Strategi og handlingsplan 2009-2012



Like dokumenter
Strategi og handlingsplan

HANDLINGSPLAN

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

Kommunedelplan for oppvekst

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Rådgjevarkonferansen 2009

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

ÅRSRAPPORT Inkludert årsmelding og konsernrekneskap

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

på vegne av barn og unge

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Innovasjonsmetoden vår

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Strategi Forord

Kva er ein samskipnad?

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Trygg og framtidsretta

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Avtale om partnarskap

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Informasjon til pasientar og pårørande

Øystese barneskule April - 08

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

STRATEGI FOR KOMPETANSEUTVIKLING I FOLKEBIBLIOTEK O G SKULEBIBLIOTEK I HORDALAND

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Barnehageplan for Vinje kommune

Informasjonshefte Tuv barnehage

Bustadpreferansar og trendar i distriktskommunar. Bustadseminar Sogn Regionråd

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

STRATEGIPLAN FOR BUSTADAR I STORD KOMMUNALE EIGEDOM KF

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Bustadplan og-utvikling i Sogn. Husbanken som samarbeidspart Olav Ohnstad seniorrådgiver

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

Kva er ein samskipnad?

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

VEDTEKT av februar 2007

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00


HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Til deg som bur i fosterheim år

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf

SOGN driftig raus ekte

Mål og handlingsplan for inkluderande arbeidsliv i Aukra kommune Vedteke i administrasjonsutvalet sak 6/16. E-phorte: Sak 2015/580-19

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Strategisk plan. Høgskolen i Nord-Trøndelag Nærleik til kunnskap

Merkur programmet. Den multifunksjonelle nærbutikken Bokhandelen i distriktet. programmet.no

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Eva Marie Halvorsen (arbeidsgjevar), Åse Løkeland (1. vara arbeidsgjevar) 1/ / Godkjenning av innkalling og sakliste 2

Spørjeundersøking om sentrumsområde

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Transkript:

Strategi og handlingsplan 2009-2012 SISOF Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane

STUDENTSAMSKIPNADEN I SOGN OG FJORDANE SISOF driv studentvelferd for studentane knytt til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiestadane er Sogndal og Førde i tillegg studiesenter på Sandane. Vi tilbyr studentane bustader, kantiner, krodrift, bokhandel, psyko- sosial helserådgjeving og barnehage. Administrasjonen er plassert i Sogndal, der den største delen av drifta finn stad. Studentsamskipnaden skal bidra til trivsel og gode opplevingar i den tida dei studerer i Sogn og Fjordane. Vi har eit nært samarbeid med høgskulen og dette er med på å rekruttera studentar til høgskulen og regionen. Overordna mål: SISOF skal: tilby attraktive velferdstenester. Dette inneberer at vi skal: o Vera omstillingsdyktige o Konkurransedyktige på pris o Synlege o Ha høgt servicenivå o Ha høgt kvalitetsnivå vera ein demokratisk organisasjon, der studentane står sentralt i utviklinga av organisasjonen skal gjennom sitt tenestetilbod bidra til å skapa eit godt studentmiljø utvikle eit godt kompetanse- og arbeidsmiljø Visjon SISOF, studentane sitt førsteval Slagord Våre studentar veit best - side 2 -

ORGANISASJONEN Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF) er ei verksemd som bidreg til å oppfylle utdanningspolitiske målsetjingar. Saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) skal SISOF vera med og legge til rette for eit heilskapleg læringsmiljø. Vi skal og bidra til eit trygt, sosialt og effektivt studieopphald for studentane ved HSF. Styret Direktør Administrasjon Studentrådgjevar, Økonomi, Personal IT/Informasjonsarbeid Student bokhande l Barnehage Drift og bustad Stedjeåsen, Elvatunet, Studentheimen, Kaupanger Førde Meieriet Kantiner og kroer Kulturhuset, Campus, Førde, Sandane Akutten Meieriet Sogndal Førde Sandane - side 3 -

SISOF SINE TENESTER Vi har tenester på alle studiestadane til Høgskulen i Sogn og Fjordane, det er Sogndal, Førde og studiesenteret på Sandane. Bustader SISOF har i overkant av 400 hyblar og leilegheiter i Sogndal, på Kaupanger, i Førde og på Sandane. Bustaddelen består av administrering av utleige, vaktmeistertenester, teknisk drift, vedlikehald og renovering. Det blir kvart år sett av eit tal bustader til internasjonale studentar. På studiestadane er det og eit godt tilbod på private hyblar slik at busituasjonen er tilfredstillande. Ein del av leilegheitene våre på Kaupanger har vore leigd ut til asylsøkjarar, desse ville vore tomme om dei ikkje vart nytta til dette føremålet. Det er ein stilling som jobbar på heiltid med utleige av bustad, i tillegg har vi 4 vaktmeistrar og ein driftssjef. Studenthus Studenthuset Meieriet i Sogndal er eit av dei mest populære studenthusa i landet. Her har studentane eit stort spekter av aktivitetar. Studenthuset er på over 1000 kvm i tre etasjar. Studentsamfunnet og undergruppene til studentsamfunnet har plass her. Studenthuset inneheld ein konsertsal med plass til over 500 gjester i tillegg til ein kafé/pub. På Meieriet er det ein krovertstilling i regi av SISOF, resten er studentdrive. I Førde har vi Akutten kro, som og har vore populær. Her er det mindre band eller disco i tillegg til quiz-kveldar, vi har ei 20 % stilling her som krovert. I praksis vert studenthuset og kroene drivne av studentar, men det er SISOF som er økonomisk ansvarleg. Det er og SISOF som er innehavar av skjenkeløyve og som fører rekneskapen. Fjordbok Studentbokhandelen i Sogndal skaffar litteratur og studiemateriale til studentane og førelesarar som dei nyttar til studie og forsking ved HSF. Bokhandelen sel og rekvisita og papir til alle i Fosshaugane Campus-området. Trykkeriet er knytt opp mot Fjordbok. Fjordbok og trykkeriet har tre tilsette. Fjordbok vil ha utfordringar i framtida på digitale løysingar, her må ein følgje utviklinga. Kantiner SISOF har fire kantiner, to i Sogndal, ei i Førde og ei på Sandane. Den siste er open berre ved aktivitet på studiestaden. I kantinene våre har vi 10 tilsette, 7 i Sogndal og 3 i Førde. På Sandane har vi ein tilsett på timebasis ved behov. Barnehage Barnehagen har to avdelingar, ei for småbarn og ei stor avdeling. Det er 44 plassar fordelt på avdelingane. Barnehagen har eit nært samarbeid med Sogndal kommune, og det er eit nært samarbeid med førskuleutdanninga på høgskulen. Det er 15 tilsette i 13 stillingar. I Førde har vi inngått eit samarbeid med Viebøen barnehage. Her kan vi tilby 8 plassar. Helse og studentrådgjeving Semesteravgifta går til tilskot til studentorganisasjonar, helsekasse, marknadsføring av tenestene, psykologitilbod, ulykkesforsikring til studentane og administrasjon for tenestene. Helsestasjon for unge vaksne (HUV) er vidareført i samarbeid med kommunen og HSF. Studie med støtte (SMS) er for studentar med psykiske vanskar. Dette er eit samarbeid med nav. Studentrådgjevar tilbyr psyko-sosial rettleiing i spørsmål som gjeld blant anna, studieproblem, personlege problem, lese og skrivevanskar med meir i tillegg til kurs. SISOF har ei heil stilling som psykososial rådgjevar. 80 % i Sogndal og 20 % i Førde Administrasjon og stabsfunksjonar Stabsfunksjonane og administrasjonen har ansvar for økonomi, rekneskap, lønn og personaladministrasjon. - side 4 -

STYRET Styret for Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane har denne samansetjinga: 9 medlemmar fordelt slik: 5 studentar 2 representantar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane 2 representantar frå dei tilsette i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane Styreleiar og nestleiar blir valt av styret. - side 5 -

HANDLINGSPLAN 2009-2012 BUSTAD Alle studentar skal ha eit tilbod om bustad av bra standard i rimeleg avstand til undervisningsstaden til ein fornuftig kostnad Sisof skal enten gjennom eigne bustadar eller ved formidling av private hyblar vera behjelpeleg med å skaffar alle studentar ein tilfredsstillande stad og bu For å nå måla: SISOF skal ved dei ulike studiestadene og studiesenter disponera /eiga husvære tilsvarande 20 % av studentmassen Bustaden skal vera godt reingjort og ha ein standard som gjer at vi ikkje får klager ved innflytting På alle studiestadene skal vi ha bustader tilpassa rullestolbrukarar Vi skal hjelpe til med formidling av private husvære Det skal skrivast standard kontrakt for husvære som blir utleigt Det skal eksistere vedlikehaldsplanar for alle bustader kvart år Ha tilbod med digitale tv-signal, minimum til alle fellesrom i bustadane Byggja ut høghastigheit datanett til alle studentbustadene som har fulltidsstudium Det skal setjast av vedlikehaldsmidlar i samsvar med det anbefalte regelverket frå KUD Planlegge og sette i verk planar rundt studentleilegheiter på Kaupanger Starte prosess med å søka husbanken om lån på tomt til studentbustader i Sogndal hausten 2009 Lage betre rutinar med utleige av studentbustader Vedlikehaldsplan skal fjølgast for oppussing og vedlikehald av bustader Reinhald skal skjerpast og vaskebyrå skal bytast ut mot eigne tilsette Forbetre systemet for formidling av hyblar og leilegheiter, utnytte elektronisk system Fleire personar skal inn og ha opplæring i bustad systemet til UniPluss, september 2009 Hjelpe til med formidling av juridisk hjelp for studentar som får problem i forhold til utleigar privat - side 6 -

HELSE OG STUDENTRÅDGJEVING SISOF skal ha eit velferdstilbod for studentar med ulike behov innan psykososial rådgjeving. Det skal vera eit støtteapparat for å dekke opp dette behovet Studentane på utdanningsinstitusjonane tilslutta SISOF skal vite at nokon bryr seg. Dei skal kjenne seg trygge i miljøet For å nå måla: Betre informasjon om tenesta ut til dei som informerer studentane Informasjon ut til studentane om tilbodet Samarbeide godt med HSF Informere studentar om ordningar og helsetilbodet Må ha tilgjengeleg informasjonsmateriale Informere ut til dei som sit i førstelinje på kva tenesta inneheld Saman med HSF sørgje for at det eksisterer fadderordningar til nye studentar Ha tilgjengeleg psykolog i Førde og Sogndal, utnytte Helse Vest si tilskotsordning Lage informasjonsmateriale for ulike behov Etablere rutinar ved spesielle behov Arbeide for å oppretthalde tilbodet om helsestasjon for unge vaksne saman med HSF og kommunane Informere vertskommunane om studentane sine behov for kommunale velferdstenester og motivere kommunane til å yta slike tenester til studentane Etter initiativ frå utdanningsinstitusjonane vera med å lage eit mottak og opplegg av gjestestudentar - side 7 -

FJORDBOK/TRYKKERIET Fjordbok skal vera studenten sitt naturlege førsteval ved kjøp av undervisningsmateriell og skal tilbyr eit servicenivå som fyller HSF sine behov Skal vera den største bokhandel på sal av fagbøker og studiemateriell til studentane ved HSF. På sikt bygga ut utvalet i bokhandelen. Oppretthalde dagens omsetning på fagbøker Skal bli ein bokhandel for heile Campusområde. Biblioteket ved HSF og fagpersonar ved HSF skal i større grad bruke bokhandelen. HSF sin samarbeidspartnar på bøker For å nå måla: Ha god service og kompetanse God kontakt mot fagavdelingar ved HSF Studentane skal få tilgang til alt undervisningsmateriell dei har bruk for til å gjennomføre studiet Ha konkurransedyktige prisar, men og ha prisar som gjer drifta lønsam Vera oppdaterte på teknologisk utvikling Utprøving av nettbokhandel Målretta marknadsføring mot fagansvarlege på HSF til å nytte Fjordbok Marknadsføring av Fjordbok ved studiestart ute i avdelingane Oppretta kontaktar mot verksemder på Campus for bruk av Fjordbok Inngå samarbeid på ulike område/avdelingar med HSF, bruka deira interne kanalar Kompetanseutvikling på tilsette Rett og konkurransedyktig prissetting Samarbeide om tiltak på tvers av avdelingane i SISOF for å utfordre på bruk av bokhandel Delta på møte, seminar om viktige utviklingstrekk i bransjen - side 8 -

STUDENTSOSALE AKTIVITETER Kroene til SISOF skal vera så attraktive at dei fleste studentane finn eit tilbod der. SISOF skal hjelpe dei ulike studentgruppene til å komme i gang med aktivitetar SISOF stiller lokale til disposisjon for at studentane skal drive med attraktive sosiale aktivitetar på fritida. Her kan dei ulike studentgruppene ha sin møteplass for å auka trivselen i studentmiljøet På studiestaden skal det eksistere eit tilbod rundt fysisk aktivitet For å nå målet: Kroene våre skal vere attraktive for studentane og bygg og inventar skal vedlikehaldas og skiftas ut ved slitasje Kroene skal drivast med eit positivt resultat, minimum gå i balanse SISOF og SIS må bli einige om deling av kostnader SISOF og SIS må ha faste samarbeidsmøte SISOF skal ha ansvaret for nødvendig leigeavtalar eller kjøp av lokale til studentformål innanfor forsvarlege økonomiske rammer. Lokala skal drivast av studentane Kroene skal på sikt vera sjølvfinansierande Kroene kan og vera eit tilbod til lokalbefolkning i forbindelse med arrangement Studentane ved HSF skal ha god tilgang på mulegheit for fysisk aktivitet SISOF skal gå sterkare inn og samarbeide med SIS frå 2009 for å rette opp drifta Det skal utarbeidast ein plan for kva SISOF skal dekke og kva SIS sjølv må stå for SISOF og SIS skal ha samarbeidsmøte rett etter KU- møtet som er ein gang pr månad, ein diskuterer økonomi og tiltak SISOF Skal gjere endringar i si driftsform på kroene for å bidra til at drifta på Meieriet og Akutten snur til eit betra resultat, I løpet av 2 år skal Meieriet og Akutten driva i balanse SISOF bør avvikle drifta dersom tiltaka ikkje gjev resultat som forventa Lokala må finansierast gjennom aktivitetar, tilskot, sal og semesteravgift SISOF skal føre rekneskap for drifta som tilhøyrer SISOF og som går inn i verksemda sitt totalrekneskap Samarbeid mellom kantinene våre og Meieriet, der kantinene tilbyr smårettar til sal i kafeen på Meieriet HSF skal bidra med husleige SISOF vil hjelpe studentane med å forhandle fram gode kontraktar med treningssenter Det blir gitt tilskot til aktivitetar gjennom SISOF midlane som blir fordelte av studentparlamentet - side 9 -

BARNEHAGEN Studentar med barn skal ha mulegheiter til gjennomføring av studie på normert tid både i Sogndal og Førde. Barnehagen skal gi barna eit trygt, pedagogisk og utviklande tilbod, vi skal organisere tilbod om ettersyn og gi eit pedagogisk tilbod til barn til studentar i Sogndal Barnet skal stå i fokus, barn skal oppleva den gode barndommen For å nå målet: Barnehagen skal vera så brukartilpassa som mogleg innanfor dei rammene barnehagen har Betalingssatsane skal ligge under dei kommunale satsane for tilsvarande plassar Ha eit tett og godt samarbeid med HSF for å fremme barnehagen som ein framtidsretta barnehage Samarbeide med HSF, for å gjera studiestaden Sogndal til ein attraktiv stad å studera. Det skal vera enkelt å studera og ha barn i Sogndal Foreldra skal oppleve barnehagen som ein stad der barna trives mens dei sjølv er i ein travel studiesituasjon Foreldra skal oppleva at deira barn får lov å seie sin meining og bli teken på alvor av personale Dei skal oppleve ein tryggleik og ein omsorg som gjer at dei kan utvikla seg individuelt og saman med andre. Vi skal ha respekt for at vi er ulike og vi skal alle ha eit ansvar for kvarandre Barnehagen skal organisere barnepass i spesielle periodar utover opningstid i barnehagen ved behov Ein skal arbeide for eit nærare samarbeid med foreldre enn det dei har i kommunen, da vi opplever at foreldrerettleiing/foreldrekontakt er ein viktig del av vår barnehagekvardag Køyre aktuelle prosjekt i barnehagen saman med HSF og andre samarbeidspartnarar Fornye kontrakt med Viebøen barnehage og oppretthalde dei 8 barnehageplassane i Førde i den aldersgruppa som er Vi skal ha faste møte i januar/februar med Viebøen barnehage Barnehagetilsette og styrar skal gå på aktuelle kurs/seminar for å oppretthalde og fornye kunnskap og kompetanse - side 10 -

KANTINENE SISOF skal gi studentane eit godt, rimeleg og variert mattilbod SISOF sine kantiner skal kunne tilby eit variert og godt tilbod til HSF og andre samarbeidspartnarar SISOF ønskjer å utvikle kantinene til ein moderne og trendy serveringsstad og ein attraktiv møteplass For å nå målet: Kantinedrifta skal endrast til å gå i pluss Auke omsetninga Kantinene til SISOF skal vere ei positiv oppleving med serviceinnstilte medarbeidarar Tilpasse produkt til brukargruppa Tilby HSF og andre catering og servering Innkjøpsavtalar skal vera på plass og brukast Foreta kalkulasjonar på rettar og menyar i kantinene slik at dei har rett pris i høve innkjøpspris Vere bevisst på varekost, kjøpe stort og rimelege alternativ Tilby studentar gode, rimelege rettar. Utvikle eit meir moderne/trendy produktutval Utvikle tilbod til studentane på matkupongar for middag Sette opp A la Carte som tilfredstiller dagens student Dersom forholda blir lagt til rette, tilby varme lunchrettar på Campus Vidareutvikle eksisterande plan for internkontroll i kantinene Kantinene bør kunne gi eit tilbod til ulike personar med matintoleranse Tilby attraktiv servering i samband med kurs og andre tilskipingar i HSF regi Betre marknadsføring av kantinetilbodet. Informasjonsplakatar, menyar og foldarar Catering bør utviklast i samband med den nye kantina i nytt sentralbygg Skape atmosfære i den nye kantina i det nye sentralbygget til HSF som gjer staden attraktiv - side 11 -

ADMINISTRASJONEN Det skal drivast ein rettferdig personalpolitikk, der alle har eit ansvar for å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Administrasjonen skal veilede andre avdelingar på personalleiing og gjeldande retningsliner SISOF skal vere kjent for å ha eit godt arbeidsmiljø og vi har eit spennande spekter av arbeidskraft med ulik kompetanse. Det skal vera attraktivt å arbeide i SISOF. SISOF ser på alle tilsette som like viktige. Kvar og ein er med på å påverke at verksemda når sine mål. For å nå måla: Avdelingsleiarane skal ha fagleg utvikling innan sine arbeidsområde Utvikling og servicehaldningar hjå alle tilsette Alle arbeidsoppgåver skal kunne gjennomførast av fleire(overlappande kunnskap) Utarbeide retningsliner for ein god personalpolitikk Amu og HMS arbeid må prioriterast Det skal gjennomførast regelmessige møter mellom direktør og avdelingsleiarane Betra informasjon eksternt og internt gjennom internett, intranett og personalmøte Tilsette skal ha tilgang til møtereferat og styresaker gjennom intranett Gjennomføring av årlege medarbeidarsamtalar Utnytte dei teknologiske hjelpemiddel som finst Effektivisere drift med nye teknologiske hjelpemiddel Gjennomgang og vidareutvikling av eksisterande administrative rutinar Regelmessige AMU møte - side 12 -