Fylkesmannen i Sogn og Fjordane NORDFJORD KJØTT AS Leikanger, 11. september 2017 Loen 6783 Stryn Dykkar ref.: Vår ref.(oppgi ved svar): Randi Støyva 2017/2581 Sakshandsamar: Grete Hamre Inspeksjonsrapport: Inspeksjon ved Nordfjord Kjøtt A.S Kontrollnummer: 2017.002.I.FMSF Kontaktpersonar ved inspeksjonen: Frå verksemda: Randi Støyva Andre deltakarar frå verksemda: Geir Egil Roksvåg Peder Sandbakk Arne Sandnes Frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Grete Hamre Andre deltakarar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Toril Marie Mulen Resultat frå inspeksjonen Denne rapporten gjeld resultatet frå inspeksjon ved Nordfjord Kjøtt A.S den 14.06.2017. Rapporten er å sjå på som endeleg dersom vi ikkje får tilbakemelding om faktiske feil innan to veker etter at rapporten er motteken. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane avdekka 5 avvik og ga 2 merknader under inspeksjonen. Avvik: Verksemda har avvik knytt til utslepp til vatn Verksemda måler ikkje utslepp til luft Verksemda har mangelfull internkontroll Verksemda har manglar knytt til krav om energistyringssystem Verksemda har mangelfull handtering av farleg avfall Merknader: Bioklossar frå reinseanlegget på avvegar Verksemda har ikkje ein oppdatert kjemikaliedokumentasjon Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Postadresse: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Besøksadresse: Njøsavegen 2, Leikanger Telefon: 57 64 30 00 Org. nr.: 974 763 907 E-post: fmsfpost@fylkesmannen.no Internett: www.fylkesmannen.no/sogn-og-fjordane.no
Avvik og merknader er nærare omtalte frå side 4 og utover i rapporten. Oppfølginga etter inspeksjonen er nærare omtalt på side 3. Elektronisk dokumentert godkjenning, utan underskrift 8. september 2017 Grete Hamre Toril Marie Mulen dato kontrollør rådgjevar Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Kopi av rapporten skal sendast til: Stryn kommune Inspeksjonsrapport 2017.002.I.FMSF Side 2 av 8
1. Informasjon om den kontrollerte verksemda Ansvarleg eining Namn: NORDFJORD KJØTT AS Organisasjonsnr.: 973169327 Eigd av: 981682912 Bransjenr. (NACE-kode): 10.130 - Produksjon av kjøtt- og fjørfevarer Kontrollert eining Namn: Nordfjord Kjøtt A.S Anleggsnr.: 1449.0005.01 Kommune: Stryn Fylke: Sogn og Fjordane Anleggsaktivitet: Næringsmiddelindustri, unntatt fiskeforedling Løyve gitt: 7. september 1995 Sist endra: 16. februar 2012 2. Bakgrunn for inspeksjonen Inspeksjonen vart gjennomførd for å kontrollere om gjeldande krav som er fastsette i eller med heimel i utsleppsløyve av 16.02.2012, vert overhaldne. Inspeksjonen er ein del av Fylkesmannen sitt risikobaserte industritilsyn for i år. Inspeksjonstema Internkontroll Prosess og reinseutstyr Utslepp til luft Utslepp til vatn Avfall Kjemikalier Påslepp til Stryn kommune sitt primærreinseanlegg i Loen Rapporten gjeld avvik og merknader som vart avdekka under inspeksjonen. Han gir ingen fullstendig tilstandsvurdering av miljøarbeidet eller miljøstatusen til verksemda. Definisjonar Avvik: Manglande etterleving av krav fastsette i eller med heimel i lov. Merknad: Eit tilhøve som tilsynsetatane meiner det er naudsynt å peike på for å ivareta ytre miljø, men som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik. Andre tilhøve: Saker som kom fram under inspeksjonen og som det kan vere nyttig for verksemda og sakshandsamarar å kjenne til. Informasjon om verksemda og kommentarar til tema som vart tekne opp under inspeksjonen, men som ikkje vart klassifisert som avvik eller merknader, kan også inngå her. 3. Oppfølging etter inspeksjonen Nordfjord Kjøtt A.S pliktar å rette opp avvika som er omtalte i denne rapporten så snart som råd. Fylkesmannen føreset at tilhøva vert retta opp slik at verksemda vert driven i samsvar med krav som er fastsette i eller med heimel i Ureiningslova. For at Inspeksjonsrapport 2017.002.I.FMSF Side 3 av 8
Fylkesmannen skal kunne avslutte saka, ber vi om at Nordfjord Kjøtt AS innan 12.10.2017 sender ei skriftleg utgreiing som viser korleis avvik er retta og kva tiltak som er gjennomførde eller planlagte. 4. Vedtak om gebyr Vi viser til informasjon og varsel om gebyrplikt som vart gitt til verksemda den 14. juni 2017. Verksemder skal betale gebyr for kontrollar utførte av Fylkesmannen i samsvar med 39-3 i ureiningsforskrifta. Gebyret skal dekke kostnadar med førebuing, gjennomføring og oppfølging av kontrollen. Gebyrsatsar for kontroll av verksemder er fastsette i ureiningsforskrifta 39-7 og 39-8. På bakgrunn av forventa ressursbruk må Nordfjord Kjøtt A.S betale eit gebyr på kr 25 000,- for inspeksjonen, jf. ureiningsforskrifta 39-7 og 39-8. Dette svarar til gebyrsats 1 for tilsyn av inntil ein dags varigheit. Miljødirektoratet vil sende dykk ein faktura for innbetaling til statskassa. Fylkesmannen viser elles til ureiningsforskrifta kapittel 39 om innkrevjing av gebyr til statskassa. Klagerett Vedtaket om gebyr kan klagast på til Miljødirektoratet, jf. 28 i forvaltningslova. Ein eventuell klage bør vere skriftleg grunngjeven og adressert til Miljødirektoratet, men han skal sendast via Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Fylkesmannen vil vurdere endring av vedtaket eller sende saka vidare til Miljødirektoratet for endeleg vedtak. Gebyret som er fastsett ovanfor, må likevel betalast inn. Dersom Miljødirektoratet tek klagen til følgje, vil for mykje innbetalt beløp bli refundert. 5. Innsyn Denne rapporten vil vere offentleg tilgjengeleg via postjournalen til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (jf. offentleglova). 6. Avvik Vi fann følgjande avvik under inspeksjonen: Avvik 1 Verksemda har avvik knytt til utslepp til vatn Avvik frå: Utsleppsløyve av 16.02.2012, vilkår 3 Verksemda har over fleire år overstige grenseverdiane for organisk stoff (BOF 5 og til dels KOF) i prosessavløpsvatnet. Dette vart ikkje rapportert som avvik i eigenkontrollrapporten for 2016. Avvik 2 Verksemda måler ikkje utslepp til luft Inspeksjonsrapport 2017.002.I.FMSF Side 4 av 8
Avvik frå: Utsleppsløyve av 16.02.2012, vilkår 4 Ureiningsforskrifta 27-5 og 27-6 Verksemda har eit forbrenningsanlegg for reine brensel som produserer energi til produksjonen. Kapasiteten på forbrenningsanlegget er tilsaman over 5 MW. I løpet av dei siste åra har oljekjelen vorte bytt ut med propanbrennarar. Verksemda har ikkje målt utslepp til luft frå brennarane slik det er krav om i ureiningsforskrifta, 27-5, og 27-6. Avvik 3 Verksemda har mangelfull internkontroll Avvik frå: Internkontrollforskrifta 5, 2. ledd, punkt 6 og 7 Oversikt over lovkrav Nordfjord Kjøtt AS har ikkje oversikt over gjeldande krav innan forureiningslovverket som er av særleg viktigheit for verksemda. Dette har ført til mellom anna uforsvarleg handtering av farleg avfall, jf avvik 5. Det har også ført til at verksemda ikkje måler utslepp til luft, jf avvik 2. Risikovurdering Det er ikkje gjort ei kartlegging og risikovurdering av korleis aktiviteten ved verksemda kan påverke det ytre miljø. Forhold som vart teke opp under tilsynet, og som er viktig i ei slik vurdering, er utslepp til luft av støv, gass og støy, utslepp til vatn, handtering av kjemikaliar og handtering av avfall og farleg avfall. Handlingsplan med risikoreduserande tiltak Som oppfølging av risikovurderinga må det lagast ein handlingsplan med risikoreduserande tiltak. Dette kan vere behov for både fysiske tiltak og utarbeiding av rutiner for ulike aktivitetar, og klargjering av forhold mellom brukarane. Det er viktig at de set opp kven som er ansvarleg for tiltaka, og når dei skal vere gjennomførde. Avvik 4 Verksemda har manglar knytte til krav om energistyringssystem Avvik frå: Utsleppsløyve av 16.02.2012, vilkår 8 Verksemda er omfatta av industriutsleppsdirektivet (IED-direktivet) og har dermed krav om å innføre energileiingssystem. Verksemda skal difor ha eit system for kontinuerleg vurdering av tiltak som kan setjast i verk for å oppnå ein mest mogleg energieffektiv Inspeksjonsrapport 2017.002.I.FMSF Side 5 av 8
produksjon i anlegget. Energileiingssystemet skal inngå i verksemda sin internkontroll, og det skal bidra til grunnlag for nye energisparesystem eller -tiltak. Verksemda opplyser at de har vurdert å innføre energileiingssystem, men at dette ikkje har vorte gjort då de ikkje ser gevinsten i dette. Kravet om energileiing er som nemnt ovanfor forankra i IED, og verksemda pliktar difor å innføre eit system som m.a. går ut på å kartlegge energiforbruket i alle prosessar, setje mål, etablere energipolitikk, utarbeide handlingsplanar, ha rutinar for energieffektiv drift, overvake og måle energibruken og å evaluere systemet og resultata frå overvakinga. Avvik 5 Verksemda har mangelfull handtering av farleg avfall Avvik frå: Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), 11-8 Levering av farleg avfall Gjennom eigenkontrollrapporten og søk i www.avfallsdeklarering.no, kom det fram at verksemda ikkje har levert farleg avfall til godkjent mottak i 2016. Manglande levering var heller ikkje ført opp som avvik i eigenkontrollrapporten. Det same skjedde i 2013. Vi minner om plikta verksemda har til å levere farleg avfall til godkjent mottak minst ein gong i året, dersom den totale mengda overstig 1 kg. Skriftleg rutine for handtering av farleg avfall Verksemda har ikkje ei skriftleg rutine som omtalar kva som er farleg avfall, og korleis det skal handterast forsvarleg ( lagring, emballering, årleg levering og deklarering). Dette har ført til at farleg avfall ikkje er handtert på ein forsvarleg måte. Verksemda må syte for å ha rutiner som skal sikre at leveringsplikta vert halden. Under tilsynet kom det fram at det er tilsett ein ny medarbeidar som skal ha ansvaret for handtering og levering av farleg avfall. 7. Merknader Vi ga følgjande merknader under inspeksjonen: Merknad 1 Bioklossar frå reinseanlegget på avvegar Under inspeksjonen fann vi bioklossar på golvet i lokalet der den biologiske reinsinga føregår. Kommunen opplyser at det også er funne bioklossar rundt utsleppsleidningen til kommunen. Slike plastlekamar på avvege kan bidra til plastureining både i vatn og på land. Verksemda bør risikovurdere korleis biofilmbærarar ( bioklossar) kan sleppe ut under ulike forhold. Vi ber også om at verksemda set inn tiltak for å hindre at utslepp skjer, slik som til dømes montering av sil der utslepp vil kunne skje. Inspeksjonsrapport 2017.002.I.FMSF Side 6 av 8
Merknad 2 Verksemda har ikkje ein oppdatert kjemikaliedokumentasjon Verksemda oppbevarer sikkerheitsdatablad i papirversjon. Det manglar gode rutinar for jamleg å gå gjennom og oppdatere datablada. 8. Andre tilhøve Etablering av buffertankar for reinseanlegget Verksemda har over fleire år overstige grenseverdiane for organisk stoff (BOF 5 og til dels KOF) i prosessavløpsvatnet. Det har over lenger tid vore jobba med å finne gode tiltak for å redusere utsleppet av organisk stoff utan heilt å lukkast. Det er no bygd buffertankar som skal vere med på å gi ei jamnare tilførsle av prosessavløpsvatn til reinseanlegget. Desse skal setjast i drift no i sommar. Vi avventar tilbakemelding på effekten av buffertankane. Vi forventar at verksemda analyserer for BOF 5, og at verksemda avvikshandterar eventuelle BOF-verdiar som ligg over grenseverdiane i utsleppsløyvet. Støyklager Det kjem stundom klager frå fritidsbustad/nabo til verksemda. Etter eige utsagn tek verksemda direkte kontakt med klagar, og set i verk tiltak for å utbetre årsaka til klagen. Vi ynskjer å gjere verksemda merksam på at klager skal avviksbehandlast. Det er den måten ein kan jobbe systematisk med å få ned tal avvik over tid. 9. Dokumentunderlag Lovgrunnlaget for inspeksjonen var: Lov om vern mot forurensninger og om avfall (ureiningslova) med underliggjande forskrifter Forskrift om begrensning av forurensning (ureiningsforskrifta) Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) Utsleppsløyve av 16.02.2012 10. Informasjon til verksemda Regelverk og anna som det vart informert om: Lov om vern mot forurensninger og om avfall (ureiningslova) Vegvisar til regelverk for verksemder, www.regelhjelp.no Inspeksjonsrapport 2017.002.I.FMSF Side 7 av 8
Inspeksjonsrapport 2017.002.I.FMSF Side 8 av 8