SAMNANGER KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Naturutvalet Møtedato: 21.02.2017 Møtetid: 15.00-19.30 Møtestad: Kommunehuset Av 9 medlemmer møtte 9, inkludert varamedlemmer. Desse medlemene møtte ikkje: I staden møtte: Andre som var til stades på møtet: Ordførar K.H.Frøland, Planleggar R.Aandal og Ass.rådmann H-L.Våge Møteleiar: Møtesekretær: Karl Kollbotn (Frp) Hilde-Lill Våge Merknader: Utvalet var på synfaring i Sætervika frå kl. 16.10-16.45 Orienteringar/meldingar: Utvalet sitt kvarter: Dokument utlevert i møtet: Ass.rådmann orienterte om at kommunen søkjer om dispensasjon - strakstiltak, om å få legge om vegen til Totræna. Store steinar har kome ned i vegen og rasfaren er høg, jf geolograpport. Vegen står i fare for å verta stengt på kort varsel.
Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, 02.03.2017 Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær
Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/17 17/293 Faste saker 002/17 16/1064 Byggesak GBNR. 18/151 - garasje/reiskapshus 003/17 16/649 Frådeling GBNR. 17/17 004/17 16/1056 Dispensasjonssak GBNR. 44/24 - fylling av masser i sjø 005/17 16/1015 Byggesak - Dispensasjon GBNR 18/113 006/17 16/259 Veg til Hagabotnane 007/17 13/77 Kommuneplan, vurdering av arealbruk
SAKNR. 001/17 FASTE SAKER Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering Handsaming i møtet: Merknad til innkallinga: Jon Magne Bogevik (uavh.) hadde ikkje meldt inn synfaring på sak 04/17, men ønska at utvalet skulle ta stilling til dette. Det vart røysta over framlegget som vart vedteke med 5 mot 4 røyster. For synfaring Ikkje Synfaring Jon Magne Bogevik (uavh) Martin Haugen (Bl) Gunn Totland Moss (Krf) Anja Elisabeth Markhus (Bl) Vidar Tveitarås (Ap) Sture Tveit (H) Karl Kollbotn (Frp) Anja Marken (MDP) Ingvild Bogevik (Frp) Utvalet var på synfaring i Sætervika frå kl. 16.10-16.45. Merknad til saklista sak 07/17: Sture Tveit (H) bad om at det i framtida bør stå namn på kartutsnitta i saka. Det var vanskeleg å tolke kor utsnitta var ifrå. Administrasjonen følgjer dette opp. Rådmannen sitt framlegg med merknader vart samrøystes vedteke. Utvalet sitt kvarter: Anja Marken (MDG): Spurte om høvet for blomsterdyrking utanfor Bjørkheim kro. Ass.rådmann orienterte at dette var privat eigedom, og at spørsmålet måtte rettast til eigar. Jon Magne Bogevik (uavh.): Bad om ei orientering frå leiar om framtid praksis der enkelte politikar ber uformelt grunneigarar inn til møte på avgrensa tema. Leiar i utvalet K.Kollbotn (Frp) orienterte om bakgrunn for møtet med grunneigarane i Totræna. Ass.rådmann orienterte om kommunelova sine reglar om møte. Denne type samtalar er ein del av styringssignala til politikarane og bør dermed vera formelle møte. Desse skal då følgje reglane for offentlege møte med innkalling, kunngjering og referat. Sture Tveit (H): Stilte spørsmål om kvifor det ikkje er informasjon i gebyrheftet om sakshandsamingsgebyr etter jordlova. I regulativet står berre kommunen sitt sakshandsamingsgebyr. Administrasjonen følgjer dette opp. NAT-001/17 VEDTAK: Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering SAKNR. 002/17 BYGGESAK GBNR. 18/151 - GARASJE/REISKAPSHUS
Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 og 11-6 vert det gjeve dispensasjon til bygging av garasje/reiskapshus i LNF-område på GBNR 18/151 på følgjande vilkår: Ved planering av tomta skal det ikkje fjernast meir busk- og trevegetasjon enn det som er nødvendig for å sette opp garasje/ reiskapshuset. Om nødvendig skal det beplantast med nye trær og busker for å dempe/ minimalisere fjernverknaden av garasjen/ reiskapshuset. Handsaming i møtet: Framlegget frå rådmanne vart samrøystes vedteke. NAT-002/17 VEDTAK: Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 og 11-6 vert det gjeve dispensasjon til bygging av garasje/reiskapshus i LNF-område på GBNR 18/151 på følgjande vilkår: Ved planering av tomta skal det ikkje fjernast meir busk- og trevegetasjon enn det som er nødvendig for å sette opp garasje/ reiskapshuset. Om nødvendig skal det beplantast med nye trær og busker for å dempe/ minimalisere fjernverknaden av garasjen/ reiskapshuset.. SAKNR. 003/17 FRÅDELING GBNR. 17/17 Med heimel i plan- og bygningslova, 19-2, 20-1m og 1-8, samt jordlova 12, vert det gjeve delingsløyve for parsell, ca 600 m2 frå Gnr.17 Bnr.17 på Årland. Det vert satt vilkår om at delingsløyvet ikkje opnar for utbygging og ny grense vert lagt langs utsida av løa. Handsaming i møtet: Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. NAT-003/17 VEDTAK: Med heimel i plan- og bygningslova, 19-2, 20-1m og 1-8, samt jordlova 12, vert det gjeve delingsløyve for parsell, ca 600 m2 frå Gnr.17 Bnr.17 på Årland. Det vert satt vilkår om at delingsløyvet ikkje opnar for utbygging og ny grense vert lagt langs utsida av løa. SAKNR. 004/17 DISPENSASJONSSAK GBNR. 44/24 - FYLLING AV MASSER I SJØ Administrasjonen har vurdert at tiltaket omfattast av ei reguleringsplikt og det vert med dette gjeve avslag på dispensasjonssøknaden, jf 12-1,3.ledd i plan- og bygningslova. Tiltaket vert definert med vesentleg verknad for miljø og samfunn. I kystsoneplanen sine generelle føresegner og
retningsliner; jf 11-9 er det krav om reguleringsplan for tiltak som krev søknad etter 20-1 i plan og bygningslova. Handsaming i møtet: Utvalet deltok på synfaring før handsaming av saka. Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteke. NAT-004/17 VEDTAK: Administrasjonen har vurdert at tiltaket omfattast av ei reguleringsplikt og det vert med dette gjeve avslag på dispensasjonssøknaden, jf 12-1,3.ledd i plan- og bygningslova. Tiltaket vert definert med vesentleg verknad for miljø og samfunn. I kystsoneplanen sine generelle føresegner og retningsliner; jf 11-9 er det krav om reguleringsplan for tiltak som krev søknad etter 20-1 i plan og bygningslova. SAKNR. 005/17 BYGGESAK - DISPENSASJON GBNR 18/113 Dispensasjonen medfører ikkje samla vurdert- at samfunnshensyn/ generelle formålshensyn blir vesentleg tilsidesett, og kommunen har føretatt ein konkret vurdering av situasjonen. Med heimel i plan- og bygningslova 19-2,11-6, samt jordlova 9 vert det gjeve dispensasjon frå LNF til bustadføremål på GBNR 18/113. Handsaming i møtet: Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. NAT-005/17 VEDTAK: Dispensasjonen medfører ikkje samla vurdert- at samfunnshensyn/ generelle formålshensyn blir vesentleg tilsidesett, og kommunen har føretatt ein konkret vurdering av situasjonen. Med heimel i plan- og bygningslova 19-2,11-6, samt jordlova 9 vert det gjeve dispensasjon frå LNF til bustadføremål på GBNR 18/113. SAKNR. 006/17 VEG TIL HAGABOTNANE Vegen opp Hagabakkane til Hagabotnane, frå kyrkja til idrettsanlegget, vert utbetra med trafikksikringstiltak. Det bør ikkje verta lagt til rette for auka trafikk gjennom bustadområdet og vegen får 30-sone. Vegen vert einvegskøyrt for personbilar frå siste avkøyring/bustadhus og opp til Hagabotnane. Krysset på Tveit vert utvida slik at krysset fungerer som trafikksikker avkøyring/påkøyring til fylkesveg Kvitingsvegen. For bussar og større bilar vil dette vera hovudvegen til idrettsanlegget og verta skilta.
Det vert etablert ein turveg frå idrettsanlegget i Hagabotnane til Gjerde. Tiltaka vert gjennomført med tidlegare avsette midlar til Hagabotnane på inntil 2 millionar kroner. Finansieringa vert frå næringsfondet med kr. 589.000 og inntil kr. 1.411.000 frå investeringsfondet. Samnanger kommune omtaler i arealdelen til kommuneplanen at det er trong for ny veg til Hagabotnane og gjer eit forstudium med ulike traseval når kommuneplanen er vedteken. Handsaming i møtet: Vidar Tveiterås (Ap) sette frem følgjande framlegg:» I framlegget til vedtak frå rådmannen er kostnad med trafikksikring av eksisterande veg ikkje vurdert, heller ikkje kostnad for ny GS-tilkomst (turveg) til idrettsanlegget. Det er ikkje vurdert teknisk løysing, eller kostnad ved utbygging av kryss mellom Fv134 og Kv16 på Langeland. Dette vil vere enten eit kosnadskrevjande tiltak om det skal utførast der krysset er i dag, og skal kryssing skje annan stad vil ny veg måtte byggjast til aktuelt punkt, med tilhøyrande byggekostnader. Risikovurdering ved å endra trafikkmønsteret er ikkje føretatt - mellom anna kva auka trafikk over Tveit, Langeland og Totland vil bety. Her er mange stader hus kloss i vegen, folk lever like tett på trafikken som på Haga, og farten er høgare. Auka trafikk over Tveitamyrane vil gå midt gjennom den mest konsentrerte hjortestamma i bygda, og vil uroe dyra som beitar innmed vegen. I saksutgreiinga er "snuplassen i nærleiken av avkjøringa" nemnt. Dette er ingen snuplass, i den forstand ein buss- snuplass skal forståast. Store bussar må rygge inn i ein privat veg for å snu, og staden er eit vegkryss mellom ein privat veg - Pv1041 og Fv134. Alt i alt er saka for dårleg belyst til at så mykje pengar(?) skal brukast, når ein ikkje sikkert veit om dagens veg skal brukast vidare eller ikkje.» Det vart røysta over framlegget til rådmannen og framlegget til Tveitarås (Ap). Tveitarås sitt framlegg vart samrøystes vedteke. NAT-006/17 VEDTAK: I framlegget til vedtak frå rådmannen er kostnad med trafikksikring av eksisterande veg ikkje vurdert, heller ikkje kostnad for ny GS-tilkomst (turveg) til idrettsanlegget. Det er ikkje vurdert teknisk løysing, eller kostnad ved utbygging av kryss mellom Fv134 og Kv16 på Langeland. Dette vil vere enten eit kosnadskrevjande tiltak om det skal utførast der krysset er i dag, og skal kryssing skje annan stad vil ny veg måtte byggjast til aktuelt punkt, med tilhøyrande byggekostnader.
Risikovurdering ved å endra trafikkmønsteret er ikkje føretatt - mellom anna kva auka trafikk over Tveit, Langeland og Totland vil bety. Her er mange stader hus kloss i vegen, folk lever like tett på trafikken som på Haga, og farten er høgare. Auka trafikk over Tveitamyrane vil gå midt gjennom den mest konsentrerte hjortestamma i bygda, og vil uroe dyra som beitar innmed vegen. I saksutgreiinga er "snuplassen i nærleiken av avkjøringa" nemnt. Dette er ingen snuplass, i den forstand ein buss- snuplass skal forståast. Store bussar må rygge inn i ein privat veg for å snu, og staden er eit vegkryss mellom ein privat veg - Pv1041 og Fv134. Alt i alt er saka for dårleg belyst til at så mykje pengar(?) skal brukast, når ein ikkje sikkert veit om dagens veg skal brukast vidare eller ikkje. SAKNR. 007/17 KOMMUNEPLAN, VURDERING AV AREALBRUK Byggjeområda for bustader og fritidsbustader blir teke inn i plankartet som presentert og synt i kartutsnitt i saksutgreiinga, og blir ein del av plankartet som skal leggjast ut til offentleg ettersyn i neste møte: B04 B05 B06 B09 H01 H02 H03 H04 H05 H06 H10 H11 Innspel nord for Storhaugen. Byggjeområda for fritidsbustader på Høysæter blir justerte som presentert og synt i kartutsnitt i saksutgreiinga. Handsaming i møtet: Utvalet drøfta delar av rådmannen si tilråding. Dei vart ikkje ferdig med å drøfta alle innspela og utsette saka til neste møte den 14 mars. NAT-007/17 VEDTAK: Saka vart utsett.
9