Opplev perlene i øyriket vårt



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

6. trinn. Veke 24 Navn:

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Sommartur til Sverige,

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Kva er økologisk matproduksjon?

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE


3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Strategidokument

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

5 stk flotte bustadtomter til sals

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Månadsbrev for ROSA mars 2015

MILLIONSTØTTE TIL JÆRMUSEET

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Plassebakken Barnehage

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

GODT Å MYKJE Å KJEKT Å

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Notat om historie og kulturlandskap

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Månadsplan for Hare November

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

mmm...med SMAK på timeplanen

Juvet Landskapshotell

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

KJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK

9 frammøtte medlemsbedrifter. Frå styret Hans Nesheim, Tommy Lindskog og Elin Vassbotten

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Informasjonshefte Tuv barnehage

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

INFORMASJON om førestellinga:

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Månedsbrev april 2015

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Den kulturelle skulesekken Lokal plan - Selje kommune 2012/ /2016

Egil Christophersen til minne.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Transkript:

Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010 Opplev perlene i øyriket vårt Foto: Tove Irene P. K. Midtbø Restauration Eit regionalt og nasjonalt monument over eit stykke norsk historie vil snart vere klar til å legge frå kai. Kunstutstilling i Ottohuset Manghild Meltveit Kleppa kjem og opnar utstillinga i Ottohuset der ein kan nyta kunstverka til to franske utstillerar og ein stavangerkunstnar. Side 16 og 17 Side 4 og 5

Velkommen Velkommen Side 3 Helsing frå ordføraren i Finnøy 4 Finnøy 6 Talgje 8 Fogn 10 Bokn og Byre 12 Halsnøy 14 Ombo 16 Restauration 18 Sjernarøy 22 Finnøy Næringshage 24 Aktivitetskalender 28 Levande bygder 30 Synleg og stolt matproduksjon i Finnøy! Opplev Finnøy - øyriket i Ryfylke med busetting på 16 øyar Finnøy Næringshage as har laga heftet du no sit med i handa. Me gjer dette fordi me vil visa fastbuande, hytteeigarar, tilreisande og alle dei andre noko av det de kan oppleve i vår vakre øykommune. Fleire av oss som bur eller har hytte her, er nok kanskje ikkje heilt klar over kva for perler me har rundt oss. Anten det er kultur, natur, historie eller opplevingar. Kanskje kjenner ein best til den plassen ein sjølve bur, men har me vitja og opplevd naboøyane våre? Me trur at livskvaliteten kan auke av å gjera seg kjendt i kommunen vår, og har difor laga dette hefte med informasjon frå alle øyane. Me ønskjer at heftet skal vera til stor nytte for dykk, og me håpar å få med fleire aktivitetar i vår aktivitetskalender for kvart år. Dette kan du hjelpa oss med! Me kan laga heftet ved hjelp av støtte frå det lokale næringsliv, de er med å bidreg økonomisk gjennom annonsering, -takk til dykk! Klar, ferdig, les og nyt øyane våre anten frå sjø eller land! God tur! Med beste helsing Utgjevarinformasjon: Utgjevar: Finnøy Næringshage tlf.: 51 71 45 15 e-post: fnhage@finnoy.com Nett: www.synlegogstolt.no Setting/Design: IT-Finnøy as tlf.: 51 71 45 15 nett: www.it-finnoy.no e-post: it@hesbynett.no Trykk: Randaberg Trykk Heidi Skifjell & Elisabeth H. Nordbø Finnøy Næringshage as Her finn du rutetabellar for ferje og hurtigbåtar til og frå øyane i Finnøy kommune: www.kolumbus.no, www.tide.no På framsidefoto ser me Ingvild Midtbø og Vansa. Kilder: Laila Byre, Odd Bleie, Jostein Gard, Opplev Ryfylkeøyane, Malvin Sandanger, Nils Trygve Hauge, Håkon Eide, Torbjørn Bjerga, Finnøy kommune. 2 Finnøy kommune Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010

Me som bur her Me treng ikkje reisa lange vegar for å nå alle dei fine reisemåla me har i Finnøy. SJERNARØY Me bur her, heile året til og med. Og me likar det slik. OMBO Me likar mars med vårsild i våg og vik. Me likar påske med kåte lam på grønkande bakkar. HALSNØY FINNØY Me likar vårvinna med sterke lukter over bøane. BOKN BYRE FOGN Me likar sommaren med varme og seglebris. Me likar hausten med hummar som kryp og hjort som fell. TALGJE Me likar julefreden med slekt og vener. Me likar vinteren med kalde, stille dagar, men og ein storm kan me lika. Og så likar me sers at du kjem og ser om oss. Velkomen skal du vera. STAVANGER Kjell Nes Ordførar Tomter og bustader for sal: - Båtplasser tilgjengeleg - Rimeleg husbankfinansiering - Med Finnfast: 30 min frå Stavanger Moment Kommunikasjon Illustrasjon: Jens Flesjå Finnøy - Ein god stad å leva! Telefon: 51 71 46 00 4160 Finnøy post@ladstein.no www.nordbohus.no/ladsteinbygg Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010 3

Finnøy Sentrum for mange opplevingar (Foto: Geir Landa) Finnøy er hovudøya i Finnøy kommune, som lenge omfatta Finnøy, Talgje og delar av Fogn. På sekstitalet la Scheikomiteen også Sjernarøyane og Fisterøyane, forutan delar av Ombo inn i kommunen. Namnet tyder Finns øy, etter Finnsonætta som var ei av dei norske stormannsættene i mellomalderen. Denne ætta budde på kongsgarden Hesby. Kommune våpenet er våpenskjoldet til Hesbyætta. 30. oktober 2009 vart øya landfast så nå kan ein komma til Finnøy med bil utan å vera avhengig av ferje. Det er framleis høve å komma til Finnøy sjøvegen ved å ta hurtigbåt frå Fiskepiren i Stavanger til Judaberg. Øya er fruktbar, og har alltid vore det. Mykje jord er fulldyrka. Gardane ligg rundt øya, medan høgdene midt på stort sett er skog og beite. Det er eit aktivt landbruksmiljø her med mjølkeproduksjon, sauehald, anna storfehald, eggproduksjon, broilerproduksjon, tomatproduksjon med meir. Finnøy kommune er størst på tomatar i Noreg. Ca 44 prosent av tomatane som vert produsert i landet kjem frå Finnøy kommune. Det første drivhuset kom hjå Torstein Flesjå i 1928. Med over 200 000 høns er Finnøy nest størst i landet på egg, og ei av dei største fjørfekommunane. Maktsentrum Hesby kyrkje er bygd ca år 1250. Kyrkja syner seg fram i gotisk spissbogestil, og den må ha vore eit tungt løft for si samtid. Store menn har og vore her. Hesbykyrkja står på gamal høvdinggrunn. Maktsenteret breia seg ut over Ryfylke. Toppen av ære og makt vart nådd under Ogmund Finnsson, som styrde Noreg for danskekongen i to periodar på 1300-talet. Sølvsmeden på Finnøy sel i dag smykke og andre produkt prega av våpenskjoldet til Ogmund Finnson. Finnøybuen Asgaut Regelstad var med i Eidsvoll forsamlinga i 1814, han er òg minna ved Hesby kyrkje. Internasjonal matematikar Niels Henrik Abel vart fødd 5. august 1802 i prestegarden på Finnøy. Saman med Sophus Lie blir Abel rekna som den fremste norske matematikaren i det nittande århundre, og dei to er óg dei mest anerkjente norske matematikarane gjennom alle tider. Innanfor matematikken har han framleis eit stort namn internasjonalt. Han er kanskje mest kjent for å ha lagt fram prov om at den generelle femtegradslikninga ikkje kan løysas med dei elementære rekningsartane addisjon, subtraksjon, multiplikasjon, divisjon og rotutdraging. På prestegarden er det eit minnesmerke over Niels Henrik Abel. Næring med historisk sus Fiske har alltid vore ei attåtnæring, viktigare før enn no. På øyane rundt har havbruket funne sin plass, laksemærene er mange. Ryfylke Trebåtbyggjeri på Judaberg har blese liv i gamle tradisjonar og kunnskap om båtbyggjing. Eit replika av Resturation, det første utvandrarskipet som gjekk frå Stavanger ca år 1825 er under byggjing, og skal vera klar for segling denne sommaren. Kunst og kultur Ottohuset ligg rett bak rådhuset på Juda berg. Her skal sjølvaste samferdselsministeren, Magnhild Meltveit Kleppa, opna sommarutstillinga laurdag 5. juni. Tre spanande kunstnarar skal stilla ut, to franske og ein stavangerkunstnar. Sentralt på Judaberg ligg rådhuset, butikkar, Rygjabø videregåande skole og andre serviceinstansar. Rygjabø er den einaste fiskerifaglege opplæringsarena for elevar i Rogaland. I tillegg vert det drive fleire spanande utviklingsprosjekt i regi av skulen. Verdas første oppdrettsanlegg for landbasert kråkebolleproduksjon er no under kommersialisering. Prosjektet tek utgangspunkt i utviklingsarbeid gjennomført i skulens regi. Saman med andre aktørar i kommunen siktar skulen seg nå inn på å verta eit kraft- og kompetansesenter for lokal matproduksjon i Rogaland. På Kindingstad ligg huset til Cleng Peerson, han var sterkt knytta til den første utvandringa til Amerika frå Ryfylke. 4 Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010

Bedehuskulturen Bedehuskulturen er sentral på Finnøy. Lekmannskulturen som slo rot på 1800-talet er framleis livskraftig. Dette ber forenings,musikkliv og ungdomsarbeid sterkt preg av. Reiselivsbedriften Ryfylke Livsgnist as arrangerar turane Vandring i bedehusland. Her får ein med seg mykje av bedehushistoria og anna historie frå Finnøy. Det er stor interesse for finnøyhistoria. Fleire jobbar entusiastisk for å spreie denne. Desse få sidene i denne reiselivsguiden kan ikkje nå over alt som er. Krigshistorie Eit anna reiselivsprodukt som er under utvikling er frå nyare tid, - Tyskerholene. Kaihuset på Judaberg er Finnøy si turist informasjon. Forutan nyttig informasjon kan du og få deg ein kopp kaffi, noko å eta, samt kjøpa lokale produkt frå Finnøy og Ryfylke. Skule og barnehage Ungdomsskulen for heile kommunen ligg på Judaberg, her er og mellomtrinna for Finnøy og Talgje. Barneskulen (1-3 klasse) ligg på Hesby. Det er to barnehagar på Finnøy. Fakta Areal: 25,3 km² Høgaste punkt: Vestbøvarden 154 m.o.h Innbyggjartal: 1548 Turistinformasjon: Kaihuset, Judaberg. Skular: Finnøy Sentralskule avd Hesby: 1. - 3. klasse, Finnøy Sentral skule Juda berg: 4.-10. klasse, Rygjabø Videregåande skole. 3 daglegvarebutikkar: Coop Marked Finnøy (Judaberg), Coop Prix Steinnes våg (Steinnesvåg), Olav Reilstad Landhandel (Reilstad). Andre butikkar: Finnøy Blomster (Juda berg), Sølvsmeden på Finnøy (Mjølsnes), Fiskebutikken (Juda berg), Kaihuset Attraksjonar: Hesby Kyrkje, Ogmund Finnsson minnesmerke, Kvernhuset på Sevheim, Tyskarholene, Cleng Personhuset, Kanuttus-murane i Holamyra på Landa, Ottohuset, Nils Henrik Abel minnesmerke ved prestegarden. (Judaberg), Steinnes vvs (Steinnes våg), IT-Finnøy (Judaberg). Gjestebryggjer: Judaberg, Reilstad, Steinnesvåg og Langøy. Marina: Judaberg, Reilstad og Steinnesvåg. Fiske: Gode fiskemulighetar både frå land og båt. Turløyper: Teigen - opparbeida turstiar og turvegar med rasteplassar, Bergevarden, Ladsteinvatnet. Matservering: Kaihuset. På føre spurnad: Utsyn ungdomssenter. Rundturar: Kvitevik - Ladstein 2 t, Kvitevi k - Kindingstad 3 t, Sevheimsvågen 1½ t, Kindingstad - Bergevarden 1 t. Badeplassar: Offentleg badeplass med toalett, Kvitevik. Mange naturhamner egnar seg til bading. Sykkel: Finnøyrunden. Overnatting: Soltun Fjordferie, Utsyn Ungdomssenter, Fjordsyn. Adresse: 4160 Finnøy - tlf 51712640 E-post: finnoy.ror@hesbynett.no Sanitær og varmeanlegg Vatn og Avløp (VA anlegg) Boliggass Røyranlegg, landbruk og industri Ope: Måndag-laurdag 09.00-16.00 Kveldane etter avtale. Tlf. 51 71 26 72 www.solvsmed.no DIN LOKALE GULLSMED Kaffe og heimebakt Kafé Garn Hobbymateriell Lokalproduserte matvarer Bruktmarknad Sykkelutleige Gravearbeid Legging av stein Muring av natursteinsmurer Opparbeiding av hager og uteareal Kontaktperson: Bengt Nærland Olsen Telefon : 99 26 26 26 / 51 71 02 02 - E-post: bengt@hageoganlegg.com Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010 IT-Finnøy as Kontakt oss for priser på betongrør, belegningsstein, kantstein, kummer, skifer, granittprodukter og øvrige betongprodukter. Opent: Tys.-tors. 11.00-16.00 Fre 11.00-18.30 (Juli: man - tors. 11.00-16.00) Laur 11.00-15.00 Kontakt: 51710180 / 47312864 5

Talgje Ei øy der ein kan finna ro Foto: Cathrine Kavli Talgje er den sørlegaste øya i kommunen og er ei fredeleg øy. Ho er lita og flat, på 4,5 km², og høgste toppen er 52 meter over havet. Dei fleste lever av tradisjonelt jordbruk og tomatproduksjon i veksthus. Årleg produserer dei 750 tonn tomatar og 1,1 millionar liter mjølk. Eit par blomstergartneri er og i drift. Det er lite vill natur på Talgje, men for dei som likar sjøliv og fiske er det mange gode hamner og fiskeplassar. Sjølv om naturen ikkje er så vill, skal du likevel ikkje sjå vekk frå at du møter både eit og fleire rådyr. Fuglelivet på sjøen og i fjøra er variert, dei siste åra har det innimellom vore mogleg å sjå havørn. Vidare er øya kjent for stor artsrikdom når det gjeld ville blomar og planter. Aktivitetstilbod av ymse slag Her er grasbane og ballbinge for fotball, og klatrevegg for sprekingar. Ved Gongstø i austre enden av øya ligg det ein heilt ny sandvolleyballbane. I Østabøvågen kan du prøva deg på frisbeegolf. Fem turløyper er for meir forsiktige mosjonistar. Ei ny båthamn ved hurtigbåtkaia tek imot båtfolket. På Anker Gaard som ligg i Østabøvågen, har ein restaurert to hundreår gamle sjøhus som no er museum og restaurant. Lita øy, mykje å oppleva Sykkelturistar og andre dagturistar kan få med seg både eit besøk i den gamle steinkyrkja frå ca år 1140, sjå innom eit gartneri, studera fornminne, nyta eit sjøbad og ellers oppleva kor godt det er å vera borte frå stressande tempo og trafikk i byen. Her er spor etter gamle busettingar frå jernalder og eldre. Det er og fleire synlege gravrøyser og spor frå folkevandringstida. I Eldarvågen er det grave ut to store nausttufter langt oppe på land, havet gjekk høgare før. Tuftene er store nok til å romma store skip som Osebergskipet. Dette fortel oss at det har budd storfolk på Talgje frå gamalt av. Eit synleg prov på det er talgjekyrkja, ei av dei tre steinkyrkjene på ryfylkeøyane. Eit slikt bygg verk kunne berre velståande stormenn reisa. Nokre meiner at ho er frå ca år 1140 og er då eldre enn finnøykyrkja. Ønskjer ein guida tur i kyrkja, ta kontakt med Jostein Gard tlf 51 71 29 32/900 59 281. Landfast med Finnfast Den 30. oktober 2009 vart óg Talgje landfast i samband med opninga av Finnfast. Talgje-turen etter Finnfast er eit nytt reiselivsopplegg på Talgje. Her har fleire aktørar gått saman om å gjera attraksjonane på Talgje tilgjengelege for publikum. Her får ein guida tur der ein får historia til ei av dei eldste steinkyrkjene i Noreg, sjå og kjøpe sommarblomar i eit familiegartneri. Turen vidare tek deg til eit av dei få tomatgartneria som driv økologisk i Noreg. Her får du sjå, smake og kjøpe fleire slag tomatar. Før ein endar på Anker Gaard for eit velsmakande måltid mat, får du sjå vikinggravene i Eldarvågen. Ønskjer du ein slik guida tur, kan du ta kontakt med: Jostein Gard mobil 900 59 281 jostein.gard@hesbynett.no. 6 Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010

Foto: Hilde Kavli Foto: Cathrine Kavli Foto: Hilde Kavli Areal: 4, 05 km² Høgaste punkt: Klubben 52 m.o.h Innbyggjartal: 173 1 daglegvare butikk: Talgje Handel ba, Gardsvågen Fakta Kai: Offentleg kai: Gardsvågen, Gongstø, Talgje ferjekai. Gardsvågen Talgje Tlf: 51 71 29 41 Åpent: Mandag 0930-1200 og 1500-1700 Tirsdag 0930-1300 Onsdag 0930-1200 og 1300-1700 Torsdag 0930-1300 Fredag 0930-1200 og 1300-1700 Lørdag 0930-1300 Turløyper: Merka turløyper: Talgje skule - Anker Gaard ca 1 t, Gongstø - Meling ca 1½ t, Gongstø- Eldarvågen ca 1 t. Attraksjonar: Talgje kyrkje, Anker Gaard, Eldarvågen. Andre aktivitetar: Gode fiskemulighetar både frå land og båt, klatrevegg på Talgje Grendahus, frisbeegolfbane i Østabøvågen. Matservering: På førespurnad: Anker Gaard. Turistinformasjon: Informasjonstavle ved kyrkja. Kontakt Berner Meling eller Jostein Gard for guiding. Tlf: 951 99 369 / 900 59 281. Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010 7

Fogn Øya med tomat, kultur og liv Alle foto: Håvard Østhus Fogn Reiseliv Fogn er ei kupert øy med variert natur. Mykje beitemark og lauvskog med dyrka mark innimellom. Det er eit rikt dyreliv med m.a. hjort, rådyr, rev og fugl både på land og sjø. Med sine ca 350 fastbuande og ca 130 fritidsbustader er det eit variert nærings liv og eit levande kulturliv. Det er eit samfunn i vekst. Nystarta grendalag har som mål: 400+. Kultur - næring - mat Når du kjem til Fogn får du desse opplevingane: Besøk i Søravåg Gartneri med smaksprøvar av tomatar v/gartner Helene Bø. Stopp ved hønseri der ein får kjøpe egg. Omvisning på Erås Museum og enkel servering v/ Malvin Sandanger. Besøk hjå Tor Jansen Tauarbeid. Eit lite stopp ved tomatpakkeriet og butikken. Vel heim! Opplevelsesturar for grupper eller enkeltbesøk, kontakt: Erås: tlf. 51 71 09 09 mob. 93 42 21 91 mail malsanda@online.no Helene Bø: tlf. 984 77 551 mail hel-bo@online.no Stor jordbruksverksemd Med ca 40000 m 2 veksthus der ein for det meste produserer eit variert sortiment av tomat står gartnerinæringa sterkt. Anlegga er modernisert og produkta vert ferdig pakka på øya sitt eige pakkeri før utsending. Alt på 1930 talet var ein i gong med tomatproduksjon her. Med ca 45.000 verpehøns og 500.000 slaktekylling årleg gjer det fjørfenæringa til ein viktig del av landbruket. Her er óg sau på dei fleste gardane. Det er stor aktivitet med idrettslag, speidar, musikkorps, kor osv. Fine turstiar til flotte utkikspunkt og lune hamner for båtturistar. Hamna Rossøysundet med Rossøy er det kai, søppel kontainer og toalett. Kjem du i båt kan du leggja til på Sørvåg, Eidsvåg, Holmastø og Sæbøvåg. Utvandrarhistorie Historia om den første utvandringa til Amerika hadde i stor grad si utspring på Fogn. Her traff Cleng Person sin føljesvenn på planleggings ferda til Amerika (år 1821) Knut Olson Eide, øvre Eide og pioneren framfor alle Lars Larsson Jeilane frå Stavanger. Lars 8 Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010

logo på mørk bakgrunn logo på hvit bakgrunn Her er sau på dei fleste gardane og løvetannen likar seg godt i vegkanten. Det finns mange fine badeviker der ein kan nyta den forfriskande sjøen. Areal: 10, 5 km² Høgaste punkt: Ørnakulå 176 m.o.h Innbyggjartal: 351 Fakta Skule: Fogn oppvekstsenter 1. - 7. klasse, SFO, barnehage Pantone 136 C Pantone 1 daglegvarebutikk: 8422 C Fogn Landhandel. Kai: Offentleg kai: Sæbøvåg kai, Eidsvåg kai, Sørvåg kai og Holmastø ferjekai. Eigen båt: Bruk offentleg kai (ikkje ferjekaien). Gjestebrygge med toalett: Rossøysund. Turløyper: Merka turløype: Sæbø - Stavnes 1t, Rosmork - Peråsen - Erås 1 t, Erås - Domfjellet - Ørnakulå 1½ t, det er óg flott å sykle rundt øya. logo på mørk bakgrunn logo på hvit bakgrunn Attraksjonar: Gravhaugar på Stavnes, Bautastein på Bø, Offerstein på Varland, Den hole eika. Fiske: Gode fiskemulighetar både frå land og båt. Larsson var nemleg ofte på Fogn hjå det som seinare vart kona hans Marta Georgiana (Jørgensdatter) født på nedre Eide. Dei to fekk som kjent ei dotter på veg over Atlanteren med Restauration, Margaret Allen. Miljø Bygg AS, Bø, 4164 Fogn Pantone 136 C tlf. 51 71 44 40 faks. 51 71 44 41 Pantone 8422 C firmapost@miljobygg.as www.miljobygg.as Kulturminner Øya er rik på gamle kulturminne som gravhaugar, bautasteinar, hustufter, offerstein i Varhaug og bygdeborg. Mykje av dette er i utmark og lite synleg. Spør kjente om du er interessert. Det er tilbod om turar for lag, organisasjonar, næringsliv og privatpersonar som vil oppleva næringsliv og kultur, m.a.erås museum som var eit gamalt bedehus. Reiseliv Fleire aktørar har gått saman om å tilby eit reiselivsprodukt (sjå annonse). Her kan du m.a. oppleva kulturhistorie, vitje tomatgartneri, tauarbeid, og eggprodusent. Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010 9

Bokn og Byre Fruktdyrking står sterkt på Fisterøyane. Moreller og flotte epler er blant dei søte og sunne fruktene du finn her. (Foto: Laila Byre) Frodige og fruktbare Fisterøyane Desse to øyane i lag med Tjørnøy og Måløy vart innlemma i Finnøy kommune ved Scheikommisjonen i 1965. Før tilhøyrde dei Fister, og ennå vert dei i daglegtalen kalla Fisterøyane. Før krigen budde mange familiar på Bokn og Byre; dei eldre innbyggjarane kan fortelja at det var femtifem innbyggjarar på Bokn, mot kun sju no idag. Byre har elleve fastbuande, åtte vaksne og tre born delt på fire bruk og på Måløy bur det to. Skuleborna tek skulebåt (12 min.) til kommunesenteret Judaberg på Finnøy. Det er og til Finnøy ein reiser når ein skal til tannlege, doktor eller handle daglegvarer. På Byre er det fire små gardar, to er i drift i dag med fruktproduksjon av epler, pærer og moreller. Dei leverer om lag 50 tonn frukt samla frå øya til NKL, Coop systemet. Ingen bilar Garden til Roald og Laila Byre har hobbydyr som hestar, hund og katt. Garden arrenderar sauebeite til eit nabobruk på Sør-Bokn. I tillegg til åkrar og frukthagar, kan ein óg treffa på ville dyr som rådyr, hjort,rev og ørn. Heldigvis er det fritt for hoggorm. Byreslekta som enno bur på to av fire bruk har bebudd øya heilt sidan 1300-talet. Då var det riddarar av Aga-slekta som kjøpte bruk her. Byre har om lag 100 bygslingshytter, nokon av desse er sjølveigande som er fordelt rundt øya. Her er ikkje bilar, berre traktorar og båtar. Både Bokn og Byre har fylkeskai med fleire daglege anløp til resten av kommunen og til Stavanger med hurtigbåt. Ferjeanløp ein gong til dagen, tre dagar i veka. Fine turstiar Bokn og Byre har fine turløyper. Turstien på Byre er ikkje merka. Stien går rundt øya og fylgjer stort sett vasskanten, er innom tett granskog, ope beitelanskap for dyr og dei flotte frukthagane som er eit syn i blomstringstida. På Bokn er det ei merka turløype med to raste plassar. Stien går over Boknafjellet, her har ein panoramautsikt over kommunen og like ut til Stavanger og inn til Fister. Det er mange holmar og skjær rundt øyane som egnar seg godt til kajakkpadling. Spanande historie Av kulturminne er det ein fruktbarhets gud/ fallos i god stand som står i hagen til Roald og Laila Byre. Den er frå år 1.500-500 f.kr. og blei funne på eit jorde bak låven. Funnstaden ligg nedføre ein eikeskog med vikinggrav, og var ein stad for busetjing på den tida. Det er også ein bautastein på "Krossneset" nordaust på øya. Innbyggjerane på Bokn har tatt vare på det gamle skule- og bedehuset. Her vert det arrangert både gammaldags basar og ulike festar for store og små. 10 Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010

Foto: Signe Jauslin Foto: Signe Jauslin Foto: Laila Byre Leik på kaien under Bokna-dagen. (Foto: Signe Jauslin) Fakta Bokn: Areal: 1,17 km² Høgaste punkt: Storafjell 134 m.o.h Innbyggjartal: 9 Kai: Offentleg kai: Bokn ferjekai. Turløyper: Oppmerka turløype, for tur tilrår ein og dei vanlege vegane. Attraksjonar: To freda bygningar, eit naust og eit bustadshus etter Guttorm Byre. Fiske: Gode fiskemulighetar både frå land og båt. Byre: Areal: 1,16 km² Høgaste punkt: 60 m.o.h Innbyggjartal: 11 Kai: Offentleg kai: Byre Ferjekai, ilandsstigningsbryggje og toalett på Sauøy. Turløyper: Umerka tursti som går rundt øya, 1t. Attraksjonar: Fruktbarhets gud/fallostein frå år 1500-500 f.kr. på toppen av øya,verna naust på nordsia, Bautastein på Krossneset. Fiske: Gode fiskemulighetar både frå land og båt. Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010 11

Halsnøy Øya med det store hjertet Fakta Areal: 4, 83 km² Høgaste punkt: Skreglå, Eikefjellet 211 m.o.h Innbyggjartal: 136 Skular: Halsnøy oppvekstsenter: 1. - 7. klasse og SFO. Butikk: Joker Skartveit. Kai: Offentleg kai: Skartveitvågen, Halsnøy ferjekai. Marina: Skartveit Marina. Turløyper: Merka turløype: Eike fjellet 2½ t, Halsnefjellet 1½ t. Infotavler: 2 store informasjonstavler (ei i nærleiken av ferjekaia og ei nær Skartveitvågen). Attraksjonar: Utsikt Eikefjellet, Gullholmen, Bjerga Turistgartneri. Fiske: Gode fiskemulighetar både frå land og båt. Matservering: Gatekjøkken i tilknyting til butikken. På førespurnad: Bjerga Turistgartneri. Badeplassar: Naudvika sørvest på øya, Skartveit Marina. Øya er todelt, med platået på Halsne i nord og Eikefjellet i sør. Mellom desse to høgdene med omkringliggjande gardar, ligg Skartveit som nesten deler øya i to med Skartveitvatnet. Øya er fruktbar med vakker natur. Utsikta frå Eikefjellet (211 m.o.h) gjev deg det meste av Ryfylke. Det er mange botaniske sjeldsyn, blant anna kvit skogsfrue. Eikefjellet er óg fugler ikt med fuglar som ramnar og falk. Lokale ildsjeler Det er omlag 140 fastbuande. Kommunen har lagt ut kommunalt byggjefelt ved Skartveitvågen, og i dag er det fleire unge som ønskjer å busetja seg på Halsnøy. Det er óg mange hytter og fritidsbustadar på Halsnøy, og dei er viktige bidragsytarar i lokalmiljøet. Halsnøy har eit særs godt miljø og det er frivillige lag og foreiningar av ulike slag. Innan idrettstrening tilbys aktivitetar som aerobic, fotball, sykling og volleyball. Næringane har frå gamalt av vore primært jordbruk og fiske. Det er framleis både gardar Alle foto: Svein Egil Skartveit og lakseoppdrett. I tillegg har ein småbedrifter som driv med båtbyggjing, gartneri (med dei berømte bjørnebæra), saueskinnforedling, tømmerarbeid, byggjesaker, båtlagring og anna. I dag har øya gode kommunikasjonsmulighetar med hurtigbåt og ferje. Det legg til rette for at mange har jobb utanfor øya, både lokalt i kommunen og i Stavanger. Populær småbåthamn Gjestehamna i tilknyting til Joker Skartveit i Skartveitvågen er ei populær småbåthamn, særleg i sommarhalvåret. Då yrer det med liv i vågen. Her er det badestrand og gatekjøkken som er ope på sommarstid. Skartveitdagen vert arrangert kvar sommar, og i desember vert julegrana tend i vågen. Hjarteveka 27. juni brakar det laus med felles frukost for fastbuande, hytteeigarar og ferierande. Frukosten er ei innleiing til HJARTE-VEKA på Halsnøy. Hjarteveka vil ha fokus på aktivitetar knytt opp mot fleire av Halsnøy sine sterke sider, som samhald, omsorg, trivsel og varme. I samband med dette jobbar ein med å utvikla ein eigen hjartelogo for øya. I sommar kan du óg leiga nyinnkjøpt kano og ta deg ein tur på Skartveitvatnet. 12 Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010

BJERGA TURISTGARTNERI BJERGA TURISTGARTNERI, SKARTVEIT VELKOMEN INN I GARTNERIET Tilbyr foredla spesialprodukter av bær, frukt og grønnsaker, samt friske nyhausta deligatesser. Åpningstider: Åpent gartneriutsalg alle dager heile sesongen. Servering: Bestilling: Alle dager fra mai til september Spesialmeny direkte frå gartneriet. Bjørnebær i veksthus som spesialitet. Totaloppleving med omvisning, smak, bespisning i utemiljø og historie i garantert sommeridyll St. Hansfeiring: Grill vert tend kl. 18.00, bålet kl. 21.00. Bli med å syng kafe: 10 juli frå 16.00 til 21.00. Servering Konsertkafe: 31.juli. Kl. 18.00 til 23.00. Servering Tlf. 98481976, mail: bjergagart@norgespost.no Www.bjergaturistgartneri.no Produkt av lammeskinn og ull frå eigen gard Skinnståva på Halsnøy leverer produkt av lammeskinn og ull etter gamle handverktradisjonar. Produkt: Babypose Tøflar Sitjeunderlag Fotvarmarar Skinnfell og mykje meir Bestilling: tel. 99 37 40 43, svenhalsne@norgespost.no For meir informasjon www.skinnstaava.blogspot.com Velkommen til en lun vik med koselig atmosfære Nystekte brød og bakervarer hver dag. Ikke glem vårt tilbud om pakking av varer! Ta kontakt på mail, faks eller telefon og varene står klar til avhenting når dere kommer! Skartveit 4182 Skartveit - Tlf 51 71 07 12 / faks 51 71 07 81 E-post: joker.skartveit@ngbutikk.net Skartveit Handel, åpningstider juli og 1. uke i august: Mandag fredag 09-20 / lørdag 09 15 / søndag 13 15 Skartveitbua, mandag lørdag 14 20 / søndag 14 18 www.skartveitgjestehavn.no Velkommen til hyggelig handel! Vi har flere arrangement gjennom sommeren. Se www.skartveitgjestehavn.no Elias-båten kommer på Skartveitdagen, første lørdag i juli Dagligvarer Tipping Post i butikk Apotek Bensin Diesel Fiskeutstyr Gass Vann Trådløst internett Gatekjøkken Tursti Badestrand Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010 13

Ombo Fakta Delt mellom Finnøy og Hjelmeland kommune. Areal: 57.6 km 2 (37 km² i Finnøy, 20,6 km² i Hjelmeland) Høgaste punkt: Bandåsen 513 m.o.h Innbyggjartal: 231 (166 i Finnøy, 65 i Hjelmeland). Den ville øya midt i Ryfylke Skular: Ombo oppvekstsenter 1. - 7. klasse, barnehage. Butikk: Ombo Landhandel på Eidssund. Kai: Offentleg kai: Eidssund ferjekai, Skipavik ferjekai, Skår, Tuftene og Jørstadvågen. Marina: Ombo Landhandel, Eidssund. Turløyper: Merka turløype: Atlatveit - Eidssund ½ - 1 t, Eikene ½ t, Solberg ½ t, rundt Holmavatnet til Borgaråsen 1 t, Kyrdalsvatnet - Nårstad (Grenseturen) 1½ t, Skule vegen til Vestersjø 1-1½ t, Svekoll 1½ t, Tjeltveit - Helgeland - Bandåsen 2 t. Umerka turløyper: Seltveit - Bandåsen 1 t. Bjergaheia, Atlatveit - Kylå 2 t, Tuftene - Buer 1 t. Attraksjonar: Helleristningane, Norrøngard, Tokyrkja, Ombogubben v/kyrdalsvatnet, Bygdaborga Borgåsen, Koppargruva ved Undelinuten, trekyrkja på Jørstad. Fiske: Gode fiskemulighetar både frå land og båt, aure i Grunnstølsvatn, fiskekort får ein kjøpt på Hjelmeland Turistkontor eller hjå grunneigar. Matservering: Kiosk Ombo Landhandel. Kulturformidling og Natursafari: Håkon Eide på Norrøngard www.norrongard.no tlf 901 50 871, Helen Skartveit Olsen og Arnfinn Olsen tlf 51 75 17 30. Guiding: Lars Nårstad tlf 51710041 Informasjon: Ombobrosjyren, utgjeven av Ombo-prosjektet, får du på Ombo Landhandel. Overnatting: Kjell Nes, G. O. Aukland, Norrøngard. Opp av sjøen reiser Ombo seg til eit kupert og variert høgdedrag som ligg 200 500 m.o.h. Garsundfjorden ligg sør for øya, Jelsafjorden nord og Finnøyfjorden vest. Her er det store skog- og utmarksområde som kan nyttast av dei som er glad i friluftsliv. Det er fisk i vatn og vilt i skogen som elg, hjort og rådyr. Ombo er også rik på kulturminne som ein kan finna langs fleire turstiar på øya. Ombo er den nest største øya i Rogaland og er heile 57.6 km 2 i utstrekning. God utsikt Bandåsen er den høgaste toppen med sine 513 m.o.h. Å stå på Bandåsen gjev utsikt over heile Ryfylke, Nedstrand, Stavanger med meir. Eit panorama for folk som vil sjå regionen i fugleperspektiv. Det går merka løype til toppen. Sommarliv Det bur i dag litt i underkant av 200 fastbuande på øya som er delt mellom Finnøy og Hjelmeland kommune. I tillegg finn me hyttefolk og andre fritidsbuande som nyttar øya som bustad deler av året. På sommaren Begge foto: Svein Egil Skartveit myldrar det av liv på Eidssund. Ein moderne butikk og småbåthamn freistar båtfolket til å leggja feriedagane sine til øya. Du kan anten ta livet med ro, eller ta deg turar i det ville Ombo. Ombodagen samlar innbyggjarar, hytteeigarar og tilreisande. Denne dagen er Eidssund ein liten marknadsplass for store og små. Reiseliv i vekst Næringslivet på Ombo har lenge vore knytt til gardsbruka. Her har ombobonden hatt fleire bein å stå på. Nærleiken til sjø har gitt gode høve for fiske og fangst. Reiselivet er i vekst med satsing på friluftsaktivitetar for både næringsliv, lag og andre interesserte. Øya har eige gartneri med utsal av planter, blomar og hageutstyr. I tillegg er det tomatproduksjon i mindre volum. Ferjeleiet på Ombo heiter Eidssund, og bilvegen slyngjer seg att og fram i dalføre og leier trafikken frå og til ferjestøa. Det er ferjeleie på andre sida av øya som heiter Skipavik. Frå Skipavik kan du ta ferja til Hjelmeland og Nesvik. Felles skule og barnehage På Ombo er det ein barneskule for heile øya: Ombo oppvekstsenter på Eidssund. Det er nærast ein interkommunal skule, der Finnøy står for drift og Hjelmeland yter økonomisk tilskot i høve til elevtal for sin del av øya. Barnehagen held óg til på skulen også den for heile øya. 14 Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010

Utsikt frå Skvettå mot Nord-Hidle. Vekommen til Joker Ombo og Eidsund gjestehavn HUSK Ombodagen 10. juli Nystekte brød og bakevarer. Ring 51 71 01 11 eller bestill på: joker.ombo@ngbutikk.net Vi pakker varene til dere kommer. Dagligvare Postdep. Vann Vaskemaskin Tørketrommel Kiosk Apotekvarer Gass Bensin/diesel Tursti Trådløst internett Fiskeutstyr OMBO ÅPNINGSTIDER: Påske og 1. juli 15. august Man - lør 09.30 20.00 / søn 13.00 20.00 Resten av året: Man tors. 09.30 16.30 Fre 09.30 17.00 (20.00 fom. påske) Lør 09.30 14.00 Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010 15

Restauration Snart under segl Restauration er eit av dei fremste symbola på norsk utvandring til Amerika. Om ein månad skal historia sjøsettast. Tekst: Jorunn Strand Vestbø 4. juli 1825 kastar Restauration loss frå kaia i Stavanger. Om bord er 52 menneske med draum om eit anna liv. Etter 98 døgn på reise, og etter tøffe kampar med Atlanteren, siglar Restauration inn til New York søndag føremiddagen 9. oktober. Overfarten har gått via England, Madeira og Karibien. Restauration var omlag 54 fot lang, og plassen var knapp. Kvar og ein av passasjerane måtte røyne dagane på ein kvadratmeter over dekk, og ein kvadrat meter under. Kvekartrua ga styrke og dei samla seg i bøn og andakt. Illustrasjonar av Restauration finnes i mange variantar. Her eit julekort. (Privat eige: Gunnleif Seldal) Bygginga Restauration vart bygd som jekt i 1802 i Hardanger, og fekk namnet Emanuel. Den vart ombygd i Egersund etter at den hadde gått på grunn, og vart gjenreist i 1820 som sluppen Restauration. Dei presise dimensjonane til Restauration er ikkje kjend. Båten som snart skal på sjøen, er difor ein replika, og ikkje ein kopi, av den nær 200 år gamle emigranskuta. Den har reist seg frå spant til skrog i Ryfylke Trebåtbyggjeri under leiing av Jørn Flesjå. Dei antekne måla som Stiftelsen Restauration har arbeidd ut frå, kviler på opplysningar som danna grunnlaget for skutas drektighet, er (54 fot lengde, 16 fot breidde) 39 registertonn. Det har vore viktig for Stiftelsen Restauration at skuta skal vere så identisk som råd, og at den skulle byggjast etter fartøybyggjartradisjonen på 1800-talet. Restauration kryssa Atlanteren med vindkraft, den nye båten skal også føre seil, men får eit framdriftsmaskineri i tillegg. eig og skal drive båten. Stiftelsen vart etablert i 2007 med eit ynskje om å rekonstruere eit av dei mest berømte fartøya i norgeshistoria. Replika Kva som skjedde med Restauration er ikkje kjent. Båten som i løpet av dei tre siste åra har reist seg på Finnøy er ein replika av det gamle emigrantskuta. Når den blir sjøsett blir den eit vitnesbyrd over alle dei som ville ut i verda, som drøymde om eit stort og rikt land borte frå tronge heimlege kår. Det blir eit regionalt og nasjonalt monument over eit stykke norsk historie der Stavangerområdet var ein port for mange av dei som drog. Dei 52 emigrantane om bord på Restauration var dei første, etter dei følgde fleire enn 800 000 tusen menneske i løpet av 1800- og 1900-talet etter draumen om Amerika. Cleng peerson I New York vart utvandrarane om bord på Restauration møtt av Cleng Peerson. Han vart rekna som den første utvandraren til Amerika då han i 1821 reiste over saman med Knut Olson Eide frå Fogn. Kvekarane i Stavanger var oppdragsgjevarar, og misjonen var å undersøke tilhøva for immigrantar. Lars Larson Geilane leia ekspedisjonen. Han var kvekar likeeins med mange av dei andre som utvandra. Både kvekarar og haugianarar hadde harde åndelege kår i Norge, for dei var utvandringa til Amerika ei fridomsreise. Det er Stiftelsen Restauration som Mange føremål Nye Restauration skal fortelje historia om utvandrarane, mellom anna til skuleklassar, og den skal vere tilgjengeleg for publikum. Båten skal tene fleire bruksområde, blant dei ulike arrangement i regi av Ryfylke Livsgnist og Utvandrarsenteret som mellom anna til konferansar, under oljemessa og opplevingar elles. Den skal også vere trekkplaster på trebåtfestivalar. Og endeleg, historia skal ikkje bare bli fortalt, den skal gjenskapast. Replikaen skal røyne verdshav og gjenta reisa til Restauration: destinasjon Amerika. Her ser du Per Inge Bøe, Gunnleif Seldal og Jorunn Strand Vestbø som i 2008 inspiserte Restauration. (Foto: IT-Finnøy) 16 Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010

Båtbyggjarane Jørn Flesjå, Ola Steinar Flesjå og Tor Vignes tek ein fortent pust i båten. (Foto: Kåre Vignes) Fakta Ryfylke Trebåtbyggjeri har fått i oppdrag av Stiftelsen Restauration å bygge ein replika. SR-Bank 1 og SR Bank 1 Finnøy er hovudsponsorar, og Solstad shipping har stått for stiftelseskapital. Stiftelsen har til no samla inn i overkant av fem millionar kroner, og har per dags dato 30 sponsorar, både bedrifter og enkeltpersonar. Stiftelsen har ein Venneforening som snart tel 250 medlemmar. Det er sett av fem millionar til bygging og rigging av fartøyet, og ein million til maskineri og ulike utgifter. Maskineriet skal drivast av batteri som blir lada med landstraum. Det vil bli installert to batteripakkar med lagringskapasitet nok til å køyre med full effekt i åtte timar. Batteria veg dryge fem tonn og skal plasserast der ballasta normalt ville vore. Slik ser Restauration ut i dag, snart klar til sjøsetting. (Foto: Kåre Vignes) Kjelde: restauration.no Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010 17

Sjernarøy Vilje og vekst Foto: Geir Landa Sjernarøybuane eller sjydnarøybuane, vil nok seia at øyane deira er dei vakraste av Ryfylkeøyane. Mange vil nok meine at dei er det når ein driv med båten gjennom dei tronge sunda mellom Sjernarøyane. Her får du det meste av naturopplevingar. Sjernarøyane var ein eigen kommune, før dei vart slått saman med Finnøy i 1965. Rennesansekyrkje Sjernarøy kyrkje er ei rennesansekyrkje frå 1647 og er ein juvel. Den er lafta av tømmer og kledd med raudmåla vestlandspanel. Vegger og tak er rosemåla, ornament som først kom for dagen for femti år sidan. Før den tid var rosemålinga overkalka. Då vart også dørhella gjort til altarbord. I førkristen tid vart denne brukt som offerstein, og den har ei grop for korn og smør. Forfattarskap Ei byste av Ryfylkes største forfattar, Alfred Hauge står utanfor kyrkja. Alfred Hauge fann sine tema frå øyane her. Han skreiv om ryfylkekulturen, om vekking, bedehus, tru og tvil, om fattigdom og avmakt. Bror hans, Kolbjørn Hauge, er óg ein lands kjend forfattar. Han skreiv for det meste kriminalromanar. I romanane kan me lett kjenne igjen kulturen og naturskildringar i frå Sjernarøy og Ryfylke. Stort aktivitetstilbod Sjernarøyane har mykje å by fram for turistar. Ein kan leige båtar og hytter. Fleire stader kan ein få mat og hus. Marina for båtfolk, omvisningar i kulturlandskapet, turløyper, plass for kurs og konferanse, kunstutsilling, dette er berre nokre av dei aktivitetane Sjernarøyane har å by på. Variert næringsliv Næringsaktivitetane i Sjernarøyane er varierte. Landbruket står sterkt. L. Rødne & Sønner as er Noregs største småbåtrederi og stasjonert på Sjernarøy. Grieg Seafood Stjernelaks as skapar fleire viktige arbeidsplassar. I tillegg er reiseliv ei viktig næring med fleire tilbod rundt på øyane. Helgøysund til dømes, blei i 2008 kåra til Noregs beste gjestehavn for småbåtar. Sjernarøy Maritim og Ramsvig Handelstad er populære gjestemål. På Hidle kan du besøkja Norda Hidle og eldhuset, samt nyta eit herremåltid laga av dei råvarene garden byr på. Skule og nærmiljø Oppvekstsenteret på Sjernarøyane ligg vakkert til ved strandkanten. Oppvekstsenteret rommar elevar frå 1-7. klasse, i tillegg til barnehage. Området rundt oppvekstsenteret er ope for allmenn ferdsel og bruk. Her er sandstrand og grillhus, og bryggjer med fortøyingsplassar. Nye reiselivstilbod på Sjernarøy Reiselivet på Sjernarøy er i stor utvikling, og det er stadig nye tilbod på trappene for tilreisande som vil oppleva naturen og kulturen i øyriket. Her er nokon av aktivitetane Sjernarøy kan tilby: - Omvising og minikonsert i Sjernarøy kyrkje. Lokale kulturformidlerar fortel, spelar og syng. - Vandring i Alfred Hauge sine heimtrakter 18 Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010

med guide. Denne turen kan kombinerast med eit besøk i kyrkja og eit kulturprogram om Alfred Hauge. - Turløyper i den vakraste naturen Noreg har og by på, både langs sjø og på dei vakre utsikts toppane. Du veit kanskje at Tore Ørjasæter sat på Ombo og såg utover Sjernarøy då han skreiv Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik. - Verdas vakraste sykkeltur: Øyhopping på sykkel over Helgøy, Talgje, Tjul, Kyrkjøy, Aubø og Bjergøy. Middag skal det også bli råd med. Guide kan væra med om det er ønskjeleg. Kva Sjernarøyane 7 øyar: Bjergøy, Aubø, Kyrkjøy, Tjul, Helgøy, Talgje, Hidle. Areal: 5,6 km², 0,56 km², 5,2 km², 0,7 km², 0,8 km², 1,8 km², 1,5 km² Høgaste punkt: Bjergøy 168 m.o.h, Aubø 80 m.o.h, Kyrkjøy 125 m.o.h, Tjul 85 m.o.h, Helgøy 80 m.o.h,talgje 45 m.o.h, Hidle 115 m.o.h. Innbyggjartal: 392 Skular: Sjernarøy Oppvekstsenter 1.- 7. klasse, barnehage. Butikk: Nesheim Landhandel, Kyrkjøy Handel Eriksholmen, O. Nygård Eft, Helgøysund, S. Halsne Aubøsund. Kai: Nesheim Landhandel, Eriksholmen, Helgøysund Marina, Hidleholmen - fortøying og toalett. Offentleg kai: Aubøsund, Nesheim ferjekai, Kalvaneset, Eik kai, Helgøysund kai, Sjernarøyane ferjekai, Hidle ferjekai. Ilandstigingsbrygge og toalett: Rossmorkvågen Nordholmen, mange naturhamner. med ein liten bryggedans som avslutning på ein strålande dag? - Kanskje de vil gå om bord i lokalbussen og få ein tur over dei vakre Sjernarøyane, eller har de buss med sjølv og ønskjer ein kjentmann som kan losa dykk gjennom paradiset? - Og me kan naturligvis kombinera alt dette til ein fabelaktig natur/kulturoppleving med sterke og uforgløymelege inntrykk både for kropp og sjel. Me siterar frå Stavanger Turistforening si årbok (av Jan Pedersen): Marina: Helgøysund Marina, Eriksholmen Marina. Turløyper: Sjernarøyrunden er merka med skilt langs vegen. Merka turløype: Austre Bjerga - Fuglehammaren 3 t, Austre Bjerga - Fåranibbå 2 t, Eikåsen 1 t, Lundarvågen 2 t. Umerka turløyper: Helgøysund - Rossmorkjå 3 km, rundtur til Finnøyneset Nord Hidle 1 t. Attraksjonar: Bjergøy/Aubø: Dymes - steinalderbuplass/ gravhaugar, Fåranibbå - utsikts plass, Sjernarøy Maritim, Kristornskog Nesheim. Kyrkøy/Tjul: Alfred Hauge monument, Sjernarøy Kyrkje, Finnborg, Galleri Perlemorstrand, Ramsvig Handelstad (etter avtale). Nord Talgje/Helgøy: Marmorbrudd, Kvernsteinsbrudd, Lynghei. Nord-Hidle: Heilage kvite stein, Bautastein, Gravhaugar, Gamle hus med villskifertak, Kydlestuar. På adle øyane finn du gravhaugar og bautasteinar. Ryfylke med sine fjorder, fjell og skoger er et Paradis i Rogaland, og Sjernarøy er Eden i dette Paradiset. Vakker er bygden, aldri tror jeg å ha sett noen vakrere. Måtte de også bli lykkelige de som bor her. Ring 906 79 901, så skal me med gleda visa fram den vakreste naturen i landet! Fakta Fiske: Gode fiskemulighetar både frå land og båt. Matservering: Bjergøy: Sjernarøy Maritim Kyrkøy: Kiosk Kyrkjøy Handel Eriksholmen, Ramsvig Handelstad (grupper ved bestilling på førehand). Nord Talgje/Helgøy: O. Nygård Eft Helgøysund Hidle: Norda Hidle (bestilling). Turistinformasjon: Brosjyren Sjernarøyane gitt ut av Sjernarøy Vekst ligg på butikkane, kommunen sitt servicetorg på rådhuset Finnøy, Kaihuset Judaberg. Overnatting: Bjergøy/Aubø: Furrehytter. Kyrkøy/Tjul: John Arne Vadla hytteutleige, Ramsvig Handelstad (grupper ved bestilling på førehand). Nord Talgje/Helgøy: O. Nygård Eft Helgøysund, Helgøysund Fiskesenter. Nord-Hidle: Hidle Fjordfiske, Norda Hidle. NESHEIM LANDHANDEL Telefon 51 71 03 48 DAGLEGVARER DRIVSTOFF FISKEUTSTYR MEDISINUTSALG JERNVARE BYGGEVARER www.narbutikken.sjernaroy@ngbutikk.net Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010 19

Sjernarøy Naustet på Hidle viser gamal byggeskikk og er godt ivaretatt. På Ramsvik, Kyrkjøy, har dei restautert husa på den gamle handelstaden. Her kan du nyta eit godt måltid og flotte utstillingar. (Begge foto: Geir Landa) Grieg Seafood ASA er en av verdens ledende fiskeoppdrettere av laks og ørret og har en produksjonskapasitet på rundt 80.000 tonn sløyd vekt årlig. Den forretningsmessige utviklingen av Grieg Seafood ASA skal basere seg på lønnsom vekst, bærekraftig bruk av naturen samt at vi skal være en foretrukket leverandør til utvalgte kunder. Konsernet har i dag virksomhet i Rogaland, Finnmark, British Columbia (Canada) og på Shetland (UK). Grieg Seafood har totalt 442 ansatte. Vi skaper langsiktige verdier i Finnøy Grieg Seafood Rogaland sysselsetter 41 innbyggere som skatter til Finnøy Kommune. 10,2 millioner kroner ble lagt igjen hos lokale underleverandører i 2008. De siste to årene har selskapet investert 60 millioner kroner i kommunen. Vi støtter opp om lokale lag og organisasjoner, bl.a. Finnøy IL og Tomatfestivalen. Grieg Seafood produserer etter Global GAP standarden, som setter svært høye krav til miljøvern. Vil du være med å støtte opp om lokal verdiskaping og lære mer om Grieg Seafood sine aktiviteter? Besøk oss på hovedkontoret på Helgøy eller gå inn på www.griegseafood.no Foto: Hung Ngo 20 Utg. 2 - Finnøy Næringshage, mars 2010