelmaterialet berre villaks. I høve til dei registrerte fangstane, er det teke skjelprøvar av berre 5-10 % av laksane, så andel rømt laks i totalfangsten vil vera noko usikker. FIGUR 2. Antal skjelprøvar frå Ogna (stolpar) og andel rømt oppdrettslaks (%, linje). Etter 2004 har tilveksten i havet vore dårleg, og dette har resultert i at ein relativt høg andel 2-sjøvinterlaks har vore under 3 kg, og ein god del 3-sjøvinterlaks har vore under 7 kg. For meir informasjon sjå www.radgivende-biologer.no Rådgivende Biologer AS Bredsgården, Bryggen, 5003 Bergen Tlf. 55 31 02 78 Fax. 55 31 62 78 E-post: post@radgivende-biologer.no www.radgivende-biologer.no
FANGST OG SKJELPRØVAR I BJERKREIMSELVA Fangststatistikk Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1976-2013 var 3276 laks (snittvekt 2,2 kg) og 175 sjøaurar (snittvekt 0,8 kg). Laksefangstane har auka sterkt dei siste 15 åra (figur 1, stolpar), og snitt for perioden 1998-2013 er 6251 laks. I 2010-12 var fangstane i overkant av 7000 per år, i 2013 var fangsten redusert til 5084 laks (snittvekt 2,1 kg). Sjøaurefangstane dei siste åra har vore mellom dei lågaste som er registrert, i 2013 vart det fanga 70 fisk (snittvekt 0,9 kg). Variasjonen i både laks- og sjøaurefangstane i Bjerkreimselva dei siste 15 åra har vore svært lik den ein har sett i resten av fylket (figur 1, linjer). Dei siste fire åra har ein del av fiskane vorte sett tilbake i elva, i 2013 vart ca. 13 % av laksane og 33 % av sjøaurane sett ut att. Skjell 2013 FIGUR 1. Fangst av laks og sjøaure i Bjerkreimselva i perioden 1976-2013 (stolpar). Frå 1979 er lakse-fangstane skild som tert (<3 kg, grøn) og laks (>3 kg, blå), frå 1993 er det skild mellom smålaks (<3 kg, grøn), mellomlaks (3-7 kg, raud) og storlaks (>7 kg, svart). Linjer viser samla fangst av laks og sjøaure i resten av Rogaland (utanom Bjerkreimselva). NB! fangst inkluderer både avliva og gjenutsett fisk. Skjelmateriale Sidan 2006 er det analysert skjelprøvar av 1464 laks frå sportsfisket i Bjerkreimselva (figur 2). I 2013 mottok me prøvar av 214 laks, som utgjer 5 % av registrert fangst. Det er berre motteke prøvar av til saman 7 sjøaure. Tre av laksane var rømte oppdrettslaks, ein andel på 1,4 %. Med unntak av i 2008 har andelen rømt laks vore låg, men sidan det er teke prøvar av ein svært liten andel av den samla fangsten, er tala noko usikre. FIGUR 2. Antal skjelprøvar frå Bjerkreimselva (stolpar) og andel rømt oppdrettslaks (%, linje). Dei fleste laksane i Bjerkreimselva går ut som smolt etter 2-3 år i elva, ved ei gjennomsnittleg lengd på 13,5 cm, og kjem attende til elva etter 1-2 vintrar i sjøen. Etter 2004 har tilveksten i havet vore dårleg, og dette har resultert i at ein relativt høg andel 2-sjøvinterlaks har vore under 3 kg. I åra 2007-13 har 30-50 % av smålaksen fanga i Bjerkreimselva vore 2-sjøvinterlaks. For meir informasjon sjå www.radgivende-biologer.no Rådgivende Biologer AS Bredsgården, Bryggen, 5003 Bergen Tlf. 55 31 02 78 Fax. 55 31 62 78 E-post: post@radgivende-biologer.no www.radgivende-biologer.no
Fangststatistikk FANGST OG SKJELPRØVAR I SOKNA Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1995-2013 var 767 laks (snittvekt 2,4 kg) og 258 sjøaurar (snittvekt 0,9 kg). I 2013 vart det fanga 787 laks og 120 sjøaure (figur 1, stolpar). Sjøaurefangstane har vore låge dei siste åtte åra, sjølv om det var ein svak auke i 2012 og 2013. Variasjonen i både laks- og sjøaurefangstane i Sokna har vore svært lik det ein har sett i resten av fylket (figur 1, linje), med unntak av at laksefangsten var noko låg i 2011, og sjøaurefangstane var låge i 2002 og 2003. Det gode samsvaret mellom stolpar og linjer i figur 1 viser at mellomårsvariasjonen i høg grad skuldast faktorar som er felles for heile fylket, og i mindre grad skuldast lokale tilhøve i elva. Dei siste fire åra har 1-4 % av laksane og 4-23 % av sjøaurane vorte sett ut att i elva. Skjell 2013 FIGUR 1. Fangst av laks og sjøaure i Sokna i perioden 1995-2013 (stolpar). Det er skild mellom smålaks (<3 kg, grøn), mellomlaks (3-7 kg, raud) og storlaks (>7 kg, svart). Linjer viser samla fangst av laks og sjøaure i resten av Rogaland utanom Sokna. NB! Fangst inkluderer gjenutsett fisk Skjelmateriale Sidan 2008 har det vore analysert skjelprøvar av til saman 337 laks og 7 sjøaure frå Sokna, i 2013 mottok me prøvar av 8 laks (1 % av registrert fangst), ingen sjøaure (figur 2). Andel rømt oppdrettslaks har variert mykje mellom år, men sidan skjelmaterialet dei fleste åra har utgjort klart mindre enn 10 % av total fangst, er det usikkert kor representativt skjelmaterialet er. FIGUR 2. Antal skjelprøvar frå Sokna (stolpar) og andel rømt oppdrettslaks (%, linje). Etter 2004 har tilveksten i havet vore dårleg, og dette har resultert i at ein relativt høg andel 2- sjøvinterlaks har vore under 3 kg, og ein god del 3-sjøvinterlaks har vore under 7 kg. For meir informasjon sjå www.radgivende-biologer.no Rådgivende Biologer AS Bredsgården, Bryggen, 5003 Bergen Tlf. 55 31 02 78 Fax. 55 31 62 78 E-post: post@radgivende-biologer.no www.radgivende-biologer.no