SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING



Like dokumenter
Norsk etnologisk gransking Oktober 1953 SEREMONIER OG FESTER I SAMBAND MED HUSBYGGING I BYENE

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Denne spørjelista har til føremål å greia ut om våre folkelege musikkinstrument. Den er skift i 4 bolkar:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Til deg som bur i fosterheim år

G A M A L E N G K U L T U R

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Brødsbrytelsen - Nattverden

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Norsk etnologisk gransking. April Emne nr. 15. G J E R D E

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Saksbehandling kva er no det?

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå?

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

FOLKEMEDISIN. 1. Kan De seie at innstillinga til sjukdom og synet på det å vere hardfør har skiftet i manns minne?

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

MAKE MAKE Arkitekter AS Maridalsveien Oslo Tlf Org.nr

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i september 1959 TURKEINNRETNINGAR FOR KORN OG MALT

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Setring ved Håbakkselet Hareid

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden?

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Teknikk og konsentrasjon viktigast

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Finansiering av søknaden

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

mmm...med SMAK på timeplanen

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Brukarrettleiing E-post lesar

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Norsk etnologisk gransking November Emne nr. 124 MARKNADEN

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Informasjonshefte Tuv barnehage

Tormod Haugland MØRK MATERIE


LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

«Ny Giv» med gjetarhund

Lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Fjell kommune.

Eidegrend klyngjetun

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i mars 1962 KRISTELEG MØTEVERKSEMD OG MØTEFORM

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Tilgangsrettighetar i episerver

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Med god informasjon i bagasjen

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

GIFTEFERDIG UNGDOM. 2. Korleis såg ein på gifte til grannebygda eller endå lenger bort?

Bitraf Resultatregnskap0per

Lov om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova).

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

Stemnehandboka for NKSF

Nr. 37. Høgtidsmat ved dei gamle årsfestane

Transkript:

Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg godt til slike skikkar i grannelanda våre. Dei skikkane som var vanlege her i landet, kjenner vi derimot mindre til. Denne spørjelista skal freista å retta på dette. Dei skikkane det her gjeld, kan ha ulikt opphav. Dei kan vera runne av dei gamle formene for grannesamarbeid og -samliv på bygdene eller dei kan ha opphavet sitt i gamle, innførde handverksskikkar. Vi må difor i tradisjonen rekna med å finna ei blanding av heimleg og innført. Ein liten detalj kan då ver viktig for den som vil freista å avgjera om den einskilde seremonien og handlingen er heimleg eller innførd, og vi ville difor gjerne at De skulle vera nøye med detaljane, serleg når De fortel om pynten som det er spørsmål etter i sp. 46. Vi nyttar orda seremoni og fest. Med seremoni meinar vi då ein heller stutt, tradisjonsbunden handling, som t.d. at det vert drukke ei skål eller halde ein tale. Festen varer lenger; dei som er med, får mat eller det vert dansa. I. 1. Det er mykje om å gjera å få vita kven som var med og bygde huset. Har det i manns minne vore vanleg at husbygging var bytesarbeid mellom grannane? 2. I tilfelle ikkje, var det då vanleg at grannane kom til hjelp ved serlege høve då det trongst mykje mannemakt, t.d. ved kjøring av tømmer og anna byggjevyrke, når reisverket i stavhus skulle opp, sperrene reisast, mønsåsen leggjast på og liknande.? 3. Kor stor var den krinsen som i tilfelle var med på slikt bytesarbeid eller grannehjelp, t.d. alle bruka på garden, bedlaget e. l.? 4. Har det vore vanleg at folk frå grannegardane bar mat eller drikke til dei som bygde? 1

5. Kor stor var i tilfelle den krinsen som gjorde dette? 6. Dei som var med på bytesarbeid, grannehjelp eller som bar mat, rekna dei med at dei skulle få ein fest seinare? 7. Dersom grannane ikkje var med på husbygginga utan i serlege høve, vart då arbeidet elles gjort av huseigaren sjølv og hans eigne folk, eller leigde han arbeidsfolk til det? 8. Dersom han ikkje sette alt arbeidet bort, kunne han då leiga ein fagkunnig mann med seg? 9. Var det mange slike i bygda? 10. Dersom ikkje, kor kom dei då i frå? 11. Hadde dei fått utdanninga si i byen? 12. Hadde nokon av dei vore i utlandet? 13. Var desse siste i tilfelle rekna for å vera meir dugande enn dei hine, og hadde dei større vørdnad i bygda? II 14. Dersom det var vanleg at grannane var med og køyrde tømmer og anna byggjevyrke til det nye huset, var det då nokon seremoniar eller fest i samband med dette? 15. Kva heitte seremoniane eller festen? 16. Fekk dei noko å eta og drikka, og i tilfelle kva? 17. Vart det halde talar eller drukke skåler? 18. Kven gjorde det, kva var til vanleg innhaldet i talane og kva skåla dei for? 19. Var det dans på festen? 20. Kor heldt dei då dansen? 21. Kom gjentene av seg sjølve til dansen, vart dei varsla og i tilfelle korleis, eller vart dei innbedne? III 22. Var det nokon seremoni eller fest i samband med arbeidet på tufta eller grunnmuren? 2

23. Kven var med på den? 24. Vart det halde talar og drukke skåler? 25. Var det vanleg at huseigaren skulle leggja ned første steinen i grunnmuren eller ta første spataket i tufta, og korleis gjekk det då for seg? 26. Dersom det var fest, fekk dei då noko å eta, og i tilfelle kva? 27. Var det dans på festen? IV 28. Var det nokon seremoniar eller festar i samband med reisinga av laftevegger, t.d. når svillene (syllstokken) var lagd, når ein var nådd halvvegs eller heilt opp til veggebandet (stavlegja eller stavlægjestokken, raftet eller raftestokken, raftallen, raftlægja, gardlægja, ålastokken), når ein fann ei merkeleg kvistrekkje eller kvistbilete på laftshovudet eller andre stader o. l.? 29. Var det vanleg at huseigaren skulle slå i første spikaren eller naglen? 30. Var det seremoniar eller festar når reisverket i stavhus skulle opp? 31. Kva kalla dei seremoniane eller festane? 32. Kven var med på dei? 33. Fekk dei noko å eta eller å drikka, og i tilfelle kva? 34. Vart det halde talar? 35. Kven gjorde det, kven tala han for og kva var til vanleg innhaldet i talane? 36. Var det dans? 37. Bad dei gjenter til dansen, vart gjentene varsla og korleis, eller kom dei sjølvbedne? 3

38. Var det nokon seremoniar eller fest i samband med at taket vart reist? (Om taktekking, sjå VI.) 39. Var desse seremoniane eller festane knytt til visse prosessar i takarbeidet, t. d. å leggja på mønsåsen (melåsen) eller reisa sperrene? 40. Kven var med på seremoniane eller festen? 41. Dersom andre enn arbeidsfolket var med, kom dei då sjølvbedne, vart dei varsla og i tilfelle korleis, eller vart dei bedne? 42. Var det visse skikkar ein måtte fylgja ved innbydinga? 43. Fekk dei noko å eta og drikka? 44. Kven var det som kosta dette? 45. Var det vanleg å pynta det nye huset til festen slik det nå stod? 46. Kva nytta dei til pynt, tre (kva slag, kor stort og kor mange), krans, flagg, farga band, blomelekkkjer, måla skilt, trekrossar eller anna? Det var gildt om De kunne vera sers nøye når De skildrar den pynten som vart nytta, aller helst leggja ved ei teikning. 47. Kven var det som hogg treet (trea) eller laga til pynten og bar det (dei, den) fram til huset? 48. Kor på huset vart pynten sett opp? 49. I tilfelle dei nytta måla skilt, trekrossar eller annan varande pynt, vart den då laga for kvart einskild tilfelle eller kunne den gøymast og nyttast fleire gonger? 50. Dersom det siste er tilfelle, kven vart då rekna som eigarmann til pynten og kven tok vare på den? 51. Var det elles nokon seremoniar i samband med at pynten vart sett opp, t.d. skjenking, talar, lukkynske e. l.? 52. Kven var det i tilfelle som skjenkte, kven og kor mykje skjenkte han? 4

53. Var det visse ord eller vendingar (skåler) som vart nytta (drukne) i samband med skjenkinga? 54. Kvar gjekk denne seremonien for seg? 55. Kunne ein i samband med skjenkinga ta varsel for huset, og korleis? (Det var sume stader så at skjenkinga gjekk for seg på mønsåsen eller ein annan stad oppe på huset. Dei kasta då ned glaset og tok varsel av om det var knust eller ikkje.) 56. Skjenkte dei huset, t.d. ved å slå eit eller fleire glas brennevin i kvart hyrna, over mønsåsen eller andre stader? 57. Kven var det som gjorde dette, og kva sa han då? 58. Kva var grunnen til at dei skjenkte huset? 59. Var det nokon fest i nær tilknytning til pyntinga av huset? 60. Kva kalla dei den festen? 61. Kva fekk dei å eta og drikka? 62. Var det huseigaren som kosta maten og drikka, eller kom grannane med den? 63. Kor heldt dei festen? 64. Var det dans? 65. Korleis fekk dei gjenter til dansen? VI 66. Kva slag tekkingsvyrke vart brukt i bygda, torv, heller, spon eller anna? 67. Var det nokon seremoniar (om festar, sjå nedanfor) i samband med tekkinga, t.d. når nevra var lagt over mønet? 68. Kva kalla dei denne seremonien? 69. Kven var med? 70. Kva vart gjort og kven gjorde det? 5

71. Det var sume stader ein regel at neverlaget skulle vera tjukt så ølkruset kunne stå på skaret. Hadde dei nokon slik regel i Dykkar bygd, og korleis var den i tilfelle? 72. Var det fest når tekkinga var ferdig? 73. Kva kalla dei han? 74. Dersom tekkinga var dugnadsarbeid, skilde då denne festen seg på nokon måte ut frå ein vanleg dugnadsfest, t.d. ved at det vart halde talar og drukke skåler med gode ynske for huset og dei som skulle bu der? 75. Kva fekk dei å eta? 76. Var det dans på festen? 77. Korleis fekk dei gjenter til festen? 78. Kor heldt dei denne festen? VII 79. Dersom tekkingsfester ikkje vart halden i det nye huset, var det då nokon annan seremoni eller fest i huset etter at taket var kome på men før huset var ferdig til innflytting? 80. Kva kalla dei i tilfelle seremonien eller festen>? 81. Kven var med? 82. Vart dei bedne om å koma, vart dei varsla og korleis? Kom dei sjølvbedne? 83. Hadde dei mat, drikke eller andre gåver med seg? 84. Vart det halde talar og drukke skåler? 85. Kven gjorde det? 86. Kva var innhaldet i talane og skålene? 87. Skjenkte dei huset? 88. Kven gjorde det, korleis gjorde han det og kva sa han då? 89. Var det dans på festen? VIII 90. Var det serlege seremoniar eller fest den dagen dei flytta inn i det nye huset? 6

91. Skulle det gå for seg på ein viss dag i veka eller året? 92. Kva kalla dei seremonien eller festen? 93. Kven var med? 94. Vart dei bedne, vart dei varsla og korleis, eller kom dei sjølvbedne? 95. Korleis gjekk det for seg på festen eller under seremonien? IX 96. Dei festane og seremoniane som De har fortalt om, vart dei nytta ved reising av alle slag hus på garden? 97. Dersom det var nokon skilnad i så måte, så gjer nøye greie for den. 98. Vart skikkane fylgde ved reising av offentlege hus òg, t.d. skulehus, kyrkje o.a.? 99. Kven utførde då dei pliktene som ved reising av privathus fall på huseigaren? 100. Kven var med på dei festane som vart haldne? 101. Kva fekk dei å eta og drikka? 102. Var det dans på festen? 103. Korleis fekk dei i tilfelle gjenter til dansen? X 104. Var det vanleg med seremoniar eller fest når eit hus var rive? 105. Var det berre ved riving av stovehus det var slik seremoni eller fest, eller vart den nytta ved riving av alle slag hus? 106. Kva kalla dei seremonien eller festen, kven var med og korleis gjekk det for seg? 107. Var det vanleg med fest ved vølingsarbeid i eit hus, t.d. at eit gamalt golv måtte dansast ut og eit nytt dansast inn? 108. Kven var med på ein slik fest? 109. Vart dei bedne, varsla, eller kom dei sjølvmint? 110. Kva fekk dei å eta og drikka? XI 111. Det har mange stader vore så at dersom arbeidsfolka eller grannane ikkje fekk drammen eller festen dei meinte dei hadde krav på, så tok dei hemn ved å hengja eit eller anna opp på huset, t.d. ei turr eller opp-og-ned-vend buske eller tre, ein fillemann, kvinneklede eller liknande Vart dette gjort i Dykkar bygd òg? 112. Kva var det då dei hengde ut? 113. Kor sette dei opp denne pynten? 114. Kven var det som gjorde det? 115. Kva var det for ein fest dette galdt? XII 116. Kva for seremoniar eller festar ved husbygging har halde seg til i dag i bygda Dykkar? 117. Kva tid gjekk dei ut or bruk, dei som nå er borte? 118. Kan det seiast noko sers om grunnen til at dei gjekk ut or bruk? 7