NMS Bjørgvin. det norske misjonsselskap nr 1 mars 2012. Lederhelg på Alværa i januar! Les mer om den side 10! Foto: Ingvald A.



Like dokumenter
EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Til deg som bur i fosterheim år

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

S.f.faste Joh Familiemesse

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Velkomen som konfirmant!

Strategidokument

5. Soknerådsmøte mai Referat

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Strategidokument Varhaug Misjonshus

MEDLEMSINFO. august 2009

Månadsplan for Hare November

Ledersamling Betania Av Olav Vestbøstad

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

6. trinn. Veke 24 Navn:

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

/

Månedsbrev april 2015

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: 15. april 2015

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Velkomen som konfirmant

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013


JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

No sprett knuppane og sevja stig

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv


kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

En reise i Randesund og ut i verden!

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015

Brødsbrytelsen - Nattverden

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Velkommen til songarstemne i Florø!

Oktober, November, Desember. Korpsnytt! Farsund Korps Facebook: frelsesarmeen farsund

VELSIGNELSE AV HUS OG HJEM

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Nyhetsbrev for Glemmen menighet

Strategidokument Varhaug Misjonshus

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.


Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Stemnehandboka for NKSF

Jon Fosse. For seint. Libretto

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

NMS Bjørgvin. Årsmøtetid. det norske misjonsselskap nr 2 mai 2012

Informasjon til elevane

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Transkript:

NMS Bjørgvin det norske misjonsselskap nr 1 mars 2012 Lederhelg på Alværa i januar! Les mer om den side 10! Foto: Ingvald A. Frøyen

Adresser og telefoner Det Norske Misjonsselskap NMS Vest Region Bjørgvin Dreggsallm. 20 5003 Bergen Åpningstider: tirsdag-torsdag kl. 10-14 Telefon: 55 54 68 68 E-post: bjorgvin@nms.no Internett: www.nms.no/bjorgvin Bankgiro: 8220 02 85 030 Telefonliste til ansatte: NMS: Lunde, Grethe 40 40 60 45 Frøyen, Ingvald A. 40 40 60 46 Sørvik, Edel 40 40 60 47 Eide, Alvhild Vassel 40 40 60 44 Grindheim, Vidar 91 11 13 21 Mulen, Ingfrid 40 40 60 48 Lange, Toril 91 68 94 59 NMSU: Kråkenes, Alice B. 40 41 51 56 Kartveit, Helle L. 40 40 60 50 Leirstedene: Alværa Misjonssenter, Lavik Tlf. 57 71 17 57; mob. 489 90 661 E-post: alvera@nms.no; www.alvera no. Giro: 8220 02 85030; merk: 30 12 01 Kvamseter Misjonssenter, Kvamskogen. Midlertidig stengt. NMS hovedkontor: Det Norske Misjonsselskap Potboks 226 Sentrum 4001 Stavanger Sentralbord: 51 51 61 00 Bladet er gratis og sendes til alle foreninger og ellers til de som er interessert i å motta det. En gang pr. år legges det i en blankett for bruk til frivillige gaver til bladets drift. Opplag: ca. 2000. Redaksjon/Layout: Alvhild Vassel Eide Leder Relasjonar Kjære lesar! Grethe Lunde Gjennom heile livet er vi i relasjon til nokon i ulike kontekstar. Respekt, tillit og evne til å lytta er viktige ingrediensar i møte mellom menneske. Jesus er eit godt førebilete i kommunikasjon og relasjonsbygging. Han møtte menneske der dei var i livet, hadde god tid og samtalte med dei ut frå deira føresetnadar og ståstad. Døme på dette finn vi både i møtet med kvinna ved Sykars brønn i Joh 4, og i møtet med Sakkeus i Lukas 19. Det handlar om relasjonsbygging når misjonærane møter menneske frå andre kulturer og med anna religion også. På fagsamlinga for misjonskonsulentar med ansvar for grasrotarbeid fortalde Mildred Fjøren Heggernes frå arbeidet i Thailand. Vi fekk høyra om møte med den enkelte. Ho fortalde om språklæraren som gjennom samtale og samvær med misjonærar gjennom tre år, gjekk gjennom ein prosess frå å vera praktiserande buddhist til å bli ein frimodig og forkynnande kristen. I vårt daglege virke handlar det om vera medmenneske med tid og vilje til å møta den enkelte, og gjennom dette vera Jesu etterfølgjar. NMS Gjenbruk Region Bergen NMS Gjenbruk, Bergen, Dreggsallmenningen 20, mob. 454 15 497 NMS Gjenbruk, Bremnes, Sentrum Kjøpesenter, mob. 948 62 764 NMS Gjenbruk, Førde, Elvavegen 1, mob. 975 15 821 NMS Gjenbruk, Knarvik Lyngvegen 2, mob. 970 41 196 NMS Gjenbruk, Os Hamnevegen 48, mob. 954 06 340 NMS Gjenbruk, Sogndal Fjørevegen 5A, mob. 913 54 854 Grethe Lunde Det er vår i lufta, det er ljosare både morgon og kveld. Dei første blomane har funne vegen opp av den svarte molda, snøklokker, kosterklokker og krokus. Det gjer godt, for kroppen og sjela! Det nærmar seg påske! Vi skal igjen møta påskebodskapen med alle sine sjatteringar, frå kolsvart mørke til blendande ljos. Vi skal igjen bli minna om at gjelda er betalt, at synda er sona og at himmelvegen er opna. Deg være ære, Herre over dødens makt, evig skal døden være Kristus underlagt. Også i år skal mi påskehelg byrja slik ho har gjort det i mange år: med palmelaurdagsbasaren til inntekt for Det Norske Misjonsselskap i heimbygda mi Herand. Foreininga som vart starta i 1865, held koken og skipar til basar palmelaurdag også i år! Mi oppgåve er å halda andakt på den basaren. Faktisk er det noko eg gleder meg til kvart år. Då er det påske! God påske! Alvhild V. E.

Foreiningsdagar I fjor hadde vi ein fin foreiningsdag i Betlehem. Sidan vi har fått nytt kontor, vil vi prøva å ha foreiningsdagar på det nye kontoret vårt i Dreggsalm. 20. Det er same bygget og same etasjen som NMS Gjenbruk Bergen, tvers over gata til Mariakirken. Vi har sett av to dagar fredag 11.mai og laurdag 12.mai. Fredag tek vi til kl. 18.00 og laurdag tek vi til kl. 14.00. Begge dagane vert det servert betasuppe, kaffi og kaker. Alvhild Vassel Eide og Edel Sørvik vert med som talarar og leiarar. Det vert andakt og misjonstime. Pris: kr. 150,-. Påmelding til Alvhild Vassel Eide, mob. 40 40 60 44 eller e-post ave@nms.no innan 4.mai. Vi gleder oss til å møta dykk på vårt nye kontor! Og for deg kunne det vera ein gylden anledning til å sjå både kontoret og Gjenbruksbutikken! Hjarteleg velkomne! Helsing Alvhild og Edel Seniorhelg på Helgatun I september 2011 arrangerte NMS Bjørgvin Seniorhelg på Helgatun for første gong. Det var så vellukka og populært at Helgatun er tinga til ny Seniorhelg til hausten. 30.august-1.september er tinga og arbeid med programmet er i godt gjenge. Det vert eit rikhaldig program både inne og ute og det vert høve til å gå i dei vakre fjella rundt Helgatun, både korte og lengre turar! Bibeltimane vert haldne av: Per Fimreite Dessutan skal Rannveig og Tor Dag Kjosavik ta oss med til Etiopia. Påmelding til Alvhild Vassel Eide, mob. 404 06 044, e-post: ave@nms.no Hardanger og Voss Misjonsmøte i Odda Hardanger og Voss Område av NMS ynskjer alle vel møtt til bedehuset i Odda laurdag den 24 mars. Sjå lysing lokalt. Frivillige medarbeidarar i Odda har som så ofte før stelt i stand med møte og mat, med song og fellesskap. Det vert høve til å gje ei misjonsgåve. Men fyrst av alt, så treng vi samvær med kvarandre, til styrke og glede for misjonen si sak. Vel møtt! Misjonsmøte på Voss Søndag 25.mars kl.16,30 inviterer Voss Misjonslag til misjonsfest med årsmøte i Velferdssalen på Sosialbygget på Voss. Talar vert Alvhild Vassel Eide. Velkommen til ei ettermiddagsstund med misjon i sentrum! Sunnhordland Inspirasjonssamling på Leirvik bedehus laurdag 10.mars kl.11.00. Misjonsprest Arve Hansen Haugland talar. Songkrefter. Servering. Misjonsstemnet for Etne prestegjeld vert på Molnes bedehus laurdag 17.mars kl.14.00. Edel Sørvik talar. Misjonsstemnet for Fitjar prestegjeld vert på Stranda bedehus laurdag 21.april kl.15.00. Talarar: Liv Stokken og Edel Sørvik. Områdeårsmøtet for Sunnhordland vert på Stord søndag 26.august. Hjarteleg velkomne på dei ulike misjonssamlingane! Søndagssamlinger i Bergen 25.mars kl.18.30: Tale v/felix Ndoyama, pastor fra Kamerun og masterstudent ved NLA 15.april kl.18.30: Misjonsmøte i Arna kyrkjelydshus: Dette er mitt vitnesbyrd, v/biskop em. Ole D. Hagesæther NB: Der sted ikke er nevnt, holdes arrangementet på NLA, Amelie Skramsv 3, Sandviken 3

Marimesse-basar i Sandane kyrkje fredag 23.mars kl. 18.00. Andakt og misjonsinformasjon ved Ingfrid Mulen. Det vert loddsal og servering. Vi ønskjer spesielt velkommen foreiningane i Sandane-området! Kjære leser! Vi er heldige i NMS som har mange frivillige (ulønnede) medarbeidere som gjør en formidabel jobb for NMS Bjørgvin. Er du en av de som alt har tatt på deg en eller flere oppgaver for vår organisasjon, ja, da trenger du ikke lese videre. Denne gangen henvender jeg meg utelukkende til deg som ikke har en oppgave lokalt eller regionalt. Har du litt tid til overs? Da har vi bruk for deg. I hvert område trenger vi ulike ressurser. Noen eksempler kan være: Foreningsbesøk, basarmedarbeider, butikkmedarbeider på Gjenbruk eller en mann med tilhenger og bil til varehenting/kjøring. På kontoret kan vi ha god bruk for en kontormedarbeider en gang annenhver uke. Meld din interesse på telefon 404 06 048, eller bjorgvin@nms.no så videreformidler jeg kontakt. Vennlig hilsen, Ingfrid Mulen, misjonskonsulent for frivillighet. Talarhjelp Har de bruk for talarhjelp til misjonsarrangement? Til basar, til fest, til misjonsmøte, til besøk i foreininga? Vi kjem gjerne på besøk! Om vi tilsette ikkje alltid har tid og høve, har vi fleire frivillige å spela på. Derfor: ikkje ver redd for å spørja! Ta kontakt med Edel, tlf. 40 40 60 47, Alvhild, tlf. 40 40 60 44, Ingfrid, tlf. 40 40 60 48. Gjenbruksbutikken i Bergen Åtte gode grunner til å velge Avtalegiro 1. Det er enklere for deg, banken gjør hele jobben 2. Det er enklere og billigere for NMS, pengene kommer inn på rett sted til rett tid 3. NMS økonomi blir mer forutsigbar, det er mulig å planlegge bedre 4. Du får Misjonstidende på kjøpet hvis du gir 300 kroner eller mer pr måned 5. Du gir og NMS får uavhengig av foreningsmøter og gudstjenester 6. Ditt bidrag kan godskrives foreningen du er med i 7. Du får kvittering og takk en gang i året 8. Du sparer skatt på gaver mellom 500 og 12 000 kroner pr år Som giver kan du øremerke ditt bidrag til et bestemt formål, eller la NMS bruke pengene der behovet er størst! Hvis du synes dette er interessant og kan tenke deg en slik ordning for din givertjeneste, kan du gjøre som følger: A: Ringe eller skrive e-post til Det Norske Misjonsselskap i Stavanger og be om skjema som skal fylles ut for å bli giver via avtalegiro: tlf.: 51 51 61 00; e-post: info@nms.no Eller: B: Ringe eller skrive e-post til Det Norske Misjonsselskap i Bergen og be om skjema som skal fylles ut for å bli giver via avtalegiro: tlf.: 55 54 68 68; e-post: bjorgvin@nms.no Du kan også ringe en av de ansatte, se mobilnummer s 2 Eller: C: Bruke skjemaet på s 35 i giverkatalogen Vennskap over Grenser Eller: D: Det samme skjemaet stod på s 33 i Misjonstidende nr 1/2012 Lykke til! Velkommen som avtalegiver til Det Norske Misjonsselskap! treng fleire frivillige til teneste i butikken. Har du ei ledig stund? Ei vakt i veka? Eller annankvar veke? Kanskje berre ein gong i månaden? Ta kontakt med butikken, tlf. 45 41 54 97, eller med Elin Olsen, tlf. 45 24 54 84 4

Områdeårsmøta i Region Bjørgvin Indre Sogn Nes i Luster, søndag 11. mars 2012 Program kl. 11.00: Gudsteneste i Nes kyrkje ved Ingfrid Mulen og Geir Paulsen. Ofring til NMS. kl.12.45 Middag i Fredheim kl.13.30 Årsmøte (val og årsmelding) kl.14.45 Kaffi og kaker Misjonsfest: Tale v/ Ingfrid Mulen Misjonsinfo; Songinnslag kl 1630 Slutt Påmelding Det vert servert gryterett m/ris og salat, kaffi og kaker. Kr. 150. Det er viktig at alle som ønskjer middag melder seg på innan fristen. Alle er sjølvsagt velkomne til å delta på dei ulike arrangementa, sjølv om ein ikkje er påmeldt. Påmeldinga sender du til: Olaug Høyheim tlf 91 68 56 17 Kari Olseng Paulsen tlf 41 68 91 36 Frist for påmelding 7. mars Nordhordland Ostereidet kyrkje søndag 15.april 15.april inviterer områdeutvalet i Nordhordland til stemne, årsmøte og fest i Ostereidet kyrkje. Vi startar kl 11 med gudsteneste, der Rune Minde vil vera liturg, samt ha ansvar for talen. Etter gudstenesta blir det høve til å få smaka suppa hennar Magnhild Dyrdal, før vi brukar ein times tid på årsmøtesaker og informasjon. På festen, som startar kl 15.00, får vi besøk av Trude Tomren, nyleg heimkomen misjonær i Noregsteneste. Ho vil gjennom ord og bilete, gje oss nokre glimt frå arbeidet i Kamerun, sett frå borna sin ståstad. Elles blir det song og musikk, både i kyrkja og på festen. Sett av denne datoen alt no, og ver med og vis at gudstenesta, fellesskap og misjon er viktig for deg! Sunnfjord Med dette vil vi invitere alle foreiningsmedlemer, enkeltmedlemer, enbruksmedarbeidarar og kyrkjelydar med samarbeidsavtale til Årsmøte og misjonsfest søndag 11.mars Program for dagen: Kl. 11.00 : Gudsteneste i Førde kyrkje Liturg: Reidar Knapstad Talar: Ingvald A. Frøyen Førde gutekor deltek Besøk av NMSU i Bergen Middag rett etter gudstenesta Kl. 14.00: Misjonsfest med årsmøte i Førde kyrkjetun Årsmelding og økonomioversyn 18-40 unge voksne frå Bergen fortel om satsinga der Offer til Alværa; Song Kaffi og kaker Pris for dagen kr. 150 Årsmeldinga blir lagt ved invitasjonen Hardanger og Voss Voss søndag 22.april Gudsteneste i Vangskyrkja kl. 11.00 ved sokneprest Ivar Molde Middag hjå Smaosedlena kl. 13.00. Pris kr. 200,- Årsmøte Misjonsfest i Nain kl. 15.30: Festtale og misjonsinformasjon frå Kamerun ved Trude Tomren. Program ved lokale krefter, matøkt, helsingar. Misjonsoffer Påmelding til Regionkontoret, NMS, tlf. 55 54 68 68, tirsdag til torsdag mellom kl. 10.00 og kl. 14.00 Lokalt til Tone, tlf. 53 66 39 31 eller mobil 45 68 63 68 eller til Inger tlf. 906 18 125 innan onsdag 18.april. Sal av gjenbruksljos. Alle er hjarteleg velkomne! 5

Områdeårsmøta i Region Bjørgvin Nordfjord Bli med, og få andre med på stemne og årsmøte i Hornindal søndag 22. april 2012 Program: kl.11.00: Misjonsgudsteneste i Hornindal kyrkje v/ingvald Frøyen og Asbjørn Gjengedal Takkoffer til NMS kl.13.00: Middag på Raftevolds Hotell kl.14.00: Årsmøte Årsmelding, rekneskap, val Kollekt til Alværa Misjonssenter kl.15.30: Misjonsfest på Raftevolds Hotell Festtale v/ingvald Frøyen Misjonsglimt v/asbjørn Gjengedal Song v/lokale krefter Kaffi og kaker Gåve til NMS Påmelding og pris: Påmelding til middag til Elin Ytrehorn 481 19 282 innan onsdag 19.april Pris kr 180,- Velkomne! Bergen, Mid- og Vesthordland Misjonsstemne med årsmøte i Os søndag 22.april Program: Kl. 11.00: Gudsteneste i Os kyrkje Liturg: Anne-Marie Sandve Talar: Åslaug Ihle Thingnes Kyrkjekoret tek del. Misjonsoffer. Kl. 12.45: Middag i Kyrkjetunet Kl. 14.00: Årsmøte i Kyrkjetunet Kl. 15.30: Kaffi pog kaker Kl. 16.00: Misjonsfest i Kyrkjetunet Tale: Åslaug Ihle Thingnes Song av elevar frå Kongshaug Musikkgymnas Misjonsinfo frå England og Estland Misjonsoffer Pris: kr. 250 Påmelding: innan mandag 16.april til ave@nms.no; mob. 404 06 044 PS: Alle er sjølvsagt velkomne til å delta på dei ulike arrangementa utanom middagen, sjølv om dei ikkje er påmelde! Hjarteleg velkomne! Misjonen sin Dag i Fjell Litt leik må til, sjølv for dei vaksne! Misjonsselskapet har starta! Kvart år i på etterjulsvinteren arrangerer Fjell Fellesforeining for NMS noko dei kallar for Misjonen sin Dag i Fjell. Det er ein lang tradisjon og vi er glade for at tradisjonen kan følgjast! Endringar har det vore, men konseptet er det same: å setja misjon på kartet. Det byrja med møte på alle bedehusa i Fjell, men antal bedehus har minka og somme har slått seg saman. For nokre år sidan byrja vi med ei familiesamling i Landro kyrkje på vårparten. Vi får med oss eitt eller fleire barnekor, vi har lettbeint misjonsinformasjon, andakt og avsluttar med å eta ein god kveldsmat saman. Sjølvsagt er det også høve til å gje ei gåve til misjonsprosjektet! For eit par år sidan inkorporerte vi eit misjonsselskap i konseptet. Kvar av medlemmene i styret i fellesforeininga inviterer med seg ein eller fleire og så har vi misjonsselskap med god mat og variert program. Ein vakker vårdag kan vi ha bli-kjentdelen ut i hagen, ein regntung haustdag kan vi finna på aktivitetar inne. Målet for dei ulike samlingane, enten det er møte på bedehusa, familesamling eller misjonsselskap er å formidla Guds ord, skapa interesse og glød for ytremisjonsarbeid og å skaffa midlar til eit misjonsprosjekt. Mange ulike prosjekt i mange ulike land har opp gjennom åra fått nytte og glede av pengane som er samla inn! Og vi har fått informasjon om mange former for misjonsarbeid i mange land! Interessant og inspirerande! I år også er Misjonen sin Dag i Fjell i full gang! Prosjekt i år er Menighetsbygging i Estland. Tekst: Alvhild V. E. Foto: Jacob-Ørjan Eide 6

Det skjer på Alværa... ALVÆRA MISJONSSENTER feirar 30 år 3.6.2012! Merk av i kalenderen - søndag 3. juni 2012 då feirar vi Alværa sitt 30 årsjubileum. Den søndagen må alle Alværavener ta turen til Alværa og syne «all verda» at Alværa misjonssenter er viktig for oss!!! Inspirerande kyrkje- og misjonsdag på Alværa Misjonssenter I samband med årsmøtet inviterte områdeutvalet i Ytre Sogn til kyrkje- og misjonsdag 14. januar. Det har blitt tradisjon at Alværa denne dagen er ein møtestad for folk frå mange av kyrkjelydane i området. I år var temaet Pilegrimsvandring mot vest. Prost Reidar Knapstad heldt hovudinnleiinga og la vekt på keltisk historie og spiritualitet, og kva vi kan la oss inspirere av frå keltisk kristendomstradisjon. I løpet av dagen lærte vi tre nye songar frå Sanger frå vest. Vi fekk fleire glimt frå pilegrimsvandringar som personar frå området har gjennomført. Svanhild Ask viste bilete frå vandring til Lindisfarne kloster og gav eit levande bilete av ein tur som fleire i forsamlinga tenkte kunne vere mogeleg å gjennomføre i framtida. Det var viktig også å fokusere på Selja som er vår næraste gamle pilegrimsstad. Toril Lange fortalde om turen som kvar sommar går dit til Seljumannamessa i byrjinga av juli. Santiago de Compostela har vore målet for Olav Hellebø, som ved hjelp av utstyr og konkrete minne, gav innblikk i korleis det var å gå i Spania. Ingvald Andersen Frøyen nytta keltisk liturgi ved nattverdgudstenesta. Preika hans hadde også utgangspunkt i temaet og hadde tre stikkord: tro, ro og uro. Ungdommar, samla til leiarhelg, song og var aktive med lesing og lystenning, og Cathrine og Håvard Tveit avslutta med keltisk velsigning. På Alværa blir vi alltid stelt godt med, og mange gav uttrykk for at det er godt å møtast på denne måten og ta opp tema som ein er interessert i. Tekst: Sissel Sørebø Foto: Ingvard A. Frøyen I godt lag rundt eit vedekka middagsbord på Alværa. 7

Sunnhordlandsaksjonen I 1985 starta områdeutvalet og dåverande områdeleiar Øyvind Drangsland opp med denne aksjonen i Sunnhordland. Aksjonen har vore til stor velsigning for misjonsarbeidet i Sunnhordland og for misjonsarbeidet på dei misjonsfelta ute som vi har arbeid. Då denne aksjonen vart starta opp var det meininga at alle bedehusa i området skulle få eit møte og vi skulle samla inn til eit spesielt prosjekt. Slik er det framleis. Denne aksjonen foregår i januar-februar-mars. Nokre små bygder går gjerne saman om å ha møte og nokre stader er ein med på gudstenesta i kyrkja. Områdeutvalet ordnar med møta i kvar sitt prestegjeld. Alle talar utanom områdeleiaren er frivillige og alle leiarane er frivillige. Dette året har vi ca 20 frivillige talarar. Det er områdeutvalet som vel prosjekt og vi har gått over alle misjonsfelta ute. Nokon no for tredje gong. I løpet av desse åra har det kome nye misjonsfelt til og då har vi hatt prosjekt til dei og. I år har vi prosjekt til barne- og ungdomsarbeid i Thailand og vi har planlagt 35 møter rundt om i området vårt. På møta har vi andakt og informasjon om prosjektet og sjølvsagt gåve til prosjektet. Aksjonen er blitt ein god tradisjon i Sunnhordland. Både misjonsfolket i NMS og dei andre misjonsorganisasjonane reknar med aksjonen. Veldig mange er glade for å vera med og fordi dei får høyra om eit spesielt prosjekt og fordi at dei små stadene også får eit besøk. Ofte er det nokon som spør om hausten: Kva skal vi ha prosjekt til til neste år?. Dei siste åra har vi samla inn litt over kr.110.000,- og det har vi som mål også for dette året. Vi gled oss alltid til denne aksjonen. På denne måten når vi mange menneske med Guds ord og misjon og vi får vera med å støtta arbeidet økonomisk. Nokon av dei som var med å starta opp i 1985 har vore med heile tida og er med framleis. Dette vitnar om truskap i tenesta som Gud har kalla oss til. Edel Sørvik Misjonskonsulent Brandasund bedehus/kapell. Foto: Jacob-Ørjan Eide Bønnespalten Be, så skal de få, leit, så skal de finna,... Matt 7,7 Takke for -Sunnhordlandsaksjonen -Kyrkje- og misjonsdagen i Ytre Sogn -barneforeningene i regionen -alle frivillige medarbeidere -Gjenbruksbutikkene i Førde, Sogndal, Knarvik, Bergen, Os og Bømlo -godt økonomisk resultat i 2011 Be for -vårens områdeårsmøter -påskeleiren på Kvamshaug -vårens og sommerens leirer -basarene som forberedes i vår, om mot, krefter og god vilje -glede og optimisme i misjonens tjeneste -misjonærene fra regionen -foreningsdagene på regionkontoret 8

Samling for misjonskonsulentar med ansvar for grasrotarbeid 14. og 15. februar var misjonskonsulentar frå heile landet samla til fagdagar med både åndeleg og fagleg påfyll på regionkontoret i Bergen. Ingvard Fykse talte om Kristenlivet i medgang og motgang, og Jan Ulveseth hadde bibeltime med tema Grasrotarbeidar i NMS - har det noko for seg, eller...? I tillegg til deling og utveksling av erfaring og idear vedkomande foreiningsarbeid, misjonsmesse og foreiningsjubiléum, hadde vi to fagforedrag. Det første med fokus på misjonærane sin påverknad og betydning for utbreiing av evangeliet, av Karina Hestad Skeie, og det andre med blikk på korleis ein kan motivera og inspirera medarbeidarar av Felix Ndoyama. Tysdagskvelden var det sosialt samvær, med song og musikk, og der ein også fekk høyra om arbeidet på Madagaskar og i Thailand. Eit skuleopplegg der Kamerun var i sentrum vart også presentert, og er tenkt skal kunna brukast av den enkelte i møte med skuleklassar. I tillegg til rein faktainformasjon, fekk ein også læra korleis ein lagar seg drakt og hovudplagg til bruk i varmen. Korleis motivera til gjevarteneste? var også eit tema som engasjerte, og mange gode tips og idéar vart delte. Misjonskonsulentar med ansvar for grasrotarbeid var på kurs i Bergen. F.v.: Roar Vik, Vidar Grindheim, Grethe Lunde (regionleiar i Bergen), Bjarte Thorsen (regionkoordinator ved HA), Jorunn Lien, Edel Sørvik, Ellen Jorunn Norheim, Sverre Jacobsen, Alvhild Vassel Eide, Øyvind Håland og Ndoyama Felix som heldt eine fagforedraget for oss. For liten? Jeg er en bitte liten blonst blant mange svære planter, men skal jeg så la vær å gro - og skal jeg så la vær å tro at også det jeg fikk å gi kan glede en som går forbi? Astri Lindland Grethe Lunde 9

u-kid Det blir Påskeleir på Kvamshaug i år, i regi av NMS U og NMS og datoen du må sette av er 5. - 8. april. Vi samles til hyggelig og inspirerende fellesskap, med opplegg for store og små, hver for seg og sammen. Vi legger ikke opp til mye program på dagtid, når folk vil ut på tur. Noe smakebiter fra programmet: Misjonstivoli, festmiddag for store og små, markering av påskehøytiden, Voksenkvelder, Familiegudstjeneste, konkurranser og leker, sang og musikk. Det er allerede masse snø på Kvamskogen og i Eikedalen, og parkeringsplassen ved Kvamsseter blir brøytet, så alt ligger til rette for flotte vinteropplevelser. Terrenget rundt Kvamshaug er også fint, til snølek, aking og kortere turer. Velkommen til sosiale Påskedager! Priser: Makspris for en familie: kr. 2.800,- Voksen: 1100,- Barn under 4 år: gratis Barn, 4-9 år: 600,- Barn, 9 15 år: kr. 750,- Alice Bjørsvik Kråkenes og Helle Kartveit m/familier blir med som ledere, i tillegg får vi besøk fra andre personer som kan inspirere oss! Påmelding og informasjon finnes på våre nettsider: www. nmsu.no/bjorgvin Har dere spørsmål, går det fint å ringe til Helle på 404 060 50, eller Alice på 404 151 56. Leiren begynner med en utvidet kvelds Skjærtorsdag og er ferdig etter middag på 1. Påskedag. Kos i snøen på påskeleir eit anna år! Det kan bli like kjekt i år! Velkommen på leir! 2.-4.mars: SMS-leir, 8.kl -1.vgs. Alværa 5.-8.april: Påskeleir for alle! Kvamshaug 8.-9.juni: Leir for ALLE! Alværa 22.-24.juni: Sommerleir 2.-5.kl. Alværa 25.-27.juni: Sommeraktivitetsleir 5.-7.kl Alværa 6.-11-august: Tenmisjonsfestivalen Åpta 5.-7.oktober: Høstaktivitetsleir 5.-7-kl. Alværa 8.-10.oktober: Høstleir 2.-5.kl. Alværa 19.-21.oktober: Hovedlederkurs Mesnali 2.-4.november: SMS-leir 8.kl.-1.vgs Alværa 9.-11.november: Leir for ALLE! Alværa Ledere underveis! Hvem er du? Hvilke roller har du? Hvordan reagerer du i ulike situasjoner? Dette var spørsmål som ble tenkt over på lederhelg på Alværa i januar. 11 ungdommer fra Hyllestad, Lavik og Førde hadde en kjekk helg sammen med Ragnhild Sofie og Helle som var leder-ledere. Alle deltakerne har allerede vært ledere på leirer på Alværa, selv om de ennå går på ungdomsskolen. I løpet av helgen ble det tid til mye prat, moro, lek og samarbeidsøvelser. Mest brukte vi tiden til å bli bedre kjent med hverandre og oss selv, og vi hadde det kjempekjekt. Hva er vel koseligere enn å sitte i mørket rundt bålet ved Sognefjorden og snakke om hva vi er flinke til, mens en griller pinnebrød og marshmellows? Leirarbeidet i regionen vår får nok glede av disse ungdommene i mange år fremover! Se bildet på forsiden! Helle L. K. Påmelding til leir: www.nmsu.no/bjorgvin 10

Leir for alle, - familiehelg på Alværa 8.-10.juni Det er med stor glede og entusiasme at vi igjen kan invitere til en leir på Alværa der målgruppen er familier. Denne gangen ønsker vi å legge spesielt godt til rette for dere som har små barn. Vi vil ha et program som gir påfyll og opplevelser både for de minste og for de voksne, og dagsprogrammet vil ta hensyn til at ikke alle har lik dagsrytme. Vi tror denne helgen kan bli et etterlengtet pusterom for store og små. Hvorfor er familieleir så bra? Fordi det er godt å være sammen med andre voksne og andre barn. Fordi vi kan lære så mye av hverandre og ha glede av å oppleve noe nytt. Fordi her kan både de minste og de voksne få litt påfyll både for troen og for livsgleden. Leir på Alværa er fint for familier, for stedet har gode aktivitetsmuligheter både ute og inne, fine familierom med dusj/ toalett, og så er stedet kjent for å ha god mat. Alt er på ett plan så det er lett både for barnevogn og rullestol. Det koster litt penger å dra på leir som familie, men tenk på det som en god investering i familien. Vi kjører bilen på service og betaler mange tusen kroner og tenker at «dette må vi». En familieleir er som en god service med påfyll og vedlikehold, - det er vel investert tid og penger. Har du/ dere det litt trangt økonomisk så kan faddere gjerne utfordres til å være med og sponse sitt fadderbarn. Priser (2 døgn med 6 måltid): 1 voksen 1.130,- Barn 5-13 år 565,- Barn 0-5 år gratis Stedet har dyner og puter til utlån (gratis), sengetøy får man for et tillegg på 100,-. Det blir opprettet egen nettside for påmelding til NMS- Bjørgvin. Fra NMS deltar Ingvald Andersen Frøyen, Ingfrid Mulen og Torill Lange som ledere. Velkommen til en uforglemmelig helg på Alværa! Hilsen Ingvald Andersen Frøyen Misjonskonsulent i NMS og leirsjef for familiehelgen Kyndelsmesse-basar i Vik, Ytre Sogn Gamlekara Swingers Kyrkjestova fyllest opp av menneske, og lodd vert tekne på hovudlotteriet. Latteren rungar og stemninga er god. Eg er på Kyndelsmesse-basar i Vik, og vert teken vel i mot av komiteen for basaren. -Det er færre foreiningar enn før, men denne basaren har halde på så lenge at den må me ha, sier damene i komiteen. Komiteen består av damer som synest det er kjekt å laga til basar. Dei sender ut brev til forretningsstanden i god tid før dei går rundt på butikkane for å få gevinstar, fem åresal og hovudlotteriet på bok. Med fullt hus steig stemninga då Gamlekara Swingers kom for å underhalde oss. Med trekkspel, saxofon og gitar, gjev dei oss religiøse tonar i ei festleg drakt. -Det er heile bygda som støttar opp om denne basaren, seier Kjersti Jelle Hopperstad. Brutto kom det inn ca 45000 kroner til misjonen. Eg kjenner meg privilegert som fekk vera med, andakt og misjonsinformasjon er jo sjølvsagt. Vi seier takk og lykke til vidare! Ingfrid Mulen 11

Eit tilbod for alle Det er triveleg i barneforeininga på Sandnes i Masfjorden! Sandnes barneforeining har vore eit tilbod for borna på Sandnes i Masfjorden i over 40 år. Annankvar onsdag samlast borna om Bibelforteljing, misjon, hobbyarbeid, sosialt samvær og sjølvsagt med bollar og saft! Foreininga har vore i prestegarden heilt frå Grethe Gundersen starta oppatt foreininga på 70-talet. Prestegardsstovene har vore snekkarverkstad og stad for mange ulike aktivitetar gjennom åra. Frå 2011, då Kari og Knut Sørheim flytta frå prestegarden, har barneforeininga fått gode lokalitetar i barnehagen på Sandnes. Born og vaksne ser ut til å trivast. Så godt som alle borna i denne bygda har dei siste 40 åra gått på barneforeininga, og foreldre støttar godt opp som leiarar. Etter kvart som borna blir til unge, har ein del av dei gått inn som leiarar. Det er bra og slik blir det ei fin blanding av born, unge og vaksne. I dag har foreininga 22 medlemar og fem vaksne leiarar. Dei siste åra har vi arbeidd for kyrkjesenteret i Mukdahan der ein av foreiningsmedlemane gjennom mange år, Kjartan Sørheim m/familie, har vore utsendingar for NMS. Kvar vår har vi basar, og i januar deltar vi på Barnas misjonsdag i kyrkja. På kvart møte legg vi pengar på bøssa, og ber for misjonsarbeidet. Kari Skår Sørheim Kyrkjelyd og misjon Områdeutvalet i Bergen, Mid- og Vesthordland har dei to siste åra gitt kyrkjelydane med misjonsavtale tilbod om besøk i ei misjonsgudsteneste på etterjulsvinteren. Somme har nytta seg av dette. Frivillige medarbeidarar og misjonskonsulenten har delt på oppgåvene. Vi har også hatt hjelp av folk frå NMSU. Vi vil halda fram med dette og ønskjer at fleire skal takka ja til tilbodet. Vi ser på dette som ein god måte å halda kontakt med kyrkjelydane med misjonsavtale, som vi har mange av i området, heile 27. Fastelavenssøndag var underteikna med på gudstenesta i Nygård, der både gudstenesta og kyrkjekaffien hadde misjonspreg. Misjonsforeininga stod for kyrkjekaffien og spanderte fastelavensbollar på heile flokken! Alvhild V. E. 12

Leseopplæring under tre og i jordhytter - glimt frå ein tur til Tanzania Tekst og foto: Alvhild og Jacob-Ørjan Eide I mange av mine år som misjonær i Kamerun var oppgåva mi leseopplæring på perespråket. Då eg i 2011 fekk tilbod om å vitja eit liknande prosjekt i Tanzania, vart freistinga for stor. 22.01.2012 sette mannen min og eg på nytt føtene på afrikansk jord. I Kamerun var språka eg måtte forhalda meg til fransk, fulani og pere. I Tanazania var det engelsk, swahili og iraqw. Men likevel, så mange ting verka så kjent! Å få gå ute mellom jordhyttene og snakka med folk, langt borte frå byens larm og mas, var for meg som lækjedom for sjela! Å få vera med og sjå gamle damer og små jenter skriva bokstavar etter kvarandre slik at dei vart til ord som kan lesast og forståast, å få sjå kva dte betydde for dei å ha knekt koden, det var ei stor oppleving! Endå ein gong! I Kamerun galdt det perefolket på 25.000, i Tanzania galdt det iraqwfolket på 2 millionar! Men dei to folka har det til felles at dei har vore undertrykte, og det at dei hadde fått språket sitt til skriftspråk, har stor betydning for lyfta dei opp og gje dei kjensla av å vera noko verdt! Lærarutdanning 27.01.2012: Fest med utdeling av diplom til 12 nye lærarar. Dette var avslutninga av ni månader med opplæring. Undervisninga går delvis føre seg i samla klasse, delvis ute i praksis der dei underviser ein klasse under tett oppfølgjing av henne som står i leiinga for opplæringa, Basilisa. Det er i dag ca 40 lærarar i prosjektet og alle dei samlast siste fredag kvar månad for å motta ei lita løn. Dagen vert elles brukt til kompetanseheving på ulike felt. Men i dag vert det fokusert først og fremst på dei nye lærarane som no skal byrja for alvor. Nokre av dei hadde laga eit lite kor og framførte fleire songar på tilstellinga. Leiarane for prosjektet heldt talar og oppmuntra dei nye iraqw-lærarane! Sjølvsagt måtte det takast gruppebilete! Sjå bilete nedanfor! Jesusfilmen 28.01.2012: Etter nokre kilometer på dårleg veg, kom vi fram til eit jordhus med kors på. Det var hakka og ordna slik at vi kunne køyra fram. Vi hadde med oss det som trongst for å visa filmen om Jesus. Filmen er dubba til iraqw og eit team reiser rundt til stader der dei blir inviterte for å visa filmen. Teamet består av Sanka, Regina og Kjellfrid. Vi to fekk vera hjelpesmenn på turen, det var mykje som skulle riggast! Presten brukte høgtalaranlegget flittig for å invitera til møte med film. Så kom mørket, fort slik det gjer i Afrika. Det store lerreftet som var hengt opp på kyrkjeveggen var opplyst av prosjektoren, men først var det tale og song. Vi to som var gjester fekk også koma med vitnemål, Kjellfrid tolka til swahili og Regina tolka vidare til iraqw. Det kom stadig fleire menneske, til slutt sat nok ca 300 i den mørke natta og såg og høyrde forteljinga om Jesus. Heilt stille! Det var underleg å kjenna fellesskapet og den gode ånda som var der. Vi var ikkje berre gjester, vi var eitt med tilhøyrarane. Etter appellar, bøn og handsopprekking, vart aggregatet stoppa, lyset slokna og kvar gjekk heimatt. Vi pakka utstyret i bilen, men før vi fekk dra, vart vi inviterte til kvelds hjå presten, som budde rett bak kyrkja, eit intimt og godt måltid i ei lita jordhytte i lyset frå parafinlykta. Vi takka for oss og tok på heimveg etter ei minnerik oppleving! Leseklasse 01.02.2012: I kaffitid dreg på besøk til Antsi, skal følgja undervisninga for nybyrjarar. Her er ei blanding av yngre og eldre kvinner, den eldste er 71 år, den yngste ca 20. Dei har byrja på bar bakke, som analfabetar. Nivået er ulikt, men alle kan noko, og somme har lært mykje. Eg vart mest imponert av den vesle dama på 71 år som i den alderen byrjar å læra å lesa, skriva og rekna, og lærer det! Ho skriv dei vakraste bokstavar på tavla og i boka, ho reknar rett og ho les lett og ledig! Kunne aldri tru ho nett hadde lært det! Gjett om dama var stolt! Det var læraren hennar, Agnes, også! Agnes har med seg ein hjelpelærar og kan derfor ta seg av dei som set saman bokstavar til ord! Lærar Agnes (t.h.) tek seg av den enkelte! 13

Bønn for misjonærene Utsendingene er NMS mest verdifulle ressurs. Vi oppmuntrer hver eneste leser til å be for utsendingene. Følg med på deres arbeid via blogg (http://www.nms.no/blogg/). Kanskje du også kan sende dem en hilsen i form av brev eller en e-post! Landy Robenhariziva og Arild Bakke med Rebekka og Nathaniel Misiona Norvèziana, B.P. 880, 101 Antananarivo, MADAGASKAR ribenhariziva@yahoo.fr arild.m.bakke@gmail.com Anne Brit Hatleskog og Arne Hustrulid med Signe, Jenny og Gabriel 102/30 Fantasisa 2, Sukhumvit 107, Subsoi 8, Sumut Prakarn, 10270 THAILAND annebrit@nmsthai.com / hushat@nmsthai.com Solveig Meling og Dag Johannessen med Kari, Knut og Ola. Tipamas Suites, Apt. C.2.2, 21/1-4 Soi 1, Sathorn Rd, Bangkok 10120 THAILAND johannessen@nmsthai.no Marie Bjørnevik Misiona Norvéziana, B.P. 880, 101 Antananarivo, MADAGASKAR marie.bjornevik@skibb.no Razafy Celestine og Kåre Oksholen, MADAGASKAR oksholen@gmail.com Olaug Mestad og Rune Slettbakk med Ida Kristine, Elise og Ingrid MELM, B.P. 33, Sévaré, REPUBLIQUE DU MALI olaugms@hotmail.com / rune.slettbakk@gmail.com Frode Brügger Sætre MELM, B.P. 33, Sévaré, REPUBLIQUE DU MALI frbrsa@gmail.com Maria Viksund og Espen Sigve Tveten med Henrik, Marte og Tomas 97 Khamsaithong Rd, Mukdahan District, Mukdahan 49000, THAILAND mariatveten@gmail.com espentveten@gmail.com Solveig Serigstad og Øyvind Hauge, THAILAND serigstad@gmail.com / oyvind.hauge@gmail.com Ingvild og Roar Hallesby Evjedal med Marie og Christian 24 Victoria Road, Barrow-in-Furness, Cumbria, LA145JU, UNITED KINGDOM ingvildos@hotmail.com evjedal@hotmail.com Lise Sæle Kongsvik, London, UNITED KINGDOM lise.kongsvik@gmail.com Maria Ådland og Matthew Phillip Monger med Andreas, Petter og Mia MELM, B.P. 33, Sévaré, REPUBLIQUE DU MALI monger@online.no Familiene Mestad/Slettbakk og Monger er foreløbig i Norge etter at misjonærene ble kalt hjem i desember. Frode Brugger Sætre er tilbake i Mali. Marie Bjørnevik (ettåring) er omplassert til Madagaskar. 14

Frå Maria og Espen Sigve Tveten sin blogg: Frå Nosy Malala, Madagaskar: Vi jobber med mange flotte folk her i Thailand bl.a. Onchan som er prest i Phibun menighet. I tillegg er han prost eller distriktsleder som vi kaller det her. Han har tre livsmotto som jeg synes er utfordrende og fine for livet som prest. Han mener at en prest alltid må være parat til å: -Tale -Flytte -Dø Vi møter stadig folk som utfordrer oss på tjenersinn og livets realiteter. Onchan er en av dem. Besøk fra Singapore For fjerde gang har vi hatt den glede det er å få møte et team fra en av menighetene i Den evangelisk lutherske kirken i Singapore. Det er et team bestående av ungdommer som underviser i engelsk, forkynner, dramatiserer, synger (på thai) og danser. Attpåtil har de øvd inn kjente thaipopsanger - til alles store begeistring. Noe som virkelig har gjort inntrykk er trofastheten til ungdomslederne i denne menigheten. Romans og Ivy har vært ungdomspastor og -ledere i nærmere ti år nå. De har også ledet alle teamene som har kommet hit til Thailand. Brennende ledere med et hjerte for Jesus. Takk for denne gang! Frå bønnebrevet frå Ingvild og Roar Hallesby Evjedal Sidan siste bønnebrev har det vore nokre endringar i arbeidet vårt. Den største og viktigaste endringa er at vi har bestemt oss for å slutta med Xpressions. Det kan synast dramatisk å stoppa med det arbeidet som vi først starta med i oktober 2009, som har vore vår største suksess, og til og med ansiktet vårt utad. Men det siste året har vi følt at Xpressions ikkje har fungert etter dei ideane vi hadde då vi starta opp. Vi hadde altfor lita tid til å sitja ned og prata med ungdommane, for lita tid til å byggja relasjonar med dei. Fokus har vore på å få ting gjort, å avslutta det vi har begynt. Ofte følte vi at vi måtte pressa ungdommane. Samtidig følte vi at vi hadde altfor få leiarar til å halda fram slik vi hadde gjort. Besøk til naboøyene En delegation, med bl.a. kitrkepresident og NMS sin representant, var nylig på besøk på to av de muslimske naboøyene. Splittelsen i den internasjonale menigheten i hovedstaden på denn eøygruppen ble løst gjennom samtaler og en avtale om å arrangere ulike typer gudstjenester i framtiden. Misjonærekteparet fra FLM, som også ble besøkt, gjør et imponerende arbeid i en avsidesliggende landsby. FLM invitert til Thailand Den lutherske kirken i Thailand har invitert FLM til å delta på partnerkonferansen i Bangkok i mai. Ledelsen i FLM er motivert for å sende misjonærer østover, i et nært samarbeid med NMS. Kirkepresident Rakoto Endor Modeste reiser sammen med vekkelsesleder Andrianarijaona germain til Thailand 12.- 22.mai. Takk for taket! Menigheten Tanjombato i utkanten av Antananrivo bygger ny kirke. NMS har 10% andel i taket gjennom kirkebyggingsfondet. Uten taket, som kom på plass i god tid før regntida, måtte menghetens mange aktiviteter søkt tilhold andre steder. Gjennom bygeprosessen har ledelsen i menigheten vist stor vilje til åpenhet rundt pengeforvaltningen. Folk har sett at pengene går til det som er lovet. det har tydeligvis inspirert dem til å gi mer, slik at man nå har fullfinansiert bygget. Galleriet settes opp i disse dager og kirken ventes ferdig i mai. Målt i penger er NMS sitt bidrag beskjedent i disse kirkeprosjektene, men likevel veldig viktig. Meningen er at menighetene selv skal skaffe til veie mesteparten. På den unngår man at kirkene blir passive mottakere. ikke minst skaper det stor stolthet blant giverne: dette er vi med på, dette er vår kirke. Det er god misjon å bygge kirker på Madagaskar: I nærmiljøene blir byggene synlige eksempler på Guds rikes nærvær og vekst, menighetene blir oppmuntret til å stå på videre, og man er med på å støtte endring og framgang i et land som stadig strever for å komme seg på beina igjen. I staden har vi starta ein workshop - kafe, som vi kallar The Flare. Her vil vi også ha workshops med dans, drama, musikk og film, men samtidig vil vi ha ein kafe for dei som ikkje ønskjer å delta på nokon workshop. The Flare er eit arbeid i framgang, vi prøver framleis å finna ut korleis vi skal ha det, men håpar og trur at gjennom endringane, skal vi få meir høve til å byggja relasjonar. Vi ber om at du ber spesielt for The Flare! 15

B Ettersendes ikke ved varig adresseendring. Send melding til Det Norske Misjonsselskap, Postboks 226 Sentrum, 4001 Stavanger. Nytt treffpunkt! Det blir Åpent hus den 17. mars og 21. april på NMS Bjørgvin sitt nye senter, Dreggsallmenningen 20. vis à vis Mariakirken i Bergen. Dette er et arrangement hvor en kan stikke innom mellom kl.12.00 og kl.15.00. Vi serverer grøt hele tiden og Kl. 14.00 blir det møte med et av våre misjonsland. I tillegg er det mulig å benytte seg av Åpen hall i Vikinghallen for barn. Stikk innom og se, kanskje blir det til og med en liten basar! Se også: NMS Bjørgvin sin internettside: http://www.nms.no/bjorgvin/ Nytt fra NMS Gjenbruk i Bergen Etter at NMS Gjenbruk flyttet fra Hollendergaten til Dreggsallmenningen i juni 2011, har butikken hatt et flott oppsving! Plassen er blitt større, kundene flere og vareutvalget utvidet. Det er t.o.m. blitt flere medarbeidere! Alt dette viser igjen på salget. Det er aktivitet dagen lang, de som priser varer, har hendene fulle. De som selger, har få pauser. De som mottar varer, kan glede seg over mye utsøkt og verdifullt! I løpet av de første sju ukene i 2012 er det blitt solgt varer for kr. 74.394, en økning på kr. 46.632 i forhold til samme periode i fjor, dvs. 168 % økning! Gratulerer! En butikk i nærheten som solgte lampeskjermer, la opp, NMS Gjenbruk fikk masse nye, flotte lampeskjermer! En annen butikk gav massevis av flott strikkegarn! Vi kan bare glede oss og takke og bukke! Strikkekafe Da fikk noen av medarbeiderne ideen om å ha strikkekafe! Alt det flotte strikkegarnet måtte kunne brukes! Det er laget modeller og onsdag 29. februar kl.16-18 inviteres det til strikkekafe i gjenbruksbutikken. Tanken er at dette skal gjentas hver onsdag framover! Hjertelig velkommen! Alvhild V. E. Andakt: Det er vår, vi kan ikkje kjenne det i lufta kvar dag, men av og til slepp dei varmande strålene frå sola fram til oss og varmar huda vår, og då kjenner eg at det kriblar. Eg lengtar etter varmare tider og sol. I slike stunder vert eg ofte sitjande og nynna på strofer frå songspelet «Visst skal våren komme». Denne lengtinga heng nøye saman med ei anna strofe frå same songspelet «Visst skal jorden bli ny, visst skal solen skinne fra en himmel uten sky». Det er Johannes sitt syn om himmelen som vert beskrive. Å vere med å syngja desse songane skapar ein lengt, ein himmellengt. Det er berre så alt for ofte at den kjem i bakgrunnen i mitt kristenliv. I mange ulike songtradisjonar er himmellengten svært sentral. I negro spirituals, slavane sin songtradisjon, er den ekstra sterk. Kvifor det? Jo himmellengten vart sjølve drivkrafta for desse som sleit seg ut for andre under slavekåret sine lenkjer. I fornedringa og slitet var det songane om himmelen som klarte å halda dei oppe. Ein ting har vi til felles med desse som song under slavekår, det er lengten etter himmelen. NMS sin visjon er: «Ei levande, handlande og misjonerande kyrkje i alle land». Den dagen det er nådd, har vi nådd målet. Då vil vi kunne sjå at Johannes sitt syn vert verkeleggjort: «Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir. Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom. Og eg høyrde frå trona ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei,og dei skal vera hans folk,og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud»». Johannes openberring 21,1-3. Ingfrid Mulen 16