Hardinglaup: Skarvet på langs 1. mai 2015. 44 km // 1300 m stigning // 1600 m fall// 50 deltakarar



Like dokumenter
Hardinglaup: Øystese Voss Palmelaurdag 28. mars 2015

Hardinglaup: Skarvet på langs 1. mai km // 1300 m stigning // 1600 m fall// 50 deltakarar

Alle deltakarar må lese og forstå dette dokumentet før dei stiller på startstreken til Dynafit Hardangerjøkulen Ultra

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Psykologisk førstehjelp i skulen

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Brødsbrytelsen - Nattverden

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Bruk av reiserekning i Agresso

Brekurs - Fjellsportkurs - Klatrekurs - Firmaturar

Møteprotokoll. Jostedalsbreen nasjonalparkstyre - AU. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre, AU

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Møteinnkalling. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. Utvalg: Møtested: E-post Dato: Tidspunkt:

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Eit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt. Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Tilsynsutvalet i Hordaland. Møteprotokoll

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Psykologisk førstehjelp i skulen

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

REFERAT FORELDREMØTE 24.02

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

ÅL IDRETTSLAG - langrennsgruppa Sesongen 2010/2011

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Møteprotokoll for møte i

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

mmm...med SMAK på timeplanen

Stemnehandboka for NKSF

Informasjon til elevane

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Velkommen til Hornindal og den 9. utgåva av Hornindal Rundt Noregs tøffaste fjelløp

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Møteprotokoll. Utval: Jostedalsbreen nasjonalparkstyre - arbeidsutvalet (AU) Møtestad: E-postmøte Dato: Tidspunkt: 09:00

Brukarrettleiing E-post lesar

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Til deg som bur i fosterheim år

Universitetet i Bergen v/ John Inge Svendsen 1. SAKSHANDSAMAR2 ØlSTElN AASLAND ARKIVKODEI 2015/ DATO:

Finansiering av søknaden

NORSKE TINDEVEGLEDERE - NORTIND SØKNADSSKJEMA FOR OPPTAK TIL TINDEVEGLEDERKVALIFISERING

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Brukarrettleiing. epolitiker

/

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Mål for arbeidet denne kvelden

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Seglingsvedtekter Snøføyka 2010

Referat frå MINTA møte

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Granvin herad Sakspapir

Rettleiar til Partiportalen for Fylkesparti

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Tilsynsutvalet i Hordaland. Møteprotokoll

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Plan for overgangar. for barn og unge

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Konkret arbeid med psykisk helse i skulen. Kva seier opplæringslova? Kvifor arbeide systematisk og målre9a med psykisk helse?

VINTERFJELLSKULE I EVENTYRLEGE MYRKDALEN

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Transkript:

Hardinglaup: Skarvet på langs 1. mai 2015 44 km // 1300 m stigning // 1600 m fall// 50 deltakarar

1.0 BAKGRUNN 2 2.1 TRASÉ 3 2.2 SKILDRING 3 2.3 ALTERNATIVE TRASÉAR 4 2.4 FERDSEL I NASJONALPARK 4 3.1 TRYGGLEIKSPLAN 4 3.2 DELTAKARKRAV 4 3.3 EIGENERKLÆRING 5 3.4 UTSTYRSKRAV 5 3.5 OPERATIV TRYGGLEIK 6 4.1 PROGRAM 6 4.2 TRANSPORT 6 4.3 TIDSPLAN 6 4.2 OVERNATTING 7 4.2.1 FINSE 7 4.2.2. GEILO 7

1.0 Bakgrunn Hardinglaupet Skarvet på langs er ein fredeleg kappestrid og ei tevling for og med hardhausar. Trass årstida kan Skarvet vera nådelaus. Få stader i Noreg har høgare hyppigheit av orkan vindstyrke. Denne om lag 35 km lange fjellryggen er restane av skyvedekket som dekka Hardangervidda. Eit botnsolid landemerke og ein både venleg og brutal arm mellom hardingane og hallingane. Mang ein fjellfant har freista å kryssa Skarvet, og mange har måtta gje tapt. Det er med age, aktsemd, varsemd og vørdnad til fjellet det fyrste norske reindyrka fjellskilaupet no går av stabelen --- på taket mellom vest og aust. I 1972 vart denne traséen vurdert av Håkon Ringdal som løype for Skarverennet, men dagens løype vart valt. Tida er no inne for å tilby fjellfolk i Noreg ein ekte kappestrid. Velkomen som deltakar på hardinglaupet mellom Finse og Geilo.

Arrangementet fører ein berekraftig rekneskap og gjennomfører tevlinga i aktsemd med naturen. Det vil difor ikkje verta søkt om motorkøyreløyve. All transport av utstyr og mannskap vert gjort med menneskeleg trekkraft, samt hundekøyring. Hardinglaupet markerer starten på ein ny type skirenn i Noreg: dagslanglaup på fjellski i umerka løyper i høgfjellet med strenge krav til deltakarar. Desse krava til deltakarar fordrar strenge krav til arrangør. Me ynskjer å fronta nordisk skihistorie gjennom arragnementa. Løpet inngår i prosjektporteføljen i Hardanger åtgaum eit innovativt brandingprosjekt med aktivitet, folket, naturen og framtida i fokus. Prosjektanvarleg er Bygdagnist AS med sete i Øystese. Selskapet vert drive av AK og Kristin Glück---Teigland med lang røynsle og fartstid innan friluftsliv og utandørs arrangement. Kart: Skarvet på langs 2.1 Trasé 2.2 Skildring Starten på løpet er Finse, 1222 moh. Herifrå går det langs kvista trasé i retning Kyrkjedøri og Raggsteindalen. Bryt av sør for Flakavatnet retning Kyrkjedørsnuten. Oppe på om lag 1700 moh går traseen austover mot Hellevassfonni (1868 moh.). Vidare mot turens høgaste punkt og høgaste fjellet i Buskerud Folarskardsnuten 1933 moh. Frå her er cruxet på turen, ned i Folarskardet. Det er eit fall på 330 høgdemeter. Her er

kun ein veg ned og denne vert merka tett med flagg. Ved svært isete forhold lyt alternative ruter frå Finse takast i bruk. Sjekkpunkt hjå mannskapet i Folarkardet. Cut--- off ved ankomst etter kl 14 mot Haugastøl og transport til Geilo. Den vakre turen går så vidare i motbakke mot topp 1868 og topp 1905. Turens smalaste parti mellom Storekvelvi og Hyllun vert passert med varsemd. Så rundar ein Eimeskaret på nordsida og ser mot Prestholtvarden. Deretter bryt ein seg ned i skardet og opp på Skarvsenden. Fyl så ryggen heilt ut til Skarveranden, dalen ned til Skikjelken og via preparert skiløype til skianlegget i Havsdalen. Derifrå fyl ein alpinløypa/transportløypa til Slaatta og målgang på Slaattajordet. 2.3 Alternative traséar Dersom ufarbare forhold i Folarskardet eller konflikt med villreinstamma lyt traseen endrast: Alternativ rute 1: Finse Raggsteindalen Folarskardet --- Geilo Alternativ rute 2: Finse Lengjedalen Hellevatnet Folarskaret --- Geilo Alternativ rute 3: Finse Folarskardsnuten Byrkjedalen Budalen Geilo Alernativ rute 4: Finse Folarskardsnuten Djuptjørnhovda Prestholt Geilo 2.4 Ferdsel i nasjonalpark Me er klar over prinsippet i forvaltninga av nasjonalparkar at aktivitet som kan leggjast utanfor nasjonalpark, vert lagt utanfor. Det er her imidlertid eit medvite val at traséen går gjennom nasjonalparken. Traséen er eit landemerke og ein etablert klassikar. Trasékunnskap er viktig dygd på langtur og mange potensielle deltakarar med kjennskap til nettopp denne løypa er fordel. Sidan dette er ei klassisk rute, er det også mange kringliggjande aktørar som har hatt og har sitt virke i området og dermed bidreg til auka profesjonalitet til arrangementet, t.d. Røde Kors, miljøet på Finse. I tillegg kan dette sjåast på som eit naturleg aspirerande alternativ til det andre Skarverennet som også berører innanfor nasjonalparkgrensene. I og med at dette er ein del av eit prosjekt som har som føremål å markera hardingkrafta og byggja bru mellom Hardanger og kringliggjande regionar er det naturleg å velja denne armen mellom Hardanger og Hallingdal. Me meiner me har rigga arrangementet på berekraftig og nennsamt vis, med respekt for fjellet og tryggleik for deltakarane. Ein vesentleg styrke er at det vert arrangert på snø, noko som er vesentleg meir skånsamt for lende enn sommar. 3.0 Tryggleiksplan 3.1 Deltakarkrav Løpet krev søknad og aksept av arrangør. Maks 50 deltakarar fyrste året. På sikt utviding til totalt maks 200 pers. Maks antal grunna logistikk og tryggleik. Deltakaravgifta er sett til kr 1500 per pers. Overnatting og transport kjem i tillegg og organiserast av kvar einskild.

3.2 Eigenerklæring Kvar deltakar signerer eit eigenerklæringsskjema med fylgjande punkt: --- Eg har lese tryggleiksmanualen til arrangementet og er klar over risikoen og farane ved å delta i denne tevlinga og deltek på eigen risiko --- Eg stadfestar å vera i god nok fysisk og psykisk form til å gjennomføra --- Eg kan orientera i høgfjellet vinterstid med kart, kompass og GPS i umerka traséar i dårleg vér utan sikt. --- Eg kan leggja inn waypoints/rute på GPS og bruka GPS utan hjelp i fjellet --- Eg kan ferdast åleine i høgfjellet utan sikt og veit kva eg må gjera i ein naudsituasjon --- Alt utsyr eg bringar med er i god stand og det er mitt ansvar at alt fungerer heile vegen --- Arrangør kan ta meg ut or løpet dersom helsemessige eller andre årsaker tilseier det --- Deltakaravgifta kan ikkje refunderast ved avlysing eller endra trasé --- Arrangør kan publisera bilete av meg utan særskilt løyve i alle mediakanalar (sosiale medium, aviser, magasin) Deltakarnamn (med blokkbokstavar): Deltakar underskrift: ICE namn og telefonnummer: 3.3 Utstyrskrav Fylgjande utstyr skal vera i sekken ved start: Gjennomgang alle sekkar på pre---race meeting kvelden før, samt ved målgang. 1 stk ullundertøy, overdel (i vasstett pose) 1 stk ullundertøy, underdel (i vasstett pose) 1 stk dunjakke (i vasstett pose) 1 par varme ullsokkar (i vasstett pose) 1 par alpinbriller 1 stk balaklava 1 stk hovudlykt med ekstra Lithium batteri 1 stk GPS med Expperiance Pro 3 Vest Topo kart innlagt og nye lithium batterier 1 stk kompass 1 stk av turkart 1:50 000 Hallingskarvet 3 liter drikke 1 stk personleg førstehjelpsutstyr 1 stk snøspade 1 stk søkestang snøskred 1 stk fjellduk/vindsekk (valfri modell) 1 stk multiverktøy 4 stk ekstra lithium---batteri til gps 1 stk kokeapparat til vinterbruk (valfri modell) 1 stk kjele med lokk 1 stk fyrstikkeske i vanntett forpakning 1 stk full termos. Kun til naudbruk. 1 stk forsegla fryseturka naudrasjon. 1 stk skalljakke 1 stk skallbukse 1 stk ullundertøy, overdel 1 stk ullundertøy, underdel 1 par vindvotter 1 par varme innervottar I tillegg ha med deg dette på start 1 stk vindtett lue 1 par varme ullsokker 1 par fjellskisko 1 par fjellski med stålkant (3/4 stålkant er ok) 1 par fjellskistavar med brei trinse 1 stk sendar/mottakar Arrangører syter for sporing på alle deltakarar gjennom ein Yellowbrick---device. Denne sporinga gjev deltakar mogelegheit å tilkalla naudhjelp.

3.4 Operativ tryggleik Tryggleiken vert handsama ut frå fylgjande prinsipp: 1. Hindra tap av liv og helse for deltakarar og mannskap 2. Berekraftig miljømessig i nasjonalparken 3. Tryggja omdøme arrangør Strukturen er at tryggleiksansvarleg er overordna i rennleiinga og kontrollerer og koordinerer dei operative mannskapane frå sentralt KO. Det vert etablert samband mellom dei operative mannskapane både aust og vest for Folarskardet. Tryggleiksansvarleg har også til ei kvar tid oversyn over trackinga av Yellowbrickane. Konseptet med fråvere av motorferdsel gjeld også på den praktiske gjennomføringa av tryggleiksplanen. All transport inn og ut av eventuelt sjuke eller skadde deltakarar vert gjort ved hjelp av hundespann. Spanna fraktar inn utstyr og kompetent medisinsk personell gjennom Røde Kors. Eit beredskapscrew på kvar side av Folarskardet med respektive KO på Prestholtseter og Finse. I sjølve Folarskardet vert alpin redningsgruppe lokalisert. Dei har KO i Lordehytta og etablerer tauredningssystem for firing av båre på førehand. Frakt av tau og taljer til Folarskardet vert frakta med pulk. Ved akutt medisinsk hjelp utanfor vårt verkeområde koplast AMK inn overtek det operasjonelle. Dei kan evt rekvirera motortransport 4.0 Program 4.1 Transport Frå Oslo: Avreise Oslo Ankomst Finse Merknad Kl 1201 Kl 1629 Preferert Kl 1601 Kl 2023 For seint til registrering og utstyr---sjekk Frå Bergen Avreise Bergen Ankomst Finse Merknad Kl 1559 Kl 1823 Preferert Kl 1614 Kl 1909 4.2 Tidsplan Torsdag 30. april: Kl 1600: Registreringa og utstyr---sjekk opnar Kl 2030: Registreringa og utstyr---sjekk avsluttast Kl 2100: Obligatorisk pre race---meeting på Finse 1222 Fredag 1. mai: Kl 0600: Felles start frå Finse Kl 1200: Dei fyrste deltakarane er forventa i mål

Kl 1400: Cut---off Folarskardet til Haugastøl Kl 1800: Dei siste deltakarane er forventa i mål Kl 2000: Premieutdeling og bunadsbankett på Bardøla Kl 2200: Fest på Dr. Holms 4.2 Overnatting 4.2.1 Finse Finse 1222: Tilbod TBA. Møte desember. Finsehytta: Tilbod TBA. Møte desember Telt: Dersom du ynskjer å overnatta i telt på Finse organiserer arrangør transport av dette til Geilo saman med evt andre ting pakka forsvarleg i sekk/bag. 4.2.2. Geilo Bardøla: Tilbod TBA Dr. Holms: Tilbod TBA