MØTEPROTOKOLL Utval: Stad: Maritim og teknisk komite Herøy rådhus, Formannskapssalen Dato: 11.06.2018 Tid: 15:00 18:00 Medlemer som møtte: Idar Kjell Tarberg Leder H Marthe Vågsholm Sævik Medlem H Ole Brubakk Medlem KRF Forfall: Anja Pedersen MEDL FRP Runar Stave NESTL AP Olaug Andreassen MEDL AP Frank Roy Moltu MEDL FOLK/SP Varamedlemer som møtte: Ove Stenersen Anja Pedersen FRP Robert Sverre Kleppe Olaug Andreassen AP Svein Gjelseth Runar Stave AP Hans Sande Frank Roy Moltu FOLK/SP Andre: Møtet starta med synfaring på Mjølstadneset. Til å skrive under protokollen saman med leiaren vart desse valde: Svein Gjelseth og Robert Kleppe. Orienteringar: Om Mjølstadneset og Fosnavåg hamn v/utviklingsleiaren. Han svara på spørsmål. Handelsbygg sin mulige søknad om etablering. Endre frå 3 etg. til 1 etg. MTK seier seg samd i at det kan takast delegert.
MTK inviterar Kystverket til fyrste møte etter ferien. underskrifter Svein Gjelseth Idar Tarberg Robert Kleppe
SAKLISTE: Saksnr PS 22/18 PS 23/18 PS 24/18 PS 25/18 Innhold Godkjenning av innkalling og sakliste Protokoll frå førre møte. Delegerte saker Referatsaker PS 26/18 Møteplan 2. halvår 2018 PS 27/18 KIngs-Bay as - gnr 22, bnr 4 og 55 - Utlegging av flytebrygge PS 28/18 PS 29/18 PS 30/18 PS 31/18 PS 32/18 PS 33/18 Arne Sætre 31/11 - dispensasjon for planering av nausttomt og oppføring av 5 naust i rekke Ragnvald L. Vågsholm 33/97 og 33/98 og Kjellaug Vågsholm 33/3 Deling grunneigedom Herøy kommune 30/51 dispensasjon frå arealformål for frådeling av tilleggsareal til bustadtomt 30/77 Eva Edvardsen 17/22 - Dispensasjon gjenreising naust Odd Arve Jensen 17/1 molo - endring av gitt løyve Svar på høyring -Sjøveien videre (NOU 2018:4) PS 34/18 Tertialrapport per 01.05.2018. Delegerte saker frå avdelingane DS 125/18 Elise og Bjørnar Leine Kvalsund - 25/98 - Einebustad DS 126/18 Øyvind Sundnes Warholm - 30/58 - Fasadeendring DS 127/18 DS 128/18 DS 129/18 DS 130/18 DS 131/18 Erlend Djupvik - 53/113 - Einebustad Ferdigattest - 31/8 - Naust Tømrer Prosjekt as - 34/166 - Endring av balkong Hus nr 1, seksjon nr 1-5,9m2 større balkong Ingjerd Woldstad 82/13 - Løyve til oppføring av garasje og uthus Joe Voldsund - 25/42 - Tilbygg/påbygg einebustad
DS 132/18 Mellombels bruksløyve - 29/215 - Fotballhall DS 133/18 Ferdigattest - 9/117 - redskapshus/lager DS 134/18 Ferdigattest - 45/153 - seksjon nr 1 og 2 DS 135/18 Ferdigattest tilbygg 22/65 DS 136/18 Mellombels bruksløyve - 26/189 DS 137/18 DS 138/18 RS 5/18 RS 6/18 BT Utbygging as - 46/83 - Løyve til planering av tomt Helge Kvalsvik - 35/106 - Påbygg og fasadeendring Referatsaker Prenta skriv til orientering/drøfting: Høyring om avhending av statlege fiskerihamner i kommunen - Herøy kommune - Møre og Romsdal fylke Vurdering av delegasjon landbruk- endring av praksis
PS 22/18 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Ingen hadde merknader til innkalling og sakliste PS 23/18 PROTOKOLL FRÅ FØRRE MØTE. Protokoll frå førre møte låg føre. PS 24/18 DELEGERTE SAKER Delegerte saker frå avdelingane låg føre og vart tekne til vitande. PS 25/18 REFERATSAKER Referatsaker frå avdelignane låg føre og vart tekne til vitande. Referatsak 5/18 og 6/18 vart gått gjennom i møte. PS 26/18 MØTEPLAN 2. HALVÅR 2018 Går ut. Møteplan er alt på plass. PS 27/18 KINGS-BAY AS - GNR 22, BNR 4 OG 55 - UTLEGGING AV FLYTEBRYGGE Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken.
Maritim og teknisk komite vedtek at det med heimel i hamne- og farvasslova og plan og bygningslova vert gitt løyve til utlegging av flytebrygge og at det vert etablert landfeste på kai som omsøkt 14.05.2018. Vilkår: Løyvet er mellombels utan tidsavgrensing, jf MTK sak 105/12, datert 11.12.2012. Ein gjer merksam på at dette vedtaket kan klagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde. Mogleg klage må vere skriftleg og grunngjeven og den skal stilast til Fylkesmannen, men sendast til Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg. Klagefristen er på 3 tre veker frå den dag melding om vedtaket har kome fram til den som har klagerett, jfr plan- og bygningslova 1-9 og forvaltningslova 28 og 29. PS 28/18 ARNE SÆTRE 31/11 - DISPENSASJON FOR PLANERING AV NAUSTTOMT OG OPPFØRING AV 5 NAUST I REKKE Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. 1. Maritim og teknisk komité (MTK) vedtek at det med heimel i plan- og bygningslova (pbl) 19-2 vert gjeve dispensasjon frå plan- og bygningslova (pbl) 1-8 forbod mot tiltak mv. langs sjø og vassdrag 2. Arne Sætre med fleire får dispensasjon til å planere og føre opp 5 naust i rekke på gnr. 31 bnr. 11 med totalt BYA 300 m². Ein gjer merksam på at dette vedtaket kan klagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde. Mogleg klage må vere skriftleg og grunngjeven og den skal stilast til Fylkesmannen, men sendast til Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg. Klagefristen er på 3 tre veker frå den dag melding om vedtaket har kome fram til den som har klagerett, jfr plan- og bygningslova 1-9 og forvaltningslova 28 og 29. PS 29/18 RAGNVALD L. VÅGSHOLM 33/97 OG 33/98 OG KJELLAUG VÅGSHOLM 33/3 DELING GRUNNEIGEDOM Marthe Vågsholm Sævik reiste habilitetsspørsmål. Søkjarane er bestemor og onkel av henne. Ho går frå under handsaming av habilitet. Ho vart samrøystes kjend inhabil, jfr. KL 40 FVL 6 1. ledd bokstav b.
Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. 3. Maritim og teknisk komité (MTK) vedtek at det med heimel i plan- og bygningslova (pbl) 19-2 vert gjeve dispensasjon frå plan- og bygningslova (pbl) 1-8 forbod mot tiltak mv. langs sjø og vassdrag og arealforemål i reguleringsplan Fosnavåg hamn, plan-id: 201263. 4. Ragnvald L. Vågsholm får dispensasjon til å dele frå 3 parsellar frå gnr. 33 bnr. 97, gnr. 33 bnr. 98 og gnr. 33 bnr. 3 til sjølvstendig tomt med tanke på bygging av ny einebustad og garasje med følgande vilkår: a. Ny tomt må sikrast mot skred med avbøtande tiltak, jf. Skredfaglig vurdering utarbeidd av Norconsult b. Arealføremålsgrense for ny tomt følger arealføremålsgrense mellom gnr. 33 bnr. 97 og gnr. 33 bnr. 98 i same linje mot sør/øst og området mellom ny tomt og strandlinje settast av til friområdet, sjå prinsippskisse vedlagt. c. Høgdekote på lågaste golv bygning + 10 moh. d. Før ny tomt kan bebyggast må tiltaket omsøkast jf. Reglane i plan- og bygningslova. Ein gjer merksam på at dette vedtaket kan klagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde. Mogleg klage må vere skriftleg og grunngjeven og den skal stilast til Fylkesmannen, men sendast til Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg. Klagefristen er på 3 tre veker frå den dag melding om vedtaket har kome fram til den som har klagerett, jfr plan- og bygningslova 1-9 og forvaltningslova 28 og 29. PS 30/18 HERØY KOMMUNE 30/51 DISPENSASJON FRÅ AREALFORMÅL FOR FRÅDELING AV TILLEGGSAREAL TIL BUSTADTOMT 30/77 Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. 1. Maritim og teknisk komite (MTK) gjev med heimel i plan- og bygningslova (pbl) 19-2 dispensasjon frå arealformålet i reguleringsplan, med sikte på frådeling av tilleggsareal og etablering av garasje til eksisterande einebustad på gnr. 30 bnr. 77. Ein gjer merksam på at dette vedtaket kan klagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde. Mogleg klage må vere skriftleg og grunngjeven og den skal stilast til Fylkesmannen, men sendast til Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg. Klagefristen er på 3 tre veker frå den dag melding om vedtaket har kome fram til den som har klagerett, jfr plan- og bygningslova 1-9 og forvaltningslova 28 og 29.
PS 31/18 EVA EDVARDSEN 17/22 - DISPENSASJON GJENREISING NAUST Svein Gjelseth reist habilitetsspørsmål. Han går frå under handsaming av habilitet. Han vart samrøystes kjend inhabil, jfr. KL 40, FVL 6, 2. ledd. Andre særeigne forhold. Idar Tarberg, Høgre kom med framlegg om slik ny tilråding til vedtak: Maritim og teknisk komitè (MTK) vedtek at det med heimel i plan- og bygningslova (pbl) 19-2 vert gjeve dispensasjon frå plan- og bygningslova 1-8 tiltak i 100 metersbeltet i strandsona og arealdelen av kommuneplan. Grunngjevinga er at ein dispensasjon i dette høve ikkje vil vesentlig tilsidesette formålet bak kommuneplanen og det plan- og bygningslova 1-8 er meint å ivareta. Omsøkte naust er på om lag 48 m2 og har ei tradisjonell utforming. Då tiltaket er ei gjenreising av eit tidlegare naust som fall ned så seint som i 2011 og ikkje er ei heilt ny etablering kan MTK imøtekome søknaden. Tiltaket vil slik MTK ser det ikkje privatisere strandsona på ein slik måte at arealbruken vil vere til hinder for at almenne interesser vert ivaretatt med omsyn til bading og friluftsliv. Ein vurderer derfor at det er overvekt med fordelar ved tiltaket og godkjenner søknaden om reetablering av naust i tradisjonell form. Framlegget frå Idar Tarberg vart samrøystes vedteke. Maritim og teknisk komitè (MTK) vedtek at det med heimel i plan- og bygningslova (pbl) 19-2 vert gjeve dispensasjon frå plan- og bygningslova 1-8 tiltak i 100 metersbeltet i strandsona og arealdelen av kommuneplan. Grunngjevinga er at ein dispensasjon i dette høve ikkje vil vesentlig tilsidesette formålet bak kommuneplanen og det plan- og bygningslova 1-8 er meint å ivareta. Omsøkte naust er på om lag 48 m2 og har ei tradisjonell utforming. Då tiltaket er ei gjenreising av eit tidlegare naust som fall ned så seint som i 2011 og ikkje er ei heilt ny etablering kan MTK imøtekome søknaden. Tiltaket vil slik MTK ser det ikkje privatisere strandsona på ein slik måte at arealbruken vil vere til hinder for at almenne interesser vert ivaretatt med omsyn til bading og friluftsliv. Ein vurderer derfor at det er overvekt med fordelar ved tiltaket og godkjenner søknaden om reetablering av naust i tradisjonell form. Ein gjer merksam på at dette vedtaket kan klagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde. Mogleg klage må vere skriftleg og grunngjeven og den skal stilast til Fylkesmannen, men sendast til Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg. Klagefristen er på 3 tre veker frå den dag melding om vedtaket har kome fram til den som har klagerett, jfr plan- og bygningslova 1-9 og forvaltningslova 28 og 29.
PS 32/18 ODD ARVE JENSEN 17/1 MOLO - ENDRING AV GITT LØYVE Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. 1. Maritim og teknisk komité (MTK) vedtek at det med heimel i plan- og bygningslova (pbl) 19-2 vert gjeve dispensasjon frå plan- og bygningslova (pbl) 1-8 forbod mot tiltak mv. langs sjø og vassdrag 2. Odd Arve Jensen får dispensasjon til å ferdigstille moloen og legge ut flytebrygge som omsøkt i søknad om endring datert 08.03.2018. Ein gjer merksam på at dette vedtaket kan klagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde. Mogleg klage må vere skriftleg og grunngjeven og den skal stilast til Fylkesmannen, men sendast til Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg. Klagefristen er på 3 tre veker frå den dag melding om vedtaket har kome fram til den som har klagerett, jfr plan- og bygningslova 1-9 og forvaltningslova 28 og 29. PS 33/18 SVAR PÅ HØYRING -SJØVEIEN VIDERE (NOU 2018:4) Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Maritim og teknisk komite gir følgande utale til NOU 2018:4: Herøy kommune er uroa over forslaga i kapittel 9 om å føre ansvar og myndigheit for tryggleik og framkome i farvatnet til Staten, og som ein kosekvens av dette fjerne den kommunale anløpsavgifta. Det er kommunane sjølve som best kjenner til lokale forhold og behov. Vår kommunen vurderer fleire tiltak for å betre framkome i farvatnet utanfor hovud- og bilei. Vert ansvaret her lagt på staten fryktar vi at det ikkje vert løyvd midlar til desse tiltaka, og at vi samstundes ikkje kan finansiere desse tiltaka med anløpsavgift. Sjølv om ansvar og myndigheit for tryggleik og framkome i farvatnet vert lagt til staten, bør ein oppretthalde moglegheita til å finansiere tiltak som staten ikkje løyver midlar til med anløpsavgift
PS 34/18 TERTIALRAPPORT PER 01.05.2018. Korrigert møtebehandling. Saka går ut, var sendt til medlemane på epost, men vart ikkje handsama i møte. MØTET SLUTT!